12
Solem Hartmann AS Erling Skakkes gt 49 b, 7012 Trondheim Tel 73 53 70 70 Faks 73 53 70 80 E-post: [email protected] www.solemhartmann.no NO 942 024 290 MVA Reguleringsplan for Stav handel og næringspark, Malvik kommune. P L A N P R O G R A M utarbeidet 18.12.2008 revidert 17.02.2009 vedteke 26.03.2009

090326 Vedteke planprogram - webhotel3.gisline.nowebhotel3.gisline.no/GisLinePlanarkiv/5031/93/Dokumenter/Plan... · revidert, drøftar strategien “Desentral konsentrasjon”. •

Embed Size (px)

Citation preview

Solem Hartmann AS

Erling Skakkes gt 49 b, 7012 Trondheim

Tel 73 53 70 70 Faks 73 53 70 80

E-post: [email protected]

www.solemhartmann.no

NO 942 024 290 MVA

Reguleringsplan for Stav handel og næringspark, Malvik kommune.

P L A N P R O G R A M

utarbeidet 18.12.2008 revidert 17.02.2009 vedteke 26.03.2009

Planprogram – Reguleringsplan og konsekvensutredning for.

1

Føreord

Oppdragsgjevar er Stav handel og næringspark AS som vart etablert i februar 2008. Selskapet ønske å leggje til rette for næringsutvikling i eit område mellom Stav og Sveberg. Endeleg utbyggingsbehov er ikkje avklara, men det vert lagt opp til ei etablering av næringsbygg med bruksareal på 140.000 -160.000 m². Området vert i dag brukt til landbruks- og vegformål. I kommuneplanens arealdel 2002-2013, vedteke 27.01.03, er eit område på ca 270 daa omdisponert til byggeområde - handel/service/industri. Grensene for planområdet er fastsett med basis i kommunedelplan for Sveberg og topografien i området. Vidare er det lagt opp til å vurdere avkjørsel til/frå E6 aust og vest for næringsområdet. I forskrift om konsekvensutredning frå 01.04.05, vedlegg 1, punkt A1 - jamfør 2 d, er det sett krav om konsekvensutredning i samband med utarbeiding av reguleringsplanar når det vert planlagt for ”Industri, nærings- lager og kontorbygg [...] med […] et bruksareal på mer enn 15.000 m².”

Forslag til planprogram har vore lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker i perioden 24.12.08 - 04.02.09. Kommunen fastsette planprogrammet i planutvalgsmøte 26.03.09, sak 22/09. Planprogrammet er utarbeida av Solem Hartmann AS. Spørsmål om planprogrammet kan rettast til Solem Hartmann AS v/Willy Wøllo, tlf 73 53 70 92, e-post: [email protected] Føreord og innhald 1 1. Bakgrunn og mål 2 2. Eksisterande forhold og gjeldande planar 2 2.1 Dagens arealbruk og grunnforhold 2 2.2 Kommuneplanens arealdel 2002 – 2013 2 2.3 Reguleringsplanar 3 2.4 Andre overordna planar og retningslinjer 3 3. Planprosess og framdrift 3 3.1 Planprosessen 3 3.2 Informasjon og medverknad i prosessen 4 3.3 Mottekne innspel og kommentarar 4 4. Planomtale 6 4.1 Planens innhald 6 4.2 0-alternativet 6 4.3 Planprinsipp og utredning av ulike alternativ 6 4.4 Planområdet 7 4.5 Eigedommar som er omfatta av reguleringsplanen 7 5 Konsekvensutredning 8 5.1 Generelt 8 5.2 Samfunnsutvikling 8 5.3 Klimaforhold 8 5.4 Støy og luftforureining 8 5.5 Teknisk infrastruktur 9 5.6 Friluftsliv og grøntstruktur 9 5.7 Arkitektonisk utforming og landskapstilpassing 9 5.8 Universell utforming 10 5.9 Kulturminne og kulturmiljø 10 5.10 Forhold i anleggsperioden 10 5.11 Geotekniske forhold 10 5.12 Trafikkforhold 11

Planprogram – Reguleringsplan og konsekvensutredning for.

