Upload
others
View
5
Download
0
Embed Size (px)
Citation preview
Med programmet du no sit med i nevane ynskjer me å gje
deg naturopplevingar for livet.
Me har fleire skiturar enn nokon gong i turlaget si historie—
me håpar fleire hiv seg med på vinterturane, då
vinteren er fantastisk (sjølv om den i skrivande stund
er nitrist)— den ekstra tryggleiken av å gå saman er
ekstra god å ha om vinteren.
Når vinteren er over kan me by på turar med ulike
tema, som poesi, litteratur, yoga, industri og ikkje
minst stølsliv.
Og me har nyvinning besteforelder og borneborn-tur.
Og sjølvsagt - me har ein heil rekkje flotte «vanlege» turar.
Me håpar du vert med oss på tur i 2020, følg med oss på nettsidene kvamtur-
lag.no og Facebooksidene våre, for endringar i programmet kan
skje—og meir moro kan plutseleg dukka opp!
Turane våre er forresten opne for alle, men vert gjerne medlem
for å støtta arbeidet me gjer.
Og du, om du vil ut på tur på eigahand, tilrår me ein tur til
ei av dei 550 turlagshyttene som står klar til å ta i mot deg.
Dei tre næraste hyttene er presentert på neste side. Elles
kan du nytta deg av ut.no, der me har over 100 turmål med
skildringar og gps-spor berre i Kvam.
- Styret i Kvam turlag -
Breidablik
Breidablik ligg 1062moh. med flott utsyn over fjord, fonn og fjedl. Hytta har 27 sengeplassar og er ei sjølvbetent hytte med
hyttevakt i sesongen. Du kjem deg til Breidablik frå Fitjadalen, 7km og 900 høgdemeter, eller frå Hamlagrø, 11km og 600
høgdemeter. Eller du kan gå via Vending, 3km og 300 høgdemeter.
Vending
Vending er ei av hyttene til
Bergen og Hordaland turlag som har
mest besøk, men det er likevel god
plass dei fleste nettene. Hytta ligg fint
til ved Vendingstjørn og er og ganske
enkel å komme til på vinteren då det
er kvista inn frå vinterferien. Hytta er
sjølvbetent. Mange vegar fører til Vending: Frå Fitjadalen, Hamlagrøosen,
Kvamskogen eller frå hyttene Gullhorgabu og Breidablik.
Kiellandbu
Kiellandbu ligg flott til
frampå kanten av Løkjels-
dalsnuten med utsikt
utover Fyksesundet.
Kiellandbu er ubetent. Du
kjem deg enklast dit frå
Hodnaberg og innover
Hardingaskaret. Du kan òg gå frå Botnen og opp, men er då av-
hengig av båt inn Fyksesundet. Eller på sti frå Hamlagrøosen via
Blåkoll.
Generelt—Hyttene til Bergen og Hordaland turlag er ulåst, og alle er velkomne til dagsbesøk eller overnatting. Du får lågare pris på opphaldet
om du er medlem. Du forlet hytta i helst litt betre stand enn du fann ho i. Du betalar for opphaldet med eingongsfullmakt eller helst via ein beta-
lingsapp. Om lag halvparten av sengene i hyttene er mogeleg å booke på førehand. Då veit du kvar du skal sova. Men det er absolutt lov å komma
utan booking og.
Sjølvbetent—Dei fleste hyttene til Bergen og Hordaland turlag er sjølvbetent. Det betyr at det er ved, gass, mat tilgjengeleg, og at det er senger
med dyner og puter der. Du må ta med deg sovepose eller lakenpose/sengekle sjølv. Matlageret variererer, men du vil alltid finna noko å fylla magen
med før neste tur. Knekkebrød, syltetøy, havregryn, kaffi, kakao, lapskaus, joikakaker, potetmos og fruktcocktail pleier å vera å finna. Du betalar for
maten saman med opphaldet. På ei sjølvbetent hytte treng du egentlig berre lakenposen for å overnatta—alt anna du treng finn du på hytta.
