14
1 Sunnfjord kommune Areal og bygg REFERAT FRÅ OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING SUNNFJORD HOTELL Oppstartsmøte er halde etter initiativ frå forslagsstillar Møtestad: Sunnfjord rådhus, møterom Snønipa 5.etg Møtedato: 07.05.2020 Deltakarar frå forslagstillar: Deltakarar frå kommunen: Forslagstillar: Sunnfjord Hotell v/ Jonny Tjønn Odd Harry Strømsli Janne Kristin Bøyum Julie Daling Grunneigar/ tiltakshavar: Sunnfjord Hotell v/ Jonny Tjønn Plankonsulent: Norconsult AS v/ Johannes Henrik Myrmel Andre: Ejnar Brendsdal (ARKI) Torodd Os (ARKI) Odd Erik Gullaksen (hotelldirektør) Føremålet med møtet er å informere og drøfte planlagt innhald og vilkår i ny plan, og avgrensing av planområdet. Kommunen avklarar plansituasjonen for området, krav til ny planlegging, offentlege føresetnader, og kva som skal til for å få ein god plan og planprosess. Kommunen sine vurderingar er faglege, generelle og av førebels karakter. Naboprotestar, uttale frå offentlige mynde og politiske vedtak m.m. vil kunne bringa inn nye moment eller føra til krav om/behov for endringar i planarbeidet undervegs. Oppstartsmøtet skal avklare aktuelle tema og spørsmål, men skal ikkje avgjera viktige punkt som vert føresett opplyst om og utgreidd i vidare planprosess fram til endeleg politisk vedtak. 1. Faktadel/ Planføresetnader 1.1 Framlagt materiell Følgjande dokumentasjon er innsendt frå forslagsstillar før møtet: 1.1.1 Dokumentasjon Tingingsskjema for oppstartmøte Kart som viser planavgrensing M 1:500 Forslagsstillar si vurdering i høve KU-forskrifta 1.1.2 Dokumentasjon Oversiktskart Omtale av det planlagde prosjektet Omtale av aktuelle tema for drøfting Illustrasjonar eller liknande (frå fasade) Anna, spesifiser 1.2 Omtale av planområdet Føremål med planen/kort omtale av ønska tiltak:

Sunnfjord kommune Areal og bygg · og hotelldrifta. Føremål (er areal og lokalisering eigna for føremålet?) Meir nyansert plan enn den som er vedlagt tingingsskjemaet. Etterlyser

  • Upload
    others

  • View
    4

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Sunnfjord kommune Areal og bygg · og hotelldrifta. Føremål (er areal og lokalisering eigna for føremålet?) Meir nyansert plan enn den som er vedlagt tingingsskjemaet. Etterlyser

1

Sunnfjord kommune Areal og bygg

REFERAT FRÅ OPPSTARTSMØTE DETALJREGULERING SUNNFJORD HOTELL

Oppstartsmøte er halde etter initiativ frå forslagsstillar

Møtestad: Sunnfjord rådhus, møterom Snønipa

5.etg

Møtedato: 07.05.2020

Deltakarar frå forslagstillar: Deltakarar frå kommunen:

Forslagstillar: Sunnfjord Hotell v/ Jonny Tjønn Odd Harry Strømsli Janne Kristin Bøyum Julie Daling

Grunneigar/

tiltakshavar:

Sunnfjord Hotell v/ Jonny Tjønn

Plankonsulent: Norconsult AS v/ Johannes Henrik

Myrmel

Andre: Ejnar Brendsdal (ARKI) Torodd Os (ARKI) Odd Erik Gullaksen (hotelldirektør)

Føremålet med møtet er å informere og drøfte planlagt innhald og vilkår i ny plan, og

avgrensing av planområdet. Kommunen avklarar plansituasjonen for området, krav til ny

planlegging, offentlege føresetnader, og kva som skal til for å få ein god plan og planprosess.

Kommunen sine vurderingar er faglege, generelle og av førebels karakter. Naboprotestar,

uttale frå offentlige mynde og politiske vedtak m.m. vil kunne bringa inn nye moment eller

føra til krav om/behov for endringar i planarbeidet undervegs. Oppstartsmøtet skal avklare

aktuelle tema og spørsmål, men skal ikkje avgjera viktige punkt som vert føresett opplyst om

og utgreidd i vidare planprosess fram til endeleg politisk vedtak.

