1
VESTLANDSNYTT 15 TYSDAG 8. JANUAR 2013 Om få dagar reiser Erling Sævareide til Sør-Sudan. Der skal han vere i tre månadar og arbeide som prosjektleiar for «fredslandsbyen» Kuron. Sør-Sudan vart ein sjølvstendig nasjon 9. juli 2011, og er såleis den yngste nasjonen i verda. Der bur nærare ni millionar innbyggjarar, og desse høyrer til rundt i 30 ulike stammer. Landet har om lag dobbelt så stort areal som Noreg, og områ- det har lenge vore prega av ein del konfliktar. Skal avlaste initiativtakaren Rundt år 2000 vart det starta opp eit prosjekt med ein freds- landsby lengst søraust i Sør- Sudan. Omlandet rundt freds- byen Kuron er på storleik med Finnmark og har om lag 900 000 innbyggjarar. – Den katolske biskopen Pa- ride Taban var initiativtakar til fredslandsbyen, og eitt av måla hans var å knyte folk frå ulike religionar og stammer til same landsby. Han hadde sett ein liknande by i Israel der jødar, kristne og muslimar levde side om side, og han vart inspirert av det, fortel Sævereide. Biskopen er no 77 år gamal, men han har framleis mange jarn i elden. Han har vore no- minert til Nobels fredspris fleire gonger, og han har mot- teke fleire andre prisar for det humanitære arbeidet sitt. – I tillegg til fredslandsbyen har han mange andre prosjekt å ta hand om, så no er vi fire tidlegare Afrika-fararar som reiser ned for å avlaste han litt. Vi skal vere der i tre månadar kvar. Svein Rødset frå Ulstein- vik kjem etter meg, deretter er det to frå Osterøya som skal vere der, fortel Sævareide. Kvegtjuveri Kuron ligg i eit møtepunkt mel- lom fire ulike stammer. Desse driv med kveg, og det har lenge vore eit utbreidd problem at dei stel kveg frå kvarandre. Alle dei fire stammene hevdar at dei har rett på kveget i området. I tillegg treng gutane mykje kveg for å betale brureprisen. – Tidlegare slost dei med spyd og liknande, men dei siste åra har dei gått over til gevær. Dette gjer denne tradisjonen endå meir risikabel og proble- matisk, fortel Sævareide. Ein tysk organisasjon har støtta ein kampanje der ei gruppe reiser rundt for å setje fokus på dei negative sidene ved å stele dyr frå kvarandre. – Dei nyttar rollespel for å formidle bodskapen, og dette har fungert god. I tillegg vert det arrangert fotballkampar mellom stammene for å betre miljøet. Problemet med kveg- tjuveri har vorte sterkt redu- sert av desse tiltaka, seier Sæ- vareide. God støtte frå Noreg Sævareide fortel at området i stor grad er avsondra frå om- verda på grunn av dei klima- tiske tilhøva. Regntida varer i ni månadar i strekk, og i denne perioden vert vegane gjørmete og heilt uframkomelege. – Dette har ført til at innbyg- gjarane har hatt lite kontakt med omverda, og folk har ikkje hatt tilgang til lækjarhjelp el- ler skule. I Kuron finn ein no internatskule og helsestasjon. Fredslandsbyen er senter for eit stort område, og folk går gjerne både ein og to dagsmar- sjar for å kome fram til helse- stasjonen. Så langt har helse- stasjonen hatt om lag 10 000 konsultasjonar. Skulen har 250 elevar, og 50 av dei er jenter, fortel Sævareide. Det vert også arbeidd med eit jordbruksprosjekt der ein prø- ver ut nye planter og lærer opp bøndene innan plantedyrking. Organisasjonen «Norwegian Friends of Peace Village – Kur- on» har støtta dei ulike pro- sjekta, og det er også dei som har plukka ut dei fire norske prosjektleiarane. Arbeidet har også fått god støtte frå norsk næringsliv. – Eg vil gjerne takke reiarla- ga Havila, Rem, Olympic og Re- møy Management. Desse har gjeve prosjektet god økonomisk støtte. Eg vil også rette ei sær- leg takk til Fosnavåg notbøteri. Dei har brukt mykje tid og res- sursar på å lage kablar og ut- styr til ei gangbru over Kuron- elva. Vi er veldig takksame for all hjelpa, seier Sævareide. Gler seg til å kome i gang Sævereide har arbeidd i seks år i Sudan ved tidlegare høve, og han meiner fredslandsbyen er eit svært interessant prosjekt. – Eg har støtta dette prosjek- tet i nokre år, så no gler eg meg veldig til å reise nedover igjen, seier Sævereide. Dersom privatpersonar skul- le vere interesserte i å støtte prosjektet, kan dei ta kontakt med Sævareide. Skal vere prosjektleiar i Sør-Sudan * Biskop Paride Taban (kvit skjorte) saman med nokre av innbyggjarane i fredslandsbyen. Marie Runde * Erling Sævareide ser fram til å reise til Sør-Sudan og starte i jobben som prosjektleiar. * I regntida vert vegane uframkomelege. Dette fører til at området er isolert store delar av året.