Ubetent—Ubetente hytter er dei enklaste hyttene til DNT. Desse hyttene har madrasser, dyner og puter, ved og gass, men har ikkje mat. Du finn
med andre ord det du treng for å laga mat på hyttene, men sjølve maten må du bera med deg sjølv.
Me drøymer om kvite vidder, urørte bakkar med herleg laussnø, flotte vintersolnedgongar og
soloppgongar, varme turisthytteovernattingar med god mat.
Fullmåneturar til Torefjell
Me prøver å få til toppturar til Torefjell rundt fullmåne kvar må-
nad i februar, mars og april. Turane vert forsøkt tilpassa ver og
føre i perioden—så følg med på nettsidene eller facebooksidene
våre for informasjon. Turane har etter måten låg terskel og det er
lov å møta med fjellski. Kjell Inge Tyssen og Geir Morten Utskot
er i utgangspunktet turleiarar.
Ingebjørgfjell laurdag 8.mars Ingebjørgfjellet i Granvin har litt same utstika som på bildet øvst
på denne sida. Veldig fin skitur om føreforholda er gode. 950
høgdemeter må gåast for å nå toppen på 1210moh, så ein viss
form må du ha inne sjølv om turen berre er 8km. Me reknar 7
timar på turen. Peter Helland-Hansen er turleiar.
Horndalsnuten laurdag 28.mars
Horndalsnuten er eit kjært turmål for Vossingane og det er
mange måtar å komma seg dit på—me prøver her ein av dei
mindre brukte—frå garden Skår ved Skjervet. Me startar på
500moh og skal opp på 1461moh før me nyt nedrennet same veg.
Før det har me forsert flatane innover Hensdalane, og ettekvart
nytt utsikta over heile det flotte Raundalsmasivet. Peter Helland-
Hansen er turleiar.
Jentegourmet-tur 13-15.mars
Den tradisjonelle gourmetturen for jenter går til Høgabu og Ven-
ding, før ein vender skituppane heimover mot Kvamskogen og
Tokagjelet. Me lovar ekstra god mat, lange flotte dagar ute i
naturen med ski på beina og godt selskap. Evy Kleivane leier an.
Trippel: Byrkjefjell, Iendefjell og Fuglafjell
Sundag 19. april starar me ved Jonshøgdi og tek oss opp på
1046meter høge Byrkjefjell før me siglar slakt ned og bort til Pur-
kegjel og tek oss opp til flotte Iendefjell. Frå Iendefjell
(1261moh) ventar ei fin nedskriing til Gårurdskaret der ein ny
motbakke ventar til det høgaste fjellet i Kvam, Fuglafjell
(1334moh). Her nyt me utsikta over store delar av fjellriket vårt
før me skrir ned til
Myklavatnet og vidare til Sjusete. Turleiar er Evy Kleivane.
Skitur i Omafjellet sundag 16.februar
John Olav Måge tek oss med ein runde i sine eigne heimafjell på
Oma. Mange har etterkvart nytt desse fjella om sommaren med
toppar som Daurmålsegga, Ørnotta og Orraksla. Kanskje får me
sett nokon av desse i vinterdrakt?
Sjå alle skiturane i programmet i midten.
Turar for born treng ikkje gå mange metrane for å vera store opplevingar. Me prøver likevel oss på nokre turar med litt
ambisiøse mål—som å gå til Gullhorgabu og Breidablik. Men og korte turar til Dalamot og Sandvenlie.
Følg med på nettsidene og facebooksidene våre—me håpar å få fleire turar for born på programmet utover.
Kveldsmat-turar Me har kveldsmatturar til Titteråstreet, Dalamot og Sandvenlie.
Me går korte turar og kosar oss med kveldsmaten.
Med Synne og Evy-besto til Breidablik Synne og Evybesto vil gjerne ha med seg andre besteforeldre og
borneborn til Breidablik denne helga. Me legg opp til å bruka god
tid opp, nyt ein heil dag i det eventyrlege fjellparadiset Breidablik
før me går nedatt på sundagen. Eit born per beste, og både born
og beste bør vera vane med å gå eit stykke utanfor asfalterte ve-
gar. Turleiarar er Evy Kleivane og Synne 6 år.
