12
KARRIEREMESSE 2016 samarbeid om verdiskaping Einaste i landet Det er eit kjent problem at mange elevar ikkje fullfører vidaregåande skule. På landsbabsis er talet på fråfall så høgt som 25 prosent, altså kvar erde elev. I HAFS derimot, er tala verkeleg gode. Både Askvoll, Hyllestad og Fjaler er heilt i landstoppen. - Svært gledeleg, seier rektor på Dale vgs, Gro Fivelsdal. - Visjonen er 0 prosent fråfall. Vi skal bli best i landet på inkludering, seier næringslivet, som tek saka vidare saman med mange offentlege hjelparar. Minst fråfall i landet STÅR SAMAN: Anders Lien i Hafs Utvikling, Rolf Kleiven i Oppfølgings- tenesta og Inger Johanne Osland ved Haugland Rehabiliteringssenter jobbar saman med representantar frå NAV, barnevernet, PPT, helsesøstertenesta og rådgjevarar i ungdomsskulen og vgs. Første IB-elev Gir råd l dei unge Diggar påbygg Har ein plan

Avis til karrieremessa 2016

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Avis som er laga i samband med karrieremessa, som skal vere i Fjalerhallen tysdag 9. februar. Kjem i papirutgåve til husstandane i Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Solund, Gulen, Gaular og Lavik.

Citation preview

Page 1: Avis til karrieremessa 2016

KARRIEREMESSE 2016

samarbeid om verdiskaping

Einaste i landet Flytta heim ”

Det er eit kjent problem at mange elevar ikkje fullfører vidaregåande skule. På landsbabsis er talet på fråfall så høgt som 25 prosent, altså kvar fjerde elev. I HAFS derimot, er tala verkeleg gode. Både Askvoll, Hyllestad og Fjaler er heilt i landstoppen. - Svært gledeleg, seier rektor på Dale vgs, Gro Fivelsdal. - Visjonen er 0 prosent fråfall. Vi skal bli best i landet på inkludering, seier næringslivet, som tek saka vidare saman med mange offentlege hjelparar.

Minst fråfall i landet

STÅR SAMAN: Anders Lien i Hafs Utvikling, Rolf Kleiven i Oppfølgings-tenesta og Inger Johanne Osland ved Haugland Rehabiliteringssenter jobbar saman med representantar frå NAV, barnevernet, PPT, helsesøstertenesta og rådgjevarar i ungdomsskulen og vgs.

Første IB-elev Gir råd til dei unge Diggar påbygg Har ein plan

Page 2: Avis til karrieremessa 2016

Arrangør av karrieremessa: Gulen og Masfjorden Utvikling as, HAFS Utvikling as, Dale vidaregåande skule og Karriere HAFS. Utgjevar av avisa: Bygdeavisene Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk Redaksjonen vart avslutta 25. januar 2016

messeprogram

utstillarar på messa

Velkommen til ein dag med karriere i fokus! Nytt høvet til å orientere deg godt om det bedriftene i regionen kan tilby av spennande arbeidsplassar, kva skulane i fylket tilbyr og kva lærlingordningar som finst. Desse har sine stand i idrettshallen medan fagøktene er på Dale vidaregåande skule. Kva er dine moglegheiter til å knyte kontakt med bedrifter og skular allereie no med tanke på vidare arbeidskarriere? Litt av svara kan du få ved å delta på dei ulike fagøktene under messa. Bruk dagen godt. Det vert underhalding, konkurransar og sjølvsagt kiosksal.

Seminarprogram: 09.00-09.30: Høgskulen i Sogn og Fjordane Kva val og moglegheiter har vi i eige fylke innan høgskuleutdanning?

09.30-10.00: Pecom as v/Jonny Pedersen Ingeniør- og konsulentbedrift i Fjaler. Korleis kan ungdommar ta grep om eige liv og utdanning?

10.00-10.30: Det gode liv i HAFS v/Julie Vårdal Heggøy og Kim Frode Solheim

10.30-11.00: MultiVolt v/Tore Bråstad Elektrobedrift i HAFS. Kven er vi og korleis satsar vi på ungdom?

11.00-11.30: Dale vidaregåande skule og UWC v/elevar Presenterer dei unike tilboda du som elev får ved desse skulane. Internasjonal linje, maritim produksjonsteknikk og påbyggingsklassen

11.30-12.30: Mat og underhaldning i Fjalerhallen Underhaldning ved Kulturskulen i Hyllestad og Fjaler og KAHOOT

12.30-13.00: Pecom as

12.30-13.00: Dale vidaregåande skule og UWC

13.00-13.30: MultiVolt as

13.00-13.30: Høgskulen i Sogn og Fjordane

13.30-14.00: Det gode liv i HAFS

Værlandet Havhotell AS

Destinasjon Vest AS

Bulandet Fiskeindustri AS

Seaweed from Norway

Haugland Rehabiliteringssenter

Multivolt

YX Dale

Vevang Produksjon

NAV Hafs

Solund Verft

HIFUS

På Håret

Allmuen

Pecom

Blomstertorget

Frivillegsentralen

Enoro

Sparebanken Sogn og Fjordane

Havyard Ship Technology

HAFS elektro

Norsk Bergsikring

SGC/Geofare

Sunnfjord Energi

Vestbygg/Straumsnes bygg

Helse Førde

Avans

Accountor

Bilbransjens Opplæringskontor

Opplæring for Transport og

Logistikk

Pro Opplæringskontor

Byggopp

Gulen og Masfjorden Utvikling

Hafs Utvikling

Ungdomsbedrifter Dale vgs

Elevbedrift Dalsøyra

Høgskulen i Sogn og Fjordane

Sunnfjord Folkehøgskule

Hyllestad kommune

Gulen kommune

Askvoll kommune

Solund kommune

Fjaler kommune

Dale vgs

Fagskulen

Anders Lien,

leiar i HAFS Utvikling

Fører alle vegar til ein karriere,

ein som er ung treng vel ikkje å

tenkje på karriere, kvifor skal så

mange meine noko om det som

ein sjølv må avgjere, kvar finn

ein denne karrieren?

Som ungdom skal ein ta mange val for eiga framtid,

eit av vala er karriere, utdanning og yrkesval. Det fine

er at der er lov å feile og kome sterkare ut av det.

Det er ikkje noko enkelt val, mange vel mange gong-

er, og fleire vel fleire val, men det er eit viktig val og

avgjerda må ein ta sjølv.

Ei karrieremesse står for døra, der ungdom skal få

innsikt i ulike yrke og utdanningar og lokalt nærings-

liv bidreg med kunnskap og anbefalingar.

Karrieremesse kan vere ein god start på vegen mot

framtida.

Utdanning i eigen region. Ein lokal vidaregåande

skule er svært viktig for lokalsamfunnet og HAFS-

regionen. I tillegg til sjølv å vere ein betydeleg ar-

beidsplass, gjev ein ungdom moglegheita til å kunne

bu lenger heime, som også kan vere til stor glede for

foreldra, medan ungdommen sjølv kan ha større

trong for utforsking av ukjent terreng. Skulen har

dyktige lærarar og eit særs godt miljø, både på sku-

len og for hybelbuarane. Det svært låge talet på ele-

var som vel å gje seg undervegs, tyder på at skulen er

inkluderande. Det at skulen stadig får reduserte ram-

mer, i form av studietilbod, svekker denne institusjo-

nen som er så viktig for samfunnet vårt. Her kan vi

sjå verdiar bygt opp over tid, gå tapt med eit enkelt

politisk vedtak.

Ein god vidaregåande skule er eit godt grunnlag for

karriereval.

Alle skal finne seg ein plass i samfunnet. Ein stad

der ein trivst og føler sine behov stetta, vil krevje

noko av oss alle, det er ikkje noko vi kan ta sjølvsagt.

