12
stranda skisenter booking vi leiger ut din fritidsbustad - enkelt og trygt

Stranda Skisenter Booking

  • Upload
    ellen

  • View
    227

  • Download
    1

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Vi leiger ut din fritidsbustad - enkelt og trygt

Citation preview

Page 1: Stranda Skisenter Booking

stranda skisenter bookingvi leiger ut din fritidsbustad - enkelt og trygt

Page 2: Stranda Skisenter Booking

velkommen til stranda skisenterKvart år besøker nærare 100.000 personar Stranda Skisenter gjennom heile året. Og talet aukar stadig. Noko av det viktigaste for våre gjester, er at dei finn alt på ein stad, også overnattingstilbod.Difor ønsker vi å tilby ein komplett pakke av aktiviteter og tenester, inkludert overnatting når gjestene kjem til oss. Og dette skjer gjennom Stranda Skisenter Booking.

Forside og stort bilde t.h: RAW Reklame og Foto Kollage: Stranda Skisenter

LAYOUT OG FOTO: RAW REKLAME OG FOTOSTYLING: HILDE WENGE OG ELDRID SOGNNES KRISTOFFERSENLOCATION: CREO STRANDAFJELLET, RINGSTADSETRA

TAKK TIL LIGA HOME, LIGA KLÆR OG STRANDA BLOMSTER FOR UTLÅN AV REKVISITTAR OG KLEDE.

Page 3: Stranda Skisenter Booking
Page 4: Stranda Skisenter Booking

enkelt og trygtStranda Skisenter Booking er driven av Strandafjellet Skisenter AS, og er vårt eige tilbod til gjester på Strandafjellet. Eit aukande tal besøkande både frå Noreg, Sverige og resten av Europa gir gode inntektsmoglegheiter for eigarar av fritidsbustader på Strandafjellet. Både hytter og leilegheiter er svært attraktivt for våre gjester, som gjerne ønsker å opphalde seg i skisenteret over fleire dagar.

Gjennom Stranda Skisenter Booking kan du leige ut feriebustaden din, og vite at den blir tatt godt vare på. For det skal vere enkelt og trygt å bli utleiger på Strandafjellet. Alt du treng å gjere er å fylle ut kontrakt, så sørger vi for ei profesjonell utføring av utleigeprospektet på våre nettsider.

Fritidsbustaden vil bli marknadsført på våre nettsider www.strandafjellet.no og gjennom samarbeidspartnerar både nasjonalt og internasjonalt.

Vi brukar eit team med erfaren fotograf og stylist som sørger for at det ser innbydande og tiltalande ut å leige di hytte eller leilegheit. I tillegg administrerer vi alle aktiviteter knytt til verksemda, som salsarbeid, marknadsføring, inngåing av leigeavtalar, utlevering av nøklar, reinhald etter avreise, fakturering og betaling.

Foto: RAW Reklame og Foto

Page 5: Stranda Skisenter Booking

alt på ein stadVåre gjester ønsker å finne og ordne alt på ein stad, og det gjer dei ved å bruke Stranda Skisenter Booking.

Vi sørger for at opphaldet på Stranda Skisenter og Stranda blir ei god oppleving.

Vi organiserer og administrerer sal og booking av Stranda Skisenter sine aktivitetstilbod, i tillegg til å sørge for gode tenester og overnattingstilbod. Ved å ringe oss, eller booke direkte via www.strandafjellet.no er dei sikra god, effektiv og profesjonell service for opphaldet her.

Vår nettside har nærare 100 000 unike treff gjennom året. I tillegg har vi over 6500 følgarar på vår Facebookside. Her informerer vi om alle tilbod og nyheiter ved Stranda Skisenter og det som skjer på Stranda.

Page 6: Stranda Skisenter Booking

Foto: RAW Reklame og Foto

Page 7: Stranda Skisenter Booking

serviceStranda Skisenter er heilårsdriven og har opent kvar dag gjennom vintersesongen. Om sommaren går gondolen dagleg i heile fellesferien, ellers kvar helg.

Våre bookingmedarbeiderar er heilårstilsette ved Stranda Skisenter, er serviceinnstilte, har lokalkunnskap og lang erfaring innan reiseliv. Dei sørger for døgnservice for gjester som booker gjennom Stranda Skisenter Booking.

Vask og vedlikehald vert utført av våre eigne medarbeiderar for å sikre høg standard både med tanke på utleiger og gjester. Alle utleigeobjekt vert sluttvaska og sjekka etter kvart opphald.

