14
SAMLAGET jon severud ei gjenreise ferdaminne etter A. O. vinje

Ei gjenreise ferdig

Embed Size (px)

DESCRIPTION

ei gjenreise ferdaminne etter A. O. vinje SA M L AGET Kristiania Orkla Hundorp Sollia R a u m a Torvika Batnfjordøra Hamar Lillehammer Molde Kongsvinger Stor- Elvdal Orkanger Elverum Odalen Charlottenberg Rena Dovre Kristiansund Vestnes Frøya Grue Åndalsnes Ålesund Steinkjer Grut Berkåk L å g e n Eidsvoll Folldal Lesja Stjørdal Sel Vågå ferdaminne etter a.o. vinje Det Norske Samlaget Oslo Jon Severud

Citation preview

Page 1: Ei gjenreise ferdig

SAMLAGET

jonseverud

ei gjenreiseferdaminne etter A. O. vinje

jon

sever

ud

ei gjen

reise

Jon Severud, f. 1951 i Bergen.Lektor. Har tidlegare mellom anna gitt ut Berre peanuts(2001), Ubehaget i skolen (2003), Frå Tyssøy til Tekslo (2005) og (saman med Jarle Rasmussen) Shit happens (2006).

Til 150-årsjubileet for Vinjes legendariske reise har Jon Severud i detalj og med relevante omvegar gått opp spora etter «Dølen». Den kunnskapsrike strilen ogretorikkskolerte norsklektoren har oppsøkt, analysertog kommentert alle dei fysiske, geografiske, skriftlege,og kulturhistoriske krokvegane «Dølen» var innom. I Vinje-inspirert essayistisk stil rissar han opp dei historiske og sosiale rammene som rådde i Noreg då«Dølen» skreiv sine forvitnelege ferdaminne. Slik får vi av denne moderne ferdsskrivaren hjelp til å sjå dettidlaust kreative i Vinjes skrivekunst.

Omslag: Asbjørn Jensen

ISBN 978-82-521-7392-5

DET NORSKE SAMLAGET

www.samlaget.no

ferdaminne ny - neutra:ferdaminne ny 07.04.10 13.22 Side 1

Page 2: Ei gjenreise ferdig

F r ø y a

H i t r aS m ø l a

Molde

KristiansundTrondheim

Steinkjer

Åndalsnes

Vestnes

TorvikaBatnfjordøra

Dovre

Lesja

HundorpSollia

Vågå

Sel

Folldal

HjerkinnKongsvold

Berkåk

Grut

Stjørdal

Sundnes

Stiklestad

Orkanger

Lillehammer

D o v r e fj e l l

S V E R I G E

R o n d a n e

J o t u n h e i m e n

Kongsvinger

Odalen

Grue

Charlottenberg

0 100 km

Kristiania

Hamar

Eidsvoll

Elverum

Stor-

Elvdal

Rena

Ålesund

Glomma

G lom

ma

Gu

db

r an

d s da

l en

Øs

te

rd

al

en

Ork

dal

en

Lågen

Orkla

T r o n dh e i

msfjor

den

G l omm

a

Ra um

a

Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise 26-03-10 15:05 Side 2

Page 3: Ei gjenreise ferdig

Jon Severud

ei gjenreiseferdaminne etter a.o. vinje

Det Norske SamlagetOslo

Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise 26-03-10 15:05 Side 3

Page 4: Ei gjenreise ferdig

© 2010 Det Norske Samlagetwww.samlaget.no

omslagsillustrasjon: istockphotoomslag: Asbjørn Jensenkart: © Samlaget/Gerd Eng Kielland Kart & grafikkførtrykk: Samlaget/e.n.dskrift: Adobe Garamondpapir: 90 g Munken Premium Cream 1.5trykkeri: AIT Otta AS

Printed in Norway

ISBN 978-82-521-7392-5

Prenta med tilskot frå Institusjonen Fritt OrdForfattaren har hatt stipend frå Det faglitterære fondog frå Institusjonen Fritt Ord.

Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise 26-03-10 15:05 Side 4

Page 5: Ei gjenreise ferdig

Innhald

Del I: ModernitetFrå Bergen til Eidsvoll 9

Til Lesaren (1859) 11Gode norske Navne (1856) 16Fraa Byen det berer … (1860) 19Af ei Bergensferd (1870) 28Ei utferd til Drammen (1869) 35Diktaren kan ikki vera Statsmann og Politikar (1870) 38Journalistikken (1851) 40Christiania (1851) 47Om Vestlandsk og Austlandsk Upplysning (1859) 55Gjeiti (1860) 62Den fyrste Jernbane (1853) 65

Del II: GrenserFrå Odalen til Sverige 75

Heine (1856) 77«Dølens» fyrste ord (1858) 81Om Stil (1867) 88Dei tvo Grannar i Odalen (1860) 97Dølens Eventyr (1858) 103Bretland og Britarne (1863) 107At vera Døl (1858) 114I Sverike og nokot um det (1860) 123Napoleon og Ueland (1859) 127 5

Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise 26-03-10 15:05 Side 5

Page 6: Ei gjenreise ferdig

Kring Kongsvinger (1860) 133Fager var Kvelden (1860) 137

Del III: Vandring Frå Kongsvinger til Dovre 141

Ei Rettleiing (1859) 143Udvandringen (1857) 150Stova paa Stemsrud (1860) 152Landmanden (1860) 161Glauma og derikring (1860) 167Sigermerki (1860) 171Marknaden forbi (1857) 177Kaksen (1860) 187Æressjuken (1859) 193Ved Rundarne (1863) 198Huldra (1860) 207Skinnfelden (1860) 210Solliden (1860) 213Rundarne (1860) 220Malene (1860) 227Det eg vil med at vera Døl (1862) 234Vaarstigen (1860) 243Om Folkesanger og Folkepoesi (1852) 247Langs ei Aa (1863) 249Grauten paa Grut (1860) 253

Del IV: Blikk Frå Trondheim til tvisyn 259

Det fyrste Synet (1860) 261Mi fyrste Nott i Throndheim (1860) 268Vaar Nationalitetskamp og vaar Maalstrid (1866) 276Krøningi (1860) 279Dansen (1860) 287Eit og annat umThrondheim (1860) 2916

inn

hal

d

Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise 26-03-10 15:05 Side 6

Page 7: Ei gjenreise ferdig

Skalkestriden paa Stjordalshalsen (1860) 297National Kunst (1866) 303Eit godt Støvleskaft (1860) 311

Del V: HeimreiseFrå Kristiansund til Hundorp 321

Christansund og Molde (1860) 323Storthingsmannen fraa Møre (1860) 331Vaart husstell og vaart Gardsstell (1866) 341Den smaabytte Garden (1860) 345Raumsdalen (1860) 352Ei Utferd til Gudbrandsdalen (1859) 354Paa Jetta (1860) 358Olaf Haakonstad (1860) 360Sociologi eller Velstandslære (1866) 369Arne (1859) 372Mi livstru (1859) 375Denne Presten (1860) 379Brandpoesi (1866) 384Lesefærdighed og politisk Upplysning (1854) 392Drengen finn Drosi (1860) 399Utleiing (1868, 1917, 2010) 403

Litteratur 408Ei takkeliste 420Personregister 422

inn

hald

7

Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise 26-03-10 15:05 Side 7

Page 8: Ei gjenreise ferdig

Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise 26-03-10 15:05 Side 8

Page 9: Ei gjenreise ferdig

Del I: Modernitet

frå bergen til eidsvoll

Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise 26-03-10 15:05 Side 9

Page 10: Ei gjenreise ferdig

Kristiania

Eidsvoll

Bryn

GrorudStrømmen

Lillestrøm

Frogner

Kløften

Trøgstad

Dahl

Finstad bro

Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise 26-03-10 15:05 Side 10

Page 11: Ei gjenreise ferdig

Til Lesaren (1859)

No ja eit Hus maa ha ei Trapp. Det er Fyreordet til ei Bok og Innleidinga til ei

Afhandling. Og naar ikki Trappa er større enn sjølve Huset, so kan det høva.

Ei utferd til Drammen, 25. juli 1869

Å reisa er å fortelja historier. I 1860 la den 42 år gamle Aasmund Olavs-son Vinje ut på ei ferd til Trondheim for å vera til stades ved kroningaav Karl 15. til konge. Resultatet vart klassikaren Ferdaminni fraa Sumaren 1860. Eg har bestemt meg for å gjera same reisa, og skriva omdet. Å finna stadene på ei reise handlar om kart og topografi. Skal einreisa, må ein kunna flytta både føter og tankar bort frå grunnlaget.Tankane har kanskje alt reist, for før ein eigentleg har kome seg avgarde, kjem digresjonar rekande og blandar seg inn i skrift og tanke -spor. Ein tanke er ikkje først og fremst teori, men ein måte å vera på,meiner mellom anna filosofen Giles Deleuze: Nomadisk stil dreier segom overgangar og passasjar.