Vintertur til Gullhorgabu Tur til turisthytta Gullhorgabu i Bergsdalen. Me går frå Småbrek-
ke opp til hytta, ein tur på ca 8 km og 400 høgdemeter. Turen
passar for litt større born som har vore på ski utanfor oppkøyrde
spor før.
Kunne du tenkt deg å bidra til eit meir
aktivt borna sitt turlag? Me har mange tankar om tilbod me kunne hatt til born
(kveldsmat-turar, hytteturar, natt i naturen, turboklubbar osv.),
men treng nokon som har tid og lyst til å realisere våre—eller
endå betre—sine eigne tankar om friluftsliv for born. Er det deg?
Då vil me gjerne høyre frå deg!
02.feb Kom deg ut-dagen Sjå annonse/nettsider Øystein Mongstad
04.mar Borna sitt turlag: Lommelykt-tur til Døgnope Krossnes, kl 1730 Geir Morten Utskot
28.mar Borna sitt turlag: Gullhorgabu Påmelding innan 21.mars Geir Morten Utskot
06.mai Borna sitt turlag: Eventyrstund - Titteråstreet Teigland, Soldal, kl 1730 Ingunn Hildonen Teigland
21.jun Borna sitt turlag: Torefjell 1050moh Sjusete, kl 1000 Elisabeth Fosse Rise
02.aug Med Synne og Evybesto på tur til Breidablik Påmelding innan 28.juli Evy Kleivane
02.sep Borna sitt turlag: Kveldsmattur til Dalamot Sørheim, kl 1730 Øystein Mongstad
23.sep Borna sitt turlag: Eventyrstund i Sandvenlie Ved Norheimsund stadion kl 1730 Astrid Holmefjord
Dat
o T
itte
l O
ppm
øte/
Påm
eldi
ng
T
urle
iar
02.f
eb
Kom
deg
ut-
dage
n
Sjå
ann
onse
/net
tsid
er
1 Ø
yste
in M
ongs
tad
05.f
eb
Mån
eski
nn
stur
til
Tor
efje
ll
Sjus
ete,
kl 1
800
3
Kje
ll I
nge
Tuf
te T
ysse
n o
g G
eir
Mor
ten
Uts
kot
16.f
eb
Skit
ur i
Om
afje
llet
Å
se, O
ma,
Kl 1
000
3 Jo
hn
Ola
v M
åge
04.m
ar
Bor
na
sitt
tur
lag:
Lom
mel
ykt-
tur
til D
øgn
ope
Kro
ssn
es, k
l 173
0 3
Gei
r M
orte
n U
tsko
t
11.m
ar
Mån
eski
nn
stur
til
Tor
efje
ll
Sjus
ete,
kl 1
800
3
Kje
ll I
nge
Tuf
te T
ysse
n o
g G
eir
Mor
ten
Uts
kot
14.m
ar
Skit
ur t
il I
ngeb
jørg
fjel
let
Påm
eldi
ng
inn
an 1
3.m
ars
4 P
eter
Hel
land
-Han
sen
og
Kn
ut N
jaa
13-1
5.m
ar
Jen
tego
urm
ettu
r P
åmel
din
g in
nan
9.m
ars
4 E
vy K
leiv
ane
21.m
ar
Top
ptur
til
Hor
nda
lsn
uten
frå
Skå
r P
åmel
din
g in
nan
20.
mar
s 4
Pet
er H
ella
nd-H
anse
n o
g K
nut
Nja
a
24.m
ar
Lær
kjak
k-ru
lle p
å to
kve
ldar
, del
1
Påm
eldi
ng
inn
an 2
3.m
ars
på n
ett
1 Ø
yste
in M
ongs
tad
27-2
8.m
ar
Bor
na
sitt
tur
lag:
Gul
lhor
gabu
P
åmel
din
g in
nan
21.