1. Faktadel/ Planføresetnader

1.1 Framlagt materiell

Følgjande dokumentasjon er innsendt frå forslagsstillar før møtet:

1.1.1 Dokumentasjon

☒ Tingingsskjema for oppstartmøte

☒ Kart som viser planavgrensing M 1:500

☒ Forslagsstillar si vurdering i høve KU-forskrifta

1.1.2 Dokumentasjon

☒ Oversiktskart

☒ Omtale av det planlagde prosjektet

☒ Omtale av aktuelle tema for drøfting

☒ Illustrasjonar eller liknande (frå fasade)

☐ Anna, spesifiser

1.2 Omtale av planområdet

Føremål med planen/kort omtale av ønska tiltak:

Page 2: Sunnfjord kommune Areal og bygg · og hotelldrifta. Føremål (er areal og lokalisering eigna for føremålet?) Meir nyansert plan enn den som er vedlagt tingingsskjemaet. Etterlyser

2

Det skal utarbeidast detaljreguleringsplan som legg rammene for betring av konferansefasilitetane og påbygg på rom-fløyen samt fasadeendring og etablering av reklameinnretning mot veg Storehagen.

Storleik på planområdet:

ca. daa: 18,1 + utviding til senter fylkesveg.

Eksisterande arealbruk (t.d. bygningar, landbruk, friluftsområde, naturområde):

Sentrumsføremål

1.3 Plansituasjonen/gjeldande planar i området

Arealdel til kommuneplanen gjeld for området med omsynssone og føresegnsområde

Gjeldande reguleringsplan: Uregulert

Tilliggande reguleringsplan: Langebruvegen 15 og 17 (Apotekargarden),

Langebruvegen 23 og 25, Firda Billag (uregulert), og tiltak 9 og 12 i Førdepakken,

Indre Øyrane frå 1995 og områdeplan Indre Øyrane

Planen vil erstatta delar av følgjande planar: Områderegulering Indre Øyrane frå

2005. Planområdet vil delvis overlappe reguleringsplan for Indre Øyrane (planid.:

1432 20190014). Overlappinga vil femne om sidearealet til regulert og opparbeidd

gang-/sykkelveg. I tillegg vil den overlappe mindre del av reguleringsplan Indre

Øyrane (planid.: 1432 20030004) som vart vedteken den 29. september 2005 i sak

042/05. Overlappinga vil femne om del av området FH som er sett av til

friområde/hotell.

Figur 1: Oversikt over omkringliggande reguleringsplanar, omsynssoner og føresegnsområde i kommuneplanens arealdel 2019-2030

1.4 Tilhøve til gjeldande planar

☒ Planarbeidet er i samsvar med gjeldande plangrunnlag

☐ Planarbeidet er i strid med gjeldande plangrunnlag på følgjande punkt.

Page 3: Sunnfjord kommune Areal og bygg · og hotelldrifta. Føremål (er areal og lokalisering eigna for føremålet?) Meir nyansert plan enn den som er vedlagt tingingsskjemaet. Etterlyser

3

1.5 Pågåande planarbeid i nærleiken

☐ Det føregår ikkje planarbeid i området etter det kommunen kjenner til.

☒ Det føregår følgjande planarbeid i området: Førdepakken tiltak 9, Handelshuset 1.

1.6 Planprogram og konsekvensutgreiing

Utløyser planen krav om planprogram og konsekvensutgreiing?

☐ ja, jmf. §§: 6, 7 og 8 i forskrift om konsekvensutgreiing.

Grunngjeving: .

☒ nei

Dersom planen utløyser krav om planprogram og KU, skal forslag til planprogram og

utgreiingsprogram liggje føre når det vert meldt oppstart av planarbeid. Planprogrammet skal

sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn samstundes med oppstartsmeldinga.

1.7 Kan kommunen rå til oppstart?

☒ Det kan meldast oppstart av planarbeid.

☐ Melding om oppstart av planarbeid kan ikkje skje før søknad om oppstart av

planarbeid med grunngjeving er sendt inn og spørsmålet om igangsetjing deretter har

vore lagt fram for politisk handsaming.

☐ Det vert ikkje rådd til oppstart av planarbeid, jf. pbl § 12-8, 2. ledd, fordi: Klikk her for å

skrive inn tekst.

Forslagsstillar kan krevje planinitiativet førelagt bystyret til endeleg avgjersle.

1.8 Plantype

☒ Planen skal utarbeidast som detaljregulering, jf. § 12-3.

