36
NORDFJORD FOLKEHøGSKULE FRILUFTSLIVSKULEN MELLOM BRE, FJELL OG FJORD 2011/2012

Friluftslivskulen

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Catalogue presenting the Norwegian Folk High School Friluftslivskulen's courses, facilities and programme for 2011.

Citation preview

Page 1: Friluftslivskulen

Nordfjord folkehøgskule FriluFtslivskulen mellom bre, Fjell og Fjord 2011/2012

Page 2: Friluftslivskulen

2

det er minst 100 gode grunnar for å gå på nordfjord folkehøgskule. ein del grunnar finn du i denne brosjyren. Andre finn du på friluftslivskulen.no. men dei aller fleste grunnane oppdagar du først når du sjølv er elev på skulen. du finn dei i møte med nye vener, turkameratar og lærarar.

På pilegrimsvandring frå ervika til selje.Foto: Hanna Hardeberg Hermstad

Page 3: Friluftslivskulen

3

julie vea Huseby og silje bjellerås nyt ein pause på langturen ”sogn og Fjordane på tvers”, september 2010.Foto: Anna tøraasen

Page 4: Friluftslivskulen

4

FriluFtslivskulen mellom bre, Fjell og Fjord

Halvard Hurum i blåisen på bødalssbreen, oktober 2010. Foto: margit Hoen Hersleth

Page 5: Friluftslivskulen

5

balansegang på supphellebreen, september 2010.Foto: Charlotte tepsel

Page 6: Friluftslivskulen

6

FriluFtslivskulen mellom bre, fjell og Fjord

simon Hatle, eirik netland, Anne Alsvåg og siri vaagan på tinderangling i molladalen,

oktober 2010.Foto: siri djurhuus torgals

Page 7: Friluftslivskulen

7

Paul-johan gustad, ingrid kjetså og josefine borlaug på vandring over salen, september 2010.Foto: Charlotte tepsel

Page 8: Friluftslivskulen

8

FriluFtslivskulen mellom bre, Fjell og fjord

ski og surf-klassen kryssar gloppefjorden i havkajakk,september 2010.Foto: margit Hoen Hersleth

Page 9: Friluftslivskulen

9

susanne birkeland strålar etter å ha fått prøvd seg på bølgjene i Hoddevika,

august 2009.Foto: kristian engebretsen

Page 10: Friluftslivskulen

10

Page 11: Friluftslivskulen

11

Året ved friluftslivskulen er starten på noko nytt. starten på ditt eige sjølvstendige liv, der du vel kva som er viktig. starten på nye vennskap, vennskap som varer. du møter folk som deler friluftsinteressene dine. du møter lærarar og medelevar med ulik bakgrunn, meiningar og livssyn. du møter deg sjølv. det du lærer aller mest på friluftslivskulen, er å vere menneske.

Elevar skuleåret 2010/2011Foto øvst frå venstre: tonje mikkelsen, ingeborg l mathisen, vetle s jørgensen, ingeborg l mathisen, siri vaagan, siri d torgals, julie HusebyFoto 2. rad frå venstre: julie Huseby, julie Huseby, siri d torgals, siri d torgals, siri d torgals, siri vaagan, siri d torgals, siri d torgalsFoto 3. rad frå venstre: Charlotte tepsel, julie Huseby, lars P bovim, siri vaagan, siri vaagan, siri vaagan, siri d torgals, julie HusebyFoto 4. rad frå venstre: siri d torgals, siri vaagan, siri vaagan, Charlotte tepsel, siri d torgals, margit H Hersleth, margit H Hersleth, tone H Øyen

Page 12: Friluftslivskulen

det beste av alt. det beste av norge og det beste av friluftsliv, eit eventyr frå nord til sør. vi startar på sykkel frå nordkapp, deretter kajakk langs ein spektakulær Helgelandskyst. vidare sørover langs kysten i båt med segl og årar. til fots i tafjordfjella, og på ski sørover gjennom fjellheimen. og til slutt opplever vi våren på lindesnes. med base på skulen, men likevel eit år på reise i eige land.

