36
NR. 3 2009 93. årgang MEDLEMSBLAD FOR NOREGS UNGDOMSLAG REISEINSTRUKTØREN FOLKEKULTURFESTIVALEN PÅ HAMAR ÅRSMØTET *LURAR DU PÅ KVA NUR ER? BLA OM TIL SIDE 12 SÅ FINN DU SVARET. * SIDE 11-15

Ungdom 3 / 2009

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Medlemsbladet UNGDOM

Citation preview

Page 1: Ungdom 3 / 2009

NR. 3 2009 93. årgang

MEDLEMSBLAD FOR NOREGS UNGDOMSLAG

reIseINsTrUKTØreN

FolKeKUlTUrFesTIValeN PÅ Hamar

ÅrsmØTeT

*lUrar dU PÅ KVa NUr er? Bla om TIl sIde 12 sÅ FINN dU sVareT.

*sIde 11-15

Page 2: Ungdom 3 / 2009

22

Det er ei noko rar kjensle å sitte og skrive ein leiar til Ungdom. At eg er leiar av Noregs Ungdomslag syns eg er både rart, skummelt, spanande og utfordrande på same tid. Eg har vore aktiv medlem i Noregs Ungdomslag sidan eg var sju å gamal. Då byrja eg i teatergruppa heime i Lindås Ungdomslag, med mamma som teaterinstruktør. Sidan den gang har eg vore teaterinstruktør, tillitsvald både lokalt, regio-nalt, sentralt og hatt mange spanande oppgåver i organisasjonen. Noregs Ungdomslag er den arenaen der eg har lært mest, og eg vil gjere mitt for at andre òg skal få denne moglegheita!

Eg må først takke årsmøtet for tilliten dei har synt meg, og eg kan garantere at eg er klar til å gjere ein innsats for Noregs Ungdomslag. Eg vil og nytte høvet til å takke Gunhild Berge Stang for ein fantastisk innsats som leiar i Noregs Ungdomslag gjennom dei fire siste åra.

Når eg no sit og skriv denne leiaren til Ungdom, sit eg på kontoret mitt på Stortinget og har rive meg laus frå arbeidet med SV sin valkamp. Dei neste vekene vert det nok langt meir valkamp enn Noregs Ungdomslag, men i denne perioden kjem eg til å lære utruleg mykje om synleggjering og om korleis ein bygger ein organisasjon sterkare. Denne kompe-tansen vil eg ta med meg vidare i arbeidet som leiar i No-regs Ungdomslag.

Eg er nemleg viss på at ei av dei største utfor-dringane for Noregs Ungdomslag er å bygge organisasjonen. Me treng å gjere ein målretta innsats for skulering av medlemmar og til-litsvalde, og bygge organisasjonen til ein ster-kare og meir samla organisasjon. Me har nærare 17.000 medlemmar i organisasjonen, og me må arbeide for at flest mogleg av medlemmene har eit aktivt forhold til ideologien til Noregs Ungdomslag, kjenner grunnen til at me jobbar slik me gjer og er medvitne på verdiane organisasjonen står for.

Den andre utfordringa eg gler meg til å arbeide vidare med, er å synleggjere Noregs Ungdoms-lag som ein kulturpolitisk aktør – både lokalt og sentralt. Me har mykje gode og viktige meiningar og mykje kunnskap som er relevant i samfunnsdebatten i dag. Dette må me vere flinkare å få ut. Me må og få til ein meir ef-fektiv kommunikasjon mellom sentralleddet og ungdomslaga enn det me har i dag. Til dømes kan me nytte nye sosiale medier som Facebook, Twitter, Flickr og Origo. Eg kjem tilbake i neste utgåve av Ungdom, om korleis me kan gjere dette.

Med dei to orda – bygging og synleggjering, kan ein oppsummere det eg har tenk å ha som mine to hovudprioriteringar den komande perioden. Så då er det vel strengt tatt berre til å brette opp ermene å komme i gong. På same måten som ungdomslaga lokalt no bretter opp sine ermer og gjer seg klar til å fylle ungdoms-husa med aktivitet etter sumarferien.

Eg ynskjer lukke til med aktivitetane og ein fin haust!

Kristian Fjellanger

UngdomMedlemsblad forNoregs Ungdomslag

redaktørEirik Fauske

ansvarleg redaktørEli Ulvestad

opplag 12.000Bladbunad Hvarings / Anne BeritTrykk Bryne Stavanger Offsetannonsebyrå Halsne Reklame & Media

FramsidefotoInngangsdøra til Gamle Ankerskogen vidaregåande skule på Hamar under ungdomsleiren NUR 2009.Foto: Noregs Ungdomslag

Noregs UngdomslagPostboks 414, Sentrum0103 Oslo

Telefon: 24 14 11 10Faks: 22 33 50 23

[email protected]

BesøksadresseNoregs UngdomslagTollbugata 17, Oslo

generalsekretærEli Ulvestad 24141110 [email protected]

InformasjonskonsulentEirik Fauske 24 14 11 14 [email protected]

KulturkonsulentIda Marie Holmin24 14 11 [email protected]

KulturkonsulentSynnøve Jørgensen24 14 11 [email protected]

organisasjonssekretærAlf Steinar Nekstad24 14 11 [email protected]

Kontonummer Noregs Ungdomslag8101 07 00027

leiar

www.ungdomslag.no

Bygging og synleggjering!

