8
1. Innleiing Så langt kjenner vi ikkje til kleber- steinsbrot i Noreg som er eldre enn det i Sandbekkdalen på Kvikneskogen i Hedmark. Her ligg godt synlege uttak av klebersteinsgryter som prov på ein handverkstradisjon som ikkje lenger blir halde i hevd. Gjennom spora i fjel- let er det mogleg å studere både tek- nikkar og reiskapstypar frå ein om lag 2500 år gamal steinhoggartradisjon. 2. Historikk I 1952 starta Nidaros Domkirkes res- taureringsarbeider (NDR) med uttak av kleberstein i klebersteinsbrotet i Sandbekkdalen, Kvikne, Tynset kom- mune, Hedmark, til restaurering av nasjonalskatten i Trondheim. I 1965 leverte arkitekt og byggeleiar ved Dom- kyrkja inn gamle trespadar frå uttaks- områda til Universitetets Oldsak-sam- ling i Oslo. Spadane fekk ei radiologisk datering til overgangen bronsealder/- keltartid. Dette var opptakten til gjenoppda- ginga av ein steinhoggartradisjon som det til da var liten kunnskap om her til lands. Arkeologiske undersøkingar i klebersteinsbrotet i Sandbekkdalen på sluten av 1960-talet ga sensasjonelle oppdagingar og uventa resultat. Stein- brotet har på bakgrunn av vitskapleg forsking fått stor nasjonal verdi, og er eit viktig og sentralt kulturminne når det gjeld å forstå forhistorisk steinhog- gartradisjon og klebersteinsteknologi. Typologiske trekk av gryter funne i samband med dei arkeologiske under- søkingane og emne som står att i berg- veggen saman med 14 C-dateringar av organisk materiale av gjenstandar sett direkte i samband med tidlegare drift i klebersteinsbrotet på Bubakk, gir stein- hoggarverksemda ei datering til førro- mersk jernalder (500 f. Kr.). Steinbro- tet er altså frå tida før reformasjonen Årbok for Nord-Østerdalen 2004 13 Bodil Østerås Steinhoggarverksemda i Sandbekkdalen på Kvikneskogen Norges eldste kjende klebersteinsbrot Figur 1. Gryteemne og kartomter i bergveggen på kle- bersteinsbrotet i Sandbekkdalen, Kvikne. (Foto: HFK).

Steinhoggarverksemda i Sandbekkdalen på Kvikneskogen

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

1. Innleiing

Så langt kjenner vi ikkje til kleber-steinsbrot i Noreg som er eldre enn deti Sandbekkdalen på Kvikneskogen iHedmark. Her ligg godt synlege uttakav klebersteinsgryter som prov på einhandverkstradisjon som ikkje lengerblir halde i hevd. Gjennom spora i fjel-let er det mogleg å studere både tek-nikkar og reiskapstypar frå ein om lag2500 år gamal steinhoggartradisjon.

2. Historikk

I 1952 starta Nidaros Domkirkes res-taureringsarbeider (NDR) med uttak

av kleberstein i klebersteinsbrotet iSandbekkdalen, Kvikne, Tynset kom-mune, Hedmark, til restaurering avnasjonalskatten i Trondheim. I 1965leverte arkitekt og byggeleiar ved Dom-kyrkja inn gamle trespadar frå uttaks-områda til Universitetets Oldsak-sam-ling i Oslo. Spadane fekk ei radiologiskdatering til overgangen bronsealder/-keltartid.

Dette var opptakten til gjenoppda-ginga av ein steinhoggartradisjon somdet til da var liten kunnskap om her tillands. Arkeologiske undersøkingar iklebersteinsbrotet i Sandbekkdalen påsluten av 1960-talet ga sensasjonelleoppdagingar og uventa resultat. Stein-brotet har på bakgrunn av vitskaplegforsking fått stor nasjonal verdi, og ereit viktig og sentralt kulturminne nårdet gjeld å forstå forhistorisk steinhog-gartradisjon og klebersteinsteknologi.Typologiske trekk av gryter funne isamband med dei arkeologiske under-søkingane og emne som står att i berg-veggen saman med 14C-dateringar avorganisk materiale av gjenstandar settdirekte i samband med tidlegare drift iklebersteinsbrotet på Bubakk, gir stein-hoggarverksemda ei datering til førro-mersk jernalder (500 f. Kr.). Steinbro-tet er altså frå tida før reformasjonen

Årbok for Nord-Østerdalen 2004 13

Bodil Østerås

Steinhoggarverksemda iSandbekkdalen på KvikneskogenNorges eldste kjende klebersteinsbrot

Figur 1. Gryteemne og kartomter i bergveggen på kle-bersteinsbrotet i Sandbekkdalen, Kvikne. (Foto: HFK).

