15
PROGRAM Æ Å 2007 www.aeaa.no

PROGRAM - aeaa.no · Gunnar Wærness blir urframført denne kvelden og er skrive på bestilling frå Æ Å. ”Eg las diktet fyrste gongen hausten 2006”, fortel Raknes, ”og vart

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

  • PROGRAMÆ Å 2007www.aeaa.no

  • VELKOMMEN TIL Æ Å TRONDHEIM LITTERATURFESTIVAL 2007

    De fleste arrangementene under Æ Å finner sted på Dokkhuset.Fra 1872 til 1983 var dette området Trondheim Mekaniske Verksted.Dokkhuset ble brukt til å pumpe vann inn og ut av kanalen på Nedre Elvehavn.Fra 2.–5. mai føres bokstaver og ord gjennom det tidligere pumpehuset.

    Temaet for festivalen 2007 er OVERSETTELSE.En oversettelse avdekker nye lag i teksten.Dokkhuset er forandret, forskjøvet, oversatt.Pumpehuset ble kulturhus.En oversettelse er en ny original.

    På Æ Å Trondheim litteraturfestival oversettes ikke bare tekst til andre tekster, men også til andre kunstneriske uttrykk, tonespråk, fargespråk og kroppsspråk.

    Tekstene synger, spiller, danser og går.

    Håper vi ser dÆ Å på festival.

    Marte Huke, Ingrid Storholmen og Arild VangeKunstnerisk komité

  • TRONDHEIM SENTRALSTASJON ı GRATIS INNGANG

    Kl.15.00ROM FOR KUNSTForteljingar om byen

    Frå mai til august presenterer Rom for Kunst tekstar knytt opp mot tema rørsle og reise. Fem nordiske forfattarar er invitert til å skrive tekstar til stasjonen og toga: Fredrik Nyberg, Ursula Andkjær Olsen, Ellen Grimsmo Foros, Lisa C. B. Lie og Tale Næss. Besøk Trondheim S for ei lydleg og litterær oppleving!

    Prosjektet er eit samarbeid mellom Rom for Kunst, Trondheim Litteraturfestival/ Norsk Forfattersentrum Midt-Norge, NSB og Rom Eiendom. Les meir på: www.romforkunst.no

    Med, i, over, under og rundt GODE ord Musikk av Eldbjørg RaknesStemme & live sampling: Eldbjørg Raknes. Stemme: Siri Gjære, Ingrid Lode og Kirsti Huke. Tangentar: Maria Kannegaard. Strengar: Stian Westerhus.

    Konserten er sett saman for anledninga, med Eldbjørg Raknes’ musikk til tekstar av Karin Boye, Torgeir Rebolledo Pedersen, Paul Celan, Olav H. Hauge, Inger Hagerup og Gunnar Wærness. Musikk basert på diktet ”Kjære bønn” av Gunnar Wærness blir urframført denne kvelden og er skrive på bestilling frå Æ Å. ”Eg las diktet fyrste gongen hausten 2006”, fortel Raknes, ”og vart inderleg rørt”.

    DOKKHUSET ı INNGANG 80ı–

    Kl. 20.00OPNING ı ÁLGGAHUS ı ÖPPNING ı AVAJAISET ı ÅBNING ı ERÖFFNUNG ı ATIDARYMAS

    Marte Huke, Ingrid Storholmen og Arild Vange opnar Festivalen.

    Ida Börjel les paragrafar frå eit verk under arbeid: Konsumentköplagen (forbrukarlova). Dette er eit juridisklyrisk oppgjer!

    Hildegunn Dale framfører dikt frå Sea, say and see og frå eit nytt manus, Armane er mine handlin-gar, som blant anna utforskar dynamikken mellom stad – kropp – og kroppen som åstad for handling og forvandling.

    Sigbjørn Skåden les frå det episke lyrikkverket Skuovvadeddjiid gonagas (Skomakernes konge). Boka er originalt skrive på samisk og omdikta til bokmål av forfattaren sjølv. Skåden vart nominert til Nordisk råds litteraturpris 2007.

    Ursula Andkjær Olsen: ”Jeg plejer altså ALDRIG at beslutte hvad jeg skal læse op, før jeg står i situ-ationen og kan mærke hvordan stemningen er”. Den som kjem får høyre.

    02ı05ı07

  • DOKKHUSET ı GRATIS INNGANG

    Kl. 11.00–12.00SKILLNADEN SPRIDER SIG / KEEP MOVING AWAY FROM YOUR MOTHER TONGUE

    Når ein diskuterer ei omsetjing, talar ein ofte om kor godt teksten fungerer på det nye språket, kor vellyk-ka overføringa frå originalspråket til det nye språket er. Ein stiller sjeldan spørsmålet: Er omsetjinga for god? Omsetjing handlar like mykje om avstand som om nærleik. Omsetjing er å ta ansvar for avstanden. Kanskje skal det visast i teksten at den opprinneleg er skrive på eit anna språk?

    Jenny Tunedal og Niclas Nilsson samtaler om omsetjing som etisk handling, som uttrykk for empati – empati snarare enn identifikasjon.