FOTO

: NO

REG

S U

NG

DO

MSL

AG

Page 3: Ungdom 3 / 2009

3

Innhald

VATNE FRILYNDE UNGDOMSLAG 4-5

REISEINSTRUKTØREN 6-7

JUBILEUMSHELG OG STORKURS I OSLO 8-9

STORKURS I FØRDE 10

NUR PÅ HAMAR 11-15

ÅRSMØTET 16-18

UTSTILLING OM UNG-DOMSHUSA 19

FOLKEKULTURFESTIVAL-EN ER HISTORIE 20-21

STRIKKA SJØORMKOPI 22

FRAMSYNINGSKAPP-LEIKEN PÅ HAMAR 23

GODE DANSELØVER 24

NU-BUTIKKEN 29

HENDIG TIPSHEFTE FRÅ FOLKEKULTURFORBUN-DET 34

Stoffr istStoffrist for neste Ungdom er 26. oktober. Dette vert eit mininummer av bladet, men meld likevel inn saker som kan leggast ut på heimesidene våre.

Eg har no lagt bak meg mine første månader som generalsekretær i Noregs Ungdomslag. Gjennom desse månadene har eg fått vere med på fleire viktige tilskipingar i sentralleddet sin regi: Norsk Amatørteaterfestival på Det Norske Teatret i Oslo i mai, og NUR, Folkekulturfes-tivalen og årsmøtet på Hamar i juli og august. Sjølv om eg ikkje er ukjent med aktiviteten i Noregs Ungdomslag frå før, har det vore spennande å få delta på og sjå på desse tilskipin-gane med generalsekretærauge, og ikkje minst har det vore givande å få møte mange engasjerte ungdomslagsmedlemmer.

Noregs Ungdomslag har i dag nesten 17000 medlemmer fordelt på over 400 ungdomslag. Dersom ein ser bort frå dei store humanitære organisasjonane, gjer dette oss til ein av dei store frivillige organisasjonane i landet. Akti-viteten i ungdomslaga er så mangfaldig at det somme tider kanskje er utfordrande å sjå felles-nemnaren vår. Sjølv om ungdomslaga er ulike både med omsyn til medlemstal og aktivitetar, er eg likevel sikker på at dei fleste kan samlast under det same målet, om at ein ”gjennom fol-kelege kulturaktivitetar (vil) skape engasjement og levande lokalmiljø.” (§1 i lova til Noregs Ung-domslag).

Svært mange av ungdomslaga er viktige kultur-aktørar i lokalmiljøet – anten dette er i grenda, bygda eller byen. I ungdomslaget møtast med-

lemmene til aktivitetar som spenner frå bar-neaktivitetar, via teater- og danseaktivitetar til husdrift. Det er medlemmene som skaper akti-viteten og særpreget i nettopp ditt ungdomslag, og som på den måten medverker til at laget blir ein viktig aktør i lokalmiljøet.

Ungdomslaga skapar tilsaman også eit levande Noregs Ungdomslag. Medlemstalet vårt gjer at vi er ein sterk og slagkraftig organisasjon, sjølv om deltakartalet på dei sentrale tilskipingane ikkje alltid speglar dette. NU bruker mykje ressursar på å lage gode faglege og sosiale ram-mer rundt tilskipingane våre. Dette gjer vi for å bygge laget ditt endå sterkare, sidan festivalane, kursa og samlingane har mål om å styrke laget ditt med kompetanse til auka aktivitet. Målet er at deltakarane skal kome heim med ny kunn-skap og kompetanse, full av entusiasme og på-gangsmot for å skape større aktivitet i laget og lokalsamfunnet sitt.

Eg håper difor at du, etter å ha lest reportasjane i Ungdom, tenker at desse tilskipingane såg så kjekke og lærerike ut at du ikkje vil gå glipp av det til neste år. Vi sjåast!

Beste helsing

Eli Ulvestad

Kom og bli med!

inspirasjon

FOTO

: NO

REG

S U

NG

DO

MSL

AG

FOTO

: EIR

IK F

AUSK

E / N

ORE

GS

UN

GD

OM

SLAG

Page 4: Ungdom 3 / 2009

4

Vatne frilynde ungdomslagUNGDOM høyrde rykte om at Vatne frilynde ungdomslag har ei særs aktiv barnegruppe der leiarane var to jenter på 17 år. Dette måtte vi sjølvsagt grave i. Etter eit par kjappe telefonar, var vi i gang på e-post. Under følgjer delar av e-postutvekslinga mellom UNGDOM og barnelagsleiaren Marit. TEKST: EIRIK FAUSKE (OG MARIT NERÅS KROGSÆTER)

Ungdomslaget mitt

barnelagsleiaren Marit. TEKST: EIRIK FAUSKE (OG MARIT NERÅS KROGSÆTER)

Fra: Marit Nerås KrogsæterSendt: 24. august 2009 16:56Til: [email protected]: Ang. mitt ungdomslag :)

Heisann :) Eg har fint lite bilete av barnelaget for eg har greidd å sletta alle bileta på dataen, inkludert dei av

barnelaget. Men eg har kontakt med andre, kanskje du får nokon i morgon, om det er greit for deg?