mar
s 3
Gei
r M
orte
n U
tsko
t og
Kje
ll I
nge
Tuf
te T
ysse
n
31.m
ar
Lær
kjak
k-ru
lle p
å to
kve
ldar
, del
2
Påm
eldi
ng
inn
an 2
3.m
ars
på n
ett
1 Ø
yste
in M
ongs
tad
01.a
pr
Mån
eski
nn
stur
til
Tor
efje
ll
Sjus
ete,
kl 1
800
3
Kje
ll I
nge
Tuf
te T
ysse
n o
g G
ier
Mor
ten
Uts
kot
19.a
pr
Ove
r B
yrkj
efje
ll, I
end
efje
ll o
g F
ugla
fjel
l P
åmel
din
g in
nan
18
.apr
il
4 E
vy K
leiv
ane
19.a
pr
Var
alds
øya
Påm
eldi
ng
inn
an 1
8.a
pril
1
Vid
ar A
sk o
g D
afin
n B
erge
25-2
6.ap
r N
anse
nbu
- K
alde
nu
ten
P
åmel
din
g in
nan
21.
apri
l 4
Odd
bjør
n B
orge
06.m
ai
Bor
na
sitt
tur
lag:
Eve
ntyr
stun
d - T
itte
råst
reet
T
eigl
and
, Sol
dal,
kl 1
730
1 In
gun
n H
ildon
en T
eigl
and
13.m
ai
Nat
urle
g tr
enin
g i S
andv
enli
a V
ed N
orhe
imsu
nd
stad
ion
kl 1
900
2 E
lisa
beth
Fos
se R
ise
20.m
ai
Støl
sdri
ft i
Roa
ldsd
alen
Å
lvik
sku
le, k
l 18
00
2 E
gil M
o
24.m
ai
Ind
ustr
isog
e: K
valv
ik-g
ruve
ne
Fer
jeka
ien
, Tør
vikb
yg, k
l 2
Egi
l Mo
27.m
ai
Run
dtur
i M
elst
veit
åsen
M
elst
veit
vege
n 1
86,
kl 1
800
2
Sids
el N
etel
and
Ling
a
31.m
ai
Ber
gada
len
yts
t i K
vam
til
Mun
dhe
im
Mun
dhei
m k
ai, k
l 100
0 3
Joh
n O
lav
Måg
e
07.ju
n
Høg
t ov
er J
onda
l: V
ikan
ute
n
Påm
eldi
ng
inn
an 6
.jun
i 4
Svei
n R
une
Stak
seng
10.ju
n
På
attg
rodd
e st
iar:
Lia
sete
- L
aups
afly
ane
Kro
ssn
es, F
itja
dale
n, k
l 18
00
3 G
eir
Mor
ten
Uts
kot
12-1
4.ju
n
Dug
nad
stur
til
Ven
din
g P
åmel
din
g. S
jå a
nno
nse/
net
tsid
e 2
Odd
bjør
n B
orge
21.ju
n
Bor
na
sitt
tur
lag:
Tor
efje
ll 1
050m
oh
Sjus
ete,
kl 1
000
4 E
lisa
beth
Fos
se R
ise
24.ju
n
Litt
eraT
UR
til
Hel
jest
ein
en
Tok
agje
let,
kl 1
800
2
Inge
r D
ysvi
k
28.ju
n
Tør
vikn
uten
via
Kva
nsk
ar
Tve
iten
, Tør
vikb
ygd,
kl 1
100
3 O
ddbj
ørn
Bor
ge
03-0
5.ju
l G
ourm
et-Y
ogat
ur
i Kva
mm
afje
llet
Påm
eldi
ng
inn
an 2
8.ju
ni
3 E
vy K
leiv
ane
31.ju
l-02
.aug
M
ed S
ynn
e og
Evy
best
o på
tur
til B
reid
ablik
P
åmel
din
g in
nan
28
.juli
4
Evy
Kle
ivan
e og
Syn
ne
09.a
ug
Myk
lava
tn -
Fug
lada
len
- F
itja
dale
n
Sjus
ete,
kl 1
000
4 K
nu
t N
jaa
og H
elen
e Le
igla
nd
Nja
a
12.a
ug
Kul
TU
R: S
tadn
amn
og
bruk
av
nat
uren
P
v/S
tran
deba
rm s
kule
, kl 1
800
2
Kar
en M
atth
iess
en
16.a
ug
Kar
alde
nu
ten
frå
Hed
ler
Påm
eldi
ng
15.a
ugus
t 4
Ran
di I
ren
e A
alvi
k
19.a
ug
Støl
stur
med
his
tori
sk s
us t
il T
oref
jells
flya
ne
Sjus
ete,
kl 1
800
2
Svei
n R
une
Stak
seng
23.a
ug
Ulv
anos
a P
åmel
din
g in
nan
21.
