23

Det var DDR

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land

Citation preview

Page 1: Det var DDR
Page 2: Det var DDR

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 1

Page 3: Det var DDR

Astrid Sverresdotter Dypvik

Det var DDRForteljingar om eit nedlagt land

SamlagetOslo

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 3

Page 4: Det var DDR

Innhald

Forord 71 Operasjon virus 92 Tre forteljingar om eit land som ikkje lenger finst 263 Redningsmannen 344 Mario Rölligs tre liv 475 Ei anna sanning om DDR 596 Lothar de Maizières smil 747 Dei nye meneska 828 Ei sosialistisk innstilling til livet 1049 Ingenting å angre på 122

10 Døden i arkivet 13811 Det som er att 15512 Jochen og Jürgen 17013 I blindsona 18514 Dei som stal historia 198

Notar 208Litteratur og kjelder 211Takk 218

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 5

Page 5: Det var DDR

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 6

Page 6: Det var DDR

Forord

23. august 1990 vedtok DDRs parlament å leggje ned lan-det. 3. oktober var dagen då det skjedde. DDR vart lagt nedog Tyskland samla igjen.

Det var enden på DDRs statssosialisme. Det var sluttenfor samfunnet som hadde bygt Berlinmuren og Stasi. Detvar også slutten for eit samfunn utan arbeidsløyse. Alt dettegjekk inn i historia, men det gjekk ikkje inn i det nye Tysk-lands historie. Det høyrde til i historia om eit anna land,DDR.

Samlinga skjedde ikkje utan protestar og motførestel-lingar. Heller ikkje i dag, så mange år seinare, er tyskaraneblitt einige om kva DDR var, eller kva avgjerda om å avviklelandet DDR har hatt å seie. Tyskland er på mange vis fram-leis eit delt land. Det finst svært mange ulike vurderingar avkva som er verdt å minnast for ettertida. Tyskland er langt fråferdig med å forhandle om kva DDR eigentleg var.

Denne boka byr på forteljingar om det som er att etterDDR. I boka møter lesaren nokre av dei som ønskjer åpåverke landet DDRs ettermæle. Det er folk med merke-lege, opprørande og triste historier. Det er folk med klareoppfatningar og sterk overtyding. Dei er svært ulike. Mendei har noko til felles. Alle har levd i det landet som ikkjefinst lenger, og alle har sine ting som dei vil skal bli hugsa iden store forteljinga om DDR.

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 7

Page 7: Det var DDR

1 Operasjon virus

Den lyshåra kvinna som sit på andre sida av kafébordet,verkar så forunderleg sart. Ho er slett ikkje slik eg haddeførestelt meg. Smilet då ho strekte fram handa og sa: «Eg erVera Lengsfeld», verka nesten sjenert. Handtrykket var sålett, så lett. Ho er lita og tynn. Den litt spisse stemma hennargir eit skjørt inntrykk.

– Då DDR forsvann, starta ein kamp om historia. Det erden kampen eg kjempar no. Eg kjempar mot alle dei somseier at «det var jo ikkje så gale». For det var det, seier ho. Hoser alvorleg på meg, insisterande. Etter kvart som ho snak-kar, verkar ho meir som den dama eg hadde venta å møte,energisk og svært bestemt.

– Folk har ikkje forstått at det var eit diktatur. Dei for-står ikkje kva eit diktatur eigentleg er. Det var ikkje eit mildtdiktatur, eit kosediktatur. Det var eit stramt og autoritærtdiktatur, seier ho og klaskar handa lett i bordet for å under-streke poenget.

Historia om Vera Lengsfeld og ektemannen hennar, KnudWollenberger, er ei historie om det som heldt DDR-verda ihop. DDR var ein stat som ville vite alt. Vera Lengsfeld varei kvinne som var særskilt interessant for Stasi. Knud Wol-lenberger leverte jamleg rapportar om henne. DDR var einstat der privatliv reint prinsipielt vart rekna som noko

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 9

Page 8: Det var DDR

suspekt. Om ein ville halde noko hemmeleg, så var det velfordi ein hadde noko å skjule. Sviket, eller meir presist,ideen om sviket, er heilt grunnleggjande i historia omDDR. Statens stadige jag etter å avsløre svikarar og avvikgjorde DDR til eit land der eit kva som helst svik var mog-leg. Å vere lojal mot staten føresette svik i privatlivet. Vissein fekk nyss om at nokon planla noko eller tenkte tankarsom politiet eller partiet kunne ha interesse av å vite om,måtte ein velje side: staten eller familie og vener. I DDRvalde mange staten. På slutten av 1980-talet var 175.000DDR-borgarar informantar for Stasi.1 Det gjorde DDR tildet mest gjennomkontrollerte samfunnet i austblokka.Ingen var utanfor mistanke. Mistrua til privatliv strekte seginn i dei øvste partikrinsane. Kommunistkadrane var deisom vart aller strengast overvaka.

