6
Prosjektskisse Ta årane fatt – ro-opplæring, sjøvett og friluftsliv for barn og barnefamiliar i Bremanger kommune. Bakgrunn: Hornelen Kystlag er eit kystlag med medlemmar hovudsakeleg frå Nordfjord, og er eit av fleire i regionen som set fokus på bevaring og bruk av gamle sjøhus, kaier og tradisjonsbåtar. Dei registrerer og eldre kystkultur og kystkulturminner, og formidlar kunnskap om desse. Dei har base i Rugsund, Bremanger, ved Gulebuda i Hessevågen. To kaier, ei restaurert sjøbu, eit nybygd stornaust og ei strandsitjarstove utgjer anlegget dei leiger og brukar der. I tillegg kjem eit stort antall båtar av ulike typar, med hovudvekt på båtar frå Nordfjord. Dei har dei siste åra vore med og arrangert kystdagar for 6. klassingane ved alle grunnskulane i Bremanger kommune i samarbeid med «den kulturelle skulesekken» Ungane får vere med ut i ulike båtar, får prøve å ro og lære t.d. knutar. Sjøvettreglane vert høgt prioritert ved desse arrangementa. I 2006 såg Keipen Turlag at dei trengte ein organisasjon som kunne ta seg av tilrettelegging for barn og deira bruk av naturen. Dei starta då opp Barnas Turlag Keipen. I 2010 fekk vi eit lokal- 1

s3-eu-west-1.amazonaws.com · Web viewProsjektskisse Ta årane fatt – ro-opplæring, sjøvett og friluftsliv for barn og barnefamiliar i Bremanger kommune. Bakgrunn: Hornelen Kystlag

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: s3-eu-west-1.amazonaws.com · Web viewProsjektskisse Ta årane fatt – ro-opplæring, sjøvett og friluftsliv for barn og barnefamiliar i Bremanger kommune. Bakgrunn: Hornelen Kystlag

Prosjektskisse Ta årane fatt – ro-opplæring, sjøvett og friluftsliv for barn og barnefamiliar i Bremanger kommune.

Bakgrunn:

Hornelen Kystlag er eit kystlag med medlemmar hovudsakeleg frå Nordfjord, og er eit av fleire i regionen som set fokus på bevaring og bruk av gamle sjøhus, kaier og tradisjonsbåtar. Dei registrerer og eldre kystkultur og kystkulturminner, og formidlar kunnskap om desse.

Dei har base i Rugsund, Bremanger, ved Gulebuda i Hessevågen. To kaier, ei restaurert sjøbu, eit nybygd stornaust og ei strandsitjarstove utgjer anlegget dei leiger og brukar der. I tillegg kjem eit stort antall båtar av ulike typar, med hovudvekt på båtar frå Nordfjord.

Dei har dei siste åra vore med og arrangert kystdagar for 6. klassingane ved alle grunnskulane i Bremanger kommune i samarbeid med «den kulturelle skulesekken» Ungane får vere med ut i ulike båtar, får prøve å ro og lære t.d. knutar. Sjøvettreglane vert høgt prioritert ved desse arrangementa.

I 2006 såg Keipen Turlag at dei trengte ein organisasjon som kunne ta seg av tilrettelegging for barn og deira bruk av naturen. Dei starta då opp Barnas Turlag Keipen. I 2010 fekk vi eit lokal-lag som dekka dei ytre delane i kommunen, og hausten 2014 kom det til enno eit lag som dekker Davik/Ålfoten- området.

Det vert arrangert ulike typar turar tilrettelagt for barn og barnefamiliar rundt om i heile kommunen gjennom heile året. Det å skape gode og artige lågterskel- aktiviteter der barn og vaksne kan nyte naturen i lag er viktig for oss. Vi prøver å ha ca. 10 turar pr. år, og nytt av året er at vi i tillegg har Turbo-trim der familiane sjølve skal finne trimpostar vi har lagt ut på 6 ulike turmål i kommunen.

1

Page 2: s3-eu-west-1.amazonaws.com · Web viewProsjektskisse Ta årane fatt – ro-opplæring, sjøvett og friluftsliv for barn og barnefamiliar i Bremanger kommune. Bakgrunn: Hornelen Kystlag

Kva ønskjer vi oss?

Bremanger er ein kystkommune som og har mange fjellvatn. Det er aldri langt til næraste fjære, elv eller vatn. Barnas Turlag Keipen har lenge ønskt seg tilgang til båtar slik at vi i større grad kan ta i bruk også denne delen av naturen vår.

