8
SKJÅK UTVIKLING AS John Arne Hovstad Balto, dagleg leiar Tlf: 400 95 458 E-post: [email protected] Postadresse: C/O Skjåk Almenning, 2690 Bismo Kontonr.: 2085 25 51268 Org.nr.: 897 285 002 Næringsnytt i Skjåk NÆRINGSNETTVERKET NÆRINGSNETTVERKET KLAR FOR ARBEID KLAR FOR ARBEID #01/2013 | 1. årgang

Næringsnytt i Skjåk

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Informasjonsavis fra Næringsnettverket i Skjåk (Skjåk Utvikling AS)

Citation preview

Page 1: Næringsnytt i Skjåk

SKJÅK UTVIKLING ASJohn Arne Hovstad Balto, dagleg leiar

Tlf: 400 95 458

E-post: [email protected]

Postadresse: C/O Skjåk Almenning, 2690 Bismo

Kontonr.: 2085 25 51268

Org.nr.: 897 285 002

❧❧ Næringsnytt i Skjåk

NÆRINGSNETTVERKETNÆRINGSNETTVERKETKLAR FOR ARBEIDKLAR FOR ARBEID

#01/2013 | 1. årgang

Page 2: Næringsnytt i Skjåk

❧❧

NÆRINGSNETTVERKETNÆRINGSNETTVERKETKLART FOR ARBEIDKLART FOR ARBEID

– No kan det konkrete nærings-

arbeidet vårt få ein heilt annan

trøkk, sa dagleg leiar i selskapet,

John Arne H. Balto i ei presse-

melding.

– Vi har i 2012 nytta mykje

tid på å leggje strategiar, fi nne

fornuft ige løysingsmodellar og

bygge ut vårt eige nettverk. No er

eg ganske viss på at 2013 blir eit

år kor vi kan dra full nytte av det

som vart drøft a og fastlagt i 2012,

sa Balto.

Slik lyder dei viktigaste delane

av formålsparagrafen for selska-

pet: «Selskapets mål er å virke til

føremon for verksemder og private

næringsdrivande i Skjåk-samfun-

net. Målet er å skape langsiktig

vekst i det private næringslivet

i kommunen og dermed trygge

arbeidsplassar, busetting og velferd

i Skjåk. Selskapet skal organisere

næringsdrivande i Skjåk og fun-

gere som ombod for deira inter-

esser. Selskapet skal også arrangere

større bygdemarkeringar (arrange-

ment). Døme på slike er Nasjonal-

parkfestivalen, Ståk i Skjåk og

Hausttakk.»

På ekstraordinær generalforsamling i Skjåk Arrangement AS fredag 14. desember 2012 vart det handsama eit heilskapleg ut-kast til nye vedtekter. Dette vart vedteke, og selskapet har no fått eit breiare arbeidsfelt enn kva dei gamle vedtektene opna for – og eit nytt namn: Skjåk Utvikling AS. Næringsnettverket i Skjåk og dei formelle strukturane som høyrer til nettverket, vart og etablert.

Frå kommunestyremøte

i Skjåk den 14. desember

2012 på Grotli Høyfj ells-

hotell. I samband med

møtet vart det halde

generalforsamling i

Skjåk Arrangement

AS. Når møtet var over,

hadde selskapet fått nytt

namn og nye vedteker,

som m.a. heimla Nærings-

nettverket i Skjåk kom på

plass. Foto: Skjåk Ut-

vikling.

Page 3: Næringsnytt i Skjåk

Nettverket på plassNæringsnettverket i Skjåk vart

også formelt oppretta på den

ekstraordinære generalforsam-

linga på Grotli. Dette tydar at

rekrutteringsarbeidet i nettverket

no for alvor kan ta til. I vedtek-

tene seier ein mellom anna dette

om nettverket:

«I regi av selskapet er det opp-

retta eit nettverk for næringsdri-

vande i kommunen, kalla Næring-

snettverket i Skjåk (NiS). NiS skal

ha same mål som selskapet, men

vere eit særskilt instrument for å

koordinere det indre samarbeidet

i det private næringslivet i Skjåk.

Eit anna hovudmål er å gjere

nettverket til eit forum for dialog

og samarbeid mellom næringslivet

i Skjåk og off entlege aktørar. NiS

skal være basert på bedrift sm-

edlemskap.»

