4
kort klart & TORSDAG 16.06.2016 NYHENDE PÅ NYNORSK 12 Foto: Manuel Balce Ceneta / AP / NTB scanpix SORG: Folk sørger etter drapa i USA. Nokon meiner at våpenlovane er årsaka til at så mange blir drepne i landet. Omar Mateen drap uskuldige menneske med skytevåpenet sitt. 30 år gamle Eddie gøymer seg på toalettet. Han er på nattklubben Pulse i Orlando i delstaten Florida. Den unge mannen er livredd. Han sender melding til mora: – Eg elskar deg. Nokon skyt på klubben. Eddie lever ikkje lenger. Han og 48 andre vart skotne og drepne av Omar Mateen i helga. Mateen hata homofile. Derfor angreip han klubben der dei festa. Han sa han støtta terrorgruppa Den islamske staten (IS). Mateen vart sjølv drepen av politiet på utestaden. Skytinga på Pulse er den verste i nyare tid i USA. I or vart 13.400 menneske drepne med skytevåpen, skriv A-magasinet. Det er også fleire våpen enn menneske i USA, ifølge kanalen NRK. Folk vil verne seg sjølv. Nokon meiner at alle våpna ikkje er problemet. – Eg trur psykisk sjukdom er eit enormt problem, seier senator Ron Johnson ifølge nyhendebyrået NTB. Karin Flølo [email protected] USA i sorg Les meir på side 2 – I eit godt forsvar er det også kvinner. HELSE: Sukkertøyet må ernast frå området ved kassane i butikkane. Det meiner helseminister Bent Høie. Han meiner godteriet blir plassert slik for å lokke barna. Slik godteri-terror kan ikkje aksepterast, seier Høie til avisa VG. POLITIKK: Stortinget har bestemt korleis politikken for asylsøkarar skal vere. Den er strengare enn før. Men fleire av forslaga til regjeringa fekk nei. Dei ville mellom anna at folk skal bu lenger i Noreg før dei får varig opphald. Vil fjerne godteriet Ueinige med regjeringa

NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale/menu/sta… · skytevåpenet sitt. 30 år gamle Eddie gøymer seg på toalettet. Han er på nattklubben Pulse i Orlando i delstaten Florida. Den unge

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale/menu/sta… · skytevåpenet sitt. 30 år gamle Eddie gøymer seg på toalettet. Han er på nattklubben Pulse i Orlando i delstaten Florida. Den unge

kortklart& TORSDAG

16.06.2016

NYHENDE PÅ NYNORSK

12Fo

to: M

anue

l Bal

ce C

enet

a /

AP

/ N

TB

sca

npix

SORG: Folk sørger etter drapa i USA. Nokon meiner at våpenlovane er årsaka til at så mange blir drepne i landet.

● Omar Mateen drap uskuldige menneske med skytevåpenet sitt.

30 år gamle Eddie gøymer seg på toalettet. Han er på nattklubben Pulse i Orlando i delstaten Florida. Den unge mannen er livredd. Han sender melding til mora: – Eg elskar deg. Nokon skyt på klubben.

Eddie lever ikkje lenger. Han og 48 andre vart skotne og drepne av Omar Mateen i helga. Mateen hata homofile. Derfor angreip han klubben der dei festa. Han sa han støtta terrorgruppa Den

islamske staten (IS). Mateen vart sjølv drepen av politiet på utestaden.

Skytinga på Pulse er den verste i nyare tid i USA. I fjor vart 13.400 menneske drepne med skytevåpen, skriv A-magasinet. Det er også fleire våpen enn menneske i USA, ifølge kanalen NRK. Folk vil verne seg sjølv. Nokon meiner at alle våpna ikkje er problemet. – Eg trur psykisk sjukdom er eit enormt problem, seier senator Ron Johnson ifølge nyhendebyrået NTB.

Karin Flø[email protected]

USA i sorgLes meir på side 2

– I eit godt forsvar er det også kvinner.

HELSE: Sukkertøyet må fjernast frå området ved kassane i butikkane. Det meiner helseminister Bent Høie. Han meiner godteriet blir plassert slik for å lokke barna. Slik godteri-terror kan ikkje aksepterast, seier Høie til avisa VG.

