View
1
Download
0
Category
Preview:
Citation preview
STUDIEPLAN
VIDAREUTDANNING I
KONFLIKTHANDSAMING I EIT
FLEIRKULTURELT SAMFUNN
20 studiepoeng
Godkjent i høgskolestyret
6. juni 2012
Studieplan for vidareutdanning i konflikthandsaming i eit fleirkulturelt samfunn 2012 Side 1
1. Innleiing
Noreg er eit fleirkulturelt samfunn. Det skaper både moglegheiter og utfordringar
for borgarane i landet. Mangfaldet og kompleksiteten fører til møte mellom individ,
grupper og kulturar som kan ha ulike grunnleggjande røyndomsforståingar og
verdiar. Dette er ofte positivt, men kan òg resultere i konfliktar som er vanskelege
å handtere.
Politiet, og mange andre offentlege tenesteutøvarar, må vite korleis dei kan
førebyggje og handsame konfliktar av meir eller mindre alvorleg karakter. Særleg
politiet må kunne syte for at alle borgarar har tillit til at det er likskap for lova, og
at maktbruken er forholdsmessig. Det er soleis viktig at tenestepersonane er svært
medvetne om si eiga yrkesutøving.
Politihøgskolen vil medverke til dette gjennom eit studium som gjer at deltakarane
betre forstår det fleirkulturelle samfunnet og gjer dei betre rusta til å handsame
konfliktar.
Utdanninga byggjer på studiet i kulturforståing og mangfald ved Politihøgskolen
eller tilsvarande studier som gir minst 20 studiepoeng.
Studiet gir 20 studiepoeng.
2. Føremål
Utdanninga skal medverke til at politiet er i stand til å handsame konfliktar på ein
respektfull og likeverdig måte i møte med alle folkegrupper.
3. Målgruppe og opptakskrav
3.1 Målgruppe
Den primære målgruppa er tilsette i politi- og lensmannsetaten som møter eit
mangfaldig publikum i arbeidet. Tilsette i andre offentlege etatar kan òg søkje. Det
er ein føresetnad at deltakarane frå politiet vert valde ut i samsvar med dei lokale
kompetanseplanane.
Studieplan for vidareutdanning i konflikthandsaming i eit fleirkulturelt samfunn 2012 Side 2
3.2 Opptakskrav
Søkjarane må:
ha politiskolen/politihøgskolen eller universitets-/høgskoleutdanning på
minst bachelornivå
vere tilsette i politi- og lensmannsetaten
ha minst to års tenestetid i etaten
ha fullført studiet i kulturforståing og mangfald ved Politihøgskolen eller
kunne dokumentere tilsvarande formell kompetanse
Søkjarane må anten dokumentere ålmenn studiekompetanse eller utdanning som
svarar til minst 60 studiepoeng, eller ha realkompetanse som kan erstatte
manglande formell kompetanse.
Etter særskilt vurdering kan det gjerast unntak frå kravet om to års tenestetid i
etaten og frå kravet om bachelorutdanning.
Søkjarar som ikkje er tilsette i politi- og lensmannsetaten, må:
ha universitets-/høgskoleutdanning på minimum bachelornivå
vere tilsette i ein samarbeidande etat
ha minst to års relevant arbeidsrøynsle
ha fullført studiet i kulturforståing og mangfald ved Politihøgskolen eller
kunne dokumentere tilsvarande formell kompetanse
Etter særskilt vurdering kan det gjerast unntak frå kravet om to års relevant
arbeidsrøynsle.
