32
FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård, publiseringsredaktør i NRK Nyhende i dette attersynet på 10 års drift. «Utan Nynorsk mediesenter hadde eg ikkje hatt den jobben eg har no», seier mange av dei 100 nynorsk- praktikantane vi har sendt frå oss sidan 2004.

FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

  • Upload
    others

  • View
    4

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

FESTSKRIFT

01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år

«Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein

Bjøntegård, publiseringsredaktør i NRK Nyhende i dette

attersynet på 10 års drift.

«Utan Nynorsk mediesenter hadde eg ikkje hatt den

jobben eg har no», seier mange av dei 100 nynorsk-

praktikantane vi har sendt frå oss sidan 2004.

Page 2: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

Nynorsk mediesenter 10 år

Side 1

FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter 10 år

Det er den draumen me ber på

at noko vedunderleg skal skje,

at det må skje –

Fyrste linene i diktet «Det er den draumen» av Olav H. Hauge er lette å ty til når noko mest er

for godt til å vere sant. Nynorsk mediesenter var ein idé som vart vedteken i NRK-styret før han

var utgreidd, og tredd nedover hovudet på NRK-leiinga i 2002/03, som samstundes måtte gje

opp planane om å legge NRK Sogn og Fjordane under Bergen. Dei vart stoppa av

generalforsamlinga, og styret skjønte at ho meinte alvor.

Idéen bygde på mange års røynsle med å lære opp nynorskbrukande journalistar ved

distriktskontoret i Førde, journalistar som var ettertrakta både i og utanfor NRK. Vi fekk ei

nynorskpraktikantstilling som påskjøning for arbeidet. Men vi meinte vi kunne gjere meir med

å sette opplæringa i system, i ein redaksjon og eit fylke der nynorsk er det naturlege språket.

Nynorsk mediesenter vart halmstrået som redda sjølvstende for NRK Sogn og Fjordane og

sette nynorsken meir på kartet i NRK. Trass i at vi kom til i ein hard strid har vi aldri møtt

problem av den grunn i NRK. Det er ei forståing for at vi trengst, takka vere at dei vi sender frå

oss er gode ambassadørar.

Men i Førde arbeider vi i vissa om at vi aldri er betre enn siste kullet, og uroar oss for om andre

ser dei journalistemna vi såg i dei…

Valgerd Svarstad Haugland opna Nynorsk mediesenter 2. 9. 2004 Bak: Valgerd Svarstad Haugland og Magni Øvrebotten.

Framme frå venstre: Inger Johanne Sæterbakk, Svein Ove Hansli, Knut Åge Teigen, Eli Bjelland og Maria Rivedal (Foto/NRK)

Page 3: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

FESTSKRIFT

Side 2

Attersyn frå nokre av dei som var med i striden Valgerd Svarstad Haugland, kulturminister og leiar for KrF i 2002, no fylkesmann i Oslo og Akershus:

- Gratulerer med 10-årsjubileum! 10 år har gått

sidan Nynorsk mediesenter vart opna. 10 år med

utdanning av mange dyktige journalistar og

mediearbeidarar! Som tidlegare politikar må eg

innrømma at eg er veldig godt nøgd med at dette

senteret vart etablert, og at eg fekk vera ein del av

etableringa. Senteret vart eit godt argument for

meg til å stoppa NRK sine planar om å slå saman

distriktskontora i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Ei slik samanslåing hadde gitt oss mindre nynorsk i

media, og fattigare språkleg utvikling.

Nynorsk mediesenter har gitt oss mange dyktige

nynorskbrukarar i NRK, men og i mange andre

medieverksemder. Magni Øvrebotten har leia

senteret med stø hand. Det er alltid ei glede å få

tilsendt statusrapportane som vert laga. På den

måten blir eg oppdatert på kor den enkelte student

hamnar og ser at arbeidet støttar opp den gode

bruken av nynorsken i samfunnet.

Lukke til vidare med det viktige arbeidet.

Erik Berg-Hansen, sjef for distriktskontora og leiar av styringsgruppa for Nynorsk mediesenter i 2002-2004, no

sekretær for Kringkastingsrådet:

- Gratulerer med 10 års bursdag! Jeg var leder for

Styringsgruppa da mediesenteret så dagens lys i 2004. Det har

rent mye vann i havet i løpet av disse ti åra. Det er Magnis

grundige halvårsrapporter et levende bevis på.

Som leder for NRKs distriktsdivisjon i åra før, under og etter

etableringen av Nynorsk Mediesenter, dukker det opp minner

om en fartsfylt og utfordrende periode med mange

omdiskuterte beslutninger i distriktene. Noen hendelser er

likevel udiskutable fakta, blant annet denne:

NRK-ledelsens kontroversielle forslag om å slå sammen NRK

Sogn og Fjordane med NRK Hordaland til ett distriktskontor,

kombinert med Magnis kompromissløse motstand mot

sammenslåingen, var den direkte årsaken til at Nynorsk

Valgerd Svarstad Haugland (Foto: Olav Juven/NRK)

Erik Berg-Hansen (Foto/NRK)

Page 4: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

Nynorsk mediesenter 10 år

Side 3

mediesenter ble etablert i 2004. Magni vant kampen mot de hun kalte «Holmenkollhønene» i

Oslo. I dag er nok alle enige om at det var en viktig seier, ikke bare for distriktskontoret i Sogn

og Fjordane, men også for nynorskens utsatte posisjon i NRK.

Trude Brosvik, i 2002 nestleiar i distriktsprogramrådet for NRK Sogn og Fjordane og sentralstyremedlem i

KrF. Svært aktiv i kampen for sjølvstende for dk-kontoret, som fekk stor folkeleg oppslutning

i fylket. No leiar for KrF i Sogn og Fjordane og medlem av fylkestinget:

Trude Brosvik (Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK)

- NRK Nynorsk mediesenter var vel verd å kjempe for! Det har i alle år levert dyktige og

målmedvitne praktikarar til ulike media og særleg til NRK. Dei har sytt for at målet om 25%

nynorsk i NRK har vorte meir realistisk. Dei har medverka til levande og naturleg nynorsk både

på nettet og i eteren.

Kompetansemiljøet som er bygt opp rundt Nynorsk mediesenter har vore, og er, svært viktig

for nynorsk som bruksspråk i media. Sett med fylkespolitiske auge er nynorsk kulturelt og

strategisk viktig for Sogn og Fjordane, og vi får til dagen positivt tilbake for at NRK Nynorsk

mediesenter er knytt til distriktskontoret i Førde.

Derfor er det grunn til å feire 10-års jubileet! Til å takke Magni Øvrebotten og Arve Sandal som

«foreldre» for satsinga, og alle som var med å få ho på plass! Dette er eit vellukka tiltak for

framtida og for mangfaldet!

Helsingar frå systertiltak og vertskontor NRK Sogn og Fjordane har vore eit framifrå vertskontor for oss. Her sit nynorsk og nyhende i

veggane, praktikantane vert tekne mot med tillit og tolmod frå fyrste dag, og vi er like stolte

eller lei oss over deira sigrar og nederlag.

Page 5: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

FESTSKRIFT

Side 4

NRK Nynorsk mediesenter har også fått æra og gleda av å vere modell for to andre nærskylde

tiltak. Fyrst NRK FleRE frå 2008, som driv opplæring av fleirkulturelle journalistar i NRK. Det er

godt å vere to når systemet rundt ein er stort.