augu
st
4 V
idar
Ask
26.a
ug
Poe
siT
UR
til
Nor
heim
sdal
en
Sele
sete
, kl 1
800
2
Eli
sabe
th F
osse
Ris
e
30.a
ug
Hov
lan
d - M
yrse
te -
Bre
idab
lik
- Fit
jada
len
Sk
oghe
im, S
olda
l, kl
08
00
4 Si
dsel
Net
elan
d Li
nga
02.s
ep
Bor
na
sitt
tur
lag:
Kve
ldsm
attu
r ti
l Dal
amot
Sø
rhei
m, k
l 173
0 2
Øys
tein
Mon
gsta
d
04.s
ep
Ful
lmån
etur
til T
oref
jell
Sj
uset
e, k
l 18
00
3 H
elen
e Le
igla
nd
Nja
a
05.s
ep
Med
rob
åt p
å fjo
rden
til
Kva
msø
y P
åmel
din
g in
nan
4.s
epte
mbe
r 2
Pet
er H
ella
nd-H
anse
n
06.s
ep
Tor
efje
ll r
undt
F
etet
, Fit
jada
len
, kl 0
900
4
Åsm
und
Kri
stia
nse
n
13.s
ep
Jons
tein
P
åmel
din
g in
nan
12.
sept
embe
r 3
Svei
n R
une
Stak
seng
23.s
ep
Bor
na
sitt
tur
lag:
Eve
ntyr
stun
d i S
and
ven
lie
Ved
Nor
heim
sun
d s
tadi
on k
l 173
0 1
Ast
rid
Hol
mef
jord
27.s
ep
Skår
- S
tora
vatn
et -
Vet
lava
tnet
- A
ksse
te
Skyt
tarh
uset
, Str
anda
dale
n, k
l 100
0
3 K
aren
Mat
hie
ssen
Sjå
kvam
turl
ag.n
o fo
r op
pdat
ert
og m
eir
fyld
ig in
form
asjo
n o
m t
uran
e.
Bergadalen—Mundheim 31.mai
Ytst i Kvam er eit lite kjent turområde. John Olav Måge viser veg
frå Bergadalen nesten på kommunegrensa mot Kvinnherad og
innover til Mundheim.
Skår—Storavatnet—Kytingen 27.sept Fjella sør for Tveitakvitingen håpar me framstår i fantastisk
haustprakt denne dagen. Karen Matthiessen leiar an.
Myklavatnet—Fugladalen—Fitjadalen 9.aug Naturen er verkjeleg storslagen når ein bikkar kanten over Krok
og går innover forbi Jørstadvatna, langs Myklavatnet og over mot
Fugladalen. Vidare fortset me nedover langs det flotte Øystese-
vassdraget til Fitjadalen. Knut og Helene Njaa losar deg trygt
heile vegen.
Torefjell rundt 6.sept Me startar og endar ved Fetet i Fitjadalen, går til Botnane og tek
av til Eivindsete, der tek me oppover dalen mellom Torefjell og
Havringsfjell. Vidare forbi Jørstadvatna, går ned mot Krok og
kryssar normalvegen til Torefjell på veg til Fagrasete og Nyasete,
før me avsluttar med Sogestien. Ein flott runde med mange
kjende og kjære turmål som ein sjeldan kombinerer i ein tur.