Dette gjeld alt frå arbeidsliv og fritidssyslar, lag, for-

einingar, organisasjonar, skule, kulturtilbod. Om alle

deltek i inkludering, vil vi kunne utfylle kvarandre og

samla gje tilbod som trengst for ein god stad å bu.

Samfunnet vil påverke våre karriereval gjennom hei-

le livet.

Kommunereform har fått mykje spalteplass siste

året. Er dette noko som kan påverke eins karriere og

er det noko som ungdommen bør vere opptatt av?

Utan her å gå inn på dei ulike alternativa, vil oppmo-

dinga vere å tenkje over kva tilbod ein ynskjer for

innbyggjarane og korleis dette kan løysast på best

måte. Naturlege bu- og arbeidsområde bør også vere

ein faktor ved ei slik vurdering. Kvalitet framfor kvan-

titet kan bli det utfordrande valet.

Kva tenestetilbod saknar ein, kan ein etterspurnad

vere med å påverke eit karriereval?

Godt betalt jobb. Dette er ofte det ein først vurde-

rer, men i vårt samfunn vil det alltid vere svingingar i

tilbod og etterspurnad. I dag, med låg oljepris og ein

svak aksjemarknad, vil ein sjå at yrke som ein berre

for eit år sidan rekna som svært godt betalt og med

gode jobbutsikter i, opplever no stor lediggang og

lågare etterspurnad. Dette ser ein også gjer seg ut-

slag i utdanningsval og søkjartal til dei ulike linjer og

skular. Utfordringa til dei som no skal velje utdan-

ning, vil vere å kunne ha tru på framtida, kva kan ein

få seg jobb innan, når ein er ferdig utdanna. Er det

det same som i dag, eller vil dette vere endra 7-10 år

fram i tid.

Næringslivet spelar ei stor rolle som mentor ved kar-

riereval. Næringslivet er dei som best skal kunne

svare på framtidsutsiktene innanfor sine felt, bruk

også desse som rådgjevar i vurdering av karriere.

Karriere i eigen region. HAFS-regionen er mindre

prega enn mange andre, av lågkonjunkturen vi ser i

samfunnet no. Likevel er vi ein region som merkar

dette innanfor enkelte område og fagfelt, dette kjem

mest ut frå dei som har sitt arbeid innanfor selskap

som i hovudsak opererer utanfor vår region. Arbeids-

ledigheita er framleis låg i vår region og framtidsut-

siktene er positive. Vi har eit næringsliv som satsar

og her er mange som ser moglegheit innanfor ny

marknad og produkt. Vi har eit internasjonalt næ-

ringsliv som treng ungdom som løftar blikket mot

horisonten.

Karriere kan du gjere i HAFS, lykke til på messe.

Kva veg fører til karriere?

Page 3: Avis til karrieremessa 2016

www.hafsutvikling.no

Askvoll Senter tlf. 57 73 05 10

Klær - Utstyr - Kosmet ikk Dame - Herre - Barn

Ekstremt oppteken av byggjeklossar

LAGBYGGING: Jonny Pedersen bruker coaching-tankar frå handballen i næringslivet. – Gjer medspelarane dine gode. Få dei til å levere. Då blir resultatet best, seier han. I fjor tilsette Pecom to unge sivilingeniørar: Marcel Scheuer (t.v.) og Richard Skår.

Mange forbind Jonny Pedersen først og fremst med handball. Han har både spelt og vore trenar på øvste nivå i Norge, på lag som Fyllingen, Stord og Bækkelaget. Etter at han og kona flytta til heimbygda hennar Flekke i 2003, har han vore sentral i oppblomstringa i handballmiljøet i Fjaler. Jonny Pedersen er også svært enga-sjert i jobben sin. Han jobbar om lag 55 timar i veka og er dagleg leiar i Pecom AS, som han eig saman med Bjørn Ro-ger Otterdal. Firmaet jobbar med pro-sjektleiing og har fire tilsette; ein i Sta-vanger og tre i Dale. Nett no er dei in-volvert i fem prosjekt. Størst er pro-sjektleiinga for Lyse Produksjon: «Lysebotn 2» er ei utbygging til 1,8 milliardar kroner, den største kraftut-bygginga i Norge på ti år. I åra som kjem vil Pecom truleg til-sette fleire personar. Då blir lokalet dei leiger i Firda Billag-bygget i Dale sent-rum for lite. Derfor byggjer Jonny Pe-dersen nytt på Ytsteneset, nydeleg plassert heilt nede ved Flekkefjorden. Han håper bygget står klart i løpet av 2016. - Her blir det åtte kontorplassar. Viser det seg at vi treng fleire enn det, har vi eigentleg eit luksusproblem, konstate-rer Jonny. Han vil gjerne tilsette unge og nyut-

danna sivilingeniørar og ingeniørar, men kor mange og kor kjapt, veit han ikkje enno. - Du er ikkje skeptisk til å tilsette dei som ikkje har erfaring? - Nei, då kan vi lære dei opp sjølve. Dei har teke utdanninga, men så må dei hjelpast opp og fram. For å seie det sånn: Du kan kjøpe deg eit Word-program, men du blir ikkje Jo Nesbø for det, fastslår han med eit smil. Han vil gjerne ha dei som tek siviling-eniørstudium med vekt på elektro, bygg eller maskin. - Hos oss kan dei få jobbe med verke-leg gode og utfordrande prosjekt innan vasskraft og anna fornybar energi, lok-kar han. I fjor tilsette Pecom to personar som no jobbar på kontoret i Dale: Richard Skår og Marcel Scheuer. Marcel er tysk, men lærte seg godt norsk på eit halvt år. Og nettopp dette med språket er Jonny Pedersen oppteken av. Då han studerte, var han mest glad i dei teknis-ke faga. Norsk kom han ikkje til å ha så mykje bruk for, trudde han. - Eg var ok i norsk og engelsk òg, men det var matte, fysikk og alt det tekniske som fengde meg. I jobbkvardagen no ser eg at norsk og engelsk er det vikti-gaste. Alt handlar om språk og kommu-

nikasjon; telefonmøte, skype, avtaler med utanlandske firma, kontraktar, rapportskriving og mykje meir. Kom-munikasjon kan vere vanskeleg, men det er så viktig for å få gode og effekti-ve prosessar, seier han. - Mange har undervegs i studiane tenkt «kvifor skal eg lære dette her, eg får jo aldri bruk for det likevel?». Men alt er viktig å ha med seg som byggje-klossar. Ingenting er bortkasta, for det er summen av kompetansen som hjel-per deg når problem skal løysast, ivrar han. Det er noko av det Jonny vil ta med seg når han skal halde innlegg på karrieremessa på Dale vidaregåande skule 9. februar. Han har også eit sterkt engasjement for skulen. - Eg brenn for å ha ein vidaregåande skule i Dale. Eg meiner det er nesten katastrofe om skulen skulle bli lagt ned. Den perioden når ungdommane er 16 til 19 år er så viktige. Det er ofte då du treffer dei vennane som du har med deg resten av livet; festar, enga-sjerer deg, får tilknyting til området, seier han. Men etter det, då ser Jonny Pedersen helst at ungdommen reiser ut og tek utdanning. Og så kan dei komme tilba-ke og bidra når dei er ferdige.

Jonny Pedersen i Pecom AS rådar ungdommen til å tenkje allsidigheit. – Har du brei kompetanse, har du ei god plattform for eit spennande arbeidsliv. Eg er ekstremt oppteken av slike byggjeklossar, både på handballbana og i arbeidslivet, seier Jonny.

på gangen

Ungdommen i dag har mange valmoglegheiter.

