69
Solund kommune Innkalling Utval: FORMANNSKAP Møtestad: Møterommet Dato: 11.04.2019 Tid: Kl. 10:00 Solund formannskap vert med dette kalla inn til møte. Representantar med lovleg forfall eller som er ugilde i nokon av sakene, må snarast råd melde frå til Solund Servicekontor, telefon 57 78 62 00 eller e-post [email protected] slik at vararepresentantar kan kallast inn. Vararepresentantar til formannskapet møter etter nærare innkalling. Saksdokumenta ligg til ettersyn i ekspedisjonen på kommunehuset. I møtet vert det ei drøfting om forvaltning og bruk av næringsfond/næringslån. Norhordland Næringshage AS deltek på drøftinga. Sakliste Sak nr. Sakstittel 020/19 Skriv og melding 021/19 Bruk av opsjon i avtale om næringsarbeid i Solund kommune 022/19 Kostnadsfordeling på advokatutgifter i samband med Gjøa-avtalen 023/19 Deltaking i Kystsogevekene Solund kommune 05.04.2019 Gunn Åmdal Mongstad -ordførar- _____________

Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Solund kommune

Innkalling

Utval: FORMANNSKAP Møtestad: Møterommet Dato: 11.04.2019 Tid: Kl. 10:00

Solund formannskap vert med dette kalla inn til møte. Representantar med lovleg forfall eller som er ugilde i nokon av sakene, må snarast råd melde frå til Solund Servicekontor, telefon 57 78 62 00 eller e-post [email protected] slik at vararepresentantar kan kallast inn. Vararepresentantar til formannskapet møter etter nærare innkalling. Saksdokumenta ligg til ettersyn i ekspedisjonen på kommunehuset. I møtet vert det ei drøfting om forvaltning og bruk av næringsfond/næringslån. Norhordland Næringshage AS deltek på drøftinga.

Sakliste Sak nr. Sakstittel

020/19 Skriv og melding

021/19 Bruk av opsjon i avtale om næringsarbeid i Solund kommune

022/19 Kostnadsfordeling på advokatutgifter i samband med Gjøa-avtalen

023/19 Deltaking i Kystsogevekene

Solund kommune 05.04.2019

Gunn Åmdal Mongstad -ordførar-

_____________

Page 2: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Sakliste Sak nr. Sakstittel

020/19 Skriv og melding

021/19 Bruk av opsjon i avtale om næringsarbeid i Solund kommune

022/19 Kostnadsfordeling på advokatutgifter i samband med Gjøa-avtalen

023/19 Deltaking i Kystsogevekene

I møtet vert det ei drøfting om forvaltning og bruk av næringsfond/næringslån. Norhordland Næringshage AS deltek på drøftinga.

Page 3: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Solund kommune

Arkiv: K1 - 033

ArkivsakID: 19/198

JournalpostID: 19/1212

Sakshandsamar: Sollaug Steinsund Osland

Dato: 05.04.2019

Saksframlegg

Saksnr. utval Utval Møtedato

020/19 FORMANNSKAP 11.04.2019

Skriv og melding

Administrasjonssjefen sitt framlegg til vedtak: Meldingane vert tekne til vitande slik dei ligg føre. Underliggande sak:

Saksnummer Tittel

1 Tildeling kommunale næringsfond 2019

2 Kartlegging av fiskerinæringsaktivitet i statlige fiskerihavner Solund kommune

Page 4: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Side 1 av 4

Besøksadresse: Postadresse: E-post: [email protected]

Telefon: 57638000

Bankgiro: 4212 02 02000

Kultur: Storehagen 1B, Førde Næring: Fylkeshuset, Leikanger

Askedalen 2 6863 LEIKANGER

Heimeside: www.sfj.no

Org.nr : NO 941 388 841 MVA

Adresseliste

Nærings- og kulturavdelinga

Sakshandsamar: Adrian Husabø Bjørseth

E-post: [email protected] Tlf.: 90247175

Vår ref. Sak nr.: 18/9013-5

Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Dykkar ref.

Dato

LEIKANGER, 22.03.2019

Tilskotsbrev - kommunale næringsfond 2019 Hovudutval for næring og kultur gjorde i sak 13/19 vedtak om tildeling av midlar til kommunale næringsfond for 2019. Det er viktig at kommunane les heile dette brevet, då de finn viktig informasjon om vilkår knytt til tildelinga. Dei tildelte midlane er ein del av dei midlane som fylkeskommunen får frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), og kommunane må difor følgje dei krav til forvaltning og rapportering som gjeld for desse midlane. Tilskot for 2019 Tildeling av stimuleringstilskot for felles førstelineteneste Kommunane Eid, Selje, Førde, Gaular, Jølster, Naustdal, Gulen, Sogndal og Leikanger får stimuleringstilskot på kr. 70 000 for felles førstelineteneste. Tildeling av stimuleringstilskot for felles næringsfond Kommunane Eid og Selje får eit stimuleringstilskot for felles næringsfond på kr. 23 333 kvar. Kommunane Førde, Gaular, Naustdal, Jølster, Sogndal og Leikanger får eit stimuleringstilskot på kr. 70 000 kvar for felles næringsfond. Tildeling til kommunale næringsfond Følgjande kommunar får tilskot til kommunalt næringsfond for 2019. Oversikta viser ordinær påfylling av næringsfondet og stimuleringstilskot:

Kommune Grunnløyving

Stimuleringstilskot - felles førsteline

Stimuleringstilskot - felles fond

Totalt tilskot 2019

Askvoll 381 892 - - 381 892

Balestrand 313 221 - - 313 221

Eid 504 387 70 000 23 333 597 720

Fjaler 374 097 - - 374 097

Flora 728 458 - - 728 458

Førde 777 268 70 000 70 000 917 268

Gaular 381 931 70 000 70 000 521 931

Gloppen 492 204 - - 492 204

Gulen 354 275 70 000 - 424 275

Hornindal 308 951 - - 308 951

Hyllestad 317 178 - - 317 178

Jølster 382 127 70 000 70 000 522

Page 5: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Side 2 av 4

127

Leikanger 354 353 70 000 70 000 494 353

Naustdal 372 686 70 000 70 000 512 686

Selje 371 159 70 000 23 333 464 492

Sogndal 581 950 70 000 70 000 721 950

Solund 295 045 - - 295 045

Stryn 544 422 - - 544 422

Vågsøy 497 728 - - 497 728

Totalt 8 333 333 630 000 466 667 9 430 000

Også stimuleringstilskota skal nyttast til næringsfond, og ikkje til drift av næringsapparat. Kommunane må levere politisk handsama årsrapport før midlane kan betalast ut. Tilskota er gjeve på følgjande vilkår: Føringar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet Kommunane må fylgje dei føringar som departementet har gitt. Midlane til kommunale næringsfond vert henta frå Statsbudsjettet programkategori 13.50, kap. 550 post 64 – «Inkluderande og vekstkraftige lokalsamfunn i område med særlige distriktsutfordringar». Målet med midlane som forvaltast av dei kommunale næringsfonda er å utvikle og legge til rette for lokalt næringsliv. Kriteria for måloppnåing er auka sysselsetjing, fleire søkarar til ledige stillingar, at lokalsamfunna beheld tilflyttarar, auka samarbeid mellom lokale aktørar og auka deltaking i frivillige organisasjonar. I vurderinga av dei ulike prosjekt skal ein vektleggje tiltak som har klare mål, konkrete resultat og som har fokus på kriteria for måloppnåing, samt:

- God lokal forankring, det vil seie at prosjekta skal følgje opp strategiar og planar med konkrete tiltak

- Tverrsektorielt samarbeid, der ein samlar ressursar for å oppnå størst mogleg samfunnseffekt

- Tiltak som bidreg til å bygge kunnskap og informasjonsdeling lokalt, regionalt, og/eller internasjonalt

Kommunane bør ta med seg desse føringane ved til dømes å vurdere om utlysingstekst skal oppdaterast. Det skal rapporterast på kor mykje midlar som blir utløyst frå andre finansieringskjelder med bidraget frå budsjettposten. Denne rapporteringa skjer gjennom www.regionalforvaltning.no. Retningsliner for tildeling av midlar til kommunale næringsfond: I tillegg til føringar frå KMD gjeld også retningsliner frå fylkeskommunen. Vedlagt finn de eit notat om prinsippvurderingar knytt til bruken av kommunale næringsfond, og som også gjeld som føring for verkemiddelbruken. Fylkeskommunen har fått ansvar frå departementet om å følgje opp forvaltning og bruk av kommunale næringsfond. Dette omfattar mellom anna å kontrollere at rapportering gjennom regionalforvaltning.no er god nok, og at bruken av midlane er innanfor regelverket. Rolledeling mellom kommunane og Innovasjon Norge og kapitalgrenser: Kommunane må rette seg etter notat om rolledeling i finansieringssaker (vedlagt). Notatet er utarbeida i samarbeid med Innovasjon Norge, og vi føreset at kommunane gjer seg kjende med prinsippa.

Page 6: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Side 3 av 4

Innovasjon Norge skal vere samtalepart for kommunane i utvikling av retningsliner for den direkte bedriftsretta bruken av næringsfond, og rådgjevar i konkrete bedriftsretta saker. Kunngjering Midlane skal vere søknadsbaserte og kunngjerast på www.regionalforvaltning.no, på forvaltaren si nettside, og på ein slik måte at heile målgruppa blir nådd. Sjå krav til tilskotsordningar, og tildelingskriterier i forskrift frå departementet. Rapportering og www.regionalforvaltning.no: Midlane til kommunale næringsfond kjem frå Statsbudsjettet kap. 550 post 64. Kommunar

og andre som får midlar frå denne posten skal rapportere bruken av midlar gjennom nettsida www.regionalforvaltning.no. Frist for gjennomføring av årsrapportering i regionalforvaltning.no er 1. februar 2020.

Det skal og utarbeidast ein årsrapport for bruken av midlane som skal handsamast politisk. Når årsrapporten vert handsama politisk, skal kommunen også i form av ei saksframstilling gjere ei vurdering av strategiar for næringsutvikling, om tiltaksapparatet har nødvendig omfang og fungerer godt, og om retningslinene er gode nok.

Utbetaling: Dei tildelte midlane vert utbetalt så snart som råd, gitt at kommunen har gjennomført rapportering i samsvar med tilskotsbrevet for 2018. Midlane vil bli betalt ut til same bankkontonummer som i 2018. Dersom de ynskjer å nytte ein annan konto må de gje melding om dette. Dokument og anna informasjon Retningsliner m.m. ligg ved dette brevet, men de finn og retningslinene og anna informasjon knytt til kommunale næringsfond på nettsida vår. Sjå sfj.no. Tilbakemeldingar til fylkeskommunen Vi set stor pris på tilbakemeldingar frå kommunane både når det gjeld korleis vi saman jobbar med næringsfonda spesielt og kommunal næringsutvikling generelt. Eventuelle spørsmål kan rettast til sakshandsamar. Med helsing Endre Høgalmen Ass. fylkesdirektør for næring og kultur Adrian Husabø Bjørseth rådgjevar Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift

Vedlegg: Prinsippvurderingar knytt til bruken av midlar frå kommunale næringsfond, oppdatert april 2016 Retningsliner for kommunale næringsfond Sogn og Fjordane, gjeldande frå 2019 Retningsliner for arbeidsdeling i finansieringssaker Mottakar (ar) Askvoll kommune Postboks 174 6988 ASKVOLL Balestrand kommune Kong Beles veg 20 Rådhuset 6899 BALESTRAND Eid kommune Rådhusvegen 11 6770 NORDFJORDEID Fjaler kommune Dalstunet 20 6963 DALE I SUNNFJORD Flora kommune Postboks 264 6900 FLORØ Førde kommune Postboks 338 6802 FØRDE Gaular kommune Vadheimsvegen 15 6973 SANDE I SUNNFJORD Gloppen kommune Grandavegen 9 6823 SANDANE Gulen kommune Eivindvikvegen 1119 5966 EIVINDVIK Hornindal kommune Postboks 24 6761 HORNINDAL Hyllestad kommune Kommunehuset 6957 HYLLESTAD Leikanger kommune Skrivarvegen 7 6863 LEIKANGER Solund kommune 6924 HARDBAKKE

Page 7: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Side 4 av 4

Naustdal kommune Tunavegen 6 6817 NAUSTDAL Sogndal Kommune Postboks 153 6856 SOGNDAL Jølster kommune 6843 SKEI I JØLSTER Selje kommune 6740 SELJE Stryn kommune Tonningsgata 4 6783 STRYN Vågsøy kommune Postboks 294 6701 MÅLØY Kopi til: Sogn Næring as Trolladalen 30 6856 SOGNDAL Innovasjon Norge Pb 448 Sentrum 0104 OSLO Aksello AS Magnus Thingnesgate 1 6905 FLORØ Sunnfjord Utvikling AS Hafstadvegen 42 6800 FØRDE Ingvild Andersen, NKA Jan Heggheim, NKA

Page 8: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE

NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ 2019

1. Kommunar som blir omfatta av ordninga

Alle kommunane i Sogn og Fjordane blir omfatta av ordninga med kommunale næringsfond.