norge på langs. Friluftsliv på tvers.

friluftsliv/

Frå topp til tå

friluftsliv/Norge på langssykkeltur nordkapp – lofoten 12 dagarkajakkpadling Helgelandskysten 10 dagar segling 8 dagarvandring i tafjordfjella 5 dagarskitur breheimen og jotunheimen 8 dagarsykkel jotunheimen – lindesnes 7 dagarskikøyring i Alpane/ sunnmøre 5-10 dagarskiveke i Hemsedal 5 dagarbrekurs 3 dagar

klatrekurs 3 dagarskredkurs 3 dagarsnøholetur 3 dagarsegltur med statsraad lehmkuhl 6 dagarkokelagstur 3 dagarPilegrimsvandring 3 dagartoppturar 3 dagarÅleinenatt 2 dagarFørstehjelpskurs 2 dagar

i tillegg kan du vere med på valfrie turar og prosjekt. meir informasjon side 30 og 31 i brosjyra, og på friluftslivskulen.no. totalt blir det ca 65 turdøgn og 15 dagsturar.

På vandring mot skåla, 1843 moh.Foto: mats randgaard

12

nY linje!

Page 13: Friluftslivskulen

13

For fulle segl i Frøysjøen, september 2010.Foto: Hilde Hoel stenmark

Page 14: Friluftslivskulen

14

ekspedisjonsklassa kryssar berzeliusdalen på svalbard,med ingeborgfjellet i bakgrunnen, april 2009.Foto: Hallgeir Hansen

Page 15: Friluftslivskulen

15

ekspedisjon! eit ord lada med forventningar, med spenning, med roald Amundsen, med Cecilie skog, med mount everest og sibir. eit forlokkande ord, ikkje sant? ekspedisjonar handlar om å reise frå det kjende og inn i det ukjende saman med folk du stolar på. saman med folk du vil dele opplevingar med. saman med gode vener. Hos oss skal du på lengre ekspedisjonar til tre av dei mest alpine fjellområda i landet vårt: svalbard, sunnmørsalpane og jotunheimen. du kan sjå fram til bre, skredkurs og klatrekurs, padling og ikkje minst; ei lang rekkje overnattingar i telt og under open himmel.

dette året vil krevje mykje av deg. er du klar?

friluftsliv/

dei lengste turane

fakta friluftsliv/ekspedisjonlangtur svalbard 14 dagarvestlandseventyr(fottur/kajakk) 10 dagarlangtur vinter 6 dagarskiveke i Hemsedal 5 dagartoppturar 5 dagarvandretur på hausten 3 dagarbrekurs 5 dagarklatrekurrs 3 dagar

skredkurs 3 dagarkitekurs 3 dagarsnøholetur 3 dagarHavkajakk 3 dagarsegltur med statsraad lehmkuhl 6 dagarkokelagstur 3 dagarPilegrimsvandring 3 dagarÅleinenatt 2 dagarFørstehjelpskurs 2 dagar

i tillegg kan du vere med på valfrie turar og prosjekt. meir informasjon side 30 og 31 i brosjyra, og på friluftslivskulen.no. totalt blir det ca 65 turdøgn og 15 dagsturar.

elisabeth Wendelbo på 10-dagarstur i jotunheimen.Foto: thomas gjerstad Wennesland

Page 16: Friluftslivskulen

16

det handlar om å flyte. om å vere på toppen av elementa.om å finne den rette kjensla i laussnøen ned frå kvasse vestlandsfjell. eller blant bølgjene ute i Hoddevika ved stad. du skal ut og leite etter den rette balansen. ut og leite etter dei største opplevingane. om det no er i dei beste laussnø-anlegga på vestlandet. eller på ein draumestad i dei ekte Alpane.

du kan ikkje surfe gjennom heile livet. men du kan surfe gjennom eit heilt skuleår i nordfjord.

