5
1 DEN INTERNASJONALE KVINNEBØNEDAGEN 1.Mars 2019 Kom, for no er alt ferdig!Lagt til rette av Bønedagskomiteen i Slovenia Song til opning VELKOMST OG HELSING Leiar: DOBER DAN! (Doh-ber dan) (God dag! Eller DOBER VEČER! (Doh-ber veh-tsjer) (God kveld!) Eg skal få bringa dykk ei varm helsing frå kvinner i Slovenia, eit av dei minste og yngste landa i Europa. Kjære systrer, «Kom, for no er alt ferdig!» Lat oss saman prisa Gud. BØN Leiar: Gud, du som er Herre over historia, i elleve hundreår har folk i Slovenia kjent deg. Du tek imot oss, og i din kjærleik har du dekt bord til oss alle. Du bed oss opna hjarte og heim for dei som ikkje har eit bord å sitja ved. Jesus Kristus, Guds Son, ditt ord skapar under mellom oss. Du gjev oss mot til å visa kjærleik. Heilage Ande, før oss med desse gode gåvene saman i einskap trass i alt som skil oss. Song KVINNERØYSTER Leiar: Lat oss lytta til kva nokre slovenske kvinner har å fortelja. Marjeta vart fødd ved slutten på andre verdskrigen, då landet hennar var ein del av det tidlegare Jugoslavia. Marjeta: Eg heiter Marjeta og vart tidleg enkje. Mor og bestemor mi lærte meg å be, og dei delte trua si med meg. Eg vaks opp i ein sosialistisk-kommunistisk stat der truande menneske vart sett på som annanrangs borgarar. Etter vidaregåande skule vart det vanskeleg å få råd til å studera. I Sveits fann eg arbeid, men kjende sterkt på kor negativt ein såg på framand- arbeidarar. No er vi pensjonistar og har flytta heim. Eg er takksam over at kyrkjelyden på den gamle heimstaden min tok så vel imot oss. Leiar: På slutten av andre verdskrigen måtte mange slovenarar forlata landet, anten fordi dei stod i mot kommunismen eller for å få arbeid i utlandet så familien kunne overleva. Vi må hugsa denne erfaringa når vi i dag møter menneske som var nøydde til å reisa frå dei øydelagde heimane sine for å finna fred og eit betre liv. Alle: Nådige Gud, tilgje oss at vi teier når vi møter urett. Leiar: Mojca er ei ung kvinne som vaks opp i den nye staten Slovenia etter sjølvstendet i 1991. Mojca: Eg heiter Mojca (moy-tsa) og er 34 år gamal. Eg fekk høve til å studera ettersom høgre utdanning er gratis i Slovenia. Då eg var 21 år, vart eg forelska, vart gravid og etter kvart einsleg mor. Familien min støtta meg gjennm studiet, og eg oppnådde gode resultat. No har eg to barn og er forskar ved eit vitskapeleg institutt. Eg skulle ynskja at det var betre balanse

DEN INTERNASJONALE KVINNEBØNEDAGEN 1.Mars 2019 · Eg bur på landsbygda i lag med familien min.Vi lever alle på den vesle pensjonen min, som er familien si einaste inntekt., Vi

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: DEN INTERNASJONALE KVINNEBØNEDAGEN 1.Mars 2019 · Eg bur på landsbygda i lag med familien min.Vi lever alle på den vesle pensjonen min, som er familien si einaste inntekt., Vi

1

DEN INTERNASJONALE KVINNEBØNEDAGEN

1.Mars 2019

“Kom, for no er alt ferdig!”

Lagt til rette av Bønedagskomiteen i Slovenia

Song til opning VELKOMST OG HELSING Leiar: DOBER DAN! (Doh-ber dan) (God dag! Eller DOBER VEČER! (Doh-ber veh-tsjer) (God kveld!)

Eg skal få bringa dykk ei varm helsing frå kvinner i Slovenia, eit av dei minste og yngste landa i Europa. Kjære systrer, «Kom, for no er alt ferdig!» Lat oss saman prisa Gud.

BØN Leiar: Gud, du som er Herre over historia, i elleve hundreår har folk i Slovenia kjent deg. Du tek

imot oss, og i din kjærleik har du dekt bord til oss alle. Du bed oss opna hjarte og heim for dei som ikkje har eit bord å sitja ved. Jesus Kristus, Guds Son, ditt ord skapar under mellom oss. Du gjev oss mot til å visa kjærleik. Heilage Ande, før oss med desse gode gåvene saman i einskap trass i alt som skil oss.