Slik Stasi såg det, fanst sviket overalt, og der det ikkje fanst,kunne dei finne det likevel. I dag vitnar det enorme arkivetetter Stasi om overvakingssystemet i DDR. I kjølige kjellar-rom rundt om i heile det tidlegare DDR står hylle på hyllemed nitid ført dokumentasjon. I desse hyllene finst rapportarfrå foreldre som tysta på barna sine, brør som sveik kvarandre,og vener som spionerte på vener. Ein finn også dei rapportaneVera Lengsfelds eksmann, Knud Wollenberger, leverte tilføringsoffiseren sin. I ein av rapportane fortel han om dendåverande kona si at «familien betyr alt for henne, særlegbarna». Vera og Knud Wollenberger fekk to barn saman. Dådei gifta seg, hadde han vore informant for Stasi i ni år.

På slutten av 1980-talet rekna Stasi Vera Lengsfeld som einav dei 60 farlegaste personane i landet. I eit internt notatvart ho karakterisert som ein «fanatisk og uboteleg fiende avsosialismen». Men det var lite i Vera Lengsfelds oppvekst

10 / Det var DDR

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 10

Page 9: Det var DDR

som peika fram mot at ho skulle hamne på lista over DDR-statens verste fiendar. Ho er fødd i 1952 og voks opp i detsom i DDR heitte «ein god sosialistisk heim». Faren varStasi-offiser, mora var lærar. Begge elska landet sitt. Dei for-talde dotter si at DDR var den beste staten i verda fordi deihadde sosialisme. Dei sa at DDR var ein rettvis og moralskhøgverdig stat, utan undertrykking, utan korrupsjon ogutan maktmisbruk. Vera Lengsfeld spøker med at det varforeldra som gjorde henne opposisjonell. Ho trudde nem-leg på det ho fekk høyre. Det skapte ei stor fallhøgd for detreelt eksisterande landet.

– Viss dei ikkje hadde gitt meg slike forventningar til lan-det, så hadde eg heller ikkje blitt så skuffa, seier ho og ler litt.

Sjølv meiner ho at kvelden 30. april 1968 var avgjerande forkven ho valde å bli som vaksen. Ho var 16 år gamal. Det varein varm vårkveld, og ho gjekk gatelangs i Aust-Berlinsaman med Moran. Han var ein oppsiktsvekkjande kjekkgut med mørke auge og skinande svart hår. Godt kledd varhan også, med sine vestlege blå dongeribukser av det slagetsom alle i Aust-Berlin trakta etter, og som ingen fekk tak i.Moran var ein slik som folk snudde seg etter på gata. Hanvar Vera Lengsfelds første kjærleik og son av ein diplomatved den jugoslaviske ambassaden. Det var seint. Vera ogMoran skulle akkurat til å seie god natt då ein kvit og grønpolitibil stoppa og bad det unge paret om legitimasjon.Moran tok passet sitt ut av lomma og fekk eit surt geip tilsvar då politimannen forstod at han var utanlandsk stats-borgar. Vera hadde ingenting å vise fram. Ho hadde lateveska bli liggjande att heime denne lyse kvelden. Dermedvart ho kommandert inn i politibilen. Ho måtte bli med påstasjonen «for å oppklare saka». Der vart det murring og

1 Operasjon virus / 11

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 11

Page 10: Det var DDR

hovudristing då ho sa adressa si. Ho budde nemleg på eisåkalla sperra adresse. På slike adresser budde berre politi ogmilitærpersonell, slike som bar våpen i tenesta. Ein politi-mann køyrde henne heim. Han sa ingenting til henne iløpet av turen, men han følgde med heilt til ytterdøra. Derpressa han fingeren hardt mot ringeklokka. Vera Lengsfeldsfar opna, kledd i pyjamas. Han såg trøytt ut. «Kamerat major,vi fann dotter di ute på gata saman med eit kapitalistisk ele-ment,» sa politimannen. Han la til at Jugoslavia er «så godtsom eit kapitalistisk land». Før han gjekk, høyrde Vera at hansa: «Viss dette skjer igjen, vil det få konsekvensar.» Ho for-stod at trugsmålet ikkje gjaldt henne. Det gjaldt faren. Verasnudde seg mot far sin. I ansiktet hans såg ho noko ho aldritidlegare hadde sett. Han var redd.