(1537 e.Kr.), og dermed automatiskfreda jf § 4b) i Lov av 9. juni 1978 nr 50om kulturminnevern.

3. Lokalisering

I Kvikneskogen sameige 6 km vest ogopp for garden Bubakk i Kvikne, mel-lom Sandbekkdalen og Sottdalen, liggklebersteinsbrotet om lag 900 moh (sjåfig. 2). Det tar av ein veg frå Rv3 mel-lom gardane Småvollan og Bubakk.Klebersteinsbrotet ligg heilt i enden avdenne. Terrenget er som ei gryte medlåge rygger på alle kantar. Berget stikkopp som ein 8-10 m høg knoll i botn avdenne gryta og har eit tverrmål på omlag 60 x 30 m. Dette er over tregrensa,og vegetasjonen er prega av vier, kjer-ringris og lyng.

På vest, sør og austsida av brotet,samt langsetter vegen dei siste metranened mot uttaksområdet, er store arealdekt av ny og gamal skrottipp etterlang tids steinhoggarverksemd. Dette

er og ein viktig del av steinbrotet somkulturminne.

4. Geologi

Kleberstein er ein bergart som i Nor-den avgrensar seg til Noreg, Grønlandog Vest-Sverige. Elles i Europa finst detførekomstar på Shetland, kring Alpanei Sveits og Italia. Steinen opptrer alltidsaman med fleire andre bergartar.Hovud-minerala i steinen er talk, klo-ritt og dolomitt. I mindre mengderfinst magnesitt, magnetitt, pyritt og eiheil rekke andre mineral. Ubehandlakleber er grå og verkar ”feit”. Av og tilkan ein sjå tynne, lyse magnesittårar(sjå fig. 3) og grøne litt tjukkare årer avtalk og kloritt.

Kleberførekomsten på Kvikne opp-sto som ein olivinrik størkningsbergarti djupna i samband med ein vulkanskaktivitet. Omdanninga til klebersteinog serpentinitt skjedde på eit seinaretidspunkt under danninga av den kale-

Årbok for Nord-Østerdalen 200414

Figur 2. Klebersteinsbrotet frå keltartid ligg 6 kmvest og opp for garden Bubakk i Kvikne.

(Kart: HFK).

Figur 3. Tynne årer av magnesitt i bergflata..(Foto: Torunn Klokkernes, UKM).

donske fjellkjeda. Førekomsten harform som ein langstrakt linse i søraust-leg – nordvestleg retning

med slakt austleg fall. Kleberen hartruleg ei arealutstrekning på 70 x 45 m,der om lag halvparten er dekt til.Kleberen kan halde fram enno 25-30 munder overdekkinga mot nord-nord-vest, slik at utstrekninga kan vere omlag 100 x 45 m.

Størstedelen av den blotta berg-knollen er serpentinitt og talkhaldigserpentinitt. Dette er relativt hardebergartar som stikk opp i den marker-te kollen i terrenget. Rundt serpenti-nitten ligg kleberstein som er mykjeblautare og sterkt erodert. Kleberstei-nen dannar difor eit søkk i terrengetrundt kollen og er i stor grad overdekt.Dei yttarste delane av førekomstenbestår av talkskifer. Klebersteinen påBubakk varierer frå ein veldig talkrikog blaut type i den nordvestre delen avførekomsten, til meir karbonatriketypar i nord, nordaust og søraust. I denvestlege delen har kleberen ein svaktspetta utsjånad på ei forvitra overflate.

For Nidaros Domkirkes Restaure-ringsarbeider har klebersteinskvalite-ten på Kvikne vore viktig, da den er avei slik art at ein ved hjelp av moderneutstyr kan få ut større blokker til hug-ging av skulpturar. Den såkalla ”hardKviknestein” (NGU 1974) har ein høgkvalitet. Den har stor forvitringsmot-stand, passe hardleik og kornstorleikfor skulpturarbeid. Fleire av kongefigu-rane på vest-fronten av Nidarosdomener hogge av stein frå denne førekom-sten (sjå fig. 4).