«Den som har noko å fara med, han fér.»1 Det er sjølve reisa som tel:Å reisa er å tenkja, springa ut av eitt synspunkt og inn i eit anna, finnaein annan horisont der utsynet er annleis. Å omtala noko på ein annanmåte er å forflytta språket til eit anna område. Å finna dei rette tenkje -stadene i tid og rom er ei oppgåve som passar for ein skrivande vand -rar. Av slike romsterande tenkjemåtar kjem skrivemåtar med plass fordigresjonar i teksten og metaforar i setninga.

11

1 Bilethoggar Ola Enstad, her etter Fløgstad: «Farar i fiksjonen» i Måseide og Skirbekk(red.): Filosofi i vår tid. Festskrift til Jon Hellesnes, Samlaget 2009.

Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise 26-03-10 15:05 Side 11

Page 12: Ei gjenreise ferdig

Eit jubileum er rette tida for å gje ut ei bok om ei slik gjenreise.Men i 2060 er eg død eller 109 år gamal og kan uansett ikkje skrivameir. I 1960 var eg ni år gamal, gamal nok til å følgja med på at Ken-nedy vart vald til president i USA, men for ung til å vita at Vinje fansti Noreg. In medias res,2 altså midt imellom − i 2010 − er det 150 årsidan Vinje skapte ein ny sjanger og la grunnlaget for ein rik og mang-faldig nynorsk essaytradisjon. Denne tradisjonen kan eg nærma megvarsamt gjennom eit av hovudprinsippa der: omvegen.

Den som skriv om ei ferd, er sjølvsagt ein forteljar, eit subjekt ogein skrivar: i dette tilfellet det Kjartan Fløgstad har kalla ein ferdskri-var. Dette ordet kjenner me helst frå fryktskapande medieoppslag fråstore flyulukker, men då som objekt. Den vesle svarte boksen tek varepå noko i fortida, men det som finst der, er berre fragment. Det må tol-kast. Tapte samanhengar må rekonstruerast. Ferdskrivaren må førstfinnast, og det må leitast. Slikt research- og skrivearbeid liknar det deigamle latinske retorikarane kalla inventio; ein skal finna opp, finna ut,finna på, finna fram. Kunnige stifinnarar må orientera seg i kjende ogukjende, fortidige, notidige og til tider utilgjengelege landskap. Gjen-standen kan liggja på havsens djup eller høge fjelltoppar. Til og med ieit usikra rasområde. Detaljar kan vera viktige, og ein må ta seg tid tilå studera anekdotar og andre småting innimellom, altså gjera punkt-nedslag og smale djupdykk. Det er som med pausar og slikt som er ute-late eller står mellom linene i ein tekst, dét påkallar også merksemda.

Eit festskrift som Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kan me difor tenkjapå både som ei skattkiste frå det litterære skattkammeret3 og som einliten svart boks full av hemmelege ting. Første halvdelen av reise -skildringa kom i februar 1861, del to eit halvt år etterpå. Til samaninneheld boka 55 stykke frå ulike stader på ferda. Dei er ulike av natur

12

del

1:

mo

der

nit

et

2 Vinje byrja for alvor å skriva offentleg like før 1850 og døydde i 1870. Ved å byrjamidt i forfattarskapen hans kjem eg i godt selskap, det vil seia med skjønnlitteraturen ogfilmverda, som begge er glade i slike grep. Også nyare filosofi (Foucault t.d.) byrjar gjernein medias res.

3 Tittelen på Ottar Grepstads store verk om norsk sakprosa (Samlaget 1997), eit annastort leiteområde.

Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise 26-03-10 15:05 Side 12

Page 13: Ei gjenreise ferdig

og lengd. Tematikk, skrivemåte og sjanger følgjer topografi og kultur-landskap. Det hottaste turtipset for alle gjenreisande må då vera å følgjaT-vardinga: topografi gjev topologi og tema.

Reiseruta er velkjend i det store, men ikkje i alle detaljar, sidan Vinjeikkje etterlét seg dagboknotat eller legg vekt på å gje slik praktisk informasjon. Vinje tok i alle fall toget frå Kristiania til Eidsvoll og gjekkderetter til fots4 nordover, etter nokre vekers opphald i Kongsvinger-traktene, der han hadde mange kjenningar, og i Sverige, der broren Olafarbeidde på Charlottenberg Bruk. Så var det langs lange Glomma oppØsterdalen, forbi Rondane i Atndalen, over Dovre til Kongsvold, nedtil Orkanger, der han hadde glede av endå ei teknologisk nyvinning:Eimbåten Martello førte han frå Orkanger til Trondheim, der han opp-heldt seg i fleire veker, vitja både Stjørdal og Stiklestad og fekk pleie ogstandsmessig opphald to veker hos venen Herman Løchen på Inder-øya. I september tok han så båt til Kristiansund og gjekk til Molde,over Åndalsnes og ned Gudbrandsdalen, der spora etter Dølen forsvinn.