    Kl. 13.00–14.00LITAUISK ENFANT TERRIBLE

    Mikael Nydal held foredrag om Sigitas Parulskis. Parulskis framstår som ein av dei mest kompromiss-lause blant dagens yngre poetar i Litauen – og er blant dei mest lese. Den vreden som frå begynninga gav han eit rykte som poetisk enfant terrible har, utan å avta, bore fram ein kompleks og mange-fasettert forfattarskap, med døden som ein stadig

    klangbotn. Men sjølv om Parulskis skriv frå eit eksistensielt nullpunkt, gjev han ikkje tapt. I mørkret skin den sjeldant ømme ironien klarare og desperasjonen gjev håpet skarpare konturar.

    Sigitas Parulskis les sjølv frå samlinga Mortui sepulti sint (som Mikael Nydal har omsett til svensk og som Gunnar Wærness skal omsetja til norsk). Gunnar Wærness les norske omsetjingar saman med Parulskis.

    Kl. 15.00LITTERÆRE STUNT

    Studentar frå Forfattarstudiet i Bø framfører tekstar frå antologien sin, på taket, utsida eller inne i Dokkhuset – unplugged og utan sikkerheitsnett. Ikkje gå glipp av det spektakulære showet til årets ferskaste forfattarspirer!

    ARK BRUNS ı GRATIS INNGANG

    Kl. 16.30 NYSKAPANDE NORDISK

    Opplesingar ved Ursula Andkjær Olsen (Danmark), Gunnar Wærness (Norge/Sverige) og Ida Börjel (Sverige).

    BABEL ı GRATIS INNGANG

    Kl. 19.00 OMSETJINGOpning av utstilling

    Galleri Babel presenterer: Gunnar Wærness (Norge/Sverige), Monica Aasprong (Norge), Annika Borg (Norge), Marit Lindberg (Sverige), Hans Hamid Rasmussen (Norge), Leif Holmstrand (Sverige), Dea Svensson (Sverige), Ylva Westerlund (Sverige) og Anna Halberg (Sverige).

    Kurator: Henrik Skotte.

    Utstillinga blir ståande til 13. mai.

    03ı05ı07

    Prosjekt: Lysthus, foto Marina Bauer

  • DOKKHUSET ı GRATIS INNGANG

    Kl. 11.00–12.00MONOMONO

    Duoen MonoMono består av komponisten Lars Carlsson og forfattaren Fredrik Nyberg. MonoMono vil samtale med kvarandre og publikum om ulike måtar å føre saman tekst og lyd til ei fungerande heilheit. Dei vil skildre og eksemplifisere utifrå nokre spesifikke verk. Besøket i Trondheim er ein del av MonoMonos NordicNeverendningExtendedTour.

    Kl. 12.30–13.30EIT HUS AV LJOSOm tekst, lyd og bilde

    Monica Aasprong presenterer prosjektet Soldat-markedet. Dette er visuelle dikt, publisert i ulike fora: i tidsskrift, på internett, i kunstgalleri og i bokform. Basert på bokstavane i ordet ”Soldatmarkedet” utforskar tekstuttrykka språket og grensene mellom litteratur og visuell kunst. I foredraget vil Aasprong fokusere på arbeidet med bokstaven ”t”.

    Tale Næss sine installasjonsprosjekt innbefattar tre stadium frå ark til ferdig produkt: ei overføring frå bokstavar til stemme til objekt. Utgangspunktet er små tekstar som utsegn, betruingar, monologar,

    ettertankar og utrop. Ho finn så ein person til å lesa inn teksten spontant, utan å ha øvd. Lydmaterialet blir deretter omsett til ein installasjon. Næss viser fram ein installasjon der stemmer er omforma til ljos. Ho har laga eit lite gjennomskinleg hus der teksten som lydfil triggar ei lampe som lyser opp huset. Næss fortel om prosessen fram til resultatet og om stemme og tekst.

    *Prosjekt: Lysthus* Forfattar Hildegunn Dale og arkitektstudent Marina Bauer presenterer prosjektet og les tekstar til ljosbilde. Åtte fotografi heng i Dokkhuset under festivalen. Eit lysthus er eit lysthus, dvs. ein fristad, ein mellomposisjon: verken ute eller inne. Utgang-spunktet for prosjektet var ei felles interesse for arkitektur og natur. Hildegunn og Marina gjekk på jakt etter stader i og rundt Bergen, som bar spor av menneskeleg aktivitet, at nokon hadde gjort delar av det offentlege rommet til sitt. Marina tok bilde av staden, og Hildegunn arbeidde med tekst ut frå dei enkelte bilda. Det viste seg at ein del av fotografia hadde noko uverkeleg over seg. Ytre rom kunne, gjennom transformasjonen frå landskap til bilde, like godt representere indre rom.

    Kl. 14.30–15.00SENSUR

    Endeleg har det lykkast Æ Å Trondheimlitteraturfestival å få besøk av Nobelpriskandidaten Herta Müller. Rumensk-tyske Herta Müller har opplevd eit styre der regimekritiske meiningsytringar vart sensurert og enkeltindivid straffa for å uttrykkje uynskte meiningar. Litteraturvitar Heidrun Bubik samtaler med Müller og spør: Korleis har sensuren prega tekstane og språket hennar? Og korleis kan vi med vår vestlege bakgrunn omsetja og forstå dette språket? Herta Müller les frå den siste diktsamlinga si, Die blassen Herren mit den Mokkatassen.