Vi har spurt nokre avgangselevar på Dale vgs kva

dei skal til hausten.

Kor går vegen vidare?

Martin Søgnen, Sande

- Eg lurer på å jobbe

eit år, slik at eg tener

pengar til seinare stu-

diar. Eg har ikkje be-

stemt meg for kva

utdanning eg skal ta,

men eg er oppteken av

samfunn, så det blir

truleg lærarutdanning

eller noko innan helse.

Frida Moldestad Olset, Holmedal

- Eg har lyst til å jobbe

med noko innanfor

interiør, for det å pus-

se opp rom og slikt,

det har eg interessert

meg for lenge. Eg trur

aldri eg kjem til å gå lei

av å jobbe med interi-

ør. Uansett blir det

Bergen til hausten, for det er favorittbyen.

Marte Huseklepp, Guddal

- Til hausten skal eg

på folkehøgskule,

fordi eg treng ein

pause frå skulearbeid

og har lyst til å opple-

ve noko nytt. Eg hå-

per å komme inn på

musikallinja på Ringe-

rike fhs. Kanskje tek

eg lærarutdanning

etterpå, men eg skal bruke dette året på å

tenkje meir på det.

Bendik Vik, Dale

- Til hausten blir det

truleg militærteneste.

Så skal eg bli sivilinge-

niør i datateknologi.

Det er eit fag i ut-

vikling og eg vil vere

sikra jobb. Med den

utdanninga har eg

også moglegheit for

jobb her, på Enoro til dømes, viss eg vil flytte

tilbake når den tid kjem.

Page 4: Avis til karrieremessa 2016

Fagbutikken i Ditt Distrikt www.byggfag.no

M. Leiknes AS Postboks 163 - 6988 Askvoll Tlf. 577 30 457 E-post: [email protected]

BYGGFAG Askvoll

UTKØYRING AV VARER ETTER AVTALE.

Vi kan også tilby teiknetenester, og vi kan skaffe tømrarar om det trengst.

Firmaet vårt har ansvarsrett for prosjektering og utføring.

TRELAST BYGGEVARER

KVIT OG IMPREGNERT

TRELAST

TAKSTEIN

TAKPLATER

VINDAUGE

BALKONGDØRER

INNER- OG

YTTERDØRER

GLAVA

ISOLASJON

PLATER TIL

VEGG OG HIMLING

FESTEMIDDEL

LIM- OG FUGEMASSE

HUS, HYTTER

OG GARASJAR

Page 5: Avis til karrieremessa 2016

I januar møttest mange ressursar som ønskjer å dra i lag for å finne gode løysingar for det dei kallar utsett ungdom; dei som av ulike grunnar har vanskar med å komme seg gjennom det vanlege oppleg-get i vidaregåande skule. På møtet, som psykolog Arve Ese i PPT og Rolf Kleiven i Oppføl-gingstenesta hadde kalla inn til, stilte mellom anna rådgjevarar frå ungdomskulane og Dale vgs, NAV, helsesøstertenesta, barnevernet og PPT. Håpet er å samkøyre dei ulike instansane betre, slik at det blir lettare å hjelpe dei som fell mellom to stolar. - Det har skjedd mykje bra dei siste åra. Vi har til dømes svært gode resultat når det gjeld fråfall i vidaregåande skule. No ønskjer vi å vere ein føregangsregion når det gjeld utsett ungdom, seier Rolf Kleiven. - Men vi veit at det er ungdom som slit også i Hafs. Det er alltid nokon vi kan gjere ein betre jobb for. No vil næringslivet vere med på å bidra inn mot det offentlege, seier Rolf Kleiven. Hafs Utvikling, som jobbar for

vekst både i næringslivet og sam-funnet elles, er no i gang med pro-sjektet «Hafs 2030». Dette er ein visjon som kom i gang etter eit frukostmøte Sparebanken Sogn og Fjordane arrangerte for næringsli-vet i fjor vår. Der utfordra banksjef Arvid Andenæs dei frammøtte om å tenkje ut eit prosjekt som kan skape utvikling for næringslivet i Hafs. - Vi tok utfordringa og inviterte med oss ein gjeng til vidare drøftingar, seier Inger Johanne Osland, som er direktør på Haug-land Rehabiliteringssenter. Leiar i Hafs Utvikling, Anders Lien, kallar Inger Johanne «gudmor for prosjektet». - Vi diskuterte kva som ville vere smart å jobbe med viss vi skal få til vekst og utvikling her. Servicenæ-ring? Marine interesser? Kva er vi eigentleg gode på? Visjonen til Fjaler er «eit ope samfunn». Dale vidaregåande skule har lite fråfall og er gode på inkludering. Etter 20 år med eit internasjonalt miljø på Haugland, burde vi òg vere gode på inkludering. Vi har gode offent-lege tenester her, som NAV og

barnevernet. Vi på Haugland Reha-biliteringssenter har mykje erfaring med personar med fysiske utford-ringar. Kvifor ikkje satse på å bli endå betre på det vi er gode på frå før – oppvekst og inkludering? spør Inger Johanne. Anders Lien fortel at dei framleis jobbar med starttankane, men at dei har trua på at det offentlege og det private saman skal dra i land eit større prosjekt. At alle skal bli sett, og at ingen skal falle utanfor, er ei enorm oppgåve, sjølv om visjonane er fram mot år 2030. Derfor jobbar no Hafs Utvikling vidare med å få til eit forprosjekt, truleg med støtte frå Sparebank-stiftinga. - Vi vil skape eit næringsliv som er attraktivt for neste generasjon, og samtidig styrke profilen til Hafs som ein god stad å vekse opp. Tenk eit næringsliv som profilerer seg på inkludering, seier Anders. Prosjektet har ulike sider, derfor er det to grupper som har jobba med kvart sitt tema. Eine gruppa har sett på gode møteplassar og den andre har jobba meir direkte retta mot skule, utdanning og næ-

ringsliv. - Vi må finne dei ledda der nokon dett mellom; gråsonene mellom etatane, seier Anders og Inger Johanne. - Mange av dei som fell frå i vida-regåande skule, kjem seg aldri ut i jobb. Det er eit alvorleg problem, legg Inger Johanne til. - Visjonen vår er null prosent fråfall. Er det mogleg? Vi aksepte-rer ikkje at spørsmålet står uprøvd, seier Anders Lien. Noko av det dei ønskjer å jobbe med i åra framover, er å få fleire bedrifter til å ta inn ungdommar i opplæring. Meir tilrettelegging for dei ungdommane som ikkje er heilt A4. - Alle treng ikkje ta universitets-utdanning. Det er viktig at også dei som er praktiske, men leie av all teorien, lykkast i samfunnet. Her kan det vere nyttig å få inn «fadrar» som snakkar same språk i næringslivet, folk som er praktiske og har levd litt, meiner Anders. På møtet i januar fekk dei støtte og innspel frå dei frammøtte frå offentleg sektor. - Dette er viktig arbeid, og det er

spennande å ta prosjektet vidare. Vi i NAV ser at samarbeidet med næringslivet er utruleg viktig. Vi treng kvarandre, fastslår Toril Ry-sjedal Bygnes. - I barnevernet ser vi at mange unge slit med overgangane, sånn som frå ungdomsskulen og ut i vaksenverda. Det er viktig å jobbe meir med dette, seier Charlotte Willemoes. Olav Njøs i NAV Sogn og Fjordane karakteriserer det nærmast som eit vekkingsmøte når han høyrer visjonen om null prosent fråfall. Han er likevel tydeleg på at han, etter mange års erfaring frå NAV og Opplæringskontoret for tilrette-lagt fagopplæring, meiner at alt er mogleg. Det handlar om å kommu-nisere godt og ha gode relasjonar. - Det er fantastisk at vi har fått med både offentlege institusjonar, næringslivet og ikkje minst Haug-land Rehabiliteringssenter – då kan vi klare mykje. Når eg vaknar om natta og blir liggande utan å få sove; då tenkjer eg at vi kan bli best i landet på det her, fastslår Rolf Kleiven til humring frå dei frammøtte.

