20

Rock n' LOL

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Festivalprogram

Citation preview

Page 1: Rock n' LOL
Page 2: Rock n' LOL

2

For om lag fire år sidan tilbrakte ein gjeng søftelendingar mykje tid i ein

kjellar utstyrt med trommar, forsterkarar og gode forhold for fuktige kveldar

på Søfteland. Etter kvart rann kreativiteten over og musikken som vart spelt

og laga måtte berre bli framført. Gjengen prøvde seg på ein minifestival i

den allereie nemnde kjellaren, med ein pils i inngangspengar, eit strikk som

festivalarmband og eige backstagerom. Stemninga var det absolutt ingenting å

utsetja på, men ein liten dempar var det at ”hovudattraksjonen” ikkje fekk spelt

på grunn av klagar på høg lyd frå naboane.

Dei prøvde seinare å leiga eit lokale for å få vist fram musikken sin, men fekk

til svar at dei ikkje var gamal nok til å leiga. Då var det berre å ta saken i

eigne hender. I ein hage på Søfteland vart ei heimesnekra scene av 70 pallar

reist, eit festivaltoalett leid inn og hagen stelt i stand for konsertar og festival.

Det vart også laga til festivalcamping på eit jorde like ved. Campinga opna

fredagen og laurdagen spelte heile 11 band for ein utseld fyrste festival. Alle

dei tilgjengelege 200 billettane forsvann kjapt og det same gjorde dei 100

festivalskjortene.

Året etter flytta festivalen ut av hagen og til ein bondegard på Sanden på

Søfteland. Festivalen vart også utvida til to konsertdagar, der 16 ulike artistar

stod på scena, som forøvrig bestod av 260 pallar dette året. Campinga låg heilt

nede ved eit stort vatn og var av det idylliske slaget. 600 besøkande var vitne til

gode konsertar, god mat, billig øl og fantastisk god stemning!

Festivalen vart løfta endå eit hakk i fjor og mange hadde no fått auga opp for

kva denne gjengen på Søfteland dreiv å stelte i stand. Besøkstalet vart dobla

til heile 1200 besøkande, scena bestod av nærmare 300 pallar og artistar

som John Olav Nilsen og Gjengen, Lars Vaular, Karin Park, Ungdomskulen og

Kvelertak sørgja for endå ein suksessfestival.

Ein festival blir til...

Page 3: Rock n' LOL

3

No er det igjen klart for festival på Søfteland. Også i år har vi satt saman eit program vi er veldig stolte av. Artistane vi kan presentera er ei blanding av all den musikken vi i Rock n’ LOL-styret likar. Vi er så heldige at vi kan setja saman eit program beståande av Hardcore, Hip Hop, Soul, Psykedelia, Pop, Metall og ikkje minst god gamaldags Rock n’ Roll!

Festivalområdet er lagt til rette for større scene og større produksjon enn vi har hatt dei tidlegare åra. Vi byggjar ikkje scena av pallar i år, men det betyr likevel ikkje at vi klarar å gje heilt slepp på desse pallane vi er blitt så glade i. Dei skal no bli til golv i den heilt nye LOL-baren vi har fått laga. Med utviding kjem naturleg nok også meir arbeid og større utgifter. Vi er utruleg takksame og glade for at så mange er positive, stiller opp for oss og ikkje minst rekk ut ei hjelpande hand når det er nødvendig. Utan støtta og hjelpen vi får frå våre sponsorar, samarbeidspartnarar og medhjelparar hadde vi aldri kunne gjennomføra noko i nærleiken av det vi no gjer! Ein stor takk og femten tomlar opp går ut til alle våre herlege festivalgjengarar. Nytt for året er at vi vil arrangera konsert og aktivitetar for barn og unge på festivalområdet laurdag formiddag. Det blir mellom anna ei barneforestilling med bandet Ila Auto allereie klokka 10. Vi ønskjer med dette å kunne gje dei aller minste ei moglegheit til å kunne ta del i musikken. Vi håpar dette kan gje dei interesse og inspirasjon til å starta eller fortsetja å spela musikk. Kanskje vi får sjå nokon av dei på Rock n’ LOL-scena nokre år fram i tid?

