12

Apropos forelska

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Leseland. Nivå 4. Av Linn T. Sunne og Julius Vidarssønn Langhoff (ill.).

Citation preview

Page 1: Apropos forelska
Page 2: Apropos forelska
Page 3: Apropos forelska

AvLINN T. SUNNE

Illustrert avJULIUS VIDARSSØNN LANGHOFF

Apropos forelska

Samlaget OSLO 2016

Page 4: Apropos forelska

7

Page 5: Apropos forelska

Gymtimen

«Hit, hit!» ropte Tuva og banka kølla i golvet. Ho var i perfekt posisjon, aleine framfor mål. Det var gymtime, det var innebandy. Simon sentra den vesle, kvite plastballen til Tuva, som tok imot og sende han rett i nettet. Mål!

Dei andre på laget på jubla, og smilet til Simon gjorde Tuva glad og varm og full av sprett. Og litt ukonsentrert, dessverre. Det andre laget fekk inn fire mål på rappen. Men Tuva var like blid,

7

Page 6: Apropos forelska

og på veg til garderoben skumpa ho og Simon borti kvarandre. Armen hans var så varm. Han smilte ikkje så ofte, ikkje no heller, men det smale, varme blikket … Når ho møtte det blikket, kilte det inni både magen og beina og armane, heilt ut til hårrøtene og fingertuppane.

«Tuva, kan eg få låne dusjsåpa di?» spurde Maggi i garderoben.

Slik var det omtrent kvar gymtime, Maggi greidde aldri å hugse den såpa. Tuva lånte gjerne bort, Maggi var den beste venninna i verda! Ho hadde godt humør, mørkebrun hestehale som aldri var i ro, og eit smil ein berre måtte bli glad av.

«Synest du er så blid i dag, eg!» sa Maggi lurt. «Enda laget ditt tapte?»

Maggi hadde vore på det andre laget, hadde til og med skåra siste målet. Tuva svarte ikkje, berre smilte og trekte på skuldrene. Ho la handa si på armen, akkurat der Simon hadde skumpa borti

8 9

Page 7: Apropos forelska

henne. Ho kjende litt av varmen hans enno.

«Kan du ikkje berre spørje?» sa Maggi lågt.

«Nei, eg veit ikkje heilt … Viss han svarer nei, daudar eg!»

«Eg kan spørje!» sa Maggi ivrig.«Hysj! Og nei», svarte Tuva. Dette

måtte skje på ein annan måte. Spørjing var kleint. Men korleis skulle ho bli saman med Simon?

8 9

Page 8: Apropos forelska

Lyse utsikter

Etter gymmen var det mat. Mellom leverpostei, salami, salat og eple gjekk praten om haustferien. Maggi skulle på hytta på fjellet, Stian skulle besøkje tanta si i Dubai, Fredrik skulle game, Helena skulle absolutt ingenting.

Tuva sa ingenting. Ho gledde seg ikkje i det heile, ho skulle på skikkeleg teit

10 11

Page 9: Apropos forelska

ferie med mamma. Aleineforelderferie, det var ei slags foreining som organiserte turen. Dei skulle ta båt til Tyskland, liggje ei natt på hotell og så heim att. Ho kom sikkert til å bli sjøsjuk. Kom sikkert til å bli tvinga til å leike tåpelege leikar. Med ungar som ho ikkje kjende, men liksom skulle ha det kjempegøy saman med.

«Gi deg, det blir moro!» hadde mamma sagt. «Du kjem til å få nye venner og gjere masse artig!»

Artig, du liksom. Tuva hadde gode nok venner. Det var ein kjærast ho trong. Det var berre Simon som stod med gullskrift inni hovudet hennar, superkjekke Simon. Han prata ikkje så mykje, men han var flink i all slags sport. Han hadde hjelpt henne i matten ein gong, og kvar gong ho tenkte på det, på armen hans inntil hennar, på handa som skreiv i matteboka hennar, blei ho varm i magen.

Når ho tenkte på båttur til Tyskland, blei ho ikkje varm i det heile.

10 11

Page 10: Apropos forelska

12 13

Page 11: Apropos forelska

Alt kan skje

«Å, eg gleder meg!» smilte mamma og slengde seg på den eine senga i lugaren. Dei hadde sjekka inn på terminalen, stått og venta i to timar, gått i kø om bord på skipet og funne lugaren.

Tuva si mamma var flink til å glede seg og vere glad. Ho heitte Heidrun, var svært lite husleg, men flink til å måle store bilete i varme farger. Gult, raudt, oransje, rosa. Det var vanskeleg å leve av måling, så ho jobba òg som nattevakt på eit hotell. Bortsett frå at ho var mykje trøytt og ikkje orka husarbeid, funka det fint. Pappaen til Tuva var ambassadør i eit bitte lite land i Asia, og var for det meste oppteken. Hyggeleg altså, men svært oppteken. Dei såg kvarandre mest i sommar- og juleferien.

12 13

Page 12: Apropos forelska

Tuva såg ut vindauget, det vende rett mot terminalen, ein stor firkant i glas og betong.

«Snart legg skipet frå land og vi forlét gamle Noreg», sa Heidrun. «Vi skal møte dei andre i foreininga om ein halvtime. Barna skal ha aktivitetar saman, det blir kjempegøy!»

14 15