…men vil bli endå betre Privat næringsliv og offentlege hjelparar trappar no opp kampen for utsett ungdom i Hafs. – Innan 2030 skal vi ha alle gjennom vidaregåande opplæring, seier dei.

Det er Folkehelseinstituttet som presenterer denne statistikken. Dei tek for seg mange faktorar knytt til folkehelse, mellom anna fråfallet i vidaregåande skule. Det har lenge vore eit problem at elevar ikkje fullfører vidaregåande opplæring innanfor dei fem åra dei har rett på det; at dei anten avbryt eller ikkje består. Faktisk viser statistikken at fråfallet er så høgt som 25 prosent på landsbasis, altså at kvar fjerde elev gir seg undervegs. I Hafs er tala mykje betre. Mest imponerande er tala frå Askvoll, som viser at berre 11 prosent fell frå. Dette gjer kystkommunen til den nest beste i Norge! Like etter kjem Hyllestad på åttande plass med 13 prosent, og Fjaler med 15 prosent. Rektor Gro Fivelsdal på Dale vidaregåande skule gler seg over tala. - Dette er primærkommunane våre. Dei fleste ungdommane i Askvoll, Fjaler og Hyllestad går på

skulen vår, fastslår Gro. - Kvifor gjer de det så godt? - Vi trur ikkje at det gjer seg sjølv. Dette med oppfølging har vore eit satsingsområde her, spesielt dei siste tre åra, seier ho. - Leiinga på skulen jobbar med systematisk oppfølging for dei som ligg an til stryk. Vi er også involvert i FYR-prosjektet (fellesfag, yrkes-retting og relevans). Det er ein del av den tidlegare nasjonale satsinga NyGiv, som var ein nasjonal dug-nad for å auke gjennomføringa i den vidaregåande opplæringa, fortel Gro. NyGiv-satsinga gjekk over tre år og hadde som mål å etablere eit varig samarbeid mellom stat, fyl-keskommunar og kommunar for å betre føresetnadene for å fullføre og bestå vidaregåande opplæring. NyGiv-prosjektet vart avslutta for to år sidan, medan FYR-satsinga går ut dette året. - Kort fortalt er det fellesfag som blir praktisk retta. Til dømes blir

matematikken teken meir inn i verkstaden, seier Gro. Ho trur at noko av grunnen til dei gode resultata i Hafs, er at det er gjennomsiktige forhold her. - Skulen er liten og vi er gode på individuell oppfølging. Samtidig har vi godt samarbeid med foreld-ra til elevane. Vi opplever at dei er engasjerte og interesserte i det elevane gjer på skulen, seier Gro. Elevane er også engasjerte i sin eigen skulekvardag. Ifølgje ein an-nan statistikk, som også vart lagt fram i 2015, er Dale vidaregåande skule den skulen i landet som er best på elevdemokrati. Då nettavisa Framtida.no skreiv om saka, uttalte elevrådsleiaren at elevane vart spurde til dømes om kva slags oppgåver dei ville ha i norsk og kva mat dei vil ha i kanti-na. Ho nemnde òg at skulen hadde utbetra uteområdet etter at elev-rådet tok det opp. Til avisa sa leiar i Elevorganisasjo-nen, Benjamin S. Myrstad, at han

ikkje var overraska over at Dale vidaregåande skule kom godt ut i undersøkinga. – Det er nokre skular som blir nemnt som gode døme innimel-lom, og Dale vidaregåande skule er ein av desse, uttalte han. - Vi er opptekne av at elevrådet og skulemiljøutvalet skal bli høyrt. Elevane blir spurt om råd og kjem med innspel. Vi prøver også å hal-de dei oppdaterte når det er ny informasjon om skulen og tilboda her, seier Gro. Det gjer dei mellom anna ved å ha allmøte ein gong i månaden. Der informerer dei om smått og stort, spør korleis elevane har det, og det er song- og musikkinnslag frå elevane sjølve. - Dette er identitetsskapande og eit populært innslag blant elevane, seier Gro. Mykje av det rektoren seier, blir underbygt av rapporten frå Folke-helseinstituttet. Der står det mel-lom anna at det er viktig med flek-

sible opplæringsløp og meir praksis for dei som slit med teoretiske fag, og at tett oppfølging, rettleiing og samarbeid mellom skule og ar-beidsliv, har vist gode resultat. Den nasjonale undersøkinga viser at fråfallet i vidaregåande skule er størst blant elevar på yrkesfag. Både norsk og internasjonal forsking viser samanheng mellom psykisk helse og fråfall i vidaregå-ande skule. Spesielt kan åtferds-vanskar i barndommen føre til dårlegare skuleprestasjonar, som igjen fører til auka risiko for fråfall. Folkehelseinstituttet meiner derfor at tiltak som styrkjer barn og unge som slit med faglege og sosiale vanskar vil vere effektivt i førebyg-ging av fråfall. Det førebyggjande arbeidet bør derfor starte tidleg og omfatte alle fasar i utdanningslø-pet. Trass i at Hafs-kommunane altså er i landstoppen på gjennom-føring i vidaregåande skule, inten-siverer dei no dette arbeidet.

Vårt område er best i landet Fleire av primærkommunane til Dale vgs er heilt i landstoppen når det gjeld lite fråfall i vidaregåande skule. – Svært gledeleg, men slike resultat kjem ikkje av seg sjølv, seier rektor Gro Fivelsdal.

Askvoll nest best i landet:

Berre 1 av 10 fell frå

Page 6: Avis til karrieremessa 2016

Hugsar du avisa som kom ut i samband med messa i 2006? På framsida var det bilde av den 16 år gamle sauebonden Peder Johann Ness Tveit, som slo fast at «så lenge ein klarer å leve av noko ein trivst med, skal ein gjere det». Han hadde den gongen starta opp att den nedlagde garden på Tveit i Holmedal og kjøpt seg ni villsauer. Peder fortalde at han hadde planar om å gå byggfag på Dale vgs, før han skulle utanlands for å bli veterinær.

Ti år seinare kan vi konstatere at det vart meisterbrev i tømrarfaget, utdan-ning som takstsingeniør og ein bachelor-grad i historie i staden. For halvtanna år sidan flytta han og sambuar Hildegunn Sagosen heim til Holmedal. Peder driv no firmaet «Tveit Takst», der han jobbar halvt om halvt som tømrar og takst-mann. - Eg føler meg privilegert som kan flytte heim og ha jobb med ein gong, seier han. - Men du starta jo ditt eige firma? - Ja, men det inga sjølvfølgje å ha jobb likevel. Eg er avhengig av folk som set sin tillit til meg, seier han.