Song

KVINNERØYSTER Leiar: Lat oss lytta til kva nokre slovenske kvinner har å fortelja. Marjeta vart fødd ved slutten på

andre verdskrigen, då landet hennar var ein del av det tidlegare Jugoslavia.

Marjeta: Eg heiter Marjeta og vart tidleg enkje. Mor og bestemor mi lærte meg å be, og dei delte trua si med meg. Eg vaks opp i ein sosialistisk-kommunistisk stat der truande menneske vart sett på som annanrangs borgarar. Etter vidaregåande skule vart det vanskeleg å få råd til å studera. I Sveits fann eg arbeid, men kjende sterkt på kor negativt ein såg på framand-arbeidarar. No er vi pensjonistar og har flytta heim. Eg er takksam over at kyrkjelyden på den gamle heimstaden min tok så vel imot oss.

Leiar: På slutten av andre verdskrigen måtte mange slovenarar forlata landet, anten fordi dei stod i mot kommunismen eller for å få arbeid i utlandet så familien kunne overleva. Vi må hugsa denne erfaringa når vi i dag møter menneske som var nøydde til å reisa frå dei øydelagde heimane sine for å finna fred og eit betre liv.

Alle: Nådige Gud, tilgje oss at vi teier når vi møter urett.

Leiar: Mojca er ei ung kvinne som vaks opp i den nye staten Slovenia etter sjølvstendet i 1991.

Mojca: Eg heiter Mojca (moy-tsa) og er 34 år gamal. Eg fekk høve til å studera ettersom høgre utdanning er gratis i Slovenia. Då eg var 21 år, vart eg forelska, vart gravid og etter kvart einsleg mor. Familien min støtta meg gjennm studiet, og eg oppnådde gode resultat. No har eg to barn og er forskar ved eit vitskapeleg institutt. Eg skulle ynskja at det var betre balanse

Page 2: DEN INTERNASJONALE KVINNEBØNEDAGEN 1.Mars 2019 · Eg bur på landsbygda i lag med familien min.Vi lever alle på den vesle pensjonen min, som er familien si einaste inntekt., Vi

2

mellom heimearbeid og jobb, til beste for familiane og mindre krevjande for kvinnene på arbeidsplassen. Trass i full likestilling etter lova må kvinnene framleis bera dobbel bør.

Leiar: Vi takkar for alle dei kvinnene som trass i motgang har fått styrke til å fostra borna sine.

Marija: Eg heiter Marija, og er alt over åtti år. Eg bur på landsbygda i lag med familien min.Vi lever alle på den vesle pensjonen min, som er familien si einaste inntekt., Vi dyrkar vår eigen mat på eit lite gardsbruk. Grannen min bur åleine i eit stort hus. Ho har også eit gardsbruk, men klarer ikkje lenger å driva det. Borna hennar har flytta til byen for å finna seg arbeid.

Leiar: Mange eldre får ikkje den merksemda og omsorga dei fortener. Dei kjenner seg isolerte og treng fellesskap. Difor må vi skapa møtestader og samarbeid på tvers av generasjonane. Vi kan takka besteforeldre som har hjelpt oss med å halde kristentrua i live.

Ema: Namnet mitt er Ema. Eg vart fødd i ein familie med mykje misbruk av alkohol. Eg svor på at borna mine aldri skulle få oppleva det same. Vi har to born i skulealder. Då mannen min vart arbeidslaus, tok han til å drikka. Han vart valdeleg mot meg og borna. Eg bed til Gud at han kan sjå kor avhengig han er, og at han treng hjelp.

Leiar: Mange slovenske kvinner og born blir offer for vald.

Alle: Herre, vi bed deg for dei som slit med alkoholisme og rusmisbruk

Leiar: Natasha høyrer til romfolket, ei minoritetsgruppe i Slovenia.