friluftsliv/

eit heilt år med fri flyt

fakta friluftsliv/ski og surfsurfing på stad 12 dagarskikøyring i anlegg på vestlandet 5 dagarskikøyring i Alpane/sunnmøre 5-10 dagartoppturveke vinter 5 dagarbretur 3 dagarHavkajakk 3 dagarklatring 2 dagartoppturar 10-15 dagar

skredkurs 6 dagarvandretur på hausten 3 dagarsnøholetur 3 dagarskiveke i Hemsedal 5 dagarsegltur med statsraad lehmkuhl 6 dagarkokelagstur 3 dagarPilegrimsvandring 3 dagarÅleinenatt 2 dagarFørstehjelpskurs 2 dagar

i tillegg kan du vere med på valfrie turar og prosjekt. meir informasjon side 30 og 31 i brosjyra, og på friluftslivskulen.no. totalt blir det ca 50 turdøgn og 15 dagsturar.

dei ivrigaste surfarane tek ei ekstra kveldsøkt i Hoddevika, oktober 2009.Foto: Hanna lønning gjerdi

Page 17: Friluftslivskulen

17

skredkurs 6 dagarvandretur på hausten 3 dagarsnøholetur 3 dagarskiveke i Hemsedal 5 dagarsegltur med statsraad lehmkuhl 6 dagarkokelagstur 3 dagarPilegrimsvandring 3 dagarÅleinenatt 2 dagarFørstehjelpskurs 2 dagar

morgonstemning i Alpane, mars 2008.Foto: Ørjan brunstad

Page 18: Friluftslivskulen

18

Adrian vittersø på Haugsvarden, med utsikt mot Anda og ut nordfjorden, august 2010.Foto: Hege nyborg

Hjort er gjort i Hyen. susanne Pettersen har felt sin første hjort, september 2010.Foto: Hege nyborg

Page 19: Friluftslivskulen

19

det er vilt i vest. difor kan vi ønskje deg velkomen til eit år med jakt. du skal jakte på rype, hare, rev, villsvin og hjort. du skal jakte på den gode kjensla. du skal leve som lars monsen, med teltet og rifla og heile villmarka som din nye heim. du skal sette ut feller, fiske med fluge og garn, slakte og tilberede. men ikkje berre det. du skal få prøve deg på anna friluftsliv: spennande skiturar, vakre fjelltoppar og bratt klatring.

kort sagt: velkomen til eit vilt år.

friluftsliv/

licence to kill

fakta friluftsliv/jakt og fiskebrekurs 3 dagarinnlandsfiske 4 dagarHavfiske/ segling 7 dagarHjortejakt 8 dagarrype-, hare- og skogsfugljakt 10 dagarrev- eller gaupejakt 5 dagarvillsvin- og beverjakt i sverige 5 dagarkajakk/ kano 3 dagarskredkurs 3 dagar

i tillegg kan du vere med på valfrie turar og prosjekt. meir informasjon side 30 og 31 i brosjyra, og på friluftslivskulen.no. totalt blir det ca 50 turdøgn og 15 dagsturar.

skiveke i Hemsedal 5 dagarskikøyring i Alpane/sunnmøre 5-10 dagarsnøholetur 3 dagartoppturar 3 dagarvandretur på hausten 3 dagarsegltur med statsraad lehmkuhl 6 dagarkokelagstur 3 dagarPilegrimsvandring 3 dagarÅleinenatt 2 dagarFørstehjelpskurs 2 dagar

Paul næss, einar Fetveit og signe Astad på segltur nordvest for Florø, september 2010.Foto: Per momrak

Page 20: Friluftslivskulen

20

Nokre av oss har ein draum. ein draum om å vere mest mogleg i fjellet, på reise, i rørsle. sjå for deg eit raudt telt ved kanten av jostedalsbreen. sjå for deg ein sekk som alltid er ferdig pakka, ei klatrerute som trufast ventar, ei offpistelinje på sunnmøre. tenk å kunne oppfylle den største draumen av dei alle – draumen om Himalaya: å stå under dei høgste fjella i verda, oppleve sterke menneskemøte, ein annan kultur. kvar gong du har vore langt borte, er det betre å komme heim. til dei nære fjella. til bålet i skogkanten.

