34
ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE ”Det skal vere stort å vere liten i Huldal barnehage!”

ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

ÅRSPLAN 2019-2020HULDAL BARNEHAGE

”Det skal vere stort å vere liten i Huldal barnehage!”

Page 2: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

Prosedyre for utarbeiding av Årsplanen for 2019-20:

Årsplanen er jobba fram i personalgruppa og ført i penn av pedagogane og styrar.

Årsplanen vart presentert på foreldremøte 25.september der foreldre vart oppmoda om å kome med

innspel.

Årsplanen vart vidare stadfesta/godkjent på møte i samarbeidsutvalget 27.september 2019.

Vidare vert planen delt ut til personal og foreldre, og lagt på heimesida til Herøy kommune, under

presentasjonen av Huldal barnehage. 2

Page 3: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

3

Side Innhald i planen

3 Innhaldsliste

4 Visjon

5 Styrande organ 2017-18

6 Helsing frå styrar

7 Personalet i år

8 Årsoversikt 2017-18

9 Rammeplan for bhg

10 Sentrale og kommunale satsingsområder

11 Pedagogisk plattform

12 Kjenneteikn på god relasjon

13 Tidlig innsats, utfordrande adferd

15-16 Inkludering -mobbing

17-18 Språkutvikling i barnehagen

19-23 Vi på Armkroken, 0-3 års avdelinga. Dagsrytma på Armkroken, Årsoversikt,Faste aktivitetar gjennom året på Armkroken

24 Vere saman på Armkroken

25-29 Vi på Hjerteromet, 3-6 års avdelinga. Dagsrytme, vekerytmeFaste aktivitetar gjennom året på Hjerteromet

30-31 Vere saman på Hjerteromet og andre tema på Hjerteromet

32-33 Temaarbeid/Vere saman knytt til fagområda i Rammeplanen

NB! Sjå ellers informasjonsdokumentet til Huldal barnehage, som er ein utvida plan for 4 år i gongen, om du ynskjer meir informasjon om vår drift.

3

Page 4: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

HJERTELIG VELKOMNE TIL OSS I HULDAL BARNEHAGE

Vår visjon:

Det skal vere stort å vere liten

i Huldal barnehage!Vi har som mål at barna og foreldra skal oppleve å vere ein del av

den beste barnehagen dei kan tenkje seg!

Gode dagar med høg trivselsfaktor og dei beste høve til utvikling

for dei små, er vårt viktigaste fokus.

Det vil vi blant anna oppnå gjennom å arbeide etter slagordet :

”Raushet og glede- vaksne tilstede!”Det tyder at vi vaksne i vår barnehage skal vere autoritative

vaksne og balansere vår vaksenstil i møte med barna,

mellom ein varm relasjon og å sette tydelege grenser.

4

Page 5: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

5

Styrande organ 2019-20Kontaktinformasjon:Styrar/Dagleg leiar : Renate Sævik Paulsen Telefon Huldal barnehage: : 700 89609 E-post: [email protected] Dagleg leiar: 955 57 428 Armkroken: 955 57 418 Hjerteromet: 955 57 419

EigarstyretTor-Arne Leine- styreleiarChristian Holm- styremedlemLisa Leinebø Pinheiro- styremedlem

Eigarstyret har personal- og arbeidsgivaransvar, utarbeiding og godkjenning av budsjett, innstille til opptak av barn og å sjå til at barnehagen vert driven i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og vedtekter.

Dugnadsstyret Steinar ØstraatSverre YtrebøDugnadsstyret skal vere rådgjevande og støttande i arbeidet med å førebu og gjennomføre dugnadsarbeidet i barnehagen.

Samarbeidsutvalet Eigar: styreleiar Tor-Arne LeinePersonal: Renate S. Paulsen og Karete NærøForeldra: May Irene Myren og Julie Aaberg KvalsundVara: Silje Steinsvik Paulsen og Ane-May Årdal

S.U skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordna organ. Her sit representantar frå eigar, personal og foreldra. S.U har rett til å uttale seg i saker som er viktige for barnehagen sitt innhald, verksemda og forholdet til brukarane (barn og foreldre).

5

Page 6: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

Kjære foreldre og tilsette i Huldal barnehage

Kan du hugse den første gongen då barnet smilte til deg og du smilte tilbake?

Du vart som eit spegelbilete av barnet sitt smil, og barnet såg seg sjølv i ditt varme

blikk. Eit barn som blir spegla og opplever seg sett, får styrka sjølvkjensla si og kjenner

seg trygg. Barnet blir sett i stand til å knyte seg til andre. Vi som er vaksne rundt barnet

har ansvaret for å sjå barnet, spegle det og byggje gode relasjonar.

Å høyre til og vere ein del av fellesskapet er viktig for alle, både små og store. Vi vaksne

må vere gode rollemodellar i å inkludere, det vere seg i leik og aktivitet i barnehagen, til

bursdagsinvitasjonar og besøk med kvarandre. Inkludering bør vere ein viktig verdi i

livet vårt!

Den nye definisjonen på mobbing i barnehagen er: «Handlingar frå vaksne og/eller

andre barn som krenkjer barnet si oppleving av å høyre til og vere ein betydningsfull

person for fellesskapet» (Ingrid Lund).

Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i

fellesskapet – er den viktigaste jobben framover for oss alle. Vi skal jobbe

førebyggjande og hindre at mobbing skal få grobotn i barnehagen vår.

Eg ønsker barn, foreldre og tilsette eit kjekt og lærerikt år, der alle kjenner seg varmt

inkludert, -her i barnehagen vår.

Klem frå Renate.

6

Page 7: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

PERSONALET I HULDAL BARNEHAGE

ARMKROKEN 0-3 år HJERTEROMET 3-6 år

Jorun Helsem Leine - Ped.leiar Kristina Muren - Ped.leiar

Hilde Amalie Muren - Ped.leiar Camilla Ingebrigtsen Leine - Ped.leiar

Silje O. Gjelseth - Pedagog m/disp Karete Nærø - Fagarbeidar

Elisabeth Norheim - Fagarbeidar Stine Kvalsund - Fagarbeidar

Jannike Kopperstad - Fagarbeidar Kristine Helde - Fagarbeidar

Mia Christin Vike - Fagarbeidar Gabrielle Kopperstad - Fagarbeidar

Gunn Jorun Sævik - Assistent på begge avdelingane

Vikarar på begge avdelingane: Katrine Larsen Drabløs - Barnehagelærarstudent

Ingelin Indreeide Kvalsvik - Barnehagelærarstudent

Fast personale i permisjon i 2019-20: Helene A.Nerland - Ped.leiar, Helena Lied Knutsen - Ped.leiar,

