14

Gabba Gabba Hey

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Biletbok av Frode Grytten og Gry Moursund

Citation preview

Page 1: Gabba Gabba Hey
Page 2: Gabba Gabba Hey
Page 3: Gabba Gabba Hey

TIL KNUTEN

– som vågar det meste!

gabba quark:Layout 1 30-01-13 10:15 Side 1

Page 4: Gabba Gabba Hey

Knut ser plakatane først. Dei heng på kvar vegg,

på kvar lyktestolpe, på kvart hushjørne. Knut tenker

at om han bare stirer rett framfor seg, vil ikkje

faren sjå plakatane. Ved bensinstasjonen bråbremsar

faren og ser plakatane.

– GABBA GABBA HEY! roper faren.

– I MORGON SKAL VI PÅ TIVOLI!

Knut søkk saman i passasjersetet.

Han hugsar tivoliet frå i fjor sommar.

Pluras Tivoli. Det er det same som kjem i morgon.

Knut lurer på kva han er aller mest redd for.

Bikkja til naboen?

Tante Cille? Flaggermus?

Tvillingfetrane frå Oslo?

Pluras Tivoli?

gabba quark:Layout 1 30-01-13 10:15 Side 2

Page 5: Gabba Gabba Hey

gabba quark:Layout 1 30-01-13 10:15 Side 3

Page 6: Gabba Gabba Hey

Knut greier ikkje å ete. Faren smattar og seier

at han må ete, for i morgon skal dei på tivoli.

Knut greier ikkje å spele gameboy. Faren stikk

hovudet inn på rommet og seier at han må spare

på kreftene, for

i morgon skal dei på tivoli. Knut får ikkje sove.

Faren roper nede frå stova at no må han legge

seg og sove, for i morgon skal dei på tivoli.

gabba quark:Layout 1 30-01-13 10:15 Side 4

Page 7: Gabba Gabba Hey

Knut hugsar skiltet ved berg- og dalbanen: ”Du må ha minst tre lem-

mer

som fungerer og alminnelig balanse.” Knut kjenner etter. Han har

vondt

i magen, men alle lemmene verkar heilt greie. Han må på tivoli i mor-

gon. Knut reiser seg opp i senga. Han står på to føter. Han står på ein

gabba quark:Layout 1 30-01-13 10:15 Side 5

Page 8: Gabba Gabba Hey

Til slutt sovnar Knut og drømmer at han kjører ein karusell

forma som romskip. Ved sida av han i romskipet sit bikkja til naboen.

Dei blir kasta rundt og rundt, fortare og fortare heilt til romskipet

losnar og fyk ut i verdsrommet.

– Eg vil heim! seier Knut.

– KJEMPEGØY!seier bikkja til naboen.

gabba quark:Layout 1 30-01-13 10:16 Side 6

Page 9: Gabba Gabba Hey

gabba quark:Layout 1 30-01-13 10:16 Side 7

Page 10: Gabba Gabba Hey

Faren har gått på jobb då Knut

vaknar neste morgon.

På kjøkkenbordet ligg ein lapp:

I dag blir det TIVOLI!

YEAH YEAH YEAH!Knut finn eit glas mjølk og to skiver med appelsinmarmelade. Så går

han ned til fjorden med fiskestonga. Ingen av dei andre gutane er å

sjå.

gabba quark:Layout 1 30-01-13 10:16 Side 8

Page 11: Gabba Gabba Hey

Knut tenker at dei kanskje har sykla til idrettsplassen

for å vente på at tivolibilane skal komme rullande inn.

Knut kastar ut og håper at ingen fiskar vil bite på.

Han

er litt redd for fiskar òg. Heldigvis bit ingen fiskar på.

Knut legg seg ned i graset ved naustet. Han tenker

at faren gjerne ikkje finn han her nede. Han

tenker at faren kanskje har gløymt heile tivoliet.

gabba quark:Layout 1 30-01-13 10:16 Side 9

Page 12: Gabba Gabba Hey

Knut lukkar augene. Han sov nesten ikkje i natt. Han sovnar og drømmer

at kroppen hans er festa til ein stolpe. Faren slår med ei slegge på ein blink, og

Knut

fyk oppover stolpen i full fart. Kroppen hans skyt opp opp opp, heilt ut i verdsrom-

met.

Han svever vektlaus saman med tante Cille.

– JUHU! seier tante Cille.– Gulp, seier Knut.

gabba quark:Layout 1 30-01-13 10:16 Side 10

Page 13: Gabba Gabba Hey

gabba quark:Layout 1 30-01-13 10:16 Side 11

Page 14: Gabba Gabba Hey

© Det Norske Samlaget

www.samlaget.no

ISBN 978-82-521-7181-5

Grafisk formgiving: Gry MoursundRepro:

Boka er sett med: GillSansBold 11/20

Papir: Lessebo Linné 150 gr.

Trykk og innbinding: Book

Print A/S, Svenstrup

Tryktmed t

ilskotfrå No

rsk kulturfo

nd

Printedin: Den

mark

gabba quark:Layout 1 30-01-13 10:16 Side 32