View
66
Download
7
Category
Preview:
DESCRIPTION
Søknad om gjesteelevsgaranti for å gå vidaregåande skole i andre fylke. Eva B rattbakk - konsulent. Gjesteelevsgaranti. - PowerPoint PPT Presentation
Citation preview
Søknad om gjesteelevsgaranti for å gå vidaregåande skole i andre fylke
Eva Brattbakk - konsulent
Gjesteelevsgaranti Ein gjesteelevsgaranti er ein garanti om at søkjaren sitt heimfylke vil betale for ein skoleplass i eit anna fylke, dersom søkjaren blir tatt inn i det aktuelle fylket.
Møre og Romsdal fylkeskommune vil vurdere gjesteelevsgaranti for søkjarar som søkjer vidaregåande skole i eit anna fylke i følgjande tilfelle:
• Dersom det er kortare reiseveg til tilbod i anna fylke.
• Dersom det er særdeles sterke sosiale årsaker til at søkjaren må opphalde seg i anna fylke.
• Dersom søkjaren har søkt på toppidrettstilbod i anna fylke og er på nasjonalt toppnivå innanfor sin årsklasse i denne idretten. Dette må dokumenterast ved uttale frå særforbund.
14.01.2014Endres i topp-/bunntekst 2
Gjesteelevsgaranti
• NB! Dersom søkjaren fekk innvilga gjesteelevsgaranti for inneverande skoleår, må det likevel sendast inn ny søknad med dokumentasjon neste år, då dette blir vurdert år for år.
• Søkjaren sender eige brev for å søkje om gjesteelevsgaranti til Møre og Romsdal fylkeskommune, Utdanningsavdelinga.
• Dokumentasjon må vere vedlagt. • Søknaden blir vurdert ut frå den dokumentasjonen som følgjer
søknaden. • Dokumentasjonen må klargjere søknaden godt nok, til at det ikkje er
nødvendig med fleire opplysningar for å vurdere om vilkåra for å få gjesteelevsgaranti er oppfylt.
14.01.2014Endres i topp-/bunntekst 3
Gjesteelevsgaranti
• Utdanningsavdelinga innhentar ikkje ytterlegare dokumentasjon, sjølv om det blir oppfordra til det i søknaden.
• Søkjaren har sjølv ansvar for at alle relevante opplysningar og dokumentasjon følgjer søknaden når den blir sendt inn.Hugs å leggje ved utskrift av vigosøknaden.
• Søkjaren må sjølv søkje om skoleplass på vigo.no i det aktuelle fylket innan søknadsfristen 1. mars. NB! Søkjaren bør også søkje om skoleplass i heimfylke.
• Fristen for å søkje om gjesteelevsgaranti er 1. april.
14.01.2014Endres i topp-/bunntekst 4
14.01.2014Endres i topp-/bunntekst 5
Gjesteelevsgaranti
• Gjesteelevsgaranti blir berre vurdert til søkjarar med ungdomsrett.
• Inntakskontoret i Møre og Romsdal sender skriftleg svar på søknaden
om gjesteelevsgaranti til søkjaren, med kopi til inntakskontoret i det aktuelle fylket.
• Gjesteelevsgaranti er ikkje ein rett som søkjarane har, men ein økonomisk avtale mellom fylka.
• Søknader om garanti som ikkje blir innvilga, kan ikkje påklagast etter forvaltningslova, då det ikkje er eit enkeltvedtak.
Recommended