Tove Ingebrigtsen - Fagarbeidar

7

Page 8: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

ÅRSOVERSIKT 2019-20

Månad Stengt -fri Diverse arrangement

SEPTEMBER ForeldremøteOnsdag 25.sep

Kl. 19.30

OKTOBER PlanleggingsdagTirsdag 29.okt

Bhg stengt

Individuelle foreldresamtalar

NOVEMBER Brannveke 42 Individuelle foreldresamtalar

DESEMBER Juleferie24.des - 01.jan

Nissefestonsdag 4.des

Julefest torsdag 12.des

kl. 16.00

JANUAR PlanleggingsdagTorsdag 02.jan

Bhg. stengt

FEBRUAR Karneval Tirsdag 11.feb

MARS PlanleggingsdagDato ukjent enno

SolfestTorsdag 5.mars

PåskefrukostTirsdag 31.mars

APRIL Påskeferie08.april - 13.april

Bhg. stengt

ÅRSMØTE

MAI PlanleggingsdagFredag 22.mai

Bhg. stengt

JUNI SommarfestTorsdag 09.juni

JULI Ferieavvikling

8

Det kan kome endringar i

årsoversikta

Page 9: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I NORGE

Barnehagane i Noreg fekk i 2017 ny rammeplan, med verknad frå

1.august 2017. Denne gir tydlegare forpliktelsar for barnehagen

som verksemd. Du vil finne meir om rammeplanen i

informasjonsdokumentet for Huldal barnehage.

Personalet her i Huldal barnehage er godt i gong med

implementeringsprosessen av den nye planen. Vi er merksame på

at implementeringa av ein slik plan tek tid og at vi i fellesskap må

jobbe bevisst, målretta og systematisk med å få den til å verte ein

naturlig del av den enkelte si yrkesutøving her i barnehagen vår!

Likevel vil vi framheve at omgrepet livsmeistring er nytt og sentralt i

planen, og eit omgrep som vi vil skaffe oss innhald i, heilt ut i

dagleg praksis i relasjonen med barna.

Livsmeistring vert best ivareteke i meistringsmiljø og ikkje i

prestasjonsmiljø. Barn skal ikkje vere flinke, men meistre livet sitt

litt etter litt, kvar einaste dag! Då fordrar det nok tid og høve til å

kle på seg, skjenke mjølk, protestere, løyse konflikter eller hjelpe

andre –lenge før ein eigentleg kan det! Løysinga på dette er

fleksibel organisering av kvardagen i barnehagen med hovudvekt

på leik, aktiv deltaking og medverknad. Med å bestrebe seg på å

nytte den autoritative vaksenstilen i relasjon til barna i vår

barnehage gir vi barna det beste utgangspunkt for god

livsmeistring. Les meir om kva vi legg i livsmeistring i

Informasjonsdokumentet for Huldal barnehage.

9

Page 10: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

SATSINGSOMRÅDA PÅ KOMMUNALT OG SENTRALT NIVÅ -OG I HULDAL BARNEHAGE

For perioda 2016-2020 er vi og forplikta til fylgje den lokale rammeplanen for barnehagane i

Herøy kommune. Denne er eit støtteredskap for oss i utarbeiding av planar. Den sikrar

variasjon og progresjon i innhaldet vi legg opp til.

Fagområde/tema som skal vektast særskilt denne perioda:

• Natur, miljø og teknologi

• Mengd, rom og form

• Leik og relasjonar

• Språkleg mangfald som ressurs

Våre val av tema og innhald må gjerast med desse fagområda som bakteppe, og med ein

tverrfagleg tilnermingsmåte.

Leik og relasjonar:

Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og vi er bevisste på at den har ein eigenverdi.

Leiken er ein viktig del av barnekulturen, og den er ei grunnleggjande livs– og læringsform

som barn uttrykkjer seg gjennom. Gjennom å gi leiken stort rom i barnehagekvardagen,

ynskjer vi å gi barnet tru på seg sjølv i relasjon til andre. Vennskap og relasjonar vert skapt

gjennom leik.

Nokre barn har større utfordringar med å vere i leik og relasjon til andre. Desse barna treng

bevisste vaksne som støttespelarar for å kunne utvikle seg i positiv retning. At barnet blir

møtt av varme og grensesettande vaksne som syner omsorg, og har forventningar til barnet

er vesentlig, for å gi barna meistring, også relasjonelt. Vi som vakne har ansvaret for å skape

eit inkluderande leikemiljø for alle barna her i vår barnehage.

10

Page 11: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

PEDAGOGISK PLATTFORM I HULDAL BARNEHAGE

Vår pedagogiske plattform bygger på Diana Baumrind sin teori om oppsedingsstilar.

Forskning syner at god oppseding er knytt til balansen mellom å utvise kontroll og

varme overfor barn. Å utøve varme og kontroll handlar altså om å ta styring samtidig

som du ser barna sine motiv og behov i situasjonar, og gir leiing ut ifrå det. Dette

kallar Baumrind for «Den autoritative vaksne».

Kollegarettleiing er ei viktig metode for å nå målet om den autoritative vaksenstilen.

Dei vaksne må delta på rettleiings-øvingar, der refleksjon over eige arbeid blir krevd.

Personalet og foreldre må samarbeide rundt leiing av barnet, dvs sjå korleis og kva

som må til for å vere den autoritative vaksne rundt «ditt barn». Dette er med på å

hjelpe barnet med sjølvregulering. Det å ha fokus, og jobbe mot den autoritative

vaksenstilen, meiner vi vil vere det beste for barnet og læringsmiljøet.

I Huldal er vi opptekne av å investere i relasjonar. Metaforen «banking time», det er

når vi som vaksne investerer «pengar» i barnet sin relasjonelle og emosjonelle

erfaringsbank. Eit uttak frå relasjonsbanken kan td vere ei form for grensesetting som

barnet normalt vil reagere negativt på. Men fordi vi vaksne har passa på at banken er

i pluss, så klarer barnet å respondere adekvat på denne grensesettinga. Relasjonen

er på plass. Barnet har ein grunnleggande tillit til at den vaksne vil barnet sitt beste.

Nøkkelen til god mental helse kan ligge i dei relasjonane barnet har til familien,

venane og andre viktige menneske for barnet. Venskap er ein viktig dimensjon i livet

vårt. Difor er det eit viktig mål for oss at alle barn får minst ein ven i barnhagen.

Men vennskap handlar også om å ikkje få vere venner, om forhandlingar, om å bli

sviken, om sjalusi og intriger – med andre ord handlar vennskap om kvaliteten i

barnet sitt (og den vaksne sitt) liv – på godt og vondt.

Vennskapsrelasjonar mellom barn spelar ei sentral rolle for å fremme evna til

kommunikasjon og kjensla av tilknytning og identitet, eller det vi kan kalle sosial

kompetanse.

11

Page 12: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

KJENNETEIKN PÅ GOD RELASJON VOKSEN-BARN«DU OG JAG ALFRED», - SEIER EMIL I LØNNEBERGET

Dei vaksne har ansvaret for kvaliteten på relasjonen mellom barn og vaksne i barnehagen. I

møte med barn skal evne til å lytte, sensitivitet, innlevelse, evne og vilje til samspel vere

tilstades. Dette er element som Rammeplanen for barnehagar definerer som ein omsorgsfull

relasjon. Vårt fokus ligg på den vaksne sine haldningar overfor barnet som mottek omsorg. Å

dekke barnet sitt behov for kontakt med ein vaksen som alltid er tilstades, er ein avgjerande

føresetnad for læring og korleis dei opplev seg sjølv.

