5
Røde Kors Sogn og Fjordane _____________________________________________________________________________________________________________________________ Langebruvegen 28 Faktura adresse: Tlf: 05003 E-post: [email protected] Bank: 3700 20 27616 6803 FØRDE Postb. 6585 Faks: 57 72 31 31 www.rodekors.no/sfj Org.nr: NO 864 139 442 7439 Trondheim Nyheiter og meldingar frå Sogn og Fjordane Røde Kors nr. nr. nr. nr. 6 - desember desember desember desember 20 20 20 2011 tutti fratelli Tutti fratelli – vi er alle brør! sa verdas første frivillige i Røde Kors, Castegliones kvinner – på slagmarka i Solferino i 1859. Vinnar vart vesle Veronika , 28 veker gamal. VINNAR AV REISELOTTERIET Vesle Veronika Skogen Westervik frå Gulen vann fyrstepremine i Reiselotteriet. Ein yndigare vinnar er knapt muleg. Med seg på tur skal ho ha mamma Evy Skogen, pappa Frode Westervik og storesyster Aurora, nesten 3 år. Ekstra kjekt er det også at det er ein barnefamilie som vann denne reisa, sidan reiselotteriet sitt formål er Ferie for alle og leirane våre. Vi ønskjer familien ein retteleg god tur. I denne gode førjulstida er biletet av vesle sovande Veronika, ei påminning om kva det heile handlar om, håpet som blir tent hos oss gjennom alle nye barn. ”Må alle små i verda få sove kvar natt og ingen av dei gråte og ingen bli forlatt”. Frå alle oss til alle dykk; God Jul og godt Nytt År! Innhald: side side Lesestoff 2 Tippenøkkelen 3 Medlemsregister 2 Premie på panto 4 I godt selskap 2 Basar i Lærdal 4 Humanitært forum 2 Julegleder til barn 4 Vinterleir 2 Julegleder til vaksne 5 Avtalar og bidrag 3 Røde Kors avisa 5 Nasjonale budsjett 3 Opningstider i jula 5

Tutti fratelli

Embed Size (px)

DESCRIPTION

medlemsblad, Sogn og Fjordane Røde Kors, nr 6 2011

Citation preview

Page 1: Tutti fratelli

Røde Kors Sogn og Fjordane _____________________________________________________________________________________________________________________________ Langebruvegen 28 Faktura adresse: Tlf: 05003 E-post: [email protected] Bank: 3700 20 27616 6803 FØRDE Postb. 6585 Faks: 57 72 31 31 www.rodekors.no/sfj Org.nr: NO 864 139 442 7439 Trondheim

Nyheiter og meldingar frå Sogn og Fjordane Røde Kors

���� nr. nr. nr. nr. 6666 ---- desemberdesemberdesemberdesember 2020202011111111 ����

tutti fratelli Tutti fratelli – vi er alle brør! sa verdas første frivillige i Røde Kors, Castegliones kvinner – på slagmarka i Solferino i 1859.

Vinnar vart vesle Veronika , 28 veker gamal.

VINNAR AV REISELOTTERIET Vesle Veronika Skogen Westervik frå Gulen vann fyrstepremine i Reiselotteriet. Ein yndigare vinnar er knapt muleg. Med seg på tur skal ho ha mamma Evy Skogen, pappa Frode Westervik og storesyster Aurora, nesten 3 år. Ekstra kjekt er det også at det er ein barnefamilie som vann denne reisa, sidan reiselotteriet sitt formål er Ferie for alle og leirane våre. Vi ønskjer familien ein retteleg god tur.

I denne gode førjulstida er biletet av vesle sovande Veronika, ei påminning om kva det heile handlar om, håpet som blir tent hos oss gjennom alle nye barn. ”Må alle små i verda få sove kvar natt og ingen av dei gråte og ingen bli forlatt”. Frå alle oss til alle dykk; God Jul og godt Nytt År!