Arrangementa framoverSjølv om ein no ikkje lenger har

«Arrangement» som ein del av

namnet, tydar dette ikkje at ein

nedtonar arrangementa som

selskapet har ansvaret for.

– Tvert i mot, seier Balto. – Eg

reknar med at folk i og utafor

Skjåk vil sjå at vi satsar ytterlegare

på arrangementa våre i 2013! Men

namneskift et signaliserer eit viktig

poeng: Grunnen til at vi gjennom-

fører Ståk i Skjåk, Nasjonalpark-

festivalen og Hausttakk er ikkje

primært at vi tykkjer at kultur- og

opplevingstilbodet i Skjåk er for

dårleg. Dette tilbodet er nemleg

bra. Men vi treng «happenings»

som trekkjer folk til Skjåk – og

som gjev pengar i kassa hos våre

næringsdrivande – seier Balto og

avsluttar:

– Og dessutan er jo arrange-

menta våre med på å byggje opp

omdømmet til Skjåk. Det er vel

det viktigsaste

Vel møtt til

RÅDSMØTE!

Det vert med dette kalla inn til rådsmøte i Næringsnettverket i

Skjåk (NiS) torsdag 11. april 2013 kl. 19.00.

Møtet haldast på Kommunehuset i Bismo (kommunestyresalen)

og alle bedrift er som fram til møtestart teiknar medlemskap i NiS

er innkalla (sjå innmeldingsblankett på baksida av dette bladet).

For nærare informasjon om kva for rettar eit medlemskap fører

med seg og korleis kontingent reknast ut, sjå statuttane i NiS, som

står på neste side.

Det vert god servering som tradisjonen er i Skjåk.

Saksliste:

1. Godkjenning av innkalling

2. Konstituering (ordstyrar, referent, to til å skrive

under protokollen)

3. Orientering om vedtekter/statuttar

4. Verksemda i NiS og Skjåk Utvikling AS i 2013

5. Val/nominasjon (jf. vedtektene, paragraf § 4 )

6. Avslutning

Skulle det vere spørsmål, ring Skjåk Utvikling AS på 400 95 458 –

eller send ein epost til [email protected]: Privat

I samband med møtet

kjem leiaren i Miljø- og

næringsutvalet i Skjåk

kommune, Per Lars

Lien (bildet), og orien-

terar om politiske prob-

lemstillingar knytt til

Næringsfondet i Skjåk.

Page 4: Næringsnytt i Skjåk

❧❧

§ 1 Føremålet til Næringsnett-

verket i Skjåk (NiS)

NiS skal virke til føremon for

private næringsdrivande og verk-

semder i Skjåk. Målet er å skape

langsiktig vekst i næringslivet

i bygda og på den måten tryg-

gje arbeidsplassar, busetting og

velferd i Skjåk. NiS skal styrkje

samarbeidet innan næringslivet,

vere eit forum for dialog, samt ein

møteplass for private nærings-

drivande og off entlege aktørar.

§ 2 Medlemskap

Alle private føretak i Skjåk kan

vere medlemmer i NiS.

Skjåk Utvikling AS (SUAS)

skal føre oppdatert og off ent-

leg tilgjengeleg register over

medlemmar i NiS.

Kontingenten blir fastsett ut

frå talet på tilsette i føretaket.

Føretak som ikkje har betalt

kontingent innan utgangen av

rekneskapsåret kan, etter vedtak

i styret til SUAS, blir strokne frå

medlemsregistret til NiS.

Føretak i og utafor Skjåk som

ikkje fell inn under fyrste led-

det over, men som har klår inte-

resse av arbeidet til NiS, kan,

etter søknad og styrebehandling i

SUAS, bli medlem i NiS på van-

lege vilkår.

Styret i SUAS kan invitere og

gje føretak observatørstatus i NiS.

Denne statusen er særleg aktuell

for verksemder som vurderer å

etablere seg i Skjåk.

Medlemsføretak kan melde

seg ut av NiS ved skrift leg mel-

ding til administrasjonen i SUAS.

Medlemsskapet blir da avslutta

med ein gong.

§ 3 Representasjon og talet på

tilsette

Kvart medlemsføretak peiker

sjølv ut sin representant i NiS.

Denne fullmakta blir forvalta av

ein person.

Medlemsføretaka pliktar å

opplyse NiS om talet på tilsette.

§ 4 Rådet i NiS

NiS skal ha eit råd. Møte i rådet

er ramma for diskusjonar, frå-

segner og vedtak i NiS. Det skal

førast protokoll for rådsmøta i

NiS.