På denne linja blir du globetrottar og nordfjording på ein gong.

friluftsliv/

Himmelhøgt i Himalaya

fakta friluftsliv/vertikaltHimalaya 16 dagarklatring/buldring 11 dagarbrekurs 5 dagartinderangling haust/vinter 6 dagarskikøyring i Alpane/sunnmøre 5-10 dagarskiveke i Hemsedal 5 dagartopptur 9 dagarFjord til fjell (kajakk/fottur) 3 dagarskredkurs 5 dagar

isklatring 2 dagarsnøholetur 3 dagarvandretur på hausten 3 dagarsegltur med statsraad lehmkuhl 6 dagarkokelagstur 3 dagarPilegrimsvandring 3 dagarÅleinenatt 2 dagarFørstehjelpskurs 2 dagar

i tillegg kan du vere med på valfrie turar og prosjekt. meir informasjon side 30 og 31 i brosjyra, og på friluftslivskulen.no. totalt blir det ca 55 turdøgn og 15 dagsturar.

jørgen valde går journalisten (7-), september 2008.Foto: Øystein vegge

Page 21: Friluftslivskulen

21

eivind kolås, lars inge olsen, mira kjeldsen og ingeborg mathisen ved namche bazar, med utsikt mot mount everest, april 2010.Foto: Øyvind kopperstad

Page 22: Friluftslivskulen

22

vind og vatn er dei mest fartsfylte elementa. dei gir dei sterkaste opplevingane. Fordi naturen er på sitt aller sterkaste. vindfulle dagar heng du i riggen om bord i ein seglbåt. eller etter ein kite på Hardangervidda. regnvérsdagane fyller opp padleelvane på voss. varme solskinndagar lokkar med bølgjesurfing i europa. og under vassflata ventar ei annleis verd. tenk deg ein kvardag med ferskvatn, saltvatn og tørre snøkrystallar. eit år med rein natur og rein moro.

eit år med wetlook og bakoversveis.

friluftsliv/

ein heilt annan fartskontroll

fakta friluftsliv/vind og vatnelvepadling i voss 5 dagarsurfing på stad 5 dagarFridykking 2 dagarsurf-og kitetur til europa 10 dagardykkekurs 5 dagardykking 2 dagarsegling/kystveke 3 dagarskredkurs 3 dagarkiting på snø 10 dagarHavkajakk 5 dagar

i tillegg kan du vere med på valfrie turar og prosjekt. meir informasjon side 30 og 31 i brosjyra, og på friluftslivskulen.no. totalt blir det ca 50 turdøgn og 15 dagsturar.

skikøyring i Alpane/sunnmøre 5 -10 dagarskiveke i Hemsedal 5 dagarsnøholetur 3 dagartoppturar 3 dagarvandretur på hausten 3 dagarsegltur med statsraad lehmkuhl 6 dagarkokelagstur 3 dagarPilegrimsvandring 3 dagarÅleinenatt 2 dagarFørstehjelpskurs 2 dagar

Hans jørgen Haug flyg på Filefjell, mars 2010.Foto: Arne erdal

Page 23: Friluftslivskulen

23

loritha magnussen med gledeshyl ned strandaelva på voss.Foto: benjamin Hjort

Page 24: Friluftslivskulen

24

Henning Holand droppar i nordfjord skisenter.Foto: martin venås

jørgen Paulsen vert jaga av grøne bølgjer i Hoddevika, september 2008.

