11
FRILUFTSLIV | FOTOGRAFISK | SKI & KLATRING | FOTOREISE | IDRETT | KONTRAST

Katalog 2015 16 Sogndal fhs

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Sogndal Folkehøgskule katalog 2015-16

Citation preview

Page 1: Katalog 2015 16 Sogndal fhs

FRILUFTSLIV | FOTOGRAFISK | SKI & KLATRING | FOTOREISE | IDRETT | KONTRAST

Page 2: Katalog 2015 16 Sogndal fhs

KEST E DA DAO?* SOGNDALSogndal Folkehøgskule ligg midt i Sogndal, ein energisk og livleg bygdeby med over 2000 studentar og skuleungdommar, med eit spennande kulturliv, fantastiske idrettsfasilitetar og noko av det villaste og vakraste av natur i Norge. Eit år på Sogndal Folkehøgskule er eit aktivt år. Du har mange evner og mulegheitar, sannsynlegvis fleire enn du sjølv er klar over. Vår jobb er å hjelpe deg til å oppdage og utvikle desse. Du møter nye utfordringar kvar dag, du lærer utan lekser. Dessutan får du 2 konkurransepoeng som tillegg til studiekompetanse.

- Du må vere villig til å gje av deg sjølv, til å yte, men du får mykje igjen. Det er rett og slett eit år som kan lønne seg. *Hvor er det, da?

Det er få stader i verda som kan måle seg med den unike naturen i Sogn. Den majestetiske Sognefjorden brer seg frå kysten og innover i landet med fleirfaldige fjordarmar. Innerst i fjorden reiser tindane seg i Hurrungane og Vest-Jotunheimen. Dette er det mest dramatiske alpine fjellområdet Norge kan by på. Mot nord ligg Jostedalsbreen, siste rest av isen som gjennom tusener av år har forma landskapet.

I hjartet av det heile ligg Sogndal. Om du er på jakt etter det beste fotomotivet, den djupaste puddersnøen, eller berre vil oppleve noko nytt, så veit vi at du vil stortrivast her. Vi har Norges største utandørs klatrefelt, Norges største innandørs klatrevegg, massevis av idrettsfasilitetar og eit fotballag vi er veldig stolte av! Skulle du få overdose av frisk luft og fysisk fostring er det berre tre minuttar gange til eit kjøpesenter med 60 butikkar, kino- og teatersal og fleire serveringsstader. Dette er ein plass for alle.

Page 3: Katalog 2015 16 Sogndal fhs

KONTRASTEr du oppteken av kontrastane i livet? Tenkjer du over kva du et, kva du har på deg, korleis kroppen din fungerer og korleis handlingar påverkar resten av verda? Linja er prosjektbasert, og du får jobbe med kontrastane som pregar liva våre både nasjonalt og internasjonalt. Vi ser også på interkulturell forståing, ernæring og helse, livsstil og personleg utvikling.

Du vil bevege deg i vakker vestlandsnatur, oppleve og lære gjennom eit mangfald av utfordrande aktivitetar som brevandring, klatring og meditasjon. Yoga og meditasjon vil vere sentrale aktivitetar gjennom heile året då effektane kjem over tid. Vi oppsøker kontrastar gjennom å reise lokalt og internasjonalt. Studieturen går til Nepal/Himalaya.

Page 4: Katalog 2015 16 Sogndal fhs

FRILUFTSLIVKlasserommet vårt er utandørs ved fjord, fjell, bre og resten av den ville og vakre naturen i Sogn!

Skulen har eit breidt utval av turutstyr, noko som gjer at vi kan reise på varierte turar heile året. Vi reiser på fotturar i høgfjellet, klatring på både bre og klippe, kano/kajakkpadling, og mykje meir. Når vinteren fargar landskapet kvitt finn vi fram ski, truger og skøyter. Her går vi på langturar, overnattar i snøhole, iglo, telt eller hytte, lærer om skred og trygge vegval, og frostskader. Studieturen går til USA og det unike landskapet i Colorado, Utah og Arizona.