Rådet er sett saman av repre-

sentantane for medlemsføretaka.

Styremedlemmar i Skjåk Utvik-

ling AS har møte- og talerett i

rådet, men ikkje stemmerett.

Medlemsføretaka har stem-

mevekt etter betalt kontingent,

slik at:

• Eitt til tre faste årsverk i verk-

semda gjev ein stemme.

• Tre til sju faste årsverk i verk-

semda gjev to stemmer.

• Sju til ti faste årsverk i verk-

semda gjev tre stemmer

• Verksemder med over ti faste

årsverk skal ha fi re stemmer på

rådsmøta. Ingen kan ha fl eire

stemmer enn dette.

Rådsmøte blir kalla inn skrift leg

minst sju dagar føreåt. Det skal

liggje ved sakliste med innkallinga.

Leiaren i rådet har ansvar for

innkalling og sakliste til rådsmøta.

Dersom 1/4 av medlemsbedrif-

tene skrift leg krev det, skal det

haldast møte i rådet.

Rådet er vedtaksført når det

er lovleg innkalla, og minst 1/4

av medlemsbedrift ene stiller på

møtet.

Det skal haldast minst eitt

rådsmøte kvart halvår. Det eine

av desse må bli avvikla seinast to

veker før den ordinære general-

forsamlinga i SUAS. Dette møtet

skal nominere to medlemmer

med personlege varamedlemmer

til styret i SUAS. Den eine av

dei to nominerte styremedlem-

mane skal veljast til rådsleiar for

komande arbeidsår, den andre

Statuttar for NiSStatuttar for Næringsnettverket i Skjåk (NiS).Vedtatt på styremøtet i Skjåk Utvikling AS 18. februar 2013.

Page 5: Næringsnytt i Skjåk

❧❧VÅRENS VAKRASTE EVENTYR?

Ståk i Skjåk er og har vore ein fl ott tradisjon i mange år. Målet

er at handelstand, anna næringsliv, samt lag og foreiningar får

moglegheit til å vise seg fram og syne kva bygda har å by på. Med

andre ord: Lage ein FOLKEFEST i Skjåk. I 2013 vil denne bygde-

dagen bli arrangert laurdag 25. mai.

Har du noko å by fram for sal eller syne fram til underhaldning,

informasjon, medlemsverving? Ynskjer du å ha «ope hus»? Meld i

så fall frå til Skjåk Utvikling AS, som har hand om arrangementet.

Vi er alt no i gang med planlegginga. Send eit par–tre liner på

e-post om kva du har lyst til å gjere på Ståk i Skjåk 2013. E-post

[email protected] eller ring 400 95 458.

ARRANGEMENTSINFO PÅ E-POST? Har du lyst til å få oppdateringer om viktige Skjåk-arrangement

rett i innboksen din? Skjåk Utvikling AS oppretter no ein epost-

teneste for dei som har lyst til å få info om Ståk i Skjåk, Nasjonal-

parkfestivalen og Hausttakk. Send ein «blank» epost til balto@

staak.no og skriv «arrangement» i overskrift a – så får du nyhende-

brev kvar gang noko nytt skjer. OBS: E-postlista er konfi densiell.

skal vere nestleiar.

Ut over dette kan rådsmøtet

vedta:

• Næringspolitiske resolu-

sjonar som gjeld arbeids-

feltet til NiS

• Innspel til arbeidsprogram-

met for Skjåk Utvikling AS

• Innspel til kva for bransje-,

fag- eller ad hoc-grupper

som skal utpeikast i NiS og

samansetjing av desse.

Rådsleiaren leier møta i rådet.

Dersom rådsleiaren ikkje er

til stades, blir møtet leia av

nestleiaren. Dagleg leiar i

SUAS er sekretær for rådet.

Gyldige vedtak krev opp-

slutnad frå minst halvparten

av stemmene på det aktuelle

rådsmøtet. Det er lov å stemme

blankt. Ved likt stemmetal

avgjer stemma til møteleiaren.

§ 5 Eksklusjon

Medlemsføretak som opp-

trer i strid med formålet til

NiS, kan ekskluderast. Styret i

SUAS tek avgjerd om eksklus-

jon.