☐ Planen skal utarbeidast som områderegulering, jf. §12-2. (kommunen har ansvar for

gjennomføring av planarbeidet, ev. kan det inngåast avtale med private om å stå for

heile eller deler av det planfaglege arbeidet innafor dei rammer kommunen

bestemmer, og dekke kostnadene ved dette heilt eller delvis).

1.9 Drøfting i møte

Planavgrensing: tiltak på Sunnfjord hotell-tomta må ikkje vanskeleggjere framtidig

utvikling/transformering på Firda billag-tomta. Viktig å følgje opp gang/sykkelveg-

samanhengen frå ny vgs på Øyrane over Løken og fram til rutebilstasjonen. Framlegg til ny

trasè langs volleyballbana og langs administrasjonsbygget til Firda Billag. (om det skal vere

ei midlertidig eller varig løysing tek kommunen stilling til seinare) Sunnfjord kommune tek

initiativ til dialog med Firda Billag for å avklare utviding av plangrense mot vest.

Infrastrukturen må vere regulert for å skaffe heimel til å bygge gang/sykkel-veg fram til ny

kvartalstruktur ev er på plass.

Konklusjon: Konsulenten må avvente varsling av oppstart til kommunen har hatt møte med

Firda billag. Vi vart samde om å av planavgrensing til midt veg, fram til tiltak 9 er landa. I aust

vert plangrensa lagt kant i kant mot reguleringsgrense for Langebruvegen 15 og 17.

Kva er planane for den delen som i dag er sett til Hotellpark? Forslagsstillar svarar dei vil

vidareføre bruken slik den er i dag med inngjerda hotellpark p.g.a utandørs basseng.

Kommunen seier det er ønskeleg med grøntareal/ ansikt mot Løken/ offentleg tilgjenge. Kan

Page 4: Sunnfjord kommune Areal og bygg · og hotelldrifta. Føremål (er areal og lokalisering eigna for føremålet?) Meir nyansert plan enn den som er vedlagt tingingsskjemaet. Etterlyser

4

gjerdet flyttast inn slik at ein får ei mjukare overgang mot den offentlege gs-vegen? Opne

opp med benkar og grøntstruktur mot Løken. Semi-offentleg også i nord?

Parkering innafor området Kan turistbussane og bandbussane stå på Firda Billag? Dette

er privatrettsleg. Har i dag 250 parkeringsplassar. Hotellet legg i dag opp til å ha parkering av

bussar påområdet

Meir detaljar innafor plangrensa – kommunen ønsker at formåla skal nyanserast og at ein

regulerer inn grøntstruktur og parkering. PlankonsulentMyrmel meiner at funksjonssoner med

bryggegrense og byggelinjer er eit anna alternativ.

Kommunen foretrekk at det vert sett inn ein grøn buffer mot vest.

Gangveg frå Indre Øyrane til skysstasjon Firda billag Strømsli forklarar kommunens

synspunkt at det kan vere teneleg for alle partar med ein gjennomgang her. Dette er eit

offentleg tiltak.

Felles avkøyrsle med Firda billag: samkøyre med Førdepakken.

NB: Innkøyring bussar inn framfor og rundt bygget til vaskeplass nord for hotellet. Dette er

meint som eit innspe for å løfte inntrykket av Sunnfjord Hotell mot nord, ettersom denne

siden er meir synleg no enn tidlegare. Kunne det vore tenkt sambruk med Firda Billag for

vaskeplassar? Ønskjer ikkje lagring i sentrum. Ingen bakside. Ny Langebruveg vil auke

ekponeringa frå nord.

Førdepakken

Uteområdet

Frå Norconsult:

Viktige tema for møte med kommunen (henta frå tingingsskjema): • K-plan status og viktige føringar som særskilt må ivaretakast: sjå fig.1 Gjennomføringssone H810_6 og Føresegnsområde #1. • Tiltaka som planen skal legge til rette for: Området manglar ein reguleringsplan. Noverande bruk av Sunnfjordsalen, auke rom frå 200 til 250. Fasadeendring, Sunnfjordsalen er av kommunen vurdert til å vere eit mindre tiltak. Søknadspliktig tiltak som også utløyser regulering. • Tilpassing til sentrums-/bybildet • Avgrensing av planområdet: Plangrensa går inntil planområdet for Langebruvegen15-17 • Reklame: Skal vere ein digital utvendig skjerm for informasjon. Må ha ei føresegn som opnar for ei informasjonstavle/ skilt, der det vert opna for avvik frå skiltnorma.. • Tilgjenge/tilkomst/parkering: Planomtalen skal ta for seg dette og gjere ei sporing på buss/varebilar si innkøyring frå Langebruvegen 15. • Grensesnittet mot tiltak 9 i Førdepakken: Hadde ei drøfting for å avklare kva som er Førdepakken og Sunnfjord Hotell sitt ansvar i grensesnittet mellom dei to planane. Konkluderte med midtlinje veg for eksisterande veg. • Behov for utgreiingar: ROS- stormflo og to gasstankar innanfor området.