Vel møtt til festival!

Velkomen til

Søfteland Rock n’ LOL

festival 2010!

Ein festival blir til...

Page 4: Rock n' LOL

4

DATAROCKDATAROCK slapp sitt kritikarroste debutalbum, Datarock Datarock, i 2005 og har etter det aldri sett seg tilbake. Dei er Noregs mest internasjonalt aktive band med over 600 konsertar bak seg i 32(!) land jorda rundt. Oppfølgjaralbumet, Red, kom ut i fjor og hausta utruleg bra tilbakemeldingar med blant anna seks auge på terningen frå Bergens Tidende.

Dei feirar i år sitt 10-års jubileum og Rock n’ LOL får ta del i feiringa av Noregs mest stilfulle band. Dei har ein heilt unik og eigen måte å underhalde på og vi kan heilt klart skilte med at vi har booka eit av Noregs beste liveband, om ikkje det aller beste! Med dei raude joggedressane, konstant publikumsfrieri og allsong frå start til slutt på verds kjente låtar som ”Fa Fa Fa”, ”Computer Camp Love” og den nyaste radiohitten ”Amarillion” skal DATAROCK laurdag 17. juli avslutta historias fjerde Rock n’ LOL Festival. Konserten vi kjem til å få servert blir ei konsert oppleving Søfteland seint vil gløyma!

Page 5: Rock n' LOL

5

AudreyHorne

IlaAuto

Toschie tek med seg bandet sitt “heim” til Os fredag 16. juli. Audrey Horne, som nyleg varma opp for AC/DC på Valle Hovin, gav i mars ut albumet “Audrey Horne” til stor glede for både Noregs musikkanmeldarar. Leiande sjanger magasin som ”Scream” og ”Metal Hammer” spara heller ikkje på godorda. Audrey Horne mottok i 2005 Spele-mannspris i klassen metall for debutalbumet ”No Hay Banda”. Dei vart også nominerte i same klasse med sitt neste album, ”Le Fol”, to år seinare. Kven veit, kanskje dukkar det opp endå ei nominasjon etter årets plateslepp også?

Vi gledar oss uansett stort til å sjå eit Audrey Horne og ein Toschie i storform på ”heime-bane” fredag 16. juli. Forvent deg heavy riffing, catchy vokal og classic rock innpakka i eit moderne lydbilete.

Sommaren 2006 spelte Ila Auto inn sitt debutalbum, “If You Keep Pickin’, It Might Never Heal”. Fem rutinerte musikarar med tidlegare erfaring frå ulike rockeband sa seg leie, og bestemte seg for å gå “nye” vegar ved å hengi seg til bluegrassmusikken, banjo, mandolin og dobro. Og etter å ha sikra seg Spelemannsprisen for beste country plate, kunne gutta trygt konstatera at dei hadde komen inn på rett spor. Året etter gav dei ut andreplata “Over The Next Hill”, der blant anna singelen “Little Honey” utmerkte seg ved å liggje inne på “NRK Norsk toppen” i vel 20 veker. Også dette året vart bluegrassgutta nominert til Spelemann, men denne gongen utan å nå heilt opp.På den sjølvtitulerte tredjeplata “Ila Auto” (2009) tok bandet atter ei ny og god vending

då dei byrja skrive tekstar på sitt eige morsmål og ikkje på engelsk, som på dei to fyrste platene. Vi i Rock n’ LOL er heilt overbeviste om at gutane i Ila Auto kjem til årets festival med meir enn nok krutt i bagasjen til å få hæla i taket både under “vaksen konserten “fredag, og under “barne-konserten” laurdags formiddag klokka ti!