Nokre kommunar vil likevel falle utanfor ordninga som følgje av at dei har kraftinntekter over gitte beløpsgrenser, jf. pkt. 3 i retningslinene.

2. Minstekrav for tildeling

Kommunar som får tildelt midlar til kommunale næringsfond etter fastsette kriteria (jf. pkt. 3), må

oppfylle fire krav. Dei må ha:

1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet

2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere

disponibel for oppgåver knytt til førstelinetenesta og kontaktinformasjon er lett

tilgjengeleg for målgruppa

3. ein strategi for næringsutvikling

4. årsrapport

Krava vert utdjupa nedanfor.

Fylkeskommunen har saman med Innovasjon Norge eit rettleiingsansvar både når det gjeld arbeidet

med strategiar for næringsutvikling og årsrapportering. Både fylkeskommunen og Innovasjon Norge

må medverke til kompetanseutvikling slik at kommunane kan utføre si rolle som førstelineteneste på

ein god måte.

Innovasjon Norge skal vere samtalepartnar for kommunane i utvikling av retningsliner for den direkte

bedriftsretta bruken av kommunale næringsfond / kraftfond (utvikling av ein kommunal

verkemiddelpolitikk). Innovasjon Norge skal også vere rådgjevar for kommunane i konkrete

bedriftsretta saker.

2.1 Nærmare om næringsapparatet

Kommunen/kommunane må ha eit eige næringsapparat for å ivareta arbeidet med næringsutvikling.

Med dette meiner vi eit næringsapparat med kapasitet til å ta initiativ i høve næringslivet og andre

lokale samfunnsaktørar som arbeider med nyskaping og entreprenørskapsarbeid. Eit aktivt lokalt

næringsapparat kjenner til ulike kompetansemiljø og finansieringsordningar. I eit slikt perspektiv vil

dei kommunale næringsfonda vere eit av fleire

hjelpemiddel. Kommunane bør tileigne seg naudsynt kompetanse, mellom anna ved å delta på kurs og

kompetansehevingstilbod.

Page 9: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Det skal vere lett å finne rett kontaktperson på kommunane sine nettsider.

Fylkeskommunen kan saman med kommunen vurdere kva som er tenleg organisering av

næringsutviklingsarbeidet. Kommunane må ha ein person som har ein stillingsprosent på minimum 50

% disponibelt for førstelinetenesta. Stillingsressursen kan dekkast av ein person tilsett i kommunen, i

eige næringsselskap eller som del av eit langsiktige kjøp av tenester.

Når kommunen set ut førstlinetenesta må dei følgje gjeldande regelverk. Kommunen har framleis

ansvaret for forvaltninga og må ha tilstrekkeleg informasjon om forvaltninga.

Det kan gjerast unnatak for kommunar som dokumenterer særleg godt organisert teamarbeid retta

mot førstelinetenesta.

2.2 Strategiar for næringsutvikling

Kommunen skal ha utarbeidd eit planverktøy med mål, strategiar og prioriterte tiltak for det

kommunale arbeidet med næringsutvikling. Plandokumentet skal også ta inn over seg nasjonale og

fylkeskommunale føringar gitt mellom anna gjennom regional planstrategi og verdiskapingsplanen

med tilhøyrande handlingsplan.

Strategien kan vere i form av ein eigen næringsplan. Alternativt som ein del av samfunnsdelen til

kommuneplanen med handlingsdel, eller anna strategisk kommune (-delplan) med handlingsdel. Det

viktige er at det finst langsiktige strategiske mål, men også at ein evnar å vere konkrete i prioritering

av tiltak t.d. gjennom ein årleg handlingsplan.

Bruk av næringsfondet skal vere godt forankra i kommunen sine strategiar.

2.3. Årsrapportering

Kommunen skal kvart år utarbeide ein årsrapport til fylkeskommunen om næringsutviklingsarbeidet i

kommunen. Kommunane må også rapportere direkte til Kommunal- og moderniseringsdepartementet

gjennom www.regionalforvaltning.no (RF 13.50).

Årsrapporten til fylkeskommunen skal behandlast politisk og sendast fylkeskommunen innan 15.

februar. Oversikt over tildelte midlar og finansiering skal kome tydeleg fram. Kommunane kan nytte

årsrapport til KMD også til fylkeskommunen dersom dei ynskjer det.

Når årsrapporten vert handsama politisk, må kommunen også gjere ei vurdering av strategiar for

næringsutvikling, om tiltaksapparatet har nødvendig omfang og fungerer godt, og om retningslinene

er gode nok. Kommunane må også gjere ei vurdering av bruken av næringsfondet i høve mål og tiltak

i plan/strategidokumentet.

3. Kriteria for fordeling

Midlane til kommunale næringsfond blir fordelte etter storleiken på konsesjonsavgifta. Kommunar som

ikkje har inntekter frå konsesjonsavgifter og elles tilfredsstiller krava i pkt. 1 og 2, kjem automatisk

inn under ordninga.

Page 10: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Hovudutval for næring og kultur fastset grenser for kor store konsesjonsavgifter kommunane kan ha

og likevel få tilført midlar til kommunale næringsfond. Vedtak 1.2.2012 fastset at grensa skal vere 2

mill. kr. Ved særskilte høve kan ein gjere mindre avvik frå grensa gitt at tildelinga fortsatt er gjort i

tråd med intensjonane til ordninga.

Fylkeskommunen vil leggje til rette for at kommunane skal kunne samarbeide om næringsarbeidet på

tvers av kommunegrensene. Kommunar som ønskjer å bruke midlane til regionale næringsfond får

høve til å gjere dette. Det er innført to stimuleringstilskot som skal fremje regionalt samarbeid:

Stimuleringstilskot til felles førstelineteneste:

Kommunar som kan dokumentere at dei har ei felles førstelineteneste med andre kommunar vil kunne

få inntil kr. 70 000 i stimuleringstilskot kvar. Storleiken på tilskotet er avhengig av den årlege løyvinga

til kommunale næringsfond frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).

Stimuleringstilskot til felles næringsfond:

Kommunar som har felles fond med andre kommunar kan få inntil kr. 70 000 i stimuleringstilskot. For

å få full utteljing vert det føresett at alle fondsmidlar vert lagt inn i eit felles fond. Stimuleringstilskotet

vert avkorta prosentvis dersom berre deler av løyvinga vert lagt inn i eit felles fond.

Alle kommunar som fyller krava kan få stimuleringstilskot, uavhengig av om dei får påfylling av

næringsfondet eller ikkje. Det vert også gitt tilskot til samarbeid over fylkesgrensene.

Når stimuleringstilskotet er fordelt, vil 60 % av resterande midlar bli fordelt likt mellom dei

kommunane som kan få løyvd midlar til kommunale næringsfond, medan 40 % av resterande midlar

vert fordelt på grunnlag av folketal i kommunen.

Fylkeskommunen kan i særskilte høve avvike frå dei objektive tildelingskriteria dersom den aktuelle

kommunen har betydeleg med unytta midlar over fleire år, samstundes som ein ikkje har ein god plan

for framtidig bruk.

4. Kapitalgrenser for bedriftsretta prosjekt i kommunane

Bedriftsretta prosjekt med kapitalbehov under årlege fastsette grenser kan støttast frå det kommunale

næringsfondet. Prosjekt over desse grensene skal sendast til Innovasjon Norge til vurdering og

eventuell finansiering. Kapitalgrensene blir fastsett årleg i samarbeid med Innovasjon Norge.

Det vert sett krav til at tilskot frå næringsfondet skal ha utløysande effekt.

5. Saksgang ved årleg tildeling

Fordelinga mellom kommunane skal skje etter at fylkeskommunen har motteke årsrapporten frå

kommunane (fristen for innlevering av denne er sett til 15. februar).

Det skal utarbeidast tilsegnsbrev i samsvar med dei krav Kommunal- og

moderniseringsdepartementet t set til dette. Tilsegnsbrevet skal også innehalde:

eventuelle prioriteringar frå departementet og fylkeskommunen sjølv.

opplysningar om kapitalgrenser for bedriftsretta prosjekt i kommunane i tildelingsåret.

6. Regelverk

Page 11: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Forutan retningsliner gitt av fylkeskommunen, vil forskrift for distrikts- og regionalpolitiske

verkemiddel frå KMD og retningsliner for distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel frå KMD, og det til

ei kvar tid gjeldande økonomireglementet for staten, gjelde for tildeling, bruk og forvaltning av

kommunale næringsfond.

Fylkeskommunen pliktar å gjere desse retningslinene og økonomireglementet kjent for kommunane.

Anna gjeldande regelverk for offentleg sakshandsaming, t.d. offentleglova og innkjøpsregelverket er

sjølvsagt gjeldande.

Kommunane må til dømes følgje innkjøpsregelverket når det vert kjøpt tenester i høve

næringsutviklingsarbeidet i kommunen. Ved kjøp over gitte grenser må kommunane nytte anbod.

7. Utløysande effekt

Midlane skal i utgangspunktet ha ein utløysande effekt. Tilskot skal bidra til at prosjekt som elles ikkje

ville ha blitt gjennomført vert realisert. Det er ikkje tilstrekkeleg at tilskotet skal oppretthalde eit

tilbod.

8. Avgrensing i bruk av midlar

Midlane skal ikkje nyttast til drift av næringsverksemd eller organisasjonar. Midlane skal heller ikkje

nyttast til drift av, eller investeringar i kommunale lovpålagte oppgåver utført av kommunen eller

andre.

Det er ikkje lov å nytte midlar til politikkførebuande aktivitet internt hjå forvaltar eller i regi av

forvaltar. I dette ligg det mellom anna kjøp av tenester i samband med utforming av nye tiltak og

lovpålagde eller eigeninitierte plan- og strategiprosessar.

Men kommunane kan nytte inntil 5% av tilskotet til kommunale næringsfond (inkludert

stimuleringstilskota) til å dekke administrasjonskostnader- og gjennomføringskostander ved

forvaltning av midlane.

Støtte til prosjekt kan bli gitt i inntil fem år. Inkludert i dette er driftskostnader direkte knytt til

prosjektet.

Midlane skal ikkje nyttast til direkte eller indirekte investering i eigenkapital i verksemder.

Det kan berre i heilt spesielle tilfelle vere finansiering av eit prosjekt både frå fylkeskommunen, eller

andre organisasjonar der midlane opprinneleg kjem frå fylkeskommunen, og kommunale næringsfond,

såkalla samfinansiering. Dersom det skal gjerast unnatak må støtta ha utløysande effekt for

prosjektet, og det må vere prosjekt med regional effekt. Unnatak skal avklarast mellom

fylkeskommunen og kommunane på førehand.

Avgrensing i bruk av midlar er nærare utdjupa og definert i forskrift og retningsliner frå KMD.

9. Prioriterte målgrupper og satsingar

Kvinner, ungdom og innvandrarar er ei prioritert målgruppe ved tildeling av midlar frå

Page 12: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

kommunale næringsfond. Desse målgruppene bør nemnast særleg i kommunane sine eigne

retningsliner for kommunale næringsfond, og i utlysingstekstar m.m.