Page 5: Sunnfjord kommune Areal og bygg · og hotelldrifta. Føremål (er areal og lokalisering eigna for føremålet?) Meir nyansert plan enn den som er vedlagt tingingsskjemaet. Etterlyser

5

VAO – VA er løyst. Overflatevatn som del av planomtalen. Ny norm for parkering. Kor mange sykkel-parkeringar? Hotellet har i dag 4-5 lånesyklar. Illustrasjon bør vise sykkelparkering, denne bør ligge nær inngang. Ha med føresegn om sykkelparkering. Myndigheit er tydelege mot naturmangfald, sikre dette. ved å vurdere dei miljørettslege prinsippa i naturmangfaldslova. Illustrasjonar i 3D og sol/skygge kjem som vedlegg til planomtalen Plankonsulent meinar støysone ikkje er tema. Framdrift: planframlegg i august. Stram framdrift. Regionale mynde tydelege på naturmangfald. Rekkefølgekrav om tiltak for å betre gjenomstrøyminga i Løken.

Page 6: Sunnfjord kommune Areal og bygg · og hotelldrifta. Føremål (er areal og lokalisering eigna for føremålet?) Meir nyansert plan enn den som er vedlagt tingingsskjemaet. Etterlyser

6

2. Viktige tema for utgreiing i planarbeidet

Viktige tema som føreset særskild utgreiing/vurdering av forslagsstiller.

Det vert m.a. vist til kommuneplanen sin arealdel § 1.8.

Med fokus på tema der kommunen har konkrete krav eller anbefalingar, er skeptisk eller

tema som krev utgreiingar eller avklaringar.

Generelt

Generelle vurderingar (hovudinntrykk av planarbeidet) Kommunen er særs positiv til at det vert sett i gang regulering på uregulert areal. Tiltak i føreslått plan er positivt for byutvikling og hotelldrifta.

Føremål (er areal og lokalisering eigna for føremålet?) Meir nyansert plan enn den som er vedlagt tingingsskjemaet. Etterlyser grønstruktur, parkering, bygg. Sjå punkta i 1.9

Planområdet

Generelle vurderingar (framtidig utvikling av området, infrastruktur, grønnstruktur, senterområde, områderegulering) NB! Grensesnittet av Førdepakken Trafikkvurdering av nye avkøyringar Sjå punkta i 1.9

Alternativ (tilkomst, føremål, bygnadsstruktur, lokalisering) Avkøyring i samsvar med Førdepakken

Bygnad og bygnadsstruktur

Aktuelt Merknad

Ja Nei

Bygnad og byform (Er utforming og byggehøgder i høve terreng og landskap vurdert? Høgdedrag og landskapssilhuettar, Råd: Om ein ønskjer detaljerte føresegner knytt til takvinkel, storleik, utsjånad, høgde og liknande. bør desse ta høgde for framtidige endringar

☒ ☐

Arkitektur, estetikk og kvalitet (form, struktur, funksjon, uttrykk, tilhøvet til staden, landskapet og strøkskarakteren)

☒ ☐ Takform og bruk av desse. Ein lett takkonstruksjon av stål, ikkje til bruk Kommunen ga innspel om å vurdere grøne tak. Sjå info om dette her: https://isodren.no/aktuelt/sedumtak/ Det vert mogleg eit krav i ny kommuneplan.