    DOKKHUSET ı INNGANG KR 80ı-

    Kl. 19.00DIKT FRÅ ANDRE ROMperformance, opplesingar og musikk

    Stemmehøyrarane utspelar seg i krysninga mellom scenetekst, performance, romleg poesi og instruert lesing. Det sceniske rommet blir brukt til å aktualisere ulike andre rom: litterære og historiske, språklege og ikkje minst mentale. Teksten tek utgangspunkt i historia om Kaspar Hauser, den unge, nesten språklause guten av ukjend opphav

    som vart funne på eit torg i Nürnberg i 1828 og myrda fem år etter. Stemmehøyrarane vart framført i ein fyrste versjon ved visninga ”Endelig torsdag” på Trøndelag Teater våren 2006. Denne versjonen var skrive for ein skodespelar, medan den nye blir framført av forfattaren, Gunstein Bakke, i samarbeid med Henrik Skotte.

    Jenny Tunedal les frå si komande bok Kapittel Ett.

    Henrika Ringbom framfører nye, enno upubliserte prosadikt inspirert av tekstar i den finlandssvenske kveldsavisa Nya Pressen 1968–1974. Dei handlar blant anna om Manson og månen, mini og midi, Song My-massakeren, hippiar og Oh! Calcutta.

    Sigitas Parulskis opptrer med dikt frå Marmurinis suo (En hund av marmor), som er omsett til svensk av Mikael Nydahl, i samarbeid med Liana Roukyte, Gunnar Wærness, Carina Nynäs og Anna Harrison.

    Niclas Nilsson les frå Patriarkat og nye dikt frå eit prosjekt med tittelen Love Me Tender.

    Michael Francis Duch, musikar, komponist og performanceartist, improviserer musikk med kontrabass.

    04ı05ı07

  • .

    TRØNDELAG SENTER FOR SAMTIDSKUNST ı INNGANG: 50ı-

    Kl. 12.00–13.00SUOMI FINLAND

    Den finske språksituasjonen er spesiell. Den finlandssvenske forfattaren og omsetjaren Peter Mickwitz innleier om forholdet mellom finsk og finlandssvensk litteratur og om erfaringane sine med å omsetja andre sine og eigne tekstar frå svensk til finsk.

    Finlandssvenske Henrika Ringbom les frå omsetjinga hennar av Markku Paasonens prosadikt-samling Lauluja mereen uponneista kaupungeista, på svensk: Sånger om sjunkna städer (kandidat til Nordisk råds litteraturpris 2007).

    Den finske forfattaren Helena Sinervo les dikt frå Oodeja korvalle (Oden för örat) og Tilikirja (Bokföring) på finsk og svensk. Ho les òg utdrag frå romanen Runoilijan talossa (In the Poet’s House) på engelsk.

    Kl. 13.15–14.00MELLOMROM

    Hausten 2004 starta to nyutdanna språkvitarar og ein litteraturvitar TransFe:r Forlag i Bergen. For-laget legg vekt på omsetjing og gjendikting. Dei er oppteke av å skapa rom for refleksjon og diskusjon rundt litterær omsetjing og dei vilkåra omsetjinga er underlagt. Forlaget presenterer antologien Mellomrom som inneheld essay, brev og artiklar med utgangspunkt i omsetjingsproblematikk.

    DOKKHUSET ı INNGANG: 50ı-

    Kl. 15.00–16.00 BRINNEN

    Danseforestillinga Brinnen (brenne) er ei scenisk samtale mellom dans og lyrikk. Rytmar møtast og spør kvarandre, fjernar seg frå kvarandre, går over i kvarandre. Dansarane Hans-Werner Klohe og Su-Mi Jang spenner ut eit bevegeleg nett som smyg seg rundt Anja Utlers dikt, bryt det opp og bringer fram nye konturar.

    Samarbeidet mellom dansarane Hans-Werner Klohe, Su-Mi Jang og lyrikaren Anja Utler begynte vinteren 2005/06 under eit felles stipendopphald på Akademie Schloss Solitude i Stuttgart. Danse-forestillinga Brinnen vart vist for fyrste gong i Budapest i september 2006.

    Etter forestillinga blir det mogligheit til å stille spørsmål til aktørane.

    DOKKHUSET ı INNGANG: 80ı-

    Kl. 19.00 AVSLUTNING ı LOAHPAHUS ı AVSLUTNING PÄÄTTÄJÄISET ı AFSLUTNING ı ABSCHLUSS ı BAIGIMAS

    Risto Oikarinen spelar saksofon og les frå diktsamlinga Puupuhaltaja (Träblåsare).

    Herta Müller les frå boka Herztier som vart utgjeve på norsk i 1996 under tittelen Hjertedyr.

    Under MonoMonos fyrste opptreden i Norge blir det nye stykket Decay framført. Dette er eit plasspe-sifikt verk, som endrast utifrå rommets eller plassens ulike eigenskapar. Verket kan på ulike vis seiast å forhalde seg til den verdsordninga som tok (ny) fart den 11. september 2001. ”Aldrig hör vi riktigt samma sak.”