4. Læringsutbyte
Ålmenn kompetanse
Etter avslutta utdanning skal studentane kunne:
vise større innsikt og tryggleik i yrkesrolla
vise sjølvstendig ansvar for oppgåver innanfor konflikthandsaming
vise innsikt i kva det inneber å delta i eit samansett og fleirkulturelt
samfunn
reflektere over handlingsval og handsame konfliktar i eit fleirkulturelt
samfunn på ein profesjonell måte
vise empati og etisk medvit
Studieplan for vidareutdanning i konflikthandsaming i eit fleirkulturelt samfunn 2012 Side 3
Studiet er organisert i fire hovudemne som samla skal gi studenten eit heilskapleg
læringsutbyte: Sentrale omgrep, moglege bakgrunnsvariablar for konfliktar,
Kommunikasjon og konflikthandsaming og Politiet som konflikthandsamar i eit
flerkulutrelt samfunn.
4.1 Sentrale omgrep
For å forstå kompleksiteten i det mangfaldige Noreg er det naudsynt å ha innblikk i
den forskingsbaserte kunnskapen på fagfeltet. I dette emnet vert det lagt vekt på
grunnleggjande omgrep og teoriar som kan danne grunnlag for refleksjon og
handling.
Kunnskapar
Etter avslutta utdanning skal studentane ha brei kunnskap om:
identitet og tilhøyrsle
kulturell kompleksitet
samfunnsorganisering
tillit
Ferdigheiter
Etter avslutta utdanning skal studentane kunne:
analysere konfliktsituasjoner ved hjelp av grunnleggjande omgrep
gjere greie for og drøfte kompleksiteten i dei sentrale omgrepa
4.2 Moglege bakgrunnsvariablar for konfliktar
Når konfliktar skal handterast, er det naudsynt med kunnskap om kvifor konfliktar
kan oppstå. Også i dette emnet vert det lagt vekt på omgrep og teoriar som kan
danne grunnlag for refleksjon og handling.
Kunnskapar
Etter gjennomført utdanning har studentane utdjupa kunnskap om:
nasjonalitet/folkegrupper
politikk
religion og livsyn
familie
Studieplan for vidareutdanning i konflikthandsaming i eit fleirkulturelt samfunn 2012 Side 4
kjønn
sosial status og klasse
verdiar
globalisering og migrasjon
diskriminering og rasisme
eksiltilvære (asyl og flyktning)
audmjuking
Ferdigheiter
Etter avslutta utdanning skal studentane kunne:
gjere greie for og drøfte moglege bakgrunnsvariablar for konfliktar
4.3 Kommunikasjon og konflikthandsaming
Globalisering påverkar samfunn og arbeidsliv på nye måtar. Dette stiller høge krav
til kommunikasjon mellom menneske med ulik bakgrunn. Det vil verte lagt vekt på
at studentane utviklar kunnskap og medvit om kva for faktorar som opnar eller
stengjer for moglegheitene til kommunikasjon og konflikthandsaming. Medvit om og
trening på dialog og mekling står sentralt i dette emnet.
Kunnskapar
Etter avslutta utdanning skal studentane ha brei kunnskap om:
dialog
førebygging
konflikttrappa – maktpyramiden
makt og maktutøving
mekling
mental førbuing
meistring, empowerment og resilience
Ferdigheiter
Etter avslutta utdanning skal studentane kunne:
kommunisere med individ og grupper med ulik kulturbakgrunn i ulike
konfliktsituasjonar
førebyggje konfliktsituasjonar og medverke til å skape tillit
Studieplan for vidareutdanning i konflikthandsaming i eit fleirkulturelt samfunn 2012 Side 5
forstå at ulike aktørar ser ulikt på konfliktar og konflikthandsaming
4.4 Politiet som konflikthandsamar i eit fleirkulturelt samfunn
Gjennom auka kunnskap og medvit kan politiet utvikle handlingskompetanse
overfor nye folkegrupper med omsyn til konflikthandsaming. Politiet skal ha godt
oversyn over lokale utfordringar og godt samarbeid med folk som bur på staden og
lokale aktørar.