Natasha:Eg er Natasha. Eg er 46 år, er gift og har to barn. Eg var heldig som vaks opp i ein kjærleg og omsorgsfull familie i rom-landsbyen. Båe foreldra mine hadde arbeid, og vi borna kunne veksa opp og få god utdanning. Vi vart aldri avviste fordi vi høyrde til eit anna folk. Men slik er det diverre ikkje for alle romfolk i Slovenia. Mange lever under uverdige tilhøve, utan rennande vatn eller elektrisitet i husa sine. Sjansane til skulegang er avgrensa, og rom-born vert ofte mobba og haldne utanfor på skulen. Det er vanskeleg for dei å få utdanning, og det verkar inn på tilgangen til arbeidsmarknaden og høvet til å få familiane ut av fattigdom.

Lesar: Gud, vi vedgår at menneske ofte vert haldne utanfor i samfunnet vårt. Vi godtek ikkje alltid dei som er annleis. Vi har lett for å tru at livsstilen vår er målet for korleis alle skal leva, og vi er snare til å stengja andre ute. Takk, Gud, for dei som ikkje blir trøytte av å inkludera, men har lært av Jesus å møte andre med respekt og eit ope sinn.

Alle: Herre, miskunn deg over oss.

Song

SYNDSVEDKJENNING OG BØN OM TILGJEVING Lesar 1: Miskunnsame Gud, vi vedgår feilstega våre. Dei er så mange at vi knapt kan telja dei.

Lesar 2: Gud, vi er borna du elskar, sjå tårene våre og angeren i hjarta våre! Fordi du tilgjev, tør vi vona på ein ny dag der rettferd, fred og kjærleik visar oss vegen til andre menneske.

Song eller musikkinnslag

Page 3: DEN INTERNASJONALE KVINNEBØNEDAGEN 1.Mars 2019 · Eg bur på landsbygda i lag med familien min.Vi lever alle på den vesle pensjonen min, som er familien si einaste inntekt., Vi

3

GUDS ORD Leiar: Lat oss lytta til teksta frå Lukasevangeliet kapitel 14, versa 15-24 Andakt/preike eller annan presentasjon av teksta

OFRING Sjå prosjektomtalen bak i programmet Song eller musikkinnslag

TAKKEBØN

Lesar 1: Gud, vi takkar deg for det slovenske folket. Dei har kome gjennom mange vanskar i historia, men er stolte av landet sitt. Hjelp dei å vera opne for andre og ta vei imot alle som kjem til dei i naud.

Lesar 2: Gud, vi takkar deg for land der dei byggjer demokratiske samfunn, og for at dette også skjer på tvers av fellesskap, heimar og nasjonar. Hjelp oss å byggja solidaritet kringom i verda.

Lystenning eller bønesvar

Lesar 1: Gud, vi takkar deg for at du innprentar i oss at vi skal dela med kvarandre. Hjelp oss å verta meir kjenslevare for andeleg naud hos menneska rundt oss, slik at vi kan vera til hjelp for dei som er i vanskar.

Lesar 2: Gud, vi takkar deg for gratis utdanning og høve til å studera utanlands. Vi ynskjer at leiarane i landa våre kan sikra at denne retten må gjelda for alle born og for alle dei som må reisa heimanfrå for å skaffa seg utdanning. Vi bed om at utdanning kan gje arbeid som skapar ei fredeleg framtid for land og folk.

Lystenning eller bønesvar

Lesar 1: Gud, vi takkar deg for alle besteforeldra som hjelper dei unge familiane ved å ta vare på barneborna og dela trua med dei. Hjelp oss å sjå og respektera dei eldre i samfunn og grannelag, og hjelp oss å støtta dei når dei treng det.

Lesar 2: Gud, vi takkar deg for røysta og vitnemålet frå minoritetane i samfunnet. Vi bed om at ropet om rettferd og inkludering vert høyrt av dei folkevalde.

Lystenning eller bønesvar

Lesar 1:Gud, vi takkar deg for at du hjelper oss å knyta økumeniske band og skapa samarbeid med menneske som har ei anna tru. Slik kan vi læra å respektera ulikskap og sjå at desse relasjonane gjer oss rikare.

Lesar 2: Gud, vi prisar deg for at innbydinga til festen i ditt rike står ved lag. Vi takkar for at Jesus ved Den heilage ande er til stades midt i forsamlingane og fellesskapa våre. Vi takkar og for bønedagsrørsla som i dag gjev oss styrke til å ta del i omsorga, vona og gleda til kvinnene i Slovenia.

