4
Vedlegg 1 Fakta om hyttene, Flora Turlag Flora Turlag sine hytter er ein del av Den Norske Turistforening (DNT) sitt hyttetilbod. DNT har i dag over 500 hytter i heile landet. Hyttene ligg i skog og fjell eller langs kysten og varierar frå store betjente fjellstover med nærmare 200 sengeplassar til små buer med berre eit par senger. Du finn meir informasjon om hyttene https://www.dnt.no/ Flora Turlag har 4 hytter. Hyttene vert brukte både som sjølvstendige hytter og som del av vest-aust-ruta ”Frå hav til bre”. Denne ruta startar frå enten Årebrot eller Botnane i vest, og går via Grytadalsbu, Blåbrebu og Gjegnabu til Hyen. Blåbrebu og Gjegnabu er viktige for å lette tilgangen til dette fantastiske fjellområdet, Ålfotbreen. Utan hyttene, ville tilgangen til området vorte meir krevjande, og avgrensa til ei mykje mindre brukargruppe enn i dag. Hyttene har ført til kraftig auka bruka av området. Flora Turlag følgjer DNT sine priser på hyttene. Alle hyttene er utstyrt med dyner og puter – ta med lakenpose. Det er kjøkkenutstyr og kokemuligheiter. Blåbrebu. 61°43'59"N, 5°32'27"E. 800 moh. Ubetjent og ulåst. Bygd i 1995 og har 14 sengeplassar. Stengt i tidsrommet 30.08 til 25.09. Gamle Blåbrebu fungerar som sikringsbu og er bygd i 1985. 4 sengeplassar. Stien startar i Grøndalen i Norddalsfjord. Tidsbruk 4 timar.

s3-eu-west-1.amazonaws.com · Web viewFlora Turlag har 4 hytter. Hyttene vert brukte både som sjølvstendige hytter og som del av vest-aust-ruta ”Frå hav til bre”. Denne ruta

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: s3-eu-west-1.amazonaws.com · Web viewFlora Turlag har 4 hytter. Hyttene vert brukte både som sjølvstendige hytter og som del av vest-aust-ruta ”Frå hav til bre”. Denne ruta

Vedlegg 1 Fakta om hyttene, Flora Turlag

Flora Turlag sine hytter er ein del av Den Norske Turistforening (DNT) sitt hyttetilbod. DNT har i dag over 500 hytter i heile landet. Hyttene ligg i skog og fjell eller langs kysten og varierar frå store betjente fjellstover med nærmare 200 sengeplassar til små buer med berre eit par senger. Du finn meir informasjon om hyttene på https://www.dnt.no/

Flora Turlag har 4 hytter. Hyttene vert brukte både som sjølvstendige hytter og som del av vest-aust-ruta ”Frå hav til bre”. Denne ruta startar frå enten Årebrot eller Botnane i vest, og går via Grytadalsbu, Blåbrebu og Gjegnabu til Hyen.

Blåbrebu og Gjegnabu er viktige for å lette tilgangen til dette fantastiske fjellområdet, Ålfotbreen. Utan hyttene, ville tilgangen til området vorte meir krevjande, og avgrensa til ei mykje mindre brukargruppe enn i dag. Hyttene har ført til kraftig auka bruka av området.

Flora Turlag følgjer DNT sine priser på hyttene. Alle hyttene er utstyrt med dyner og puter – ta med lakenpose. Det er kjøkkenutstyr og kokemuligheiter.

Blåbrebu. 61°43'59"N, 5°32'27"E. 800 moh. Ubetjent og ulåst. Bygd i 1995 og har 14 sengeplassar. Stengt i tidsrommet 30.08 til 25.09. Gamle Blåbrebu fungerar som sikringsbu og er bygd i 1985. 4 sengeplassar. Stien startar i Grøndalen i Norddalsfjord. Tidsbruk 4 timar.

Page 2: s3-eu-west-1.amazonaws.com · Web viewFlora Turlag har 4 hytter. Hyttene vert brukte både som sjølvstendige hytter og som del av vest-aust-ruta ”Frå hav til bre”. Denne ruta

Gamle Blåbrebu - Sikringsbu

Gjegnabu. 61°45'40"N, 5°50'8"E. 1.160 moh. Ubetjent og ulåst. Bygd i 1990. 6 sengeplassar. Stien startar opp frå Hope i Hyen. Tidsbruk 4 - 5 timar.

Page 3: s3-eu-west-1.amazonaws.com · Web viewFlora Turlag har 4 hytter. Hyttene vert brukte både som sjølvstendige hytter og som del av vest-aust-ruta ”Frå hav til bre”. Denne ruta

Grytadalsbu. 61°39'6"N, 5°11'60"E. 325 moh. Ubetjent og ulåst. Overtatt frå Florø Turn- og Idrettsforening i 1988. Ferdig restaurert i 1990. 5 sengeplassar. 30 min frå fylkesveg 614.

Kinn. 61°33'56"N, 4°46'2"E. 20 moh. Ubetjent og låst med DNT nøkkel. 10 sengeplassar. Tidlegare bruk som skulehus på Kinn. Leigeavtale med Kinn Sokneråd frå 2014. Drikkevatnet må kokast. Adkomst med båt og omlag 1 km grusveg.