Grunngjeve krav om eks-

klusjon blir fremja skrift leg for

styret i SUAS. Styret i SUAS

skal så innan tre veker i skrift -

leg form leggje kravet fram for

verksemda det gjeld. Styret i

SUAS kan òg fremje framlegg

om eksklusjon. Verksemda det

gjeld blir, etter framlegget er

kunngjort, kalla inn til drøft -

ingsmøte med SUAS.

STÅK I SKJÅK25. MAI 2013

Fo

to: A

ud

Ho

ve

Page 6: Næringsnytt i Skjåk

Skjåk Utvikling AS ynskjer å kome i kontakt med alle som har ein næringsidé som gjev lokal verdiskaping når Trio blir eit media-fenomen – slik vi alle kryssar fi ngrane for – vinteren 2014. Den fyrste «runden» med lokale verdiskapingsprosjekt vil bli satt i gang 6. mai. Men om du ikkje kjem med i denne runden, ikkje fortvil! Ei ny pulje med prosjekt vil bli satt i gang 1. september.

Dei fl este har vel no fått med

seg at Skjåk vil få ein glimrande

moglegheit til å marknadsføre

bygda og naturen i åra som kjem.

«Trio» er en krimserie for barn

og unge, og produserast for NRK

Super. Bakteppe for serien er

Skjåk-bygda og dei spektakulære

naturområda rundt oss.

I vekene vi no har lagt bak oss,

har det teamet som gjer opptaka

vore rundt på mange stader i

kommunen og omlandet og gjort

opptak. Skjåk-samfunnet har vore

aldri så lite «star-struck»! Det er

tross alt folka i Fabelaktiv som

står bak serien (saman med Nor-

dicStories), og dei vant Noregs

første Emmy-pris for kort tid

tilbake (for programmet «Energi-

kampen», som føregjekk i Vågå).

Kamp for rettferdTV-serien Trio handlar om ei

jente som fl ytter frå storbyen til

Skjåk. Ho blir ven med to gutar

frå bygda og saman blir dei ein

trio som tek opp kampen for

rettferd – og løyser mysteriar,

som segnet om «Odins gull»,

rammeforteljinga for fyrste se-

song. Hovedregissør for serien

er Atle Knudsen, mens Morten

Hovland er manusforfatter saman

med Trond Morten Kristensen

Venaasen. Dei fyrste ti episodane

(som utgjer første sesong) blir

sendt på NRK i januar 2014 og ut

over vinteren.

Sesong 2 er under planlegging,

og sesong 3 er i utvikling, og det

er gode sjanser for at prosjektet

lever videre i lang tid. Det in-

ternasjonale salget er i gang, og

serien kan bli solgt og vist i fl eire

land verda over.

Lokal verdiskaping– Vi har nett fått handsama ei

eigarmelding – og der gjev kom-

munen oss eit klart ansvar for

å setje i gang lokale verdiskap-

ingsprosjekt, fortel John Arne

Hovstad Balto, dagleg leiar i Skjåk

Utvikling AS.

– Arbeidet har forsåvidt gått

føre seg i lengre tid, for ein del

lokale bedrift er og «opplevings-

entreprenørar» har heilt sida vi

fekk høyre om Trio fyrste gong,

spekulert på idear om korleis

dette kan nyttast i næringssaman-

heng.

– I vinter har vi arbeidd med

eit forprosjekt som om kort tid

vil verte presentert. Her vil det

kome ei klår anbefaling om kva for

«posisjon» Skjåk kan og bør trakte

etter når det gjeld opplevingar og

reiseliv.

– Endeleg går vi no ut til alle

andre i Skjåk med ei oppmoding

om å melde frå om ein ynskjer

å vere med i verdiskapingspro-

grammet knytt til «Trio – Odins

gull». Skjåk Utvikling skal fun-

gere som fødseslhjelp og dørop-

nar i Trio-samanheng. Men eg

presiserer at vi, sjølv om vi vil

hjelpe til, som hovudregel ikkje

har til hensikt å drive dei enkelte

prosjekta, streker Balto under.

– Fyrste runde med verdis-

kapingsprosjekt vil starte no på

forsumaren, men vi kjem attende

med ei ny prosjektpakke over

sumaren for dei som ikkje ser

seg i stand til å vere med i fyrste

runde, presiserer. Som avslutning

legg han til at det vil bli gjeve ei

meir fyldig orientering om kva

som går føre seg på rådsmøtet

i Næringsnettverket i Skjåk 11.

april (sjå innkalling lengre fram i

denne utgåva av Næringsnytt).