Denne kvelden vart byrjinga på slutten av ei kjærleiks-historie. Den gav også mykje å tenkje på: faren som vartredd, at politiet berre kunne buse inn på denne måten, mis-tilliten mot Morans familie. Ho kunne ikkje skjønne kvardenne mistrua kom ifrå.

Foreldra til Moran hadde begge vore Tito-partisanarunder krigen.

– Familien var sosialistar, dei var krigsheltar, og så skulleikkje eg få lov til å vere i lag med dei, spør ho ut i lufta, somom svaret på spørsmålet framleis opprører henne.

Tre månader etter turen på politistasjonen fekk ho meirå tenkje på. 21 august 1968 invaderte Sovjet Tsjekkoslovakiafor å slå ned Praha-våren.

1981 var første gongen ho gjekk ope ut. Då var ho 29 år. Hoskreiv under på eit opprop mot sensur av forfattarar. Opp-ropet vart sendt til pressa både i aust og vest. DDR-pressanemnde sjølvsagt ingenting om protesten. Heller ikkje den

12 / Det var DDR

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 12

Page 11: Det var DDR

vesttyske pressa viste særleg interesse. Det var rettnok einopen protest, noko som var uvanleg i DDR, og det handlaom sensur og kjende forfattarar. Men namna på dei somhadde skrive under, var ukjende, og ikkje var dei særlegmange heller.

Fram til ho sette namnetrekket sitt på protestbrevet,hadde Vera Lengsfeld prøvd å tilpasse seg, om enn stadigmeir motvillig. Som 20-åring gjekk ho inn i partiet. Ho stu-derte filosofi ved Humboldtuniversitetet. Sidan fekk hojobb i Akademie der Wissenschaften, vitskapsakademietsom også var landets fremste forskingsinstitusjon. På over-flata kunne det gjennom heile 1970-talet sjå ut til at ho varblitt den mønsterborgaren foreldra hadde oppdratt hennetil å bli. Men ho levde eit hemmeleg liv. Ho hadde kontaktmed utlendingar frå kapitalistiske land og med dissidentar,ho las forboden litteratur og planla å rømme frå landet. Dåho skreiv under på oppropet, visste ho at det ikkje varnokon veg tilbake. Namnet hennar var ute og ville ganskesnart hamne på diverse lister over regimekritikarar.

– Eg hadde ei underleg kjensle då eg skreiv under. Eg varredd, samstundes var eg heilt sikker på at dette skulle eggjere. Akkurat denne kjensla hadde eg med meg heilt tilmuren fall, seier ho.

I dag seier ho at det som fekk henne til å protestere, varat ho var ein tillitsfull person. Ho trudde at det var vits i åkrevje reformer, og at ein kunne oppnå noko gjennom åprotestere. Det ho ville, var likevel noko heilt anna enn detStasi trudde at ho ville. Ho tenkte aldri på at regjeringaskulle styrtast, eller at landet skulle oppløysast.

– Eg ville berre arbeide for å få litt meir rom, litt meirfridom. Eg ville gjere DDR til ein litt meir menneskelegstat, seier ho.

1 Operasjon virus / 13

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 13

Page 12: Det var DDR

Ho tenkte grundig gjennom kva det å stå fram som eindissident ville få å seie for henne personleg, før ho skreivunder.

– Eg tenkte at eg visste kva eg gav meg ut på. Eg visste ateg kom til å miste jobben. Men eg hadde spart nokre pengar,og eg hadde uansett tenkt å forlate landet om ikkje så lenge.Eg planla å leve av sparepengane mine fram til eg kunne reise.

Planen om å flykte gjekk i vasken. Vera vart verande.Men ho hadde kalkulert rett. Ho mista jobben i vitskaps-akademiet. Men ho var likevel heldig, for ho fekk ein nyjobb kort tid etter. Denne gongen som redaktør i eit forlagsom gav ut barne- og ungdomslitteratur.

Knud Wollenberger var matematikar og jobba for Verasgamle arbeidsgivar, vitskapsakademiet. Nett slik Vera haddegjort. Han var også ein annleistenkjande, han sa iallfall athan var det. Vera møtte han på sommarferie på øya Rügeni Austersjøen. Ho elska han frå første stund. Han sa at hanelska henne. Berre nokre korte veker etter at dei møttest,vart dei sambuarar. Før året 1981 var omme, gifta dei seg. I1982 vart sonen Jacob fødd. I 1984 kom Jonas.