    Monica Aasprong les frå diktsamlinga Soldatmarkedet (2006).

    Avslutning ved Marte Huke, Ingrid Storholmen og Arild Vange.

    05ı05ı07

    Brinnen, Su-Mi Jang og Hans Werner Klohe

  • 03ı05ı07- 06ı05ı07TEATERHUSET AVANT GARDEN ı INNGANG: 140/100ı-

    Kl. 20.00 SKOGSUNDERHALDNING. TALK SOFTLY BUT CARRY A BIG STICKSon of a Gun/Lisa Lie.

    ”Er enhjøringer virkelige? Er en tanke om enhjørninger en virkelig tanke?”

    Eit obskurt kvasivitskapeleg foredrag for fråverande vennar, tapt kjærleik, gamle gudar og tåke. Når du har eliminert alle andre moglegheiter, må det som gjenstår, uansett kor usannsynleg, vera sant.

    Bak Son of a Gun finn vi scenekunstnar og forfattar Lisa C. B. Lie, komponist Trygve Brøske og bildekunstnar Erik Tidemann. Produsent: Randi Martine Brockmann.

    Før fingrene knepper opp jordens knapperpå din hud, har vinden lest boken til slutt.Du sier noemed ryggen mot kanonene ved Gustafssvärd,når overflaten er for finsprekker den og verker, jeg hørerikke, fingrene nytergresstrå for gresstrå.

    Helena Sinervo

    Fra Lukemattomiin (Til de uregnelige), Tammi forlag 1994

    vil at du ska sjå

    TRØNDELAG TEATER ı INNGANG: 220,-/120,-

    Kl. 19.30 (18.30 laurdag)TRONDHEIM OPEN 2 Det tredje stadiet av Tale NæssWashingtin av Johan Harstad Meir info: www.trondelag-teater.no

  • TRONDHEIM SENTRALSTASJON

    15.00Rom for kunstFredrik Nyberg Ursula Andkjær OlsenEllen Grimsmo ForosLisa C. B. LieTale NæssGratis inngang

    DOKKHUSET

    20.00OpningIda BörjelHildegunn DaleSigbjørn SkådenUrsula Andkjær OlsenKonsert: Eldbjørg RaknesBillettar: 80ı-

    DOKKHUSET

    11.00–12.00Skillnaden sprider sig / Keep moving away from your mother tongueOm omsetjingJenny TunedalNiclas NilssonGratis inngang

    13.00–14.00Litauisk enfant terribleMikael Nydahl: Foredrag om Sigitas ParulskisOpplesing ved Sigitas Parulskis og Gunnar WærnessGratis inngang

    15.00Litterære stuntVed studentar frå Forfattarstudiet i BøGratis inngang

    ARK BRUNS

    16.30Nyskapande nordiskUrsula Andkjær OlsenGunnar WærnessIda BörjelGratis inngang

    GALLERI BABEL

    19.00Opning av utstillingGratis inngang

    DOKKHUSET

    11.00–12.00MonoMonoPresentasjon av MonoMonos arbeid med tekst og lyd.MonoMono er Fredrik Nyberg og Lars Carlsson.Gratis inngang

    12.30–13.30Eit hus av ljosOm tekst, lyd og bildeMonica Aasprong Tale Næss Hildegunn Dale & Marina BauerGratis inngang

    14.30–16.00SensurHerta Müller & Heidrun BubikGratis inngang

    19.00Dikt frå andre romGunstein Bakke & Henrik SkotteJenny TunedalHenrika RingbomSigitas ParulskisNiclas NilssonMichael Francis DuchBillettar: 80ı-

    TRØNDELAG SENTER FOR SAMTIDSKUNST

    12.00–13.00Suomi FinlandPeter MickwitzHelena SinervoHenrika RingbomBillettar: 50ı-

    13.15–14.00MellomromTransFe:r Forlag presenterer antologien Mellomrom

    DOKKHUSET

    15.00–16.00BrinnenDans & lyrikk ved Sumi Jang, Hans-Werner Klohe og Anja Utler.Samtaler med publikum etter forestillinga.Billettar: 50ı-

    19.00AvslutningRisto OikarinenHerta MüllerMonoMonoMonica AasprongBillettar: 80ı-

    04ı05ı07 05ı05ı0702ı05ı07 03ı05ı07

  • Eldbjørg Raknes (f. 1970) er oppvakse i øykommunen Midsund utanfor Molde. Ho er utdanna ved jazzlinja på Musikkonservatoriet i Trondheim (1990-1994), og har budd her sidan. Raknes er frilanssongar, -komponist og -pedagog. Gjennom heile karrieren har ho sett musikk til lyrikk og arbeidd innovativt med stemmebruk, lyd, fonetikk og tekst – for vaksne og for barn. Ho har bandet TINGeLING og gjer SOLOkonsertar og andre konsertar like mykje i utlandet som i Norge. Konserten 2. mai er midt mellom SOLOkonsert i Frankrike og TINGeLINGkonsert i Tyskland. (http://www.eldbjorgraknes.com/)

    Jenny Tunedal (f. 1973) er poet og kritikar busett i Stockholm. Ho debuterte i 2003 med diktsamlinga Hejdade, hejdane sken som vart lagt merke til i heile Skandinavia. Som kritikar og redaktør har Tunedal vore med på å styrke ein felles skandinavisk poesiof-fentlegheit. Frå 2004 til 2006 var ho redaktør for litteraturtidsskriftet Lyrikvännen, og ho er for tida litteraturansvarleg og kritikar i Aftonbladet. Tunedal har publisert omsetjingar av blant andre Emily Dickinson, Sylvia Plath, Etel Adnan og Samer Abu Hawash i ulike tidsskrift. Våren 2008 kjem den andre diktsamlinga hennar: Kapitel Ett.