POLITIKK: Stortinget har bestemt korleis politikken for asylsøkarar skal vere. Den er strengare enn før. Men fleire av forslaga til regjeringa fekk nei. Dei ville mellom anna at folk skal bu lenger i Noreg før dei får varig opphald.

Vil fjerne godteriet

Ueinige med regjeringa

Page 2: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale/menu/sta… · skytevåpenet sitt. 30 år gamle Eddie gøymer seg på toalettet. Han er på nattklubben Pulse i Orlando i delstaten Florida. Den unge

2 TORSDAG16.06.2016NOREG

Kvinner skal vakte landet ● Hundrevis av kvinner

skal vakte Noreg. Er Forsvaret klar til å ta dei imot?

Mennene har ikkje hatt noko val. Dei må jobbe eit år for Forsvaret, viss det er behov. Det blir kalla verneplikt.

No kan ikkje kvinner heller velje. Stortinget har bestemt at kvinner og menn skal behandlast likt.

I juli er hundrevis av unge kvinner klare. Dei skal opp grytidleg om morgonen, kravle i gjørma og skyte med våpen. Kanskje skal dei vakte slottet i Oslo, eller grensa til Russland.

Dei fleste land tvingar ikkje kvinner til å jobbe i militæret. Men det norske forsvaret ønsker seg fleire kvinner. Truleg vil omtrent 1.600 kvinner bli kalla inn i sommar, ifølge kanalen NRK.

– I eit godt forsvar er det også kvinner. Vi er komne langt med likestilling i Noreg. Det er bra at verneplikta gjeld begge kjønn, seier Jens Kristian Øvstebø til Klar Tale. Han er med i Vernepliktsrådet. Rådet gir støtte til unge soldatar som er henta inn av Forsvaret.

Framleis har Forsvaret nokre utfordringar. Klede og utstyr må passe betre til

kvinnekroppen. Bygga med dusj og toalett må byggast om for å passe begge kjønn. Nokre jenter har kjent seg seksuelt trakassert. Somme har valt å slutte, ifølgje NRK.

22 år gamle Camilla Hansen har jobba i Forsvaret i to år. Ho starta som vernepliktig i militærpolitiet. No er ho tillitsvald i Vernepliktsrådet.

– Å vere i Forsvaret er eit heilt nytt liv. Det er ei god kjensle å hjelpe til for samfunnet, seier Hansen til Klar Tale.

Karin Flø[email protected]

KVINNER: No skal også kvinner kallast inn til vernepliktig teneste. Bildet er frå leiren Sessvollmoen i Akershus.

Foto

: Fot

o: P

eder

Tor

p M

athi

sen

/ Fo

rsva

ret

OPPGÅVA

Page 3: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale/menu/sta… · skytevåpenet sitt. 30 år gamle Eddie gøymer seg på toalettet. Han er på nattklubben Pulse i Orlando i delstaten Florida. Den unge

TORSDAG16.06.2016 3 VERDA

Fleire flyktar til Italia EUROPA: Minst 1.300 menneske blei redda i Middelhavet laurdag. Fleire flyktningar og migranter vil til Italia enn før. Sjølv om dei kan døy på havet.

Migrantane kjem frå Nord-Afrika. Nokre reiser frå Syria og via Tyrkia. Det har kome nesten

49.000 migrantar til Italia i år, ifølge nyhendebyrået NTB.

Nesten ingen flyktar til Hellas lenger. Då vil dei berre bli sende tilbake til Tyrkia, ifølge ein avtale.

I februar kom 2.000 flyktningar og migranter til dei greske øyane kvar dag.

No kjem det berre 30, skriv NTB.

Karin Flø[email protected]

Robert Hall frå Canada vart drepen av gruppa Abu Sayyaf på Filippinane. Hall vart fanga saman med norske Kjartan Sekkingstad i fjor.

Hillary Clinton seier ho vil samarbeide med motstandaren Bernie Sanders for å bli ny president i USA.

Nord-Korea prøver å få folk til å slutte å røyke. Men landet

sin leiar klarer det ikkje sjølv. Kim Jong-un vart nyleg sett med ein sigarett.

Terrorgruppa al-Qaida seier dei vil støtte den nye leiaren for Taliban i Afghanistan. Han heiter Haibatullah Akhundzada.