Veras nye mann var dansk, passet hans var iallfall dansk.Mor hans òg. Han vart fødd i København i 1952, det sameåret som Vera. Den berømte hjarteforskaren Albert Wollen-berger var far hans. Albert Wollenberger er særleg kjend forå ha utvikla ein revolusjonerande teknikk for lynrask ned-kjøling av hjartevev. The Wollenberger clamp, som var detnamnet teknikken vart kjend under, vart teken i bruk i forsk-ingslaboratorium over heile verda. Albert Wollenbergerspublikasjon om rask nedkjøling av hjartevev frå 1960 vartdet mest siterte vitskaplege arbeidet frå ein DDR-forskarnokon gong.

14 / Det var DDR

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 14

Page 13: Det var DDR

Albert Wollenberger hadde ein omflakkande vitskaplegkarriere. Han var jøde og kommunist, difor rømte han fråTyskland då Hitler tok makta i 1933. Den medisinskeutdanninga si tok han ved Harvard. Etter krigen var det for-følginga av kommunistar som fekk han til å gi opp USA tilfordel for Skandinavia. Då han valde å busetje seg medfamilien i DDR, vekte det internasjonal oppsikt. DDR-regimet rekna det som ein propagandasiger. Difor såg deigjennom fingrane med at kona hans nekta å bli underlagtdei same reiserestriksjonane som styrte vanlege DDR-bor-garar sine liv. Ho heldt fast på det danske passet sitt, og hoinsisterte på at også vesle Knud måtte få halde på den dan-ske statsborgarskapen sin.

Både den berømte faren og den danske mora er viktigfor å forstå Knud Wollenberger. Alt som barn må han hahatt ei kjensle av å vere noko for seg sjølv. Dei reglane somgjaldt for andre i DDR, gjaldt ikkje for han. Ulikt denjamne DDR-borgar kunne han reise akkurat dit han ville,til Danmark, til Vest-Tyskland, ja, til og med til USA. Detdanske passet var nøkkelen. Den berømte faren gav hankontaktar og innpass over heile verda. Det var også reise-verksemda, og dei mange høgtståande internasjonale kon-taktane, som gjorde at Stasi i første omgang fatta interessefor Knud Wollenberger. Tryggingspolitet ville ha opplys-ningar om reisene og dei utanlandske omgangsvenene hans.Knud Wollenberger stilte seg til disposisjon. I 1972, tjue årgamal, skreiv han under på ei erklæring der han forpliktaseg til å bli informant for Stasi. I kartoteket til tryggings-politiet fekk han dekknamnet IM Donald.2

Ekteparet Vera og KnudWollenberger vart kampfellar i bor-garrettsrørsla. Ho i fremste rekkje, energisk, synleg og vel-formulert. Han litt i bakgrunnen, men alltid med. Engasje-

1 Operasjon virus / 15

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 15

Page 14: Det var DDR

mentet deira såg ut til å vere ustoppeleg. Det aller mestegjekk føre seg i og rundt kyrkja i Berlin-bydelen Pankow.Kyrkja var sjølve ryggrada i demokratikampen i DDR. Somden einaste institusjonen i landet med ein viss grad av sjølv-stende trekte kyrkja dei såkalla annleistenkjande til seg. Omdet var anarkistar, pasifistar, demokratar eller reformkom-munistar, alle fann plass i kyrkja. Gruppa til Vera og KnudWollenberger, den såkalla Fredskrinsen i Pankow, er ei av deimest segnomsuste demokratigruppene i DDR. Dei bruktedet vesle spelerommet som fanst i DDR, til å arrangere dis-kusjonskveldar om emne som miljøvern, fred og bibelhisto-rie, publisere tekstar og delta i offentlege markeringar. Deibrukte aldri slagord om demokrati eller ytringsfridom. Mendet dei gjorde, var nok til at gruppa vart peika ut som einpotensielt svært farleg statsfiende.

Stasi var ein del av kvardagen for folk i fredsgruppa. Nær-været deira var inga hemmelegheit. Det var ope og synleg.Ofte troppa Stasi-folk opp på møte i kyrkja. Gutane frå Stasivar lette å kjenne att, fortel Vera. Dei var alltid kortklypte oghadde kroppar som fortalde om harde økter på styrkerom.Dei brukte alltid skjorter med nystrokne, stive snippar. I til-legg var dei i overkant presise. Om det var annonsert atmøtet skulle byrje klokka 1900, stod dei og trippa utanforkyrkja alt klokka 1850. Dei klarte aldri å venne seg til at detaldri skjedde noko før ein halv time etter det annonsertestarttidspunktet. Dei kunne ikkje ha vore meir forskjelligefrå aktivistane i fredsgruppa. Dei føretrekte lurvete dongeri,lett krøllete skjorter og bustete frisyrar. Aktivistane var meirinteresserte i sigarettar enn i styrketrening.

