1
fredag 24. mai 2013 • FIRDA TIDEND 4 Tek opera med til heimbygda 23. juni tek Eivind Kandal med seg tre songarar og ein pianist til Galleri Skarstein i Kandal for å framføre ”Trylledrikken”. Aktørane har plukka ut høgdepunkt frå to opera- er og syr desse saman med ein eigenskriven dia- log. – Dette er første gong opera blir framført i bygda, seier han. F.T.: Inger H. Aske Lothe Eivind Kandal held på å avslutte studiane ved både Noregs Musikk- høgskule og Operahøgskulen i Oslo. I lag med nokre vener tek te- noren turen heim til Kandal med ei eiga operaframsyning – og det på sjølvaste jonsokaftan. I Galleri Skarstein vil det vere plass til 100 personar. Ein mogleg arbeidsplass – Dette blir ein intimkonsert. Gal- lerieigar Vesla Kallhovd har planar om å lage til jonsokfeiring etter framsyninga. Vi gler oss til å kome til Kandal. Samtidig gler eg meg til å vise fram heimbygda mi til dei eg har med meg, seier Eivind Kandal, som har planar om å la dei over- natte på Myklandsstøylen. Saman med barytonen Bernt Ola Volungholen frå Stange i Hedmark utgjer Kandal songduoen ”2for1”. I fjor sommar var dei mellom anna med på urframføringa av den nor- ske operaen ”Querini” på Røst i Lofoten med musikk av Henning Sommero. – Vi har studert i lag på både mu- sikkhøgskulen og operahøgskulen. Prosjektet vårt går ut på at vi lagar miniversjonar av kjende operaer som vi framfører med enkle mid- del. Det betyr at vi kan ha framfø- ringane nær sagt kvar som helst. Vi ser på dette prosjektet som ein mogleg arbeidsplass for oss sjølve, og startar eiga karriere med å vitje heimbygdene våre, fortel han. Målet er å få opera ut til folket. – Gjennom miniversjonane våre gjer vi opera meir tilgjengeleg for folk. Vi er ikkje avhengige av at bygda vi kjem til har ei stor scene. Vi satsar på å bruke norske omset- tingar der dette finst. Dermed blir det enklare for publikum å forstå kva vi syng, peikar han på. Komedie i to akter Eivind Kandal og Bernt Ola Vol- ungholen tek med seg to songarar og ein pianist på turnéen i juni og juli. – Vi har invitert med oss sopra- nane Kathrine Amdam Eckholm frå Ålesund og Caroline Wetter- green frå Bergen. Den svenske pia- nisten Jacob Burhöi, som vi har studert saman med på musikkhøg- skulen, blir også med, i tillegg til produsenten vår, Torstein Kolle- våg. No er vi spente på å vise oss fram i heimbygdene våre og gler oss til å underhalde mange vi kjen- ner, seier han. ”Trylledrikken” er ein komedie i to akter, og er basert på to kjende operaer – ”Tryllefløyten” av Moz- art og ”Elskovsdrikken” av Doni- zetti. Song og musikk blir sydd sa- man med ein eigenskriven dialog. – Dette er to av dei mest spelte operaene i verda, og vi har eit øn- ske om å formidle denne flotte mu- sikken til eit heimepublikum. Eg trur dette er første gong opera blir framført i Kandal, og eg håpar byg- defolket vil setje pris på arrange- mentet, seier Kandal, og trur fram- syninga kan bidra til å avmystifi- sere dette med opera. – Ein treng ikkje ha kunnskap om opera for å sjå framsyninga vår. Målgruppa er gjerne personar som ikkje har noko konkret forhold til opera som kunstform, seier han. Til København Eivind Kandal skal ha eksamens- konsert ved musikkhøgskulen 31. mai. – Kva er planane vidare? – Bernt Ola Volungholen og eg har gått same vegen til no. Vi held fram utdanninga i København frå hausten av. Han har fått plass ved operaakademiet, medan eg skal studere song privat hos Susanna Eken. Ho er ein av dei mest kjende og røynde songpedagogar i Euro- pa, og eg er svært glad for å få lov til å samarbeide med ho i eitt år. Deretter får vi sjå kva som skjer vi- dare. At vi begge blir i København frå hausten av, gjer at Bernt Ola og eg kan halde fram å samarbeide, seier Kandal. Han gler seg veldig til å kome til ein ny by og skaffe seg eit nytt nettverk. – Men først skal vi på turné på heimlege trakter. Veka før vi legg ut på turné, skal vi framføre ”Mini Don Giovanni” under Kirsten Flag- stad festivalen på Hamar. Dette er fjerde året vi har framsyning på denne festivalen, smiler han. æ På turné med framsyninga ”Trylledrikken” æ Galleriet i Kandal får besøk 23. juni Dei fire songarane som kjem til Kandal jonsokaftan, held på å avslutte studiane ved Operahøgskulen i Oslo. Frå venstre: Kathrine Amdam Eckholm, Bernt Ola Volungholen, Caroline Wettergreen og Eivind Kandal. (Foto: Torstein Kollevåg) Spelestader 1. Hyllestad, Lifjorden bygde- hus onsdag 19. juni 2. Førde, Kunstmuseet fredag 21. juni 3. Kandal, Galleri Skarstein søndag 23. juni 4. Ålesund, Fyret onsdag 26. juni 5. Ålesund, Vardehuset torsdag 27. juni 6. Hamar, Hamar teater måndag 1. juli 7. Vallset, Vallset samfunnshus onsdag 3. juli Fredag-sider_SIDEMAL ODD 22.05.13 09.10 Side 4

Trylledrikken i Kandalen

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Avisartikkel om Trylledrikken i Kandalen. 24.05.12

Citation preview

fredag 24. mai 2013 • FIRDA TIDEND 4

Tek opera med til heimbygda

23. juni tek Eivind Kandalmed seg tre songarar ogein pianist til GalleriSkarstein i Kandal for åframføre ”Trylledrikken”.Aktørane har plukka uthøgdepunkt frå to opera-er og syr desse samanmed ein eigenskriven dia-log. – Dette er førstegong opera blir framført ibygda, seier han.