Vi har også eiga vaktmesterteneste. Alt innvendig vedlike-hald i samband med utleige vert utført av oss, og ønsker du ekstratenester kan du avtale dette.

Page 8: Stranda Skisenter Booking

Foto: Kristoffer Olsson

Page 9: Stranda Skisenter Booking

Stranda Skisenter Booking marknadsfører seg i hovudsak mot familiar og vaksne personer som ønsker seg opplevinger, aktiviteter og overnatting på Strandafjellet. Aldersgrense for å booke overnatting gjennom oss er 22 år.

Etterspurnad av kurs og konferanser for firma med overnatting gir og behov for fleire sengeplasser på Strandafjellet. Dette gjeld spesielt større hytter og mindre leilegheiter som ligg saman i kompleks og i fjellandsbyer.

Har du eit spesielt ønske, behov eller førutsetnad når det gjeld utleige, kan du avtale dette med oss.

Det skal sjølvsagt og vere lønsamt å leige ut din fritids-bustad på Strandafjellet. I tillegg til å tilby ein profesjonell og påliteleg service, gjer vi det prismessig gunstig å leige ut hytter gjennom oss.

Dei fleste hyttene vert leigd ut for kortare perioder, men på førespurnad stiller vi og opp for deg som vil leige ut fritidsbustaden din på langtidsutleige.

våre gjester lønsamt

Page 10: Stranda Skisenter Booking

Vi meiner at du som utleiger skal ha nokre eigne fordeler i skisenteret, og tilbyr difor eit personleg rabattkort med 10 prosent avslag på utvalde heiskort .

Du vil og få vårt nyheitsbrev med oppdateringer og nyhende om det som skjer ved Stranda Skisenter. Ved kvar sesongstart inviterar vi våre samarbeids-partnerar til ein eigen «kick off» for sesongen.

Kvar månad betalar vi ut den inntente summen på utleige. Som eiger av objektet betaler du sjølv driftskostnader som forsikring av bygning, straum, innbu- og utstyrs-forsikring, eventuelle krav om brannsikring og brannvarsling, oppvarming, skatter og avgifter, renovasjon og TV-lisens.

Eiger er og ansvarleg for alle offentlege krav og avgifter som eventuelt vil påverke utleigeverksemda.

personlege fordeler inntening

Foto: RAW Reklame og Foto

Page 11: Stranda Skisenter Booking

For at vi skal kunne leige ut din fritidsbustad, må den vere tilgjengeleg minimum ti veker gjennom vintersesongen,og i minimum to av følgande perioder:

• Jule/Nyttårshelg• Vinterferie• Påskeferie

Du vel naturlegvis sjølv når du vil bruke eigedomen din. Du kan velge å leige den ut i faste perioder gjennom vintersesongen, eventuelt heile året, eller du kan stille den til disposisjon for utleige når du sjølv ikkje bruker den. Ein slik fleksibel avtale fordrar eit krav til varsling frå eigar til oss om eigen bruk innan onsdagen før gjestene kjem.

SommersesongenStranda Skisenter har og eit aukande tal sommergjester, og vi legg gjerne ut din fritidsbustad til utleige denne sesongen etter nærare avtale.

Vår provisjon er på 30 prosent av netto uleigebeløp.

Gjennom Stranda Skisenter Booking får du tilgang til oversikt over overnattinger og inntening av ditt objekt.Inntening på utleige er avhengig av størrelse og plassering på objektet, og kan variere noko med svingninger i marknaden. Høgsesong som påske, nyttår og jul gir høgere utleigepriser og dermed moglegheit for meir inntening. Vi formidler i utgangspunktet korttidsleige for privatpersoner, men det er mogleg å inngå avtaler for langtidsleige, eller utleigeavtaler for bedrifter gjennom oss.

førutsetnader

Page 12: Stranda Skisenter Booking

telefon: +47 70 26 02 12 e-post: [email protected] www.strandafjellet.no

Skal du bygge eiga hytte?

Då kan vårt utleigetilbod vere med å finansiere hyttedraumen

Kva skal du tenke på?

- Vel utstyr og interiør av god kvalitet- Vel kvalitetsmerke på brune- og kvitevarer

- Utleige kan gi større slitasje, så sørg for eit inventar som toler utleige.- Skal du ha seks eller fleire sengeplasser, bør du vurdere to bad, helst begge med dusj.

Ta gjerne kontakt med oss for råd og tips og meir informasjon

tips til deg som ønsker å leige ut

Foto: RAW Reklame og Foto