Stasi-gutane valde ulik strategi. Nokre gonger sa deiingenting. Dei berre sat heilt stille og skapte ei guffen stem-ning. Andre gonger kverulerte og krangla dei om kvar min-

16 / Det var DDR

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 16

Page 15: Det var DDR

ste detalj, på dagsorden, møtestyring, på det møtedeltakar-ane sa, eller klaga på kaffien. Slik klarte dei å hindre gruppai å gjere det dei var komne for å gjere. Stasi markerte tyde-leg at dei følgde med på kva som føregjekk i familien Wol-lenberger. Nokre gonger kunne det stå tre parkerte bilarutanfor bygardsleilegheita. I kvar bil sat Stasi-menn ogskulte mot døropninga. Dei sat der utan å gjere noko forsøkpå å skjule seg. Vera fortel at familien ofte lo litt av over-vakarane som heldt til utanfor huset. Var dei verkeleg sådumme at dette var måten dei dreiv overvaking på? Einhaustkveld då ho hadde huset fullt av gjester, bestemte Veraseg for å spele dei eit lite puss. Ho gjekk ut i den mørke gatamed kaffikanne og koppar. Så gjekk ho bort til den fremstebilen, banka på vindauget og spurde mannen som sat bakrattet om han ville ha ein kopp.

– Eg sa til dei at det måtte jo vere litt trist å sitje der utei mørket i time etter time, medan vi sat inne og hygga ossmed kaffi og kaker. Å latterleggjere dei var ein av strategianevåre for å takle det, fortel ho.

Mannen i trabanten vart synleg pinleg berørt over tilbo-det om kaffi. Han svarte raskt nei takk, før han rulla oppvindauget. Ho lo for seg sjølv då ho nokre sekund seinaregjekk inn døra i bygarden medan ho høyrde lyden av tretrabantar som sette i gang motoren for så å sakte køyre utfrå gata hennar.

Stasis usynlege nærvær var meir uhyggeleg. Vera hugsar einvårdag midt på 1980-talet. Det var ein solskinsdag. Ho gjekkut på føremiddagen for å sjå til bikubane sine. Honningpro-duksjon var noko familien Wollenberger hadde sett i gangfordi Vera i 1984 på nytt mista jobben. Denne gongen følgdeeit yrkesforbod i kjølvatnet. Det var ikkje mogleg å få nokon

1 Operasjon virus / 17

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 17

Page 16: Det var DDR

ny jobb som svarte til utdanninga hennar. I staden for å bliskorsteinsfeiar eller lagermedarbeidar valde Vera å melde segopp som teologistudent. Birøkta byrja ho med for å tene littpengar til familien. Denne spesielle føremiddagen var ein lyssolskinsdag. Etter at ho hadde sett til biene, møtte ho ekte-mannen. Dei åt nistepakkane sine saman ute i sola. Då hokom heim att, fann ho ytterdøra open. Inne i stova varmøblar velta og skap opna. Men det verste var arbeidsrom-met. Bøkene var tekne ut av hylla og låg slengde rundt irommet. Skuffer var opna og innhaldet kasta utover golvet.Då ho såg nærare etter, viste det seg at ingen verdisakermangla. Ho sakna ikkje ein einaste liten lapp med notat. Hospurde naboane, men ingen hadde sett noko.

Innbrotet i leilegheita høyrde til nivå 2 av Stasi-overva-kinga. Det var ein del av Stasis subtile psykiske terror. Samanmed oppmøtet i kyrkja og bilane utanfor leilegheita var inn-brotet ein del av ein større plan. Planen var klekt ut av toStasi-oberstar, ein oberstløytnant og ein major. Tiltakspla-nen for fredsgruppa hadde namnet Operasjon hyklarar. Stasi-mennene hadde også laga ein eigen plan som berre handlaom Vera. Den hadde opphavsmennene døypt Operasjonvirus. Tanken bak Operasjon hyklarar og Operasjon virusvar den same. Den eller dei som var målet for planane, skullegjerast usikre på seg sjølve. Omdømmet deira skulle svertast,og dei skulle systematisk tilførast nederlag både i privatlivetog på jobben. Slik skulle medlemmene i fredsgruppa gjerasteinsame, isolerte og fulle av mistillit. Målet var at dei skullegrave seg ned i sine eigne problem heller enn å springe rundtog snakke politikk. Vera var ikkje den einaste i gruppa somStasi vigde ein eigen tiltaksplan til. Det vart laga ein eigenplan for kvar einskild gruppemedlem. Planane hadde namnsom Operasjon svindlar og Operasjon svikar. I dei individuelle

18 / Det var DDR

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 18

Page 17: Det var DDR

tiltaksplanane analyserte Stasi styrkar og svakheiter hos denovervakte. Dei laga lister over sårbare punkt hos den ein-skilde, så prøvde dei å finne tiltak som ramma akkurat derdet gjorde mest vondt. Den viktigaste leverandøren av bak-grunnsmateriale for Operasjon virus var ein viss IMDonald.Men alt dette fann Vera først ut i 1992, då ho las gjennom sieiga Stasi-mappe.