På tømrarsida har han hatt ulike mind-re byggjeprosjekt. Når han held på med takseringsbiten, sit han i kontorfellesskap på Aska Næringsbygg i Askvoll sentrum. Han tek takst på fast eigedom i samband med mellom anna refinansiering, døds-bu, skilsmisser, sal og skade, og har hatt oppdrag i heile Hafs. Utegangarane som var avbilda i avisa i 2006, er døde, men flokken har blitt ve-sentleg større sidan den gongen. I tillegg har Peder blitt medeigar i Holken Pub. No lever han med andre ord av noko han trivst med, slik han allereie som 16-åring uttalte at han skulle.

tilbakeblikk

Elisabeth Mjåtveit var ferdig utdanna hud-pleiar i fjor vår og jobba på ein salong i Bergen fram til nyttår. I september starta ho også eige firma: «La Belle» i heimbyg-da. - Eg er fødd og oppvaksen i Solund og har nær tilknyting til plassen og menneska som bur her. Det var dermed veldig trygt og godt å starte opp akkurat her, seier ho. - Eg gjorde det mest fordi eg syntest det verka spennande og utfordrande. Eg er oppvaksen i ein familie som liker å ta sjan-sar og gjerne satse litt, og eg hadde mykje god støtte både frå kjærasten min, beste-foreldra og foreldra mine. Eg valde berre å hoppe i det, og eg har ikkje angra til no, fastslår Elisabeth med eit smil. På salongen tilbyr ho ulike behandlingar av negler, vipper og bryn, i tillegg til voks-behandlingar. - Korleis synest du det er å drive eige firma? - Det er mykje å tenkje på, mykje meir enn ein eigentleg er førebudd på. Det går mykje tid og krefter til firmaet, men eg synest det er verdt det, seier ho. Så langt har Elisabeth berre fått positive

tilbakemeldingar, både frå kundar og ven-nar. Dei synest ho er tøff som prøver seg. Sjølv synest ho det er kjekt å vere sin ei-gen sjef. - Alt arbeidet eg legg i firmaet mitt går til meg sjølv. Det er veldig kjekt å jobbe seg oppover og sjå at ting går på fram. Eg har ikkje store mål om at akkurat denne be-drifta skal bli spesielt stor, men det er kjekt å prøve seg i litt mindre skala først, seier ho. I starten hadde ho salongen open berre nokre helger i månaden, når ho var heime frå Bergen. I november fekk ho jobb på skulen i Solund. Dermed flytta ho heim og kan no ha salongen open når det er be-hov. - Det at eg valde å søkje på jobben på skulen var ikkje tilfeldig, då eg alltid har syntest at læraryrket verkar veldig kjekt. Dette har eg fått stadfesta no, så no satsar eg på lærarhøgskule til hausten. Eg kjem til å halde salongen open då òg, men eg går nok tilbake til å ha den open i helgene, sånn som det var før jul, fortel Elisabeth Mjåtveit.

20-åring med eige firma - Eg er oppvaksen i ein familie som liker å ta sjansar, så eg valde berre å hoppe i det, seier Elisabeth Mjåtveit, som har starta skjønnheitssalongen «La Belle» i Solund.

Foto

: Pri

vat

Page 7: Avis til karrieremessa 2016

6963 D

ale

i S

unnfjord

tlf /

faks 5

7 7

3 6

2 4

4

(uta

nom

opnin

gstid:

tlf.

995 4

8 7

67)

dals

bua@

eniv

est.

com

Lik oss på Facebook!

Opningstider

torsdag kl 11—17 fredag kl 11—17 laurdag kl 10—15 - etablert 1977 - butikken du aldri gløymer!

Dalsbua

Lokal maskinentreprenør i 45 år

Godkjend opplæringsbedrift i OKAB

e-post: [email protected]

Trygt nærmiljø

på lag med naturen!

Trygt nærmiljø

på lag med naturen!

stort fokus på faglig integritet høyt kvalifiserte medarbeidere å følge gjeldende retningslinjer gitt av NVE åpne rundt problemstilling og kritisk tenkning å ha lang erfaring og spisskompetanse i alle ledd å være fleksible og mobile for oppdrag og leveranser kort leveringstid fra oppstart til ferdig levert produkt

www.sgcas.no / tlf. 92 89 29 69

Vårt mål er å bidra til optimale geofaglige løsninger

for våre kunder. Dette gjør vi gjennom:

Hausten 2014 starta eit nytt tilbod på Dale vidaregåande skule: Påbygg. Dette er eit år mange tek etter to år på yrkesretta linje, slik at dei får studiekompe-tanse. Skulen fann ut at dei ville lage eit litt annleis tilbod enn det som var vanleg: Undervisning på skulen fire dagar i veka og heimestudiedag kvar måndag med lærarkontakt gjennom dataen. - For oss som budde på hybel var dette ein super idé. Det er alltid godt å vere heime ein dag ekstra, seier Line Haugland frå Gulen. Ho gjekk ut frå Dale vgs i vår, og var altså med i klassen som vart prø-vekanin for det nye opplegget. Det var også barndomsvenninna Frida Engesæter. - Vi fekk oppgåvene vi skulle gjennomføre via Fronter før helga, sånn at vi kunne leggje opp måndagen litt sånn vi ville. Hadde du andre planar for månda-gen, kunne du gjere oppgåvene i helga, så lenge dei blei levert på måndagen. Var det noko vi lurte på angåande lek-sene, tok vi kon-takt med lærarane på Lync eller tele-fon, fortel Frida. Både Frida og Line hadde på føre-hand høyrt at på-byggsåret var tøffe greier, spesielt med tanke på ti timar norsk i veka. Dette slo heldigvis feil. - Med opplegget dei har i Dale, blei i alle fall ikkje eg lei. Timane var lærerike, men samtidig kjekke med læraren sin fabelaktige humor og vilje til å hjelpe alle. Dei andre læra-rane kunne heller ikkje vore betre. Samarbeidet dei i mel-lom, og gleda dei gav til oss gjennom læ-ringa, var alle tiders. Om vi lurte på noko, var dørene til lærarane alltid opne, rosar Frida. - Alt fungerer så fint, og det er vanskeleg å bli skulelei her. Ønskjer du deg eit topp lære-rikt år og å få nye ven-nar, bør du velje på-bygg i Dale, legg ho til. Sjølv var ho i utgangs-punktet usikker på kva ho skulle bli «når ho vart stor». Ho valde helse- og oppvekstfag første året på vgs, og barne- og ungdomsar-beidar andre året. - Eg har alltid vore glad i å jobbe med menneske, så eg tenk-te dette måtte vere

riktig linje. Men eg følte meg ikkje ferdig med skulegangen og ville ta meir utdanning. Derfor bestemte eg meg for

påbygg, sånn at eg fekk studiekompetanse og seinare hadde fleire moglegheiter når eg skulle velje yrke, sei-

er Frida Engesæter. - Eg er veldig glad for at eg gjennomførte vida-

regåande på denne måten, sånn at eg fekk kompetanse og praksis i eit fagfelt, i tillegg

til studiekompetanse, legg ho til. Frida fortel at av dei tre vidaregåan-

de skulane ho gjekk på, likte ho seg absolutt best i Dale.

- Klassen, andre medelevar og lærarane var toppers.

Lærarane var flinke, engasjerte og hjelp-

same. Dei la studie-programmet og un-

dervisninga godt til rette for oss. Sjølv om dei

kunne vere alvorlege, var dei som oftast tullete, humoristiske

og sprudlande glade. Gode og positi-ve lærarar gav eit bra klassemiljø, seier

ho. Venninna Line stemmer i.

- Eg hadde allereie gått to år i Dale, og eg likte plassen, folka, miljøet, skulen og lærarane. Brørne mine hadde gått på Dale vgs nokre år før meg, og dei tilrådde skulen på grunn av godt miljø og flinke lærarar, seier Line. No tilrår også ho skulen vidare til andre: - Dale vgs er ein plass for alle. Lærarane er superflinke til å leggje til rette. Alle elevane kjem seg gjennom, seier ho. Frida legg også vekt på at fritidstilbodet på skulen er bra. - Fleire dagar i veka var det open skule, der hybelbua-rar kunne komme på skulen og kjøpe seg billig middag. I tillegg vart det arrangert ulike aktivitetar som vi kunne vere med på, fortel ho. Dei to venninne har no flytta kvar til sitt: Frida Engesæ-

ter til Bergen og Line Haugland til Førde. - Eg har starta på sjukepleien og skal fullføre dei tre åra mine her i Førde, men eg er usikker på kva eg skal gjere etter det. Eg har litt lyst til å ta ein mastergrad, men det kan hende eg vel ambulansen eller sjukepleiar på legevak-ta, seier Line.