Innhald: side side

Lesestoff 2 Tippenøkkelen 3 Medlemsregister 2 Premie på panto 4 I godt selskap 2 Basar i Lærdal 4 Humanitært forum 2 Julegleder til barn 4 Vinterleir 2 Julegleder til vaksne 5 Avtalar og bidrag 3 Røde Kors avisa 5 Nasjonale budsjett 3 Opningstider i jula 5

Page 2: Tutti fratelli

2

LESESTOFF I JULA - NYTT HOVEDPROGRAM Den trykte versjonen av det nye hovudprogrammet 2011 -2014 er tilgjengeleg for bestilling i Røde Kors butikken. Programmet kan også prentast frå Korsveien: Korsveien > Om oss > Styrende dokumenter > Hovedprogram

DIBA - FRAMTIDAS MEDLEMSREGISTER DiBa, dialogbasen, skal gje lokalforeiningane ein sjanse til å forvalte medlemmar og frivillige på ein enklare måte, lettare kunne kvalitetssikre innhaldet i basen, og få oversikt over alle som har vendt seg til lokalforeininga. DiBa blir klar I løpet av våren - sommaren 2012.

Lokalforeiningar som er medlem i 10 prosent – klubben er i 2011 Aurland, Balestrand, Bremanger, Olden, Vikane og Svelgen.

Tilgang til DiBa kjem via Korsveien. DiBa er eit tilbod til lokalforeiningane, som foreiningane sjølve kan velje å bruke eller ikkje. Gjennom DiBa kan lokalforeiningane melde inn og ut medlemmar og legge til informasjon om t.d. kompetanse og teieplikt. Lokalforeiningane får direkte tilgang til liste over medlemskap, aktivitetar, timelister, vedlikehalde kontakt-informasjon, adresse m.m.

Det er kopling mellom DiBa og ressurssystemet. Data i begge system vert oppdatert ved endringar.

Leiar eller den i foreininga som har eit særskilt ansvar for medlemskontakt, får tilgang til å operere systemet. Elles kan alle få tilgang til informasjon som ein har rett til å sjå.

Hjelp og service i oppstartfasen blir gitt av Røde Kors kundeservice.

Om fattige familiar: Som samfunn bør vi hjelpe slik at dei kan ”stå i det”. Til alle tider har barn trengt tryggleik i oppveksten. Humanitært forum, Trude Brosvik

I GODT SELSKAP

Statistisk sentralbyrå, SSB, har i 2011 gjennomført ei Levekårs-gransking. Eit tema i denne gjaldt deltaking i organisasjonar mellom befolkninga. Granskinga synte at 4 av 10 utfører gratisarbeid.

Nær 80 prosent av den norske befolkninga er medlem i ein organisasjon

Nesten halvparten er svært eller noko aktive medlemmar I underkant av 40 prosent av befolkninga har utført

gratisarbeid for ein organisasjon gjennom det siste året.

HUMANITÆRT FORUM

Hovudinnlegget var ved sosionom, sosiolog og samfunnsforskar Karin Gustavsen ved Telemarksforskning.

Eit svært vellukka humanitært formum vart gjennomført på Skei 18. november. Tema sosial ulikskap i oppvekst – ei humanitær utfordring, ga publikum noko å tenkje på, som fleire sa etterpå.

Hovudinnlegget var med Karin Gustavsen frå Telemarks-forskning. Hennar tilnærming til problemstillinga var prega av solid forsking og kunnskap til barns vilkår i familiar som lever i økonomisk fattigdom. Det var også spennande å møte ein forskar som ikkje var verdinøytral til dei fakta som forskinga på fattigdom i Noreg legg fram. - Den offentlege inntektssikringa er så låg at vi sender folk rett ut i fattigdom. Å utrydde barnefattigdom er å investere i framtidig helse. Rekneskapen vil bli positivt i det lange løp, sa Gustavsen.

Kari Vold Olsen, ved fylkesmannen, Geir Knapstad og Kari Vårdal frå Flora ungdomsskule og Trude Brosvik, fylkespolitikar frå KrF heldt også innlegg på forumet.

Du kan lese meir om forumet i Røde Korsavisa nr. 2 2011. Artikkelen ”Barns beste” går nærare inn i dei funna som fattigdomsgranskinga viser.

VINTERLEIR FOR UNGDOM Helga 13.-15.januar vert det arrangert ein Internasjonal Vinterleiar i regi av Røde Kors ungdom. Invitasjon, oversikt over program og meir info vil kome nærare jul. Spørsmål om vinterleiren ta kontakt med Christian Vik på distriktskontoret.