Alle dei som vart ramma av det, merka verknaden av Opera-sjon hyklarar og alle dei andre små sideoperasjonane, sjølvom dei ikkje visste at det var det dei vart utsette for. Dei mistajobbar, fekk yrkesforbod og vart vane med å høyre dei villasterykte om seg sjølve. Rykta kunne handle om utruskap, alko-holisme og andre lite flatterande ting. Eit rykte som stadiggjekk innetter i Fredskrinsen, var at ein av dei i hemmelegheitvar informant for Stasi. Ei stund var mistanken retta motVera, ein annan gong mot ei av dei nære veninnene hennar.Mistilliten blømde mellom gruppemedlemmene.

Tidleg om morgonen 17. januar 1988 vart Vera Lengsfeldarrestert. Dette var dagen for den årlege minnemarsjen forRosa Luxemburg og Karl Liebknecht.

Luxemburg og Liebknecht grunnla det tyske kommu-nistpartiet 1. januar 1919. 15 dagar seinare vart dei drepne avparamilitære troppar etter det såkalla spartakistopprøret, eitmislukka forsøk på ein tysk sosialistisk revolusjon. I DDRvart Luxemburg og Liebknecht dyrka som martyrar forarbeidarrørsla og æra med ein årleg minnemarsj. VeraLengsfeld og hennar kumpanar hadde ein hemmeleg planfor dagen. Dei ville bruke Luxemburgs eigne ord mot kom-munistpartiet. Difor hadde dei fått laga eit banner med eitsitat av Rosa Luxemburg på. Teksten var: «Fridom er alltid

1 Operasjon virus / 19

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 19

Page 18: Det var DDR

fridommen til den annleistenkjande.» Ho rakk aldri å rulleut det banneret. Ho vart hanka inn av Stasi då ho var på vegbort til demonstrasjonen.

Stasi hadde sine eigne store planar for denne dagen. Deiplanla det dei kalla ein halshoggingsaksjon. Det store trollet,altså opposisjonen, skulle miste hovudet. Planen var å arres-tere alle leiande borgarrettsaktivistar i Berlin på same dag ogtruge dei med lange fengselsstraffer om dei nekta å bli sendeut av landet. Når resten av opposisjonen såg korleis leiar-figurane deira ein etter ein svikta kampen og reiste vestover,skulle dei miste motet. Det endelege resultatet av den storehalshogginga skulle vere at opposisjonen blødde ut, tørkainn og forsvann.

Slik gjekk det ikkje. Arrestasjonane vart i staden opp-takta til det mest omfattande opprøret i DDR på fleire tiår.I meir enn 30 byar vart det halde støttemarkeringar og guds-tenester for dei arresterte. Kveld etter kveld møtte aktivistaropp på torg og i kyrkjer for å protestere. Stasi hadde likevelkalkulert rett på enkelte punkt. Dei arresterte gav etter, einetter ein. Dei skreiv under på at dei var villige til å forlatelandet. Vera Lengsfeld var den seigaste.

Medan ho sat fengsla, brukte KnudWollenberger all denautoriteten han hadde i kraft av å vere ektemannen hennar,til å motarbeide støttedemonstrasjonane. Han sa at Veraoppmoda alle til å halde seg heime for å unngå å setje segsjølve i fare. Vera sjølv visste ingenting om det som skjeddeutanfor fengselscella. Ho sat i isolasjonsarrest og fekk berrevite det Stasi og ektemannen fortalde henne. Etter 30 dagargav ho etter. Då reiste ho til Storbritannia. Cambridge vartden nye heimen hennar, der heldt ho fram med teologistu-dia sine. Styresmaktene i DDR nekta henne innreise heiltfram til morgonen den 9. november 1989.

20 / Det var DDR

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 20

Page 19: Det var DDR

Det var ein oktobersøndag i 1991 at ho fekk den første tele-fonen om Knud. Det var ein kald, klar dag. Ei gyllen solhang åleine over ein lysande blå hausthimmel. Knud og deito barna var ute i hagen og raka lauv. Vera var inne for åordne med nokre papir. Ho var helgependlar på denne tida.Det var berre nokre timar att til ho skulle vende tilbake tildet andre livet sitt, som forbundsdagsrepresentant i Bonn.3

Stemma i den andre enden av telefonen gjekk rett på sak.«Det blir sagt at Knud tysta til Stasi.»