Foto: Øystein vegge

martin tar dobbelttak i blåisen på nigardsbreen, august 2009.Foto: Øystein venås sørensen

Aust for sol og vest for måne på dimma, oktober 2009.Foto: johannes kristianslund

Page 25: Friluftslivskulen

25

Nokre gongar treng du ikkje velje. Her er turmiksen for deg som vil høgt og lågt. som vil ha det meste av det beste innan friluftslivet. gutar og jenter: vi har gleda av å presentere ei linje med mykje innhald, mange turar, tett program. som klatring i fjell, vandring på bre, padling i elv, surfing på stad, skiturar i vinterfjellet, kryssing av josten og heiskort til offpistekøyring på sunnmøre. denne linja reindyrkar variasjonen. du får skredkurs den eine dagen, isklatring den andre og kiting den tredje.

Her treng du ikkje velje bort noko. Her vel du alt på ein gong.

friluftsliv/

mykje vil ha meir

fakta friluftsliv/Aktivitettoppturar 8 dagarskiveke i Hemsedal 5 dagarbrekurs 4 dagarklatring 5 dagarskredkurs 5 dagarHavkajakk 4 dagartinderangling 3 dagarkystfriluftsliv 3 dagarelvekajakk 2 dagarsnøholetur 3 dagarvintertur 3 dagar

jostedalsbreen på langs 4 dagar bølgesurfing på stad 3 dagarkiting 2 dagarisklatring 2 dagarmatkurs i det fri 2 dagarskikøyring i Alpane/sunnmøre 5-10 dagarvandretur på hausten 3 dagarsegltur med statsraad lehmkuhl 6 dagarkokelagstur 3 dagarPilegrimsvandring 3 dagarÅleinenatt 2 dagarFørstehjelpskurs 2 dagar

i tillegg kan du vere med på valfrie turar og prosjekt. meir informasjon side 30 og 31 i brosjyra, og på friluftslivskulen.no. totalt blir det ca 50 turdøgn og 15 dagsturar.

stille natt på utvikfjellet.Foto: mads randgaard

Page 26: Friluftslivskulen

26

friluftsliv/

gå derfor ut

friluftsliv/krik skiskikøyring i Alpane/sunnmøre 5-10 dagarskredkurs 6 dagar galdhøpiggen sommarskisenter 3 dagartoppturar 10-15 dagarskiveke i Hemsedal 5 dagarjibbing 3 dagarAkrobatikk 3 dagarterrengsykling 3 dagarsnøholetur 3 dagarkrik- linjesamling i oslo 4 dagarteambuilding/leiartrening 3 dagar

krik står for kristen idrettskontakt. og krik ski står for skiglede og livsglede. no skal desse to orda fylgje kvardagen dineit heilt år. skiglede i den kvite årstida, når tindane badar i snø, når du står på toppen, høyrer klikket frå skibindingane og nedturen er fullkomen plankekøyring. og livsglede. livsglede i møte med deg sjølv. i møte med dei andre. i møte med skaparverket. 3000 meter til værs i Alpane. eller framfor kveldsbålet med ei ro som varer.

På krik ski får du ikkje berre utsikt. du får så mykje meir. du får innsikt.

bretur 3 dagarklatring 3 dagarelvekajakk 4 dagarvandretur på hausten 3 dagarHavkajakk 3 dagarsurfing på stad 2 dagarsegltur med statsraad lehmkuhl 6 dagarkokelagstur 3 dagarPilegrimsvandring 3 dagarÅleinenatt 2 dagarFørstehjelpskurs 2 dagar

i tillegg kan du vere med på valfrie turar og prosjekt. meir informasjon side 30 og 31 i brosjyra, og på friluftslivskulen.no. totalt blir det ca 50 turdøgn og 15 dagsturar.