2

1. Bakgrunn og mål Malvik kommune har som mål å arbeida for å sikre utvikling av næringslivet i kommune, mellom anna ved å gjennomføre ei arealdisponering som gir ei aktiv næringsutvikling innan ramma av berekraftig utvikling. Ei næringsetablering på Sveberg vil medvirka til å gi fleire arbeidsplassar i nærleiken av eit sterkt veksande bustadområde. I tillegg vil tilrettelegging for omsetjing av fleire tenester og varer innan Malvik kommune medverke til å minske handelslekkasje til nabokommunar. Samla sett vil dette vera i samsvar med rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging, som har til målsetjing

”Arealbruk og transportsystem skal utvikles slik at de fremmer samfunnsøkonomisk effektiv

ressursutnyttelse, med miljømessig gode løsninger, trygge lokalsamfunn og bomiljø, god trafikksikkerhet og effektiv trafikkavvikling. Det skal legges til grunn et langsiktig, bærekraftig

perspektiv i planleggingen. Det skal legges vekt på å oppnå gode regionale helhetsløsninger på tvers av kommunegrensene. ”

Stav handel og næringspark AS har som målsetjing å utvikle eit næringsområde med føremålsteneleg infrastruktur og veltilpassa næringstomter samstundes som ein tek omsyn til viktige landskaps- og friluftsforhold i området. Ei utbygging av dette omfanget vil medføre krav om konsekvensutredning. Formålet med utarbeida planprogram er å sikre at omsynet til miljø, naturressursar og samfunn vert teke med under førebuinga av det aktuelle tiltaket, og når det ein skal ta stilling til om (og eventuelt på kva vilkår) tiltaket kan verta gjennomført.

2. Eksisterande forhold og gjeldande planar 2.1 Dagens arealbruk og grunnforhold Området som totalt er på ca 270 daa, vert i dag brukt til landbruks- og vegformål. Av dette er omlag 90 daa dyrka mark. Området ligg mellom kote 155 ved E6 til kote 220 i åsen mot sør. Øvre marine grense ligg om lag på kote 180. Over marin grense er terrenget dominert av bratte skråningar, men under marin grense er terrenget relativt flatt. Deler av området er oppfylt og planert i samband med etablering av E6. Før oppfylling var dette området ved garden Søre Svedal dominert av ein djup bekkeravine. 2.2. Kommuneplanens arealdel 2002 – 2013

I kommuneplanens arealdel 2002 - 2013, vedteke 27.01.03, er området (som på kartet til venstre er merka blått) synt som byggeområde - handel/service/industri. Det er vidare lagt inn at ny veg over Halstad er viktig. I arealplanen er det fastsett at før det vert etablert ny næringsverksemd som er særlig trafikkskapande, må det være sikra tilstrekkelig transportkapasitet på kommunikasjonsnettet.

Planprogram – Reguleringsplan og konsekvensutredning for.

3

Området vert omfatta av kommunedelplan Sveberg. Kommunedelplanen har mellom anna som hovudmål at Sveberg skal utviklast vidare som nærings- og handelssenter. Vidare er det fastsett retningslinjer om at det skal gjerast greie for kva verknad tiltaket vil ha på grøntstrukturen. Ved utbygging skal det leggast til rette for god tilgjenge for alle, basert på kriteriar nedfelt i Teknisk forskrift og Vegnormalen.

I kommunedelplankartet over er området avmerka som ”Nytt næringsområde”. 2.3 Reguleringsplanar Arealdisponeringa for mesteparten av planområdet er fastsett i kommunedelplan og er ikkje omfatta av reguleringsplan. Området rett aust for Vassåsen er vert omfatta av Reguleringsplan for Sveberg service og industriområde, vedteke 29.04.91 (planident 56). Langs E6 gjeld reguleringsplan for Ny E6 Reitan – Stavsjøfjellet, vedteke 09.02.87 (planident 39 B og C) i tillegg til reguleringsplan Vegserviceanlegg, vedteke 26.05.89 (planident 51). 2.4 Andre overordna planar og retningslinjer I samband med arealplanlegging vil fleire overordna planar og retningslinjer gi viktige føringar. Nedanfor er lista opp dei mest aktuelle:

• Fylkesplan 2009-2012 for Trøndelag har fleire målsetjingar og strategiar som vil verke inn på planarbeidet.

