4
FEHN-DAGEN Den 14. august ville Sverre Fehn blitt 85 år. Då han døydde i vår, lova Ivar Aasen-tunet at vi kvart år skal heidre verket hans på hans eigen dag. Difor inviterer vi arkitektar, hus- eigarar og husbyggjarar til foredrag og samtalar om det å snakke om arkitektur. Høgdepunktet: Sverre Fehns nære medarbeidar Henrik Hille viser rundt i hovudbygningen. Han kjem nok til å fortelje litt av kvart som dei færraste veit. UNG ARENA Ivar Aasen-tunet gjer det vi kan for at unge talent frå Nord- vestlandet skal få møte publikum på ein profesjonell arena. Eitt av tiltaka er Ung arena som vi inviterer til for tredje året på rad. Både salen og utescena står til rådvelde for kunst- narar som kan vere sentrale i norsk kulturliv om ti eller tjue år. Sann våre ord: Ein forfattar som var med i or, fekk seinare same året Tarjei Vesaas’ debutantpris. NAPOLEON I TUNET 250-årsjubileet til boktrykkjaren, bibliotekaren, bonden Sivert Aarflot frå Ørsta blir markert på fleire måtar i Ivar Aasen-tunet. Det første han trykte, var eit flygeblad om Napoleon Bonaparte sommaren 1809. Det sjeldne trykket ligg utstilt i Aasen-tunet og berre ventar på å bli sett. GODE, GAMLE BUSSEN Søndag 12. juli kan det vere kva vêr det vil. Då putrar gamle, velstelte veteranbussar frå Fjord1 Buss Møre frå Volda og Ørsta og opp i tunet. Der fortel Gaute Losnegård om norsk rutebilhistorie og kallar fram dei rare kultur- minna så mange ber på frå gode, gamle bussen. Tunkatten Lurivar er som andre kattar: Han vil bestemme sjølv og er sjeldan der vi vil han skal vere. Tunkatten Lurivar er likevel ingen vanleg katt: Han elskar ord og vil gjerne formidle ordrikdomen sin til fleire. Under Festspela kan born og andre leikne sjeler møte tunkatten torsdag 25. og laurdag 27. juni, og heile sommaren byd vi på eigne omvi- singar med Lurivar kvar tysdag og fredag. Nettstaden www. tunkatten.no tek heller ikkje sommarferie. Aldri godt å vite kva som kan dukke opp der. Måndag 15. juni opna han også sitt eige sommarbibliotek med barnebøker på Høgetua, ein idé som berre ein tunkatt kan få. NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 11. ÅRGANGEN LURIVAR I HEILE SOMMAR 2/2009 Språkrådet har spurt, og publikum har talt: Tre av fire meiner det er blitt kulare å syngje på norsk. Mest over- raska over svaret er alle radiostasjonane og festival- arrangørane som ikkje gir publikum det dei vil ha.

Symra 2/2009

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Nyhendenotisar og oversikt over arrangement i Ivar Aasen-tunet.

Citation preview

Page 1: Symra 2/2009

FEHN-DAGENDen 14. august ville Sverre Fehn blitt 85 år. Då han døydde i vår, lova Ivar Aasen-tunet at vi kvart år skal heidre verket hans på hans eigen dag. Difor inviterer vi arkitektar, hus-eigarar og husbyggjarar til foredrag og samtalar om det å snakke om arkitektur. Høgdepunktet: Sverre Fehns nære medarbeidar Henrik Hille viser rundt i hovudbygningen. Han kjem nok til å fortelje litt av kvart som dei færraste veit.

UNG ARENAIvar Aasen-tunet gjer det vi kan for at unge talent frå Nord-vestlandet skal få møte publikum på ein profesjonell arena. Eitt av tiltaka er Ung arena som vi inviterer til for tredje året på rad. Både salen og utescena står til rådvelde for kunst-narar som kan vere sentrale i norsk kulturliv om ti eller tjue år. Sann våre ord: Ein forfattar som var med i fjor, fekk seinare same året Tarjei Vesaas’ debutantpris.

NAPOLEON I TUNET250-årsjubileet til boktrykkjaren, bibliotekaren, bonden Sivert Aarflot frå Ørsta blir markert på fleire måtar i Ivar Aasen-tunet. Det første han trykte, var eit flygeblad om Napoleon Bonaparte sommaren 1809. Det sjeldne trykket ligg utstilt i Aasen-tunet og berre ventar på å bli sett.

GODE, GAMLE BUSSENSøndag 12. juli kan det vere kva vêr det vil. Då putrar gamle, velstelte veteranbussar frå Fjord1 Buss Møre frå Volda og Ørsta og opp i tunet. Der fortel Gaute Losnegård om norsk rutebilhistorie og kallar fram dei rare kultur- minna så mange ber på frå gode, gamle bussen.