5. Arkeologiske undersøkingar1968/69

I samband med opninga av steinbrotettil moderne drift først på 1950-talet,gjennomførte Oldsaksamlingen i Oslofleire synfaringar. I 1969 kom ei meirplanmessig undersøking i gang underleiing av førstekonservator ArneSkjølsvold. Det synte seg at dei gamlebruksspora finst nedover sidene ogsærleg ved foten av kollen. Den sentra-le delen av brotet ligg i følgjeSkjølsvold 3 m ned i berget, tildekt avleiraktig kvabb og pulverisert kleber.400 m2 bergflate vart avdekt og reinsaopp i samband med dei arkeologiskeundersøkingane, men brotet har eilangt større utstrekking, kanskje detdobbelte. Følgjande oldsaker kom fordagen på ulike stader i avfallsdunganeog i nærleiken av brotet: Om lag 60heile og fragmentariske spader av furumed rett skaft (sjå fig. 5), fragmentaris-ke kar av kleber med sid buk og for-seinka band ved munningskanten,randskår av kleberkar, botnfragment avuferdig kleberkar, 6 fragment av lågtfat av tre, låg sylindrisk kopp eller tine

Årbok for Nord-Østerdalen 2004 15

Figur 4. Fleire av kongefigurane på vestfronten avNidarosdomen er laga av kleberstein frå

Sandbekkdalen. (Foto: Per Storemyr).

av bjørkenever og 2 fragment av stein-køller med omløpande skaftfurer.

Kviknebrotet er eit typisk dagbrotder kara er forarbeida med botn ut.Emna er slått med ein kvass reiskapmed svakt hol egg og avrunda egge-hjørne (sjå fig. 6). Bredda på sporavarierer frå heilt smale til over 7 cm.Måten spora er avsett på tyder på at deter nytta eit hakkeliknande reiskap, eislags tverrøks. Grytene er lausgjort vedat det er hogge eit spor innved rota avemnet. Dette har truleg utløyst ei hori-sontal sprekkretning som har gjort detmogleg å banke emnet laus frå berget.Ei oppteljing av synlege uttak og emnei bergveggen ga som resultat ein kar-

tettleik på omlag 3,6 gryter pr. m2. Omvi multipliserer dette talet med 400 m2

som er den delen av brotet som eravdekt, gir dette uttak av 1440 kar.Mykje tyder på at det er tatt ut gryter i3-4 lag, og Skjølsvold reknar det ikkjesom usannsynleg at det i Kviknebroteti Sandbekkdalen er tatt ut ein stadmellom 3-4000 gryter totalt i den delenav brotet som er kjent.

I Noreg er kunnskapen omkring detå bruke kleberstein kjend heilt fråsteinalderen av. Sjølv om materialet frådei eldste tider er sparsamt, har vi både

Årbok for Nord-Østerdalen 200416

Spor etter flatmeisel? 4,8 cm

Spor etter holegga tverrøks? 7,3 cm

Spor etter rettegga øks? 5,9 cm

Spor etter holegga øks. 5,8 cm

Spor etter svakt holegga øks. 6,5 cm.Figur 5. Trespadar funne i samband med kleber-steinsbrotet i Sottdalen, Kvikneskogen.

(Foto etter Skjølsvold, 1979). Figur 6. Breie reiskapsspor frå Sottdalen iKvikne. (Foto etter Østerås, 2001)

køller og hakker frå denne tida.Kleberstein har den fantastiske eigen-skapen av å vere så mjuk at den kanskjærast og hoggast i med den samereiskapen som blir nytta på tre, antendette gjaldt flint i dei eldste tider, ellerseinare reiskap av jern. I bronsealde-ren vart kleber tatt i bruk som støype-former for støyping av gjenstandar ibronse. Kanskje vart stein frå Noregallereie på dette tidspunktet nytta somhandelsvare, da det nokså store antaletmed klebersteinstøypeformer i Dan-mark vanskeleg kan forklarast somanna enn import frå Sverige ellerNoreg. Frå tidleg eldre jernalder (500 -300 f. Kr.) kjem gryteindustrien i gangfor fullt, og i tillegg til eit rikt materia-le av spinnehjul, fiskesøkke og vevlodd,representerer grytene hovudtyngda ibruken av klebersteinen frå no av.Desse grytene har ofte ei rundbukaform og liknar samtidige leirkar (sjåfig. 7). Kara frå vikingtid var meir funk-sjonelle enn dei i perioden før. Dettegjeld element som skaft, jernhank ogøyre for å gripe gryta med (sjå fig. 8).Kleberstein har ein god evne til å haldepå varme, og i tillegg er den såpass feitat om den blir sett inn med litt feitstoffvil ikkje maten brenne seg fast til botnog i sidene. Gryta tåler å bli sett rett påvarmen og avkjølt utan å slå sprekker.Sjølv med så mange gode eigenskaparfor matlaging gjekk klebersteinsgry-tene av moten når tilgangen på dreiddkeramikk auka. Om ikkje keramikkruk-kene hadde dei same gode eigenska-pane, vog dei opp mot dette ved at deivar mykje kjappare og enklare å produ-sere. Når i tillegg produksjonen avjerngryter auka, vart det å lage gryterav kleberstein ein handverkstradisjon

som i løpet av seinmellomalderenavtok og smått om senn døydde ut.