Page 5: Katalog 2015 16 Sogndal fhs

SKI OG KLATRINGDet handlar om balansen mellom spenning, utfordring og sikkerheit. Dersom du vil klatre mykje og renne langt og fort på ski i laussnøen er dette midt i blinken for deg. Naturen i Sogn er storslått og variert, og det finst nok av utfordringar for ski- og klatrefrelste. Vi nyttar oss av fleire ulike klatrefelt i og rundt Sogndal, både ute og inne. Klatreveggen i Sogndal held høgste standard.

I løpet av året går studieturane til Sør-Europa for å klatre, samt ein tur til Alpane for å stå på ski.

Page 6: Katalog 2015 16 Sogndal fhs

FOTOREISEFotoreise er ei fotolinje med fokus på kultur, natur og verda. Er du nysgjerrig på kva livet og verda kan by på, og har lyst å lære fotografi? Då er denne linja for deg! Vi reiser til det fjerne Austen, samt ei mindre reise i Europa, alt med kamera rundt halsen. Sjølvsagt nyttar vi oss også av det fantastiske landskapet rundt Sogndal, og vi skal sjå mykje bre-, fjord- og kystlandskap.

Du får ei grundig innføring i digital fotografering frå idé til ferdig produkt. Du vil bli kjend med fotografi og lære å nytte foto som middel til å kommunisere det du ønskjer. Å vera kreativ og utvikle ditt eige biletspråk og din eigen stil din er viktig for å bli ein god fotograf. Du vil få oppgåver og prosjekt der du får høve til sjølvstendig arbeid og utvikling.

Page 7: Katalog 2015 16 Sogndal fhs

IDRETT Idrett betyr utfordringar og meistring, samarbeid og lagånd. Denne linja er perfekt for deg som liker å vere i aktivitet. Vi spelar sandvolleyball, surfar på store bølgjer ved Stadt, og køyrer på Telemarkski. Du kan anten prøve ut mange nye utfordrande idrettar, eller vidareutvikle deg innan kjende aktivitetar med nye venner. Vi har fantastiske fasilitetar: Eiga sandvolleyballbane, Sognahallen på 10.000 kvadratmeter med innandørs fotballbane, stor klatrevegg, løpebane for sprint, med meir.

Studieturen nyttar vi til idrettsopplevingar i varmare strøk, t.d. Spania eller Portugal.

Page 8: Katalog 2015 16 Sogndal fhs

FOTOGRAFISK Fotografisk er ei linje der vi ønskjer at du skal få utfolde deg fritt innanfor fotografisjangeren. Undervisinga er prosjekt- og workshopbasert, og kvart tema vert presentert med ei foto-oppgåve. Eksempel på tema: kamerateknikk, studiofotografering, fotografering på location, grafisk design, Photoshop, utstilling og mykje meir. Vi har også store velutstyrte mørkerom. Her kan du utfolde deg innanfor analog fotografering og framkalling. På hausten reiser vi til Berlin, ein urban, multi-kulturell storby. Vårturen går til eksotiske Vietnam, der vi køyrer meir backpackerstil, og reiser rundt i nord- og sentral- Vietnam.

UTSTYRSLISTE: Du må ha eige digitalt speilreflekskamera og stativ.

Page 9: Katalog 2015 16 Sogndal fhs

FELLESFAGFellesfaga er eit allsidig fagtilbod på tvers av linjer. Fellesfag kan gå som prosjekt over 2-3 dagar eller som temaundervisning på 1-3 timar. Fellesfaga utvidar og gir breidde til fagtilbodet vårt, og kan bidra til at du får kunnskap om tema som er heilt ukjende for deg frå før. Du får også møte ei rekke spennande gjesteførelesarar.

DØME PÅ FELLESFAG •Dugnad Sogndal •Globalt innsyn •Det gode liv •Song •Filmveke •Verden •Stille vårdøgn •Laurdagstema.

VALFAG På Sogndal Folkehøgskule får du mange valfag å velje mellom. Valfaga er anten organisert i blokker på 3 dagar eller på faste vekedagar i dei såkalla “normalvekene”. Valfaga endrar seg noko frå år til år, men dei speglar primært den breie kompetansen og interessa lærarane har.