Tunkatten Lurivar er som andre kattar: Han vil bestemme sjølv og er sjeldan der vi vil han skal vere. Tunkatten Lurivar er likevel ingen vanleg katt: Han elskar ord og vil gjerne formidle ordrikdomen sin til fleire. Under Festspela kan born og andre leikne sjeler møte tunkatten torsdag 25. og laurdag 27. juni, og heile sommaren byd vi på eigne omvi-singar med Lurivar kvar tysdag og fredag. Nettstaden www.tunkatten.no tek heller ikkje sommarferie. Aldri godt å vite kva som kan dukke opp der. Måndag 15. juni opna han også sitt eige sommarbibliotek med barnebøker på Høgetua, ein idé som berre ein tunkatt kan få.

NYTT FRÅ IVAR AASEN-TUNET 11. ÅRGANGEN

LURIVAR I HEILE SOMMAR

2/2009

Språkrådet har spurt, og publikum har talt: Tre av fire meiner det er blitt kulare å syngje på norsk. Mest over-raska over svaret er alle radiostasjonane og festival- arrangørane som ikkje gir publikum det dei vil ha.

Page 2: Symra 2/2009

ONSDAG 24. JUNI TIL SØNDAG 28. JUNI Ivar Aasen-tunet og på 16 andre scener i Ørsta og VoldaDei nynorske festspela 2009Festspelpass kr 1200

SØNDAG 5. JULI 16.00–17.00 Ivar Aasen-tunetUng arenaKr 100 vaksne / 50 barn, skuleelevar og studentar / 200 familie

SØNDAG 12. JULI14.00 Volda – Ørsta – Ivar Aasen-tunetKlar og køyr!Ta turen med veteranbuss frå Fjord 1 Buss Møre frå Volda og Ørsta, med sjåfør og billettør i gamle uniformer. Turen endar i tunet der den aller nyaste bussen alt er på plass.16.00 Salen, Ivar Aasen-tunet Gode, gamle rutebilenGaute Losnegård fortel og viser bilete frå boka Norsk rutebilhistorie I samarbeid med Fjord1 Buss Møre og Rutebilhistorisk foreiningKr 100 vaksne / 50 barn, skuleelevar og studentar / 200 familie

SØNDAG 19. JULI16.00–17.00 Ivar Aasen-tunetUng arenaKr 100 vaksne / 50 barn, skuleelevar og studentar / 200 familie

SØNDAG 26. JULI16.00–17.00 Salen, Ivar Aasen-tunetNatur i linsaI samarbeid med Naturfestivalen

ONSDAG 5. AUGUST10.00 Salen, Ivar Aasen-tunetFestspeldiktaren 2010 er her! 10.00–17.00 Kafeen, Ivar Aasen-tunetIvar Aasens 196. fødselsdag Kake til alle som vil haGratis

FREDAG 14. AUGUST11.00–15.00 Salen, Ivar Aasen-tunetSverre Fehn-dagenArkitektar og andre fagfolk drøftar korleis vi snakkar om arkitektur.Eksklusiv spesialomvising med arkitekt Henrik Hille i hovudbygningenI samarbeid med Møre og Romsdal arkitektforening og Sogn og Fjordane arkitektforeiningOpe for alle

LAURDAG 15. AUGUST11.00 Strandebarm Tema FosseOpning av temautstilling om Jon Fosse som fyller 50 i årI samarbeid med Fosse-dagane

TYSDAG 18. – FREDAG 21. AUGUSTStudentane kjem!Spesialomvising for nye studentar ved Høgskulen i VoldaEin del av programmet for FaddervekaI samarbeid med Studenttinget i Volda og Høgskulen i VoldaGratis

TORSDAG 20. AUGUST20.00 Salen, Ivar Aasen-tunetStudentkveld i tunetEin del av programmet for FaddervekaI samarbeid med Studenttinget i Volda og Høgskulen i Volda

FREDAG 21. AUGUST19.00 Litteraturhuset, OsloLitteratur i barnehøgdEin kveld om Rasmus Løland og nynorsk barnelitteraturOpning av vandreutstillingKr 100

SØNDAG 23. AUGUST13.00 Ivar Aasen-tunetFamiliedag Spesielt inviterte: nye studentfamiliar Aktivitetar for små og storeI samarbeid med Studenttinget i Volda og Høgskulen i VoldaKr 50 / familie 150

14.30–17.00 Hardanger Folkemuseum, UtnePoesidag i HardangerOttar Grepstad plantar Aasen-bjørk og avdukar steintavle med Aasen-sitatArrangør: Hardanger og Voss Museum