Kunnskapar
Etter gjennomført utdanning har studentane god kunnskap om:
tryggleikssamfunnet
empati
etiske dilemma
roller og oppgåver
samarbeid
Ferdigheiter
Etter avslutta utdanning skal studentane kunne:
handsame ulike konfliktsituasjonar
analysere eiga rolle og eigne oppgåver
samarbeide med andre aktuelle aktørar i konfliktarbeid
5. Organisering og arbeidskrav
Studiet er lagt opp som eit deltidsstudium med samlingar og studiearbeid utanom
samlingane, og skal i regelen gjennomførast på seks månader. Utdanninga tar om
lag 560 timar. Det omfattar undervising, øvingsoppgåver, individuelt arbeid,
gruppearbeid, nettbasert arbeid og litteraturstudium.
Samlingane utgjer om lag 140 timar som kan fordelast over kortare eller lengre tid.
Det er obligatorisk å delta på samlingane. Ei av samlingane omfattar ein studietur.
Studieplan for vidareutdanning i konflikthandsaming i eit fleirkulturelt samfunn 2012 Side 6
Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, plenumsdiskusjonar, utveksling av
røynsler, rollespel, individuelle refleksjonar og gruppeoppgåver. Arbeid med
praktiske døme vil stå sentralt, både i undervisinga og i arbeidet med
oppgåver. Døma skal hentast frå konkrete røynsler som studentane har frå sitt eige
praksisfelt. Det er viktig å finne døme som krev tverrfagleg samarbeid.
Studentane skal òg velje ei skjønnlitterær bok eller ein film som kan klargjere
konflikthandsaming i eit fleirkulturelt samfunn. Boka eller filmen skal veljast frå ei
liste som fagansvarleg utarbeider.
Ei nettbasert læringsplattform vert brukt til administrasjon og pedagogisk
gjennomføring av studiet.
Arbeidskrav
Arbeidskrav som må vere oppfylte og godkjente før studentane kan møte til
eksamen:
Ei gruppeoppgåve er knytt til studieturen. Arbeidet skal klargjere
samanhengen mellom teori og praksis. Svaret skal vere på inntil 2500 ord.
Eit refleksjonsnotat knytt til den valde skjønnlitterære boka eller filmen.
Svaret skal vere på inntil 1000 ord. Refleksjonen skal presenterast for dei
andre studentane.
Studentane skal òg levere eit avsluttande refleksjonsnotat om eiga læring gjennom
heile utdanninga (inntil 1600 ord). Notatet skal leverast innan to veker etter siste
samling, og skal godkjennast.
Alle arbeidskrava skal leverast elektronisk.
Studieplan for vidareutdanning i konflikthandsaming i eit fleirkulturelt samfunn 2012 Side 7
6. Vurdering
Studiet vert avslutta med innlevering av ei individuell fagoppgåve (inntil 4000 ord).
Svaret skal leverast elektronisk.
Karakterskalaen er gradert i fem trinn frå A til E for bestått og F for ikkje bestått.
7. Litteratur
7.1 Obligatorisk pensum – (om lag 1200 sider)
Bagguley, Paul & Hussain Yasmin (2008): The Riots of 2001: Accounts of How the
Bradofrd Riot Began (kap. 3) og “ Take me to Your leader”: Reflections on
Power, ‘Race’ and the Politics of Rioting ( kap. 5); Ethnic Conflict in
Multicultural Britain. Ashgate. (65–77) 12 s. (97–110) 13 s.
Baines, M. (2007). Winning Hearts and Minds: Managing Community Tensions i:
Policing, A Journal of Policy and Practice, Volume 1 Number 3 2007, Oxford
Journals. (316–326) 10 s.
Blakar, R. M & Nafstad, H.E. (2006). ’Kulturelle forskjeller, sosiale klasse, språk og
kompensatorisk undervisning’: I Språk er makt, Pax forlag A/s Oslo, (178–
194) 16 s.
Body-Gendrot, S. (2007). Urban ‘Riots’ or urban Violence in France? I: Policing, A
Journal of Policy and Practice, Volume 1 number 4, 2007 Oxford Journals.
(416–427) 11 s.