F.T.: Inger H. Aske Lothe

Eivind Kandal held på å avsluttestudiane ved både Noregs Musikk-høgskule og Operahøgskulen iOslo. I lag med nokre vener tek te-noren turen heim til Kandal med eieiga operaframsyning – og det påsjølvaste jonsokaftan. I GalleriSkarstein vil det vere plass til 100personar.

Ein mogleg arbeidsplass– Dette blir ein intimkonsert. Gal-lerieigar Vesla Kallhovd har planarom å lage til jonsokfeiring etter

framsyninga. Vi gler oss til å kometil Kandal. Samtidig gler eg meg tilå vise fram heimbygda mi til dei eghar med meg, seier Eivind Kandal,som har planar om å la dei over-natte på Myklandsstøylen.Saman med barytonen Bernt Ola

Volungholen frå Stange i Hedmarkutgjer Kandal songduoen ”2for1”. Ifjor sommar var dei mellom annamed på urframføringa av den nor-ske operaen ”Querini” på Røst iLofoten med musikk av HenningSommero.– Vi har studert i lag på både mu-

sikkhøgskulen og operahøgskulen.Prosjektet vårt går ut på at vi lagarminiversjonar av kjende operaersom vi framfører med enkle mid-del. Det betyr at vi kan ha framfø-ringane nær sagt kvar som helst.Vi ser på dette prosjektet som einmogleg arbeidsplass for oss sjølve,og startar eiga karriere med å vitjeheimbygdene våre, fortel han.Målet er å få opera ut til folket.– Gjennom miniversjonane våre

gjer vi opera meir tilgjengeleg forfolk. Vi er ikkje avhengige av atbygda vi kjem til har ei stor scene.Vi satsar på å bruke norske omset-tingar der dette finst. Dermed blir

det enklare for publikum å forståkva vi syng, peikar han på.

Komedie i to akterEivind Kandal og Bernt Ola Vol-ungholen tek med seg to songararog ein pianist på turnéen i juni ogjuli.– Vi har invitert med oss sopra-

nane Kathrine Amdam Eckholmfrå Ålesund og Caroline Wetter-green frå Bergen. Den svenske pia-nisten Jacob Burhöi, som vi harstudert saman med på musikkhøg-skulen, blir også med, i tillegg tilprodusenten vår, Torstein Kolle-våg. No er vi spente på å vise ossfram i heimbygdene våre og gleross til å underhalde mange vi kjen-ner, seier han.”Trylledrikken” er ein komedie i

to akter, og er basert på to kjendeoperaer – ”Tryllefløyten” av Moz-art og ”Elskovsdrikken” av Doni-zetti. Song og musikk blir sydd sa-man med ein eigenskriven dialog.– Dette er to av dei mest spelte

operaene i verda, og vi har eit øn-ske om å formidle denne flotte mu-sikken til eit heimepublikum. Egtrur dette er første gong opera blirframført i Kandal, og eg håpar byg-

defolket vil setje pris på arrange-mentet, seier Kandal, og trur fram-syninga kan bidra til å avmystifi-sere dette med opera.– Ein treng ikkje ha kunnskap om

opera for å sjå framsyninga vår.Målgruppa er gjerne personar somikkje har noko konkret forhold tilopera som kunstform, seier han.

Til KøbenhavnEivind Kandal skal ha eksamens-konsert ved musikkhøgskulen 31.mai. – Kva er planane vidare?– Bernt Ola Volungholen og eg

har gått same vegen til no. Vi heldfram utdanninga i København fråhausten av. Han har fått plass vedoperaakademiet, medan eg skalstudere song privat hos SusannaEken. Ho er ein av dei mest kjendeog røynde songpedagogar i Euro-pa, og eg er svært glad for å få lovtil å samarbeide med ho i eitt år.Deretter får vi sjå kva som skjer vi-dare. At vi begge blir i Københavnfrå hausten av, gjer at Bernt Ola ogeg kan halde fram å samarbeide,seier Kandal.Han gler seg veldig til å kome til

ein ny by og skaffe seg eit nyttnettverk.– Men først skal vi på turné på

heimlege trakter. Veka før vi leggut på turné, skal vi framføre ”MiniDon Giovanni” under Kirsten Flag-stad festivalen på Hamar. Dette erfjerde året vi har framsyning pådenne festivalen, smiler han.

æ På turné med framsyninga ”Trylledrikken” æGalleriet i Kandal får besøk 23. juni

Dei fire songarane som kjem til Kandal jonsokaftan, held på å avslutte studiane ved Operahøgskulen i Oslo. Frå venstre: Kathrine Amdam Eckholm, Bernt Ola Volungholen, Caroline Wettergreenog Eivind Kandal. (Foto: Torstein Kollevåg)

Spelestader1. Hyllestad, Lifjorden bygde-

hus onsdag 19. juni2. Førde, Kunstmuseet

fredag 21. juni3. Kandal, Galleri Skarstein

søndag 23. juni4. Ålesund, Fyret

onsdag 26. juni5. Ålesund, Vardehuset

torsdag 27. juni6. Hamar, Hamar teater

måndag 1. juli7. Vallset, Vallset samfunnshus

onsdag 3. juli

Fredag-sider_SIDEMAL ODD 22.05.13 09.10 Side 4