Her er artikkelen som stod i Sunnmørsposten i vår, men med ein liten feil.. Eg og Andrea overtok ansvaret

for barnelaget då vi var 13 år, ikkje då vi var åtte. http://www.smp.no/article/20090228/URED/497786074/1002

Er det noko meir du treng å vite om oss? Ikkje nøl med å ta kontakt :)

Mvh Marit Nerås Krogsæter :)

Fra: Marit Nerås Krogsæter [mailto:[email protected]] Sendt: 25. august 2009 12:50Til: [email protected]: RE: SV: SV: Ang. mitt ungdomslag :)

Beklage at det tok så lang tid før du fekk svar... Vi fer ikkje lov til å bruke dataen i timane :(

Eg kan desverre ikkje bli kreditert som fotograf, for det var ikkje eg som tok biletet. Men du kan godt skrive det andre :)

Svar på spørsmåla dine:1. Det som skjer utover hausten er øvingar, sjokoladekappleik og barnestemne. Det er sjokoladekappleik i Ålesund, då stiller vi med ein del av borna. Og på barnestemnet på Rogne har vi tenkt å ta med heile laget.

2. Ingen reiser, men det skal vere ei teaterforestilling i juletida. Til vanleg brukar vi å framføre Putti Plutti Pott, men kanskje vi set opp noko anna. Det gjenstår å sjå.

3. Dei som er med er born som gjeng på barneskulen. Det blir vel 5-12/13 år. Det er ope for alle som vil vere med. Men det er ikkje sånn at når ein skal begynne på ungdomskulen må ein slutte. Ein kan vere med så lenge ein vil. Sånn som oss to leiarane som no er blitt 17 x)

4. Eigentleg ikkje, men Frikar er sjølvsagt utruleg tøffe då :)

5. Vi dansar mest rilar, diverse treturar og pardansar. Vi er veldig glade i halling.

6. Det å vere leiar for eit barnelag er utruleg løye. Det å lære ungar om den norske folkekulturen er veldig gi-vandes. Etter 3-4 år som leiar for verdas mest fantastiske born og ungdom har eg lært mykje, og eg er så stolt av dei når dei skal opptre med noko, og det er litt rart å tenkje på at det kanskje ikkje ville ha vore noko viss ikkje eg og Andrea hadde vore der. Det som er kjekt er å sjå kor mykje dei har lært seg opp igjennom åra, korleis dei har utvikla seg til å bli flotte ungdommar. Det er ei ære. Det eg har lært som ikkje er heilt lett er å få respekt frå ungane. Men ein lærar med åra, så etter kvart har det gått greiare. Er du nøgd med svara? Marit :)

Eg har fint lite bilete av barnelaget for eg har greidd å sletta alle bileta på dataen, inkludert dei av

Her er artikkelen som stod i Sunnmørsposten i vår, men med ein liten feil.. Eg og Andrea overtok ansvaret

Beklage at det tok så lang tid før du fekk svar... Vi fer ikkje lov til å bruke dataen i timane :(

Vatne Ungdomshus (Fridheim) er lagshuset til Vatne frilynde ungdomslag.

Det er her barnelaget øver. FOTO: NORSKE KULTURBYGG

Minstgruppa i barnelaget frå sumaravslutninga i 2008.

FOTO: VATNE FRILYNDE UNGDOMSLAG

Page 5: Ungdom 3 / 2009

5

Vatne frilynde ungdomslag

Ungdomslaget mitt

Vil du i samarbeid med oss presentere laget ditt i Ungdom?

Send ein e-post til: [email protected]

eller ring 24 14 11 10

Utfordring til Lindås UngdomslagDen nye generalsekretæren i NU var ein gong aktiv i Vatne frilynde ungdomslag og ein stor takk går til dei for at dei kasta seg rundt rett før deadline, spesielt takk til Marit. No kastar vi hansken vidare til Lindås Ungdomslag, der Kristian Fjellanger (den nye leiaren i NU) ein gong var medlem.

From: [email protected]: [email protected]: SV: RE: SV: SV: Ang. mitt ungdomslag :)Date: Tue, 25 Aug 2009 13:05:17 +0200

Ikkje stress. Vi ligg godt an. Eit par ting til.Kva er sjokoladekappleik? Har du eit foto av deg og Andrea? Eg er nøgd med svara. :) Eirik

Fra: Marit Nerås Krogsæter [mailto:[email protected]] Sendt: 25. august 2009 16:58Til: [email protected]: SV: SV: RE: SV: SV: Ang. mitt ungdomslag :)Hehe, det var no bra det då :)

1. Du veit vel kva ein vanleg kappleik er for noko? Ein sjokoladekapp-leik er ein kappleik der det ikkje er rangering, der ungane som deltek fer konstruktiv kritikk for det dei opptrer med, og så fer alle saman sjokolade som premie. Eit utruleg fantastisk arrangement..2. Foto ligg vedlagt :) Berre eit spørsmål, kvifor har ikkje denne artikkelen blitt skrive før? Viss den skal inn til trykk i morgon, så må vel de hatt ei stund på å fått gjort det eller?