Page 6: Rock n' LOL

6

I spissen av kreativ kommunikasjonSe www.picapoint.no

Page 7: Rock n' LOL

7

LarsVaular

Purified in Blood

Med nasjonal anerkjennelse, tre strake radiosinglar og Spelemannsnominasjon i beltet, burde kanskje 2009 verta omtala som det store gjennombrotsåret for Lars Vaular. Men med dei siste månaders bransjesnakkis og etterkvart hitsingelen ”Rett opp og ned” skjønte dei fleste at den unge rapparen i fjor berre gav oss ein smakebit på kva som er i vente.

Etter at Lars var på alles lepper under årets Bylarm slapp han sitt tredje soloalbum i byrjinga av mai. Natt og Dag gav blant anna albumet full pott og Åsane-guten fekk femmarar nærmast kasta etter seg for skiva.

Heilt sidan platelanseringa har det vore lite fred å få for Lars. Han har spelt for folk over alt i landet og blir stadig dradd fram i rampelyset.

Det blir umogleg å stå rett opp og ned når Lars Vaular kjem tilbake til Søfteland og Rock n’ LOL fredag 16. juli!

Gjengen i Purified In Blood frå Stavanger/Sandnes-området debuterte med albumet ”Reaper of Souls” i 2006. Dei fekk gode tilbakemeldingar og noverande program-leiar i Lydverket, Asbjørn Slettemark, trilla fram femmaren og kalla plata ”Blodig bra”. Seinare det året vann dei Alarmprisen for beste livegruppe. Og det i konkurranse med blant anna Turboneger, Madrugada og Kaizers Orchestra. Etter at det oppstod indre stridigheitar i bandet bestemte dei seg for å leggje Purified på hylla i 2007. Året etter fann gutane igjen tilbake til kvarandre og det var klart for eit blodig comeback for PiB. Deira nye album, ”Under Black Skies”, kom i butikkane i juni tidlegare i sommar og det snakkast allereie om årets plate!

Nokre av medlemmane i PiB var i fjor med kompisane i Kvelertak og opplevde dei syndige tilstandene på Søfteland og Rock n’ LOL. Vi tar dei i mot med opne armar også i år og gledar oss til bekmørket kjem til Søfteland fredag 16. juli!

Page 8: Rock n' LOL

8

Serena-Maneesh

Blood Command

Frå det sjølvtitulerte debutalbumet kom i 2005, har det altså no gått fem år før andre albumet endeleg følgde opp i mars i år. Gruppa har oppnådd uvanleg høg status utanfor Noregs grenser, og i 2006 varma bandet opp for Oasis. Året før turnerte dei saman med The Dandy Warhols, før dei i 2007 slo følgje eit stykke på vegen med Trent Reznor sitt Nine Inch Nails i samband med deira verdsturné, og spelte konsertar i Australia og Japan. I løpet av mars og april i år har dei blant anna spelt på South By Southwest festivalen i Austin, Texas og ei heil rekkje andre storbyar i Nord-Amerika. Dei signerte også nyleg på det legendariske, britiske selskapet 4AD.

I mars i år slapp dei altså det vel etter-lengta albumet ”S-M 2: Abyss in B Minor”, og Serena-Maneesh står mellom anna på plakaten til Hove-, Øya- og Roskildefestivalen denne sommaren. Rock n’ LOL flyr gruppa direkte inn frå Belgia og kan dermed også skimte med det same! Gjer deg klar for eit møte med ein vegg av lyd med lag på lag av fuzz-gitarar.

Det er ikkje tvil om at det kjem utruleg mange gode band og masse bra musikk frå Bergen, men akkurat no er det eit band som skil seg ut frå alle andre. Blood Command er namnet på det kulaste, tøffaste og feitaste bandet Bergen no har å by på. Bandet visar korleis rock anno 2010 skal høyrast ut!