Året 1991 var ei blømingstid for rykte og spekulasjonar.Alle frå DDR visste kven som hadde vore medlem i partiet,kven som hadde vore glødande kommunistar, og kven somhadde vore borgarrettsaktivistar. Men alle visste også at dethadde vore mange falskspelarar, og alle var nysgjerrige påkven dei var. Jakta på dei skinheilage med skjelett i skapetog lik i kjellaren var i full gang. Historiene om kven somhadde sagt kva til kven når, verserte over heile Tyskland.Felles for dei aller fleste historiene var at det sjeldan fanstsikre bevis for det som vart sagt. Det var som regel ord motord. Då ho fekk høyre ryktet om Knud, bestemte Vera segfor å finne ut kvar orda kom frå. Mannen i den andre endenav telefonen fortalde kven som var kjelda til historia. Verakontakta ryktespreiaren, men han ville ikkje svare på kvarhan hadde opplysningane frå. Om hovudet til ryktet omKnud ikkje var til å lokalisere, hadde det likevel ein langhale.

I vekene som kom, fekk ho høyre om Knud og Stasiigjen og igjen, historia kom i stadig nye versjonar.

Til slutt konfronterte ho ektemannen. Han nekta.– Eg sa at eg kom til å få vite det uansett. Eg hadde ein

avtale med Stasi-arkivet i januar året etter om at eg skulle fålese gjennom mappa mi. Men han nekta framleis. Det var

1 Operasjon virus / 21

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 21

Page 20: Det var DDR

det verste, at han ikkje eingong då kunne tilstå, seier ho ogristar på hovudet.

2. januar 1992 fekk Vera Lengsfeld innblikk i Knudshemmelege liv, rapportane frå IM Donald. På denne kaldejanuardagen møtte ho opp på lesesalen til Stasi-arkivet iBerlin. Lokalet såg ut som eit klasserom frå 1970-talet, medgule linoleumsgolv og små pultar plasserte rad på rad. Derinne venta eit berg av dokument på Vera.

Nokre veker tidlegare hadde forteljinga om Knud Wol-lenbergers Stasi-kontaktar blitt fortald på framsida av deifleste tyske avisene. Kjelda til historia var ein av Knud Wol-lenbergers tidlegare føringsoffiserar. Det herska liten tvil omat den gamle Stasi-mannen snakka sant. Vera bestemte segstraks for at ekteskapet var over. Ti års samliv var med eittblitt til ein sensasjonell alltysk familietragedie. Difor stodein heil liten hær av journalistar utanfor lesesalen og ventapå henne. Dei tørsta etter hjarte, smerte og blod. Doku-mentberget framfor henne fjerna all tvil om at Knud haddevore informant. Han var den einaste moglege kjelda tilsvært mange av opplysningane Stasi hadde om henne. Deninformasjonen han gav til oppdragsgivarane sine, ville tru-leg ha vore nok til å fengsle henne for fleire år, viss ho haddeblitt dømd for det. Artiklane frå journalistane som ventautanfor arkivet denne dagen, fortel om ei fortvila kvinne.«Eg kan ikkje forstå at nokon som var ein så god og kjærlegfar, kan skrive slike rapportar,» gjentok ho fleire gonger tildei frammøtte og ivrig noterande pressefolka.

KnudWollenberger verkar som ein person som klarte å levemerkverdig harmonisk med det som for andre framstår somhimmelropande sjølvmotseiingar. I alle år har han nekta forat han gifta seg for å tyste på kona si. Det verkar sannsyn-

22 / Det var DDR

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 22

Page 21: Det var DDR

leg. Dei to møttest i 1981, då Vera berre var ein av mangesmåkritiske DDR-intellektuelle. Han gifta seg med hennefør Fredskrinsen, og før Stasi kategoriserte henne som einav landets mest farlege personar. I dei første åra etter at deito møttest, hadde Knud lite kontakt med Stasi. I 1984 endradet seg. Då vart han einig med oppdragsgivaren i at hanskulle bidra til «ytterlegare oppklaring» om kona si. Dåhadde dei vore gifte i tre år. I dei få intervjua han har gittom informantverksemda si, hevdar han at han informerteom Vera for å beskytte henne. Gjennom å fortelje ville hanvite kva Stasi visste, og han ville også vite kva ho burdebeskytte seg mot.