Marit :)

From: [email protected]: [email protected]: RE: SV: SV: RE: SV: SV: Ang. mitt ungdomslag :)Date: Tue, 25 Aug 2009 18:51:57 +0200

Haha. Godt spørsmål. :) Eh. Vi hadde eit anna lag i sikte, men dei kunne visst ikkje, med god grunn. Eirik

From: [email protected]: [email protected]: RE: SV: RE: SV: SV: RE: SV: SV: Ang. mitt ungdomslag :)Date: Tue, 25 Aug 2009 18:57:33 +0200Vi òg. Eirik

Fra: Marit Nerås Krogsæter [mailto:[email protected]]

Sendt: 25. august 2009 18:55

Til: [email protected]

Emne: SV: RE: SV: SV: RE: SV: SV: Ang. mitt ungdomslag :)

Aha, eg skjønnar :)

Uansett er vi glade for at det vart vi som vart plukka ut :)

Marit

Frikar er utruleg tøffe. H

er ser vi

Hallgrim Hansegård. FOTO: HALLGRIM HANSEGÅRD

Marti Nerås Krogsæter og Andrea Svendsen er dei unge barnelagsleiarane.

FOTO: VATNE FRILYNDE UNGDOMSLAG

Barnelaget til Vatne frilyndte ungdomslag, her fotografert i vår då dei fekk nye genserar. FOTO: VATNE FRILYNDE UNGDOMSLAG.

før? Viss den skal inn til trykk i morgon, så må vel de hatt ei stund

Fra: Marit Nerås Krogsæter [mailto:[email protected]]

Marti Nerås Krogsæter og Andrea Svendsen er dei unge barnelagsleiarane.

FOTO: VATNE FRILYNDE UNGDOMSLAG

Page 6: Ungdom 3 / 2009

6

Teater

TEKST OG FOTO: EIRIK FAUSKE

Det er ein sånn småkald augustmorgon, og UNGDOM kavar seg morgontrøytt ned trappane mot bakgården til NU-kontoret. Mobilen ringer (presist) og i andre enden eit blidt ”jeg er på vei!”. Fint. Då rekk vi ein kaffi. Ti minutt seinare sit vi på den der benken, og vi har sjølvsagt tilgitt alt. For Trine er ei av desse som i teorien har altfor altfor for mykje å gjere (i likskap med fleire lagsmedlemmer),

men som landar. Gong etter gong. Fleire barneteatergrupper, studier på universitetet, teaterrådsmedlem, teaterpedagog, prosjektleiar, og frilans instruktøroppdrag. Det seier seg sjølv at ho er på veg. Kanskje det er det som gjer ho eigna til å vere reiseinstruktør i år? TUseN KroNerFor ein snau tusenlapp kan du og ditt

lokallag få besøk av ein instruktør, og i år er Trine og Jan Fredrik dei utvalde. Ditt lokallag tek kontakt med NU, ordnar lokaler, deltakarar og bestiller overnatting. NU dekker alle reiseutgifter, og vips - så var den øvingshelga i boks. ”Ja, det er et bra tilbud. Fordi ungdomslag med små ressurser kan få påfyll utenfra, og fordi NU kanskje blir mer synlig på lokallagsnivå, denne gangen via teateret. Kanskje det blir lettere å

Reiseinstruktøren

• Eit av hovudprosjekta til teaterrådet i 2009

• Eigenandel: kr 1000.

• Fagleg ansvarleg for prosjektet: Teaterrådet i NU

• Kurslengd: inntil 12 timar

• NU betalar honorar, reise og overnatting til instruktør

• Lokallaget syter for lokaler og deltakarar, samt kjem med ønske om kva

fakta

Harmoni i bakgården. Her er reiseinstruktør Trine M. Sjølyst saman med organisasjonssekretær Alf Steinar Nekstad som les Unge Agder, medlemsbladet til Vest Agder Ungdomslag. (Foto: Noregs Ungdomslag)

Page 7: Ungdom 3 / 2009

7

Reiseinstruktøren

ta kontakt med sentralleddet på denne måten?”, spør Trine. ”Ja, kanskje”, svarer vi, medan vi gler oss til all denne fine kontakten. Trine på si side gler seg til alle møta: ”Ja, jeg gleder meg til å møte alle ildsjelene, amatørene, nybegynnerne og de erfarne, som jeg vet finnes der ute. Det er mye vi kan få til på en helg. Enormt mye”, legg Trine til og brått handlar samtalen om innhaldet. Innhaldet ja. Opplegget er av den fleksible typen. Vil teatergruppa trene teatersport, overlate styringa til nokon andre, fokusere på enkelttekstar, eller prøve seg i ein annan teaterretning, det planlegg ein saman med instruktørane. Første lag for Trine i haust er velprofilerte Sandeid Ungdomslag, der Trine skal arbeide med regi på ei barneteaterframsyning med premiere før jul. Og det har blitt ein del barneteater dei siste åra på Trine. BorNa og alVoreT”Suzanne Osten”, seier Trine og siktar til den svenske teaterprofessoren som har hatt stor betydning for barneteater i Sverige, resten av Norden, og Trine. På Wikipedia er ho sitert: ”vi vågar vara

allvarlige och sanna. Det har vi lärt oss av barnpubliken. Inget ämne är för svårt. Ingen konstnärlig ambition kan vara för hög. - Vi sökar nya vägar för KONST för barn.” På amatørteatefestivalen i vår deltok Teater Bak Fram, ei av Trine sine barneteatergrupper med born frå 8 til 10 år, og det var med eit alvor dei møtte temaet mobbing. Ho fortel om all tida dei brukte på å arbeide seg inn i temaet, korleis born har førstekunnskap om mobbing, og den fine og neddempa arbeidsstemninga som oppsto i gruppa etterkvart som premieren nærma seg. ”Det ble en tankevekkende og uventet morsom forestilling. Dette er kanskje det prosjektet hvor jeg har ligget tettest opptil Osten sin metode, men jeg har ikke helt klart å knekke koden enda”, seier ho. Det finns så utruleg mange tilnærmingar til teaterarbeidet.

