25
Kurs service/ reinhald

Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Kurshefte for reinhaldsavdelinga ved Førde sentralsjukehus

Citation preview

Page 1: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

Kurs service/ reinhald

Page 2: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

2 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

Når du som servicemedarbeidar/reinhaldar sit her i dag, er det fordi at du snart skal ut og gjere ein god jobb på sjukehuset. Før vi sender deg ut i avdelingane, ønskjer vi å gi deg eit kurs for å sette deg inn i, og bli kjent med din nye kvardag. Dette vil gjere det lettare for deg når du begynner ute i områda våre. Denne brosjyra inneheld det som vi har gått igjennom i dag, den kan du og finne på Helse Førde sitt internett og du kan lese den heime, sidan mykje av informasjonen du får i dag kan vere ny for deg.

Det er viktig at vi er serviceinnstilte og fleksible, og at vi yter det lille ekstra når vi er på jobb. Vi er ein svært viktig del av sjukehuset sitt daglege virke. Det er ikkje utan grunn at vi har eit så svært ansvarsom-råde kvar einaste dag. Og det er vi stolte av.

På reinhaldsavdelinga er vi mange frå fleire nas-jonar. Her jobbar det folk frå: Norge, Guatemala, Afghanistan, Chile, Russland, Litauen, Polen, Mauri-tius, Brasil og Thailand.

Dette betyr at vi har mange ulike språk og væremåtar. Vi synest at denne blandinga av nasjo-nar er ein spennande miks og vi lærer av kvarandre. Vi har stor respekt for kvarandre sine kulturar og tradisjonar.

På Førde sentralsjukehus har vi ansvar over eit stort område, som vi er innom anten kvar dag eller eit par gongar i veka. Ein del av desse områda vil du bli fort kjent med, medan andre vil du kanskje ik-kje være innom i det heile. Vi har laga ei liste på ulike avdelingar, nokre vil du kjenne igjen når du står ute ved heishallen.

Velkomen til reinhaldsaVdelinga!

Page 3: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

3 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

aVdelingar• UPh – Barn og ungdom

• Psykiatrisk – Post 1 lukka avdeling og post 2 opa avdeling

• nla – Kelikopter basen

• tefre – Ambulansetenesta

Page 4: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

4 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

• Vie – Kontor, oppfølging av pasientar (LMS)

8. etg.: Kreft og medisin

7. etg.: Ortopedi og pasienthotell

6. etg.: Kirurgisk og kvinneklinikken

5. etg.: Barneavdeling, barsel og føde

4. etg.: AMFR, revmatoglogi, nevrologi, nevrologisk poliklinikk og dialyse

3. etg.: Hud, brystdiagnostisk senter, kreft og revmatologisk poliklinikk

2. etg.: Intensiv, laboratorium, histologi, patologi, kantine, kontor, dagkirurgi, operasjon

Page 5: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

5 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

1. etg.: mottak, røntgen, medisinsk poliklinikk, kirurgisk poliklinikk, kjevekirurgi,

øyre–nase–hals poliklinikk, vestibyle, barne poliklinikk, legekontor, apotek, auge

poliklinikk, samfunns medisin, auge operasjon

0 plan – kjellar: reinhald, husøkonom, lager, portør, teknisk, it, barnehabilitering,

vedlikehald, kapell, patologi, garderobar, reintøylager, frakkelager og sengesentralen.

Page 6: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

6 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

leiarane VÅreelin høyvik – husøkonom

antonio Flaten – driftsassistent

torill Ulltang – områdeleiar

anne Berit gudem – områdeleiar

VekePlanDet første som møter deg på jobb er vekeplanen som heng på ei tavle utanfor pauserommet vårt. Denne fortel deg kvar du skal jobbe. Dersom du har tilkalling-skontrakt vil du få beskjed dagen før av ein av leiarane våre, og du vil finne på veke-planen kva avdeling du skal vere på når du kjem på jobb, du vil og sjå at du må innom fleire avdelingar i løpet av dagen. Dette vil stå etter kvarandre på vekeplanen under vekedag.