For meir info, kontakt John

Arne Hovstad Balto i Skjåk

Utvikling AS på 400 95 45 eller

[email protected].

Page 7: Næringsnytt i Skjåk

GOD BEDRIFTSLEIING – KVA SKAL TIL?

Program:

09.00: Opning og servering

09.30:

Kva er kritiske faktorar for betre nærings-

utvikling, både vidareutvikling av eksisterande

bedrift er og oppstarting av nye?

10.00 : Pause

10.10.

Analyse, mål og strategi – sentrale verktøy for

næringslivet! Med gruppearbeid

11.00

Juss for næringsdrivande – del 1: Selskapsform og

avtalerett – kva treng vi kunne og må gjere for å

vere organisert best mogleg?

11.30-12.30: Lunsj

12.30:

Juss for næringsdrivande – del 2.

13.00:

Økonomien – eit resultat av slik det vart eller

styringsverktøy for bedrift sutvikling?

14.00:

Nøkkeltal – viktig hjelpemiddel for bedrift er som

vil vekse

15.00:

Oppsummering – kva for kunnskapsbehov har vi

vidare?

Dag Henning Reksnes, direktør i kommuni-

kasjonshuset InMedia på Nordfj ordeid, har

lang fartstid frå kommunikasjonsbransjen

og bedrift srådgjeving. Han har gjennom ei

årrekke vore ein aktiv spelar i næringslivet i

Nordfj ord og har også fartstid som folkevald.

I kurset «God bedrift sleiing– kva skal til?»

gjev han ei rask innføring i kva dei som leier

bedrift ene – både som dagleg leiar og som

styremedlem må kunne for å gjere ein god

jobb. Kurset er lagt opp såpass generelt at dei

fl este vil ha nytte av det i sin kvardag.

❧Næringsnettverket i Skjåk (NiS) inviterar til dagsseminar om leiing og vekst – ein seminardag

særskilt mynta på dei som leiar ei bedrift i det daglege, samt styremedlemmer i bedrift sstyrer.

Medlemmer i Næringsnettverket i Skjåk betaler ikkje kursavgift – for andre koster det 550 kr.

Stad: Øyberget besøkssenter | Tid: Onsdag 8. mai 2013, 09.00 til 15.20

Påmelding til [email protected] eller tlf 400 95 458 så snøgt som råd er!

Fo

to:

InM

edia

Page 8: Næringsnytt i Skjåk

Ja, eg ynskjer å melde bedrifta inn i Næringsnettverket i Skjåk (NiS)Bedrift a sitt namn:

_________________________________________________________________

Bedrift a si postadresse:

_________________________________________________________________

Bedrift a sitt telefonnummer:

_________________________________________________________________

Bedrift a si epost-adresse:

_________________________________________________________________

Kontaktperson for Næringsnettverket i Skjåk i bedrift a (gjerne dagleg leiar):

_________________________________________________________________

Talet på årsverk (faste tilsette) og talet på eventuelle sesongtilsette i bedrift a:

Årsverk/faste tilsette: Sesongtilsette:

OBS, OBS OBS! SEND OSS GJERNE INFORMASJONEN PÅ E-POST!

Om du vil, kan du og sende dei opplysningane vi ber om på e-post, og dermed

slippe å klippe i dette bladet.Send dei naudsynte opplysningane til e-post balto@

staak.no. Til same adresse kan du sende spørsmål, men du kan og ringe 400 95 458.

Den som svarar, er dagleg leiar i Skjåk Utvikling, John Arne Hovstad Balto.

❧❧ BLI MEDLEM!TA DEL I FORDELANE!

Næringsnettverket i Skjåk (NiS) arbeider til føremon for private verksemder og næringsdri-

vande i Skjåk-samfunnet. Selskapet skal virke som ein positiv vekstfaktor for private verksem-

der og næringsdrivande i Skjåk. Det vil seie: Være innovative, sjå løysingar og fi nne løysingar.

Som medlem får du medlemsfordelar: Meir informasjon, deltaking i prosessar, favørpris

på skoleringstilbud og meir til. KONTINGENTEN er 450 kronar per årsverk (faste tilsette)

i bedrift a, med eit øvre «tak» per bedrift på 4500 kroner. For bedrift er med sesongtilsette,

aukar ein kontingenten tilsvarande eitt årsverk for dei som har 3–6 sesong-tilsette, med to

årsverk for dei som har meir enn seks sesongtilsette.