I august er ho skodespelar for Den Mangfaldige Scenen. Her arbeider ho med tekster av Jon Fosse og instruktøren er Kai Johnsen. Ein mann som har fått æra av å ha lokka Jon Fosse utpå dramatikarsporet og som av den grunn innehar mykje kunnskap om Noregs største nolevande dramatikar. Kanskje dette arbeidet inspirerar Trine vidare i sitt barneteaterarbeid? ”Jeg vil endre fordommer enkelte har mot amatørteater. Amatør betyr ikke å være dårlig, tvert i mot, det betyr å gjøre noe frivillig. Amatørteaterskuespillere får ikke betalt for den viktige jobben de gjør for sitt publikum og sitt nærmiljø”, seier ho. Og nok ein gong prater vi om

REISEINSTRUKTØR PÅ 1 2 3 4 51. Kontakt NU v/ teaterkonsulent Ida M. Holmin2. Avtal tid og stad med instruktøren, samt diskutér innhaldet i helga. 3. Finn deltakarar og lokale. 4. Skriv under på standardkontrakten frå NU.5. Ta i mot reiseinstruktøren når han/ho kjem.

alle dei vi ikkje kjenner, som vi ikkje har møtt, men som kanskje får besøk av ein instruktør i haust, og kanskje den instruktøren er Trine, eller Jan Fredrik, og kanskje det er nettopp du som bestiller besøket, og blir besøkt, og sidan UNGDOM kjem ut i september er jo sjansen stor for at det skjer før jul i alle fall og det hadde jo vore ei fin julegåve det, til både deg og laget ditt, ikkje sant?

KJELDER: WIKIPEDIA

KontaktinfoIda Marie Holmin, Teaterkonsulent i NU24 14 11 13 [email protected]

Jan Fredrik Grøndahl Henriksen, Reiseinstruktør926 81 252 [email protected]

Trine Merete Sjølyst, Reiseinstruktør958 59 834 [email protected]

Jan Fredrik Grøndahl Henriksen er òg reiseinstruktør denne sesongen. Her fotografert i ei stuntframsyning på NUR 09 Hamar, der han medverka som instruktør saman med Trine. (Foto: Noregs Ungdomslag)

Page 8: Ungdom 3 / 2009

8

Liv i laga

TEKST: SIGNE MARIE HERNES

• Hugsar du den skotske gruppa Bodega frå Folkekulturfestivalen i Lillesand? • Har du fått med deg den riverdance-inspirerte framsyninga ”Ril rundt Nordsjøen”? • Vil du på kurs og lære riler fra 5 land, polska, fele, song, storytelling eller capoeira? • Har du lyst til å oppleve ein herleg leikfest med Østerdølenes spellmannslag? • Har du sett Fant og Fente i aksjon?

Jubileumshelg og storkurs i Oslo 20. - 22. november 2009Leikarringen i Bondeungdomslag i Oslo fyller 90 år

Arrangørane inviterer til storslått jubileumshelg, med kurs, konsertar og leikfest – både for store og små, røynde og urøynde, dansarar og musikarar. Og for folkedansfamiliar – la borna få oppleve danseglede medan du sjølv går på kurs. Det blir inspirasjonskurs for born både laurdag og sundag.

KUrsTIlBodeTKurs 1 Dans Ril frå fem landKurs 2 Dans Balldansar frå norske dansebøkarKurs 3 Fele Lær deg noen Bodega-låterKurs 4 Song Gæliske og skotske folkesongarKurs 5 Born Inspirasjonskurs for born (6-9 år og 10-14 år)Kurs 6 Dans Polska frå SverigeKurs 7 Forteljing Storytelling og balladarKurs 8 Dans Capoeirakurs – med innslag av hiphop og hallingKurs 9 Fele Danske melodierKurs 10 Dans Inroduksjon til Swing/Rock’n roll

Fant og fente avsluttar heile jubileumshelga, søndag kl. 15.30. Denne sceniske folkedansgruppa har òg premiere påframsyninga ”Rand” i teatersalen til BUL i Oslo, 10. oktober. Foto: Fant og fente

Kristian Bugge er ein av dei fremste unge tradisjonsmusikarane frå Danmark. På felekurs med Kristian vil du lære den danske folkemusikke å kjenne. Foto: Ukjend/kristianbugge.com

Page 9: Ungdom 3 / 2009

9

sTIllINg ledIg

organisasjonssekretær

på Vestlandet

Ungdomslaga er i stadig utvikling i takt med samfunnet rundt oss. Vi søkjer derfor ein dynamisk medarbeidar med evner og lyst til å utvikle organisasjonen vidare. Vi kan tilby fast kontorstad i Bergen eller Førde, eventuelt ein kombinasjon med heimekontor.