Eksempel på dette: måndag: kp, vie, mod som er forkortingar på avdelingar. Ny plan blir hengt opp kvar torsdag og den eldste blir arkivert. Det er viktig å ha i tankane at sjølv om ein er oppført i ein etasje på vekeplanen, kan dette fort bli forandra på der-som det skjer uventa ting, som for eksempel sjukdom eller større arbeidsmengde på ei avdeling.

Page 7: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

7 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

Når du kjem på jobb hen-tar du deg klede inne på tøylageret, og nyttar anten dame- eller herregarderoben til å skifte. Nøklar til skap vil du få av oss. Vi brukar alltid uniform på jobb. Hugs å legge igjen smykker, ringar og liknande i garderobeska-pet. Har du veske, lommebok eller andre verdifulle ting og tar det med ut på avdelingar, er det viktig at du passar på dette sjølv.

Det er viktig å opptre på ein respektfullt og roleg måte ute hos pasientane. Mange kan vere svært sjuke.

Page 8: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

8 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

Det første du gjer om morgonen er å fylle opp vogna du skal ha med deg opp på avdelinga. Du fyller den opp med klutar og moppar, desse finn du på kjølerommet på vaskeriet/reinhaldsavdelinga. Sjekk også at posar, såper og liknande er på plass på sjølve vogna du brukar på avdelinga, den finn du i etasjen som du skal vere, inne på bøttekottet.

På vogna vil du og finne ein «reinplanliste» som du skal bruke på di avdeling. Denne viser kvar du skal vaske – og kva dagar. Denne er ditt verktøy for at du skal hugse alt som skal vaskast i løpet av dagen. Sjekk om du skal ha med deg nøklar, desse finn du på ei tavle inne på kjølerom. Legg alltid nøklane tilbake på rett plass.

Page 9: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

9 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

På bøttekottet vil du finne produktdatablad over vaskeprodukt du brukar, dette skal henge der i tilfelle det skjer ei ulykke. Det vil hjelpe legen å finne den rette måten å behan-dle deg, eller andre som har vore uheldig.

Når du er ferdig for da-gen skal vogna di ryddast og tørkast over, fyllast opp igjen med tørkepapir, toalettpapir, såper med meir, spruteflasker skal tøm-mast, svarte bossposar skal knytast saman og leggast inn på ureint depot. Ureint depot er eigne rom der alt som skal kastast, eller klede som skal vaskast, knust glas med meir skal leggast i merka kassar. Skitne klutar/moppar skal ned igjen til vaskeriet. Det er veldig viktig at du vaskar grundig, men samtidig ikkje brukar meir tid enn den avsette tida som er satt til å vaske den avdelinga du er på. Bøt-tekottet og vogna skal alltid vere rein og ryddig etter bruk. Hugs at det er andre som skal bruke vogna etter at du er ferdig.

I løpet av dagen vil du ha vaska mange typar rom, eksempel på desse er pasien-trom, bad og toalett, stuer, kjøkken, kontor, pauserom og undersøkingsrom. Du vil få full opplæring den første veka på korleis vi går frem med reinhald på desse romma. Men uansett kva rom du skal inn på, vaskar ein først frå reint og til ure-int til slutt. Du kan skifte klutar og moppar der det er nødvendig, for eksempel dersom det er svært skittent. Men uansett skal du skifte til nye klutar og moppar for kvart nytt rom. Du brukar ALDRI same klut eller mopp vidare frå eit rom til eit anna.

Page 10: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

10 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

Vi har og eit verktøy på vognene som vi kallar husmus. Denne er god å bruke mot støv, men det er viktig at du ikkje brukar denne høgt oppe der det er pasientar på romma. Fordi at støv svevar rundt i rommet. Det er viktig at du bru-kar denne flittig der du har kan, spesielt på tomme rom som vi får vaska ekstra godt ned. Vi har to ulike klutar som blir brukt mykje i løpet av dagen.