Sogn og Fjordane må styrkje satsinga på kunnskapsintensiv og kreativ verksemd, uavhengig av

bransje. Fylkeskommunen ynskjer difor at kommunane prioriterer satsing på kunnskapsintensiv og

kreativ verksemd, elles skal ein legge til grunn satsingane i verdiskapingsplanen, samt ta miljøomsyn

ved tildelingar frå kommunale næringsfond.

Arbeidsplassar innan kunnskapsintensiv verksemd og kreative næringar er ikkje minst viktig med

tanke på at unge menneske med god utdanning skal satse på ei framtid i fylket.

10. Krav til kunngjering i kommunane og sakshandsaming

Kommunale næringsfond skal kunngjerast på www.regionalforvaltning.no, på forvaltaren si nettside,

og på ein slik måte at ein når heile målgruppa. Søknader skal sendast inn gjennom

www.regionalforvaltning.no.

I forskrift og retningslinene frå KMD er det fastsett eigne prosedyrar for etablering av

tilskotsordningar, sakshandsaming og tildeling av midlar m.m. Kommunane må følgje desse reglane.

11. Renteinntekter

Renteinntekter frå løyvingar til kommunale næringsfond skal inntektsførast til fondet.

12. Feil bruk av midlar

Retningslinene frå KMD slår fast at gjentatt feil bruk av midlar vil føre til krav om tilbakebetaling ved

reduksjon av neste års tildeling. Alle kommunar blir varsla om feil bruk av midlar, eller presisering av

retningslinene slik at dei kan korrigere tilsvarande bruk av midlar.

13. Revidering

Retningslinene frå fylkeskommunen skal kunne reviderast kvart år, men endringane skal ikkje ha

verknad før året etter at endringane er vedtekne. Unnataket er dersom nasjonale føringar gjer det

naudsynt med endring i tildelingsåret.

Alle kommunane og Innovasjon Norge skal kunne kome med framlegg til endringar. Det er hovudutval

for næring og kultur som vedtek endringane.

Page 13: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Retningsliner for arbeidsdeling i finansieringssaker 1. Rolledeling mellom Innovasjon Norge og fylkeskommunen Rolledelinga mellom Innovasjon Norge (IN) sine bedriftsretta tiltak og fylkeskommunen sine tilretteleggande tiltak vert klargjort slik: Søknader frå bedrifter/prosjekt direkte retta inn mot bedrifter, bransjar eller etablerarar skal

handsamast av Innovasjon Norge. Saker som er i ei gråsone skal drøftast nærare. Søknader som har utvikling av innovative miljø eller er tilrettelegging for etablerarbeid som

målsetting, vert i dag finansiert både av fylkeskommunen og Innovasjon Norge. Dette vert løyst ved dialog i konkrete saker. Dei som står bak slike søknader kan vere ei gruppering av offentlege og private aktørar/prosjekt retta inn mot mange bedrifter og eit eller fleire kompetansemiljø.

Søknader om tilrettelegging for næringsutvikling vert handsama av fylkeskommunen. Midlar til destinasjonsselskapa er løyvde gjennom toårige avtalar. Pengane som

destinasjonsselskapa eller regionane får, skal ikkje bli brukt i prosjekt der også fylkeskommunen eller Innovasjon Norge er inne. Berre i særskilte tilfelle kan kommunalt næringsfond vere kommunal eigendel i søknader til fylkeskommunen og Innovasjon Norge.

Midlar til regionråda gitt etter avtale mellom råda og fylkeskommunen, skal ikkje bli brukt i prosjekt der også fylkeskommunen eller Innovasjon Norge er inne.

Søknader om tilskot til infrastrukturtiltak i reiselivet vert handsama av fylkeskommunen. I hovudsak gjeld ikkje dette bygging av fysiske installasjonar. Innovasjon Norge kan støtte forstudiar knytt til infrastrukturtiltak som omhandlar anlegg og fysiske installasjonar for mellom anna å vurdere marknadspotensialet for anlegget.

2. Rolledeling mellom Innovasjon Norge og kommunane 2.1 Prinsipp for arbeidsdeling Kommunane skal konsentrere sitt arbeid om etablerarar og småskala næringsliv. Mindre bedrifter og personar som ikkje har eit kundeforhold til IN, bør som hovudregel ha førstekontakten mot kommunen. Bedrifter som har eit forhold til Innovasjon Norge frå før, og større etablerte bedrifter forheld seg normalt direkte til IN sitt distriktskontor. Når det gjeld bygdeutviklingsmidlane er det ei klar rolledeling mellom kommunane og IN, nedfelt i ei eiga forskrift. Kommunane er normalt første kontaktpunkt i tidleg fase og ein samtalepartnar for foredling og vidareutvikling av bedrifta eller etableraren sin ide. Kommunane må kunne yte praktisk bistand i oppstarts- eller planleggingsfasen. Dei minste bedriftene og entreprenørane har ei rekkje behov for tenester og service som dei bør ha tilgang til i kommunen:

Rådgjeving Nettverk Mobilisering Finansiering

Både fylkeskommunen og Innovasjon Norge må medverke til kompetanseutvikling slik at kommunane kan utføre si rolle som førstelineteneste på ein god måte. Når det gjeld verkemiddelapparatet framstår dette som komplisert for mange etablerarar. Regionalt nivå må saman søke å forenkle verkemidla, og styrke informasjonen om eit samordna verkemiddelapparat. 2.2 Nærare om kommunal næringsplanlegging Fylkeskommunen krev at kommunen har ein plan for sitt næringsretta arbeid som del av sitt overordna planverk. Dette kan både vere i form av ein eigen næringsplan, eller som ein del av kommunal planstrategi. Vi ventar oss planar som er gode verktøy, som dreg opp det langsiktige strategiske utviklingsarbeidet, som inneheld ein verkemiddelpolitikk for finansiering av initiativ frå bedrifter og etablerarar og som legg til rette for tett samarbeid mellom kommune og næringsliv. Det er også viktig at kommunane evnar å vere konkrete i prioritering av tiltak t.d. gjennom ein årleg handlingsplan. Innovasjon Norge skal vere samtalepartnar for kommunane i utvikling av retningsliner for den direkte bedriftsretta bruken av kommunale næringsfond / kraftfond (utvikling av ein kommunal verkemiddelpolitikk). Ein godt formulert verkemiddelpolitikk kan t.d. bidra til å klargjere rolledeling i bedriftsfinansieringssaker – jf. neste avsnitt. Målet er at søkjarar skal sleppe å oppleve uklar

Page 14: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

rolledeling eller komplisert samfinansiering mellom IN sine bedriftsretta verkemiddel og kommunane sine næringsfond. Innovasjon Norge skal også vere rådgjevar for kommunane i konkrete bedriftsretta saker. 2.3 Nærare om rolledeling i finansieringssaker Kommunalt næringsfond skal nyttast til tiltak som fremjar næringsutviklingsarbeidet i kommunen, og då i første omgang til tilrettelegging og støtte til nyetableringar og dei minste bedriftene. Det kan også nyttast til forstudie og forprosjekt, utvikling av nye forretningsområde og lokalmarknadsbaserte prosjekt i større bedrifter. For 2019 gjeld desse kapitalgrensene med føremål å legge til rette for eit enkelt system for arbeidsdeling mellom kommunar og Innovasjon Norge 2.3.1 Investeringstilskot: Innovasjon Norge yter for tida ikkje tilskot til investeringar i bygg, utstyr og maskiner. Derfor er det no opp til kommunane om dei vil nytte sine næringsfondsmidlar/kraftfondmidlar til investeringstilskot uavhengig av kapitalgrense. 2.3.2 Bedriftsutviklingstilskot: Bedriftsutviklingstilskot til produktutvikling, marknadsundersøkingar, planlegging, konsulenttenester og opplæring. Gjeldande grense: søknader med samla kapitalbehov (totalkalkyle) inntil kr 200.000 vert finansiert gjennom kommunale næringsfond / kraftfond. Det er ikkje sett spesielle kapitalgrenser for tilskot til fellestiltak for bedrifter og kompetansehevingstiltak for etablerarar. Det er heller ikkje sett kapitalgrense når det gjeld Innovasjon Norge sitt etablerartilskot. Dette tilskotet rettar seg mot dei som:

har ambisjonar om å utvikle ei vekstbedrift skal bidra til vesentleg auka verdiskaping og sysselsetting i Norge representerer noko vesentleg nytt i den marknaden (nasjonal/internasjonal) dei skal

inn i. Gode søknader om etablerartilskot som ikkje oppfyller desse krava skal handsamast i kommunen. Bedriftsfinansieringssaker som ligg over grensene for kapitalbehov skal sendast vidare til IN dersom dei ligg innafor IN sine prioriterte satsingsområde. Parallellfinansiering mellom IN og kommunane skal unngåast, sidan dette gir dobbel sakshandsaming. Innovasjon Norge bør medverke til at kommunane ikkje finansierer søknader som er avslått i IN med bedriftsøkonomisk eller konkurransevridande grunngjeving. Prosjekt som vil få avslag i IN av policygrunnar kan likevel støttast av kommunen etter dialog med IN, eller generelt gjennom avklaring i kommunal verkemiddelpolitikk.

Page 15: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Side 1 av 3

Besøk s adresse : Postadresse : E - post:[email protected]

Telefon:57638000

Bankgiro:4212 02 02000

Kultur: Storehagen 1 B, FørdeNæring: Fylkeshuset, Leikanger

Askedalen 26863 LEIKANGER

Heimeside:www.sfj.no

Org.nr :NO 941 388 841 MVA

Nærings - og kulturavdelinga

Sakshandsamar:Birte Tuxen Bø

E - post: Birte. Tuxen. [email protected]. : 57638011

Vår ref.Sak nr.: 16 / 1846 - 6

Gje alltid opp vår ref. ved kontakt

Internt l.nr.11626 / 16

Dykkar ref.

DatoLEIKANGER , 05.04.2016

Notat

Frå: Fylkeskommunen

Til: Kommunar som får midlar til kommunale næringsfond frå fylkeskommunen

Prinsippvurderingar knytt til bruken av kommunale næringsfond 2016 –oppdatert vers j on gjeldande frå 05.04.2016.

Not at om prinsippvurderingar følgde tilskot sbrev for kommunale næringsfond 2014. I notatet dr ogvi opp nok re prinsipp for bruken av midlane, og g a v nokre døme på bruk som har vore vurdertnærare. Eksempellista er ikkje u ttømande og de må setje dykk godt inn i gjeldande retningsliner.

I etterkant kom det avklaring knytt til planlegging. Det vart difor laga ein ny versjon gjeldande frå1. juli 2014. Endringa som vart gjort då gjaldt kun avsnittet om planleggin g. Den oppdaterteversjonen følgde tilskotsbrev for kommunale næringsfond 2015.

I denne versjonen har vi kun gjort mindre endringar.

Gjenteken feilbrukVed gjenteken feilbruk av næringsfondet vil midlar bli trekt attende. Gjenteken feilbruk eruavhengig av om det er same kommunen som brukar midlar feil på nytt. Dersom vi i trekkjerfram saker som er brot på regelverket , så skal ikkje slik bruk gjenta seg – uavhengig av kvensom opphavleg nytta midlar feil . Vi viser også til regelverket til KM D der det står Al lefylkeskommunar vil bli varsla om feil bruk av midlane slik at dei kan korrigere tilsvarande brukav midlane. Dette betyr at om alle kommunar er varsla om feil bruk, så må dei korrigerebruken.

Saker som blir omtala som utanfor regelverket i dette notatet og so m blir trekt fram i tilskotsbreveller andre skriv, vil føre til tilbaketrekking av midlar.

DestinasjonsselskapDet er ikkje høve å nytte midlar til kommunal ei gendel til destinasjonsselskapa jf. punkt omdriftsstøtte. Det er heller ikkje hø ve til å gje tilskot til drift av turistinformasjonar.

Kommunane kan støtte prosjekt i regi av destinasjonsselskapa, der prosjekta elles tilfredsstillerkrava i retningslinene. Unnataket er prosjekt der fylkeskommunen er inne med tilskot jf. punkt omsam finansiering.