Bush, Barush, Robert A & Folger, Jospeh p (2004) ‘A Transformative View ofConflict
and Mediation I: The Promise of Mediation. The transformative Approach to
Conflict. John Wiley & Sons Australia Ltd. (43 s.)
Camak, M & Wellendorf, Rie (2007). Gadedreng: Yngre etniske drenge i
gadebilledet og deres møder med politi og borgere. Center for
ungdomsforskning, Learning lab Denmark, DPU; Aarhus Universitet (51 s.)
Lastes ned fra www.http:// Cefu.dk gå til forskning og publikasjoner og til
avsluttede prosjekter og til ”gadedrenge”
Cleven, Erik: ”Between Stories and Faces: Facilitating dialogue through narratives
and relationship building” i Heidrun S. Røhr: Dialog – mer enn ord:
Jubileumsskrift for Nansen Dialog 1995–2005 (s. 35–45).
Dahl, Øyvind (2001). Konflikter: I Møter mellom mennesker: Interkulturell
Studieplan for vidareutdanning i konflikthandsaming i eit fleirkulturelt samfunn 2012 Side 8
kommunikasjon Gyldendal Akademisk Forlag. (186–193) 7 s.
Djuliman, Enver og Hjorth, Lillian (2007): ”Konflikthåndtering”: i Bygg broer, ikke
murer, 97 øvelser i menneskerettigheter, flerkulturell forståelse og
konflikthåndtering. Humanist forlag. (351–365) 15 s.
Engebrigtsen, Ada. 2011 Within or Outside? Perceptions of self and other among
Roma groups in Romania and Norway. Romany Studies 5, Vol. 21, No.2
(2011): 123–144.
Eriksen, Thomas Hylland (2010). Ekskludering og tilbaketrekning: I Samfunn,
Universitetsforlaget. (169–192) 23 s.
Eide, Ketil, Marianne Rugkåsa, Halvard Vike, Naushad A. Qureshi (red.): Kapittel 3,
Vold i Storfamiliekontekst. Over profesjonelle barrierer- Et
minoritetsperspektiv i psykososialt arbeid med barn og unge.( 59–78) s. 19
Oslo: Gyldendal Akademisk (2009)
Eriksen, Thomas Hylland (2010). Identitetsstratgier: I Samfunn,
Universitetsforlaget. (251–273) 22 s.
Eriksen, Thomas Hylland & Sørheim, T.A. ( 1994). Det flerkulturelle dilemma: I
Kulturforskjeller i praksis – Perspektiver på det flerkulturell Norge. Ad Notam
Gyldendal. ( 127–141). 14 s.
Eriksen, Thomas Hylland & Sørheim, T.A. ( 1994). Mennesket og myndighet: I
Kulturforskjeller i praksis – Perspektiver på det flerkulturell Norge. Ad Notam
Gyldendal. (273–288) 15 s.
Fangen, K (2006). Stolthet og krenkelse: Somalieres opplevelser av tilværelsen i
Norge.Tidsskrift for norsk psykologforening (43) 1309–1330) (21 s,)
Fliflet, Arne, (2010). Ansvaret for politiets maktbruk i forbindelse med pågripelser
særlig knyttet til bruken av mageleie.
http://www.sivilombudsmannen.no/uttalelser-for-politiets-maktbruk-i-
forbin... (17 s.)
Fuglerud, Øyvind (2008). ’Klasse, rase og ”moralsk panikk” i Storbritannia I:
Migrasjonsforståelse; flytteprosesser, rasisme og globalisering.
Universitetsforlaget. (66–82) 16 s.
Gaasholt, Øystein. 1992. ”Etnisk konflikt”, Politica 24: 357–373. (16 s.)
Gullestad, Marianne ( 2001). Om å være ’trygg på sitt eget’: I Det norske – sett med
nye øyene. Kritiske analyse av norsk innvandringspolitikk.
Universitetsforlaget. (18 s.)