Desse heiter microklutar (farga) og bomullsklutar. Forskjellen er at microklutar brukar vi ikkje såpe på, medan bomullsklutane kan du ha såpe på.

Her har vi satt opp måten du vaskar de ulike romma på:

kontorSpray vask – skift boss – påfyll av papir, tørke støv av dør – glaskarmar – kvite vegglister, vegglister, vask og golv.

Undersøkingsrom/kontorSame som kontor, men vi tørker støv av pult.

PasientromBank på døra – spray toalett – skift bossposar – påfyll av papir – tørke over dør – glaskarmar – oppå panelomn – list på vegg – armlener på stolar – vask, bad og toalett alltid til slutt – vask golv.

Utreise PasientromSame prosedyre som pasientrom, pluss twørke støv oppå lampar – skap – sto-lar.

PasienthotellSame prosedyre som pasientrom, men skifte sengetøy, handklede, nattbord, støvsuging av møblar, vask av kjøleskap ved behov.

Page 11: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

11 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

renPlanVårt arbeidsverktøy heiter «Renplan», og ein del av denne ligg på vogna di. Den viser kva dagar du skal vaske de forskjellige områda. Den fortel deg kor mykje tid du har ute på dei forskjellige avdelingane.

Nokre dagar vil du oppleve at enkelte rom har blitt «smitta», dette betyr at du må endre måten du reingjer rommet på. Vi har forskjellige typar smitte. På døra skal det henge skilt som fortel kva type smitte som er inne på pasientrommet.

Desse er innDelt i fargar

Gule, raude og oransje. Smitterom vaskar vi alltid sist på dagen. Smitterom blir satt inn med enten Virkon eller Perasafe alt etter kva type smitte. Utvask av smitterom, verketid 10 minutt, deretter vanleg vask.

Vi brukar eingongsutstyr – dersom tomt for eingongsutstyr:

Bruk gamle og slitne klutar/moppar som du kastar etter bruk. Desse skal pakkast godt inn i eigne posar.

Moppestativet skal stå igjen på rommet, og vi skal ikkje ta med ting ut av rommet.

Du går aldri inn og ut av eit smitterom, difor er det viktig at du har med deg alt du treng for å reingjere rommet. Bruk alltid frakk, hanskar og munnbind der det er påkravd.

Page 12: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

12 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

Treng du vogner med sengetøy eller tom vogn, ringer du ned til sengesentralen på nummer 39379, og bestiller ei vogn med sengetøy, som vil bli sendt opp med heis på ureint lager. Pass på at du står og tar imot. Aldri la ein heis stå med «dine» varer for det er svært mange som brukar denne til transport.

Vernande isolasjon• Kvite og lyseblå skilt (først på dagen)

• Hanskar og munnbind.

• Sprit av utstyr før du tar det med inn på rom.

• Hugs å ta med bosset ut.

I 8. etasje har vi eit eige rom vi kallar nummer 5. Dette rommet blir brukt som eige luftsmitterom. Dette rommet blir vaska på ein eigen måte. Her må alle skapdører inne på rommet stå open etter at vi har vaska, for rommet skal strålast før neste pasient skal inn. Når det er pasient inne på rommet skal du bruke munnbind, frakk og hanskar. Når det ikkje er pasientar med smitte blir rommet brukt som vanleg pasientrom. Då vaskar vi som vanleg.

Page 13: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

13 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

døme PÅ Viktig inFormasjon som ligg saman med «renPlan» i 7. etasje.

Viktig! Rom 30 og 31 må vaskast først om morgonen. Helst mellom kl. 08.30–10.00. Innlagde pasientar reiser om morgonen og polikliniske kjem kl. 10.30. Desse romma er ØNH sine, og blir brukt som både poliklinikk og sengepost.

nB! Før dagen er omme skal de fylle opp lager i 7. etasje med minst 1 vogn med sengetøy, og 1 tom vogn. Dersom du er heilt tom for sengetøy skal du få opp 2 vogner.