•Analog foto •Band •Basketball •Bogeskyting •Digital foto•Multisport •Akrobatikk •Elvejuv til tretopp •Førstehjelp•Kajakkferd •Grunntrening •Gitar •Geriljabrodering •Illustrasjon •Klatring •Årbok •Kreativ skriving •Longboard-bygging•Musikk - Instrumental •Street Art •Telemark •Volleyball

SKULEÅRET 2015-16 PÅ SOGNDAL FOLKEHØGSKULE KOSTAR: KONTRASTInnmeldingspengar kr 2000,- Kost og losji 65.000,- (grunnpris)Felleskostn 8.100,-Linjekostn 22.000,-Totalt 97.100,-Innbet. 9 terminar.

FRILUFTSLIVInnmeldingspengar kr 2000,-Kost og losji 65.000,- (grunnpris)Felleskostn 8.100,-Linjekostn 24.000,-Totalt 99.100,-Innbet. 9 terminar.

SKI OG KLATRINGInnmeldingspengar kr 2000,-Kost og losji 65.000,- (grunnpris)Felleskostn 8.100,-Linjekostn 23.000,-Totalt 98.100,-Innbet. 9 terminar.

FOTOREISEInnmeldingspengar kr 2000,-Kost og losji 65.000,- (grunnpris)Felleskostn 8.100,-Linjekostn 23.000,-Totalt 98.100,-Innbet. 9 terminar.

IDRETTInnmeldingspengar kr 2000,-Kost og losji 65.000,- (grunnpris)Felleskostn 8.100,-Linjekostn 22.000,-Totalt 97.100,-Innbet. 9 terminar.

FOTOGRAFISKInnmeldingspengar kr 2000,-Kost og losji 65.000,- (grunnpris)Felleskostn 8100,-Linjekostn 21.000,-Totalt 96.100,-Innbet. 9 terminar.

NB! Prisane her gjeld for dobbelrom på internat med felles bad/WCÅRLEG TILLEGG FOR:

• Enkeltrom 3.500,- (på internat med fellesbad)• Dobb.rom med eige bad 3000,-• Enk.rom med eige bad 6.500,-

NB! Det endelege terminbeløpet vil avhenge kva bustandard du ønskjer/får.

KVA KOSTAR EIT ÅR PÅ SOGNDAL FOLKEHØGSKULE ?Å bu på folkehøgskule er billegare enn å bu aleine på hybel. Som elev på folkehøgskule får norske statsborgarar lån og stipend gjennom Lånekassen på lik linje med studentar for øvrig. Det betyr m.a at 40% av lånet blir omgjort til stipend ved fullført folkehøgskuleår.

Page 10: Katalog 2015 16 Sogndal fhs

SKULEN Du bur i nye, moderne og oppussa internat med god plass og triveleg miljø. Skulen ligg rundt 200 meter frå Sogndal sentrum.Du kan velje mellom forskjellige type rom, alle held topp standard.

Mot eit årleg tillegg kan du søkje om rom med eige bad. Sjølv om mange vil bu med romkamerat, er det også mogleg å få enkeltrom mot eit årleg tillegg, dersom du har behov for det.

I det største internatet deler du bad og WC med dei andre seks som bur på avdelinga di. Det er god kapasitet.

Skolen kan tilby rikeleg med bodplass til diverse utstyr som har med deg. Utandørs lagring av syklar. Skulen ligg nede ved fjorden, men har likevel kort avstand til fjell- og skieldoradoet i Sogndalsdalen.

Det fins også TV- rom, filmanlegg, bordtennis & biljard, vektrom, gymsal, og meir. Det er flott turterreng like ved, så du kan komme deg direkte til fjells på fridagar.

Page 11: Katalog 2015 16 Sogndal fhs

Sogndal Folkehøgskule │Helgheimsvegen 9 │6856 Sogndal│ Telefon 57 62 75 75 │Telefaks 57 62 75 70 │ E-post: [email protected] │www.sogndal.fhs.no