bjørn t. lia nyt snøen i engelberg, februar 2010.Foto: jørgen solbakk

Page 27: Friluftslivskulen

27

i pudder og motsol på veg mot daurmål.Foto: Håkon berget

Page 28: Friluftslivskulen

28

Nye vener. Nye aktivitetar. og nye erfaringar. som elev på bu- og arbeidstrening vil du ta del i eit inkluderande fellesskap og lære deg å bli meir sjølvstendig. Hos oss kan du øve på å halde ditt eige rom ryddig, halde orden på kleda dine, måltida dine og fritida di. sjølvsagt skal vi hjelpe deg. dei tilsette vil sørgje for at du får den hjelpa du treng. både når du er på skulen og når du er ute på tur har du 100 ungdomar å dele opplevinga med.dette året vil bety mykje for deg. og for alle oss andre som blir kjende med deg.det første året heimanfrå

dagstur på dimma. Frå venstre: Fredrik Andersen, ingerid Aske osnes, Petter Høydahl, Hege sværen tollefsen og Pål Furnes ness, oktober 2008. Foto: lisbeth momrak

Page 29: Friluftslivskulen

29

fellesuNdervisNiNgFellesturar og fellesfag er ein viktig del av undervisninga, enten det no er i klasserommet eller på tur. i løpet av året reiser heile skulen på pilegrims vandring, på skiveke til Hemsedal og på skuletur med statsraad lehmkuhl til shetland. i tillegg blir det toppturar både haust, vinter og vår. På skulen har vi temadagar, kristendom og seminar med spennande gjester. kvar laurdag er det elevkveld, og i november brukar vi to veker på å lage vår eigen revy.

linjefaget er hovudfaget ditt dette skul e-året. i tillegg til linjefag har du fellesfag, valfag, prosjektveker og fellesturar.

vi delar skuleåret i tre terminar. i kvar termin kan du velje opp til fem valfag. valfaga vel du etter at du har starta på skulen.

Acrylmalingballspel barmarkstreningbibelfagbuldringbål i all slags vêrdansFilosofiFlugebindingFotball Fotogitar

HavkajakkHybelkokkenidrettjegerprøvekajakk (basseng)kajakkbyggingkeramikkklatringknivmakingkorkristendomlongboard

mat på bålmusikksmiing strikking/heklingteikning/malingterrengsyklingtoppturtovingtrearbeidutstyrslagingvolleyball Web

vAlfAg

Foto: kristian engebretsen Foto: ola græsli Foto: kristian engebretsen

Page 30: Friluftslivskulen

30

eit år på Friluftslivskulen byr på mykje meir enn berre linjetilbodet. mellom anna set vi av fire veker til ulike turar og prosjekt. då vel du aktivitetar på tvers av linjene. slik kan du sjølv sette saman det skuleåret du vil ha.

oversikt over kostnadane på dei ulike opplegga

finn du på friluftslivskulen.no.

revynokre elskar å stå på ei scene og kan aldri få nok merksemd. Andre har skjulte talent og får kanskje sin første trampeklapp i ein fullsett sal ein kveld i november. i to veker blir det i alle fall liv og røre og full fest i vest.

Praktiske uteprosjektHeldigvis er verda full av handverkarar. Folk som liker å ta i eit tak. kvar haust ventar nye prosjekt. enten det er restaurering av ei gamme eller utviding av ein gapahuk. og når dei to vekene er over, kan du for alltid vite at du har sett spor etter deg i nordfjord.

Klatring i Frankrikenår kulda kjem, set vi oss på toget til Frankrike for å møte veggen og hundrevis av bolta klatreruter. Her lovar vi to veker med god stemning og bratt læringskurve. to veker der du får være høgt oppe. Heile tida.

ProsjEKtvEKEr i novEmbEr

ragnhild tjøstheim klatrar i sveits, oktober 2009. Foto: Øyvind kopperstad

revy - sminkegruppa har forvandla Annika rø til leopard, november 2009. Foto: guro larssen

Praktisk uteprosjekt byggjer bålhus,november 2010. Foto: odd Harald Halse

Page 31: Friluftslivskulen

31

den første veka i desember lar vi timeplan være timeplan. vi spreier oss rundt om i landet på ulike prosjekt. nokre stikk på jakt med geværet i handa. Andre vil oppleve ha-vet, enten det er på 20 meters djup eller i eit skip lasta med liner, teiner og garn. i ein svett gymsal vert det jakta på personlege rekordar samtidig som skulekjøkenet utfordrar til uhøgtidelig kokkekamp. i formingsavdelin-gane blir det produsert julegåver, både dei mjuke og dei harde. og som om ikkje det er nok; dei snøkledde vestlands-fjella lokkar skiglade elevar ut på tur - med og utan kite.