Hausten 2013 fekk vi ei syster i Førde, i Nynorsk avissenter i Firda/Amedia, med Arve Sandal

som leiar. Han hadde ideen om Nynorsk mediesenter og har vore ein viktig og entusiastisk

støttespelar. Han var lett å be når Firda/Amedia ville dra i gong noko liknande for nett og avis.

Der starta kull 3 samstundes med vårt kull 21. Det er kjekt for begge mediesentera og

redaksjonane at vi er fleire om ei sams og viktig oppgåve.

Arve Sandal, opphavsmann til ideen om Nynorsk mediesenter og medlem av prosjektgruppa i 2003/04.

Fast førelesar og fyrste leiar for systertiltaket Nynorsk avissenter i Firda/Amedia:

- Eg lettar på hatten og gratulerer 10-åringen. NRK Nynorsk mediesenter har fascinert meg sidan fødselen. Fargerik, livskraftig og jordnær som løvetanna, til tider også upopulær som den utskjelte blomsten. Ikkje berre om våren, men også kvar haust skyt denne nynorskrota i Førde nye skot som spreier seg med frimot og pågangsmot rundt i landet. NRK Nynorsk mediesenter er ein suksess. Oppskrifta er knallhard testing på førehand om kven som er best eigna til yrket, bruk av ein pulserande redaksjon som klasserom og klare krav til resultat. Magni Øvrebotten leikar ikkje skule, ho brukar peikestokken om det trengs. Ho veit at den som skal hamle opp med mektige redaktørar og vrange kjelder, må ha ryggrad og tjukk hud. NRK fortener ros og takk for at institusjonen har brukt vel 40 millionar kroner desse 10 åra på å få fram gode, nynorskbrukande journalistar. Det har vore eit handslag til nynorsken som eit levande bruksspråk, men også smart rekrutteringspolitikk. Via mediesenteret i Førde har NRK fått tak i allsidige medarbeidarar, ofte med bakgrunn frå bygda og andre fag enn journalistikk. Mangfald er ein vinnar, ikkje minst i redaksjonen. Gratulerer med 10-årsdagen. Gje NRK Nynorsk mediesenter lenge, lenge leve må

Arve Sandal (Foto/Firda)

Page 6: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

Nynorsk mediesenter 10 år

Side 5

Marianne Mikkelsen, leiar for systertiltaket NRK FleRE:

- FleRe fikk god drahjelp av Nynorsk mediesenter da vi startet planleggingen i 2007. Vi kunne i hovedsak kopiere det flotte opplegget som Nynorsk mediesenter allerede hadde testet ut på flere kull. De to strategiske tiltakene har ulike siktemål og utfordringer, men mye er også felles. Både stipendiatene og nynorskpraktikantene, lærerne og lederne har glede og nytte av å utveksle erfaringer. Slik jeg ser det fremmer begge prosjektene demokrati og ytringsfrihet, og Magni og jeg gjør ofte felles front i interne saker. Og i engasjementet møtes vi – det er det ingen tvil om! Gratulerer med ti vellykkede og fruktbare år!

Kai Aage Pedersen, distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, som er vertskontor for NRK Nynorsk mediesenter:

- Så er dei her att, fem unge og håpefulle praktikantar som vil bli journalistar. Kull nummer 21 betyr at det er nynorskpraktikant nummer 101-105 som no kjem på morgonmøta til NRK Sogn og Fjordane. Stolt nynorsk, mobil/nett, radio og TV blir hamra inn på nokre få veker, læringskurva er brattare enn eit motbakkeløp.

Marianne Mikkelsen (Foto/NRK)

Kai Aage Pedersen (Foto: Arne Stubhaug/NRK)

Page 7: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

FESTSKRIFT

Side 6

Om to månader er dei på plass i redaksjonen, det er slutt på øvinga, då skal journalistikken dei lagar sendast på radio, TV eller mobil/nett. Under tett oppfølging blir dei forma til NRK-medarbeidarar som kan prega samfunnsdebatten frå ulike redaksjonar landet rundt. Og slik sviv hjulet i NRK Nynorsk mediesenter rundt. Fem nye praktikantar i halvåret, fire månader i Førde og så til praksis andre stader i NRK. For folk i Sogn og Fjordane betyr dette stadig nye røyster i lokalsendingane. For NRK sitt distriktskontor i Førde betyr dette eit ungt og dynamisk arbeidsmiljø. Og for NRK totalt sett betyr dette at ei strategisk satsing for å nå målet om 25 prosent nynorsk ikkje lenger berre er festtalar. Hausten 2004 stod dei første praktikantane og venta nervøst i resepsjonen i NRK Sogn og Fjordane sine lokale på Prestebøen i Førde. Ingen visste kva dette skulle bli. Sjølv samanlikna eg det med å gå frå livet som singel til familiefar til ein stor barneflokk frå ein dag til ein annan. Slik er det ikkje i dag, eg veit det kjem til å gå bra med dei fem som no sit smånervøse på morgonmøta våre. Om nokre år møter eg dei att i messa på Marienlyst, då smiler dei og fortel stolt om arbeidet dei gjer for NRK. Slik så mange av dei har gjort dei 10 siste åra. Gratulerer med ti flotte år i arbeid for journalistikken, nynorsken og NRK!

Kva seier leiinga i NRK?

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen:

Thor Gjermund Eriksen (Foto: Ole Kaland/NRK)

- Nynorsk mediesenter kombinerer to ting: folk som er språklig dyktige og har journalistisk

talent.

Det er en viktig del av NRKs samfunnsoppdrag at vi skal speile det norske samfunnet, også

språklig. I tillegg har vi krav på oss om at minst 25 prosent av sendingene skal vere på

nynorsk. Og det har jeg et klart mål om at vi skal nå.

Page 8: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

Nynorsk mediesenter 10 år

Side 7

På noen områder har vi vært gode når det gjelder nynorskprosenten i NRK, på andre områder

sliter vi mer. Men dette handler om fokus. Vi var for eksempel langt bak når det gjaldt barne-

og ungdomsprogram på nynorsk, men her har NRK Super vist at det går an å gjøre noe med

dette når en har fokus på det.

NRK Nynorsk mediesenter er viktig for NRK og for at vi skal kunne nå målene våre som Norges

viktigste mediebedrift, også de språklige målsettingene.

Olav Nyhus personaldirektør i NRK og ansvarleg for NRK Nynorsk mediesenter

En personaldirektørs bekjennelser

Arbeidssøknader og CV’er skal man lese med

interesse. Og skepsis, har jeg lest i avisen. Det

er ikke sant alt som står skrevet, står det. I

avisen. Paradoksalt nok. Det tror jeg er helt

sant. Jeg er nemlig selv blant dem som har

presentert meg med diskutable kvalifikasjoner.

I enda yngre dager søkte jeg jobb som

dommerfullmektig ved Sunnfjord

sorenskrivarembete i Førde. Jeg ønsket å flytte

til Vestlandet for en tid. Der ville jeg oppleve

naturen (fra Jostedalsbreen til Kinn), kulturen

(fra Nikolai Astrup til Jakob Sande) og

erfaringen med å bosette seg et sted uten noe

sosialt nettverk. Da er det fint å være

dommerfullmektig, tenkte jeg. Gjennom et

mangfold av saker lærer man lokalmiljøet å

kjenne, møter mange forskjellige mennesker –

og dømmer enkelte av dem. Kan hende ikke

så ulikt journalistyrket.

Men tilbake til bekjennelsen. Jeg forsøkte å

formulere søknaden slik at den ble lagt merke

til, uten at den fremsto som useriøs.