Studieplan for vidareutdanning i konflikthandsaming i eit fleirkulturelt samfunn 2012 Side 9
Hareide, Dag (2004) Politiet som megler, Nordisk forum for megling. http:// Lastes
ned: www.n-f-m.org/org/admin/data/dokumenter/POLITIET.doc (14 s.)
Harris, David, A (2006). U.S. Experiences with racial and Ethnic profiling: History,
Current Issues and the Future I: Critical Criminology Vol. 14 Number 3,
s. 213–239 (26 s.)
Hellum, Anne: ”Menneskerettigheter, pluralisme, kompleksitet og integrasjon”, i
Dog fred er ei det bedste- : festskrift til Carl August Fleischer på hans 70-
årsdag 26. august 2006, redigert av Ole Kristian Fauchald, Henning Jakhelln,
Aslak Syse. Oslo: Univeristetsforlaget 2006, s. 225–246 (tilgjengeleg på
nettet: http://kilden. Forskningsrådet.no/artikkel/vis.html?tid=38506)
Høigilt, Jacob og Kjetil Selvik (2008): ”Hva er islamisme?” Babylon nr. 2:2008,
s. 8–20 12 s.
Jareg, Kirsti (2000). Vold fra flyktninger – forebygging i et makt–
avmaktsperspektiv. Linjer Flyktninghelse Nr. 1/2000 10 årgang (8 s.)
Kjeldstadli, Knut (2008): Majoritet og minoritet og Det sammensatte Norge i:
Sammensatte samfunn; innvandring og inkludering. Pax forlag A/S, Oslo. (69–
104) 35 s. (105–127) 22 s.
Kramer, Julian Y. (1988) Kulturkonflikt og arrangert ekteskap. I Aud Korbøl (red.):
Kulturforskjeller og gjensidige forståelse.( 46–55.) 11 s. Oslo: Institutt for
samfunnsforskning
Krell, Gert, et al. 1996. ”Immigration, Asylum and Anti–Foreigner Violence in
Germany”, Journal of Peace Research 33: 153–170 (17 s.)
Krogh, Hilde: Dialog og konflikthåndtering i flerkulturelle bomiljøer. redaksjon:
Susanne Søholt. - Oslo : Byggforsk, 1999. – kapittel 2, 6, 7 og 8. : ill.. -
(Utviklingsprogrammet for flerkulturelle bomiljø, ISSN 0809-4764)
Leirvik, Oddbjørn (2006): Kva var karikatursaka eit bilete på? I: Kirke og kultur 2:
2006.
Lindboe, Inger Marie (2008). Profesjoners etiske utfordringer i et flerkulturelt
samfunn I: (red.) Otterstad, Ann Merete; Profesjonsutøvelse og kulturelt
mangfold – fra utsikt til innsikt. Universitetsforlaget. (179–194) 15 s.
Lindner, Evelin Gerda (2006). ’Krenkelsens psykologi - og visjonen om den globale
landsby: I Krokan, Ann Kristin & Heglum, Toril (eds) Med vitende og vilje –
om funksjonshemming, diskriminering og krenkelse, pp 231–242, Oslo,
Norway Kommuneforlaget. 11 s.
Long L. W (1990) Om konflikt og toleranse, Nytt Norsk Tidsskrift 2/90
Studieplan for vidareutdanning i konflikthandsaming i eit fleirkulturelt samfunn 2012 Side 10
Longva, Anh N. (2003). Nordmenn, høflighet og kunsten å omgås fremmede. Norsk
antropologisk tidskrift – 2003 – Nr 019).
Opsal, Jan (2006). Mediation in Intercultural Conflicts: I Øyvind Dahl, Iben Jensen &
Peter Nynãs (eds.) Bridges of Understanding; Perspectives on Intercultural
Communication. Unipub(257–269) 13 s.
Ouazzi, Siham (2007): Hijab i vesten og de mange motiver I: Fokus, Forum for
Women and Development 4 s.