Kjenneteikn på god praksis i høve meg, som tilsett i Huldal barnehage:

• Eg prioriterer samspel med barnet først

• Eg viser glede og interesse overfor barnet

• Eg bekreftar barnet sine følelsar

• Eg er tilstades i samspel med barnet

• Eg viser interesse for det barnet seier og gjer

• Eg er trygg i relasjonen med barnet

• Eg er tilgjengelig for barnet

Korleis kan eg vite at barnet

opplev ein god relasjon til meg?

12

Page 13: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

TIDLIG INNSATS OG UTFORDRANDE ATFERD

Forskning viser at tidlig negativ atferd kan bety

utvikling av meir negativ atferd ved aukande

alder. Slik atferd bør avlærast eller omlærast i

samspel med miljøet som omgir barnet i

heimen og i barnehagen.

Omlæring vil seie at barnet må utvikle meir

konstruktive måtar å løyse utfordringer det

møter, enn å utøve negative handlingar.

Den vaksne si rolle vert då å hjelpe barnet til å

gjere gode valg i ulike situasjonar og å vere

varme og tydelige vaksne.

Personalet vil i arbeidet med implementering av

Vere saman, jobbe konkret og bevisst med å

auke kompetansen sin på adferdsproblemer og

handtering av aggresjon som oppstår i

barnegruppa. Vi vil rettleie kvarandre som

kollegaer i situasjonar vi finn utfordrande, og

jobbe bevisst med kollegarettleiing som

metode.

Det vert viktig å få eit overblikk over situasjonen

til barnet som strever, for å kunne hjelpe på

best mulig måte.

Den autoritative vaksne møter den

fysiske aggresjonen til barnet, ved å

utøve varm relasjonsbygging, gi ros ved

gode handlingar og vere tydelig i

situasjonar med negative handlingar!!

13

13

Page 14: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

INKLUDERING-VENSKAP I BARNEHAGEN

Målet vårt er at alle barn skal føle seg sett og høyrt, ha ein eller fleire vennar, og føle seg inkludert i gruppa.

”Inkludering tyder for oss å auke barnet sin deltaking i barnegruppa og utbytte av å delta, samt å reelt kunne påverke fellesskapet”

”Vennskap er ein relasjon mellom menneske som har ein gjensidig affeksjon for kvarandre”

Det å inkludere kvarandre- barn og vaksne i fellesskapen i barnehagen er det viktigaste vi jobbar med i barnehagen!

Å høyre til er essensielt og grunnleggande for alt det andre vi held på med i barnehagen!

Dette MÅ vi berre få til, for det enkelte barn, her hos oss. Med opne auger og øyrer, god open og ærleg kommunikasjon, relasjonellt gode forhold, både innad i barnehagen og ut i heimane kan vi lukkast best mogleg med dette viktigaste oppdraget!

14

Å høre til….Jeg visste aldri hvor jeg hørte til..

Kanskje jeg aldri egentlig hørte til?Men verst er det å å tro at en hører til

–og så oppdage at en tok feil!RJH

14

Page 15: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

VÅRE TILTAK I HØVE INKLUDERING/MOBBING

Observasjonar/foreldresamtalar/samtaler med barn

Dette er metodar vi nyttar for å finne ut om barnet trivast, og har det bra i barnehagen. Er det

forhold som gjer at barnet ikkje trivast? Andre ting som fortel oss at vi må jobbe særlig i høve

dette barnet?

Sikre at alle barn leikar

Å leike er viktig for alle barn! Som voksne i barnehagen skal vi legge til rette for leik. Dette betyr

at vi skal jobbe med foresetnadane for leik, eks. fysisk tilrettelegging, vennskap, inspirasjon.

Sikre at alle barn har vener

Jobbe med vennskap. Ha rutiner som gjer at dei voksne legg merke til om nokon ikkje har

nokon å leike med. Diskusjon på kva det tyder å ha ein ven.

Nære tilstedeværande voksne

Sikre at dei vaksne alltid har oversikt over alle område der barn oppheld seg. Dette gjeld særlig

ute området. Gode tellerutiner med registrering er ei forutsetning for god kontroll og er

innøvd praksis.

Holdninger hos voksne

Å forebygge mobbing handler mykje om voksne sine haldningar. I vår barnehage skal den

vaksne alltid ta barn sine kjensler og utfordringar på alvor, og tre støttande til og syne

handlingsvilje på vegne av barna.

15

Page 16: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

Empati og inkludering

Ha eit bevisst forhold til empati og inkludering i kvardagen. Ha tankar og felles handlingsstrategiar

rundt korleis dette praktiserast, av barn og voksne i barnehagen.

Respekt, toleranse, ulikskap, mangfald

Dette er tema som skal stå sentralt i vår barnehage. Må jobbast aktivt med desse orda og forståelsen

av dei i barnegruppa, ved å vektlegge positive sider ved ulikskap.

Konfliktløysning

Lære barna enkel konfliktløysning gjennom å vere gode rollemodellar. Ikkje vere opptatt av å fordele

skuld, men av å finne ei løysing. Jobbe forebyggande.

Sjølvfølelse/meistring

Gjere kvart barn sterkt gjennom meistring og relasjon. Jobbe med eigenverdet uavhengig av kva

barnet kan. Kvart barn er unikt!

VENNEBENKAR I BARNEHAGENVi har innført 3 vennebenkar ute, der barn som kjenner seg åleine, og ikkje har nokon å leike seg med, kan setje seg på for å synleggjere at dei treng hjelp til å bli inkludert. Vi vaksne og dagens vennevakt følger ekstra med på kven som treng hjelp og støtte

VENNEVAKT I BARNEHAGENDet eldste kullet er vennevakt, og eit barn får på morgenmøte eit utvida ansvar ein dag i gongen, til å hjelpe å sjå at alle har nokon å leike med og har det bra. Øver seg på å sjå og tolke signal frå andre, og å inkludere andre i sin leik.

16

Page 17: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

SPRÅKUTVIKLING I BARNEHAGEN

Språkutvikling er viktig, språket set grunnlag for den sosiale, den kognitive og den emosjonelle

utviklinga. I vår barnehage har vi også i år fleire barn med ulike morsmål. Det er i år litauisk,

serbisk og kroatisk . Det gir at vi må vere særs merksame på å jobbe bevisst med språk.

Både den nonverbale og verbale kommunikasjonen er viktig for å utvikle eit godt munnleg språk.

Språket er avgjerande for dei sosiale relasjonar med andre, vennskap, læring og for å kunne

delta i samfunnet. Rammeplanen er tydeleg på at personalet i barnehagen aktivt skal arbeide

for å fremme barns språkutvikling.

Mål for språkarbeidet i vår barnehage: At alle barn skal få utvikle språket sitt maksimalt, utifrå sine individuelle forutsetningar.