Langs denne ytre løypa gjer Dølen seg sjølv til hovudperson i ei rei-seforteljing, som han stadig avbryt med «journalistisk orienterte skild -ringar av geografiske tilhøve lausrivne frå den aktuelle forteljetida ogstaden, så vel som av lyriske innslag motivert ut frå syn eller refleksjonarundervegs» (Rorgemoen 2007:7).

Før eg stig om bord i toget frå Bergen, må eg raskt innom Bergen offentlege bibliotek for å henta ei bok som eg har bestilt. Biografien omboksamlaren og Vinje-venen Paul Botten-Hansen (1824−1869) varopphavleg skriven i 1888 og vart utgjeven på ny i 1917. Forfattaren, denseinare historieprofessoren Ludvig Daae, var også med i nettverket tilVinje. «Botneguten», som Vinje kallar husmannsguten Botten-Han-sen, hadde ikkje ein tradisjonell akademisk bakgrunn. Han haddevakse opp i Sel i Gudbrandsdalen. 15 år gamal byrja han som butikk -svenn på Lillehammer, las så til examen artium, tok «anneneksamen»

frå berg

en til eid

svoll

13

4 Kor mykje reell gåing det er tale om, er uklårt. Vinje hadde mange vener og kjen-ningar og fekk ofte skyss.

Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise 26-03-10 15:05 Side 13

Page 14: Ei gjenreise ferdig

ved Universitetet og var med dette klar for det som skulle verta deiframtidige arbeidsoppgåvene: som tidsskriftredaktør, utgjevar, arkivar,bibliograf, og frå 1864 overbibliotekar ved Universitetsbiblioteket. PaulBotten-Hansen hadde bibliofil legning. I 1850-åra hadde den såkallahollendarkrinsen – med namn etter ein kjend Holberg-figur − fast mø-teplass i bustaden hans i andre etasje i Rådhusgaten 15. Då Vinje komfrå skulelærarjobb i Mandal til Kristiania rundt 1850, presenterte hansaman med den deklasserte Henrik Ibsen og husmannsguten Paul Bot-ten-Hansen ny norsk kokkekunst i offentlegheita gjennom bladetAndhrimmer, etter namnet på kokken i Valhall. Så seint som i 1860 eringen av desse tre karane blant dei store i samtida.5

Daae fortel at husverten til Botten-Hansen, den elles venlege kjøp-mannen Niels Haslund, «saa surt til Hansens Bibliothek, da man havdegjort ham vis paa, at den tunge Bogmasse maaske bragte den gamle Gaardtil at synke, og Hansen truedes ofte med Opsigelse, ja maatte for at und-gaa den love ikke at kjøbe flere Bøger (!), hvorfor han stundom indsmug-lede sine nye Bogkasser paa Tider, da Værten ikke kunde iagttage det».

Eg hadde fleire grunnar til å ta med meg denne boka: Paul Botten-Hansen var redaktør for ei av samtidas viktigaste aviser i 1850- og 60-åra,Illustreret Nyhedsblad. Han er også den viktigaste samtale partnaren forVinje. Dessutan kan me takka både Botten-Hansen og dei andre somsamla bøker i siste halvdel av 1800-talet, for at folket i Noreg trass alter opplyst. Biblioteka vart gjerne starta opp av ein donasjon, anten detno var boksamlaren sjølv, som Carl Deichman og Gerhard Schøning,eller velståande vener som sto for innkjøpet og gåva. For kommunanevart dette ein rask veg fram mot eit folkebibliotek. Såleis kjøpte Ber-gen kommune i 1870 den store boksamlinga på 12 000 bind som PaulBotten-Hansen hadde etterlate seg. Dette vart grunnstammen i byensnye folkebibliotek.

Boka eg held i hendene, er ny. Sidene syner ikkje noko som helst

14

del

1:

mo

der

nit

et

5 Arild Stubhaug siterer ei berømt replikkveksling frå samtida. Etter ein lengre avis dis-putt får Ibsen denne avslutningsreplikken frå den store samtidsdiktaren Ørn Blom: «Menjeg er Hans Ørn Blom – see det er Tingen / Og du er Henrik Ibsen – ikke meer.» (Stubhaug:Stemmer i tiden: 336) Den andre store i 1860 var ikkje Bjørnson, men Andreas Munch.

Ei gjenreise ferdig.qxd:Ei gjenreise 26-03-10 15:05 Side 14