    Niclas Nilsson (f. 1971) er poet og omsetjar. Han har gjeve ut Patriarkat, ei kjenslevar og original debutsamling. Dikta er vakre, men samtidig ubehagelege. Med svart humor skildrar dei eit system skapt av det patriarkalske samfunnet. Nilsson har blant anna omsett Michael Palmers Sol, Lyn Hejinians Mitt liv og et stort antal dikt for Lyrikvännen og OEI.

    Mikael Nydahl (f. 1973) kjem frå Malmö og bur nå i nordre Skåne. Nydahl er forleg-gjar, kritikar og omsetjar (frå russisk, litauisk og engelsk). Han er redaktør for Kritiker. Nordisk tidsskrift för litterär kritik och essäistik (tidligare Ariel – litterärt tidsskrift). Mikael Nydahl tok over tidsskriftet etter faren, 25 år gamal.

    Sigitas Parulskis (f. 1965) er busett i Vilnius i Litauen. Han er ein av dei mest fram-tredande litauiske poetane og dramatikarane i sin generasjon. Han er introdusert for eit nordisk publikum gjennom diktutvalet Mortui sepulti og diktsamlinga En hund av marmor. Lyrikken til Parulskis er på same tid grov og songbar, grotesk og lyrisk.

    Ida Börjel (f. 1975) er busett i Malmö. Ein kunne nøye seg med å seia at Börjels dikt både er komiske og alvorlege, eksistensielle og eksperimentelle. Men da har ein gløymt at det finst ei diskursiv side ved saka, eit språkleg medvit og ei eksaktheit som gjer verka hennar til det kanskje aller mest vibrerande og tonesikre i svensk samtidspoesi akkurat nå. Börjel debuterte i 2004 med den fleirfaldig prislønna diktsamlinga Sond. To år seinare utkom Skåneradio der Börjel avspelar og manipulerer radioprogram dit såkalla ”vanlege menneske” ringjer inn og uttrykkjer meiningane sine. Börjel inngår i redaksjonskomiteen for tidsskriftet OEI og arbeider for tida med eit diktverk om Konsumentköplagen.

    Hildegunn Dale (f. 1974) kjem frå Modalen og bur i Bergen. Ho har studert ved Skrivekunst-akademiet i Hordaland og har master i allmenn litteraturvitskap. Ho er forfat-tar og har gjeve ut tre diktsamlingar, seinast Sea, say and see (2006). Dikta hennar er bilderike. Dei kan sjåast på som ei undersøking av ulike samanhengar mellom den ytre og den indre røynda, mellom den enkelte sitt levde liv og noko som er felles, symbolverda. Hildegunn er òg redaktør for Samlaget sin serie for omsett poesi, og arbeider for tida med manuset Armane er mine handlingar.

    Sigbjørn Skåden (f. 1976) kjem frå Planterhaug i Skånland i Sør-Troms. Han er cand.philol. i litteraturvitskap og arbeider som frilansomsetjar. I 2004 gav han ut det episke langdiktet Skuovvadeddjiid gonagas (Skomakernes konge), som vart nominert til Nordisk råds litteraturpris 2007. Boka handlar om ein ung same, Jusup, som vender attende til heimplassen sin. Skåden var årets unge artist 2005 på Riddu Riddu-festivalen, og han har vore redaktør for Riimiin rámiin, ein antologi av unge, tornesamiske skrivarar.

    Ursula Andkjær Olsen (f. 1970) er utdanna cand.mag. i musikkvitskap og filosofi frå Københavns Universitet og arbeidde i åra 1995–2000 som musikkanmeldar i Berlingske Tidende. Ho debuterte i 2000 med diktsamlinga Lulus sange og taler, og har etter dette gjeve ut tre diktsamlingar, seinast Skønheden hænger på træerne (2006). Andkjær Olsen har vunne fleire prisar for forfattarskapen sin og blir karakterisert som dansk lyrikks mest tvetydige stemme. Bøkene hennar er fylt med språkspel, forskyvingar og eit overveldande overskot av meining. Andkjær Olsen både absorberer og kritiserer språket som informasjonssamfunnet kastar mot oss. (Opplesing og animasjon frå Ægteskapet mellom vejen og udvejen: http://www.surfurs.dk/)