Det vert stilt krav om kunnskap til å bruke moderne dataverkty og evne til å arbeide sjølvstendig. Noko reiseverksemd må reknast med.

Arbeidsgjevaransvaret vil ligge hjå eitt av fylkeslaga. Dersom nokon av kandidatane er sjølvstendig nærings-drivande så kan eit alternativ vere å kjøpe kontortenester.

For meir informasjon kan fylkes-leiarane kontaktast

sogn og Fjordane Ungdomslag: Anders Gjerland [email protected] 89 27 60

Hordaland Ungdomslag: Brit [email protected] 90 61 94

Jubileumshelg og storkurs i Oslo 20. - 22. november 2009Leikarringen i Bondeungdomslag i Oslo fyller 90 år Program for helga:

Fredag 20. november2100-2200 Konsert med Bodega Teatersalen

laurdag 21. november1000-1300 Kursbolk: Kurs 1, 2, 3, 4 og 5 Nordahl Brunsgt1400-1630 Kursbolk: Kurs 5, 6, 7 og 10 Nordahl Brunsgt.1830-1930 – ei forrykande konsertframsyning. Teatersalen1930-0030 Leikfest med Østerdølenes spellmannslag. Teatersalen0030-0200 Nattdans! Teatersalen

sundag 22. november0900-1330 Instruktørkurs (framh.) Nordahl Brunsgt.1100-1330 Kursbolk: Kurs 1, 5, 8 og 9 Nordahl Brunsgt.1400-1530 Kursa syner fram kva dei har lært Teatersalen1530-1600 Avslutningsframsyning med Fant og Fente! Teatersalen

PÅmeldINg

Priseksempel:

Tre kurs, tre konsertforestillingar

og ein fantastisk leikfest med

nattdans for berre: 1100,- !

Det er begrensa med plassar

og kan fort bli fullt!

Meld deg på i dag til:

[email protected], 23 21 41 60

eller på www.bul.no

Konsertframsyninga Ril rundt Nordsjøen hadde premiere på Folkekulturfestivalen 2008 i Lillesand. I framsyninga møter ein både ril-musikken og – dansen, formidla av nokon av dei fremste unge dansarane og musikarane i Norge, Danmark, Sverige, Irland og Shetland. Her ser vi eit foto frå ein prøve før premieren i 2008. Foto: Noregs Ungdomslag

HordalaNd UNgdomslag og

sogN og FJordaNe UNgdomslag

Page 10: Ungdom 3 / 2009

10

Liv i laga

STORKURS I FØRDE16. – 18. OKTOBER 2009

Sogn og Fjordane Ung-domslag ynskjer velkomen til fagkurs og seminar for ungdomslaga på Vestlandet i tida 16. til 18.oktober 2009

TEKST: ANDERS GJERLAND,

LEIAR SOGN OG FJORDANE UNGDOMSLAG

Storkurset vert skipa til i Førde med ungdomshuset Viking som base.

Overnatting vert på Førde Hotell for dei som ynskjer hotellstandard.Alternativt er sovesal på Hafstad vidaregåande skule.

Alle måltid i ungdomshuset Viking (unteke frukost for dei som bur på hotellet).

Kurs A: Lyd og lys på scenaKurs B: Seminar for tillitsvaldeKurs C: Husdrift, del 3Kurs D: Instruktørkurs, swingKurs E: Instruktørkurs, linedansKurs F: Instruktørkurs, folkedansKurs G: Bunadseminar For meir info og for påmelding: [email protected]

Storkurs i Førde - Band og strikking i folkedraktene

Par frå Hardanger med sjonaleistar (dei korte pyntesokkane som er utanpå dei lange).

Det er tittelen på bunadkurset som er ein del av storkurset til Sogn og fjordane ungdomslag i Førde 16.-18. oktober 2009. Bu-nadnemnda i Hordaland UL sam-arbeider med SOFUL om inn-haldet i denne helga og det vert mykje spennande å ta tak i. Me ser særleg på strikking og band.

TEKST: HANNE YNDESTAD AADLAND,

BUNADSNEMNDA I HORDALAND UNGDOMSLAG

Det vert besøk på Sunnfjord museum i Movika, Førde. Her får me sjå utstilt ting som ikkje er framme til vanleg, berre det er god nok grunn til å komma. Ann Lundekvam kjenner museet ut og inn, så me er i gode hender. Jon Fredrik Skauge fortel oss korleis det me ser høver inn i drakthistoria.

Praktisk arbeid vert veving av band på grindvev. Kan du ta med ein grindvev er det fint, elles har me sett opp ulike band til prøveveving på kurset. Har du med deg grindvev, oppskrift og materialar til eit bestemt band, kan me hjelpa deg å renna og tre veven.

Det er mykje som er strikka når ein tenkjer på gamle plagg. Kva historie har strikkinga her i landet? Kvar høyrer strik-kinga inn i drakthistoria? Dette vil me få vita meir om. Innan strikking prøver me kontstrikking og tvebandstrikking. Ta med strikkepinnar og litt restegarn.