Blood Command slapp sitt fyrste album, ”Ghostclocks”, tysdag 18. mai og har sidan den dag blitt spelt hyppig av oss i Rock n’ LOL. Bandet klarar å lage ein herleg miks av hardcore, moderne rock og dansbare rytmar på ein heilt særeigen og rå måte, som den siste tida har fenga mange. Listing

på radio, hyppig speling landet rundt og gode tilbakemeldingar har gjort at Blood Command no står fram som eit av dei verkeleg gode og kraftfulle rockebanda i Noreg.

Forvent deg og gled deg til allsongrefreng, ninjariffing, sint pønk, dansing, attitude og ”Party All The Way To The Hospital”!

Page 9: Rock n' LOL

9

Page 10: Rock n' LOL

10

18:00 Abbabaklengs

18:30 Norma Sass

19:30 Death by Unga Bunga

20:15 Ila Auto

21:30 Audrey Horne

22:30 Blackroom

23:30 Lars Vaular

00:30 Purified in Blood

FREDAG 16. JULI

OBS! Vi gjer merksam på at endringar kan førekoma.

Page 11: Rock n' LOL

11

18:00 Abbabaklengs

18:30 Norma Sass

19:30 Death by Unga Bunga

20:15 Ila Auto

21:30 Audrey Horne

22:30 Blackroom

23:30 Lars Vaular

00:30 Purified in Blood

10:00 Gratiskonsert med Ila Auto11:00 Aktivitetar for barn og unge17:00 Abstractium17:30 Myrna Braza18:30 Warfart19:00 Heilag Olav med Hjelparar19:30 Bone Shakers20:00 Gerilja21:00 Kiss Kiss King Kong22:00 Blood Command23:00 Serena-Maneesh00:00 DATAROCK

LAURDAG 17. JULI

Page 12: Rock n' LOL

12

Gerilja

Bone Shakers

Gerilja vann Zoom Urørt i 2007, saman med Sigh & Explode. Juryen sa at Gerilja er “en rocketrio med egne idéer og et knippe virkelig gode låter. Retningen i musikken overrasker iblant og bandet har evnen til utfordre publikum. Juryen tror dette er et band som kan vokse seg store om de slipper seg enda mer løs.”

Sjølv trekk det oslobaserte bandet frem fire tilfeldege faktorar som har vært med på å forma bandet: Fotballspilleren Claudio Cannigia har hatt innvirkning på bandets fashion, livsanskuelse og estetikk. Astronomen Carl Sagan har bestemt deira filosofiske fundament og etikk, mens Marc Bolans holdning og yrkesprofesjonalitet og

har vore ein viktig inspirasjonskjelde. Den siste faktoren er Sly and the Family Stone som har gitt Gerilja groove og jig.

Vi i Rock n’ LOL har lenge vore fan av Gerilja. Vi trur derfor dette kjem til å verta ein konsert ingen bør gå glipp av!

Bone Shakers består av fire pur ekte søftelendingar og har base i Os Rocke-klubb. Bandet har den siste tida vore aktiv på spelefronten og har nyleg spelt på Kvarteret, Garage, Eggstock. Dei vart også plukka ut som ein av ti finalistar i finalen i 5071- festivalen si talentkonkurranse, ILOD. Ein demo frå bandet er undervegs og søftelendingane har allereie nye, spanande ting på gong.

Med attitude og høg gitarføring leverar Bone Shakers presis, catchy og tight ”rett-i-trynet”

rock n’ roll. Bli ikkje overraska om det rykkar i nakkemuskelen og at rockefoten får fart på seg. Gjer deg klar for heilt ekte søftelandsk rock laurdag 17. juli!

Page 13: Rock n' LOL

13

KissKiss King Kong

Death By Unga Bunga

Powertrioen Kiss Kiss King Kong frå Bergen kjem til Søfteland for å gje oss ein leksjon i riffing. Bandet leverar overstadig engasjert ellevill rock og sjølv om dei berre er tre i bandet, klarer dei å skape eit stort lydbilete. Kiss Kiss King Kong består av tre av dei beste rockemusikarane i Bergen, som har bestemt seg for å spela den musikken dei sjølv likar aller best. Det betyr at vi får rock, sånn som dei og VI vil ha det!