Driftsstøtte m.a. drift av næringsapparatMidlane skal nyttast til prosjekt og tiltak. P rosjekt og tiltak er mellom anna definert som aktivitetarsom er tidsavgrensa, har fokus på utprøving, og oppstart , og skal lede fram til eit bestemtre sultat. Tilskot til drift, det vil seie det som ikkje kjem inn under definisjonen av prosjekt ogtiltak , er det ikkje lov å støtte. Dette gjeld tilskot til drift både til bedrifter, organisasjonen ogkommunen sjølv.

Midlane kan ikkje nyttast til lovpålag de oppgåver og politikkførebuande aktivitetar. I omgrepetpolitikkførebuande aktivitet ligg mellom anna kjøp av tenester i samband med utforming av nyetiltak og lovpålagde eller eigeninitierte plan - og strategiprosessar.

Page 16: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Side 2 av 3

Drift av næringsapparat er ikkje lov utover det som er godkjent i retningslinene (inntil 5 %) . Detkan bli gitt støtte til prosjekt i regi av næringsselskap og kommunen sjølv. Det blir då stilt krav omat dette er eit reelt prosjekt, og ikkje ein måte å finansiere drifta på.

Kva som er ordinære driftsoppgåver kan i nokon tilfelle vere uklart. I dei fleste tilfelle seier detteseg sjølv. Det sentrale er å huske at driftsstøtte ikkje er lov, uavhengig av om tilskotsmottakar erein kommun e eller ikkje. Sjå detaljar i KM D sine retningsliner . Dersom de er i tvil tek de kontak tmed fylkeskommunen på førehand.

PlanleggingDet er i dag i liten grad høve til å nytte midlane til planleggingsarbeid. Grunnen er at dette i storgrad vert rekna som driftsoppgåver, eller som del av kommunen eller an dre aktørar sine ordinæreoppgåver. Planlegging er også ofte lovpålagt.

Eksempel:Tilskot til interkommunalt planarbeid og felles planstrategi : dette er utanfor det som er mogleg ånytte kommunale tilskot til. Dette er ordinær drift.

Det er ikkje høve til å gje tilskot til reguleringsplanar. Dette gjeld uavhengig av omreguleringsarbeidet er i privat eller offentleg regi.

Planleggingsarbeid knytt til vegbygging og analyser knytt til detteDepartementet har sett på ei sak og gitt tilbakemelding om at midlar frå næringsfondet ikkje kannyttast til planleggingskostnader knytt til europaveg. Dei seier også: Det samme gjelderplanleggingsarbeider for riks - og fylkesveg som tenkes bompengefinansi ert. I den grad foreksempel analyse av trafikkstrømmen er knytt til fylkesveger eller europavegen, kan ikke dettestøttes fra næringsfondet.

Kostnader direkte knytt til stadutvikling (gang og sykkelvegar, parkar, fellesareal, stadanalyserm.m.) kan i nokre tilfelle støttast. Då må dette skiljast tydeleg ut frå planlegging av veg.

Vi ber kommunane vere varsame når det gjeld å nytte midlar til planlegging.

SpråkopplæringDet er ikkje høve til å gje tilskot til språkopplæring som er lovpålagd. Men d ep artementet hartidlegare sagt at det er høve til å støtte opplæring når utlendingar ikkje har rettigheiter og pliktertil norskopplæring etter lova (EØS - borgarar).

Festivalar/arrangementOgså her gjeld reglane om at ein kan støtte prosjekt og tiltak som e r:

- Tidsavgrensa- Har fokus på utprøving, initiering, og oppstart- Har organisering, kostnader og finansiering direkte tilknytt prosjektet/tiltakets føremål- Skal lede fram til eit bestemt resultat

Mange kommunar støtter festivalar, arrangement, p rofilering a v kommunen/området år etter år.Prosjekt tiltak kan maksimalt støttast i fem år. Slike tiltak vil gjerne gå over i ein driftsfase lengefør det er gått fem år. Når kommunane støtter slike tiltak bør de gjere ei vurdering av om dette erei løyving for å set te i verk nye tiltak, og også gje signal om at på sikt må tiltaket over i eindriftsfase.

LånTidlegare var det høve til å nytte næringsfondet til å gje lån. Dette er ikkje lenger mogleg. No erdet kun høve til å gje tilskot.

SamfinansieringMed samfinansiering vert det meint at ein ikkje kan gå inn med midlar i eit tiltak/prosjekt som fårstøtte frå same opphavlege kjelde (KM D/fylkeskommunen ) , til dømes skal ein ikkje nyttenæringsfonda til noko som fylkeskommunen eller Innovasjon Norge støttar (gjeld midlane IN fårav fylkeskommunen til bedriftsretta tiltak). Det kan berre i heilt spesielle tilfelle vere finansieringav eit prosjekt både frå fylkeskommunen og kommunale næringsfond. Dersom det skal gjerastunnatak må støtta ha utløysande effekt f or prosjektet, og det må vere prosjekt med regionaleffekt. Unnatak skal avklarast mellom fylkeskommunen og kommunane på førehand.

Page 17: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Side 3 av 3

Utløysande effektI retningslinene står det at tilskotet skal ha utløysande effekt. Det er ikkje tilstrekkeleg at tilskote ter med på å oppretthalde eit tilbod.

Med utløysande effekt meiner vi at tilskot skal vere avgjerande for at tiltak/prosjekt vertgjennomført. Det kan også bli rekna som utløysande effekt at prosjekt/tiltak blir realisert i denforma/omfanget, eller i t råd med den tidsplanen som er ynskjeleg.

Tilskot skal ikkje bli gitt fo r å oppretthalde eit tilbod. Ein skal heller ikkje gi tilskot for å signaliserevelvilje eller gi støtte til ein søkjar fordi ein annan søkjar har fått støtte .

Page 18: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Postadresse: Postboks 185 5804 Bergen BeBesøksadresse: Strandgaten 229 Telefon: 55 23 80 00 Telefaks: 57 85 04 94

Organisasjonsnr: 971 203 420 E-postadresse: [email protected] Internett: www.fiskeridir.no

Kystverket Adm.eining: Forvaltningsseksjonen i region

Vest

Postboks 1502 Sakshandsamar: Kari Morvik

Telefon: 90734161

6025 ÅLESUND Vår referanse: 17/17430

Dykkar

referanse:

Dato: 03.04.2019

SOGN OG FJORDANE - SOLUND KOMMUNE, KARTLEGGING AV

FISKERINÆRINGSAKTIVITET I STATLIGE FISKERIHAVNER

Vi viser til oversending fra Fiskeridirektoratet i juni 2018 vedlagt excelark med våre

kommentarer om fiskeriaktivitet i statlege fiskerihamner.

Vi høyrte Sogn og Fjordane Fiskarlag i saka og fikk uttale til de enkelte havnene i Solund

kommune. Våre kommentarer på excelarket når det gjelder anlegg i Solund bygger i

hovedsak på uttale fra fiskarlaget.

Solund kommune har tatt kontakt med oss og pekt på at det må være gjort ein feil ved

prioritering av hamnene Steinsøysundet og Hersvik. Vi viser her også til brev til Kystverket

av 15.03.2019 frå Solund kommune.

Steinsøysundet fiskerihavn

Solund kommune har gitt utfyllende opplysninger til oss i e-post 27.03.2017:

«Det er som opplyst fiskefartøy som nyttar Steinsøysundet fiskerihamn, m.a. MS Sulebas og MS

Øygutt. Elles er det fiskerikai og industrikai i tilknyting til kystverket si almenningskaia på Lundøy.

Selstad AS har notvaskeri og lager på Lundøy. Her er regelmessig fiskefartøy og oppdrettsfartøy i

hamna.

Når fiskarlaget har oppgjeve at Lundholet fiskerihamn er aktiv har det truleg skjedd ved ei mistyding.

Lundsholet fiskerihamn ligg innafor Steinsøysundet fiskerihamn. Lundsholet fiskerihamn har ikkje

molo eller kai, men det har vore gjort ei utdjuping/utviding i sundet for mange år sidan.»

Det er grunn til å tro at det har skjedd en misforståelse når det gjelder havnene Lundsholet

og Steinsøysundet/Oldersundet. Lundsholet er i følge opplysninger i Kystinfo.no, Type kanal

og Historisk (avhendet).

Page 19: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

17/17430

2

Fiskerihamna i området er gitt navnet Steinsøysundet/Oldersundet. Opplysninger til og fra

oss gitt til Lundsholet gjelder for Steinsøysundet/Oldersundet fiskerihamn.

Steinsøysundet fiskerihamn er en aktiv fiskerihavn.

Hersvik fiskerihamn

Solund kommune har bedt oss om å vurdere denne havnen på nytt i forhold til status som

fiskerihavn. Kommunen har gitt utfyllende opplysninger til oss i e-post 27.03.2017:

«Det er som opplyst ein taretrålar MS Buskalg som nyttar hamna i Hersvik. Fartøyet har og privat

hamn i Kråkenes på vestsida av Hersviksundet. Elles er hamna eit knutepunkt for fiskerimiljøet i Nord-

Solund.»

I forbindelse med kartlegging av fiskeriaktivitet i fiskerihavnene i Hordaland og Sogn og

Fjordane, sende vi ut et spørreskjema til fiskarlagene. Spørsmålene er i hovedsak hentet fra

veileder – «Vurdering av næringsaktivitet i statlige fiskerihavner - Momenter som taler for

næringsaktivitet». Vi fikk grundige tilbakemeldinger fra Solund Fiskarlag med utfylte

skjema. Når det gjelder opplistede momenter som skal tale for næringsaktivitet, er det gitt

negativt svar på alle punkt.

Det som ikke var tatt med i skjema var tarenæringen sin bruk av havna, og med det fikk vi

heller ingen tilbakemelding på dette punktet.

Vi foretok sporing av fartøy som har vært innom havnen i 2017 og har gjentatt dette for 2018.

Sporingsresultatet viser ingen anløp av fiskefartøy med AIS sporing, men vi kan ikke

utelukke at mindre fiskefartøy har vært brukere av havnen. Vi ser av sporingsresultatet at

MS Buskalg var bruker av havnen både i 2017 og 2018.

I vår prioritering av andre fiskerihavner har vi vurdert taretrålnæringen sin bruk av havnene

som «fiskeriaktivitet» jfr. våre oversendelsesbrev fra sommer 2018.

I dette tilfellet bruker MS Buskøy havna som ligge-/anløpshavn. Vi har i forbindelse med

vurdering av andre havner som er brukt som hjemmehavn for en enkelt registrert fiskebåt,

vurdert havnen som «aktiv fiskerihavn». Ut fra opplysninger fra kommunen har MS Buskøy

privat havn i Kråkenes, vi er derfor i tvil om Hersvik fiskerihamn kan karaktiseres som

hjemmehavn for MS Buskøy. Dersom opplysningene fra Solund kommune er korrekte i

forhold til at havna er knutepunkt for fiskerimiljøet i Nord-Solund og anløps-/liggekai for

MS Buskøy, som våre sporingsresultat tyder på, vurderer vi Hersvik fiskerihavn som

«aktiv». Vi anbefaler Kystverket å gå i dialog med Solund kommune for nærmere avklaring.