    DELTAKARAR 07

  • Monica Aasprong (f. 1969) kjem frå Kristiansund og er busett i Stockholm. Ho debuterte i 1997 med romanen mellom Alex Gobulev og meg. Sidan 2003 har ho arbeidd med Soldatmarkedet, eit tekstprosjekt der fragment er publisert i ulike medium og fora. Prosjek-tet er eit forsøk på å nærme seg tittelordets moglege betydningar: Basert på bokstavane i ordet ”Soldatmarkedet” utforskar tekstuttrykka grensene mellom litteratur og visuell kunst. Soldatmarkedet har framprovosert debattar om grenseoverskriding i litteraturen, mellom kunstartane, og ikkje minst rundt litterære tradisjonar i det norske og nordiske litterære landskapet. Aasprong har omsett Thomas Bernards roman Gå og Rainer Maria Rilkes Auguste Rodin. Brev om Cézanne til norsk. (www.monicaaasprong.com)

    Tale Næss (f. 1969) bur i Trondheim, og er utdanna cand.philol. innan filmvitskap. Næss arbeider med dramatikk og dramatiske installasjonar i grenselandet mellom scenekunst, bildekunst og litteratur – både for scene, galleri, radio og internett. Ho debuterte som forfattar i 1992 med romanen Månen har ikke hender, og har sidan skrive både romanar og lyrikk. Ho har lenge arbeidd ut frå ein fascinasjon for den menneskelege stemma. Tale Næss er ein av fire unge dramatikarar som blir spela under Trondheim Open på Trøn-delag Teater våren 2007.

    Herta Müller (f. 1953) kjem frå den tyske minoriteten i Banatprovinsen i Romania, og blir rekna som ein av dei mest markante forfattarane som har tematisert totalitære forhold under dei tidlegare kommuniststatane i Aust-Europa. Müller emigrerte til Tyskland i 1987, etter å ha vore utsett for restriksjonar og yrkesforbod fordi ho nekta å samarbeide med Romanias hemmelege politi. Forfattaren står bak sterke og eigenarta romanar, der ho ved hjelp av ein særeigen gjenstandsmetaforikk og surrealistiske verkemiddel kartlegg eit totalitært regimes verkemåte. I essaysamlingane sine viser ho korleis eit diktatur forskyver orda sine meiningar og gjev dei eit nytt og påtvunge innhald. I dei siste åra har ho vi-dareført denne diktaturanalysen i diktsamlingar utført i kollasjteknikk: Im Haarknoten wohnt eine Dame (2001) og Die blassen Herren mit den Mokkatassen (2005).

    Gunnar Wærness (f. 1971) kjem frå Heimdal og bur i Skåne. Han har gjeve ut tre dikt-samlingar. Opningsdiktet i Hverandres, ”Kjære bønn”, vart kåra til årets beste dikt i 2006. Ei ny diktsamling kjem våren 2007. Wærness har òg publisert dramatikk, kollasjtekstar, poetikktekstar og teikneseriar, og han har vore tidsskriftsredaktør i luj. Lyrikken til Wærness tematiserer blant anna mellommenneskelege relasjonar, maktforhold og det å namngjeva verda. Med varheit, rytme og presisjon aktiviserer dikta grunnleggjande spørsmål; lesaren blir invitert med inn i meiningsdanninga.

    Forfattarstudiet i Bø ved Høgskulen i Telemark er den eldste forfattarutdanninga i landet. Studiet vart starta i 1982 av Forfattarforeininga og blir leia av Eldrid Lunden. Det blir lagt særleg vekt på praktisk skriving. Skriveverkstaden er ei veksling mellom individuelt skapande arbeid, samarbeid i smågrupper, tekstgjennomgang i plenum og individuell rettleiing. Forfattarstudiet tek inn 15 personar kvart år.

    Marina Bauer (f. 1977) kjem frå Åland og bur i Bergen. Ho er cand.mag i kunsthistorie og kulturvitskap. For tida er Bauer masterstudent ved Bergen Arkitektskole.

    Fredrik Nyberg (f. 1968) er forfattar, busett i Göteborg. Han har publisert fire dikt-samlingar, seinast Det blir inte rättvist bara för att båda blundar (2006). I Nybergs poesi blir ein språkfølsomheit foreina med eit medvit om dei samfunnsmessige omgjevnadene. I tillegg til poesi har Nyberg skrive dramatikk, kritikk, essay om litteratur, musikk og lyd-kunst, og han er med i redaksjonen i tidsskriftet OEI. Nyberg utgjer den eine halvdelen av tekst/lyd-duoen MonoMono. (http://www.monomono.se/)

    Lars Carlsson (f. 1972) er oppvakse i Mariestad og bur nå i Göteborg. Han har studert komposisjon hjå Sven David Sandström og Ole Lützow-Holm. I arbeidet sitt hentar han ofte impulsar frå kvardagshendingar, som brustein-legging og politikk. Idéstrømmen er konstant og det klingande resultatet har ofte eit konseptuelt preg. Carlssons musikk er framført av Göteborgs Symfoniker, Kungliga Filharmonikerna, Malmö Symfoniorkester, Norrköpings Symfoniorkester, Musica Vitae, Kammarensemblen, Mårten Falk, Gothenburg Combo, University of Illinois, samt av steinsetjarar i Göteborg kommune. Carlsson utgjer den andre halvdelen av tekst/lyd-duoen MonoMono. (http://www.monomono.se/)

    DELTAKARAR 07

  • Peter Mickwitz (f. 1964) er oppvakse og busett i Helsingfors. Mickwitz debuterte i 1991 med diktsamlinga I ljuset, og har etter dette gjeve ut ytterlegare fire diktsamlingar, den seinaste För vad kroppen är värd (2004). Hausten 2007 kjem dikt- og prosasamlinga Där bara diset återstår av paradiset. Mickwitz har òg arbeidd med tidsskrift, forlagsverksemd og omsetjing. Han har blant anna redigert antologien Ett svart får i motljus – 14 unga finska poeter. I 2006 kom eit breitt utval av Mickwitz’ dikt ut på finsk, omsett av Jyrki Kiiskinen: Lasinen avaruusalus.