Page 3: Tutti fratelli

3

NYE SAMARBEIDSAVTALAR OG BIDRAG FRÅ NÆRINGSLIVET Norges Røde Kors melder om nye avtaler som er etablert med næringslivet:

Elkjøp: 5 mill til Vann for livet i 2011 MøllerGruppen: forlenga hovudpartnaravtale 3 MNOK pr. år / 3 år Odfjell Drilling: ny prosjektpartnar 1 mill pr. år / 3 år til nødhjelp Gjensidigestiftelsen: til oppvekst- og juleaktivitetar 4 mill Telenor: 750 000 ekstra til flomkatastrofane

OMRÅDEØVING INDRE SOGN Laurdag 12. november var det områdeøving i Indre Sogn, med Hafslo og Luster som vertskorps. Totalt var det ca 60 frivillige involvert denne dagen, med andre ord ei stor øving. Hjelpekorpsmannskapa fekk trena seg på mange ulike moment, mellom anna søk barmark, redning i vatn og bratt lende. Dei som sat i KO fekk også store utfordringar då søket som i starten var etter ein person utvikla seg til å bli søk/redning av 5 personar. I etterkant av øvinga ser me at bruk av tracking er til stor hjelp for KO. Det som også går igjen er att bruk av samband må øvast meir på. På øvinga var Norske Redningshundar med oss med i alt 6 personar, ein operativ leiar, ein observatør og 4 hundar med førarar. Dei meinte øvinga var lærerik og yngste meir samarbeid med Røde Kors.

NORGES RØDE KORS - ENDRINGAR BUDSJETT 2012 Generalsekretær Åsne Havnelid melder frå allmøte i desember desse føresetnadane for 2012:

Inntekter frå Norsk Tipping er justert ned til 208,5 mill basert på prognoser frå selskapet (215 mill i 2011 og i opphavleg budsjettforslag)

Inntektsprognosen for Panto er auka frå 13 til 15 mill – halvparten av auken er forventa å tilfalle lokalforeiningane

Budsjettposten for omstilling (5,5 mill i opphavleg budsjettforslag) blir fjerna

Positive signal frå statsbudsjettet:

1. Auka midlar til frivillig beredskap 5 mill, (Røde Kors kan forvente 1/3)

2. Auke i tilskot til Ferie for alle (storbytiltak) 3. Auken er ikkje innarbeida i budsjettet,

men gir rom for å auke aktivitet på desse områda

VERN OM TIPPENØKKELEN Speleoverskotet til Norsk Tipping går til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Norsk Tipping har no utfordringar med å auke omsetninga. Røde Kors er ein av mottakarane av dette overskotet og det kan vere nyttig for oss å ha nokre gode argument til rådigheit når temaet vert diskutert. Røde Kors ønskjer å styrke Norsk Tipping, slik at speleoverskotet aukar til nytte for frivilligheita.

Røde Kors meiner at debatten bør handle om korleis vi skal styrke Norsk Tipping, slik at overskotet aukar

Røde Kors støttar aktivt opp under den norske eineretts-modellen med Norsk Tipping som instrument for å skape inntekter til frivillig humanitær aktivitet

Røde Kors samarbeider med Norsk Tipping fordi det styrkjer handlekraft og fører til fleire og betre humanitære aktivitetar

Lov om endringar i pengespel- og lotterilovgjevinga, (automatforliket) var eit stort og ønska kompromiss mellom dei samfunnsnyttige og humanitære organisasjonane og staten

Røde Kors støtta lova og forarbeida heilhjerta fordi vi meinte, og meiner, det er viktig og riktig at spel- og lotterimarknaden bli regulert på ein formålsteneleg og rettferdig måte

Kompromisset mellom oss og staten handlar om at vi har gitt frå oss sjansen til å drive spel og store landsdekkande lotteri i Noreg til Norsk Tipping, mot at vi får stabile og føreseielege rammevilkår tilbake gjennom ein del av inntektene

Endringar i rammevilkåra kan få konsekvensar for sjølve kompromisset, og inntektene frå Norsk Tipping er langt lågare enn inntektene vi hadde når vi sjølv hadde ansvaret