Det er en balansegang. De skulle tross alt ansette en dommerfullmektig, ikke en ung, kreativ og

overlystig markedsføringskonsulent. Men en jurist. For jurister er det normalt ikke vanskelig å

formulere seg slik at teksten og forfatteren fremstår som seriøs. Riktignok forekommer det at

språket blir stående litt i veien, slik at meningen ikke kommer helt fram. Men den strengt

formelle tonen, tekstens tunge saklighet og setningenes vedvarende lengde gir vitnesbyrd om

oppriktig alvor. Vi liker ord som «vitnesbyrd».

Søknaden ble grei den. Og jeg avsluttet - slik man gjorde da man søkte offentlige stillinger –

med følgende setning: «Jeg behersker begge målformer.»

Olav Nyhus (Foto: Ole Kaland/NRK)

Page 9: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

FESTSKRIFT

Side 8

Jeg fikk stillingen, pakket bilen og kjørte spent over fjellet til mitt nye dommerliv en vinterdag

på nittitallet. Sorenskriveren var en klok mann, og en vennlig mann. Alt gikk uproblematisk

syntes jeg. De første dagene. Inntil han en dag overrakte meg en gul mappe og spurte om jeg

kunne ta saken. «Ho gjeld kverrsetjing av garn i Jølstervatnet», sa han.

Jeg ble umiddelbart slått av en følelse jeg ikke hadde hatt siden videregående, den gang vi

skulle tolke Olav H. Hauges dikt «Uppskoke». Jeg så ned på saksomslaget og ordet

«kverrsetting» én gang til. Og det slo meg med pinlig klarhet: Jeg behersker ikke begge

målformer.

Men jeg lærte. Ikke nok til å påstå at jeg i dag behersker nynorsk, men nok til å få økt forståelse

og oppriktig lese- og lytteglede. Som gleden over å lese Are Kalvø til frokostkaffen hver lørdag

eller Lars Amund Vaages «Syngja» en sen augustkveld.

I sommer har jeg også lest NRK-plakaten. På ny. Jeg har lest den fordi den har vært på

høring... Plakaten gir uttrykk for de overordnede kravene vårt samfunn stiller til NRK som

allmennkringkaster. Under overskriften «NRK skal styrke norsk språk, identitet og kultur» er

oppdraget konkretisert: Minst 25 prosent av NRKs innhold skal være på nynorsk. NRK har

ennå ikke evnet å oppfylle kravet, men allmennkringkastingsrapporten viser at vi er på rett vei.

Det er bra. Og Nynorsk mediesenter skal ha en stor del av æren for at vi er blitt bedre.

Alt i NRK-plakaten er nå til vurdering. Jeg håper og tror kravet om nynorskandel opprettholdes

som krav til NRK. Skal vi speile landet, må vi bruke det rike språket som tales og skrives her.

Til lykke med 10 år i språkets og den gode journalistikkens tjeneste!

Grethe Gynnild Johnsen – direktør for distriktsdivisjonen i NRK

- NRK er heile tida i endring – det var vi også i 2004. Då røyken hadde lagt seg etter ein stor debatt om samanslåing av distriktskontor, var Nynorsk mediesenter ein realitet. NRK Sogn og Fjordane hadde i fleire år vore ein av dei tyngste leverandørane av nynorskbrukande journalistar til ulike redaksjonar i NRK, talet på journalistar som snakka og skreiv nynorsk var likevel i kraftig tilbakegang. Når vi i dag feirar 10 år har 100 praktikantar gått Magni-skulen i Førde. 72 % av desse arbeider i media, dei fleste i NRK. Når ein i tillegg ser at svært mange av

Grethe Gynnhild Johnsen (Foto: Anne Liv Ekroll/NRK)

Page 10: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

Nynorsk mediesenter 10 år

Side 9

desse journalistane er sentrale i eit breitt spekter av NRK sine redaksjonar, kan ein trygt slå fast at NRK Nynorsk mediesenter er eit viktig tiltak for å nå målet om at NRK skal styrka og utvikla norsk språk. Og det er ingen som helst tvil om at NRK Nynorsk mediesenter vil bli endå viktigare for NRK i framtida. Internasjonale medieaktørar tek stadig større marknadsdelar med framandspråkleg innhald, NRK sitt sterkaste kort i denne konkurransen blir norsk språk, og å vera til stades der publikum er med god journalistikk. Som leiar i NRK sitt språkstyre er eg difor svært glad for at vi har ei journalistutdanning i Førde som utviklar seg i tråd med NRK sine krav til kompetanse,

og publikum sine medievanar. Gratulerer med 10-årsjubileum!

Per Arne Kalbakk – nyhendedirektør i NRK

- Nynorsk mediesenter har bidratt til å styrke rekrutteringen av språkbevisste, gode journalister

til nyhetsjobbing i NRK. Senteret er en viktig grunn til at NRK har blitt oss mer bevisst at vi må

arbeide aktivt og målrettet for å finne gode journalister som bruker nynorsk. Fokuset på

nynorsk bidrar dessuten til at redaksjonene blir mer opptatt av godt og riktig språk generelt.

Og så er jeg veldig glad for at vi gjennom 10 år med Nynorsk mediesenter har fått gleden av å

rekruttere en rekke flinke og hyggelige kollegaer til NRK Nyheter!

Er nynorskfolket nøgde?

«Stolt nynorsk» er visjonen for NRK Nynorsk mediesenter. Vi skal medverke til at nynorskfolk

vert stolte og glade i dialekten og språket sitt. Gode nynorskbrukande føredøme i radio,

fjernsyn og på nett er viktig for å oppnå dette, og målet vårt er å lære opp slike føredøme.

Per Arne Kalbakk (Foto: Anne Liv Ekroll/NRK)

Page 11: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

FESTSKRIFT

Side 10

Verdiane vi byggjer på er: Dyktig – frodig – framfus. I dette ligg det at det skal vere kvalitet i alle

ledd, slik at dyktig vert omdøme vårt. Nynorsk språk og kultur har ein frodig tradisjon, som

Nynorsk mediesenter skal byggje vidare på og gje nynorsken innpass på nye område.

Nynorskbrukaren må vere dyktig for at språket ikkje skal bli brukt mot han. Difor nyttar det

ikkje å stå med hua i handa, ein må vere litt framfus. Våge å merke seg ut, stå for noko og vere

noko.

Her ser tre sentrale nynorskingar på oss frå ulike ståstader:

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag:

Marit Aakre Tennø (Foto/Noregs mållag)

- 15. august i år leverte Proba analyse ein rapport skriven på oppdrag frå Utdannings-direktoratet. Rapporten konkluderer mellom anna med at omfanget av bokmål i ålmenta er avgjerande for om elevane i randsonene for nynorsken byter frå bokmål til nynorsk. Elevane opplever at ”alt” er på bokmål: ”Et unntak som trekkes frem er NRK, men andelen nynorsk anses som lav også der”. Fem dagar etter rapporten kom ut, ein gong tidleg på dagen, har nrk.no seks nynorsksaker på framsida. Halvparten av dei er skrivne av tidlegare nynorskpraktikantar. To frå kull 18 og éi frå kull 19. Det er lett å tenkje korleis den viktigaste nyhendekjelda for svært mange hadde sett ut utan Nynorsk mediesenter. Seks av 87 saker er ikkje nok, men det er ikkje Nynorsk mediesenter sin feil. Elevane i undersøkinga har rett, men dei veit ikkje at Nynorsk mediesenter finst og at 10 år vonleg berre er ein sped start. Opplæringa har lagt vekt på fagleg tyngd og språkleg medvit. Og 100 nynorskjournalistar med høgt språkleg medvit rundt om i heile medie-Noreg på 10 år, ber frukter. Ei av dei er Nynorsk avissenter i Førde, som skal utdanne nett- og avisjournalistar etter same leist. Får dei til like mykje på 10 år, vil det gjere godt for det nynorske avisspråket. 100 menneske er mange, det er ei heil lita bygd. Og som me veit tek det ein heil landsby å få

gjort noko her i verda. Mållaget håpar på folkevekst i Nynorsk mediesenter og slår fast at 100

slett ikkje er nok, men at 100 er ein svært god start. Til lukke!