Korleis vil vi arbeide med å stimulere barna si språkutvikling ?

• Møte barn og vaksne med respekt, og forståelse for ulik språklig bakgrunn

• Skape gode relasjonar, mellom barn -vaksen, og mellom barn-barn.

• Vere gode språk og rollemodellar for barna

• Sjå barna, lytte og gi dei bekreftelsar

• Legge til rette for eit godt leikemiljø, som stimulerar til eit godt språkmiljø

• Bruke språket aktivt i alle kvardagssituasjonar

• Samtale med barna med med merksemd på det barnet freistar å formidle i kommunikasjonen.

• Samtalar om det vi ser og det vi opplever saman. Førstehandserfaring best for omgrepslæring,

sette ord på det vi ser/kjenner f.eks støvlar, eple, fotball, bok osv..

17

Page 18: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

• Skape fellesopplevelsar gjennom t.d:

- Aktivitetar -Høgtlesing -Lese bøker -Samtale og filosofere

-La bøkene vere tilgjengelege for barna -Samlingstund

- Leike med ord, bokstavar, gåter, vitsar -Song og musikk

• Bruke pedagogiske verktøy som t.d: Språkkista og Grip omgrepa

• Sette ord på inntrykk og opplevingar

• Lytte og gi respons

• Støtte at fleirspråklege barn bruker morsmålet sitt, samtidig som dei lærer norsk. Morsmål er

viktig for oppleving av eigen identitet

• Vere bevisst på korleis vi gir respons, brukar kroppsspråk, talespråk og tekst

• Legge tilrette for innhald i dagane ut i frå barna sine interesser

• Organisere faste språkgrupper og leikegrupper med fokus på språklig utvikling

• Bruke dagtavle med bilde og tekst

• Ha bokstavar og tekst synleg

• Sikre ein god overgong barnehage- skule

NB! Samarbeide med støttepedagog og spesialpedagog for enkeltbarn, som kjem til barnehagen

faste dagar i veka.

18

Page 19: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

VI PÅ ARMKROKEN

Armkroken er våri 0-3 års avdeling, der dei yngste barna nettopp har tatt steget inn i

barnehagelivet. Tilvenning er sentralt på småbarnsavdelinga. Vi jobbar med tryggheitssirkelen

som teoretisk forankring (sjå Informasjonsdokumentet). Vi er i dag 16 barn på Armkroken, og vi vil

få inn eit nytt barn i oktober og eit etter nyttår. Det er ei kjekk barnegruppe, med 11 1-åringar og

6 2-åringar.

Tryggleik, omsorg og tilknytning er ein viktig føresetnad for å trivast, og for å danne gode

relasjonar og vennskap, samt for vidare utvikling og læring. Er relasjonen mellom barn og voksne

god, vil barnet bli meir mottakeleg for både støtte, veiledning og tydlegare grenser.

For dei minste barna i barnehagen er det tryggleik i forutsigbare barnehagedagar med kjende

rutinar, som er det aller viktigaste for denne barnegruppa. Gjennom samtaler med barna om kva

som skal skje, vil det gi rom for at barna kan kome med innspel, ynskjer og medverke i sin

barnehagekvardag. Dette er noko vi er veldig bevisste på.

Utviklinga til barna går veldig fort i denne alderen, og vi gler oss ilag med barna når dei meistrar

noko nytt. I alderen 0-3 år, er det ekstra viktig å ”bade” barna i språk!

Vi vaksne må heile tida benevne det vi gjer, i alle kvardagssituasjonar. Det er viktig at barna får

varierte erfaringar med språk gjennom både samtalar, bøker, songar og rim og regler. Barna samlar

på mykje ord og omgrep, som dei kan nytte når dei tek i bruk verbalspråket sitt seinare.

På Armkroken vil vi at alle barna skal bli møtt på ein god måte, ut ifrå alder, nivå, interesse og

behov. Gjennom å lytte til barna, la dei medverke og gi dei mange variasjonar, kan vi gi dei eit

godt utgangspunkt for vidare utvikling. Vi vil også ha ein «miniklubb» for 2-åringane på avdelinga,

der barna får være med på ein felles aktivitet ilag.

Tema vi skal arbeide med dette barnehageåret er: «Vere saman, vennskap, årstider, fargar,

følelsar og språk».

Vi gler oss til eit spanande og innhaldsrikt år i lag på Armkroken!

19

Page 20: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

ÅRSOVERSIKT ARMKROKEN

MÅNAD «VÆRE SAMMEN» TEMA ANDRE TEMA

August Tilvenning Sommar

September Lese boka «Regnbueløvens fantastiske brøl»

Tilvenning og fargar. Haust

Oktober Fortsette med «Regnbueløvens fantastiske brøl»

Ta med løva på tur

Brann, språk. FargarHaust

November Lese boka om «Sløyfe lærer lyder». Fokus på

språklydar.

Fargar og følelsar. Språk.

Desember Jul og høgtid. Språk Fargar

Januar Lese boka om «Gamasjser og blir sett». Fokus på å sjå andre og seg

sjølv.

Vinter, vennskap. SpråkPåkledning

Februar Lese boka «Hanske teller venner». Fokus

på tal.

Tal og relasjoner SpråkVinter

Mars Lese boksa «Skalk er sint». Fokus på følelsa

Følelsar og vårteikn. Forberede til påske

April Ta med løva på tur Påske og vårteikn. Vårfargar

Mai Lese boka «Støvlet er seg selv» Fokus på

meg.

Kroppen vår og medvirkning.

Påkledning

Juni Løva reiser på ferie! Sommar.

Juli Sommaravvikling.

20

Page 21: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

DAGSRYTMA PÅ ARMKROKEN

AKTIVITET KLOKKA

Barnehagen opnar 07 15 (06 45)

Frukostmåltid Fram til kl.8 30

Samlingstund, frileik , aktivitet, delte grupper ute/inne, trilleturar

8 30-11 00

Bleieskift/toalett/handvask 10 40

Songstund, dans/bevegelse 10 50

Lunsjmåltid 11 00

Sovetid, kvilestund, frileik på avdelinga/gymloftet 11 30-ca 14 00

Bleieskift/toalett/handvask 13 45

Måltid/frukt 14 00

Leik ute/inne 14 30

Barnehagen stenger 17 00

21

Page 22: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

FASTAKTIVITETAR GJENNOM ÅRET PÅ ARMKROKEN

Matlaging

I løpet av månaden har vi fleire dagar der vi lagar varmmat eller bakar til lunsj, istadanfor brødmat. Vi

smakar på ulik frukt, bær og grønsaker i løpet av barnehageåret. Spennandes med nye smaker og lukter.

På ettermiddagen har vi eit fruktmåltid/lettmåltid, og om været er bra et vi måltidet ute.

