Click here to load reader
Upload
gretene
View
152
Download
0
Embed Size (px)
Citation preview
p:\nuv\nuv_studium\produksjon av nynorske digitale læringsressursar_ver1.docx
Produksjon av nynorske digitale læringsressursar – samling 4 -
Innleveringsoppgåve:
Denne innleveringsoppgåva er firedelt. To delar er knytt til wiki, ein til blogg og ein til
Fronter. Wikien vår finn du lettast ved å gå via http://aorwiki.hisf.no. Her kan du velje
NO300 Innføring i produksjon av nynorske digitale læringsressursar. Direkte adresse er
http://aorwiki.hisf.no/index.php/NO300_Innf%C3%B8ring_i_produksjon_av_nynorske_digit
ale_l%C3%A6ringsressursar.
1. Du skal forklare eitt av begrepa (OBS: fordel begrepa mellom dykk) som vi har drøfta
i samling 4. Dette skal du gjere i form av ein wiki-artikkel på ca 10 liner. Alle
medlemmene i gruppa skal gi minst ein kommentar til wiki-artikkelen din, før du til
slutt gjer artikkelen ferdig. Det er opp til deg å ta omsyn til dei kommentarane du får.
Artikkelen skal ha:
Minst eitt bilete
Minst ei lenkje til andre sider på internett der ein kan finne meir informasjon
Minst ei hyperlenkje frå eitt av begrepa du nyttar i teksten til ein ny artikkel du har
oppretta (denne kan gjerne berre vere tekstleg – og svært gjerne kort – max 3 liner)
Minst eit ord/begrep i artikkelen din skal formaterast slik at du indikerer at du
ønskjer at ei ny artikkel skal opprettast på dette ordet/begrepet
2. Du skal også lage ein wikibasert læringsressurs. Du står heilt fritt her med omsyn til
tema, omfang, utforming og målgruppe. OBS: Denne artikkelen skal knytast opp til
ditt namn på wikien vår.
3. Du skal også lage eitt innlegg i bloggen din der du omtalar Creative Commons (CC)
(t.d. kva dette er for noko, kvifor denne organisasjonen er viktig og kvifor det er lurt å
lisensiere dei digitale ressursane sine).
Det er ønskjeleg at delar av dette innlegget er laga med ”The Newspaper Clippart
Generator” som du finn her
(http://www.fodey.com/generators/newspaper/snippet.asp). Her kan du generere
ein avisartikkel som du så kan setje inn i bloggen din som eit bilete. Spesifiser
målgruppa for blogginnlegget ditt.
Du skal også lisensiere din eigen blogg. Produser difor også ein CC-lisens som du
legg inn på høgre side i bloggen din.
4. Oppsummer i Fronter (innleveringsmappe 4) di erfaring med wiki-verktøyet:
Korleis var det å jobbe med wiki-verktøyet (positive og negative trekk)
Korleis handterte du kommentarane du fekk og kvifor
Utfordringar og muligheter ved bruk av wiki i grunnskulen.