Page 14: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

14 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

Rundt på alle avdelingar står det nattbord. Når desse er skitne vil du finne desse anten i korridor (6. og 7. etasje) eller på skyllerom. Desse skal vaskast, når du er ferdig må du merke dei med reinlapp (6. og 7. etasje) og settast ut igjen i kor-ridoren, hugs at dei må settast med ryggen ut frå veggen. Dette er svært viktig slik at in-gen brukar dei til andre «uheldige ting».

Dersom du skal vaske i 5. etasje må du alltid vaske kuvøsen først. Hugs at dette rommet skal vere svært dempa belysning og du må vere stille. Her er det små pasientar som er svært sjuke. I denne etasjen vil du finne to vogner; ein på barneavdelinga og ein på fødeavdelinga. I denne etasjen vil du få ekstra opplæring inne på kuvøsen og på fødestover.

Page 15: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

15 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

VerneomBodVi har eit verneombod som kan hjelpe deg, dersom det er saker som du meiner er vanskeleg å ta opp med leiarane.

Verneombodet har full taushetsplikt, og kan ein del om lovar og reglar. Ver-neombodet si rolle er å ha fokus på helse, miljø og tryggleik.

Kvar fredag har verneombodet og husøkonom ei runde på huset, og sjekkar blant anna bøttekotta på avdelingar. Dette for å vere sikker på at din tryggleik er tatt vare på. Her ser vi om det er ryddig og reint, om du har dei rette produk-tdatablada som du skal ha på bøttekottet. Dersom du finn andre sine produkt, ta kontakt med avdelinga det gjelder på ein fin måte, og gjer dei merksam på at bøttekottet er vårt, og dei må avtale med oss dersom dei skal bruke det saman med oss. Dei må då ha produktdatablad på sine produkt.

Det er eit krav vi stiller. Dette er svært viktig dersom det skulle skje uhell. Det er viktig at du ser etter at produktdatablada stemmer med de såpemidlane som er på reinhaldsvogna eller i bøttekottet. Du bør kunne lese produktdatablada, og vite korleis handtere skader dersom det oppstår. Hugs å melde ifrå dersom det manglar produktdatablad på di avdeling. Finn vi feil blir dette retta opp så fort det er praktisk mogleg.

Verneombodet har fokus på at vi skal ha eit godt arbeidsmiljø oss kollegaer i mellom, og at alle skal ha det trygt og godt. Det er viktig å hugse på at alle sa-man skal vere med å bidra til dette.

PortørarDu har sikkert sett ein del personar som er rundt omkring med senger, boss eller andre ting, rundt i korridorane. Desse blir kalla portørar. Dei har ein viktig funks-jon med flytting av pasientar. Av og til må dei ha heisen for seg sjølv når dei har pasientar med seg. Du kan eventuelt spørje de om du får vere med. Det er svært viktig at du respekterer et nei, dersom dei må ha heisen.

Post 1, 2 og UPhVi har eigne folk som vaskar på desse avdelingane, sidan pasientane her er svært sjuke. Skulle vi trenge ekstra bemanning brukar vi rutinerte medarbeidarar frå vår avdeling. Dette gjeld også for operasjonen i 2. etasje. Her går reinhaldarar inn under operasjonsteamet, noko som vi er svært stolte av.

Page 16: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

16 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

sengesentralenSjukehuset har stor rullering av senger, desse blir vaska og redd opp igjen nede på sengesentralen. Her blir sengetøy sendt til vaskeriet, medan skitne dyner og puter blir vaska hos oss. Sengene blir vaska gjennom eigen sengevaskar, eller vaska og spylt av oss. Skittent tøy frå pasienthotellet blir sortert i eigne sekkar og sendt ut til vaskeriet, medan reint tøy blir lagt opp på eigne vogner klar til bruk

for hotellet. Når avdelingane treng senger eller anna tilbehør kjem portørane og hentar dette.