Page 12: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

Nynorsk mediesenter 10 år

Side 11

Ottar Grepstad, medlem av prosjektgruppa for Nynorsk mediesenter 2003/04 og fast førelesar. Han er

direktør for Nynorsk kultursentrum og leiar i styret for Språkrådet:

- NRK Nynorsk mediesenter har

greidd det ingen før har fått til i norsk

kulturhistorie: ei stabil utvikling av

journalistiske talent på nynorsk over

mange år.

Hos oss er alle gjester like viktige,

men vi skjerpar oss ekstra dei

dagane gjengen frå Førde er på veg

til fagdag i Ivar Aasen-tunet. Det

hender dei blir ståande landtroll og

sjå etter ei ferje, og då tenkjer vi:

Godt det er noko dei ikkje alltid rår

med, dei heller.

Før heimreisa klengjer praktikantane

seg inntil bysta av Ivar Aasen og blir

fotograferte saman med han.

Kan nokon sjå føre seg at journalistar gjer det med ei byste av Knut Hamsun? Det er det som

er poenget med NRK Nynorsk mediesenter: Dei gjer det på nynorsk, med eit smil

Jan Olav Fretland, i 2003/2004 var han leiar i styret for Norsk Språkråd og medlem av prosjektgruppa for

mediesenteret. Fast førelesar på kvart kull. 1. amanuensis i norsk ved Høgskulen i Sogn og

Fjordane:

Noko eige…

Det er noko med situasjonen, sjølvsagt.

Frammøte på Loftet på Prestebøen i

titida, hektisk aktivitet frå

praktikantane: skal avslutta

nettartikkel, lesa ei sak opp att,

nervøse sideblikk på den snaue med

skjegg som nett er innkommen.

Så «på plass med eitt» som det står i

songen. Og oppgåva mi, seier Magni:

Dei skal forstå kvifor nynorsk er viktig

for dei og for Noreg, og dei skal kunna

snakka og skriva nynorsk. For ei flott

oppgåve, tenkjer eg!

Jan Olav Fretland (Foto: Vidar Gudvangen/NRK)

Ottar Grepstad (Foto/Aasentunet)

Page 13: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

FESTSKRIFT

Side 12

Og kull etter kull med oppvakte, nysgjerrige, vitelystne ungdommar som reflekterer, spyttar ut

att somt, som det sømmer seg, men tek inn det meste og brukar det.

Så ser eg og høyrer dei att i utlandet, i P3, i Dagsrevyen, i NRK Sogn og Fjordane, som

journalistar, debattleiarar og programleiarar. Og eg tenkjer fornøgd: Jau, dette er det vits i, det

eg får vera med på her, er kjempeviktig.

Eg er faktisk ikkje så reint lite stolt av å ha ein finger med i spelet hjå NRK Nynorsk

mediesenter.

BRUKARANE:- Nynorsk mediesenter har vært en berikelse

Det har i alle år vore svært lett å skaffe praksisplassar til nynorskpraktikantane, dei to siste

månadane av opplegget. Aller lettast å spørje er nyhendeavdelinga på Marienlyst og

distriktskontora. Men er det praktisk mogeleg er det velvilje å møte over alt.

Vi har grunn til å takke alle som har hjelpt oss med praksisplassar og gjeve god oppfølging av

praktikantane. Her er eit knippe tilbakemeldingar frå nokre leiarar som har lang røynsle med

dei vi sender frå oss:

Stein Bjøntegård, publiseringsredaktør i NRK Nyheter:

Stein Bjøntegård (Foto: Ole Kaland/NRK)

- For Nyhetsdivisjonen har Nynorsk mediesenter vært en berikelse. Noen av våre aller flinkeste

folk kommer derfra. Jevnt over har nynorskpraktikantene holdt et høyt nivå – både språklig,

journalistisk og kunnskapsmessig. De har ført til at vi har hatt mye nynorsk på lufta både på

radio og TV. Mange av våre tidligere nynorskpraktikanter er nå fast ansatt i Nyhetsdivisjonen,

noe som viser at Nynorsk mediesenter klarer å få fram talenter som både behersker språk og

journalistikk.

Page 14: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

Nynorsk mediesenter 10 år

Side 13

Tone Kunst – distriktsredaktør i NRK Nordland:

- Jeg oppfatter Nynorsk Mediesenter som det

beste kræsjkurset noen kan få i nyhets-

journalistikk, kursing som er lagt tett opp mot

den daglige produksjonen og virkeligheten i

redaksjonene. Både utvelgelsen av deltakerne og

oppfølgingen av dem er eksempel til etterfølgelse.

Vi har vært og er kjempefornøyd med vår mann

som vi rekrutterte fra Nynorsk Mediesenter for

seks år siden. Kanskje dere må begynne å klone

folk også?

Til lykke med 10-årsjubileet!

Tone Kunst (Foto: Gerd Elise Martinsen/NRK)

Sigrid Gjellan – regionredaktør NRK Trøndelag:

Sigrid Gjellan (Foto: Arne Kristian Gansmo/NRK)

- Det er stort spenn i bakgrunn og kompetanse hos kandidatane før dei byrjar ved Nynorsk mediesenter, og det blir gjort ein god og grundig utsilingsjobb i opptaket til praktikantkurset i Førde. Vi føler oss trygge på kvaliteten hos dei som kjem til oss derifrå. I tillegg er det viktig med godt språk og god nynorsk for omdømet til NRK, og for at vi skal strekke oss i retning målet om minst 25 prosent nynorsk i sendingane våre.

Page 15: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

FESTSKRIFT

Side 14

Hildri Gulliksen, sjef for NRK Super:

- Vi har gode erfaringer! De siste årene

har flere dyktige praktikanter fra

Nynorsk mediesenter vært i NRK

Super. De har hatt ulike funksjoner

hos oss, og flere har fått prøve seg på

lufta som reportere og programledere

på radio og tv. Christian Wiik Gjerde

var for eksempel programleder for

Superblokka i NRK P1. Praktikantene

har bidratt til et språklig mangfold i

våre programmer, og vært gode

ressurspersoner i språkarbeidet i

avdelingen.

Erik Bolstad, fungerande språksjef i NRK.

Aktiv i språkdebatten i NRK i mange år. Han lagar språkstatistikkane som NRK kvart år

sender til Medietilsynet.

- Nynorsk mediesenter har gjort at vi har fått mykje

meir, og betre nynorsk, i NRK. Det er eg veldig glad

for.

Det er viktig at NRK har både normert tale og

dialektar i sendingane våre. Utan den talte

nynorsken i NRK ville det ikkje eksistert nynorsk

normaltalemål. Normaltalemåla er ei viktig støtte for

dialektane. Dei gjer det lettare å vite kva som er godt

og korrekt munnleg språk.