Musikk og bevegelse

Vi er glade i musikk og vi hører på det kvar veke. Barna dansar, syng med eller berre lyttar. Songar med

bevegelsar er kjekt og fengande. Songane til «Være sammen» er fine, og nokre av barna kan songen om

løvelova ganske godt! Etter lunsj har vi ei roleg stund ilag med barna, som ikkje søv lenger, kvilestund

med musikk/lydbok.

Samlingstund

Vi har samlingstund fleire gongar i veka, gjerne kvar dag! Den er oftast på morgonen før vi går ut eller

startar ein aktivitet. Da samlar vi barna og sit saman, enten på golvet eller i sofaen. Vi syng navnsongar og

tel kor mange barn som er her denne dagen. Vi syng både nye og gamle songar, barna kjem ivrig med

innspel på kva vi kan synge. I samlingstunda kan vi bl.a dramatisere, leike med rekvisitta, lytte til eventyr/

forteljingar, nytte flanellograf og sjå på bilder. I år fortsett vi med temaet «være sammen» der vi har

samlinger som er knytt til temaet.

Teikne- og maleaktivitetar

Barna får teikne og male heilt fritt, eller knytt opp mot eit tema. T.d. årstidene, høgtid eller fargar. Det er

spennande å utforske med maling, prøve ulike teknikkar som for eksempel penslar, ulike fargar,

teikneblyant/krit. Her får barna bruke fantasien, kreativiteten, fin motorikken og sansane sine.

22

Page 23: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

Tur/trilletur

Vi går ofte på trilletur i nærområdet. Barna vil få nye inntrykk, sjå på forandringar i naturen, og bli

betre kjent med nærmiljøet rundt barnehagen og Fosnavåg sentrum. No har vi fått klatrepark i

parken, og det er kjekt å kunne gå dit. Daglegvarebutikken Meny ligg også i sentrum, og dit går vi når

vi skal pante tomflasker, eller om vi vil handle noko. Vi er heldige som får vere nær sentrum, og kan

få med oss litt av livet der.

Bordaktiviteter

Vi har forskellige leiker/aktivitetar som passar godt ved bordet. Play-doh deig/plastalina, teikning,

maling, klipp og lim, puslespel, byggeklossar, magnetklossar, Peppa gris med diverse utstyr, smurfar,

bilar og tunnel, sjørøvarskuter, koffert med t.d. «bukkane bruse». Eit mål med bordaktivitatane er at

fleire barn skal kunne leike saman, og at vi øvar oss på å vente på tur og dele med kvarandre. Dei

voksne legg til rette for ulike bordaktivitetar, ofte uttrykker barna verbalt eller med kroppsspråk kva

dei vil leike med.

Loftet og avdelinga til Hjerteromet

Vi lånar loftet eller avdelinga til Hjerteromet, når det er ledig. Loftet oppe er stort og kjekt! Der er

bla. klatrevegg, ribbevegg, tjukkas og turnringar. Vi har muligheit for å bygge ting med store klossar,

som barna kan leike seg med. Loftet kan vi også bruke til å lage hinderløype for barna. På avdelinga

til Hjerteromet er der bl.a. ei borg med leikekjøkken, eit bilbanerom og eige duplorom. Der er mange

«nye» leiker, og barna blir kjent med storbarnsavdelinga som dei seinare skal starte på.

Lesestund

Vi har fleire bøker tilgjengeleg, og dei har ein sentral plass på avdelinga. Vi vaksne ynskjer at barna

skal bli glade i, og nysgjerrige på bøker og tekster. Barna kan sjølv bestemme kva bok dei vil sjå i. Dei

voksne sørger for att der alltid er bøker i hylla, og at det er variert utvalg. Vi har og lesestund der ein

voksen tek med seg ei gruppe barn, dei lyttar til fortelling/eventyr, ser i bok og bilder saman. Lesing

er viktig for barna, det gir dei læring, opplevelsar, nærleik til voksne og det kan stimulere til leik.

Gjennom å lese for barna kan man også bidra til språkutvikling blant dei minste.

23

Page 24: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

LØVELOVEN

KAN DU LØVELOVEN?JEG SKAL VÆRE MEG,

MEN GI PLASS TIL ANDRE,SLIK AT DE BLIR SEG,

BRY MEG OM EN ANNEN,HJELPE NÅR JEG KAN.SLIK BLIR LIVET BEDRE

FOR BARN I ALLE LAND!

SER DU EN SOM PLAGES?DET ER IKKE BRA!

ALLE MÅ STÅ SAMMENOM Å SI IFRA!

ALLE BARN PÅ JORDENHAR DEN SAMME RETT

TIL Å VÆRE TRYGGEOG TIL Å VÆRE SETT.

«VERE SAMAN» på Armkroken

I boka « Regnbueløvens fantastiske brøl» av Eyvind Skeie, handlar det om den vesle løveungen som blir til regnbueløva. Gjennom fortellinga blir vi kjent med bl.a Ramona von Rotter og dei 5 barna hennar, og vi får vite korleis løvelova blei til. I boka møter vi andre figurer også, som Herr og Fru Løve, Pripp, Prapp og Propp. Bilda fra fortellinga blir hengt godt synleg på veggen på avdelinga, slik at barna kan bearbeide deividare i samtale og undring, når dei sjølve er interessert.

Vi kjem til å lytte til songane i «være sammen», og mange kan allereie songen om løvelova. Songane er gode til læring av språk, om vennskap, følelsar, eigenverdi og omsorg.

Vi har «dukker» av dei ulike figurane, som vi kan nytte i samlingane. Og Regnbueløva er sjølvsagt med på samlingane, som eit samtaleverktøy, og til å rettleie oss i å ta gode val. Vi har også gode samtalekort og ansiktskort, som er fine å bruke.

Når vi kjenner fortellinga til Regnbueløva godt, skal vi sjå nærmare på 5 andre bøker i frå materiellpakken til «Være sammen» , som er knytt til bl.a tal, bokstavar, følelsar og språk.

Vennskap og følelsar er tema som vi til dagleg møter på Armkroken. Vi vil at alle barna skal bli sett og møtt på ein god måte, føle seg trygge og være inkludert i barnegruppa.

24

Page 25: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

VI PÅ HJERTEROMET

Vi på Hjerteromet held til i andre etasje i barnehagen. Vi er ei 3-6 års avdeling. I år er

vi til saman 30 born på avdelinga. Vi har fjorten førskuleborn, tolv 4-åringar og fire 3-

åringar. Vi har faste gruppedelingar kvar veke, både aldersblanda og aldersdelt.

Vi held fram med dei aldersblanda gruppene «Løve» og «Tiger». Torsdagar og

fredagar brukar vi desse gruppene. Då er den eine gruppa inne med anten «vere

saman»-samling, eller ei temasamling om andre tema som vi har på avdelinga. Då

har vi som regel ei fellessamling og ein aktivitet om dette temaet. Den andre gruppa

er som regel ute, og et mat anten i grillhytta eller i lag med andre gruppa inne. Den

andre gruppedelinga er førskulegruppa og «Nelly og Hamza». I år har vi ein stor

gjeng med førskuleborn, og har desse gruppene mandag og tirsdag. Nelly og Hamza

er blanda grupper for tre- og fireåringane. Desse gruppene har vi onsdagar.