Med samanlikningar med band som Motorpsycho, Led Zeppelin, The Who og

Hellacopters kan ein ikkje ant enn å gleda seg til å sjå og høyra den eksplosive rocken til Kiss Kiss King Kong!

Etter å ha sett Death By Unga Bunga på Kvarteret i Bergen tidlegare i år var saken enkel. Dette bandet måtte koma til Rock n’ LOL.

Dei unge gutane frå Moss har funne mykje inspirasjon frå mellom anna 13th Floor Elevators, The Sonics og Velvet Under-ground. Å beskriva musikken er ikkje lett, men garasjepunk, psykadelia, doo-wop og freakbeat er kanskje det næraste vi kjem. Med Death By Unga Bunga ligg alt til rette for ein reise tilbake til 50-talets rock ‘n’ roll,

60-talets garage & surf og 70-talets punk. På scena leverar bandet ein eksplosjon av eit sceneshow fullt av sveitte, energi og underhaldning. Gjer deg klar for skrubbsår og rivne stemmeband!

Page 14: Rock n' LOL

14

Black-room

Norma Sass

Blackroom er det nye namnet på bergens-bandet Lorraine. Tidlegare har dei gjort seg vel bemerka i både inn- og utland med mellom anna låta ”I Feel It”, som var den mest spelte norske låt på NRK P3 i 2006, A-lista av kredible XFM Radio UK, vann prisen ”Best Electronic Act” under britiske BT Digital Music Awards og vart utnemnd som ”the best debut of 2005” i TimeOut Magazine.

No er Blackroom snart klar med nytt album i nytt electro format, og vi har fått tak i dei til

å presentera dette materialet på Søfteland i sommar. Møt opp for ein heftig og dansbar oppleving! ”Neon og glowsticks kom faen tilbake”

To veker etter vårt eige kjære Manheads frå Os i 2008 vart kåra til “ukens urørt” med låta “Demonizer”, var det “Norma Sass” sin tur til å overta stafettpinnen med låta “Japan”. Dei fekk følgande skussmål frå NRK Urørt sin redaksjon:“Norma Sass er siste prydbusk fra et indiepop- Oslo i kraftig oppblom-string. Rosenrøde klanger og godlynt trommedominans hyller inn ”Japan”, en låt som gir oss enda større tro på at Youngstorget er det nye Toronto.”

Dei inkasserte Zoom Urørt Prisen 2009 og spelte då i ein heil del norske byar i vårt landstrakte land. ZoomUrørt-juryen meinte den gong at jentene kunne kome til å

begeistre unge og vaksne over heile landet og at dei gjekk ei lys framtid i møte. Sjølv beskriv jentene musikken sin som trist med en glad vri, og glad med en trist vri. Med ei såpass vag beskriving anbefalar vi at du kjem å høyrar dei på LOL-scena i sommar, og gjer deg opp ei eiga meining. Sjå opp for god stemning!

Page 15: Rock n' LOL

15

Page 16: Rock n' LOL

16

Bandet er av den ferske sorten. 15- og

16-åringane har berre spelt ilag sidan

hausten, men har allereie klart å bli eit nokså

presist og tøft rockeband. Med ein slik øve-

og speleiver som desse unge gutane visar

kan vi ikkje tru anna enn at dei om nokre år

blir å finne på endå fleire scenar omkring!

Vi gledar oss til å sjå dei flinke gutane i

aksjon i sommar og ikkje minst til den vidare

utviklinga.

Abstractium

Gjeller og inhalatorar, astma og vannskrekk,

glasauge og tørre armholer. Abbabaklengs

er som ein sommarkotelett; har du riktig

tilbehør, så blir det jævlig bra!

Abbabaklengs gjer sin aller fyrste konsert

på Rock n’ LOL i sommar og stillar med anten

fire eller fem medlemmar. Det kjem heilt an

på om det ligg gode vibbar i lufta. For nokon

blir Abbabaklengs for mykje, for andre for

lite, for nokon for ute, for andre for inne.