Bygnadsstruktur

☒ ☐

Fjernverknad, nærverknad (plassering i terreng, terrengformasjonar)

☒ ☐

Utnyttingsgrad (type, volum, eksisterande nærområdet)

☒ ☐

Terreng ☐ ☒

Page 7: Sunnfjord kommune Areal og bygg · og hotelldrifta. Føremål (er areal og lokalisering eigna for føremålet?) Meir nyansert plan enn den som er vedlagt tingingsskjemaet. Etterlyser

7

(Vurdering av bygnad i høve eksisterande terreng, endring av terreng, verknad)

Lokalklima (vind, sol, terrengdrag)

☒ ☐ Kjem som vedlegg til planomtalen

Energiløysingar (energiforsyning –fjernvarme, vassboren varme, fornybar energi, passivhus, plusshus, takform, plassering/klima)

☒ ☐ Fjernvarme

Bruksføremål

Aktuelt Merknad

Ja Nei

Bustader/fritidsbustader

☐ ☒

Næring/handel/kontor ☒ ☐

Kollektivknutepunkt ☒ ☐ Vurdere tilkomst til buss

Grønstruktur og landskap

Aktuelt Merknad

Ja Nei

Landbruk (areal i drift, kjerneområde, potensial, omdisponering, arealtap, konfliktar)

☐ ☒

Biologisk mangfald (skal kommenterast i alle saker, jf. naturmangfaldlova)

☒ ☐ Framande artar som t.d parkslirekne må registerast og ev. tiltak. Vurdes mot områdeplan Indre Øyrane jmf skjøtselsplan Løken

Grønstruktur (samanhengande soner til eksisterande grønstruktur, sjø og vassdrag)

☒ ☐

Friluftsliv (verdi, dagens bruk, potensial, stiar, grønkorridor)

☒ ☐

Landskap (naturlandskap, hovuddrag, fjernverknad)

☒ ☐ Plassering i bybildet

Terrengbehandling og massebalanse

☐ ☒

Uteopphaldsareal (felles, privat, mengde, areal, kvalitet, plassering i feltet)

☒ ☐ Må omtalast i planomtale

Samferdsle

Aktuelt Merknad

Ja Nei

Trafikk (type trafikk, veg-/gatestandard, kryss, tilkomst, stigning, tilgjenge til kollektivtransport, byggegrense)

☒ ☐ Vert ivareteke gjennom Førdepakken tiltak 9 og 12

Page 8: Sunnfjord kommune Areal og bygg · og hotelldrifta. Føremål (er areal og lokalisering eigna for føremålet?) Meir nyansert plan enn den som er vedlagt tingingsskjemaet. Etterlyser

8

Trafikktryggleik (skule/barnehage, leike-/opphaldsareal, busshaldeplass, servicefunksjonar, utrykkingskøyretøy)

☒ ☐ Gjennomgang på evt ny gang og sykkelveg i grensa mellom Sunnfjord hotell og Firda Billag. Leike og opphaldsareal for hotellets gjester

Parkering (behov, kommunal norm, kantparkering, soneparkering, kommunale parkeringskrav)

☒ ☐

Fortau, gang- og sykkeltrafikk (skuleveg, snarvegar, tverrsnitt, sykkelparkering)

☒ ☐

Kollektivtrafikk (avstand, busslommer, tilgjenge for alle)

☒ ☐

Born og unge

Aktuelt Merknad

Ja Nei

Skule og barnehage (tiltakets verknad på kapasitet)

☐ ☒

Born og unges interesser (barnetråkk, dagens bruk, potensial, erstatningsareal) (NB! skal kommenterast i alle saker)

☒ ☐

Leike- og opphaldsareal (storleik, type, kvalitet, trafikktryggleik, tilgjenge for alle, årstider, rekkjefølgjekrav)

☒ ☐ Hotellet har privat fellesareal for gjester og er eit aktivitetshotell

Verneverdige kulturminne

Aktuelt Merknad

Ja Nei

Kulturminne (enkeltobjekt, bygningar, anlegg, steingard, vegfar, teknisk, industrielt, automatisk freda, SEFRAK)

☒ ☐

Kulturmiljø (der kulturminne inngår i ein større heilskap, bygningsmiljø)

☒ ☐

Kulturlandskap

☐ ☒

Risiko og sårbarheit

Aktuelt Merknad

Ja Nei

Risiko og sårbarheit (jf. DSB sin rettleiar) ☒ ☐

Forureining (luft, grunn, vatn)(gjeldande forskrifter må leggjast til grunn)

☐ ☒ Er teke ut som ROS-tema i nasjonal rettleiing, men skal handterast i planomtalen.

Støy (Jf. T-1442, sone, type, skjerming)

☒ ☐ Analyse med ev. framlegg til tiltak for ytre og indre støy skal ligge ved planframlegget. Må ha ei føresegn som omhandlar støy. Kommunen og plankonsulent er ueinige om kor vidt dette er naudsynt.