Kurset er for alle som er interesserte i handverk og tradisjonane bak det me finn

i bunadane våre. Du kan vera interes-sert fordi du vil læra noko til eige bruk, fordi du har jobb innanfor området, er tillitsvald eller driv som produsent. Det er inspirerande å treffast!Har du noko å visa fram, vil me gjerne at du tek det med. Kanskje finn me løysingar på ting nokon har lurt på lenge.

Bunadnemndene sitt kurs vert heilt sik-kert gjennomført, rett og slett fordi me har lyst å vera med på det sjølve. Vel-kommen til ei skikkeleg inspirasjonshelg!

Påmelding til Sogn og fjordane ul.

Helsing Ann, Oddrun og HanneBunadnemnda i Hordaland Ungdomslag

Page 11: Ungdom 3 / 2009

11

NUR pa Hamar 2008NUR pa Hamar 2008

Lura

r du

korle

is de

t var

NU

R? H

er e

r N

UR

sett

frå

NU

R-sje

fane

sin

pos

isjon

. (Ill

ustr

asjo

n: S

ture

/ Be

rgw

itz)

Page 12: Ungdom 3 / 2009

12

NUR pa Hamar 2008

TEKST OG FOTO: EIRIK FAUSKE

Måndag føremiddag var det tomt i gan-gane på Gamle Ankerskogen vidaregå-ande skule og det einaste som tyda på at NUR nærma seg, var ein fiks ferdig og godt bemanna registreringsbod i foajeen. Men: sakte og sikkert kom deltakarane og då middagen nærma seg i åttetida, var liggeunderlaga slengt ut på knallharde klasseromsgolv og diablo-triksinga i gang utanfor inngangspartiet. Resten av kvel-den besto av meir eller mindre laust orga-niserte aktivitetar.

NUR tilbydde i år tre ulike kurs: i folke-musikk, i folkedans og i teater. Kursin-struktørar i folkemusikk var Einar Olav Larsen Trio. I følge folkedanskonsulenten i NU, Synnøve Jørgensen, er dette nokre av dei heitaste unge folkemusikkartistane for tida. Dei var òg nominert til INTRO-

Folk i år, noko som i seg sjølv er ein bragd. Dei fem felespelande deltakarane på spel-kurset, fekk altså ei førstklas-ses kursing i musikkstilar som swing og tango, og ikkje i reinlender og polka som kanskje er meir vanleg. Det var nok gjen-nomtenkt, for i etasjane over spelkurset, dansa 35 deltakarar mellom anna swing og tango, men òg andre dansar.

Ein av NUR-sjefane, Anbjørg Myrha Bergwitz, deltok på dansekurset og fortel at danseinstruktør Vegar Vårdal viste kor-leis den moderne musikken har påverka folkedansen opp gjennom tidene. Då UNGDOM ba ho utdjupe dette svarte ho noko med svikten og golvet og beina og knea og korleis ein møtte golvet på den og den måten. Det er vanskeleg å telefonfor-klare ein dans. Moral: Ein skulle deltatt sjølv.

KVa er NUr?

NUR står for Noregs Ungdomsring og ein ungdomsleir eller ein

slags festival der ungdom frå 14 til 26 år samlast over tre dagar til kurs

i folkeleg kultur.

fakta

‘‘Kvifor deltok eg ikkje på NUR i fjor?”**Bitterglad romsdaling, siste dag på NUR 2009

Sannsynet er rimeleg stort for at du ikkje deltok på NUR i år. UNGDOM vil difor på dei neste sidene gi deg eit lite innblikk i kva som skjedde der. Men det er jo òg grenser for kor mykje vi skal formidle vidare, så viss du vil få med deg alt bør du dra sjølv. Neste sjangs til NUR blir dagane før Folkedansfestivalen i Bergen som er frå 2. til 4. juli i 2010.

Fokuset låg med andre ord på 1900-stilen innan folkedans og folkemusikken i møte med det meir moderne. De gjekk óg att på teaterkurset. Et dukkehjem av Henrik Ibsen frå 1879 var ein tekst kursdelta-karane arbeida med, og då UNGDOM vitja Gymsal 1, rakk vi akkurat ei par versjonar av sistereplikken ”Det vidunder-ligste!?...?!”, det Torvald seier etter Nora har gått. Arbeidet med ein tradisjonell tekst miksa saman med meir fysiske eller moderne teateruttrykk, improvisasjon og hip-hop, var ein stor del av kursinnhaldet og denne tankegangen prega alle kursa. Av andre organiserte aktivitetar kan nem-nast Nattdebatten, teaterframsyninga NUR-teater sydde saman, og NUR-dan-sen på onsdag der Einar Olav Larsen Trio spelte opp. For mange vart dette òg ei fin oppvarming til Folkekulturfestivalen og årsmøtet i NU som var dagane etter.

Neste år blir NUR i Bergen, og i Bergen veit vi jo at Månen går rundt med en bredremmet hatt, Solen vandrer med sjø-støvler på, og at Jentene sitter på fergen og vinker, så det kan jo bli særs spanande. Kanskje du blir den som neste år ropar bitterglad mot skogen, himmelen eller Bergensvågen: ”Kvifor deltok eg ikkje på NUR i fjor!?”