Hornelen Kystlag har i sitt arbeid med barn og «den kulturelle skulesekken» sett at dei kan betre tilbodet dersom dei får tilgang til fleire båtar tilpassa barn og deira ferdigheiter. Dei ønskjer og å tiltrekke seg fleire på dei andre arrangementa sine, og eit betre tilbod til barnefamilier høyrer då med. Det er ein stor fordel at båtane lett kan transporterast til dei ulike stadane vi held arrangement.

Kvifor samarbeid?

Barnas Turlag Keipen ser at dei treng hjelp til tilrettelegging og gjennomføring av turar der båt vert brukt slik at vi kan ivareta sikkerheit. Kunnskap om sjøvett og kystkultur vil og vere med å gjere turane til betre opplevingar for borna. Derfor ønskjer vi eit samarbeid med Hornelen Kystlag. Dei har i fleire år hatt eit opplegg retta mot skuleborn i samarbeid med «den kulturelle skulesekken», og sit med stor kunnskap om korleis ein kan lage til turar som fenger. Mange av dei vaksne som er med vil nok og synes det er triveleg å friske opp att gamle kunstar. Hornelen Kystlag har mykje kunnskap, men ønskjer å nå ut til nye grupper. For dei vil samarbeid bety auka aktivitet og vonaleg fleire medlemmer som kan vere med å ta vare på kystkulturarven.

Begge laga ser seg tente med eit slikt samarbeid fordi vi kan hjelpe kvarandre med å oppnå måla vi har sett oss. Eit samarbeid vil og føre til at kostnadene til innkjøp av utstyr vert halvert ,og at problematikken kring lagring av båtane når dei ikkje er i bruk vert løyst.

Vi ser og føre oss at vi kan få til eit opplegg der også andre lag og organisasjonar som driv med barne og ungdomsarbeid, 4H, DNT UNG osb, kan få nytte båtane når vi ikkje bruker dei sjølve.

2

Page 3: s3-eu-west-1.amazonaws.com · Web viewProsjektskisse Ta årane fatt – ro-opplæring, sjøvett og friluftsliv for barn og barnefamiliar i Bremanger kommune. Bakgrunn: Hornelen Kystlag

Prosjektansvarlege

Hornelen Kystlag

Barnas Turlag Keipen

Kontaktpersonar

Lars Olav Rylandsholm for Hornelen Kystlag. Mailadresse: [email protected]

Kari Songedal for Barnas Turlag Keipen. Mailadresse: [email protected]

3

Page 4: s3-eu-west-1.amazonaws.com · Web viewProsjektskisse Ta årane fatt – ro-opplæring, sjøvett og friluftsliv for barn og barnefamiliar i Bremanger kommune. Bakgrunn: Hornelen Kystlag

Framdrift / aktiviteter i prosjektet

- Strandryddedagen 9 mai. Vi rydder fjæra på Novelandet- Friluftshelg i Berledalen 30-31 mai. Overnattingstur med ulike friluftsaktiviteter som td. fiske.- Kanotur på Myklebustvatnet i juni.- Sjøens dag ved Gulebuda i august. Samarbeid med Hornelen Kystlag- Den Kulturelle skulesekken. Alle 6. klassingar skal ha ein dag med båtar og sjøvett. September - Aktiviteter som kjem til.

Alle arrangementa er retta særskilt mot barn og barnefamilier. Prosjektet vert starta opp så snart midlane vert tilgjengelege.

Kostnadar

3 stk robåt SUVI 420 a 10.990,- 32.970,-1 båthengar TIKI 450 8.400,-3 par ekstra årer a 450,- 1.350,-3 dregger a 65,- 195,-Fortøyningskiler og klubbe 3 sett 300,-3 ausekar a 30,- 90,-6 lastestropper a 200,- 1.200,-6 fortøyningsliner a 120,- 720,-6 redningsvestar 15-20 kg 3.360,-6 redningsvestar 20-30 kg 3.360,-1 lås til hengar 300,-

4

Page 5: s3-eu-west-1.amazonaws.com · Web viewProsjektskisse Ta årane fatt – ro-opplæring, sjøvett og friluftsliv for barn og barnefamiliar i Bremanger kommune. Bakgrunn: Hornelen Kystlag

Totalt: 52.245,-

FinansieringTilskot Frifond 35.000,-Tilskot Gjensidigestiftelsen 10.000,-Egne midler 7.245,-Totalt: 52.245,-

Alt arbeid med prosjektet vert utført på dugnad av Hornelen Kystlag og Barnas Turlag Keipen. Dette er ikkje teke med i kostnadsbudskjettet.

Forbundet Kysten ser med velvilje på initiativet og støtter prosjektet.Keipen Turlag som hovudorganisasjon i Bremanger kommune ser prosjektet som svært positivt og støtter prosjektet.

5