Mediesenteret har også gjort at vi har fått mykje

meir nynorsk på nett. Nettsidene til NRK er av dei

mest brukte i landet. Det at vi skriv nynorsk på nett

gjer at fleire nordmenn ser nynorsk, og eg håpar at

det kan vere med på å bryte ned nokre av

fordommane mot språket.

Praktikantane frå Nynorsk mediesenter har variert bakgrunn. Det styrkjer journalistikken vår.

Dei aller fleste av dei arbeider framleis i NRK. Det er eg også glad for.

Gratulerer med 10-årsdagen. Tusen takk for innsatsen og lukke til med dei neste 10-åra.

Erik Bolstad (Foto/NRK)

Hildri Gulliksen (Foto: Anne Liv Ekroll/NRK)

Page 16: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

Nynorsk mediesenter 10 år

Side 15

FAGLÆRARANE: - Det handlar om å knekke KODEN

Vi har lagt vekt på å ha dyktige og aktive journalistar/fotografar som faglærarar. Det er ein

svært viktig grunn til at vi har lukkast så godt med den praktiske opplæringa etter lære-med-å-

gjere-det-metoden. To fast tilsette lærarar, med fokus på praktikantane, som også arbeider

redaksjonelt for å halde seg oppdaterte i yrket.

Dei er stort sett rekrutterte frå NRK Sogn og Fjordane, men også frå nabokontora i Bergen og

Ålesund. Medrekna dei som har vore vikarar i foreldrepermisjonar har vi hatt ti faglærar, seks

av dei fast tilsette. Fire av dei ser attende:

Randi Indrebø – faglærar sidan 2005

- Eg høyrer og ser dei kvar einaste dag! I Dagsnytt, i

distriktsendingane, i Dagsrevyen eller på nett.

Tidlegare nynorskpraktikantar som høyrest ut som

om dei aldri har gjort anna enn å vere på lufta.

Men eg hugsar korleis det var då dei kom til oss. Eg

hugsar den aller første radiosaka dei laga som kom

på lufta. Kor nervøse dei var, men likevel stolte over

å debutere etter kort tid med intens opplæring. Det

er det som er så kjekt med å vere lærar på Nynorsk

mediesenter. Forbausande fort går

praktikantane frå å vere usikre til trygge

nynorskbrukande journalistar i NRK.

Tone Lin Støfring Skovro, faglærar 2010-2013. Journalist NRK Sogn og Fjordane

- Det beste med å vere lærar på Nynorsk

mediesenter er å kjenne på spenninga og

forventningane til praktikantane når dei

skal ha første dag på desken i NRK Sogn

og Fjordane, når dei skal på direkten.

Ikkje minst hugsar eg godt telefonen frå

ein praktikant som lurte på om ho skulle

ta til høgre eller venstre i krysset på Skei

då ho skulle til Florø….

Randi Indrebø (Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK

Tone Lin Støfring Skovro (Foto/NRK)

Page 17: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

FESTSKRIFT

Side 16

Geirmund Henjum, faglærar 2005 -2009. No vaktsjef i NRK Sporten:

- Etter veker med famling for å få tak på å

tenkja og å formidla ein bodskap

journalistisk, løyste dei aller fleste av "mine"

kullingar KODEN. Eg trur gleda over å ha fått

vera med på nettopp å utløysa desse evnene,

var det største for meg gjennom rundt fem

år som faglærar i Nynorsk mediesenter.

Denne læringsprosessen førte i neste

omgang til at brorparten av praktikantane

fekk seg jobb i media, flest i NRK.

Det gav ei djup meining med det vi heldt på

med. Eg hugsar og tilbake til prosessen med

å velja ut kandidatar, der vi gjennom

intervjua vart kjende med, og kom tett inn på

mange, flotte ungdomar som ville noko.

Lukke til med feiringa og med mange, nye år

i nynorskens og journalistikkens teneste!

Arild Nybø, faglærar for kull 1. No dagleg leiar for Mediebruket i Førde:

- Då dei fem første praktikantane sat som tende ljos på

NRK-loftet hausten 2004 og saug til seg fagleg lærdom,

raskare enn vi faglærarane greidde å formidle den...

Då dei på eiga hand søkte svar på det vi ikkje rakk å

svare dei på...

Og då eg såg kor raskt lærdomen festa seg og vart

brukt: Då var eg overtydd om at NRK Nynorsk

mediesenter ville bli ein suksess. Og eg fekk heilt rett.

Sjølvsagt!

Til lukke med dagen!

Geirmund Henjum (Foto/NRK)

Arild Nybø (Foto/Mediebruket)

Arild Nybø (Foto/Mediebruket)

Page 18: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

Nynorsk mediesenter 10 år

Side 17

NYNORSKPRAKTIKANTANE:

- Etter å ha intervjua trauste sunnfjordingar vert det leikande

lett å snakke med maktpersonar i regjeringsapparatet

100 nynorskpraktikantar har gjennomført NRK Nynorsk mediesenter. 61 kvinner og 39 menn. I

sommar arbeidde 72 % av dei i media, og per 1. september har 67 % framleis arbeid der.

Tyngda arbeider i NRK og dei fordeler seg nokså jamt på riks- og distriktsredaksjonane. Andre

arbeider for nett, avise og ulike produksjonsselskap. Omlag 30 nynorskpraktikantar har satsa

på andre yrke enn journalistikk, ni av dei er informasjonsfolk og rådgjevarar.

På nettsida vår www.nynorskmediesenter.no ser fleire av dei 100 seg attende, medan vi her har

med ein frå kvart kull:

Liv Ragnhild H. Sjursen (1984), kull 20. Tilkallingsvikar i Mediehuset NRK Trøndelag:

-

Liv Ragnhild Holdhus Sjursen (Foto: Randi Indrebø/NRK)

- På grunn av Nynorsk mediesenter sit eg her på desken til NRK Trøndelag no. Her har eg i

sommar fått laga tv, radio og nettsaker på språket mitt: nynorsk og utvatna hålandsdalsdialekt..

Eg kan ikkje sjå for meg ein meir variert, spanande og utfordrande arbeidsdag enn den eg har

no, og det kan eg takke dykk for.

Lars Ivar Nordal (1986), kull 19, vikar/tilkallingsvikar i Kulturnytt, NRK P2:

Lars Ivar Nordal (Foto: Randi Indrebø/NRK)

- Nynorsk mediesenter har gjort at eg får jobbe i landets største nyheitsavdeling med fagfeltet

eg kan best, kultur. På mediesenteret lærte eg å bruke verktøya eg treng kvar dag i jobben, og

eg fekk eit godt grunnlag for det journalistiske handverket, som heile tida utviklar seg vidare.

Page 19: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

FESTSKRIFT

Side 18

Vegard Tjørhom (1987), kull 18, vikar/tilkallingsvikar NRK Utanriks:

Vegard Tjørhom (Foto: Vidar Eidhammer/NRK)

- Nynorsk Mediesenter har vore tidenes døropnar for meg, og gjort det mogleg for meg å jobbe

med det eg brenner for. Eg har blitt ein meir medviten nynorskbrukar og ein langt betre

journalist etter opphaldet mitt i Førde.