ProdUktVi har eit stort utval av diverse såper og midlar som vi brukar på sjukehuset. Desse skal vi gå nærare igjennom på bruk og dosering når du begynner å jobbe ute i avdelingar.

maskinerEin del gongar brukar du maskiner, desse finn du anten på vaskeriet eller på eige la-ger ved sengesentral. Desse maskinene må reingjerast etter bruk, og settast på plass igjen der du fant dei.

Viktig å hugse på at enkelte maskiner må ligge for å ikkje bli øydelagt. Pads og skurebørsten skal vaskast el-ler leggast i blaut etter bruk. Under ser du skjemaet vi brukar for å kunne vite kva du som reinhaldar har lært ute på avdelinga under opplæringsperioden. Denne vil vere til stor hjelp både for deg og for oss, for å kvalitetssikre at du har fått ein god start på arbeidsforholdet hos oss. Vi har lagt ved eksempel på beskjedlappar som ligg saman med reinplan på vogner. Hugs å lese desse sidan dette er viktige beskjeder for den etasjen du er i.

Page 17: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

17 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

Utkryssingskjema til bruk for opplæring ute på avdeling.

Ta ut moppar – klutar – nøklar

Fyll opp reinhaldsvogna

Tømme reinhaldsvogna

Påfyll av vaskemiddel – dosering

Bruke renplan

Koke dokostar

Lister

Vaske golv

Vaske / støvtørk inventar

Utvask

Smittevask

Dagleg vask

Vindauge vask

Heisriller/blank lister

Møbelvask/støvsuging stolar – sofaer

Vask av dosete

Bruke kokemaskin på avdelingar

Bruke vaskemaskiner/tørketrommel vaskeriet

Reingjere filter vaskemaskiner/tørketrommel vaskeriet

Vaske og rydde vaskeriet

Lese produkt datablad

Husmus

Vite forskjell på microklutar og bommullsklutar

Page 18: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

18 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

Skulle du bli ferdig tidleg på ei avdeling, er det viktig at du gir beskjed til næraste leier, slik at du kan bli sett til andre oppgåver. Veldig ofte treng ein av kollegaene dine ekstra hjelp og du vil bli sendt dit. Eller du kan bli sett til å gjere førefallande arbeid som du gjerne ikkje har tid til i travle periodar.

kValitetssikringHusøkonom og områdeleiarane er mykje ute på huset for å sjekke at vi har kontroll på den daglege drifta. Dette er svært viktig for at alle skal få den hjelp dei eventuelt måtte trenge. Nedanfor har vi skrive opp ei liste over dei daglege rutinane ved rein-haldsavdelinga:

FormÅl: Alle skal ha same rutine for dei ulike oppgåvene som er nemnt i dette heftet. Vi forventar at alle set seg godt inn i rutinar og oppgåver.

etterFylling aV Vogn Ved PaUse:

• Ta alltid med deg skitne klutar/moppar ned til vask

• Sett alltid på ny maskin til vask ved behov før du tar pause

• Fyll på vogna med nytt utstyr etter avslutta pause

• Skift alltid ut øydelagt utstyr, ta med deg det øydelagde inn på kontoret.

• Nytt får du av områdeleiarane eller frå kontor.

rydding aV Vogn og klargjøring til dagen etter

• Rydding av vogn skjer kvar dag etter avslutta vakt

• Klutar og moppar sorterast og leggast til vask

• Bossekkar skiftast ut og kastast på ureint depot, hugs å knytte igjen,

• Skriv namn og avdeling

• Tømme spruteflaskene for vatn og snu dei opp ned

• Du ryddar bøttekottet, og fyller opp med tørk, såper o.s.v. ved behov

• Bøttekottet skal ryddast og vaskast kvar fredag

• Rot eller anna som ikkje skal stå på bøttekottet, skal ned i kjellaren og sorterast der det høyrer heime

hUgs at dersom desse enkle køyrereglane blir følgt opp kvar dag, er det mykje kjekkare for alle å komme på jobb og oppstarten på dagen blir enklare.