Frida studerer til barnehage-lærar og trivst med det. - Eg trur absolutt eg tok eit riktig val då eg starta den store reisa etter 10. klasse. Etter vida-regåande vel mange å ta eit år fri eller eit år på folkehøgskule for å slappe av, jobbe eller fordi dei er skuleleie, men eg hoppa berre rett i det. Når eg hadde gått eitt år på påbygg i Dale, var et jo umogleg å vere lei, fastslår ho med eit smil. Til liks med dei tidlegare ele-vane, er rektor Gro Fivelsdal også oppteken av at gjennom-føringsevna har vore stor på påbyggstilbodet på Dale vgs. - Vi hadde full klasse første året, og ingen «sluttarar». I haust var det 27 elevar i denne klassen då skulen starta opp, medan vi no er 30. Den siste eleven tok til i januar, då ved-kommande ønskte å byte frå ein

annan skule og over til Dale vgs, fortel Gro. Ho fortel at elevsaman-setninga på påbygg viser eit breitt spekter. - Her er både dei som tidleg har peila seg inn på høgare utdanning og som er motiverte for å jobbe hardt for gode resultat. Men du har også dei som har sva-kare karakterar og som kanskje er meir vane med ein praktisk kvardag, og som liker seg betre i verksta-den eller på helserommet, seier Gro. Ho seier tilbakemeldingane frå elevane så langt er positi-ve. - Dei som gjekk ut i vår, takka spesielt for engasjementet til lærarane. Nokre hadde kvidd seg fordi mange seier at påbygg er beinhardt med mykje teori, framstilt nærmast som døden. Men elevane seier at det har gått fint på grunn av varierte og spenstige undervisningsopplegg, seier rekto-ren.

Saman med mattelærar

Mari Kyrkjebø

Suksess med firedagarsskule Då Dale vgs fekk påbyggsklasse, starta dei eit eksperiment med frammøteplikt berre fire dagar i veka. – Alt fungerer så fint. Her er det vanskeleg å bli skulelei, seier Frida Engesæter og Line Haugland frå Gulen.

Saman med vennar i friminuttet. Bak f.v. Ingunn

Hofland, Line Haugland, Malin Solås, Ingeborg

Strandos og Wiktoria Karolina. Framme f.v. Frida

Engesæter og Sigrid Tynning.

Saman med norsklærar Tor E. Furevikstrand

Sam

an med G

uri Mongstad på hybelen.

Alle

fo

to: P

riva

t

Page 8: Avis til karrieremessa 2016

på gangen

- Vi gler oss alltid til desse måndagane. Kjekke folk og kjekke oppgåver, fastslår Madelen Eikelid frå Hyllestad, som går på Vg1 helse- og oppvekstfag på Dale vidare-gåande skule. Klassen hennar er med i prosjektet «Livsglede for eldre». - Dette er gjennom ei nasjonal stifting. Det er såleis ikkje vårt konsept, men vi fann det kjekt å prøve ut, seier kontakt-lærar Solfrid Andersen. På helsetunet er dei eldre observert med stjerner i auga når ungdommen er der. Og som Madelen seier, det gir ikkje glede berre for dei eldre. Også dei yngre synest det er eit positivt innslag i skule-kvardagen. No har elevane vore på Fjaler Helsetun sju gongar, og dei skal vere der nokre gongar utover våren. Desse dagane er dei ikkje med i den vanlege pleia på sjukeheimen, men dei lagar i staden gode opplevingar for dei eldre. Malene Solhaug

frå Gulen fortel at dei lærer mykje av dette, mellom anna korleis dei skal snakke med ulike eldre personar og korleis ein handterer forskjellige situasjonar som dukkar opp. Elevane synest òg det er veldig koseleg å finne på ting i lag med dei eldre. - Det var til dømes ei kjekk oppleving å følgje dei på julekonserten. Dei eldre blir så takknemlege, seier Madelen.

Elevane planlegg og gjennomfører ulike aktivitetar. Det kan vere alt frå baking og bingo til synging og hårstell. - Dessutan har vi dansa med dei. Også dei som sat i rullestol fekk svinge seg, fortel Madelen. - Det har vore veldig kjekt. Dei fleste eldre er imøtekommande og lette å bli kjent med, seier Sofie Steiestøl frå Hyllestad.

Gir livsglede til eldre

Gjennom prosjektet «Livsglede for eld-re» lagar elevar gode opplevingar for eldre på Fjaler Helsetun. Dei dansar, masserer hender, lakkar negler, lagar bingo og følgjer dei eldre på konsert.

I haust starta samarbeidet om Internatio-nal Baccalaureate (IB) mellom United World College (UWC) og Dale vgs. Dette er ei pilotordning som går over tre år, finansiert av fylkeskommunen og næ-ringslivet i Hafs. IB er ei internasjonal ut-danning som svarer til Vg2 og Vg3 på stu-diespesialiserande. Undervisinga er på engelsk og elevane får internasjonal stu-denteksamen som gir mange mogleghei-ter internasjonalt. Dei tre første IB-elevane her i fylket, er Lovise Øverås frå Flekke, Jacob Bredesen

frå Eid og Thea Vie frå Førde. - Eg søkte mest på grunn av det kulturel-le. Her er folk frå heile verda og det sy-nest eg verka interessant, fortel Lovise Øverås (17). Ho gjekk første året på Dale vgs, før ho altså søkte seg over til det nye IB-tilbodet. No bur ho på Haugland saman med UWC-studentane. Sjølv om ho er frå nærområ-det, reiser ho faktisk ikkje heim meir enn om lag ein gong i månaden. - Det er meir krevjande å gå på IB enn vanleg skule, men eg synest vi får mykje

tilbake, seier Lovise. Planen hennar, etter to år på Haugland, er å reise til USA for å studere psykologi. Ho tilrår IB også for andre som ønskjer å studere i utlandet etter vidaregåande. Dessutan meiner ho IB er fint for dei som er interesserte i andre kulturar og er opne for nye ting. - Her kan du ikkje sitje inne og nekte å snakke med andre; her må du respektere alle og vere med på mange forskjellige aktivitetar utanom skuletida, fastslår Lovi-se.

- IB er kjekt og krevjande

GLER ANDRE: Bak f.v.: Madelen Eikelid, Vilde Andrea Avedal Hovland, Kamilla Strømmen, Anne-Lise Vågenes, Julie Hugøy Furset, Jan-Egil Albertsen Skaar, Rose-Sofie Folkestad og Malene Westervik Solhaug. Framme f.v. Sofie Steiestøl, Erland Ziener, Johanne Haugsbø og Ida Lindelid. (Julie Tonning og Nikolai Hatlebrekke var ikkje til stades då bildet vart teke.) Foto: Privat

DEI FØRSTE: Thea Vie (f.v.) frå Førde, Jacob Bre-desen frå Eid og Lovise Øverås frå Flekke er det første kullet i den nye IB-ordninga. Foto: Privat

Eirik Baug Barsnes, Hellevik

- Eg skal studere

til hausten, men

eg er ikkje sikker

på kva. Anten

teologi, nautikk

eller marin-

biologi. Eg har

lyst til å bli

prest, men eg er

også interessert

i marinbiologi, så det er vanskeleg å

bestemme seg.

Dorthea Keilegavlen Grane, Atløy

- Eg er framleis i

tenkjeboksen.

Det blir anten

jus- eller

medisin-

studium. Eg har

lyst til å hjelpe

folk, og lege er

eit spennande

yrke med store

valmogleg-

heiter. Jus har eg lyst til å ta fordi eg

alltid har likt samfunnsfag og er

interessert i lover og rettar. Men aller

først skal eg eit år på folkehøgskule.