Uansett kva det enn blir, skal det i alle fall

bli spanande å sjå dette rykande ferske

prosjektet med medlemmar frå band som

Manheads, Strapons, Mellomgass og Skilt.

At vi har booka det bandet med det absolutt

kulaste namnet kan vi utan tvil vere sikre

på. Så sikre at vi skriv det endå ein gong:

ABBABAKLENGS!

Abbabaklengs

Page 17: Rock n' LOL

17

Warfart

Myrna Braza

Warfart består av eit knippe gamle ringrevar

frå Os Rockeklubb. Bandet er i dag eigentleg

ei vidareføring av noko hardt og brutalt noko

som starta ein gong på 90-talet. Av uviss

grunn blei det den gong lagt på is, men dei

er no tilbake og tøffare og meir brutal enn

nokon gong. Det er liten, om inga, tvil om at

Warfart er det tyngste bandet i Os. Noko som

forsterkar akkurat den påstanden er at då

dei hadde sin debutkonsert på opninga av

”Ole B Råkk Kafè” i Lysefjorden, presterte

dei å få heile rockepuben nedlagt. Og det på

opningskvelden til rockepuben!

Forvent deg mykje tung metall frå tunge

musikarar og ein liten dose humor attåt.

UP THE WARFARTS!

Norsk-filippinske Myrna Braza lagar

soulmusikk med høflege nikk til funk-, jazz-,

blues-, og rnb-sjangeren. Debutalbumet

hennar, ”Free As A Bird”, kom ut tidlegare i

år og fekk blant anna terningkast 5 i VG. Etter

det vart ho plukka ut og stemt fram til å spela

på årets Norwegian Wood i Frognerbadet.

Vi har stor tru på at Myrna løftar stemninga

og får sola til å varme om kapp med hennar

flotte stemme. Sjå for deg grønt gras, skyfri

himmel, noko kaldt i glaset og sjelfull musikk

utover garden. Ha auga opne for dansande

kyr!

Page 18: Rock n' LOL

18

Med fi sk fra

Kontaktinfo:COLD CAT ASTlf. 901 00 056e-post: [email protected]

Page 19: Rock n' LOL

19

KOM DEG TIL LOL!Søfteland ligg, i følgje mange, perfekt til mellom Os i sør og Bergen i nord. Festivalen arrangerast på bondegarden til bonden Olav Valle på Sanden. For å koma seg til Søfteland må ein følgja E39 og når ein då kjem til Søfteland Skule tar ein fyrste avkøyring til høgre og inn på Eikhaugvegen. Under festivalen vil vaktar og skilt rettleia deg til det nydelege festivalområdet!

OVERNATTINGFestivalen har eiga festivalcamp. For å sikra seg ein teltplass på campinga bør ein vera tidleg ute. Vil ein ikkje overnatte i telt under festivalen kan ein også nytta festivalen sin samarbeidspartnar Bjørnefjorden Gjestetun, som ligg ei 10 minutters køyretur unna. Festivalcampinga opnar torsdag 15. juli klokka 17.00.

SERVERINGDet vil bli sal av mat, drikkevarer, festivalskjorter og litt diverse anna gjennom heile festivalområdet si opningstid. Ein kan betala med både kort og kontantar.

ALDERSGRENSEFestivalen har inga aldersgrense. Når det først skjer noko i bygda vil vi gjerne at så mange som mogleg kan få ta del i moroa. Men vi har eit eige skjenkeområdet med aldersgrense 18 år. HUGS LEGITIMASJON!

BILLETTARDu kan kjøpa billettar hos vår hovudsponsor, Joker Søfteland, på Musikkverket på Amfisenteret på Os og på www.softelandrock.no.

Festivalpass: 600,- Dagspass: 345,-

Praktisk info:

Page 20: Rock n' LOL