På Hjerteromet er det fleire born med tospråkleg bakgrunn, og vi arbeider mykje

med språk og språkutvikling. Vi har ulike språk- og lesegrupper for alle borna, der vi

lærer om språket gjennom bøker, songar, rim og regler. Vi har også ein ny språkperm

med nye og spanande spel. I år har vi inne Astrid som støttepedag onsdagar og

torsdagar. Ho jobbar spesielt med dei tospråklege borna i godt samarbeid med

resten av personalet.

Vi er mykje ute og vil at borna skal verte glade i å vere ute i naturen i all slags vêr og

til alle årstider. Ein føresetnad for å trivast ute er å ha klede og sko som er tilpassa

årstidene. Då er det viktig med eit godt samarbeid med foreldra, slik at borna kan ha

ein best mogleg dag i barnehagen. Vi er avhengige av at foreldra sjekkar at utekleda

er i orden, at kle og sko er merka og at borna har nok varme kle til å vere ute i fleire

timar.

25

Page 26: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

DAGSRYTME OG VEKERYTME PÅ HJERTEROMET

AKTIVITET KLOKKA

Barnehagen opnar 07.15 (06.45 ved behov)

Frukostmåltid Fram til kl. 08.30

Frileik i grupper delt på ulike rom Fram til 09.45

Morgonmøte 09.45

Delte grupper: Førskuleklubb, Nelly og

Hamza, korps, bading, temaarbeid,

lesegrupper, turar, formingsaktivitetar

10.00 – 11.30

Lunsjmåltid 11.30

Utetid 12.30

Fruktmåltid- inne eller ute 14.00-14.30

Barnehagen stenger 17.00

Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag

Leik

Kl 09.45

Morgonmøte

Førskuleklubb/

korps

Leik

Kl 09.45

Morgonmøte

Førskuleklubb

Leik

Kl 09.45

Morgonmøte

Språkressurs

v/støttepedagog

Astrid

Førskulebading:

annakvar veke

Nelly og Hamza-

grupper

Leik

Kl 09.45

Morgonmøte

LØVE/TIGER-

grupper.

Temaarbeid.

Inne/ute/tur

Leik

Kl 09.45

Morgonmøte

LØVE/TIGER-

grupper.

Temaarbeid.

Inne/ute/tur

26

Page 27: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

FASTE AKTIVITETAR GJENNOM ÅRET PÅ HJERTEROMET

MorgonmøteKvar morgon kl. 09.45 har vi morgonmøte, der vi fokuserer på felleskapsfølelsen av å vere inkludert i gruppa. Vi nyttar omgrep knytt til dag, vær, årstid, namneopprop, trekking av vennevakt og dagens hjelpar, før vi deler oss i grupper inne eller ute. Her skaffar både barn og vaksne seg oversikt over dagen.

Løve og Tiger gruppedelingVi deler av og til barnegruppa i to aldersblanda grupper, der den eine gruppa går ut eller gjer noko kreativt inne, og den andre gruppa har «Løvesamling». Då jobbar vi med «Være saman», og les om Regnbueløva eller snakkar om plansjar frå «Regnbuebarnehagen». Eit typisk eksempel kan vere eit bilete der Ronja Rød ikkje har nokon å leike med, og Omar Oransje og Gunnar Grøn kastar sand på kvarandre i sandkassa. Kva ser barna her? Kva har skjedd? Kvifor får ikkje Ronja vere med?

Nelly & HamzaDette er ei bokserie med tilrettelagde forteljingar om dei to barnehagebarna Nelly og Hamza. Her vert barna introduserte for grunnleggjande omgrep om tema som følelsar, former, tal, monnmotorikk og fargar. Bøkene legg til rette for språkleg trening i små og større grupper. Vi har valt å gjere dette med 3 og 4 åringane, der vi har delt dei inn i små grupper på 4 som kan gjere det lettare for dei å ta ordet i ei samling, samtidig som den vaksne får sjå kvart enkelt barn på ein heilt eigen måte.

Lesestund på biblioteketCa 1 gong pr månad vert vi inviterte til lesestund på biblioteket. Vi går då med ei lita gruppe, og prøver at alle får delta på dette, ut ifrå alder og modning. Dette startar som regel kl. 10.30, og varer i ca 30 minutt.

Matlaging

Vi syns det er kjekt å lage mat, og har av og til bakedag eller varm mat til lunsj utanom bursdagar. Vi vil at barna skal vere med på dette når det høver seg, slik at dei får erfaringar med å bruke kniv, hjelpe til med å måle opp, og undre seg over korleis maten vert ferdig oppe i gryta eller inne i ovnen. Vi ønsker at barna skal få erfaring med kor viktig det er med gode matvanar og eit sunt kosthald. Det er også mykje meir spanande å smake på det ein har laga sjølv!

BursdagsfeiringNår barna har bursdag, får dei velje fritt ut ifrå bursdagsmenyen kva for mat dei vil ha den dagen dei vert feira i barnehagen. Barna får velje kva dei vil ha på krona si, og ei lita gåve frå oss her i barnehagen. Vi har bursdagssamling der vi gjer ekstra stas på jubilanten. Jubilanten sit på den flotte bursdagsstolen og får sjå kva som ligg oppe i den hemmelege bursdagsboksa vår. Vi syng bursdagssong, sender opp raketter og dreg på flygetur ☺

27

Page 28: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

SpråkVi har ein del barn i gruppa med anna morsmål enn norsk, og mange av barna er i 3-års

alderen der språket er i stor utvikling. Derfor vil vi vere ekstra merksame på innlæring

av ord og omgrep, både i kvardagssituasjonar som måltid og påkledning, men også

gjennom spel eller høgtlesing. Høgtlesing er ein av dei viktigaste føresetnadane til å

utvikle eit rikt språk. Dei vaksne er bevisste på korleis dei brukar språket, og set ord på

gjenstandar som er framfor barna. Her kan vi jobbe for god språkstimulering i

barnegruppa.

TurarFor å gjere oss kjende i nærmiljøet og elles rundt om i kommuna vår, går vi på ulike

turar. No når Skarabakken står ferdig, gir det oss større handlingsrom til å nytte eit

større område. Vi går mykje på tur i sentrum der vi ser på båtar og gjer oss kjende med

kvar vi finn posten, tannlegen, frisørar og kva for butikkar vi finn der. Vi går ofte til

klatreparken, der barna får mykje god motorisk trening, variert fysisk aktivitet og

utvikle god kroppskontroll ! Å få erfaringar med friluftsliv og uteliv til ulike årstider syns

vi er viktig, og vi vil at barna skal utvikle eit godt forhold til naturen, der vi også lærer å

ta vare på den. Vi ryddar opp etter oss, og tek vare på dyra og insekta vi finn. Ved at

barna får oppleve naturen, vil dei kunne undre seg over kor mangfaldig han er.