Geotekniske tilhøve (ras, skred, fundamentering)

☒ ☐

Flaum ☒ ☐

Page 9: Sunnfjord kommune Areal og bygg · og hotelldrifta. Føremål (er areal og lokalisering eigna for føremålet?) Meir nyansert plan enn den som er vedlagt tingingsskjemaet. Etterlyser

9

(lavtliggande område, elv /bekkefar)

Lokalklima (vind, sol/lys, nedbør)

☒ ☐

Samfunnstryggleik (Eksplosjonsfare, farlig stoff, elektromagnetisk felt, ulykke, utrykking)

☒ ☐

Brann (tilkomst, stigebil m.m.)

☒ ☐ Frå brannvesenet si side blir ein førebels attendemelding retta mot branntekniske krav som:

Tilkomst for brannbil/brannlift.

Tilgang til sløkkjevatn/stigeleidning opp til plan 4.

RømningRømming frå Sunnfjordsalen på plan 4 (kva med HC-rørslehemma).

Nærmiljø

Aktuelt Merknad

Ja Nei

Nabotilhøve (sol, utsikt, innsyn, støy)

☒ ☐ Kontekstanalyse for ekstra etasje på romfløyen. Vurderer ikkje store konsekvensar for utsikt, sol og skygge for Langebruvegen 15 og 17 og dei andre bustadblokkene i Langebruvegen. Viser til TEK 17 §. Dette vert formilda til eigedomsutviklarane for Apotekargarden.

Levekår (storleik på leiligheiter, bukvalitet, minimumsløysingar, avbøtande tiltak)

☐ ☒

Tilføre nærmiljøet nye / betre kvalitetar (mangelfulle kvalitetar, grønnstruktur, gang- og sykkeltilknyting, støyskjerming, trafikksikkerheit)

☒ ☐

Bygge- og anleggsperioden (støy, trafikksikkerheit, riggområde)

☒ ☐

Helse

Aktuelt Merknad

Ja Nei

Universell utforming (Stigning, tilpassa bueiningar)(krava i TEK17 og Norsk standard gjeld)

☒ ☐

Kriminalitetsførebyggande omsyn (potensielle gjerningsstader, lyssetjing, oversiktlege og inkluderande bumiljø,)

☒ ☐

Folkehelse (beskytte mot risikofaktorar og fremme faktorar som verkar positivt på helse og livskvalitet, motverke helseskilnader)

☒ ☐ Benkar i grøntareal

Page 10: Sunnfjord kommune Areal og bygg · og hotelldrifta. Føremål (er areal og lokalisering eigna for føremålet?) Meir nyansert plan enn den som er vedlagt tingingsskjemaet. Etterlyser

10

Sjø og vassdrag

Aktuelt Merknad

Ja Nei

Vassdrag (byggegrense, bekk/elv, nedslagsfelt, 100-m belte, økologisk tilstand )

☒ ☐ Skjøtselsplan for Løken. Konsekvensane avklart i OR-plan for

Indre Øyrane. Tiltak (muddring av Løken i vest mot Jølstra) i OR-plan for Indre Øyrane må følgjast opp i planframlegget. Planen reiser ikkje nye vesentlege utfordringar i høve naturmangfald/vassdrag

Sjø (byggegrense, naust, hamn, økologisk tilstand)

☐ ☒

Sjøfront (offentleg tilgang, minimum byggehøgde)

☐ ☒

Status i vassdirektivet (vassresurslova)

☒ ☐ Sjå punktet ovanfor om vassdrag

Kommunaltekniske anlegg

Aktuelt Merknad

Ja Nei

Vatn og avløp, (kommunen sin VA-norm, forskrift om utslepp frå mindre avlaupsanlegg, forureiningsforskrifta, kapasitet på eksisterande anlegg, uttale frå VA-etaten, utbyggingsavtale)

☒ ☐ Overvatn reknast i høve prognosar som for Sandsli med 40% klimapåslag og med 200-års gjentaksintervall. Krav til VAO-rammeplan før off.ettersyn

Overvasshandtering (handtering av overvatn)

☒ ☐ Lokal forskrift, overvatn leiast til kommunal leidningsnett. Ikkje infiltrasjon.