    Helena Sinervo (f. 1961) er finsk forfattar og omsetjar. Ho debuterte i 1994 med diktsamlinga Lukemattomiin (Untold). Ho mottok Finlandia-prisen for romanen Runoilijan talossa (In the House of the Poet) i 2004. Romanen er ein fiktiv biografi om Eeva-Liisa Manner, 50-talets kanskje mest markante modernistiske poet i Finland. Sinervos siste utgjeving er ei omsetjing av og eit essay om Mallarmés Un coup de Dés. Hausten 2007 kjem hennar sjuande og åttande diktsamling ut. Den eine er ei prosalyrisk undersøking av Tibetanske dødslegender, den andre er ei leikfull diktsamling for barn.

    Anja Utler (f. 1973) er frå Schwandorf i Sør-Tyskland. Ho har studert slavistikk og anglistikk i Regensburg, Norwich og St. Petersburg. Ho har skrive doktoravhandling om kvinnelege diktarar i den russiske modernismen. Utler har gjeve ut tre diktsamlingar, seinast brinnen (2006). Utler er ein av dei store språkfornyarane i den unge, tyskspråklege lyrikken. Ho har motteke fleire prisar for dikta sine, blant anna den renommerte Leonce-und-Lena-prisen. Anja Utler bur i Wien.

    Hans-Werner Klohe (f. 1970), koreograf og dansar, har studert i Köln og München. Han har drive med koreografiske research- og coachingprosjekt hjå Lloyd Newson, Vera Mantero, Emio Greco og Nigel Charnock. Han har blant anna dansa med Introdans (Nederland), AMP/Adventures in Motion Pictures (London og New York) og TanzTheater-Basel. Sidan 2001 har han produsert eigne dansestykke i Berlin. Klohes koreografiske arbeid er prega av reduksjon og form, abstraksjon og emosjon. Kvart enkelt konsept blir utvikla i nært samarbeid med kunstnarar frå andre estetiske uttrykk, som musikkperfor-mance, stemme- og talekunst og bildekunst. Klohe har motteke ei rekkje stipend og prisar.

    Gunstein Bakke (f. 1968) kjem frå Setesdal og er busett i Trondheim. Han har har gjeve ut to romanar. Debutromanen Kontoret (2000) følgjer ein idiosynkratisk kontorist gjennom ein dag. Kontoristen sine observasjonar av omgjevnadene blir nedteikna med eit litterært sjølvmedvit og ei fenomenologisk overfølsomheit som er unik i norsk samtidsnarrasjon. Den indre olding (2005) følgjer opp erfaringsprosjektet der blikket og oppmerksomheita er styrande, men i ein heilt annan eksistensiell modus. Romanen strekkjer den poetiske og språklege intensiteten i ei mørkare retning. Sidan våren 2006 har Bakke arbeidd med teaterstykket/tekstperformancen Stemmehøyrarane, ved sidan av ein ny roman og ei tekstsamling på svensk.

    Henrik Skotte (f. 1970) busett i Trondheim, er utdanna bildekunstnar ved kunstakademia i Trondheim og Malmö. Praksisen hans er ei kontinuerleg samanblanding av uttrykks-formene video, lyd, tekst, performance, grafisk formgjeving, redaktørverksemd og grubling. For tida er han redaktør for publikasjonen til Generator 2007, co-kurator for utstillinga på Babel i samband med Trondheim Iitteraturfestival, regissør for Stemmehøyrarane med Gunstein Bakke, og formgjevar for Ingrid Storholmen og Gunnar Wærness sine komande utgjevingar. Han underviser årleg i Kreativt skrivande ved Konsthögskolan i Malmö, og gnir oske i håret over å ha for mykje å gjera.

    Henrika Ringbom (f. 1962) er forfattar og omsetjar busett i Helsingfors. Ho debuterte i 1988 med dikt- og kortprosasamlinga Båge og har fortsett å skrive både dikt og prosa. Siste utgjevingar er diktsamlinga Den vita vinthunden (2001) og romanen Sonjas berättelse (2005). Ringbom skriv òg essay og har omsett finsk lyrikk til svensk. For tida arbeider ho med prosadikt som er inspirert av artiklar, notisar og bilde i den finlandssvenske kveld-savisa Nya Pressen 1968–1974.

    Michael Francis Duch (f. 1978) er musikar og komponist frå Trondheim, utdanna ved Musikkonservatoriet i Trondheim. Som musikar har han arbeidd mest med improvisasjon. Han spelar elektrisk bass i bandet Dog & Sky, og arbeider som DJ. I lag med basskollega Svein Inge Sæther starta han ”Klubb Tarkovsky” i 2004, som kombinerer avantgarde-filmar med New Wave og Electropop med en Marclay-inspirert twist. Duch har komponert musikk for fleire kortfilmar og teaterstykke – og opptrer sjølv som performanceartist.