• Arealpolitiske retningslinjer for Sør-Trøndelag, første gong gitt av Fylkestinget i 2000, seinare revidert, drøftar strategien “Desentral konsentrasjon”.

• Fylkesdelplan for arealbruk, transport og utbyggingsmønster for perioden 2002-2011 "Ny giv for Trondheimsregionen" har konkrete retningslinje for samordning av arealbruk og transporttilbod.

• Kommuneplanens arealdel 2005-2013 for Malvik vart vedteke av kommunestyret 27.05.02 med tilhøyrande kommunedelplan for Sveberg.

• RPR for samordna areal- og transportplanlegging legg opp til at planlegging av utbyggingsmønsteret og transportsystemet bør samordnast slik at det vert lagt til rette for mest mogleg effektiv, trygg og miljøvennleg transport, og slik at transportbehovet kan avgrensast.

• RPS for kjøpesentre, fastsett 27.06.2008, har som formål å legge til rette for ei sterkare regional samordning av politikken for etablering og utviding av større kjøpesentra.

• Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging.

• Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i planlegginga.

• Interkommunal arealplan som er under utarbeiding og er venta lagt fram til behandling i 2009. 3. Planprosess og framdrift 3.1 Planprosessen Forslag til planprogram har vore sendt på høyring til offentlege og private instansar/interesseorganisasjonar og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker i tidsrommet 24.12.08 – 04.02.09.

Planprogram – Reguleringsplan og konsekvensutredning for.

4

Planutvalget i Malvik kommune fatta følgjande vedtak i sitt møte 26.03.09, sak 22/09:

Med hjemmel i plan og bygningslovens §33-5, jamfør forskrift om konsekvensutredning av 01.01.2005, §6, 4. ledd, fastsettes planprogram for Stav handel og næringspark på følgende vilkår:

• Planprogrammet tar hensyn til mulige større næringsområder mellom Leistad og Sveberg i et

lengre tidsperspektiv.

I saksutredninga heiter det mellom anna som konklusjon:

Når Malvik kommune no har vedteke planprogrammet, startar arbeidet med konsekvensutredninga og utarbeiding av planforslag. Etter at planforslaget med konsekvensutredning er sendt kommunen, vil ytterlegare informasjon og medverknad skje etter at kommunen har vedteke å legge planforslaget ut til offentleg ettersyn. 3.2 Informasjon og medverknad i prosessen/framdriftsplan Okt 2007: Orienteringsmøte med Malvik kommune. Det er referat frå møtet Des 2008: Oppstartsmøte med Malvik kommune. Det er referat frå møtet. Des 2008: Forslag til planprogram ut til offentleg ettersyn og berørte instansar og naboar for uttale. Mars 2009: Kommunen vedtek planprogram. Mars-juni 09: Utarbeiding av KU og reguleringsplan Juni 2009: Start kommunal behandling reguleringsplan og KU. I samband med konsekvensutredninga og utarbeiding av planforslag er det aktuelt med møter med kommunale og statlege etatar, i tillegg til trafikk- og næringsorganisasjonar. 3.3 Mottekne innspel og kommentarar. Etter at forslag til planprogram har vore til offentleg ettersyn, er det motteke 7 innspel: Statens vegvesen (22.01.09):

Minimum byggegrense mot E6 er 50 meter. Noverande vegkryss med E6 skal nyttast og nytt vegkryss skal ikkje byggast, jamfør tidlegare gitt informasjon. Kommentar: Omtalte forhold vert vurdert i konsekvensutredninga/reguleringsplanen. Avkøyring til/frå E6 vert vurdert i konsekvensutredninga ved at ein greier ut for kva avkøyringsløysingar som bør innarbeidast i reguleringsplanen.

Planprogram – Reguleringsplan og konsekvensutredning for.