Minst 20 personar blei drepne av to bomber. Det skjedde i Damaskus i Syria laurdag. 13 av dei døde var vanlege folk, og sju var soldatar.

Kort fortalt

Fleire britar vil ut av EU

Islamist drap naboane sine

STORBRITANNIA: Flest britar vil ut av Den europeiske union (EU). Det viser ei ny undersøking. 43 prosent seier nei til EU, mens 42 prosent framleis vil vere medlem, skriv nyhendebyrået NTB. 23. juni skal britane stemme over saka.

FRANKRIKE: Eit ektepar vart drepne i heimen sin utanfor Paris i Frankrike. Begge jobba i politiet. Mannen som drap dei, var naboen deira. Han sa han tilhøyrde terrorgruppa Den islamske staten (IS). Fransk politi kallar drapa terror.

STEMMER: 23. juni stemmer britane om medlemskap i EU.

REDDA: Desse menneska blei redda utanfor kysten av Libya.

Foto: NTB scanpix

Foto: NT

B scanpixFoto: NTB scanpix

Foto: NT

B scanpix

● 53 år gammal, president i Venezuela. Mange vil at han og regjeringa skal slutte. Men Maduro seier at folk må vente til neste år. Då kan dei få stemme over om dei vil fjerne han som president. Maduro får skulda for at folk manglar mat og medisinar.

NAVN I NYHENDA

Foto: NT

B scanpix

Nicolás Maduro

Kjelde: NTB

Page 4: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale/menu/sta… · skytevåpenet sitt. 30 år gamle Eddie gøymer seg på toalettet. Han er på nattklubben Pulse i Orlando i delstaten Florida. Den unge

4 KULTUR Konstituert redaktør: Gøril HuseKontakt oss: [email protected]

Nyhenda er omsette frå lettlest-avisa Klar Tale.

Skaffar gode ektemenn » Det er laga mange filmar av bøkene til forfattar Jane Austen.

Men denne har fått ekstra merksemd og mykje skryt. Filmen er laga etter ein av Austen sine uferdige romanar. Kate Beckinsale speler Lady Susan Vernon. Ho forsøker å skaffe gode ektemenn til seg sjølv og dottera. Filmen «Love & Friendship» har premiere fredag. Den passar for alle.

Foto: Tour de Force

Kjøper meir designMOTE: Folk kjøper meir norsk klesdesign, også i utlandet. Norsk design blir seld i byar som Paris i Frankrike, London i Storbritannia og Tokyo i Japan, ifølge kanalen NRK.

Slit med angst MUSIKK: Popartisten Zayn Malik skulle endeleg halde konsert i England laurdag. Men 23-åringen slit med angst. Malik vart så nervøs at han avlyste konserten. Han spelte tidlegare i bandet One Direction.

Sel dyr «Skrik»KUNST: Kunstnaren Edward Munch måla motivet «Skrik» på mange måtar. Eit litografi med motivet blir selt i London. Prisen er mellom 9,4 og 14,1 millionar kroner, skriv avisa Dagens Næringsliv.

Foto: NTB scanpix

ANGST: Zayn Malik har psykiske problem. Han måtte avlyse ein konsert.

– Kva er ditt favorittord? – «Festival», må det bli. Det er alt eg snakkar om i desse dagar.

– Kvifor liker du dette ordet så godt?– Det fortel at menneske samlast til ei hyggjeleg og spennande oppleving. Eg tenker på mine fire yndlingsting: fine folk, bra musikk, god mat og dans.

– Kva ord liker du ikkje? – «Eksklusivt» og «unikt» blir ofte misbrukt. Som arrangør må vi fortelje om festivalen vår på ein presis måte. Då synest eg vi skal bruke orda som treffer best.

– Kva er eit typisk musikkord? – Å arrangere konsert er eit eige fag. Det finst eit eige språk. Vi snakkar om for eksempel «ridere», «risere» og «runners». Det har teke meg åtte år å forstå sånn passe kva orda betyr.

Ole-Morten Algerøy er pressekontakt for Bergenfest. Musikk-festivalen er i Bergen 15. til 18. juni.

MITT ORD

Har lært konsertspråket

Foto: Privat

FILM