Han har også fortalt at grunnen til at han kunne vere såaktiv i borgarrettsrørsla samstundes som han jobba forStasi, var at han ikkje trong å late som. Han var einig i allkritikken dei opposisjonelle retta mot staten. Han villegjerne at landet skulle endre seg, men han ville ikkje endredet så mykje. Han ville ha DDR, og han ville ha landetstryggingspoliti. Han seier at han aldri vart sett under presspå noko vis. Han gjorde det han gjorde fordi han hadde lyst.Han var sin eigen herre og «stod aldri under kommando avnokon», sa han i eit intervju. Den fransk-bulgarske filo-sofen Tzvetan Todorov hevdar at tankar som dette er nokoav det farlegaste arvegodset etter den totalitære sosialismen.I eit samfunn der staten hevdar å sitje med svaret på allespørsmål om godt og vondt, rett og feil, og innbyggjaraneheile tida blir pressa til å vise støtte til statens ideologi, blirinnbyggjarane tvinga til å underkaste seg statens verdisett.Iallfall tilsynelatande. Svaret for mange blir å operere medeit skilje mellom det ein tenkjer og det ein gjer. Dei utvik-lar dermed ein illusjon om at det ein gjer, ikkje spelar nokarolle for kven ein er. Følgja av dette er det Todorov kallar

1 Operasjon virus / 23

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 23

Page 22: Det var DDR

ein schizofreni på samfunnsnivå. Staten er vinnaren. Hanoppnår kontroll med kva borgarane gjer. Samstundes svevarborgarane i ein illusjon om at det ikkje spelar noka rolle atstaten kontrollerer handlingane deira, fordi det eigentlegberre er tankane som tel.

Knud Wollenberger har fortalt at han såg på seg sjølvsom ein formidlar, ein som skulle sørgje for dialog mellomborgarrettsrørsla og Stasi. Han ville vise Stasi at dei kunneha tillit til borgarrettsaktivistane. «Eg ville vise dei at detikkje var noko å vere redd for.»

Dei gamle venene frå borgarrettsrørsla såg ikkje på hansom nokon formidlar. Dei kalla han ein svikar. Dei haddejo ikkje gitt Knud Wollenberger noko mandat til å føredialog på vegner av borgarrettsrørsla. Historikarar som hararbeidd med Stasi, slik som Jens Gieseke, påpeikar at Stasiikkje dreiv med dialogar. Dei dreiv med monologar. Detvar berre informantane som røpte hemmelegheiter. Tillitvar også eit einvegsfenomen. I Stasis rettleiingsbok fortenesta stod det at tillit var noko føringsoffiseren måtte sør-gje for å byggje hos informanten. Føringsoffiseren skullederimot på ingen måte ha tillit til informanten. Han måttealltid sjekke. Snakka informanten sant? Kunne han haandre grunnar til å seie det han sa? Fanst det andre, mot-stridande opplysningar om same tema frå andre kjelder?Tillit hos Stasi var hierarkisk organisert. Dei som stodnedst i hierarkiet, skulle ha tillit til dei som stod over dei,aldri omvendt.

Som 20-åring var Vera Lengsfeld medlem av kommunist-partiet. Då muren fall, melde ho seg inn i partiet DeiGrøne. I 1996 melde ho seg ut att fordi Dei Grøne villesamarbeide med DDRs tidlegare kommunistparti, som no

24 / Det var DDR

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 24

Page 23: Det var DDR

hadde bytt namn til PDS. Vera var godt inne i sin andreperiode som forbundsdagsrepresentant då det skjedde.

– Eg hadde brukt nesten heile livet mitt på å kjempemot kommunistane. No skulle vi plutseleg samarbeide meddei? For meg kom det ikkje på tale. Det var heilt uaktuelt,seier ho.

Utmeldinga var spektakulær. I staden for å halde framsom uavhengig representant gjekk Vera og to andre partifel-lar inn i fraksjonen til det kristenkonservative partiet CDU.Omsett til norske politiske forhold blir det som åmelde over-gang frå SV til Høgre. Det er slikt ein berre ikkje gjer.

To år seinare vart ho attvald til forbundsdagen. Dengongen som representant for CDU.

Vera Lengsfeld seier at ho har tilgitt eksmannen sin. Menho har på ingen måte tilgitt DDR. I dag er politikarkarri-eren over. Ho lever av å vere forfattar, føredragshaldar ogaktivist. Emnet hennar er alltid DDR.

Ho har sett seg føre å vere med på å skrive landets etter-mæle. På 1980-talet rekna Stasi Vera Lengsfeld som ein avDDRs farlegaste fiendar. Meir enn 20 år etter at staten vartoppløyst, kan det sjå ut til at ho framleis er akkurat det.

1 Operasjon virus / 25

DDR ferdig.qxd:DDR 1 korr.qxd 21-08-12 09:44 Side 25