Nokre av turane køyrer vi til i privatbil med mindre grupper, slik at vi får oppleve meir

av kommuna vår.

GrillhyttaGrillhytta nytter vi særleg på utegruppene, der vi et maten vår og har samlingsstund.

Det er godt å varme seg inne i grillhytta på kalde dagar, eller slappe av litt frå sola når

det er fint vêr. Vi tek ofte lunsjen i grillhytta om vi har vore ute på føremiddagen, og vi

har moglegheit for å tende bål slik at det er mogleg å lage anna mat, til dømes supper

og grillmat. Det meste går an å lage ute som inne! Grillhytta kan også brukast til

høgtlesing og samtalar i kvardagen. Her kan vi vaksne leggje til rette for meiningsfulle

opplevingar og skape tid og rom for bruk av språk.

Kreativ formingsaktivitetKreativitet omfattar både biletkunst, kunsthandverk, musikk, dans, drama, språk,

litteratur, film, arkitektur og design. Barnehagen skal gje barna høve til å oppleve kunst

og kultur, og barna skal få høve til å uttrykkje seg sjølve estetisk. Dette vil vi gjere ved å

skape rom til både vaksenleia og barnestyrte aktivitetar. Ved at barna har tilgong til

utstyret dei treng legg personalet til rette for skapande verksemd. Det er også viktig å

motivere barna til å finne sine eigne uttrykksformer.

28

Page 29: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

RussegruppaI år har vi ei stor gruppe med heile 14 rosarussar. Vi må derfor dele oss i to når vi skal ha

russeklubb, og dette vert kvar måndag og tysdag. Å endeleg få vere på russeklubben er stor

stas for barna, og dei kjenner på følelsen av å vere eldst i barnehagen. I desse gruppene vil vi at

barna skal få oppleve glede over å utforske og leike med tal, former, symbol og andre omgrep

som vi finn i «Trampoline»-boka vår. Dei vaksne er til stades for at barna skal kunne oppleve

meistring og få eit positivt og lystbetont forhold til desse aktivitetane. Trampoline-boka vil vi

bruke heile året, og jobbe oss gradvis gjennom den – tema for tema. På nettstaden

barnehage.salaby.no vil dykk finne meir informasjon om Trampoline. I førskulegruppa vil vi

også øve oss på å vente på tur, konsentrasjon over tid og omgrepslæring.

Russegruppa skal også i år ha korpsøving på mandagar i barnehagen. Dette er eit samarbeid

med kulturskulen i Herøy, der Tone Larssen kjem frå kulturskulen i enkelte perioder av året.

Dette er eit tiltak for å fremje korps i kommuna vår, og vi opplev at barna får eit spesielt

samhald fordi dei skapar kulturelle opplevingar ilag.

Annankvar onsdag i faste perioder har vi førskulebading på Sunnmørsbadet (2 gongar pr

månad). Då reiser 14 barn og 3 vaksne samla i minibuss, og i år får vi heile bassenget for oss

sjølve og god opplæring av Kalle og ein assistent.

Vi avsluttar året med russefeiring. Dette er for å markere at barna er ferdige med åra i

barnehagen, og er klare til å starte på skulen. Vi har russedåp i slutten av april, og brukar mai

på å fare på turar åleine, og i lag med russane i dei andre barnehagane i kommuna. Vi har også

russerop og russeknutar vi skal gjennomføre i løpet av mai.

Høgtider og andre lokale kulturaktivitetarI løpet av året vil vi sjå på og snakke om dei ulike høgtidene i den kristne tradisjonen. Der vil vi

formidle kvifor vi feirar dei ulike høgtidene, og vil ha særleg vekt på jul og påske. Vi vil formidle

kvifor vi feirar desse høgtidene, og snakke om viktige hendingar og tradisjonar knytt til dei.

I desember vil den kristne julebodskapen stå i sentrum. Vi vil skape både ro og spenning rundt

temaet, ved å synge julesongar, ha adventssamlingar, pynte til jul på avdelinga, bake og lage

julegåver. Vi vert også inviterte på julevandring i kyrkja.

I mars startar vi å førebu oss til påske, der vi snakkar om påskebodskapen, og lagar litt

påskepynt! Vi vert også her inviterte til kyrkja på påskevandring, og vi vil ha påskefrukost der vi

inviterar familien til barnehagen.

Om våren markerar vi 17. mai og oppmodar heimane til å delta i 17.mai-toget. Vi har også

Jonsokbryllaup i barnehagen før sjølve jonsokafta. Andre kulturaktivitetar som vert arrangert i

Fosnavåg freistar vi å delta på der det let seg gjere.

29

Page 30: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

PÅ HJERTEROMET

På Hjerteromet jobbar vi for å implementere kompetanseløftet «Være Sammen» både i barnegruppa og i personalgruppa. Dette gjer vi gjennom samlingar, daglege samtalar, gjennom songar og i måten vi veileder borna i ulike situasjonar i kvardagen.

Vi startar året med å repetere boka ”Regnbueløvens fantastiske brøl”, sjølv om den er godt kjend for dei fleste så er den ny for andre. Der får vi vite kvifor Regnbueløva fekknamnet sitt og kvifor Løvelova vart til. Denne lova kjenner barna godt, og vi vil ta den med oss vidare i arbeidet fordi den er så viktig! Løvelova er knytt til dei grunnleggjandeverdiane i «Være Sammen» og vert vår verdiberar og samtaleverktøy i kvardagen. Løva vert med på samlingar i løpet av året.

Når vi er ferdige med boka om Regnbueløva, går vi over til samlingar med plansjar og bøker som har same tema. Her vert vi kjende med fem barn i ”Løvebarnehagen”, som opplev daglege relasjonelle situasjonar som dannar utgangspunkt for refleksjon, samtale, undring og aktivitetar. Vi bruker plansjane og bøkene for å vekke barna sin fantasi og empati, og dannar utgangspunkt for samtale. Mange av desse situasjonanekan vi kjenne att frå barnehagen, og barna kan lettare reflektere kring seg sjølv og sine opplevingar, t.d. nokon som kastar sand, nokon som er lei seg og ikkje får vere med å leike, nokon som slår eller nokon som hjelper ein annan.

Løvelova skal danne grunnlaget for korleis vi skal vere mot kvarandre, og bidra til at alle skal tore å vere seg sjølve. Vi skal vise omsorg og bry oss om kvarandre, og hjelpe til der vi ser at vi kan. Barna lærer at dei skal seie ifrå til dei vaksne dersom nokon treng hjelp, men at dei også kan bidra der dei kan sjølve ved å trøste eller å passe på kvarandre.

Kan du løvelova?Eg skal være megMen – gi plass til andreSlik at de blir seg!Bry meg om en annenHjelpe når eg kanSlik blir livet betreFor barn i alle land.

Ser du en som plagast?Det er ikkje bra!Alle må stå samanOm å seie fra!Alle barn på jordaHar den samme rettTil å være tryggeOg til å være sett!