Renovasjon (areal, teknisk løysing, lokalisering)

☒ ☐

Kommunal overtaking tekniske anlegg ☐ ☒

Sløkkjevatn (utstyr)

☒ ☐

Reguleringsføresegner

Aktuelt Merknad Ja Nei

Rekkefølgjekrav (aktuelle, sannsynlege)

☒ ☐ Felles tilkomstveg med Firda Billag vert ivareteke i planen til Førdepakken.

Utmudring av Løken.

Utbyggingsavtalar (pågåande arbeid)

☒ ☐ Eventuell utbyggingsavtale kjem som konsekvens av rekkefølgekrav. Gang/sykkelveg i vest

Økonomiske konsekvensar for kommunen (bygging og drift av vegar, VA-anlegg, skular, barnehagar, uterom, leikeareal)

Page 11: Sunnfjord kommune Areal og bygg · og hotelldrifta. Føremål (er areal og lokalisering eigna for føremålet?) Meir nyansert plan enn den som er vedlagt tingingsskjemaet. Etterlyser

11

Kart

Aktuelt Merknad

Ja Nei

Kartgrunnlag (koter, eigedomsgrenser, bygnad)

☒ ☐

Eigedomstilhøve (uklare grenser, eigartilhøve, kartforretning)

☒ ☐ Tinglyste grunneigarar Guttorm og Torbjørn Berqvam? Sunnfjord hotell festar tomt av grunneigarane.

Planavgrensing (tilgrensande planar, vegar, vegkryss, ubebygde tomter, heile delområde)

☒ ☐

Prosess

Aktuelt Merknad

Ja Nei

Behov for tiltak utover lovens minstekrav (høyringsinstansar, interessegrupper, infomøte eller annan medverknad)

☒ ☐ Aktuelle lag og organisasjonar. Kommunen tingar møte med Firda Billag i høve gang/sykkelveg i vest.

Undervegsmøte

☒ ☐ Ved behov frå ein av partane

Parallell sakshandsaming (jf. pbl §§ 1-7, 12-15 og 21-4)

☒ ☐ Ja, Sunnfjordsalen vert truleg sett i gang i næraste framtid

Page 12: Sunnfjord kommune Areal og bygg · og hotelldrifta. Føremål (er areal og lokalisering eigna for føremålet?) Meir nyansert plan enn den som er vedlagt tingingsskjemaet. Etterlyser

12

3. Varsel om oppstart av reguleringsarbeid

☒ Forslagstillar er gjort kjend med at forslag til plangrense, gjeldande SOSI format, skal

sendast til kommunen for kontroll og ev. justering før melding om oppstart.

Varselet skal innehalde:

Oversiktskart der planområdet er markert (jf. pbl §12-8 siste ledd)

Kart 1:1000 – 1:5000 med planavgrensing

Kort orientering om eksisterande og framtidig planstatus og føremål med planen

Referat frå oppstartsmøte

Varsling om ev. parallell handsaming av rammesøknad (jf. pbl § 1-7, føresett at

planen er i samsvar med overordna plan)

Ved planframlegg med krav til konsekvensutgreiing skal planprogrammet leggjast

ut til høyring samstundes med varsling av oppstart av planarbeid

4. Krav til innlevert planforslag – innhald og materiale

☒ Plankart, jf. ”forskrift om kart, stadfesta informasjon, arealplan og digitalt planregister”,

01.07.09, § 9, nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister.

I tillegg til nytt plankart skal det også vere eit vedlegg som viser nytt planframlegg i

høve gjeldande reguleringsplanar som grensar til området.

☒ Reguleringsføresegner (jf. pbl § 12-7 (uttømmande)). Leverast i word- og pdf-format.

☒ Planomtale (jf. pbl § 4-2, skal omtale planen sitt føremål, hovudinnhald og verknader,

samt planen i høve rammer og retningslinjer som gjelder for området).

☒ Samfunnstryggleik og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse), jf. pbl § 4-3.

Analysen skal vise alle risiko- og sårbarheitstilhøve som har betydning for om arealet

er eigna til utbyggingsføremål, og ev. endringar i slike tilhøve som følgje av planlagt

utbygging. Sjå DSB sin rettleiar om «Samfunnsikkerhet i arealplanlegging» og NS

5814 1 «Krav til risikoanalyser».

☒ Innkomne merknader og uttalar (med notat som oppsummerer og kommenterer

desse. Skal inngå som ein del av planomtalen).

☒ Rammesøknad (dersom samtidig handsaming av plan- og byggesak jf. pbl § 1-7).