Karaldenuten frå Hedler 16.august Med sine nesten 1300 meter over havet er Karaldenuten ein av
dei høgaste toppane i Kvam. Me startar høgt slik at det likevel
ikkje vert altfor mange høgdemeter å klatra. Fantastisk tur i fjel-
let over Ålvik.
Hovland—Breidablik—Fitjadalen 30.aug Sidsel tek oss med langs sin eigen stølsveg frå Hovland til
Skårsete og vidare bak Skarpenuten forbi Oaldstjørn, Blie og
Langhaug til Myrsete. Der tek me fatt på bakkane oppover mot
Breidablik. Frå Breidablik tek me turen ned i Fitjadalen. Turleiar
er Sidsel Iren Neteland Linga
Med robåt på fjorden 5.sept Den fyrste laurdagen i september byter me ut fjellskoa med årer
og legg turen frå Norheimsund til Kvamsøy i båtar frå Fartøy-
vernsenteret. Som turleiar er me så heldige å ha båtbyggaren
sjølv—Peter Helland-Hansen.
Høgt over Jondal—Vikanuten 7.juni Turen opp til Vikanuten er kjempebratt, men belønninga på
toppen er formidabel utsikt over Hardangerfjorden og fjella bak.
Svein Rune Stakseng viser veg.
Nokre dagar har me litt anna fokus berre turen og målet — då krydrar me turane med litt kultur: poesi, trening,
industri, stølsdrift og yoga er mellom temaene du kan få med deg.
19.apr Varaldsøya Påmelding innan 18.april Vidar Ask og Dagfinn Berge
13.mai TreningsTUR: Naturleg trening i Sandvenlia Ved Norheimsund stadion kl 1900 Elisabeth Fosse Rise
20.mai Stølsdrift i Roaldsdalen Ålvik skule, kl 1800 Egil Mo
24.mai Industrisoge: Kvalvik-gruvene Ferjekaien, Tørvikbyg, kl Egil Mo
10.jun På attgrodde stiar: Liasete - Laupsaflyane Krossnes, Fitjadalen, kl 1800 Geir Morten Utskot
24.jun LitteraTUR til Heljesteinen Tokagjelet, kl 1800 Inger Dysvik
05.jul Gourmet-Yogatur i Kvammafjellet Påmelding innan 28.juni Evy Kleivane
12,aug KulTUR: Stadnamn og bruk av naturen P v/Strandebarm skule, kl 1800 Karen Matthiessen
19.aug Stølstur med historisk sus til Torefjellsflyane Sjusete, kl 1800 Svein Rune Stakseng
26.aug PoesiTUR til Norheimsdalen Selesete, kl 1800 Elisabeth Fosse Rise
05.sep Med robåt på fjorden til Kvamsøy Påmelding innan 4.september Peter Helland-Hansen
Kvalvik-gruveneBjølvefossen i Ålvik lagar ferro silisium, for å laga det treng dei
kvarts. I starten var denne kvartsen ganske kortreist, blant anna
henta dei den rett over fjorden—i Kvalvik. Egil Mo tek oss med og
fortel om gruvedrifta.
Poesitur til Norheimsdalen
Elisabeth Fosse Rise tek deg med til Norheimsdalen. På vegen får
du dikt vakre som solnedgongen.
Naturleg trening i Sandvenlie Naturen er ein god arena ikkje berre for tur, men og for trening.
Elisabeth Fosse Rise viser deg nokre lure triks.
Stølsturar med budeiedilt
Me har to turar der me prøver å få med oss nokon med fyrste-
handskjennskap til stølslivet. Det byrjar å bli langt mellom dei
med budeieerfaring, men me satsar på å lura ut nokre
budeiediltar som kan fortelja litt frå livet på stølen.
Fotalaget
Turtilbod for alle, turane går så
godt som kvar tysdag med opp-
møte på Spar i Norheimsund
klokka 11. Turane går til ulike
turmål i heradet, sjå nettsidene
for informasjon om kvar turen
går kvar den enkelte tysdag.