Qureshi, Naushad Ali. ( 2010): Kultursensitivitet i profesjonell yrkesutøvelse I:
(red.) Eide, Ketil m.fl.: Over profesjonelle barrier; Et minoritetsperspektiv i
psykososialt arbeid med barn og unge. Gyldendal Akademisk. (206–229) 23 s.
Rise, Jostein (2009). Konflikter mellom nordmenn og innvandrere: En
sosialpsykologisk analyse I: Kulturelt mangfold på arbeidsplassen, Gro
Mjeldheim (red.) Fagbokforlaget. (63–77) 14 s.
Roy, O.: ”Islam in Europe. Clash of religions or convergence of religiosities?”: I K.
Michalski (red) Religions in the new Europe ( Budapest: Central European
University Press) s. 131–144 11 s. (online article”)
http://www.eurozine.com/articles/2007-05-03-roy-en.html
Sollund, Ragnhild (2007). Når konflikter blir personlige & etniske minoritetters
forhold til politiet. I: Tatt for en annen; en feltstudium av relasjonen mellom
etniske minoriteter og politiet. Gydendal Norsk Forlag. (91–115) 24 s. 207–
228). 21 s
Thorbjørnsrud, Berit. Orientalismen; Med et innledende essay.
Ting-Toomey, Stella. (1988): Intercultural Conflict Styles : A Face-Negotitation
Theory I: (ed.) Kim, Young Yin & Gudykunst, William: Theories in
InterculturalCommunication. Sage Publications.( 213–234) 21 s.
Tyler. Tom R, A (2005). Policing in Black and White: Ethnic Group Differences in
Trust and Confidence in the Police I: Police Quarterly Vol. 8 No.3 Sage
Publications. (322 –342) s. 20 s.
Valenta, M. og Thorshaug, K. (2011”): ”Avviste asylsøkere i Norge: Erfaringer med
returmotiverende ordninger”. Tidsskrift for samfunnsforskning. nr.2
Walle, Thomas (2004). Menn og maskuliniteter i en minoritetskontekst: I Øivind
Fuglerud (red.) Andre bilder av ”de andre” – Transnasjonal liv i Norge. Pax
Forlag (21 s.)
Øvrum, Bjørn (2010): Forebygging av voldelige opptøyer ved demonstrasjoner I:
FOKUS, nummer 3 2010. (14–16) 3 s.
Studieplan for vidareutdanning i konflikthandsaming i eit fleirkulturelt samfunn 2012 Side 11
Aas, Katja Francko (2007) “Ta være på deg selv, lommeboka, mobilen og dine
venner. I: Trygghet. (red.) Eriksen, Thomas Hylland. Oslo (73–92) 19 s.
Aase, Tor Halfden (2007) Ærens grammatikk: I Grenser for kultur, Fuglerud &
Hylland Eriksen (red.) Pax Forlag, Oslo (227–248) 21 s.
I tillegg skal studentane setje seg inn i desse offentlege dokumenta:
St.meld. nr. 37 (2006–2007) «Om beboere i statlige asylmottak som kan utgjøre
en risiko». Henta 16. mai 2012 frå
http://www.regjeringen.no/pages/1991467/PDFS/STM200620070037000DDPDFS.pd
f
Plan for mangfoldsarbeidet i politi- og lensmannsetaten. 2008 Politidirektoratet.
Politiets kommunikasjonsstrategi – 2010–2015. 2009. Politidirektoratet.
Sikkerts- og beredskapstiltak mot terrorhandlinger- en veiledning. 2010.
Politidirektoratet.
Trygghet og tillit – Politiets arbeid i et multietnisk samfunn. Politidirektoratet.
Mars 2011
Veileder for politiets bekymringssamtaler. 2011. Politidirektoratet.
Alt starter og avsluttes med et håndtrykk – dialog med gjengstrukturer, erfaringer,
resultater og råd. 2011. Oslo politidistrikt.
7.2 Skal vere kjent
Pensum frå vidareutdanning i kulturforståing og mangfald skal vere kjent.
Recommended