14
“Audit” på eigen sjukmeldingspraksi s Aurland 20.06.12 Lars Moland

“Audit” på eigen sjukmeldingspraksis

Embed Size (px)

DESCRIPTION

“Audit” på eigen sjukmeldingspraksis. Aurland 20.06.12 Lars Moland. Bakgrunn. Ny intensjonsavtale om eit meir inkluderande arbeidsliv 01.03.10 – 31.12.13 vart framforhandla mellom regjeringa og partane i arbeidslivet vinteren 2010 - PowerPoint PPT Presentation

Citation preview

Page 1: “Audit”  på eigen sjukmeldingspraksis

“Audit” på eigen sjukmeldingspraksis

Aurland 20.06.12

Lars Moland

Page 2: “Audit”  på eigen sjukmeldingspraksis

Bakgrunn• Ny intensjonsavtale om eit meir inkluderande arbeidsliv

01.03.10 – 31.12.13 vart framforhandla mellom regjeringa og partane i arbeidslivet vinteren 2010

• Eit mål i avtala er at sjukefråveret i landet under eit ikkje skal overstiga 5,6% (20% under 2001-nivå)

• Ein ønskjer kortare varigheit på sjukmeldingsperiodane og meir bruk av gradert sjukmelding

• Som eit av fleire tiltak for å oppnå målsettingane i avtala har ein utvikla eit system for regelbunde attendemelding til sjukmeldarar (legar o.a.) på eigen sjukmeldingspraksis. Systemet vart lansert i nov. 2011

• Meir om avtala finn du her: http://www.regjeringen.no/nb/dep/ad.html?id=165

Page 3: “Audit”  på eigen sjukmeldingspraksis

Attendemelding på eigen sjukmeldingspraksisSystemet er elektronisk og ein koplar seg på ved

hjelp av buypass (nivå 4 autentisering). Det er lenker frå alle EPJ

Utvalde NAV-tilsette har tilgang, men statistikken skal ikkje nyttast til kontroll av sjukmeldingspraksis

Ein finn i statistikken opplysningar om:pasientlistavarigheit og gradering av sjukmeldingar og

sjukefråverstilfellealt brote ned på kjønn, alder, næring og diagnose

Ein kan samanlikna med andre i same sjukmeldargruppe

Page 4: “Audit”  på eigen sjukmeldingspraksis

DefinisjonIntern ”audit” i allmennpraksis:

Ein studie av delar av strukturar, prosessar eller resultat av medisinsk arbeid i allmennpraksis som vert utført av dei som er personleg engasjerte i den aktuelle verksemda, og som har som mål å finna ut om fastsette mål er oppnådde, og gjennom det vurdera kvaliteten av helsetenestene som vert ytt.

(Sheldon 1982)

Page 5: “Audit”  på eigen sjukmeldingspraksis

Audit

Definisjon av problem

Kva er ”best practice” ?

Innhenting av eigne data

Refleksjon og kritisk vurdering

Endringsforslag

Implementering

Resultatvurdering

Ny innhenting av data

Page 6: “Audit”  på eigen sjukmeldingspraksis

Definisjon av problemetEin stiller spørsmål ved eigen sjukmeldingspraksis, til dømes:

• Sjukmelder eg for ofte eller for sjeldan?• Er sjukmeldingane eg skriv for langvarige?• Er eg nøgd med korleis eg nyttar gradert

sjukmelding?• Nyttar eg ofte nok feltet for melding til arbeidsgjevar

på sjukmeldingsblanketten?• Korleis er sjukmeldingspraksisen min for pasientar

med psykiske lidingar? Med muskelskjelettplager?• Skil praksisen min seg vesentleg frå andre som det er

naturleg å samanlikna seg med?

Page 7: “Audit”  på eigen sjukmeldingspraksis

Kva er ”best practice”?

Det finst ikkje kunnskapsbasert lærdom om kva som er ”rett” sjukmeldingspraksis.

Men ved å sjå på eigne data og samanlikna med andre legar i kommunen/fylket, kan ein få eit inntrykk av kva som er rimelege målsettingar.

Page 8: “Audit”  på eigen sjukmeldingspraksis

Innhenting av eigne data

Statistikk over eigne sjukmeldingsdata samanlikna med andre i same sjukmeldargruppe finn ein på NAV;

https://tjenester.nav.no/statistikkforsykmelder

Page 9: “Audit”  på eigen sjukmeldingspraksis

Eigne dataEin bør fyrst gjera seg opp ei meining om særdrag ved eigen pasientpopulasjon og eigen praksis. Det er særleg viktig med tanke på at ein skal samanlikna seg med andre sjukmeldarar. Korleis er til dømes

• listelengda• andel pasientar i arbeidsfør alder• alderssamansetnad generelt• høvetal mellom kvinner og menn• særdrag ved populasjonen si yrkestilknyting• tal år ein har jobba i praksisen• deltaking i vakt og sjukmeldingspraksis på vakt

Page 10: “Audit”  på eigen sjukmeldingspraksis

Refleksjon og kritisk vurderingReflekter over og sjå på eigen sjukmeldingspraksis med eit kritisk blikk, i lys av korleis pasientpopulasjonen og praksisen er. Lag målsettingar for kva du vil oppnå på bakgrunn av problemstillingane du ha skissert.

Læringseffekten og potensialet for endring er truleg størst dersom du gjer dette i ei kollegagruppe der alle legg fram eigne data.

Page 11: “Audit”  på eigen sjukmeldingspraksis

Endringar og implementering

Definer konkret moglege endringar i praksis, sett i samanheng med målsettingane du har sett opp .

Døme kan vera at bruken av gradert sjukmelding skal auka til eit visst nivå, gjennomsnitteleg varigheit av sjukmeldingstilfella skal ned til eit visst nivå.

Ta med endringsframlegga attende til dagleglivet på kontoret og gjennomfør dei!

Ein kan ha nye møte i kollegagruppa undervegs for å sjå korleis det går.

Page 12: “Audit”  på eigen sjukmeldingspraksis

Ny innhenting av data

Sjå på sjukmeldingsstatistikken din på ny etter til dømes 9 eller 12 månader. Er det vorte endring i den retninga du ønskte?

Page 13: “Audit”  på eigen sjukmeldingspraksis

Resultatvurdering

Vurder resultatet og diskuter det eventuelt på nytt møte i kollegagruppa der alle legg fram resultata sine.

Page 14: “Audit”  på eigen sjukmeldingspraksis

Lukke til!