☒ Ev. illustrasjonar (terrengmodellar, 3D-illustrasjonar, landskapsanalysar,

perspektiv/fotomontasjar m.m.).

☒ Kopi av varselbrev og annonsetekst

☒ Viktige tema for denne planen, jf. kap. 2 i referatet.

I utgangspunktet skal alle tema vere med i planomtalen. Dette for å synleggjere kva

tema som vert sjekka ut som ikkje relevante og kva tema som er relevante og

dermed må følgjast opp vidare i plankart og føresegner

Page 13: Sunnfjord kommune Areal og bygg · og hotelldrifta. Føremål (er areal og lokalisering eigna for føremålet?) Meir nyansert plan enn den som er vedlagt tingingsskjemaet. Etterlyser

13

5. Vidare framdrift

☒ Tiltaket utløyser krav om utbyggingsavtale. Skal avklarast slik: Eventuell

utbyggingsavtale kjem som konsekvens av rekkefølgekrav. Gang/sykkelveg i vest

☒ Avgrensing av området er gjennomgått. Kommunen si tilråding: Utvide noko mot aust

slik at ein tilrettelegg for gang/sykkelveg mot Firda Billag

☒ Ev. revidert planavgrensing skal sendast kommunen etter oppstartsmøtet.

☒ Forslag til namn på planen skal sendast den kommunen etter oppstartsmøte, og

kommunen tildelar planident.

Detaljreguleringsplan Sunnfjord Hotell, planid 464720200028

☐ Forslag til namn på vegparseller skal sendast kommunen etter oppstartsmøte for

handsaming etter lokal adresseforskrift.

☐ Det er ikkje tilfredstillande kartgrunnlag i området og forslagsstillar må sørgje for å

utarbeide naudsynt kartgrunnlag tilpassa planen før planforslaget kan utarbeidast

(høgdekoter, bygningar m.m.)

☒ Plangrensa skal følgje heile/deler av oppmålte eigedomsgrenser. Eksisterer ikkje

oppmålte eigedomsgrenser, skal forslagstillar så langt det er naudsynt sørgje for å

klårleggje desse i samråd med naboar.

☒ Forslagstillar er gjort kjend med rettsvirking i pbl sin § 12-4 der det heiter:

«Er bygge- og anleggstiltak som hjemles i plan fremmet med bakgrunn i privat

reguleringsforslag etter § 12-11, ikke satt i gang senest ti år etter at planen er vedtatt,

skal kommunen før avgjørelse av byggesøknad for nye utbyggingsområder etter

planen, påse at planen i nødvendig grad er oppdatert. Tiltakshaver er ansvarlig for å

skaffe nødvendige opplysninger og dokumentasjon for kommunens vurdering.»

☒ Det er ønskeleg med «undervegsmøte» kor ev. innkomne merknader og uttalar, og

forslagsstillar sine førebelse skisser og framlegg vert gjennomgått.

☒ Det er informert om gebyrregulativ for handsaming av reguleringsplanar og

konsekvensutgreiing.

Gebyret skal sendast til følgjande adresse:

Namn/firma: Sunnfjord Hotell AS

Ev. kontaktperson: Jonny Tjønn

Adresse: Postboks 158

Postnr./Postadresse: 6801 Førde

☒ Kartdata må tingast av forslagsstillar. Naboliste og liste over offentlege

høyringsinstansar kan tingast hjå kommunen (adresseliste).

Planforslag og annan dokumentasjon skal sendast kommunen på denne

adressa:

E-postadresse: [email protected]

Postadresse: Sunnfjord kommune, Areal og byggesak, Postboks 338, 6802 Førde

☒ Framdriftsplan

Overordna framdriftsplan

Page 14: Sunnfjord kommune Areal og bygg · og hotelldrifta. Føremål (er areal og lokalisering eigna for føremålet?) Meir nyansert plan enn den som er vedlagt tingingsskjemaet. Etterlyser

14

☒ Stadfesting

Informasjon frå kommunen er gjeve så langt det er mogleg på grunnlag av

tilgjengeleg informasjon under oppstartsmøtet. Korkje oppstartsmøtet eller referatet

gjev rettar i den seinare sakshandsaminga. Krav frå andre offentlege mynde,

nabokonfliktar m.v. vil kunna føra til endra planføresetnader.

Stad og dato: Førde 07.05.2020

For kommunen: Janne Kristin Bøyum