Sverre Nord Løland, Hyllestad

- Først skal eg i

militæret.

Deretter har eg

tenkt å studere

noko innan real-

fag, anten

ingeniør eller

fysioterapeut.

Men det kan jo

hende eg

hamnar på Spar Hyllestad òg, eller at

eg går heime hos ho mor til eg blir 40

år, kven veit.

Aina Hovlandsdal, Kyrkjebø

- Eg skal studere

vernepleie viss

eg kjem inn i

Bergen. Det

verkar interes-

sant, og det er

eit yrke eg kan

sjå meg sjølv

jobbe i som

eldre.

Vernepleiar-yrket har mange

moglegheiter, du kan til dømes jobbe

innan skule, fengsel og sjukeheim.

Ungdommen i dag har mange valmoglegheiter.

Vi har spurt nokre avgangselevar på Dale vgs

kva dei skal til hausten.

Kor går vegen vidare?

Foto

: Pri

vat

Foto

: Pri

vat

Page 9: Avis til karrieremessa 2016

Linja er eit treårig forsøksprosjekt etter initiativ frå næringslivet. I samarbeid med Maritime Monte-ring og Havyard Ship Technology har Dale vidaregåande skule no laga ei fagutdanning i skipsinnrei-ing, som dei aller første i Norge. Dei seks gutane som starta på linja i haust, har gått VG1 anten på teknikk og industriell produksjon eller på bygg og anleggsteknikk. Etter eitt år på VG2 maritim pro-duksjonsteknikk på Dale vgs får dei læreplass hos Maritim Montering, som er ein av dei største på mari-tim innreiing her til lands. - Det at eg var sikra lærlingplass, var avgjerande for mitt val, seier Eirik Merkesvik frå Askvoll, og får medhald frå klassekameratane. - Og så tenkte eg det var spen-nande med eit nytt tilbod i Dale, seier Nikolai Selvåg frå Dale. - De synest ikkje det er litt skum-

melt å vere dei første til å prøve ut denne linja? - Nei, det trur eg skal gå fint. Så langt har det i alle fall gjort det, seier Nikolai. - Vi har det kjekt her. Vi lærer nyttige ting som vi får bruk for også elles i kvardagen, seier eleva-ne, som no altså blir dei første i landet som kan ta fagbrev i mari-tim innreiing. Vegar Odeen frå Bringeland gjekk byggfag første året, men er glad for at han kom inn på den nye linja og får jobbe med innreiing av båtar. - Det er slikt finarbeid som er kjekkast, seier han. - Og så er det no greitt å ha eit yrke der du får jobbe innandørs når det er vått ute om hausten, og der det er heitt og godt om vinte-ren, legg han til med eit smil. Elevane bruker om lag to dagar i

veka på verkstaden på skulen. Her har dei laga ein modul med tre lugarar. No byggjer dei opp dørken og jobbar med innreiing. - Det er fint at dei kan prøve ut det grunnleggjande her som det ikkje gjer noko om det blir bulk eller riper, konstaterer Svein Mag-ne Myklebust. Han er hovudlærar for det nye tilbodet og har vore med på utar-beidinga av den heilt nye lærepla-nen i samarbeid med skulen, be-driftene, opplæringsavdelinga i fylket og Utdanningsdirektoratet. Svein Magne synest det har vore eit interessant arbeid å tilpasse undervisninga og materialet dei skal bruke der. På førehand var han til dømes på verftet i Leirvik og filma arbeidsoperasjonar og korleis dei byggjer opp ting. - Det er jo ikkje nokon som har undervist i dette faget tidlegare, så

vi har måtte ta alt frå scratch, seier han. Svein Magne har lang erfaring som tømrar og som lærar på bygg-fag, men han har ikkje jobba med innreiing av båtar. Det har derimot Magne Støfring, som no jobbar på skulen to dagar i veka. Han har mange års erfaring frå Maritim Montering og kjenner faget godt i praksis. - Korleis er behovet for denne linja? - Behovet har tidlegare vore stort, og det kjem til å vere det også i framtida, men vi veit at den-ne bransjen svingar, seier Magne. Mellom anna mista verftet i Leir-vik nyleg to kontraktar som alle trudde var sikre. Dette førte til oppseiingar og permitteringar, men for skuleelevane førte det i denne omgang berre til at praksis-perioden vart litt forskyvd.

I tillegg til utplasseringa i lokal-miljøet, får dei også prøve seg på Karstensens Skibsværft i danske Skagen, også det i regi av Maritim Montering. - Faget og arbeidet er mykje det same, men det kan vere nyttig å få oppleve eit anna verft og andre arbeidsleiarar, seier Svein Magne, som også skal vere med. Han har stor tru på at den nye landslinja er liv laga. - Ein periode no har det sett litt mørkt ut for bransjen, men vi veit at det går opp og ned. Det er spen-nande å sjå kva som skjer på Lute-landet, for der kan det fort opne seg store moglegheiter for elevane som tek fagbrev i maritim produk-sjonsteknikk, legg han til.

Dei einaste i landet Dei her karane er unike: Dei blir dei første i Norge med fagbrev i maritim innreiing. Etter Vg2 på Dale vgs er dei sikra læreplass hos lokalt næringsliv.

HEILT NYTT: Svein Magne Myklebust (t.v.) og Magne Støfring er dei første lærarane som underviser i maritim prosjuksjonsteknikk her til lands.

INNREIER: Sander Jakobsen (Lavik), Nikolai Selvåg (Dale), Eirik Merkesvik (Askvoll), Runar H. Strømmen (Askvoll) og Vegar Odeen (Bringeland) byggjer lugarar i verkstaden. (Simen Standal var ikkje til stades då bildet vart teke.)

Page 10: Avis til karrieremessa 2016

Foto

: St

ein

ar B

auge

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har eit stort og variert fagmiljø innan

fysikalsk rehabilitering. Vi er over 80 tilsette fra Askvoll, Fjaler, Førde, Gaular og

Hyllestad, og er kjent for a vere ein attraktiv og spennande arbeidsplass. Pa Haugland

jobbar unge og meir erfarne arbeidstakarar tett i lag. Senteret er ogsa opplærings-

og utdanningsinstitusjon, og vi tar imot studentar og hospitantar innan ulike fagfelt.

Senteret ligg flott til mellom fjorden og fjella, og vi nyttar natur og friluft som eit viktig

verkemiddel i rehabiliteringa. Sja va r heimeside www.rkhr.no, og følg oss pa Facebook:

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS.

Dei to siste åra har elevar frå helsearbeidar-faget på Dale vidaregåande skule reist til London i praksisperioden sin. I mars reiser fire nye elevar frå skulen til London, saman med nokre elevar frå Flora vgs og Øyrane vgs. Dei har med seg ein lærar og bur hos ein vertsfamilie. - Snakk om å løfte horisonten, konstaterer rektor Gro Fivelsdal, som sjølv tok turen i fjor for å sjå nærmare på opplegget til eleva-ne. - Her får elevane sjå korleis yrket deira blir praktisert også i eit anna land. Dei innser nok at nivået i Norge er høgt, meiner Gro. Også faglærar Leikny Dale seier det er ty-delege skilnader på enkelte område. - Helsefremjande arbeid er mykje det same som her, men det er nyttig å oppleve andre kulturar og å kunne samanlikne dei med forholda vi er vane med her til lands, seier Leikny. - I Norge har vi eit lovverk som sikrar pasi-entane sine rettar uavhengig av økonomien deira. I London er det meir privatisert helse-hjelp og tydelegare skilnad både i haldningar og rettar, legg ho til.