Arkeologisk sett spriker datering-ane frå steinbrotet i Sandbekkdalen påKvikneskogen noko. Dei to karfrag-menta er typologisk i slekt med karfor-mer av anna materiale, frå keltartid.Trefatet minner om eit fat frå Byneset iTrondheim, som er radiologisk daterttil overgangen bronsealder/keltartid.Trespadane har ei form som er kjendfrå Osebergfunnet og Raknehaugen,høvesvis frå vikingtid og folkevan-dringstid. Dei to steinkøllene er ogsåvanskeleg å datere, men ein har gått utfrå at dei høyrer heime i yngste steinal-der/bronsealder. Fem radiologiskedateringar syner at brotet har vore ibruk allereie i første del av førromerskjernalder. Fleire arkeologar har påpei-ka at dei eldste dateringane på lik-nande klebergryter går attende til

Årbok for Nord-Østerdalen 2004 17

Figur 7. Klebersteinsgryter frå eldre jernalder.Sidbuka kleberkar med innsvinga flatt belte likeunder munningsranden. Etter Skjølsvold, 1961.Figur 8. Rundbuka gryte med utoverbretta rand.

Etter Rygh, 1885.

overgangen bronsealder/ eldre jernal-der. Oppstarten i brotet kan difor vereeldre. Undersøkingane gir likevelgrunn til å tru at produksjonen av kle-bersteingryter i keltartid har vore avlangt meir organisert karakter enn kvaein fram til 1970 var klår over, og at detallereie på denne tida var massepro-duksjon med tanke på handel ogomsetting. Dei arkeologiske undersø-kingane til Skjølsvold på Kvikneskogenpå sluten av 1960-talet, ga keltartid einny dimensjon og avliva ein gong foralle den gamle myten om ei tid medstagnasjon og avfolking her i landet.

6. Ny aktiviteti det gamle steinbrotet

Hedmark fylkeskommune har regio-nalt ansvar for kulturminnevernet i fyl-ket og forvaltar kulturminneinteres-sene i Hedmark. Dei har og skjøtsel-sansvar for freda kulturminne innan-for sitt område, og ønska difor å lage eimeir oversiktleg og fast plan for å sikreog bevare klebersteinsbrotet i Sand-bekkdalen som det verneverdige kul-turminnet det er, også for ettertida. Eiforvaltningsplan vart utarbeidd i 2003-/2004, og som ein konsekvens avdenne vart det i september 2004 igjenforetatt arkeologiske undersøkingar avklebersteinsbrotet på Kvikneskogen.

Nordsida er sterkt prega av moder-ne uttak. Heilt fram til 1996 dreiv dom-kyrkja ut stein i dette området. Likeveler det bevart spor etter gamle uttak påplatået over veggen med moderne bor-respor.

7. Arkeologiske undersøkingar 2004

I underkant av 50 m3 bergflate vartrensa fram denne hausten (sjå fig. 10).Spora var forbausande godt bevart, oghar truleg ligge tildekt og godt skjermasidan like etter at dei vart laga. Det vartregistrert 250 rektangulære uttak medgode spor etter reiskap. Desse sporavart nøye dokumentert med teikning-ar, foto og digital innmåling.

Rektangulære, traugforma gryter ersom vi har sett eit mykje yngre trekkenn dei sidbuka kara på sørsida avsteinbrotet. Traugforma gryter kom

Årbok for Nord-Østerdalen 200418

Figur 9. På nordsida av kleberførekomsten var detikkje gjort arkeologiske undersøkingar før hausten

2004. (Foto: Anne Christin Eek, UKM).

Figur 10. Feltet på nordsida av berget, som vartopna i september 2004. (Foto: Bodil Østerås).

først i vikingtid, om lag 1200 år etterdei sidbuka. Vil det seie at uttaka isteinbrotet har pågått over eit mykjelengre tidsrom enn det som tidlegarevar antatt? Kan vi tenke oss at dei rek-tangulære uttaka er bygningsstein? Åbruke steinblokker til husbygging er isåfall ein byggeskikk som den kristnekulturen førte med seg frå kontinentetpå 11-1200-talet. Spørsmålet er omdette rett og slett kan vere uttak av støy-peformer til støyping av bronsegjen-standar? I så fall er det det første kle-bersteinsbrotet frå bronselader vi kjen-ner til her i landet! Men kanskje er detspor etter noko heilt anna som vi ennoikkje er i stand til å identifisere?