5

Sør-Trøndelag fylkeskommune (26.01.09):

Syner til at det er stort behov for areal til industri, lager og logistikkformål. Syner til forhold omtalt i overordna planar og retningslinjer (jamfør punkt 2.4 i planprogrammet). Ber om at ein i det vidare planarbeidet tek stilling til kva slags handel som kan aksepterast innan planområdet og innan Svebergområdet. Eit mål å samle den mest ”publikumsintensive” handelen mest mogeleg geografisk , og då til området ved Svebergkrysset. Med bakgrunn i eksisterande portal ved Norlandia Stav gjestegård og forventa framtidige bygg i kjøpesenter ved Svebergkrysset, stiller fylkeskommunen spørsmål om det er behov for eit signalbygg, Kommentarar: Typen og omfanget av handelsverksemd vert nærare drøfta i konsekvensutredninga. Dette er spesifisert under punkt. 5.2 i planprogrammet. Behovet for og utforming av eit eventuelt signalbygg vert vurdert i konsekvensutredninga.

Sveberg velforening (27.01.09):

Har størst fokus på estetiske forhold, bruk av utmarksområdet og fare for forureining. Gir innspel på følgjande:

• Spør om det er vedteke ei markagrense.

• Ønske ei trinnvis utbygging frå vest mot aust.

• Eventuell veg frå Halstad må gå utanom byggefeltet.

• Må setjast krav om formgjeving på bygningsmassen.

• Er skeptisk til signalbygg.

• Må få sambruk av parkeringsareal for handel, pendlarar og brukarar av marka.

• Krav om støyreduserande tiltak.

• Planområdet må få tilkopling til fjernvarmeanlegg.

• Tilgang til friluftsområdet i sør må tilretteleggast.

• Utbyggingsområdet må få einsarta utsjånad. Bygg må tilpassast terrenget.

• Anleggstrafikk må leggast til areala sør for E6 – over/gjennom Vassåsen. Kommentar: Dei forholda som Sveberg velforening tek opp vert vurdert i samband med konsekvensutredninga/planforslaget.

Malvik kommune, rådmannens stab/kommuneplanlegger (02.02.09):

Ønske noko meir utfyllande om kommuneplanen under punkt 2.2. i planprogrammet. Kommentar: Typen og omfanget av handelsverksemd vert nærare drøfta i konsekvensutredninga. Dette er spesifisert under punkt. 5.2 i planprogrammet. Syner til merknader frå Sør-Trøndelag fylkeskommune og Fylkesmannen i Sør-Trøndelag,

Trondheimsregionens friluftsråd (02.02.09): Peikar på at det er viktig å ivareta framtidig grønstruktur/kryssing gjennom område. Parkeringsløysing for bruk av friluftsområdet i sør må oppretthaldast. Det må gjennom planprosessen etablerast ei definert markagrense i området. Kommentar: Dei forholda som Trondheimsregionens friluftsråd tek opp vert vurdert i samband med konsekvensutredninga/planforslaget.

Norges vassdrags- og energidirektorat (03.02.09): Deler av planområdet består av marine avsetningar. Det bør gjennomførast grunnundersøkingar. Kvikkleirforhold må vurderast. Endringar i overflateavrenning må drøftast og tiltak i vassdrag må kome fram i reguleringsplanen. Det må takast omsyn til eksisterande og planlagde høgspentlinjer/kablar.

Planprogram – Reguleringsplan og konsekvensutredning for.

6

Kommentar: Dei forholda som Norges vassdrags- og energidirektorat tek opp vert vurdert i samband med konsekvensutredninga/planforslaget.

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag (05.02.09): Syner til forhold omtalt i overordna planar og retningslinjer (jamfør punkt 2.4 i planprogrammet). Viktig at konsekvensutredninga under punkt 5.2. tydeleggjer kva type nærings- og handelsverksemd som er aktuell i området og at det må det vurderast korleis ein kan leggje til rette for effektiv arealbruk.I planlegginga må ein leggje til grunn eit langsiktig, berekraftig perspektiv. Konsekvensutredninga må synleggjere dette. Ut frå omsynet om knappe arealressursar må det leggjast opp til høg grad av arealutnytting for området. Viktig å kartlegge stitrasear og vurdere behovet for omlegging og nyetablering, i tillegg til å vurdere eksisterande og nye grøntkorridorar. Bør arbeida for å få klare grenser mellom byggjeområdet og landbruks-, natur- og friluftsområde. Kommentarar: Dei forhold som fylkesmannen nemner er teke med i punkt 5.2 (Samfunnsutvikling) og punkt 5.6. (Friluftsliv og grøntstruktur) i konsekvensutredninga. Ut over det vert dei forholda som fylkesmannen tek opp vurdert i samband med konsekvensutredninga/planforslaget.