Med hilsen

Leni Marie Lisæter

seksjonssjef Kari Morvik

seniorrådgiver

Brevet er godkjent elektronisk og blir sendt uten håndskrevet underskrift

Mottakarliste:

Kystverket Postboks 1502 6025 ÅLESUND

Page 20: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

17/17430

3

Kopi til:

Fiskeridirektoratet Postboks 185

Sentrum

5804 BERGEN

Sogn & Fjordane Fiskarlag Postboks 173 6701 MÅLØY

Solund kommune Hardbakke 26 6924 HARDBAKKE

Page 21: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Solund kommune

Arkiv: K1 - 030, K2 - U01

ArkivsakID: 18/157

JournalpostID: 19/1166

Sakshandsamar: Anne Kristine Dyrdal

Dato: 02.04.2019

Saksframlegg

Saksnr. utval Utval Møtedato

021/19 FORMANNSKAP 11.04.2019

Bruk av opsjon i avtale om næringsarbeid i Solund kommune

Administrasjonssjefen sitt framlegg til vedtak: Solund formannskap nyttar seg av retten til opsjon i avtalen om kommunalt næringsarbeid med Nordhordland Næringshage AS, 1 år gjeldande fram til 31. juni 2020. Solund formannskap bed adminstrasjonen om å legge fram ei alternativ løysing for det kommunale næringsarbeidet som er i samsvar med samfunnsdelen i kommuneplanen, før 1. juli 2020. Denne løysinga må vere vedteken og klar før avtalen går ut. Vedlegg i saka: 28.06.2018 Forvaltning av næringsarbeid i Solund kommune 09.05.2018 Vedlegg 1 - Skildring av oppdrag - næringsarbeid for Solund kommune 18.07.2018 Underskriven avtale om leveranse av fyrstelineteneste og forvaltning av

næringsfond og næringslån for Solund kommune Andre dokument i saka: Forvaltning av næringsarbeid i Solund kommune

Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Kva saka gjeld: Bruk av opsjon i avtale om næringarbeid mellom Nordhordland Næringshage AS og Solund kommune. Saksutgreiing: Etter at HAFS Utvikling vart avvikla måtte Solund kommune finne nye løysingar for organsiering av næringsarbeidet i kommunen. Det var difor behov for å finne ei mellombels løysing for organisering og drift av næringsarbeidet. Våren 2018 vart det lyst ut anbodskonkurranse med invitasjon om deltaking til tre aktørar, der alle tre

Page 22: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

svarte på tilbodet. Nordhordland Næringshage AS vann anbodskonkurransen. Solund kommunestyre vart tilrådd å godkjenne avtalen med Nordhordland Næringshage AS i juni 2018, og Solund kommune inngjekk avtale med denne aktøren sommaren 2018. Vedtaket som vart gjort i saka, med saksnummer 022/18: Solund kommunestyre godkjenner avtale med Nordhordland Næringshage AS om kjøp av fyrstelinetenester og forvaltning av næringsford i eit år med opsjon for eit år slik den ligg føre. Nordhordaland Næringshage AS har oppfylt avtalen så langt og levert dei tenesten som kommunen har bede om. Det har vore handsama fire næringsfondsaker og ingen næringslånsaker. Med så få saker har ein framleis ikkje heilt funne forma på saksutgreiinga og tildelingane. Ei drøfting av desse tinga vert lagt fram som ei eiga drøftingssak i dette møtet, dersom opsjonen vert vedteken. Det første året er nesten omme og det er behov for å ta stilling til om ein ynskjer å vedta opsjonen i avtalen eller om ein ynskjer å finne ei anna løysing på dette arbeidet. Det har gått nær eit år der ein ikkje heilt har kome heilt skikkeleg i gang i sakshandsaming i næringsarbeidet, med berre handsaming av fire saker. Det er like fullt levert ei god teneste av Nordhordland Næringshage AS, i samsvar med avtalen. Avtalen går ut 30. juni 2019 og ein ser ikkje at administrasjonen har høve til å finne ei anna fullgod løysing, før avtalen går ut. Kostnaden for år nummer 2 vil i samsvar med avtalen vere på NOK 350.000,- eks. mva. pr. år. Det neste året fram til 30. juni 2020 bør nyttast til å finne ei permanent løysing for næringsarbeidet i Solund kommune, der drøftingane i Solund kommune sin samfunnsdel kan gje overordna føringar for korleis næringsarbeidet bør organiserast på lang sikt. Vurdering: Administrasjonen i Solund kommune vurderer tenestene som Nordhordland Næringshage AS leverer å vere i samsvar med avtalen, og tilrår at Solund formannskap nyttar seg retten på opsjon på eit år fram til 31. juni 2020. Etter endeleg vedtak utskrift til: Nordhordland Næringshage

Page 23: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Solund kommune

Arkiv: K1 - 030, K2 - U01

ArkivsakID: 18/157

JournalpostID: 18/1693

Sakshandsamar: Tor Arne Hauge

Dato: 04.06.2018

Saksframlegg

Saksnr. utval Utval Møtedato

034/18 FORMANNSKAP 07.06.2018

022/18 KOMMUNESTYRE 07.06.2018

Forvaltning av næringsarbeid i Solund kommune

Administrasjonssjefen sitt framlegg til vedtak:

Solund kommunestyre godkjenner avtale med Nordhordland Næringshage AS om kjøp av fyrstelinetenester og forvaltning av næringsfond i eit år med opsjon for eit år til slik den ligg føre.

07.06.2018 FORMANNSKAP Handsaming:

Ordførar Gunn Åmdal Mongstad seier seg ugild i saka etter Forvaltningslova § 6 bokstav c og forlèt møtet. Votering: Administrasjonssjefen sitt framlegg til vedtak vert samrøystes vedteke.

FOR-034/18 Vedtak i: Solund kommunestyre godkjenner avtale med Nordhordland Næringshage AS om kjøp av fyrstelinetenester og forvaltning av næringsfond i eit år med opsjon for eit år til slik den ligg føre.

07.06.2018 KOMMUNESTYRE Handsaming: Ordførar Gunn Åmdal Mongstad seier seg ugild i saka etter Forvaltningslova § 6 første ledd, bokstav c.

Page 24: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Representanten Anne Marie Gåsvær Færøy seier seg ugild i saka etter Forvaltningslova § 6 første ledd, bokstav a. Representantane forlèt møtet. Votering: Formannskapet sitt framlegg til vedtak vert samrøystes vedteke. KOM-022/18 Vedtak i: Solund kommunestyre godkjenner avtale med Nordhordland Næringshage AS om kjøp av fyrstelinetenester og forvaltning av næringsfond i eit år med opsjon for eit år til slik den ligg føre.

Vedlegg i saka: 08.05.2018 Konkurransegrunnlag kommunalt næringsarbeid 09.05.2018 Vedlegg 1 - Skildring av oppdrag - næringsarbeid for Solund kommune 22.05.2018 Tilbodsbrev 22.05.2018 Vurderingtabell tilbod næringsarbeid 25.05.2018 Innstilling av leverandør - Kommunalt næringsarbeid 04.04.2018 Tilskot til kommunale næringsfond og stimuleringstilskot for 2018 04.06.2018 Avtale Nordhordland Næringshage AS og Solund kommune Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.:

· Retningsliner for tildeling av midlar til kommunale næringsfond. Sogn og Fjordane Fylkeskommune -Gjeld frå 2018

· Retningsliner for arbeidsdeling i finanssaker

Kva saka gjeld: Godkjenning av avtale om kjøp av tenester innan kommunalt næringsarbeid. Saksutgreiing: Etter at HAFS Utvikling er avvikla må Solund kommune finne nye løysingar for organisering av næringsarbeidet. Drøftingane som vert gjort i samband med utforminga av kommuneplanen sin samfunnsdel kan gje overordna føringar for korleis næringsarbeidet bør organiserast på lang sikt. Samfunnsdelen vert jobba med utetter våren, og vert truleg vedteken hausten 2018. Solund kommune må difor finne ei mellombels løysing for organisering og drift av næringsarbeidet. Mellombels løysing for næringsarbeidet må på plass snarast. Solund formannskap gjorde i fsak 017/18 fylgjande vedtak:

Solund formannskap ber om at administrasjonen utformar eit enkelt konkurransegrunnlag for kjøp av fyrstelinetenester og forvaltning av kommunalt næringsfond og næringslån. Avtaleperioden bør vere 1 år med opsjon for forlenging i inntil 1 år til. Solund formannskap ber om at administrasjonen hentar inn tilbod frå 2-3 mogelege leverandørar av fyrstelinetenester.

Page 25: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Solund kommunestyre må endeleg godkjenne avtale om kjøp av fyrstelinetenester. Det vert lagt fram sak om retningslinjer for næringsfond til kommunestyret i juni.

Administrasjonen utforma eit konkurransegrunnlag som vart sendt ut til tre aktørar med tilbodsfrist 22.05.18. Dei førespurde aktørane var:

· Nordhordland Næringshage AS · Aksello AS · Tom Erling Bahus/Bauge og Bahus AS

Alle dei førespurte sendte inn tilbod innan fristen. Administrasjonen vurderte dei innkomne tilboda utifrå kriteria som låg i konkurransegrunnlaget. Nordhordland Næringshage AS vart vurdert til å ha et beste tilbodet. Dei tilbyr å tilsetje ein lokal ressurs i minimum 50% stilling som m.a. skal utføre tenester knytt til fyrstelinetenesta og førebuing av næringssaker til politisk handsaming. Viser elles til vedlagde konkurransegrunnlag og vurderingstabell. 25.05.2018 vart innstilling til val av leverandør sendt ut til dei tre tilbydarane. Nordhordland Næringshage og administrasjonen i Solund kommune utforma eit framlegg til avtale om kommunalt næringsarbeid. Forslag til nye retningsliner for forvaltning av næringsfond vert handsama i eiga sak. Vurdering: Adminstrasjonen i Solund kommune vurderer tilbodet frå Nordhordland NæringshageAS til å vere det beste, og tilrår at Solund kommunestyre godkjenner avtalen slik den ligg føre. Etter endeleg vedtak utskrift til:

Page 26: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Vedlegg 1

Kommunalt næringsarbeid - fyrstelinetenester og forvaltning av næringsfond og næringslån for Solund kommune

Skildring av oppdraget

Innleiing

Kommunane skal ha ei aktiv rolle i næringsutviklingsarbeidet. Kommunane skal konsentrere sitt

arbeid om etablerarar og småskala næringsliv. Kommunane er normalt første kontaktpunkt i tidleg

fase og ein samtalepartnar for foredling og vidareutvikling av bedrifta eller etableraren sin ide.

Kommunane må kunne yte praktisk bistand i oppstarts - eller planleggingsfasen.

Eit av virkemidla som kommunane har innan næringsarbeidet er det kommunale næringsfondet.

Dette fondet er øyremerka lokal næringsutvikling. Kommunane har stort sett kvart år fått overført

midlar til påfylling på det kommunale næringsfondet. Det vert stilt ein del vilkår for denne tildelinga.

Vilkåra kan endre seg over tid saman med andre rammevilkår, retningsliner og satsingsområde frå

stat og fylkeskommune.

Korleis kommunane vel å løyse sine oppgåver innan næringsutvikling varierer, både mellom

kommunar og over tid. Inntil 2014 kjøpte Solund kommune tenester frå Solund næringsutvikling AS

for å løyse delar av næringsarbeidet. Kjøpet gjaldt fyrstelinetenesta og gjennomføring av særskilde

prosjekt. I perioden 2015 til 2017 kjøpte Solund kommune tenester frå Hafs Utvikling AS. HAFS

Utvikling utførte alle næringsutviklingsoppgåvene for Solund kommune, inkludert forvaltning av

næringsfondet. HAFS Utvikling vart avvikla ved utgangen av 2017.

Solund kommune ynskjer å bruke litt tid på å utvikle ein langsiktig løysing for utviklingsarbeidet i

Solund, der næringsutvikling er ein vesentleg del av oppgåva. For å løyse næringsutviklingsarbeidet i

ein periode før ei langsiktig løysing er på plass, ynskjer Solund kommune å kjøpe tenester eksternt.

Kva for tenester ynskjer Solund kommune å kjøpe?

Solund kommune ynskjer å kjøpe tenester for å løyse alle oppgåver innan det kommunale

næringsarbeidet i ein periode på eit år, 01.07.2018- 30.06.2019, med opsjon for inntil eit år til.

Leveransen må stette alle krav som fylke og stat stiller til næringsarbeidet i kommunane, jfr brev frå

Sogn og Fjordane fylkeskommune datert 22.03.2018. Sjå vedlegg 2. Kommunane skal konsentrere sitt

arbeid om etablerarar og småskala næringsliv, og sikre at dei har tilgang til rådgjeving, nettverk,

mobilisering og finansiering.

Solund kommune har i sitt budsjett sett av kr 350 000,- årleg til kjøp av tenester innan kommunalt

næringsarbeid.