Her ser du ei oversikt over kva prosjekt vi hadde tilbod om skuleåret 2010/2011: • Rådyrjakt i Bø • Dykkarkurs • Treningsleir • Utstyrslaging/saum • Bibelskule • Teikning/acrylmaling • Foto & fjelltur • Tradisjonsmat og julegodt • Topptur • Musikkverkstad

europa har Alpane. vi har sunnmørsalpa-ne. denne veka kan du sjølv bestemme kvar du vil dra. men uansett om du oppsøker 2000-3000 meter høge fjell i Østerrike eller har lyst å køyre heilt ned til fjøresteinane på sunnmøre, så er målet det same; jakta på den beste snøen.

ProsjEKtvEKE i dEsEmbEr ProsjEKtvEKE i mars

På sunnmøre kan du velje mellom heisbasert skikøyring og toppturar på kvasse vintertindar. i Alpane er det køyring i skianlegg som gjeld. For elevar på Friluftsliv/krik ski og Friluftsliv/ski og surf er Alpeturen inkludert i linjekostna-dene. For elevar i dei andre klassene vil turen koste noko ekstra. meir informa-

sjon finn du på friluftslivskulen.no

ingeborg ims Winther fridykker ved jæren, våren 2008. Foto: erik kjetså

Houte route i Frankrike.Foto: Peder særheim

Page 32: Friluftslivskulen

32

FriluFtslivsKulEnordfjord folkehøgskule er ein friluftslivskule. vi har spesialisert oss gjennom mange år, og skaffa oss solid kompetanse. i 2008 vart vi tekne opp som medlem i norsk Fjellsportforum. Av alle skulane i landet er det berre Høgskulen i telemark og Høgsku-len i sogn og Fjordane som kan vise til same god-kjenning. lærarane har relevant utdanning og lang

sKulEtur mEd statsraad lEHmKuHlHar du lyst til å stå til rors på eit hundre meter langt segl-skip, eller klatre i riggen 40 meter over bølgjene? dette blir berre nokre av ingrediensane når vi legg ut på tokt med statsraad lehmkuhl og seglar vestover til shetland. gled deg til flotte døgn ombord på verdas største 3-mas-tra bark. les meir om turen på friluftslivskulen.no.

erfaring med friluftsliv, og i løpet av året kjem du til å lære svært mykje om å vere ute og bruke naturen. du treng ikkje ha mykje friluftsliverfaring for å søkje på nordfjord folkehøgskule. men du må like å vere ute, like å vere på tur, og ikkje minst like nye utfordringar. i løpet av året blir det minst 40 overnattingar i telt, hengekøye, båt, lavvo, hytte eller under open himmel.

molladalen, oktober 2010 Foto: Hedda jensen

maren Aabel, josefine borlaug og magne seland på veg mot shetland, september 2010. Foto: margit Hersleth

Page 33: Friluftslivskulen

33

KristnE vErdiar – uliKE livssyndet er normisjon som eig skulen. visjo-nen vår er at du og vi i løpet av året skal få ”sette spor under ein open himmel”. vi håpar du vil merke at den kristne trua pregar kvardagen på skulen. om du vil, kan du vere med i bibel- eller samtale-