4. Planomtale 4.1 Innhald Planområdet ligger på Sveberg i Malvik kommune, i området rundt Søre Svedalen inntil E6. Det vert lagt opp til ei etablering av en bygningsmasse med et bruksareal mellom 140.000 -160.000 m². I løpet av planprosessen vert det gitt eit estimat kva dette vil representera i arbeidsplassar. 4.2 0-alternativ I ei konsekvensutredning skal ”Null-alternativet” syne den framtidige situasjonen i tiltaksområdet dersom tiltaket ikkje vert gjennomført og vera ein målestokk i vurderinga av konsekvensane av tiltaket. Det vart ikkje gjennomført konsekvensutredning ved omdisponering av arealet i kommuneplanen. 0-alternativet vert derfor definert som dagens arealbruk (landbruk og vegformål). 4.3 Planprinsipp og utredning av ulike alternativ. I den vidare planprosess ønske ein å sjå på avkøyrsel til/frå E6 både aust og vest for næringsområdet. Vegsambandet mellom næringsarealet og bustadområda på Sveberg/andre senterområde i Malvik må vektleggjast. Utforming av bygningane må skje slik at området får ein tiltalande form sidan området ligg med innsyn frå E6, frå fjorden og frå bustadområda på Sveberg. Ønske om eit signalbygg vil vera sentralt i planutforminga. Området ligg nær knytt opp til kollektivtilbod for buss. I tillegg til det er det naturleg å legge tilrette for utandørs parkering. Ved arealutforming legg ein til grunn ei arealmessig lik fordeling av etablering av handel-, service- og industriverksemder. Med bakgrunn i allereie etablert og planlagt etablert kjøpesenter på Sveberg, legg ein til grunn i konsekvensutredninga at detaljhandel vil utgjere omlag 15 % av arealomfanget. Basert på dette vil ein i konsekvensutredninga samanlikne to alternativ utbyggingar mot ”null-alternativet”:

• eit omfang på omlag 160.000 m² bruksareal der gesimshøgda på bygningane er 22 meter

• som forrige alternativ, men med eit signalbygg med høgde om lag 90 meter (30 etasjar)

Planprogram – Reguleringsplan og konsekvensutredning for.

7

Sidan arealet ”Nytt næringsområde” er vedteke lokalisert i kommuneplanen, vert det i konsekvensutredninga ikkje drøfta alternative plasseringar. 4.4 Planområdet

Grensene for planområdet er fastsett med basis i kommunedelplan for Søberg, topografien i området og avkøyring til/frå E6 aust og vest for næringsområdet. I kommunedelplan er området totalt ca 270 daa (svart stipla linje). Førebels planområde er synt med raud stipla linje og er ca 350 daa.

I førebels planområde er også teke med ein del randsoneareal som vil bli regulert til landbruk (skogbruk)

Planområdet sett frå Vassåsen (frå aust). 4.5 Eigedommar som er omfatta av reguleringsplanen Planområdet vil omfatta følgjande eigedommar (heile eller deler av)

40/31 Malvik kommune, 7551 Hommelvik 43/1 Karen og Adolf Øiens Aldershjem Stiftelse, Johan Tillersveg 13, 7072 Heimdal 44/1 Øystein Lillesand, Svedalsvegen 1, 7563 Malvik 44/2 Oskar Johannes Malvik, 7563 Malvik 44/3 Harald Svedal Stav, Svedalsvegen 42, 7563 Malvik 44/5 Arne Georg Bjerkan, Svedslavegen 41, 7563 Malvik 45/1 Anders Buaas, Kindseth, 7550 Hommelvik 45/2 Hallfrid Næss, Presthusvegen 6 c, 7056 RANHEIM 48/309 Malvik kommune, 7551 Hommelvik 1006/12-13 Staten v/Statens vegvesen, Region midt

Planprogram – Reguleringsplan og konsekvensutredning for.