Page 27: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Desse tenestene vil Solund kommune kjøpe i perioden 01.07.2018-30.06.2019, med opsjon for inntil

1 år til:

1. Fyrstelineteneste der minimum ein person i 50% stilling skal vere disponibel for oppgåver

knytt til fyrstelinetenesta og kontaktinformasjon er lett tilgjengeleg for målgruppa.

2. Forvaltning av kommunalt næringsfond og kommunale næringslån i tråd med vedtekne

retningsliner, bruke www.regionalforvaltning.no som verktøy i arbeidet med næringsfond og

næringslån, årsrapportering til KMD og Fylkeskommunen.

3. Sakshandsaming/saksførebuing av søknader om næringslån og tilskot frå det kommunale

næringsfondet.

4. Informasjonsarbeid for å synleggjere fyrstelinetenesta og tilbodet til etablerarar og småskala

næringsliv i Solund.

5. Rådgjeving til etablerarar og småskala næringsliv.

Kva forventar me av dokumentasjon i tilbodet?

Vi ynskjer at det i eventuelle tilbod vert synleggjort kva de som tilbydar kan tilby for denne summen,

og korleis tilbydar ser for seg å tilby tenester til etablerarar og småskala næringsliv.

Page 28: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

( =.få?-.")

nonnuonuuun "!=” .NRRIHGSHAGE imr:

Avtale mellom Solund kommune og Nordhordland Næringshage AS om

kommunalt næringsarbeid — om leveranse av fyrstelinetenester og

forvaltning av næringsfond og næringslån for Solund kommune

Avtalen viser til:

KONKURRANSEGRUNNLAG

Avgrensa tilbodskonkurranse etter del Iog II i forskrifta for innkjøp av

Kommunalt næringsarbeid -fyrstelinetenester og forvaltning av næringsfond og næringslån for

levering til Solund kommune

Og levert TILBOD frå Nordhordland Næringshage AS datert 22. mai 2018 i denne tilknytinga.

Saksnr. 18/157

FØ re m ålNordhordland Næringshage AS vert leverandør av kommunalt næringsarbeid — fyrstelinetenester og

forvalting av næringsfond og næringslån for Solund kommune.

Innhald

Dette inneber eit ansvar for leveranse av fyrstelinetenester og forvaltning av næringsfond og

næringslån for Solund kommune.

Nordhordland Næringshage AS har hovudkontor på Mastrevik Torg i Austrheim kommune, men er og

lokalisert i Solund med ein eigen avdeling. I Solund er her per dags dato tilsett ein ressurs i 40 %

stilling, som saman med hovudavdelinga i Austrheim, driv næringshagearbeid opp mot næringsliv og

bedrifter i Solund gjennom Næringshageprogrammet og samarbeidsavtalar.

lkontraktsperioden vil ein ekstra ressurs med lokal tilknytning vere tilsett i minimum 50 % stilling i

Nordhordland Næringshage og ha base i næringshagen si avdeling i Solund for å utføre tenestene

knytt til fyrstelinetenesta og forvaltning av næringsfond og næringslån for Solund kommune og anna

næringshagearbeid.

Utover dette utgjer Nordhordland Næringshage og samarbeidspartnar Gulen og Masfjorden

Næringshage eit samla kompetansemiljø med mykje ulik kunnskap og erfaring som vil bidra aktivt inn

i leveransen av dei ulike oppgåvene i avtalen.

Nordhordland Næringshage AS

Mastrevik Torg 5943 Austrheim

Org: 998 557 542m. _ tlf: 48 20 72 57

% räåélélésHABEHE katet-nhmo

www.gmnh.no

Page 29: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

[ ran.af:.nonnuonnuuu =)) ,mmssm gm.» s=:

Fylgjande oppgåver og aktivitetar inngår i avtalen:

Fyrste/ineteneste

Nordhordland Næringshage leverer fyrstelineteneste til Solund kommune og næringshagen vil som

leverandør av denne tenesta vere fyrste kontaktpunkt i tidleg fase for etablerarar og bedrifter.

Næringshagen skal yte praktisk bistand i oppstarts- eller planleggingsfase og sikre at småskala

næringsliv og etablerarar får tilgang til viktig informasjon, nettverk og kompetanse. Næringshagen

skal yte rådgjeving og rettleiing, samt vere samtalepartnar for vidareutvikling av etableraren eller

bedrifta sin ide.

Ressursbruk knytt til fyrstelinetenesta vil løysast ihht beskriving over.

Tilgjengeleg kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon om leverandør av tenestene, skal vere tilgjengeleg gjennom Solund kommune

sine nettstadar, itillegg til hjå Nordhordland Næringshage sine eigne nettstadar, både på heimeside

og i sosiale media, for målgruppa og andre interessentar.

Forvaltning av næringsfond

Nordhordland Næringshage leverer forvaltning av kommunalt næringsfond og kommunale

næringslån og skal handtere denne oppgåva i tråd med vedtekne retningslinjer, bruke

www.re ionalforvaltnin .no som verktøy i arbeidet med næringsfond og næringslån, og utarbeide

årsrapport til KMD og Fylkeskommunen. Informasjon om retningslinjer for kommunalt næringsfond

og kommunale næringslån skal liggje ute på www.renionalforvaltninu.no.

Ressursbruk knytt til forvaltning av næringsfond og næringslån vil løysast på lik line med

fyrstelinetenesta skildra over.

Sakshandsaming/saksførebuing av søknaderNordhordland Næringshage leverer sakshandsaming og saksførebuing av søknader om næringslån og

tilskot frå det kommunale næringsfondet.

Ressursbruk knytt til dette arbeidet, vil løysast på lik line med utføring av dei øvrige oppgåvene

skildra over.

Nordhordland Næringshage AS

Mastrevik Torg 5943 Austrheim

Org: 998 557 542man tlf: 48 20 72 57

% rääléläSHAGEllE katet-nhmo

www.gmnh.no

Page 30: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

(

rinnouonowm »”Hamsuns! 1 ,

Profilering av tenestetilbodet

Nordhordland Næringshage skal utøve informasjons— og profileringsarbeid for å synleggjere

fyrstelinetenesta og tilbodet til etablerarar og småskala næringsliv i Solund, gjennom aktiv bruk av

kommunens og næringshagemiljøet sine eigne kanalar. Næringshagen vil også drive aktivt

marknadsføringsarbeid gjennom aktivitetar som bedriftsbesøk, kompetansehevande tiltak som

faglege og sosiale arrangement for målgruppene, og andre passande aktivitetar etter behov.

Rådgjeving til etablerarar og småskala næringsliv.

Nordhordland Næringshage skal tilby rådgjeving til etablerarar og småskala næringsliv. Itillegg vil

næringshagen kunne bistå etablerarar og næringsliv med utviklingsarbeid gjennom eigne

samarbeidsavtalar i Næringshageprogrammet.

Va righeit

Avtalen vert inngått for eit år frå 01.07.2018 med opsjon på inntil eit år til.

For denne leveransen får Nordhordland Næringshage NOK 350 000,- eks. mva. pr. år.

Avtalen er signert i 2 eksemplar, eit til kvar av partane og er bindande fram til 31. juni 2019.

Austrheim, 20. juni 20 43i i '

m k. ”/{L fig ,,‘\

Erik Askeland Kate Bentzen

Adminstrasjonssjef Dagleg leiar

Solund kommune Nordhordland Næringshage AS

Nordhordland Næringshage AS

Mastrevik Torg 5943 Austrheim

Org: 998 557 542

men , tlf: 48 20 72 57

wggmm katet-nhmo

www.gmnh.no

Page 31: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Solund kommune

Arkiv: K2 - U30, K3 - &01

ArkivsakID: 17/305

JournalpostID: 19/1193

Sakshandsamar: Anne Kristine Dyrdal

Dato: 03.04.2019

Saksframlegg

Saksnr. utval Utval Møtedato

022/19 FORMANNSKAP 11.04.2019

Kostnadsfordeling på advokatutgifter i samband med Gjøa-avtalen

Administrasjonssjefen sitt framlegg til vedtak: Med atterhald om semje mellom dei aktuelle kommunane i HAFS regionråd, vedtek Solund kommunestyre framlegg til fordeling av advokatutgifter i samband med gjennomføring av Gjøa-avtalen.

Kostnaden kr. 38.077,- vert finansiert frå ……………. og overført til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Vedlegg i saka: 10.09.2018 Advokatutgifter i samband med oppfølging av Gjøa-avtalen 20.02.2019 Fordeling advokatutgifter i HAFS kommunane ved gjennomføring av Gjøa-

avtalen 08.06.2018 Lutelandet Utvikling AS Offentleg Rekneskap 2017

Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Kva saka gjeld: Fordeling av kostnaden med advokatutgifter i samband med Gjøa-avtalen. Saksutgreiing: I brev av 04.09.2018 sende Sogn og Fjordane fylkeskommune brev til alle kommunane i HAFS der dei ber om at kommunane dekkar 40 % av advokatkostnadane i samband med Gjøa-avtalen. Samla kostnad er kr. 823.000,- eks. mva. og kommunane sin kostnad er kr. 330.000,- vert føreslått delt likt på dei 5 kommunae i HAFS regionråd. Saka har vore drøfta i regionrådet og det har komme fram ulike syn på kva som er

Page 32: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

ein rett kostnadsfordeling. Bakgrunnen for saka er knytt til utvikling av industriområdet på Lutelandet med inntil kr. 75 mill. i tilskot frå Neptune Energy Norge AS, til framføring av kraftline frå Håland til Lutelandet. Ordførar og rådmann i Askvoll kommune har i brev av 09.01.2019 til dei andre HAFS kommunane, sendt eit forslag til alternativ kostnadsfordeling som bygger på eigarinteressene i Lutelandet Utvikling AS. Brevet ligg som vedlegg til saka. Vurdering: Under føresetnad om semje mellom dei aktuelle kommunane, vert det tilrådd å godta kostnadsfordelinga som er skissert frå Askvoll kommune. Formannskapet kan løyve pengar frå Tilleggsløyving til formanskapet sin disposisjon. Etter endeleg vedtak utskrift til:

Page 33: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Side 1 av 2

Besøksadresse: Postadresse: E-post: [email protected]

Telefon: 57638000

Bankgiro: 4212 02 02000

Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER

Heimeside: www.sfj.no

Org.nr : NO 941 388 841 MVA

Kommunane Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad og Solund

Fylkesrådmannen

Sakshandsamar: Trude Helen Flåten

E-post: [email protected] Tlf.: 41530613

Vår ref. Sak nr.: 16/2079-103

Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr.

40928/18 Dykkar ref.