Skal vere prosjektleiar i Sør-Sudan · TYSDAg 8. jANuAr 2013 VESTLANDSNYTT 15 Om få dagar reiser Erling Sævareide til Sør-Sudan. Der skal han vere i tre månadar og arbeide som

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Skal vere prosjektleiar i Sør-Sudan · TYSDAg 8. jANuAr 2013 VESTLANDSNYTT 15 Om få dagar reiser Erling Sævareide til Sør-Sudan. Der skal han vere i tre månadar og arbeide som

VESTLANDSNYTT 15TYSDAg 8. jANuAr 2013

Om få dagar reiser Erling Sævareide til Sør-Sudan. Der skal han vere i tre månadar og arbeide som prosjektleiar for «fredslandsbyen» Kuron.

Sør-Sudan vart ein sjølvstendig nasjon 9. juli 2011, og er såleis den yngste nasjonen i verda. Der bur nærare ni millionar innbyggjarar, og desse høyrer til rundt i 30 ulike stammer. Landet har om lag dobbelt så stort areal som Noreg, og områ-det har lenge vore prega av ein del konfliktar.

Skal avlaste initiativtakarenRundt år 2000 vart det starta opp eit prosjekt med ein freds-landsby lengst søraust i Sør-Sudan. Omlandet rundt freds-byen Kuron er på storleik med Finnmark og har om lag 900 000 innbyggjarar. – Den katolske biskopen Pa-ride Taban var initiativtakar til fredslandsbyen, og eitt av måla hans var å knyte folk frå ulike religionar og stammer til same landsby. Han hadde sett ein liknande by i Israel der jødar, kristne og muslimar levde side om side, og han vart inspirert av det, fortel Sævereide. Biskopen er no 77 år gamal, men han har framleis mange jarn i elden. Han har vore no-minert til Nobels fredspris fleire gonger, og han har mot-teke fleire andre prisar for det humanitære arbeidet sitt. – I tillegg til fredslandsbyen har han mange andre prosjekt å ta hand om, så no er vi fire tidlegare Afrika-fararar som reiser ned for å avlaste han litt. Vi skal vere der i tre månadar kvar. Svein Rødset frå Ulstein-vik kjem etter meg, deretter er det to frå Osterøya som skal vere der, fortel Sævareide.

KvegtjuveriKuron ligg i eit møtepunkt mel-lom fire ulike stammer. Desse driv med kveg, og det har lenge vore eit utbreidd problem at dei stel kveg frå kvarandre. Alle dei fire stammene hevdar at dei har rett på kveget i området. I tillegg treng gutane mykje kveg for å betale brureprisen. – Tidlegare slost dei med spyd og liknande, men dei siste åra har dei gått over til gevær. Dette gjer denne tradisjonen endå meir risikabel og proble-matisk, fortel Sævareide. Ein tysk organisasjon har støtta ein kampanje der ei gruppe reiser rundt for å setje fokus på dei negative sidene ved å stele dyr frå kvarandre. – Dei nyttar rollespel for å formidle bodskapen, og dette har fungert god. I tillegg vert det arrangert fotballkampar mellom stammene for å betre miljøet. Problemet med kveg-tjuveri har vorte sterkt redu-sert av desse tiltaka, seier Sæ-vareide.

God støtte frå NoregSævareide fortel at området i stor grad er avsondra frå om-verda på grunn av dei klima-tiske tilhøva. Regntida varer i ni månadar i strekk, og i denne perioden vert vegane gjørmete og heilt uframkomelege. – Dette har ført til at innbyg-gjarane har hatt lite kontakt med omverda, og folk har ikkje hatt tilgang til lækjarhjelp el-ler skule. I Kuron finn ein no internatskule og helsestasjon. Fredslandsbyen er senter for eit stort område, og folk går gjerne både ein og to dagsmar-sjar for å kome fram til helse-stasjonen. Så langt har helse-stasjonen hatt om lag 10 000 konsultasjonar. Skulen har 250 elevar, og 50 av dei er jenter, fortel Sævareide. Det vert også arbeidd med eit jordbruksprosjekt der ein prø-

ver ut nye planter og lærer opp bøndene innan plantedyrking. Organisasjonen «Norwegian Friends of Peace Village – Kur-on» har støtta dei ulike pro-sjekta, og det er også dei som har plukka ut dei fire norske prosjektleiarane. Arbeidet har også fått god støtte frå norsk næringsliv. – Eg vil gjerne takke reiarla-ga Havila, Rem, Olympic og Re-møy Management. Desse har gjeve prosjektet god økonomisk støtte. Eg vil også rette ei sær-leg takk til Fosnavåg notbøteri. Dei har brukt mykje tid og res-sursar på å lage kablar og ut-styr til ei gangbru over Kuron-elva. Vi er veldig takksame for all hjelpa, seier Sævareide.

Gler seg til å kome i gangSævereide har arbeidd i seks år i Sudan ved tidlegare høve, og han meiner fredslandsbyen er eit svært interessant prosjekt. – Eg har støtta dette prosjek-tet i nokre år, så no gler eg meg veldig til å reise nedover igjen, seier Sævereide. Dersom privatpersonar skul-le vere interesserte i å støtte prosjektet, kan dei ta kontakt med Sævareide.

Skal vere prosjektleiar i Sør-Sudan* Biskop Paride Taban (kvit skjorte) saman med nokre av innbyggjarane i fredslandsbyen.

Marie Runde

* Erling Sævareide ser fram til å reise til Sør-Sudan og starte i jobben som prosjektleiar.

* I regntida vert vegane uframkomelege. Dette fører til at området er isolert store delar av året.