8

5 Konsekvensutredning 5.1 Generelt I konsekvensutredninga vil ein søke å konsentrere seg om de tema og problemstilingar som er relevante for det aktuelle tiltaket som skal gjennomførast. Formålet er å sikre at omsynet til miljø, naturressursar og samfunn vert teke med i planutarbeidinga og når det vert teke stilling til om, og på kva vilkår, tiltak kan gjennomførast. Kvart einskild tema er delt inn i fire underavsnitt

Omfang av temaet (kortfatta omtale av temaet), Aktuelle problemstillingar (syner temaets hovudspørsmål/hovudutfordring), Vurdering i KU (oversikt over forhold som tematisk skal avklarast i konsekvensutredninga) Framgangsmåte (syner kva metodar som ein vil nytte ved innhenting av opplysningar og framstilling av temaet i konsekvensutredninga).

Det er ikkje sett opp eige deltema for barn og unge. Forhold vedrørande dette vert teke opp i dei ulike deltema, særleg vil dette gjelde punkt 5.6 (friluftsliv og grøntstruktur), punkt 5.8 (universell utforming) og punkt 5.12 (trafikkforhold). 5.2 Samfunnsutvikling 5.2.1 Omfang av temaet Verknad av tiltakets for samfunnet og områdeutviklinga, folkesetnad og servicetilbodet. Vurdering av regionale verknader av tiltaket og kva føringar som er gitt i overordna planar. 5.2.2 Aktuelle problemstillingar Rett etablering på rett plass 5.2.3 Vurdering i KU Drøfte type næringsetablering. Ta stilling til kva slags handelsverksemd som er mest egna innan planområdet og i området ved Svebergkrysset. Vurdere talet på nye arbeidsplassar. Sjå dette i samanhang med eksisterande og framtidig næringssituasjon i området. Vurdere korleis ein kan leggje til rette for effektiv arealbruk. Drøfte behovet for strukturendringar og tiltak for å gjennomføre planen. Gi oversikt over føringar gitt i fylkes- og kommuneplanar. Synleggjere i kva grad tiltaket kan tilpassast eit langsiktig, berekraftig perspektiv. 5.2.4 Framgangsmåte

Definere influensområde. Innhente relevante opplysningar frå overordna planar. Innhente relevante opplysningar om eksisterande næringssituasjon og områdestruktur. Omtale eventuelle avbøtande tiltak og effekt av desse. 5.3 Klimaforhold 5.3.1 Omfang av temaet Klimagass i global og regional samanhang. Klimaverknad. 5.3.2 Aktuelle problemstillingar Verknaden som tiltaket vil kunne ha på klimamessig forhold som ut frå auka transport og auka energiforbruk. Avfallshandtering. Verknad på mikroklimaet. 5.3.3. Vurdering i KU Fastsetje miljømål. Vurdere forventa endringar i klimagassutslepp og forventa endringar i mikroklimaet. Drøfte avfallshandtering. 5.3.4 Framgangsmåte

Definere influensområde. Samla eksisterande opplysningar om klimaet i området. Oversikt over avfallshandteringsmetodar. Sjå på eventuelle avbøtande tiltak og effekt av desse. 5.4 Støy og luftforureining 5.4.1 Omfang av temaet En vurdering av endring i støy og luftforureining som tiltaket vil medføra ved nærliggande bustadar. 5.4.2 Aktuelle problemstillingar Trafikk til og frå næringsområdet vil kunne føre til høgare støy- og forureiningsnivå enn i dagens situasjon.

Planprogram – Reguleringsplan og konsekvensutredning for.