Kjersti Hetland (1985), kull 17, journalist NRK Rogaland:

Kjersti Hetland (Foto: Randi Indrebø/NRK)

- Å bli journalist var lenge ein draum, men no har det blitt ein realitet. Eg kan vanskeleg sjå for

meg at eg hadde sete med ei fast stilling som journalist i dag, om det ikkje hadde vore for

Nynorsk mediesenter. Det har vore ein fantastisk døropnar, til eit fantastisk yrke.

Page 20: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

Nynorsk mediesenter 10 år

Side 19

Katrine Nybø (1986), kull 16. Journalist i NRK Dagsnytt:

Katrine Nybø (Foto: Randi Indrebø/NRK)

- Nynorsk Mediesenter har opna dører for meg som eg ikkje visste kunne opnast. Ei solid og

grundig utdanning, som til slutt førte meg til fast jobb som nyheitsjournalist i NRK. Utdanninga

er krevjande og tøff, og du får ingenting gratis. Men tida der gir deg eit solid grunnlag for ei

karriere i NRK. Og no sit eg her då, med draumejobben. Eg ville aldri valt det annleis!

Sondre Dalaker (1992), kull 15, mediestudent og tilkallingsvikar i NRK:

- Eg vart vaksen i Nynorsk mediesenter. Det var ei fantastisk rampe rett inn i journalistikken.

Dei mulegheitene eg har fått fordi eg var nynorskpraktikant dei har vore heilt fantastiske. Eg

skuldar mediesenteret veldig mykje.

Page 21: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

FESTSKRIFT

Side 20

Jonas Sætre (1986), kull 14, journalist i Bergens Tidende:

- Det er vanskeleg å setje ord

på kor mykje NRK Nynorsk

Mediesentet har betydd for

meg. Det er underleg korleis

dei små vala me tek i livet kan

ha enorm betydning for kva det

vert av oss.

At eg tilfeldigvis såg ein

utlysning for Nynorsk

Mediesenter nokre dagar før

fristen, og skreiv ein søknad, er

eitt av desse små vala som har

gjort at eg i dag har ein så rik

arbeidskvardag som eg før

berre kunne drøyme om.

I dag jobbar eg som journalist i Bergens Tidende etter nesten tre år i NRK.no og to kortare

vikariat i Dagbladet og i Aftenposten. Få år i eit yrkesliv, men likevel tenkjer eg tilbake på ei

uendeleg rekkje med minnerike opplevingar.

Det som gjer Nynorsk Mediesenter til noko heilt unikt i den norske mediebransjen er korleis

dei rekrutterer journalistar frå den store breidda i befolkninga. Ved dei tradisjonelle

journalistutdanningane må ein ha eit karaktersnitt for å kome inn som gjer at ein ikkje

nødvendigvis speglar folket ein skriv om. Og for å gjere seg relevant som journalist, i ei svært

krevjande tid for mediebransjen, er ein nøydd til å ha også andre eigenskapar enn å vere

skuleflink. Ein må ha evna til å forstå og identifisere seg med dei ein snakkar med for å finne

dei gode historiene, men også for å vite kva som engasjerer publikum.

På Nynorsk Mediesenter vert ein frå første stund kasta ut i situasjonar der ein møter vanlege

folk og der ein må by på seg sjølv. Etter å ha intervjua trauste sunnfjordingar vert det leikande

lett å snakke med ein maktperson i regjeringsapparatet. Eg ønskjer Nynorsk Mediesenter til

lukke med 10-årsjubileet.

Hilde Zahl (1982) Kull 13, vikar og programleiar for Kveldsåpent i NRK P1.

- Nynorsk mediesenter var starten

på min journalistiske karriere. Og

meir in medias res-start enn dette,

skal det leitast lenge etter. Det er

intenst, det er hard jobbing, det er

ingen som syns synd i deg i særleg

grad. Nett slik det er i den verkelege

journalistverda. Men det er også

kyndig hjelp, konstruktivt i alle

baugar og kantar, og noko av det

kjekkaste eg har vore med på. Eg er

glad og takksam for at eg fekk denne elddåpen.

Jonas Sætre (Foto: Randi Indrebø/NRK)

Hilde Zahl (Foto/NRK)

Page 22: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

Nynorsk mediesenter 10 år

Side 21

Kristin Vestreim (1982), kull 12. Redaktør i produksjonsselskapet Monster

Kristin Vestreim (Foto/NRK)

- «Dyktig, frodig og framfus». Nynorsk Mediesenter vil alltid vera grunnsteinen i mi karriere,

uansett kor eg endar. Mykje fordi eg alltid vil ha dette mottoet så godt planta i topploket. Desse

orda er så viktige, og viktigast for meg er ordet framfus. Eg har lært å ikkje setje avgrensingar

på meg sjølv, men tenke at eg kan klare alt, sjølv om eg aldri har gjort det før.

Simon Solheim (1990), kull 11. Journalist i NRK Dagsrevyen:

Simon Solheim (Foto/NRK)

- NRK Nynorsk mediesenter har skapt og dyrka fram mange talent, og det er ikkje utan grunn.

Dyktige faglærarar med lang erfaring og eit sterkt fagmiljø i ein av NRK sine beste

distriktsredaksjonar, gav oss praktikantar tryggleik, tilgang på «ferskvare» og alle verkty som ein

som vil lære journalistikk kan drøyme om.

Eg var 19 år då eg vart nynorskpraktikant og hadde lite livserfaring og fagleg bakgrunn, men

tida på mediesenteret gjorde meg trygg i rolla som journalist. Vi blei sparka i rumpa frå dag

ein, kasta ut på djupt vatn – men det er også den mest effektive måten å lære på. Det store

fokuset på praktisk læring, er nok det som skil NRK Nynorsk mediesenter frå andre

journalistutdanningar. No er eg fast tilsett som journalist i Dagsrevyen. Det hadde eg aldri vore

utan lærdommen frå Førde.

Page 23: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

FESTSKRIFT

Side 22

Siri Kleiven Strøm (1987), kull 10. Journalist og programleiar NRK Hordaland:

- Eg kan takke NRK Nynorsk mediesenter for at eg er der eg er i dag. Eitt intensivt halvår gjorde

meg trygg på at den vegen eg hadde lyst å gå i karrieren var den rette, og opplæringa, tilliten

og sjansane til å ende opp der eg ville vere.

Magnus Stokka (1985), kull 9. Journalist/programleiar i NRK Rogaland:

Magnus Stokka (Foto/NRK)

- Nynorsk mediesenter har betydd utruleg mykje for mi yrkeskarriere. Eg fekk veldig god

opplæring og oppfølging i tida i Førde, og fekk verkeleg røynd meg i praksis på Marienlyst.

Det er eit kvalitetsstempel å ha bakgrunn frå Nynorsk mediesenter i NRK, og eg trur den

bakgrunnen hadde mykje å seia då eg fekk fast jobb i NRK Rogaland.

Nynorsk mediesenter er ikkje ein «lett skule». Ein må stå på og det er ikkje sjølvsagt å lukkast,

sjølv med bakgrunn frå Førde. Men eg tilrår alle som vil inn i NRK og journalistikken varmt om

å søka Nynorsk mediesenter.

Siri Kleiven Strøm (Foto/NRK)

Page 24: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

Nynorsk mediesenter 10 år

Side 23

Marit Holmquist Fenne (1980), kull 8, journalist på Torget, intranettet til NRK

Marit Holmquist Fenne (Foto/NRK)

-No arbeider eg i NRK på sjette året og det er eg takknemleg for. Utan Nynorsk mediesenter

ville eg neppe fått ein fot innom døra i NRK, så praktikantkurset var ein unik sjanse. Eg bruker

lærdommane frå perioden som nynorskpraktikant dagleg, og eg trur eg kan seie at eg verken

før eller sidan har hatt eit halvår med tilsvarande bratt lærekurve.