Eyvind Skeie

30

Page 31: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

ANDRE TEMA PÅ HJERTEROMET

• Brannvern (veke 42)

Vi skal ha brannøvingar undervegs i veka, gjere ulike

formingsaktivitetar og få kjennskap til kvar vi har røykvarslarar,

brannslange og brannslokningsapparat på avdelinga. Vi vil også

få besøk av Bjørnis, og han vil vere med borna heim.

• Målet er å førebu barna på ein eventuell brannhendelse

i barnehagen og gjere dei så budde som råd i ein

brannsituasjon.

• Verdensromet

I september vil vi introdusere temaet verdensromet. Dette vil

vi ha utover vinteren. Vi skal ha samlingar om verdensromet og

snakke om dei ulike planetane i solsystemet. Leikeromet vil vi

dele i to, der det skal vere ein romrakett i eine delen av romet,

og kontrollromet i andre delen. Vi legg opp til samtalar,

refleksjonar og undringar i lag.

• Målet med dette temaet er at vi vil gi borna nye

impulsar i leiken, og at språket kan få blomstre.

31

Page 32: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

TEMAARBEID KNYTT TIL FAGOMRÅDA PÅ BEGGE AVDELINGANE

Kommunikasjon, språk og tekst (s. 48, Rammeplan, 2017)

”Gjennom arbeid med kommunikasjon, språk og tekst skal barnehagen bidra til at barna: uttrykkjer kjensler, tankar, meiningar og erfaringar på ulike måtar, bruker språk til å skape relasjonar og delta i leik, og som reiskap til å løyse konfliktar”

Gjennom arbeidet med Være Sammen nyttar vi ulike metoder som fremjer språk og samtale; boklesing, samtale og undring, musikk og benevning. Vi har som mål at samlingane nettopp skal være eit verktøy for barna som kan støtte i å bli betre på relasjonsbygging, utvikle empati og meistre konfliktløysing.

Kropp, rørsle, mat og helse (s. 49, Rammeplan, 2017)

”Gjennom arbeid med kropp, rørsle, mat og helse skal barnehagen bidra til at barna opplever trivsel, glede og meistring ved allsidige rørsleerfaringar, inne og ute, året rundt. Blir trygge på eigen kropp, får ei positiv oppfatning av seg sjølve og blir kjende med sine eigne kjensler ”

Vi ynskjer å gi barna positive erfaringar både når det gjeld uteleik og rørsleerfaringar både inne på Gymloftet/avdeling og ute. Vi legg til rette for ein variert kvardag der barna får utfolde seg fysisk. Vi nyttar aktivt begge uteområda for å stimulere ulik type fysisk aktivitet og leik.

Å få ei positiv oppfatning av seg sjølve og sine eigne kjensler ser vi på som viktig, og vektlegg dette i arbeidet med Være Sammen og ved at vi jobbar med tema Vennskap og Følelsar gjennom året og i kvardagssituasjonar ute og inne.

Kunst, kultur og kreativitet (s. 50, rammeplan, 2017)

”Barna skal støttast i å vere aktive og skape eigne kunstnariske og kulturelle uttrykk. Barnehagen skal leggje til rette for samhøyrsle og kreativitet ved å bidra til at barna saman får oppleve og skape kunstnariske og kulturelle uttrykk. ”

Gjennom året arbeider vi med kunst, kultur og kreativitet på ulike måtar. Vi nyttar ulike metoder for å arbeide kreativt; maling, teikning, formingsaktivitetar både inne og ute, samlingsstunder med musikk, dikt/rim og regler. Vi ynskjer å nytte Være Sammen som utgangspunkt i tillegg til tema følelsar og vennskap som hovudinspirasjon i vårt kreative arbeid i år. Elles let vi barna utfolde seg kreativt ut i frå eigen inspirasjon i tillegg til dei tradisjonelle kunstprosjekta gjennom året, som for eksempel rundt høgtidene.

32

Page 33: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

Natur, miljø og teknikk (s. 52, Rammeplanen, 2017)

”Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring” .. I tillegg står det at barna skal: ”Få kjennskap til naturen og berekraftig utvikling, lærer av naturen og utviklar respekt og gryande forståing for korleis dei kan ta vare på naturen”

Vi ynskjer å gi barna ei grunnleggjande forståing av viktigheita av å ta vare på naturen vår. Gjennom til dømes arbeid med gjenbruk, sortering av søppel og å bli bevisste på forsøpling av naturen. Her kan vi også jobbe med empati som kjensle; empati for dyr og dei som lev i naturen.

Mengd, rom og form (s. 53, Rammeplan, 2017)

Barna skal få: ”erfarer og samanliknar storleikar i omgivnadene. Bruker kroppen og sansane for å utvikle romforståing. Undersøkjer og kjenner igjen eigenskapar ved former og sorterer dei på forskjellige måtar”

Vi ynskjer å bruke benevning og naturlege situasjonar i kvardagen for å gjere barna kjende med mengd, rom og form. Vi bruker benevning av former og telling aktivt og naturleg i ulike kvardagssituasjonar og i samlingane våra.

Etikk, religion og filosofi (s. 54, Rammeplan, 2017)

Det står i rammeplanen at barnehagen skal bidra til at vi skal ”bidra til å utvikle barnas toleranse, interesse og respekt for kvarandre og for menneske med ulik kulturell, religiøs eller livssynsmessigtilhøyrsle”. Vi ser på mangfold som viktig i ei barnegruppe – og jobbar tett opp mot mangfald i arbeidet med Være Sammen der ein av hovudbodskapa er å la barna være seg sjølve – men samstudes gi plass til andre! Alle barn er unike – og vi ser på det som viktig å la barn forstå at alle barn er like viktige som dei sjølve. Vi vektlegg at det er bra å være forskjellige, og utvikle ei respekt for kvarandre.

Nærmiljø og samfunn (s.55, Rammeplan, 2017)

”Gjennom utforsking, opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna kjende med sitt eige nærmiljø, samfunnet og verda. Barnehagen skal bidra til kunnskap om og erfaring med lokale tradisjonar, samfunnsinstitusjonar og yrke, slik at barna kan oppleve tilhøyrsle til nærmiljøet.”

Vi ynskjer å la barna bli kjende med vårt nærmiljø. Vi har sentrum med alle dets fasilitetar i nær avstand, og går ofte på tur dit. Vi nyttar nærmiljøet vårt aktivt med barna, og spesielt gjennom å gå på turar.

33

Page 34: ÅRSPLAN 2019-2020 HULDAL BARNEHAGE · Å sikre at alle barn i Huldal barnehage føler seg som ein betydningsfull person i fellesskapet –er den viktigaste jobben framover for oss

34

Takk for at de har valgt Huldal barnehage som dykkar

barnehage!

Vi i personalet er takksame for å ha ei slik flott foreldregruppe å

samarbeide med!

Vi i personalgruppa vil gjere vårt ytterste for at barna, foreldra og

personalet skal ha det bra saman!

Hugs å ta kontakt med oss om det skulle vere noko de treng å prate om!

Vi gleder oss til eit nytt år

-saman med dykk alle!