- I etterkant har vi sett at elevane blir gira på å diskutere etiske spørsmål. Eit år såg ein elev til dømes at nokon slo ein pasient i fje-set. Dei opplever òg at hierarkiet er heilt annleis på institusjonane i England og det er stor bruk av ufaglærde, seier Gro Fivelsdal. - Mange av dei ufaglærde kjem frå Aust-Europa og Afrika. Lønene til sjukepleiarane er omtrent halvparten av nivået i Norge og det er vanleg med åtte-ti timars arbeidsdag. Sjukelønsordningane er ikkje slik vi er vane med i Norge. Ufaglærde har som oftast ikkje sjukeforsikring, fortel Leikny. - Her er mange tema elevane kan diskutere og problematisere etterpå, seier rektoren. Elevane som har vore utplasserte i London framhevar den positive erfaringa med å kla-re seg i ein storby i tre veker og erfarer eng-elskmenn som høflege og hjelpsame. Har du lyst til å sjå korleis fjorårets elevar opplevde turen? Då kan du gå inn på heime-sida til skulen (dale.vgs.no), deretter «opplæringstilbod» og sida til helse- og opp-vekstfag. Nedst på sida der finn du ein film som utplasseringselevane sjølve har laga.

Praksis i London Elevane på helsearbeidarfag på Dale vgs får jobbe tre veker i London.

Olset Entreprenør as

www.olsetentreprenor.no / tlf. 907 32 378 / følg oss på facebook!

” (Henning Rivedal i bokmeldinga)

Siste sjanse!

Marianne Furevikstrand gir teksten ein herleg driv. Det er tempo og framdrift heile tida, og det er lett å halde oversikten.

Du kan også bestille boka og få den tilsendt:

tlf. 415 30 772 / e-post: [email protected]

facebook: Den hersens brua

Utsalsstader: Førde:

Norli

Askvoll: Coop Marked

Dale: Dale Bok og Leikar

[få bøker att på lager...]

INTERNASJONALE: I mars reiser Leikny Dale (f.v.) til London med elevane sine for tredje gong. Her er hel-sefagelevane som var med for to år sidan: Line Haug-land, Iris Mari Nordbotten, Victoria Gauksrud og Mette Mjåseth. Foto: Rune Dale.

Page 11: Avis til karrieremessa 2016

Hugsar du Signe Bjorøy som var på framsida av messe-avisa i 2013? Ho fortalde at ho valde Dale vgs fordi ho ville gå på ein skule der ho vart sett og teken vare på. Då ho var ferdig på Vg2 helsefagarbeidar, tok ho påbyg-ging, før ho starta på sjukepleiarhøgskulen i Førde. No har ho gått halvparten av dei tre åra, og målet er framleis å bli jordmor, slik ho uttalte til avisa den gongen. - Draumen vaks seg endå større etter å ha hospitert på føde- og barselavdelinga på sjukehuset. Å komme i kon-takt med gravide, fødande kvinner, nyfødde, fedrar, jord-mødrer, barnepleiarar og legar på den måten var rett og slett det ein kan kalle magisk, slår Signe fast. Ho har også engasjert seg i politikken. I fjor stod ho for første gong på ei valliste, fordi ho ville vere med på å bidra til positiv utvikling i heimkommunen Solund. Og trur du ikkje at ho vart valt inn i kommunestyret, berre i ein alder av 20 år? - Eg vart veldig overraska. Det var ei stor ære og eg takkar for tilliten. Å få kunne delta i eit kommunestyre i ein alder av 20 år, det er noko som bidrar til at eg vil påverke og delta aktivt i samfunnet, seier Signe.

tilbakeblikk

tlf: 57 78 89 00

www.hafs-elektro.no

e-post: [email protected]

HAFS Elektro & Rør AS HAFS Elektro & Rør AS

Dale Servicesenter AS Dale Servicesenter AS

bilverkstad - YX-butikk - hengarutleige - bilvaskemaskin - husqvarna

Ope: mån-fredag 7-22, laurdag 8.30-22, søndag 10-22

tlf: 57 73 62 75 epost: [email protected]

GMU kan hjelpa med din forretningside, om

den er for ei ny bedrift eller om bedrifta er godt

telefon: 476 05 190

e-post: [email protected]

www.gmu.no

6982 Holmedal Tlf: 577 33 500

www.helle.no E-post: [email protected]

Frisørsalong 2. etasje i Dale Senter

www.paharet.no Tlf. 577 36 222

Page 12: Avis til karrieremessa 2016

Velkommen til Dale vidaregåande skule! Velkommen til Dale vidaregåande skule!

Studiespesialisering Du får studiekompetanse så du seinare kan

studere ved universitet og høgskular.

Helse- og oppvekstfag gir deg viktig, etterspurd kompetanse til jobbar

i helsesektoren. Utveksling Vg2: London

Teknikk og industriell produksjon gir deg opplæring til arbeid i lokale og

internasjonale bedrifter.

Maritim produksjonsteknikk Nytt Vg2-tilbod. Utveksling Vg2: Skagen.

Påbygging 4 skuledagar og ein studiedag heime.

Gir studiekompetanse for deg som har

gått yrkesfag eller som har teke fagbrev.

Dale vidaregåande skule Trolleskaret / 6963 Dale i Sunnfjord tlf: 57 63 70 00 / www.dale.vgs.no

"Ver med og bygg HAFS du òg! Bruk den

vidaregåande skulen! Bruk 2-3 år på å bli

kjent med andre frå heile HAFS, få venner

for livet her og knyt band til lokalsamfunnet

ditt, slik at du kan dra ut i verda etterpå –

og likevel behalde lysta til å komme heim til

Sogn og Fjordane ein gong i framtida."

Helsing Gro Fivelsdal,

rektor ved Dale vidaregåande skule

gir deg ein internasjonal studenteksamen og sjanse til å studere ved velkjende universitet i inn- og utland. Helsing Arne Osland, utviklingsdirektør UWC Red Cross Nordic

Dale vgs har fått godkjent eit nytt nasjonalt og fylkesdekkande opplæringstilbod i skipsinn-reiing i samarbeid med Maritime Montering og Havyard Ship Technology. Skulen hjelper til med å finne læreplassar. Som elev kan du bli utplassert innanlands eller utanlands. Etter læretida kan du ta fagbrev i maritim innreiing, og ev. eit ekstra fagbrev seinare.

Du kan trene i nytt helsestudio, spele badminton, volley-

ball, fotball, handball. Kunstgrasbane ved Fjalerhallen.

Dans, kor, korps og ungdomslagsaktivitetar.

Rimelege hyblar i gåavstand til det meste.

God oppfølging av miljøkoordinator for dei som bur på

hybel.

Open skule med mekking og andre aktivitetar to kveldar

i veka. Godt miljø med mat, prat, musikk og skulearbeid.

God skulekantine med sunn og god varm mat,

salatbar o.a.

Internasjonaliseringsprosjekt for helsefagelevar

til London og for TIP-elevar til Skagen.

Ledige plassar i kulturskulen om du ønskjer å spele

eit instrument eller synge.

"Vi møtte kvarandre

første gong på Dale vida-

regåande skule, og etter

enda utdanning i Sogndal

og Bergen, valde vi som

par å flytte heim att til

Dale. Med våre to born

er vi med på å bygge

framtida i HAFS, noko vi

er stolte av!"

Helsing Julie V. Heggøy,

Kim Frode Solheim og

borna Sofie og Samuel

Vi er med og byggjer HAFS!

Studietilbod 2016-17 Mange og gode fritidstilbod:

IB i samarbeid mellom UWC og Dale vgs Maritim Produksjonsteknikk Vg2

U

T

V

I

K

L

I

N

G

Vi er med og byggjer HAFS!