Kvar Er nordFjord?nordfjord folkehøgskule ligg ved gloppefjorden, ein arm av nord-fjorden i sogn og Fjordane. i nærområdet rundt skulen er det flotte forhold for friluftsliv både på land og på sjø, og frå skulen er det kort veg til både sunnmørs alpane, stadhavet, jostedalsbreen og jotunheimen. kommunikasjonane til og frå skulen er gode. kvar dag går det fleire ekspressbusar til og frå bergen, trondheim og oslo, og fly plassen ligg berre 4 kilometer frå skulen.

gruppe, og ein gong i veka arrangerer elevane kristne kveldsmøte som du kan delta på om du har lyst. du treng ikkje vere kristen for å gå på denne skulen. vi ynskjer å vise kva vi står for, men samtidig ha stor respekt for dine tankar. Her er plass for alle – uansett meiningar og livssyn.

sandvolleyball på skuleområdet Foto: Hans græsli

Page 34: Friluftslivskulen

34

På skulen er det plass til 135 elevar. gjennomsnitts-alderen er ca 20 år, og dei siste åra har det vore jamn kjønnsfordeling. skulen er stor, og har mange rom: smie, tresløyd, vektrom, gymsal, badstove, keramik-krom, teiknesal, syrom, mørkerom og studio, datarom med trådlaust internett, og ikkje minst ein 250 m2 stor innandørs klatrevegg. vi har òg vedfyrt badestamp, sandvolleyballbane, stor gapahuk og gamme, og naust med eigne båtar rett nedanfor skulen. nede ved sjøen ligg òg nærbutikken med eige bakeri.

intErnatlivFriluftslivskulen er meir enn friluftsliv og undervisning. når den offisielle skuledagen er slutt, er det opp til kvar enkelt kva som skal skje. Fotball eller volleyball, vaffel-steiking, sjokoladekake baking, isbading, spelekveld eller videokveld. i seine kvelds-timar er det plass til den gode samtalen på internatet, kanskje får de òg tid til å løyse eit verdsproblem eller to? du og alle dei andre ele-vane er like viktige for å skape eit godt miljø på skulen.

Kva Kostar Eit sKulEår?det varierer frå elev til elev kor mykje skuleåret kostar. På grunn av ulike undervisningsopplegg og ulike turar, kostar nokre linjer meir enn andre. også valfaga og prosjektve-kene har ulik pris. For å sjå nøyaktig kva skuleåret kostar kan du gå inn på nettsidene våre. der står alle utgiftene lista opp, og du kan finne ut kva ditt år kjem til å koste.

Foto: ellen lande gossner Foto: erlend moster knutsen

Page 35: Friluftslivskulen

35

stiPEnd og lånAlle norske elevar kan søkje om lån gjennom statens lånekasse for utdanning. Adressa til lånekassa er: www.lanekassen.no. når skuleåret er fullført vert kr kr 35.600,- (tal frå 2010/2011) omgjort til stipend dersom du har minst 90% frammøte i løpet av skuleåret.

søKnad og søKnadsFristvi har ingen søknadsfrist, men startar opptak 1.februar. dei siste åra har vi hatt full skule, og enkelte av linjene er ekstra populære.det er difor viktig at du er tidleg ute.

du finn søknadsskjema på friluftslivskulen.no. vi tek atter-hald om at det kan bli endringar i fag og undervisningsplanar.

vElKomEn som søKjar På nordFjord FolKEHøgsKulE!

Søk SkuleplaSS på

friluftSlivSkuleN.No

kjøkkenkos. Foto: tuva sando internatlivets utfordringar Foto: kristian engebretsen

Page 36: Friluftslivskulen

36

vennskap som tåler minusgrader, høge toppar og djupe dalar. kunnskap gjennom store opplevingar. spor som blir sterke av ver og vind.

Hos oss vil du sette spor etter deg.

nordfjord folkehøgskule, 6823 sandane tlf.: 57 86 80 40

e-post: [email protected]

Foto baksida: song i solnedgang, Hoddevika, august 2009. Foto: kristian engebretsen

Framsida: skikøyring på stranda med utsikt over sunnmørsalpane, mars 2010.Foto: johannes kristianslund

innoventi