    DELTAKARAR 07

  • Su-Mi Jang (f. 1973), kjem frå Choun-an, Sør-Korea. Ho studerte moderne dans, bal-lett, koreansk dans og scenekunst på Chung-ang universitetet, seinare har ho studert ved Folkwang-Hochschule i Essen, Tyskland. Jang hadde ulike engasjement i Korea frå 1996 til 2000. Sidan 2000 har ho arbeidd som dansar i Europa, blant anna med Joachim Schlömer, Rodolfi Leoni, Tjitske Broesma og Sasha Waltz.

    Heidrun Bubik (f. 1969) er oppvakse i Wien i Austerrike og har budd i Oslo sidan 1988. Ho er utdanna som litteraturvitar og språklærar. I dei siste åra har ho arbeidd med språk- og kulturformidling – som språklærar, forlagskonsulent, skribent og omsetjar. Ho driv språkskulen Melo, inkludert nettsida ”Melolitt” om ulike tyskspråklege og franskspråklege forfattarskap. (www.melolitt.melopita.net)

    Risto Oikarinen (f. 1978) har budd i Helsinki sidan 1998 da han begynte på Helsinki Pop og Jazz konservatorium med saksofon som hovudinstrument. Etter tre mørke år fann han ut at konservatoriet ikkje var noko for han og slutta. Oikarinen har motteke fleire prisar for den fyrste prosadiktsamlinga si, Puupuhaltaja (The Woodwind Player), som kom i 2005. Oikarinen skriv nå på si andre bok, samtidig som han studerer filosofi i Helsinki. Re-ligiøse spørsmål og fantasiar står sentralt i Oikarinens poesi. Når han opptrer, kombinerer han ofte opplesing med meditativ improvisasjon på saksofon. Han liker å omsetja musikalske bilde og idear til språk.

    DELTAKARAR 07

  • Nej.

    Jeg er en sten. Jeger en sten i mavenog det er mig selvder har slugt den.

    Jeg er en dukke påen bænk som jegselv har efterladt.

    Skær kun dit hoved.Af. Min blomst.

    Ursula Andkjær Olsen

    Fra Ægteskapet mellem vejen og udvejen, Gyldendal 2005

    Jag stjäl den glödande klockan från klockstapeln och vänder den upp och ner, förvandlar den till ett badkar för oss att bada i, kom unga mö, kom, mina böner har lagrat det hetaste vatten för en endaste natts behov, sola dig inte, somna ej, somna ej på gårdstunets gräs, tag mig, vi bör låta fågeln på tunet sova, låta vindkraftverket vispa himlen, trädblåsaren blåsa och molnen och farfars ben svartna, klä av dig och kom in, kom in, in i mig på klockans botten.

    Risto Oikarinen

    Fra Puupuhaltaja (Träblåsare), Otava 2005

  • Æ ÅTRONDHEIM LITTERATURFESTIVAL 20072.–5. MAI

    Billettar til festivalen kjøper du ved inngangen til dei ulike arrangementa.Førehandssal av billettar via Dokkhusets heimeside: www.dokkhuset.no.

    Arrangør:Norsk Forfattersentrum Midt-NorgePeter Egges plass 1, 7011 TrondheimTlf 73 51 88 80 – Faks 73 51 88 29E-post: [email protected]

    Norsk Forfattersentrum er ein formidlingsorganisasjon for skjønnlitterære forfattarar, oppretta i 1968. Hovudformålet er å formidle kunnskap om og interesse for samtidslitteraturen ved bruk av levande forfattarar. Organisasjonen har kontor i Oslo, Bergen, Trond-heim og Tromsø. Vil du lesa meir om oss, sjå på heimesida vår: www.forfattersentrum.no

    Kunstnarisk komité:Marte Huke, Ingrid Storholmen og Arild Vange.

    Vi takkar samarbeidspartnerane våre: Trondheim kommune, Nordisk Kulturfond, Sør-Trøndelag fylkeskommune, Kunstrådet, Institusjonen Fritt Ord, Norsk Kulturråd, NTNU, Books from Lithuania, Finsk-Norsk Kulturinstitutt, Svensk Kulturfond, Goethe-Institut, FILI, Oktober, Damm, Samlaget, Den Litauiske Ambassaden i Stockholm, Lademoen Kunstnersenter, Ark Bruns, Kulturbyrået Mesén, Ratatosk litterært byrå, Dokkhuset, Babel, Teaterhuset Avant Garden, Torstein Erbos gavefond og Trøndelag Senter for Samtidskunst.

    Takk også til:Randi Martine Brochmann, Ulf Karl Olov Nilsson, Åse Helen Tveitane, Bernhard Ellefsen, Sarah Paulson, Suzanne Bordemann, Liesbeth Huijer og ALLE FRIVILLIGE OG DELTAKARAR.

    Æ Å 2007www.aeaa.no© NORSK FORFATTERSENTRUM MIDT-NORGE

    Med tillatelse fra stfk.no og Norge digitalt

  • Red:Kjersti Rognes Solbu & Guri Sørumgård Botheim

    Layout og design:PDAL

    Trykk:Selbu Trykk