9

5.4.3 Vurdering i KU Støy vert behandla som ikkje-prissett konsekvens. 5.4.4 Framgangsmåte

Definera influensområde. Vurdera og omtale eventuelle konsekvensar/endringar for andre støykjelde i influensområdet. Innhente opplysningar om eksisterande luftkvalitet. Vurdere framtidig luftkvalitet i området. Vurdere endring i støy som følge av tiltaket. Omtale av ev. avbøtande tiltak og effekt av desse. 5.5 Teknisk infrastruktur 5.5.1 Omfang av temaet Eksisterande kommunale og private VA-ledningar og kulvertar innan planområdet. Om tilknyting til desse kan skje og om det trengs omlegging/nyanlegg. Energitilgang. 5.5.2 Aktuelle problemstillingar Etablering av eit stor næringsareal vil krevje gode løysningar på vasstilgang og avlaup. Store bygnings- og parkeringsflater vil endre avlaupsintensiteten på overflatevatnet. Store bygningsmassar vil krevje stor og god energitilgang. 5.5.3 Vurdering i KU Vurdere kapasitet på eksisterande VA-ledningar. Vurdere endringar i tilførsel av overflatevatn. 5.5.4 Framgangsmåte Innhente naudsynte opplysningar om ledningstrasear og dimensjoner på kulvert og ledningar. Sjekke tidligare grunnboringar og evt. anleggsrapporter frå lednings- og fundamentarbeid, dersom slike fins. Møter med kommunen. 5.6 Friluftsliv og grøntstruktur. 5.6.1 Omfang av temaet Hovudtrekka (struktur og element) i grøntstruktur rundt og innan planområdet. Naturtypar og biologisk mangfald. Bruken av området i friluftlivsamanhang. 5.6.2 Aktuelle problemstillingar Området ligg i eit natur- og kulturlandskap der det biologiske mangfaldet må vurderast. Stavsjøen, som ligg aust for planområdet, og Sekkhølet, som ligg vest for planområdet, er viktige friluftsområde. 5.6.3 Vurdering i KU Vurdere det biologiske mangfaldet. Undersøke om det er viktige natur- og vegetasjonstypar innan planområdet. Vurdere korleis tiltaket verkar inn på eventuelle sjeldne, sårbare og trua artar. Gi en vurdering av tilgangen til viktige omkringliggande turområde, og vurdere eventuelle konsekvensar som følge av tiltaket. 5.6.4 Framgangsmåte

Fastsetje påverknadsområdet. Registrere biologisk mangfald, vegetasjons- og naturtypar og fastsetje botanisk verneverdiar. Kartleggje stitrasear og grøntkorridorar. Ta ein gjennomgang av eksisterande dokumentasjon. Framstille opplysningane gjennom visualisering foto/skisseteikningar. Gjennomføre synfaring. 5.7 Arkitektonisk utforming og landskapstilpassing. 5.7.1 Omfang av temaet Estetiske verdiar i landskapet og menneske si oppleving av området. Tiltaket si verknad på landskapsrommet. Grad av utnytting. Lokalt byggemønster. Utbyggingsprinsipp. Byggehøgde. 5.7.2 Aktuelle problemstillingar Byggehøgde, utforming og materialbruk vil i størst grad verke inn på opplevinga av landskapet. 5.7.3 Vurdering i KU Drøfte karakteren av landskapsrommet .Drøfte korleis utbygginga vil endre opplevinga av omkringliggande landskaps- og terrengform. Utrede den visuelle verknaden av tiltaket gjennom ulike alternative byggehøgder og struktur, sett frå nærområdet og i eit fjernperspektiv. Omtale eventuelle avbøtande tiltak. 5.7.4 Framgangsmåte

Fastsetje påverknadsområdet. Ta ein gjennomgang av eksisterande dokumentasjon. Setje opp volum- og romprogram. Utarbeide sol/skuggestudier. Framstille ulike alternativ gjennom visualisering (3D) / foto/skisseteikningar.

Planprogram – Reguleringsplan og konsekvensutredning for.