Dato

LEIKANGER, 04.09.2018

Advokatutgifter i samband med oppfølging av Gjøa-avtalen Viser til Gjøa-avtalen og korrespondanse mellom kommunane og fylkeskommunen om Gjøa-saka, m.a. brev av 27.04.17. Oppfølging av Gjøa-avtalen Etter Gjøa-avtalen med tilleggsavtale (heretter omtala som Gjøa-avtalen) skal Neptune Energy Norge AS (tidlegare Engie E&P Norge AS), heretter omtala som Neptune, bidra med eit beløp på inntil 75 mill. kr. til kraftlinje og transformatorstasjon på Lutelandet. Neptune har tidlegare stilt spørsmål ved om bidraga vil utgjere ulovleg statsstøtte. Sidan 2016 har fylkeskommunen arbeida for at Engie/Neptune skal oppfylle forpliktingane sine etter Gjøa-avtalen. Etter pre-notifikasjon frå fylkeskommunen stadfesta EFTAs overvakingsorgan (ESA) gjennom eit såkalla «comfort letter» at bidraga etter Gjøa-avtalen ikkje utgjer statsstøtte, sjå vedlagde brev. Ved ein avtale om notifikasjonsprosess hadde Engie på førehand forplikta seg til å akseptere ESA sitt syn og betale bidraga i samsvar med Gjøa-avtalen, dersom ESA i eit slikt comfort letter gav uttrykk for at bidraga ikkje utgjer statsstøtte. Kommunane fekk tilsendt denne avtalen ved brev av 27.04.17. Etter stadfestinga frå ESA har fylkeskommunen arbeida med å få på plass ein avtale om gjennomføring av Gjøa-avtalen (heretter omtala som gjennomføringsavtalen), der Neptune skulle forplikte seg til fleire betalingstidspunkt. Neptune gjekk med på gjennonføringsavtalen mot at Lutelandet Energipark AS betalar første faktura på 10 % av estimert anleggsbidrag. Neptune, Lutelandet Energipark AS, Sunnfjord Energi AS og fylkeskommunen signerte gjennomføringsavtalen i sommar, sjå vedlagde avtale. Etter dette vurderer fylkeskommunen arbeidet med å sikre at Neptune oppfyller forpliktingane sine som fullført. Advokatutgifter I arbeidet med saka har fylkesrådmannen nytta Wikborg Rein Advokatfirma, som fylkeskommunen har rammeavtale med om juridiske tenester. Arbeidet har m.a. omfatta vurderingar av ulike handlingsalternativ, dialog med Neptune, utarbeiding av avtale om notifikasjonsprosess for ESA, utarbeiding av pre-notifikasjonen, kontakt med ESA og departementet i høve statsstøtte-spørsmålet, utforming av gjennomføringsavtalen m.m. Totalt har fylkeskommunen hatt advokatutgifter på rundt 823 000 kr ekskl. mva. I tillegg til dette har fylkesrådmannen nytta ressursar i administrasjonen på saka. Som kjent har Gjøa-avtalen sin bakgrunn i at Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gav Statoil anleggskonsesjon for sjøkabel frå Mongstad til Gjøa-feltet. Stortinget hadde tidlegare signalisert at straumen skulle hentast frå Lutelandet dersom tilkopling var teknisk mogleg og miljømessig forsvarleg, sjå m.a. Innst. S.nr. 278 (2006-07). Kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen klaga difor på NVE sitt vedtak, til liks med fylkeskommunen, Vestavind Kraft AS, Sunnfjord Energi AS, og SFE Nett AS. Etter oppmoding frå departementet forhandla klagarane fram ein avtale med Statoil. (Gjøa-avtalen vart opphavleg inngått mellom fylkeskommunen og Statoil. Ved tilleggsavtale av 12. september 2012 vart delar at Statoil sine forpliktingar etter Gjøa-avtalen overført til Engie (no kjøpt opp av Neptune), som følgje av at Engie overtok operatøransvaret for Gjøa-feltet.) Så framt alle trekte klagene sine, skulle Statoil ifølgje Gjøa-avtalen m.a. bidra til etablering av infrastruktur på Lutelandet. Berre fylkeskommunen signerte avtalen med Statoil, men fylkeskommunen representerte dei regionale interessene i forhandlingane og ved avtaleinngåinga. Alle klagarane, inkludert kommunane, trekte klagene sine i samsvar med Gjøa-avtalen.

Page 34: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Side 2 av 2

Fylkeskommunen har tidlegare orientert kommunane om utfordringane med oppfølging av Gjøa-avtalen. Fylkesordføraren stilte t.d. på eit møte i HAFS Regionråd i desember 2016. Regionrådet gav uttrykk for at Gjøa-avtalen er viktig for regionen. I arbeidet med statsstøttespørsmålet bad fylkeskommunen kommunane om deira tilslutning til avtalen om notifikasjonsprosess og handteringa av saka. Dei fem kommunane handsama saka samla i samband med eit møte i HAFS regionråd. Kommunane hadde ingen merknadar til at fylkeskommunen skulle følgje opp saka slik avtaleutkastet skisserte, jf. rådet sitt vedtak i sak 12/17. Sidan fylkeskommunen signerte Gjøa-avtalen, har vi tatt ansvaret for arbeidet med å sikre at avtalen blir gjennomført. Avtalen kom likevel i stand fordi både kommunane, fylkeskommunen og kraftselskapa klaga på NVE sitt vedtak, og fylkeskommunen representerte også kommunane sine interesser ved avtaleinngåinga. På denne bakgrunn meiner fylkeskommunen det er rimeleg at dei fem kommunane dekkjer ein mindre del av fylkeskommunen sine advokatutgifter. Fylkesutvalet vurderte det slik i møte 31.08.18. Vi vil med dette brevet oppmode kommunane om å dekkje i alt 40 % av utgiftene til oppfølging av Gjøa-avtalen. Dette vil utgjere om lag 66 000 kr for kvar kommune. Dersom også kommunane finn dette rimeleg, kan kvar av kommunane overføre eit beløp som her nemnd til fylkeskommunen sin konto 4212 02 02000. Med helsing Tore Eriksen fylkesrådmann Brevet er elektronisk godkjent og er utan underskrift

Vedlegg: Comfort letter frå ESA Avtale om gjennomføring av Gjøa-avtalen Mottakar (ar) Askvoll kommune Fjaler kommune Gulen kommune Hyllestad kommune Solund kommune

Page 35: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel
Page 36: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Årsrekneskap 2017Lutelandet Utvikling AS

ResultatrekneskapBalanse

Notar til rekneskapen

Org.nr.: 988 545 171

Page 37: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

ResultatrekneskapLutelandet Utvikling AS

Driftsinntekter og driftskostnader Note 2017 2016

Anna driftsinntekt 7 300 000 252 000Sum driftsinntekter 300 000 252 000

Lønnskostnad 1 134 986 318 537Anna driftskostnad 1 831 395 1 931 817Sum driftskostnader 1 966 380 2 250 354

Driftsresultat -1 666 380 -1 998 354

Finansinntekter og finanskostnaderInntekt på investering i annet foretak i samme konsern 2 400 000 2 300 000Anna renteinntekt 35 2 749Annen finansinntekt 0 1 465Nedskrivning av andre finansielle anleggsmidler 14 682 087 0Anna rentekostnad 145 684 74 047Anna finanskostnad 0 1 516Resultat av finanspostar -12 427 736 2 228 651

Årsoverskot/ underskot 5 -14 094 116 230 297

OverføringarAvsett til anna eigenkapital 0 230 297Overført frå anna eigenkapital 14 094 116 0Sum overføringer -14 094 116 230 297

Lutelandet Utvikling AS Side 2

Page 38: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

BalanseLutelandet Utvikling AS

Eigedelar Note 2017 2016Finansielle anleggsmidlarInvesteringar i dotterselskap 8 34 867 913 49 550 000Sum finansielle anleggsmidlar 34 867 913 49 550 000

Sum anleggsmidlar 34 867 913 49 550 000

Omløpsmidlar

Kundefordringer 187 500 271 475Andre fordringar 6 37 364 52 963Sum fordringar 6 224 864 324 438

Bankinnskot, kontantar o.l. 3 4 704 290 718

Sum omløpsmidlar 229 568 615 156

Sum eigedelar 35 097 481 50 165 156

Lutelandet Utvikling AS Side 3

Page 39: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

BalanseLutelandet Utvikling AS

Eigenkapital og gjeld Note 2017 2016Innsk. eigenkapitalAksjekapital 4 1 600 000 1 600 000Sum innsk.eigenkapital 1 600 000 1 600 000

Opptent eigenkapitalAnna eigenkapital 31 195 025 45 289 141Sum opptjent egenkapital 31 195 025 45 289 141

Sum eigenkapital 5 32 795 025 46 889 141

Gjeld til kredittinstitusjoner 6 1 891 552 1 900 000Øvrig langsiktig gjeld 6 0 403 341Sum anna langsiktig gjeld 1 891 552 2 303 341

Kortsiktig gjeldGjeld til kredittinstitusjoner 244 166 0Leverandørgjeld 49 224 60 875Skuldige offentlege avgifter. 16 556 16 719Anna kortsiktig gjeld 100 958 895 080Sum kortsiktig gjeld 410 904 972 674

Sum gjeld 2 302 456 3 276 015

Sum eigenkapital og gjeld 35 097 481 50 165 156

Lutelandet Utvikling AS Side 4

Page 40: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

BalanseLutelandet Utvikling AS

DALE, 04.06.2018

Arve Hellestyreleder

Audun Erik Gisle Sundestyremedlem

Karen Marie Hjelmeseterstyremedlem

Leonora Laukeland Kleivenstyremedlem

Ingunn Sognnesstyremedlem

Lutelandet Utvikling AS Side 5

Page 41: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Rekneskapsprinsipp

Årsrekneskapen er sett opp i samsvar med rekneskapslova og NRS 8, God regnskapsskikk for små foretak.

DriftsinntekterInntektsføring ved sal av varer skjer på leveringstidspunktet. Tenester blir inntektsførte etter kvart som dei blir leverte.

SkattSelskapet sitt føremål er å drive næringsutvikling og ikkje drive med overskot for å skape utbyttetil eigarane. Selskapet er på dette grunnlag fritatt for skatteplikt.

Aksjar i dotterselskapInvesteringar i dotterselskap er vurdert etter kostmetoden ettersom konsernet samla ikkje overstig grensa for små føretak.

FordringarKundefordringar og andre fordringar blir førte opp til pålydande verdi etter frådrag for avsetning til forventa tap. Avsetning til tap blir gjort på grunnlag av ei individuell vurdering av dei enkelte fordringane.

Note 1 Lønskostnader og ytingar, godtgjeringar til dagleg leiar, styret og revisor

Lønskostnader 2017 2016Løner 119 299 283 610Arbeidsgjevaravgift 12 646 31 352Pensjonskostnader 0 0Andre ytingar 3 041 3 575Sum 134 986 318 537

Selskapet har i 2017 sysselsett 0,2 årsverk.

Ytingar til leiande personar Dagleg leiar StyretLøn 0 119 299Pensjonskostnader 0 0Anna godtgjering 0 0Sum 0 119 299

RevisorDet er kostnadsført revisjonshonorar i 2017 for kr 24 700.

Page 42: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Note 2 Skatt

Lutelandet Utvikling sitt føremål er å drive næringsutvikling og ikkje drive med overskot for å skape utbytte til eigarane. Selskapet er på dette grunnlag fritatt for skatteplikt.

Note 3 Bankinnskot

Midlar på skattetrekkskonto (bundne midlar) er kr 3 639.

Note 4 Aksjonærar

Aksjekapitalen i Lutelandet Utvikling AS pr. 31.12 er sett saman av:

Antal Pålydande BokførtOrdinære aksjar 100 1 000,00 100 000

Sum 100 100 000

EigarstrukturDei største aksjonærane i % pr. 31.12 var:

EigarandelOrdinære StemmedelSOGN OG FJORDANE FYLKESK... 48 48,0 48,0FJALER KOMMUNE 34 34,0 34,0ASKVOLL KOMMUNE 6 6,0 6,0HYLLESTAD KOMMUNE 6 6,0 6,0SOLUND KOMMUNE 6 6,0 6,0

Totalt antal aksjar 100 100,0 100,0

Note 5 Eigenkapital

Aksjekapital Overkurs Annan Innskutt

eigenkapital

Annan eigenkapital

Sum eigenkapi

talPer. 31.12.2016 1 600 000 0 0 45 289 141 46 889 141Endringar førte mot EK

0 0

Per 01.01.2017 1 600 000 0 0 45 289 141 46 889 141

Årets resultat -14 094 116 -14 094 116

Per 31.12.2017 1 600 000 0 0 31 195 025 32 795 025

Page 43: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Note 6 Gjeld

2017 2016

Langsiktig gjeld

Gjeld til Sogn og Fjordane Fylkeskommune 0 403 341Gjeld til Sparebanken Sogn og Fjordane 1 891 552 1 900 000Sum 1 891 552 2 303 341

Note 7 Transasjonar og mellomværande med selskap i same konsern m.m.

Omsetning på konto for andre driftsinntekter består av handel/administrering med Lutelandet Eigedom.

Omsetning på konto Adm.bidrag HAFS Utvikling AS består av tilskot til HAFS Utvikling AS merka til næringsutvikling i regionen jf vedtektene til selskapet.

I 2017 var tilskotet på 1 200 000 og i 2016 var det kostnadsført 1 454 000.