Gratis, men spleisar på køyring
når det er naudsynt. Turane
varer typisk 3-4 timar.
Karatrakk
Turtilbod for alle karar, turane
går så godt som kvar onsdag
med oppmøte på Spar i Nor-
heimsund klokka 11. Turane går
til ulike turmål i heradet, sjå
nettsidene for informasjon om
kvar turen går kvar den enkelte
onsdag. Gratis, men spleisar på
køyring når det er naudsynt.
Turane varer typisk 3-4 timar.
Trakkatrimmen
Turgruppa Trakkatrimmen pas-
sar for deg som vil gå litt kortare
turar i litt lettare terreng enn
Fotalaget og Karatrakken. Tura-
ne går kvar tysdag med oppmøte
på Spar i Norheimsund klokka
1130. Turane går i moderat tem-
po i lett terreng. Turane varer ca
2 timar og det er gratis å delta,
men spleisar på køyring når det
er naudsynt.
Turane våre er opne for alle Det er ikkje krav om medlemskap for å vera med oss på tur. Men du må gå sjølv, så meld deg på tur etter form.
Informasjon og endringar
Du finn meir informasjon om alle turane på nettsidene våre kvamturlag.no. Dei fleste turane vert òg annonsert i Hordaland Folkeblad
og på Facebook-sidene våre. Me prøver å halda oss til oppsett program, men med planleggjing mange månader på førehand kjem det
til å skje endringar—sjekk derfor nettsidene for oppdatert informasjon før du møter opp.
Påmelding
Turane som har påmelding er merka med dette—her må du melda deg på innan den oppgitte fristen—er du treg, kan turen enten
vera full eller vera avlyst på grun av lita interesse.
MedlemskapSom medlem i Kvam turlag er du med å støtta vårt arbeid for å gje flest mogleg
naturopplevingar for livet. Dette gjer me blant anna med fellesturar, hytter og
merking av stiar. Du får òg økonomiske føremoner ved deltaking på turar, ved
overnattingar i hyttenettet til DNT, og du får eit bra friluftsmagasin i posten.
Medlemskap teiknar du enklast via nettsidene våre kvamturlag.no.
Meld deg inn! Kom deg ut!
Dugnaden
Alt Kvam turlag gjer—frå utforming av turprogrammet du held i nevane til mer-
king av stiar og leiing av turar, er basert på frivillig innsats. Har du lyst å bidra
som turleiar, hyttevert på Breidablik, tilsyn på ei av dei tre hyttene Vending,
Kiellandbu eller Breidablik- eller med merking eller andre oppgåver, så gje oss ein
lyd. Sjå og nettsidene for meir informasjon. Det er kjekt å få folk på tur!
FOTO: Framsidefoto: Vesoldo, 17.mai—Hildegunn Berge. Side2: Bakgrunn—Kjell Inge Tufte Tyssen, Hyttene: DNT/
Ut.no Vinterturar: Øvst—Midtfjell—Kjell Inge Tufte Tyssen, Nedst Torefjell, Breidablik, Byrkjefjell alle Kjell Inge
Tufte Tyssen Turar for born: Sandvenlie, Kjell Inge Tufte Tyssen Dagsturar: Hedlafjell—Elisabeth Fosse Rise, Fugla-
dalen—Knut Njaa, Breidablik—Hildegunn Berge, Finnhiller—Elisabeth Fosse Rise, Fugladalen—Knut Njaa Kultur:
Frå Geitafjell—Kjell Inge Tufte Tyssen Seinorgrupper: Karatrakken—Karatrakken Om turlaget: T i skodde—DNT,
Born på veg til Gullhorgabu—Kjell Inge Tufte Tyssen, Gygrastolen—Vidar Ask Baksida: Fjellhjarter—Evy Kleivane
HELSEBANKEN FYSIOTERAPI
Hardangerfjordvegen 650
5610 Øystese
Hugs Optima
reiseflasker på turen