Dei fleste uttaka er nesten kvadratis-ke og nokså jamstore med sider på 30– 35 cm (sjå fig. 11). Dei ligg tett i tettsom i eit rutemønster, og det ser ut tilat så godt som alle uttaksforsøka harvore vellukka, her står det nesten ikkjeatt emne i bergveggen (sjå fig. 12).Dette tyder at anten er det veldig dykti-ge steinhoggarar som har vore på sta-den, eller steinen er av ein spesielt godkvalitet. Sjølvsagt er det ingenting ivegen for at det er ein kombinasjon avdesse forholda.

I Noreg har vi ikkje så mange ogpraktfulle bronsealderfunn som lengersør i Europa. Dette har nok saman-hang med at det var vanskeleg å få til-gang på råmateriale til framstillinga,mellom anna tinn. Men kanskje haddevi ein finger med i produksjonen like-vel? Kleberstein er godt egna til støype-former, noko som var heilt naudsynt iframstillingsprosessen. Bytta vi til ossgjenstandar av bronse mot kleber-steinsformer? Er dette tilfelle, kandateringa av den nordlege delen avklebersteinsbrotet i Sandbekkdalen påKvikneskogen truleg settast 3000 årattende i tid.

Berre vidare forsking og nye date-ringsresultat vil gi svar. Det er i allfallsikkert at den type dokumentasjon somhausten 2004 vart gjort på klebersteins-brotet i Sandbekkdalen blir viktigetterkvart som fleire historiske kleber-steinsbrot blir oppdaga og undersøkther til lands. På denne måten kan einsamanlikne storleik og form på uttaka,type reiskap som er nytta og ikkjeminst framgangsmåte og teknikk. Hardesse elementa endra seg over tid? Erdet likskap/ulikskap etter kor vi er ilandet? Var det å lage klebersteinsgry-ter eit eige profesjonelt handverk ellerheimleg husflid? Kan vi etterkvartspore ferdige gryter attende til brotetdei vart laga i? Meir forsking må til omvi skal få svar på dette, men kleber-steinsbrotet i Sandbekkdalen påKvikne er ein viktig brikke for å komeeit steg vidare

Årbok for Nord-Østerdalen 2004 19

Figur 11. Rektangulært uttak med reiskapsspor.(Foto: Bodil Østerås).

Litteratur

NGU 1974: Rapport 1312.

NGU 2002: Rapport 2002.113.

Skjølsvold, Arne 1961: Klebersteinsindustri i viking-etiden. Universitetsforlaget, Oslo.

Skjølsvold, Arne 1969: “Et keltertids klebersteins-brudd fra Kvikne”. Viking bind XXXIII. Side 201 – 236. Hougen og Skjølsvold (red.). Oslo.

Skjølsvold, Arne 1979: “Gryteindustrien iKviknefjellene for over 2000 år siden”. Fortiden i Søkelyset. Datering med 14C metoden gjennom 25år. Side 111 – 119. Reidar Nyland et. alia. (red.).Trondheim.

Skjølsvold, Arne 1979: ”Redskaper fra forhistoriskklebersteinsindustri”. Universitetets Oldskasamling 150 år. Jubileumsårbok 1979. Side165 – 172. Oslo.

Storemyr, Per 1997: The stones of Nidaros. AnApplied Weathering Study of Europe’s

Nothernmost Medieval Cathedral. Dr ing.Theses1992. Trondheim: Norwegian University ofScience and Thechnology.

Østerås, Bodil 2001: Klebersteinsbrotet på Sparbu.Kva undersøkingar av eit klebersteinsbrot kan fortelje om gamle steinhoggartra-disjonar. Hovudfagsoppgåve i arkeologi ved NTNU,Trondheim.

Østerås, Bodil 2004: Forvaltningsplan for kleber-steinsbrotet i Sandbekkdalen på Kvikneskogen. Tynset kommune, Hedmark fylke.Hedmark fylkeskommune.

Bodil ØsteråsEgge Museum7715 Steinkjer

Årbok for Nord-Østerdalen 200420

Figur 11. Rektangulært uttak med reiskapsspor.(Foto: Bodil Østerås).