Note 8 Dotterselskap, TS og FKV

Eigar-andel

Del aveigenkapital

Del avresultat

Kontor-kommune

Balanseførtverdi

DS/FKV/TS

100,0%Lutelandet Eigedom AS FJALER 32 910 355 492 44249 500 000

Sum 32 910 355 492 44249 500 000

Det er i 2017 foretatt ei ekstraordinær nedskriving med kr 14 682 087,- av eigarposten iLutelandet Eigedom. Dette er gjort med tanke på at eigenkapitalen i LE er ein del lågare ennbalanseført, og dette er ikkje venta å være forbigåande.

Page 44: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Solund kommune

Arkiv: K1 - 074

ArkivsakID: 19/58

JournalpostID: 19/1192

Sakshandsamar: Anne Kristine Dyrdal

Dato: 03.04.2019

Saksframlegg

Saksnr. utval Utval Møtedato

023/19 FORMANNSKAP 11.04.2019

Deltaking i Kystsogevekene

Administrasjonssjefen sitt framlegg til vedtak: Solund kommune melder seg inn i stiftinga «Kystsogevekene» frå og med 2019. Stiftingskapitalen på kr. 10.000,- vert løyvd frå ………… Solund formannskap vel ……………. som representant til deltaking i Kystsogevekene sitt representantskapsmøte den 25. april 2019.

Vedlegg i saka: 06.02.2019 Prosedyre for innmelding i Kystsogevekene 06.02.2019 Presentasjon av kystsogevekene

Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Kva saka gjeld: Innmelding og deltaking i Stiftinga «Kystsogevekene» Saksutgreiing: Stiftinga «Kystsogvekene» er per i dag eit samarbeide mellom 22 kystkommunar i Hordaland og Gulen kommune, i tillegg til Hordaland fylkeskommune. Hordaland fylkeskommune er stiftinga sin viktigaste økonomiske støttespelar. Føremålet til stiftinga er å stimulere og verke som pådrivar og fagleg instans for utvikling av kystkulturtilbod og koordinering av dei årlege Kystsogevekene i Hordaland og Gulen. Sjølve Kystsogevekene har gått føre seg kvart år sidan 1997. I ca. halvanna månad, med oppstart tidleg i august til midten av september, er det mellom 150 og 200 arrangement i frå Gulen i nord til Sveio i sør. Det er lokale arrangørar som har arrangementa, og dagleg leiar føl opp med program, promotering, litt tilskot, etc.

Page 45: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Målet med arrangementa er å fremje kystkulturen og området sitt særtrekk. Kystsogevekene speglar kystkultur frå alle tider, både gammal og ny. Folk får oppleve kystkultur og yrande folkeliv i mange former og uttrykksmåtar. Arrangementa er alt frå festivalar, marknad og utstillingar, til kulturminnevandring, padleturar, vandreturar, skutefest og mykje meir. Stiftinga etablerer og skulearrangement i kommunane, i samarbeide med m.a. friluftsråd. Skulearrangementa er t.d. strandrydding og prosjektet «Snakkast på Fjorden», der borna brukar både store og små båtar, og oppheld seg i, på og ved sjøen ein heil skuledag. Solund kommune ved ordførar og administrasjonssjef, saman med Fjordkysten Friluftsråd var i møte med Kystsogevekene i januar, her i Solund. I samband med den komande regionsamanslåinga mellom Hordaland og Sogn og Fjordane frå 1. januar 2020 har styret og representantskapet i Stiftinga Kystsogevekene vurdert at det er aktuelt og ynskjeleg med ei utviding av stiftinga sitt arbeidsområde. I den samanheng har kommunen blitt kontakta av dagleg leiar med invitasjon til deltaking i stiftinga. Vurdering: Deltaking i Kystsogevekene er eit tiltak som vil vere positivt for Solund kommune, og vil vere ein framifrå arena for å byggje vidare på det potensialet som ligg i kystkulturen. Arrangement som Solunddagen, Kaidagen på Hersvik og laurdagsturane til Utvær, vil kunne dra stor nytte av medlemskap. I tillegg kan ein sjå føre seg at det vert etablert nye arrangement, eller at arrangement som ikkje har vore på ei stund vert teke opp att. Å veret med i stiftinga vil også vere i trå dem Lokal utviklingsstrategi for 2019, der ein seier blant anna at:

· Marknadsføring av Solund knytt til Utvær fyr på den nye 50-lappen · Barn og ungdom i Solund kjenner kommunen sin og erfaring med bruk av Solund

sine sjø- og naturressursar ( jamfør «Snakkast på Fjorden»)

Kystsogevekene er frå tid til anna involvert i andre type kystkulturprosjekt. I den samanheng har sakshandsamar vore i kontakt med Fjordkysten Friluftsråd. Friluftsrådet er positive til å samarbeide om skulearrangement som Kystsogevekene har vore med på å etablere. Deltaking i stiftinga kostar kommunen i utgangspunktet ikkje noko utover ein inngangbillett, som er kr. 10.000,- til stiftinga sin grunnkapital. Driftskotnadane vil elles vere noko arbeidskraft frå ein kommunalt tilsett og deltaking på representantskapsmøta. Som nemnt over vil kommunen si deltaking òg gje lokale aktørar høve til å søkje stiftinga om arrangementttilskot. Administrasjonen tilrår at Solund kommune melder seg inn i stiftinga «Kystsogevekene» frå og med 2019. Formannskapet har høve til å løyve pengar frå Tilleggsløyvingar til formannskapet sin disposisjon. Etter endeleg vedtak utskrift til:

Page 46: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel
Page 47: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Prosedyre for innmelding i Stiftinga Kystsogevekene

1. Kystsogevekene kontaktar kommunaneDagleg leiar orienterer og vonleg vil det oppstå eit lokalt ynskje om å ta del i dette samarbeidet.

2. Kommunestyrevedtak om innmelding - > 10 000 kr til stiftingas grunnkapitalYnskjet om innmelding må fremjast som sak i kommunestyret og det må setjast av 10 000 kroner, som vil gå inn i Stiftinga Kystsogevekene sin grunnkapital.

3. Styremøte i Stiftinga Kystsogevekene8. mars 2019 har Stiftinga Kystsogevekene sitt siste styremøte før representantskapsmøtet og skal då førebu representantskapsmøtet. På dette tidspunktet vil det vera ein fordel om underteikna kan ha oversyn over kva kommunar som ynskjer å vera med i den utvida Stiftinga Kystsogevekene. Dette skuldast at det berre er styret i Stiftinga Kystsogevekene som har høve til å koma med framlegg til nye vedtekter for stiftinga og dei nye vedtektene må sendast ut i lag med innkallinga til representantskapsmøtet.

4. Utsending av innkalling til representantskapsmøtetDenne må sendast ut seinast 3. april (21 dagar før representantskapsmøtet). Sakene som skal handsamast på representantskapsmøtet skal nemnast i innkallinga.

5. Representantskapsmøte i Stiftinga KystsogevekenePå representantskapsmøtet 25. april må minst 2/3 av medlemmene møta og vedtektsendringar krev 2/3 fleirtal. Her må nye kommunar peika ut ein representant som stiller på representantskapsmøtet til Stiftinga Kystsogevekene i år. Dei fleste kommunane plar velja ordføraren (og varaordføraren som vararep) til dette, men her står kvar kommune fritt til å ta sine val. På representantskapsmøtet er det ynskjeleg at nye kommunar i stiftinga presenterer seg (3-5 min, gjerne illustrert med bilete/film) om kommunen og aktuelle arrangement for dei andre kommunane i stiftinga. Møtestad vert Statsraaden Bar på Bradbenken i Bergen.

6. Overføring av innmeldingskontigentI etterkant av representantskapsmøtet skal innmeldingskontigenten på 10 000 kr frå nyinnmeldtkommune overførast til kontonr. 3495.21.36439. (Dersom innmeldinga gjeld kommune som skal slåast saman med annan kommune frå 1. 1. 2020, så deler ein innmeldingsavgifta likt mellom kommunane.) Merk uansett innbetalinga med "Innmeldingskontigent for NN kommune».

7. Godkjenning av nye vedtekter hjå stiftelsestilsynetDei nye vedtektene er ikkje formelt gjeldande før dei er godkjende av stiftelsestilsynet.Dette vert gjort så snart som råd etter representantskapsmøtet og vonleg kan dei nye vedtektene godkjennast før sumaren 2019.

Uavhengig av alt dette formelle kan det kystkulturelle arbeidet starta straks punkt 2 er avklart.

Bergen, 24. januar 2019

Kjell Magnus ØklandDagleg leiar, Stiftinga Kystsogevekene

Page 48: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Kort presentasjon av

Kystsogevekene

Page 49: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Stifting med

22 kommunar

Drifta vert finansiert av

Desse stør med midlar

til arrangmentstøtte:

Page 50: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Gått føre seg

kvart år sidan 1997

Skjer i 22 kommunar

frå Gulen i nord

til Sveio i sør

Halvanna månad

med ca. 150-200

ulike arrangment

Samla publikumstal

ca. 45 000-50 000

Page 51: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

STIFTINGA KYSTSOGEVEKENE

ei ikkje-næringsdrivande stifting med føremål å stimulere og verke sompådrivar og fagleg instans for utvikling av kystkulturtilbod og koordineringav årlege Kystsogeveker i Hordaland og Gulen.

Page 52: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Lag arrangement og ta del i stormønstringa!

Kystsogevekene tilbyr:• Idéutvikling/vitjing av dagleg leiar• Nettverkskobling• Videoinnslag på Youtube• Omtale i programheftet• Eiga nettside for kvart arrangement• Arrangementstilskot• Promotering på Facebook• Samleannonsar i lokale og regionale media• Hjelp med pressemeldingar og pressekontakt

Page 53: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Kystsogevekene er arrangement påbåde sjø og land som fremjar kystkultur!

• større festivalar• smale nisjearrangement• båtturar på små og store farkostar• konsertar/teater• utstillingar• omvisningar/vandreturar• marknad/arena for småskala næringsliv• arena for artistar og kunstnarar – både lokale og store namn• møtestad på tvers av generasjonane

Page 54: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Hordaland Seilkrets Shetland Race

Kystsogevekene er involvert i andre kystkulturprosjekt:

Hordaland Fylkeskystlag Prosjekt Fellesnaust!Torgdagen i Bergen Hordaland Seilkrets

Kystordverket Shetland Race

Page 55: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Januar-april er tida då dagleg leiar dreg rundt på

vitjing/idéutvikling

Kystsogevekene kan då godt produsera eit innslag for Youtube om arrangøren

Typisk lengd på

innslaga er ca. 2-4 min

Page 56: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Innsendingsfrist

for programheftet:

15. mai

Bruk skjema

på nettsida

Send bilete/video

på epost

Page 57: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Programheftet vert lansert på Torgdagen

i Bergen i juni

Programmet vert distribuert der folk ferdast frå Gulen i nord til Sveio i sør

Page 58: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Navigering via

anten kronologi, type arrangment,

kommunar

eller via kart

Arrangementet si nettside kan

oppdaterast løpandebåde før, under og

etter arrangementet

Page 59: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Promotering via Facebook

657

Page 60: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Promotering via

regionale og lokale aviser

på både papir og digitale flater

Page 61: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Promotering

på skjermar

der folk ferdast

Ferjer

Hurtigbåtar

Bibliotek

Idrettshallar

2018

Page 62: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Offisiell opning i Bergen

laurdag 4. august 2018

under Fjordsteam

Page 63: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Offisiell avslutning i Rosendal under Skutefesten 15-16. september 2018

Fo

to:

Mo

rten

Ny

rd,

Gre

nd

a

Page 64: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Sentrale tankar framover

Meir utpå sjøen

Heller aktivitet enn tilskodar

Gjerne fleire frå 12-30 år involvert

Involver gjerne skular/barnehagar

Lokalt forankra

Tenk gjerne kreativt kring arenaer

Kystkultur = vidt omgrep

Page 65: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel
Page 66: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Med sjøen

som scene

Page 67: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Ta landskapet

i bruk

Page 68: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Ta sjøen

i bruk

Page 69: Innkalling - Solund€¦ · 1. retningsliner for bruk og forvaltning av næringsfondet 2. eit tilfredstillande næringsapparat, der minimum ein person i 50 % stilling skal vere disponibel

Ta gjerne kontakt!

Helsing dagleg leiarfor Kystsogevekene,

Kjell Magnus Økland