TORSDAG 27. AUGUST20.00 Salen, Ivar Aasen-tunetFrøy AagreJazzkonsert med Frøy Aagre, Audun Ellingsen, Andreas Ulvo og Freddy WikeKr 150

IVAR AASEN-TUNET JUNI–AUGUST

SPRÅKFAKTA KJEM

Ei ny utgåve av Nynorsk faktabok er i arbeid – oppdatert, utvida med data om all verdas språk, aktuell og like påliteleg som før. Vi trur dette er den største samlinga av språkfakta som finst i noko land. Denne gongen blir noko av stoffet også publisert på engelsk. Det heile kjem i digital, fargerik form på aasentunet.no i september.

Det var om somrane Ivar Aasen helst var ute på språkreisene sine. Den 21. juni 1851 kjøpte han billett med dampbåten nordover frå Ålesund, og etter ymse stopp og avbrot gjekk han i land i Tromsø 13. juli. ”Nor-denfor Lofoten bliver Landet meget vakkert”, noterte han i dagboka, men var alt anna enn turist. Undervegs samla han fleire hundre ord og ”adskillige Fortellinger”.

Page 3: Symra 2/2009

TEMA FOSSE OR GJESTEBOKA I AASEN-TUNET

Takk for en flott kveld i et fantastisk hus og for gjestfrihet

og omtanke (hva nå enn det heter på nynorsk).

Ole Paus 14. februar 2009

Kjære Ivar. Du va’ litt av ein kar!Liv Røv 26. mai 2009

IVAR AASEN-TUNET JUNI–AUGUSTHOVUDSPONSORAR

PROGRAM OG BILLETTAROppdatert informasjon:www.aasentunet.no

Billettar til arrangementbillettluka.no/aasentunet 70 04 75 84

Billettar kan hentast og kjøpast i alle Narvesen og 7-Eleven-butikkar

Med atterhald om endringar

”Klangen frå Strandebarm ligg i botnen av alt eg skriv”, sa Jon Fosse i eit avisintervju. I september run-dar han 50 år. Det markerer Ivar Aasen-tunet med samtale under Festspela og ei festspelutstilling av biletkunstnaren Eva Laila Hilsen som står heile sommaren. Den 14. – 16. august er det Fosse-dagar i Hardanger (sjå fossedagane.com). Der blir det premiere på den nye temautstillinga vår om diktaren. Feiringa blir runda av med Fosse-veke i Oslo 22. – 29. september.

Ivar Aasen-tunet i sommar

• Omvising kvar heile time• Dokumentarfilm om Ivar Aasen kvar halvtime• Lurivar-omvising for born kl. 13 kvar tysdag og fredag

i sommarsesongen. • Arkitekturomvising i eit av Sverre Fehns hovudverk kl. 14 kvar dag• Natursti til sommarbiblioteket på Høgetua• Kafeen byd på smakfulle smårettar og barnevenleg meny • Butikken rommar hundrevis av varer og gåveartiklar i mange

prisklassar. Mykje av dette finn du berre hos oss.

Billettprisar

Vaksen 70Born (0 - 5 år) FriBorn (6 - 16 år) 35Student 35Honnør 35Familie (born og 2 vaksne) 150Gruppe (min. 15 pers, pr. pers.) 35

Prisen inkluderer film, omvising og vitjing i utstillingane i Ivar Aasen-tunet.

Opningstider 15. juni – 15. augustMåndag–fredag kl. 10–17 Laurdag og søndag kl. 12–17

16. august – 14. juniMåndag–fredag kl. 10–16Søndag kl. 12–17

Page 4: Symra 2/2009

UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM REDAKTØR: OTTAR GREPSTAD

GÅVEKORTA ”Jag tycker ni har en mycket skicklig formgivare”, skreiv den svenske produsenten då han hadde trykt dei fire nye gåvekorta som er til sals i butikken og nettbutikken. Fire Aasen- gjenstandar er fotograferte av Ragnar H. Albertsen slik ingen har gjort før, supplert med korte historier om Ivar Aasen, formgitt av Aina Griffin – som vanleg.

Ein finn ikkje noko før ein kjem der det erIvar Aasens hatt. Foto: Ragnar H. Albertsen

ny

e b

øk

er

f

sa

ml

ag

et anna g avalda

Lykka er ein sjeldan fuglomsett av tove bakke kr 399,-

brit bildøen

Litterær salongessay | kr 329,-

frode grytten

Noveller i samling kr 249,-

agnes ravatn

StillstandSivilisasjonskritikk på lågt nivå

essay | kr 249,-