Som dei andre mottakarane av overskotet ønskjer Røde Kors å auke inntektene, og meiner den beste måten å gjere dette på er gjennom dialog og samarbeid for å styrke Norsk Tipping

I samsvar med styresmaktene og Norsk Tipping har Røde Kors gjennom dette samarbeidet lagt framtidige spel og lotteri til Norsk Tipping, og sikrar ytterlegare legitimitet til den norske einerettsmodellen

Det er viktig at Norsk Tipping får flere bein å stå på for å vere betre rusta i konkurranse med internasjonale spelselskap

Den norske einerettsmodellen har blitt til gjennom ei rekkje kompromiss mellom aktørar med inntekter, erfaring og kompetanse frå spel og lotteri, og styresmaktene som regulerer spelmarknaden

Page 4: Tutti fratelli

4

PANTOLOTTERIET PÅ LANDSMØTET

Asbjørn Sande tv. saman med Per Christopher Prebensen prosjektleiar spel Norges Røde Kors

Tru det eller ei, men Asbjørn Sande frå Svelgen vann panto-konkurransen på Landsmøtet, ein flott gåvesjekk på ei reise! Prebensen hevda at plassen framfor flaskeautomaten var ein av dei beste møteplassane under Landsmøtet. Med seg hadde han 200 vinstar å dele ut og mange sjekka vinnarlukka si. Så vart det Sande som fekk hovudpremien.

LEIARSAMLING 7. JANUAR Dei siste to åra er Røde Korsåret starta med leiarsamling på Skei. Lokalforeiningsleiar og nestleiar, og leiarar av lokalråd møter saman med representantar frå distriktsråda, distriktsstyret og distriktstilsette for å ta opp, diskutere og få informasjon om aktuelle tema. Det er kome tydelege tilbakemeldingar frå lokale ledd om at ein ynskjer dette som oppstart for 2012 òg. Laurdag 7. januar 2012 vert det difor leiarsamling på Skei hotell.

MAGI OG FORVIKLINGAR Denne fornøyelege historia fortel om eit fantastisk basarresultat hos Lærdal Røde Kors (det beste så langt etter 32 år) og historia om ein kasserar si oppleving av eit sluttresultat som i fyrste omgang ikkje heilt stemde med det dei hadde opplyst ved avslutning på basaren. Det var ein god gamaldags basar med masse folk og mange fine vinstar og inntekter som passerte ei magisk grense.

Røde Kors basaren i skulen på Lærdalsøyri, søndag 20. november.

Olav Teigen: ”Ein del forfattarar fortel at dei vaknar nattestid og får ein lys ide, som dei straks krotar ned. Eg vakna i natt til ei openbaring, og det tok litt tid før eg sovna igjen! Saken er den at eg kjende litt uro etter e-posten om sluttresultatet for basaren eg sende ut i går, kr 57.536,-. Det undra meg at Severin etter snart ein mannsalder bak kassa på basaren hadde teke så hardt i at vi var nesten 3000 kroner skeive på sluttsummen. Det hadde aldri skjedd før. I tillegg visste eg kor mange årar som var ute kvar omgang, så det undra meg at vi ikkje sat med ein total sum på ca. kr 60.000,- slik Severin og Bjørn hadde rekna, inkludert kr 2.000,- vi fekk i gåve til basaren, kr 1.000,- frå Trevaren og kr 1.000,- frå tannlege Lem. I natt fekk eg svaret. Siste veka før basaren samla eg vekslepeng frå loddsalet til bruk på basaren. Søndag før eg reiste ned på skulen samla eg vekslepengane i posar og setlar. I ein eigen pose la eg nokre 500-lappar og 200-lappar samt ein del mynt eg tykte vi hadde nok av. Dette la eg inn på mitt vesle "heimekontor". Måndag då eg bar tungt til banken var ikkje posen i tankane mine. Men den kom til meg i natt. Det fyrste eg gjorde då eg hadde talt opp var å ringe Severin. I posen låg kr 2.640,50 som betyr eit samla sluttresultat på kr 60.177,- Eit hjartesukk Ja, ja Olemann, vi får håpe det er alderen, og ikkje same fenomen som Petrus leid av i ein av mine kjære fangstbøker frå Grønland. Han underslo litt av fangsten frå ein kamerat og om han var det sagt at han var komen til på fallande måne og fødd på fjæra sjø, den fjomsen!”