Page 19: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

19 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

Ved aVslUtta oPPlæring skal dU kUnne:

• Klargjering av vogn

• Rydding av vogn

• Daglegvask av pasientrom

• Utvask av pasientrom

• Smitte utvask

• Pasienthotell

• Melde deg til å ta ekstra arbeid ved ledige stunder

PC og kUrsSom servicemedarbeidar må du ta i bruk pc, enten du må ta nokre kurs på PC’en. Du vil få utlevert eingongspassord som du må endre med ein gong. Bruk alltid same passord på pc pålogging og Min Gat. Treng du hjelp vender du deg til næraste leiar som vil hjelpe deg. Det er og ein del lover og reglar som føl med eit arbeidsforhold, som eksempel taushetserklæring, datatryggleik og liknande. Du vil finne ein del kurs og anna informasjon om dette inne på Helse Førde sine intranettsider. Dette skal du bli nærare kjent med seinare i kurset.

Inne på pauserommet vårt har vi PC’ar tilgjenglige til deg. Desse kan du bruke til jobbrelatert arbeid. Du har nokre kurs som du må ta så fort som mogeleg, dette er informasjontryggleik og Min Gat, desse er obligatorisk. Kursa finn du i Læringsportalen under kurskatalog. Spør gjerne din leier kva andre kurs som du kan melde deg på. Dei fleste kursa blir tatt på PC’en.

Eit anna verktøy inne på PC’en er Min Gat. Her vil du finne all informasjon om vakter, løn, fråvær eller viktige meldingar. Du kan søke om ekstra vakter som du eventuelt har ledig utanom turnus.

Vi har eit kurs som er praktisk og som heiter brannvernkurs – praktisk del – dette er obligatorisk og må takast på nytt etter 3 år.

Vi har pauserom nede ved vaskeriet. Vi har faste tider å ta pausar på klokka 09.00 og klokka 12.00. På pauserommet vil du finne eit førstehjelpsskrin dersom du skulle trenge plaster, bandasjar eller andre små hjelpemid-lar.

møterPå torsdagar har vi satt av ein halv time til møte, der leiarar eller personalet kan komme med forskjellig informasjon eller ta opp saker. Her kan du komme med saker/forslag som du ønskjer skal diskuterast med andre. Personalsaker eller personlege ting skal aldri takast opp i dette møtet. Personlege ting tar du opp på personalkontoret. Hugs at det er måten du tar

Page 20: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

20 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

opp saker på som ofte er avgjerande for utfallet. Desse møta er viktig for at du skal føle deg sett på arbeidsplassen, og at din kunnskap kan komme alle til gode.

Skulle det vere noko som gjer at du skulle bli sjuk, er det viktig at du gir beskjed så fort som mogleg. Du skal då sende ei melding til mobil nummer 41530373 med ein gong du veit at du ikkje kan møte på jobb. Skulle det skje på dagtid i kontortida skal du ringe direkte til kontoret. Vi har stort fokus på å førebygge og hindre/redusere sjukefråværet.

Skjer det skader eller feil på jobben, gir du beskjed til næraste leiar med ein gong. Du skal skrive om hendinga i Synergi, som er vårt verktøy når det skjer feil eller skadar som kan påverke vårt arbeid. Dette bør gjerast i samarbeid med leier. Eigen-melding eller sjukmelding skal leverast personleg så fort som mogleg.

Page 21: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

21 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

Page 22: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

22 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

Vi håpar du har hatt nytte av denne dagen saman med oss og ønskjer deg hjarteleg velkomen til vår avdeling.

Page 23: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

23 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

Eigne notatar:

Page 24: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

24 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar

Eigne notatar:

Page 25: Kurshefte reinhaldsavdelinga FSS - Helse Førde

25 | Kurs for servicemedarbeidarar/reinhaldarar