Ivar Folkedal (1983), kull 7, frontredigerar i Dagens Næringsliv.

Ivar Folkedal (Foto/DN)

- NRK Nynorsk mediesenter kasta meg ut i praktiske utfordringar, opna dører og ga meg gode

råd om å satse digitalt. I ein pressa bransje med store omstillingar er eg i dag ettertrakta

arbeidskraft.

Page 25: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

FESTSKRIFT

Side 24

Ragnhild Bjørge (1977), kull 6. Språksjef i NRK (i foreldrepermisjon)

Ragnhild Bjørge (Foto/NRK)

- Då NRK Nynorsk mediesenter opna dørene for meg, tok livet mitt ei ny og uventa vending.

Ideen eller draumen om å verta radiojournalist hadde vakse seg sterkare gjennom studietida,

men eg trudde at eg hadde utdanna meg vekk frå journalistikken.

No låg vegen open - om eg torde å ta sjansen. Takka vera dykk fekk eg jobba sju år i den

viktigaste redaksjonen i Noreg, i nyheitsredaksjonen i NRK. Og kanskje hadde eg heller aldri

vorte språksjef i NRK om ikkje de hadde våga å satsa på meg?

Til lukke med 10-årsjubileet og takk for tilliten!

Ingrid Hognaland (1986), kull 5, økonomiforskar/analytikar på Forsvarets

forskingsinstitutt:

Ingrid Hognaland Foto/NRK)

- Nynorsk mediesenter ga meg ei god og grundig opplæring i journalistikk og opna dermed ei

dør inn til journalistyrket for meg. Då eg byrja studere økonomi på NHH fekk eg jobb som

tilkallingsvikar i NRK Hordaland. Utan mediesenteret hadde eg neppe fått ein så kjekk og

lærerik jobb ved sidan av studiane.

Page 26: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

Nynorsk mediesenter 10 år

Side 25

På Nynorsk mediesenter lærte eg mykje som eg har god nytte av i den nye jobben min, som

økonomiforskar/analytikar ved FFI. Treninga i å formidla informasjon på ein klar og tydeleg

måte, og å bruka ord som gjer innhaldet forståeleg for folk flest er noko eg vil få god nytte av

når eg skal formidla analysefunn og forsking. Eg er heller ikkje framand for å vende attende til

journalistikken.

Erlend Blaalid Oldeide (1984), kull 4, journalist og programleiar I NRK Sogn og Fj.:

Erlend Blaalid Oldeide (Foto:Randi Indrebø/NRK)

- Korleis kan det ha seg at ein ung kar utan utdanning eller erfaring kan kare seg til fast jobb i

sjølvaste Norsk Rikskringkasting?

Svaret er Nynorsk mediesenter. Eg nærmar meg snart 10 år i NRK, og er takknemleg for at eg

fekk sjansen i 2006.

Eg har dekka drapssaker, stortingsval, ras, storm og barnehagebingo. Eg har intervjua

statsleiarar, statsrådar, songstjerner og bygdeorginalar. Eg har besøkt oljeplattformer,

datagruver og møkkjellarar. Eg har verdas beste jobb. Alt takka vere ein framifrå

opplæringsinstitusjon på eit loft i Førde.

Gisle Forland (1981), kull 3, vaktsjef, reportasjeleiar, reporter og programleiar for tv i

NRK Nordland:

-Nynorsk Mediesenter var for meg ei

dør på gløtt. På nokre hektiske

månader rusta Nynorsk mediesenter

meg til eit langt liv som journalist.

Kunnskapen, kompetansen og

menneska ved senteret er ein skatt.

Eg har ikkje angra eit sekund på at eg

gjekk der.

(Foto/NRK)

Page 27: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

FESTSKRIFT

Side 26

Solveig Hareide (1983), kull 2. Programleiar for det nye TV-programmet «Hjernekamp»

(foreldrepermisjon):

- Nynorsk Mediesenter var

mitt innpass i NRK. Det

viktigaste var hestekuren i

journalistikk, ettersom eg berre

hadde erfaring med fiksjon frå

før av. Eg er imponert over kor

mykje dei let oss gjere i

praksisen på NRK Sogn og

Fjordane, det var rett på lufta

etter ein kort og effektiv

læringsperiode. Her lærte eg

kva eg ville jobbe med i

framtida, og kva som ikkje var

noko for meg. Eg fekk meir

erfaring enn eg ville fått på

fleire år i vanleg utdanning.

Svein Ove Hansli (1976), kull 1, redaksjonsleiar for økonomi- og politikkredaksjonen i NRK

- Eg drog frå Førde som ein

stolt og rakrygga

nynorskbrukar! Og etter

mange år i nyheitsavdelinga

på Marienlyst gler eg meg over

at NRK Nynorsk mediesenter,

kull etter kull, leverer svært

dyktige journalistar, som er

skreddarsydde til å jobbe i

etermedia, og som

samstundes er trygge og

dyktige nynorskbrukarar.

Mange av dei har vi vore så

heldige å få med oss på laget i

redaksjonane i

nyheitsavdelinga.

Solveig Hareide (Foto/NRK)

Svein Ove Hansli (Foto/NRK)

Page 28: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

Nynorsk mediesenter 10 år

Side 27

Nett no

Kull 21 er på plass

25.august byrja kull 21 på opplæringa i Førde. Dei skal vere her til 19.desember, og frå

5. januar 2015 skal dei ha avsluttande praksis i andre redaksjonar i to månader.

Nye faste jobbar i NRK

Kjersti Hetland (1985) er fast tilsett i NRK

Rogaland, der ho har vore tilkallingsvikar/vikar sidan

nyttår. Ho gjekk på det syttande kullet med

nynorskpraktikantar i 2012/13 og hadde ekstern

praksis i NRK Dagsrevyen, der ho heldt fram som

vikar/tilkallingsvikar etterpå. Hetland har master i

kinesisk språk og samfunn.

Ingunn Rauk (1983) er fast tilsett i

Marienlystdivisjonen i NRK. Ho skal framover arbeide

for «Brenner og bøkene» og Norgesglaset. Ho gjekk på

kull 15 i 2012, og hadde praksis i Kulturhuset i NRK

P2, og har vore vikar/tilkallingsvikar for fleire

redaksjonar på Marienlyst. Rauk har master i engelsk

språk og litteratur.

Frå venstre: Elias Engevik, Tor-Erik Humlen, Ine Eftestøl, Hibba Sarmadawy og Sigrid Agnethe Hansen

(Foto: Randi Indrebø/NRK)

Page 29: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

FESTSKRIFT

Side 28

Moderat kvotering

Då vi skreiv statusrapporten 26.06.2014 var vi ikkje klar over at formuleringa om 3-årsregelen

for nynorskpraktikantane og FleRE sine folk var endra. I policydokumentet om mellombels

tilsetting i NRK, frå 1. mai 2014, står det:

“Ansettelse skal alltid skje etter reell konkurranse der den best egnede kandidaten foretrekkes.

Søkere fra FleRE-prosjektet og Nynorsk mediesenter betraktes som interne søkere i tre år etter

gjennomført program. NRK skal anvende prinsippet om moderat kvotering der søkere fra FleRE og

Nynorsk mediesenter er tilnærmet likt kvalifisert andre aktuelle kandidater. Kravene til

midlertidighet må være oppfylt også ved ansettelse av kandidater fra disse

rekrutteringsprosjektene.”