JULEGLEDER TIL BARN Sogn og Fjordane Røde Kors har i år fått 125 657 kroner gjennom Gjensidigestiftinga til julegleder for 203 barn i Sogn og Fjordane. Som i fjor er arbeidsmåten i aktiviteten å avdekke (hindre og linde nød), det er ein lokal aktivitet og den er utelukkande positiv. Julegledene er ei hjelp til utsette og sårbare barn. Erfaringane frå i fjor var gode og Sogn og Fjordane Røde Kors har fått tilbakemeldingar om at dette er ein svært meiningsfull aktivitet. Felles er eit ønskje om å sette fokus på at det er finns barn i familiar i alle kommunar som ikkje har like lett for å glede seg til jul. I juleaksjonen rettar vi difor eit spesielt fokus på følgjande grupper: Barn som lever i familiar med dårleg råd, barn på asylmottak og krisesenter.

”Ei helt vanleg Jul”:

Til dei prosjekta som skal gjennomførast med hjelp av midlar frå Juleaksjonen 2011 er det i år også stilt ein nokre særskilde krav:

Barnet skal stå i fokus og bli direkte involvert i hendinga/aktiviteten

Barnet skal få oppleve å ta del i eit fellesskap

Page 5: Tutti fratelli

5

Hendinga/aktiviteten skal i noko form få barnet til å kjenne meistringsglede, omsorg og ”ei heilt vanleg jul”

Aktiviteten skal vere noko utover det ”vanlege”

Behova er svært ulike frå barn til barn, situasjon til situasjon og kommune til kommune. Ut frå gitte budsjettrammer er lokalforeiningane oppmoda om på best muleg måte å fylle målet med at utsette og sårbare barn skal få ”ei heilt vanleg jul”. Midlane kan gå til: Julegåver, leikar, kle eller andre gåver som barna treng. Juleopplevingar, juletrefest, aketur, besøk på juleteater, julebesøket: tog/flybillett for seg sjølv eller nær familie/vener eller julehuset, med juletre, pynt, mat. Fjorårets aksjon synte at lokalforeiningane viste stor dyktigheit i å finne barna og avdekke kven som hadde behov for ekstra hjelp i jula.

JULEGÅVETIPS OG ØNSKJER - PÅ GIMEDHJERTET.NO Også i år har Røde Kors symbolkort og andre gåver, som krus, julekuler, på www.gimedhjertet.no. Desse har falt i smak og mange har handla hos Røde Kors. Det er framleis muleg å tinge julegåver og få dei levert før jul. MEN det hastar. Tingar du varene før 16. desember garanterer Posten levering før jul.

RØDE KORS JULEKORT PÅ ESSO Nokre ESSO-stasjonar sel julekort for å støtte Røde Kors i det

internasjonale malaria-arbeidet. Sjå etter julekortet på din Esso-stasjon og ver med å støtte dette viktige arbeidt. Kvart 45. sekund dør eit barn av malaria. 5 kr per kort går uavkorta til Røde Kors sitt malaria-arbeid. Korta vert selde i pakkar på 10 stk.

RØDE KORS AVISA NR. 2 – 2011

Avisa er sendt Posten for distribusjon og det er venta at ho er i dei alle fleste postkassane veke 50. I tillegg til 42 000 hushald er avisa sendt til alle kommunar, fylkeskommune, fylkesmann, samarbeidspartar og andre som Røde Kors ønskjer skal kjenne til arbeidet vårt. Det er framleis aviser til overs, som lokalforeiningane kan få å bruke til stands eller liknande. Med dei store postmengdene som kjem til kvar av oss, hender det at avisa vår ved eit uhell hamnar i bosspannet. Difor kan det vere greitt å ha nokre på lur. Er de i Førde så kom gjerne oppom for å ta med aviser heim.

OPNINGSTIDENE I JULA

Distriktskontoret har redusert bemanning i romjula. 23. desember ope til kl 12:00 27. – 30. desember ope frå 10:00 - 15:00 Tlf. 05003/Faks 57 723131 e-post: [email protected]

www.rodekors.no/sfj