10

5.8 Universell utforming 5.8.1 Omfang av temaet Universell utforming medfører at ein i planlegging og utforming av tiltak og omgivnad legg til grunn mangfaldet av menneske og ser etter løysningar som gir god tilgjenge og tilpassing for alle, og som samtidig er tilpassa andre samfunnsmessige mål. Det skal leggast særlig vekt på å ivareta omsynet til personar med nedsett funksjonsevne. 5.8.2 Aktuelle problemstillingar Gjennom ei universell utforming av næringsareal skal brukarar av området gis gode høve til tilgjenge. 5.8.3 Vurdering i KU Vurdere tilgjengesituasjonen i planområdet, med vekt på gangareal og parkeringsforhold. Foreslå eventuelle avbøtande tiltak. Fastsetje tiltak som fører til god adkomst til bygningar og uteareal. Vurdera om etableringa aukar belastninga for personar med astma og allergi. Tilrå eventuelle avbøtande tiltak. 5.8.4 Framgangsmåte Kontakt med kommunalt råd for funksjonshemma. Gjennomgang av eksisterande dokumentasjon. 5.9 Kulturminne og kulturmiljø 5.9.1 Omfang av temaet Automatisk freda kulturminne (kulturminne eldre enn 1537), nyare tids kulturminne og kulturmiljø innan planområdet. 5.9.2 Aktuelle problemstillingar Med bakgrunn i tidligare og noverande bruk av området regner ein med at det er lite truleg at ein finn automatiske freda kulturminne innan planområdet. 5.9.3 Vurdering i KU Avklare registrerte kulturminne i området. Vurdere behovet for feltundersøking. Eventuelle funn skal vurderast som del av KU, med forslag om avbøtande tiltak. Ved vurdering av kulturmiljøet tek ein utgangspunkt i den kulturhistoriske verdien som er i området og vurderar om utbygginga vil styrke eller redusere desse verdiane. 5.9.4 Framgangsmåte

Gjennomgå eksisterande dokumentasjon. Kontakt med fylkeskommunen/kommunen. Synfaring. 5.10 Forhold i anleggsperioden 5.10.1 Omfang av temaet Fastsetje kortsiktige, lokale konsekvensar som følge av anleggsverksemd. 5.10.2 Aktuelle problemstillingar Det vil skje transport av utgravingsmassar og bygningsmateriale i anleggsperioden. 5.10.3 Vurdering i KU Omtale korleis anleggsarbeidet vil virke inn på tryggleik, støy, støv og tilgjenge (køyre- og gangtrafikk). Foreslå avbøtande tiltak. 5.10.4 Framgangsmåte

Estimere anleggsperioden. Gjennomgang av dokumentasjon frå tidlegare utbygging i området. 5.11 Geotekniske forhold 5.11.1 Omfang av temaet Overordna vurdering av de viktigaste geotekniske problemstillingane knytte til utbygginga. Vurderinga vil basera seg på tilgjengeleg informasjon om grunnforholda i området. 5.11.2 Aktuelle problemstillingar Geotekniske forhold vil kunne ha innverknad for etablering av byggegrop og for fundamentering av bygningane. 5.11.3 Vurdering i KU Avklare grunnforholda opp mot NVE retningslinje 01-08. Vurdere fundamenteringsforhold. Vurdere premisser for utbygging knytte til naboforhold og eksisterande infrastruktur. Vurdere behov for grunnundersøking.

Planprogram – Reguleringsplan og konsekvensutredning for.

11

5.11.4 Framgangsmåte Dokumentasjon i medhald av Retningslinjer for planlegging og utbygging i fareområde langs vassdrag - NVE 01-08. Avklare med Malvik kommune om krav til utredning. Innhente og gjennomgå tilgjengelege data om grunnforhold i området. Utarbeide notat med geoteknisk vurdering. Synfaring på tomta og i nærområdet. 5.12 Trafikkforhold 5.12.1 Omfang av temaet Sjå på trafikkomfanget ved ulike alternativ for utnytting av planområdet og forventa trafikkfordeling på vegnettet rundt planområdet. Omtale og vurdere adkomstforhold, parkering, trafikktryggleik og trafikksituasjon for alle trafikantgrupper (gåande, syklande, reisande med kollektiv, bil etc.). Utredning av trafikale konsekvensar avgrensar seg til nærliggande vegsystem/næraste kryss rundt planområdet. 5.12.2 Aktuelle problemstillingar Auka trafikk i området vil kunne verke inn på kapasitet i nærliggande kryss. 5.12.3 Vurdering i KU Sjå på overordna vegsystem. Greie ut kva avkøyringsløysingar som bør innarbeidast i reguleringsplanen. Vurdere talet på p-plassar. Legge tilrette for alle trafikkantgrupper og tilgjenge for alle må sikrast. Drøfte standard og utforming av viktige gang- og sykkelvegsamband. 5.12.4 Framgangsmåte Hente inn grunnlagsdata og trafikktal frå Malvik kommune og Statens vegvesen. Synfaring i området. Vurdering av kapasitet på nærliggjande vegnett og i kryss som følge av ulike løysing for avkjørsel.