25

Dagane grå

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Sterk diktsamling om tapserfaring

Citation preview

Page 1: Dagane grå
Page 2: Dagane grå

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 1 (Svart/Black plate)

Page 3: Dagane grå

Odd Eirik Færevåg

dagane grå

Dikt

SamlagetOslo 2013

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 3 (Svart/Black plate)

Page 4: Dagane grå
Page 5: Dagane grå

til Marit

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 5 (Svart/Black plate)

Page 6: Dagane grå

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 6 (Svart/Black plate)

Page 7: Dagane grå

7

Noko har stoppa opp, men det er ikkje santdet heller. Det held på og held påsom ein tanke: ein bekk mellom lauvtrebak eit sjukehus. Eg skulle ha skrive dettemed ein øydelagd pennpå eit støvete ark på eit bord i eit tomt romi Gamlahuset, så kunne vinden opna vindauget:Me får aldri sjå son vår igjen.

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 7 (Svart/Black plate)

Page 8: Dagane grå

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 8 (Svart/Black plate)

Page 9: Dagane grå

Dagane går og eg veit ikkje korleisAugustin

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 9 (Svart/Black plate)

Page 10: Dagane grå

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 10 (Svart/Black plate)

Page 11: Dagane grå

1 | Under lauvverket

Fåglarna sov, inborrade i sig själva och sina drömmar.Var det så att fåglar kunde drömma?

Per Olov Enquist

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 11 (Svart/Black plate)

Page 12: Dagane grå

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 12 (Svart/Black plate)

Page 13: Dagane grå

13

Eg las Søren Ulrik Thomsen medan eg venta på einkvanog såg ein link mellom eit av dikta og Derek Walcotts Tiepolo’s Houndsom startar i Dronningens gate i København. «They stroll

on Sundays down Dronningens Street,/ passing the bankand the small island shops// quiet as drawings, keeping fromthe heat/ through Danish arches until the street

stops// at the blue, gusting harbour, where like commasgulls tick the lined waves.» Og Thomsen om igjen:«Jeg hang som havmågens skrå eksistens

over Liverpools havn,/ hvor jeg aldrig har været.»Eg nikka ikkje med hovudet, eg rista detsom ein elg i skogen

som nett har mista sitt tunge gevir: Det er så lett!Og eg fekk lyst til å skrive tusen svømmedyktige dikt.Eventuelt måkeaktige. Ja, det er rett, skreiv eg.

Då må eg henge i! la eg til. Eg fekk det travelt eit augeblikktil eg sette måkediktarane rygg mot rygg i bokhyllaog venta for mårhårsmjuke og harde livet på deg, viste det seg.

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 13 (Svart/Black plate)

Page 14: Dagane grå

14

Er dette nok? Ei mugge vaniljesausi kjøleskåpet. Ungane

har laga gelé, med heile bringebær.Eg veit ikkje kva ungar eg snakkar om.

Dei finst ikkje, ikkje enno.Kanskje no?

Slik tenkte eg.

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 14 (Svart/Black plate)

Page 15: Dagane grå

15

Me stupte i sommarskogsvatnet.Ein unge og to sprang mellom trea.Lauvverket hang over oss.

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 15 (Svart/Black plate)

Page 16: Dagane grå

16

Sein august i åttande etasje.Åleine med laptopen.Musikken fyller rommet med kveld.Kjærleiken er på kinomed søster siog 38 veker på veg.Knocked up heiter filmen.Kva skal barnet heite?Eg veit det.Vil ikkje skrive det.Seier det heller høgt!Blandar namn og musikk.Ser orkideane framfor vindaugetog det vektlause kjøkenet bak.

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 16 (Svart/Black plate)

Page 17: Dagane grå

17

Her luktar varm vanilje, skriv eg.Bordet har stått i ro i heile natt.Son min ligg til overvaking.

Eit gutekor nynna seg gjennom korridorane.Ingen veit korleis det går, slik ingen veit kor gutane gjekk.Dei hadde salt på armane og i håret.

Ei svart og kvit fuglevenge.Åkerlappar, trådtynne vegar, prikkete husklynger.Låge skyer m/fugleskuggar, skriv eg.

Vatn og elvarog ei raggete kyststripe.Litt gråblink her og der.

Sonen vil kanskje ein gong reisetil eit universitet i Brussel, Lyon eller den Haagmed ein stripete strikkegenser.

Skrivesaker, tomme noteark.Ein kalkulator. Eit postkort med langbeinmotiv?Eg veit jo ikkje.

Universitetet vil klø av folkog filigranmønstretetankar.

Pause og poseknitr.Ei farmor skyl grøne druer i springen.Drar over bordet med ein kvit klut.

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 17 (Svart/Black plate)

Page 18: Dagane grå

18

Eit grått leikeparkeringshusav plast. Ein eirgrøn hundutan auge, utan munn, utan snute.

På eit skråstilt bordi eit skrått rom med skråtak og skravert lysvil han kanskje teikne?

Han vil teikneeit enormt og kjølig bibliotek til mor simed tynne blyantar.

Fuglebiblioteket, kan det kanskje heite.Fullt av blomar og bøker, insektsjøkryp og tomme mjølkeglas.

Formfullenda tablåskal umerkeleg og utan lyd gli overi ei større skisse.

Noko me sermen aldri får auge på, noko som brummarog syng i heile kroppen.

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 18 (Svart/Black plate)

Page 19: Dagane grå

19

Tynn son. Sjukehus.Stetoskopet. Ryggen hans.Ein brå kald sirkel.

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 19 (Svart/Black plate)

Page 20: Dagane grå

20

til storfamilien(etter Marianne Larsen)

De var samla i ei stove i tausheit.Det var ei tausheit for lite.Telefonen ringde.

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 20 (Svart/Black plate)

Page 21: Dagane grå

21

Ei mus i skogen trør forsiktig på ein sopp.

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 21 (Svart/Black plate)

Page 22: Dagane grå

22

Er det natt?Bildekk mot grus.

Noko går i knas ein stad.Ikkje her.

Her er altintakt.

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 22 (Svart/Black plate)

Page 23: Dagane grå

23

Sjå her!Sånn, no skal du få

høyre:

Ingenting kjedar megmeir

enn mi eiga

sorg.Appelsin.

Agglomerat.

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 23 (Svart/Black plate)

Page 24: Dagane grå

24

Det er ein kvardagskveld og som omnoko stort er på veg. Den idiotiske sorga.Eg veit ikkje. Kva gjer me her?Dei gule sjøane på vêrkartet er soler.

Noko stort er på veg. Den idiotiske sorga.Når eg blir flink nok vil eg skrive eit dikt.Dei gule sjøane på vêrkartet er soler.Søv du eller kan eg høyre deg pusle inne i huset?

Når eg blir flink nok vil eg skrive eit dikt.Bier i hjartet, og så skorpionar og ormar, og så oske.Søv du eller kan eg høyre deg pusle inne i huset?Ordet er ein sørgesong til det som ordet representerer.

Bier i hjartet, og så skorpionar og ormar, og så oske.Det er ein kvardagskveld og som omordet er ein sørgesong til det som ordet representerer.Eg veit ikkje. Kva gjer me her?

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 24 (Svart/Black plate)

Page 25: Dagane grå

25

Ei bok i graset.Skyer og arkitektur.Nastiske rørsler.

Dagane grå ferdig.qxd:Layout 1 24-04-13 12:30 Side 25 (Svart/Black plate)