HERRENS BØN

Leiar: Gud, du er den som innbyr oss. Du samlar oss ved bordet ditt og leiar oss på vegen til liv og von. Vi er viktige i auga dine.

Page 4: DEN INTERNASJONALE KVINNEBØNEDAGEN 1.Mars 2019 · Eg bur på landsbygda i lag med familien min.Vi lever alle på den vesle pensjonen min, som er familien si einaste inntekt., Vi

4

Du har kalla oss ved namn. Som dine kjære barn bed vi no bøna vi lærte av Jesus:

Alle: Fader vår/Vår Far …

UTSENDING OG VELSIGNING

Gode Gud, hjelp oss å respektera menneskelivet og akseptera at det er eineståande. Hjelp oss å respektera undera i vår eigen natur og ta vare på dei med all vår kraft. Hjelp oss å stø kvarandre på vegen til fridom, rettferd og fred som likeverdige lemar i din familie. Må vi bli velsigna i strevet vårt av Gud, vår Far, Sonen og den heilage Ande. Amen

Avslutningssalme: Den dag du gav oss, er til ende, og mørket faller på ditt bud. Du lot oss dagens krefter kjenne, gi nå oss nattens fred, o Gud! Takk at din kirke aldri sover! Mens jorden ruller uten stans, Ditt folk i vekselsang deg lover for nattens ro og dagens glans. Se, over hav og land og øyer en dag går fram i ubrutt ring, Og folkene på rad seg bøyer i takk for alltid nye ting. Den sol som vinker oss til hvile, nå vigsler andres arbeidsdag, Og slik den stund for stund skal smile til nye land og folkeslag. Vær lovet, Gud! Ditt herrevelde skal dekke hver en plett på jord, Og vidt og fritt det skal få gjelde at du, og bare du, er stor!

T John Ellerton, O Johannes Smemo, M C.C. Scholefield

Page 5: DEN INTERNASJONALE KVINNEBØNEDAGEN 1.Mars 2019 · Eg bur på landsbygda i lag med familien min.Vi lever alle på den vesle pensjonen min, som er familien si einaste inntekt., Vi

5

Hjarteleg takk for gåva til prosjektet Surinam 2018 «All Guds gjerning er god» kr 325 000 I år går gåva til prosjektet Slovenia «Kom, for no er alt ferdig».

Bibelselskapet i Slovenia startar eit prosjekt der Bibelen blir eit sentralt

hjelpemiddel i prosessen med å lækja traume og fornye relasjonen mellom såra

menneske og Gud.

I Slovenia slit mange med traume og depresjon etter forhold som har hatt negativ innverknad

på både individ og samfunn: alkoholisme, rusmisbruk, vald i familien, skilsmål, sjølvmord og

traume etter krig og politisk uvisse. Kvinnene er særleg utsette.

Mål:

Å utdanne 20 – 30 personar som kan leggja til rette og driva sine eigne traumegrupper

ulike stader i Slovenia. Mange av deltakarane vil vera kvinner som sjølv har indre sår

og problem.

Å omsetja materiell til slovensk.

Visjon: Å vera eit samlingspunkt for ulike kyrkjer, grupper og organisasjonar og å næra og

styrkja gode kyrkjelege relasjonar på mange ulike område.

Liturgiteksten er omsett til norsk av Mona og Anfinn Kolberg. Vil du tinga ekstra materiell? Ta kontakt med Bibelselskapet tlf 479 76 472. Plakatar med logo og illustrasjon samt anna materiell kan de lasta ned frå https://bonnedag.wordpress.com/ Har du spørsmål? Kontakt Karin Holt tlf 958 81 521 eller epost: [email protected] Komiteen bed om at det blir teke opp ein kollekt til årets prosjekt. Kollekten sender de til Bibelselskapet, bankgjevo 3000 16 16869. Adresse: Bibelselskapet, postboks 6624 St. Olavs plass, 0129 Oslo Trykt på miljøvenleg papir. Komiteen: Reidun Ask, Mona Kolberg, Ragnhild Hypher, Ida Karin Eide, Kari Opsjøn, Liv Guntvedt, Mari Eikli og Karin Holt

For meir informasjon ta kontakt med World Day of Prayer International Committee

475 Riverside Drive Room 729. New York, NY. 10115. USA

[email protected] - http://worlddayofprayer.net