Det var i 2008 leiinga i NRK bestemte at praktikantane frå NRK Nynorsk mediesenter og NRK

FleRe skulle reknast som interne søkjarar i tre år etter avslutta program, med rett til å søkje

også på faste stillingar, fordi desse opplæringane er strategiske rekrutteringstiltak i NRK.

Ordninga har tidlegare vore kalla både “positiv særbehandling”, “fortrinnsrett” og “prioritet”.

Vi prøver jamt å ha den rette formuleringa på nettsida vår, under stikkordet «Praktikantkurset»,

til hjelp for både leiarar og praktikantar, som stadig lurer på kva «regel» som gjeld.

Stolt prisvinnar

Ingunn Solheim (Foto: Terje Gilleshammer(NRK)

- Nynorsk er vakkert. Vi som snakkar nynorsk i radio og tv blir ofte lagt litt ekstra merke

til. Folk likar orda og tonen i språket vårt. Eg får ikkje kjeft for nynorsken min. Tvert i

mot får eg ofte høyre at språket er flott, sa Ingunn Solheim i takketalen då ho vart

overrekt Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i Ørsta 27. juni.

Page 30: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

Nynorsk mediesenter 10 år

Side 29

Det var jurymedlem Agnes Ravatn som overrekte prisen til ein stolt prisvinnar. Ravatn

trekk særleg fram direktesendingane under 22. juli-rettsaka der programleiar Ingunn

Solheim nytta kunnskapane sin som både jurist og journalist til å gjere jusspråket

forståeleg for folk flest.

I haust tok Ingunn Solheim (1980) over som programleiar for «Debatten» i NRK1. Ho

byrja i NRK som nynorskpraktikant som 19-åring, i den tid ordninga var lagt til NRK

Sogn og Fjordane, i det som seinare vart grunnlaget for NRK Nynorsk mediesenter.

Kvar vert nynorskpraktikantane av?

Per 1.september 2014 har vi sendt frå oss 100 nynorskpraktikantar og 67 % av dei arbeider

heil- eller deltid i media. I sommar arbeidde 72 % i media, og no framover vert det spennande

å sjå kva tre års status med sokalla «moderat kvotering» er verd for nynorskpraktikantane.

57 av dei 100 arbeider i NRK. Totalt har 38 fått fast arbeid i media, 32 av dei er i NRK. I NRK

har vi tidlegare nynorskpraktikantar i ulike radio- og fjernsynsprogram og på nettet. Til dømes i

Dagsnytt, Dagsrevyen, Utanriks, Kulturnytt, Nitimen, NRK P3, NRK.no og ved distriktskontora i

Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Det er også folk herifrå i avisene Drammens Tidende, Telemarksavisa, Møre-Nytt og på nettet i

Dagens Næringsliv, i P5 og produksjonsselskapet Monster.

Ni arbeider som informasjonsfolk og rådgjevarar i Språkrådet, Forbrukarrådet, Norges

Bondelag, Skatt Vest, Røde Kors, Gardermoen, Changemaker, Norske Kunstforeninger og i

Barne- og likestillingsdepartementet.

I statusrapportar som denne tek vi berre med dei fem siste kulla. Dei andre finn du på nettsida

www.nynorskmediesenter.no. Der skal vi vere oppdaterte på kvar dei arbeider, så sant dei

sjølve hugsar å melde frå om byte av arbeid og studium.

Kull 20: 3. januar – 30. juni 2014

Frå venstre: Oddbjørn Myklebust Opsal (1988) tilkallingsvikar i Salongen, NRK P2,

Liv Ragnhild Holdhus Sjursen (1984), er tilkallingsvikar i nyhendeavdelinga i Mediehuset

Trøndelag. Guro Kvalnes (1991) masterstudent i litteraturformidling ved UiO og tilkallingsvikar

i Kulturnytt, NRK P2, Silje Steinnes Bjerknes (1988) tilkallingsvikar i NRK Møre og Romsdal og

Halvor Farsund Storvik (1981) tilkallingsvikar i NRK Sogn og Fjordane. Med dette kullet

passerte vi 100 nynorskpraktikantar.

Page 31: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

FESTSKRIFT

Side 30

Kull 19: 19. august 2013 – 28. februar 2014

Frå venstre: Eirik Hildal (1985), vikar i NRK Sogn og Fjordane, Britt Kristin Ese (1985), vikar i

NRK Hordaland, Idun Fivelstad (1987), har foreldrepermisjon, Tale Hauso (1991), er vikar i

NRK Hordaland og Lars Ivar Nordal (1986), vikar i Kulturnytt NRK P2.

Kull 18: 3. januar til 30. juni 2013

Vegar Tjørhom (1987) er tilkallingsvikar i NRK Urix, Adalheidur Oldeide (1988) er vikar i NRK

Hordaland, Inger Johanne Ruset (1985), er tilkallingsvikar i NRK Møre og Romsdal, Hanne

Våge (1992) studerer medievitskap ved NTNU og er tilkallingsvikar på Tyholt, Trond Espen

Bjoland (1993) er studerer historie og er tilkallingsvikar i NRK Hordaland.

Kull 17: 20. august 2012 til 28. februar 2013

Kjersti Hetland (1985) er fast tilsett i NRK Rogaland. Marte Halsør (1988) er vikar i NRK

Dagsnytt. Tale Høyem (1990) studerer juss i Bergen, Jon Bolstad (1987) er vikar i NRK

Hordaland og Stine Kyrkjebø Johansen (1990) er fast tilsett i NRK Sogn og Fjordane.

Page 32: FESTSKRIFT - NRK Nynorsk mediesenter...2014/09/01  · FESTSKRIFT 01.09.2014 NRK Nynorsk mediesenter 10 år «Nynorsk mediesenter har vært en berikelse», skriv Stein Bjøntegård,

Nynorsk mediesenter 10 år

Side 31

Kull 16: 3. januar til 30. juni 2012

Hans-Olav Rise (1991) er mediestudent ved Høgskulen i Oslo, Ingunn Rauk (1983) er fast

tilsett i Marienlystdivisjonen i NRK, Raymond Lidal (1986) er frilansar og masterstudent

(arabisk) i Jemen. Katrine Nybø (1986) er fast tilsett i NRK Dagsnytt og Wilhelm Støylen

(1980) er skodespelar ved Teateret Vårt i Molde.

FAKTA 0M TRE TILTAK:

NRK Nynorsk mediesenter – for rekruttering og opplæring av nynorskbrukande journalistar for

nett, radio og fjernsyn. 10 praktikantar i året. Drive av NRK sidan 2004. Samlokalisert med

NRK Sogn og Fjordane i Førde. Senteret er opphavleg modell for dei to andre. Leiar: Magni

Øvrebotten

NRK FleRE – for rekruttering og opplæring av fleirkulturelle journalistar for nett, radio og

fjernsyn. Fem praktikantar i året. Drive av NRK sidan 2008, samlokalisert med NRK

Østlandssendinga, Oslo. Leiar: Marianne Mikkelsen.

Nynorsk avissenter – for rekruttering av nynorskbrukande journalistar for nett og avis. Åtte

praktikantar i året. Starta hausten 2013. Bak tiltaket står Avishuset Firda, Amedia, Vinjefondet,

Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane. Samlokalisert

med lokalavisa Firda i Førde. Leiar: Ivar Myklebust Longvastøl.