Page 13: Ungdom 3 / 2009

13

NUR pa Hamar 2008

‘‘Kvifor deltok eg ikkje på NUR i fjor?”*100 prosent til stades under ei teaterøving.

Page 14: Ungdom 3 / 2009

14

NUR pa Hamar 2008

Einar Olav Larsen Trio med to av musikarane. Einar Olav til venstre og Daniel Trustrup Røssing på tangentar.

Teaterinstruktør Jan Fredrik og Daniel gjer seg klar til stuntframsyninga.

NUr-dans: Her ser vi Maria Skjerldrum Toppe og ryggen til Torbjørn Bergwitz Lauen.

Instruktør Vegar Vårdal til høgre.

Maskespel og felespel.

Onsdagen spelte Einar Olav Larsen Trio opp til dans i gymsalen på Gamle Ankerskogen.

Håvard Hage var kokk.

Page 15: Ungdom 3 / 2009

15

Dag Hellum Dina Bruun Arnesen dansar. I bakgrunnen skimtar vi Gry Hellum.

lYsT PÅ PÅFYll?Fagseminaret 2010 er frå 19. – 21. februar.

Les meir på side 25

NUR-dansen sett utanfrå.

Instruktør Trine Merete

Sjølyst instruerar.

Frå stuntteaterframsyninga

Page 16: Ungdom 3 / 2009

16

Arsmøte

NYTT KoNTINgeNTsYsTemVedtaket om å innføre eit nytt kontingentsystem vil få følgjer for alle ungdomslag som er tilknytta Noregs Ungdomslag.

Årsmøtet i 2008 bad om at det blei sett ned ei eiga nemnd som skulle vurdere det gjeldande kontingentsystemet i Noregs Ungdomslag, og kome med tilrådingar på eventuelle endringar i dette. Årets årsmøte slutta seg til vurderingane som arbeidsgruppa hadde gjort, og vedtok ei omlegging av dagens system.

Alle lokal- og fylkeslag vil få tilsendt detaljert informasjon om det nye kontingentsystemet, men dei sentrale endringane er følgjande:

For ungdomslaga: • Lagskontingenten inkluderer ikkje lenger medlemskontingenten for eit visst tal medlemmer. (I dag betalar ungdomslaga ein lagskontingent på kr 2300, som inkluderer medlemskontingent for inntil 20 medlemmer) • Laga blir derimot fakturert ein grunnkontingent for laget, samt ein kontingentsats pr medlem, frå og med 1. medlem. • Det blir framleis ulike kontingentsatsar for medlemmer over og under 26 år. • Det nye kontingentsystemet trer i kraft i 2010.

Årsmøtet 2009 gjennomført på HamarÅrsmøtet i Noregs Ungdomslag vart som vanleg , men for siste gong gjennomført i samband med Folkekulturfestivalen, og ei rekke saker stod på saklista.

Ordstyrarane Solgunn Liastøl og Jens Kihl. Her er fotografert i eit sjeldant ledig augeblink under årsmøtet.

Page 17: Ungdom 3 / 2009

17

Årsmøtet 2009 gjennomført på HamarFor fylkeslaga: • Fylkeslaga sin kontingent skal bygge på dei same prinsippa som den sentrale kontingenten, dvs. ein sats pr medlem over og under 26 år, og eventuelt ein sats pr lokallag. • Fylkeslaga sin kontingent skal krevjast inn av sentralleddet. • NU fastset satsane for fylkeslag som ikkje har vedteke satsar. • For lag som ikkje har fylkesledd eller ikkje har aktivt fylkesledd er det NU sentralt som disponerer kontingentinntektene for å ta vare på ei organisatorisk samhandling. • Dei fleste fylkeslaga må revidere lova si, for å ta høgde for desse endringane. Sidan lovendringane først kan gjerast på årsmøta i fylkeslaga i 2010, vil i praksis det nye kontingentsystemet for fylkeslaga sin del tre i kraft først i 2011.

KoNTINgeNTsaTsar Medlemskontingenten til Noregs Ungdomslag sentralt vil for åra 2010 og 2011 vere følgjande: • Pr lag: kr 1000 • Pr medlem over 26 år: kr 180 • Pr medlem under 26 år: kr 90

Kontingenten blir som før krevd inn samla frå kvart enkelt lokallag.

FrÅsegNer FrÅ ÅrsmØTeTÅrsmøtet vedtok fleire fråsegner (politiske uttalar), som er sendt til ulike instansar. Fråsegnene er publisert på www.ungdomslag.no, men kortversjonen får du her:

”Fri bruk av skule- og kulturbygg”Noregs Ungdomslag ønskjer at alle frivillige organisasjonar sine ungdomsaktivitetar skal få låne

skulelokale kostnadsfritt, og har sendt denne oppmodinga til kommunane og fylkeskommunane

”Er satsinga på lokale kulturbygg borte?”I regjeringa si Soria Moria-erklæring heiter det at regjeringa vil betre regelverket for utbetring og bygging av lokale kulturbygg. Noregs Ungdomslag har stilt spørsmål ved om regjeringa har brote lovnaden sin. Spørsmålet er sendt regjeringa og Kultur- og kyrkjedepartementet.

”Ta barna på alvor”Noregs Ungdomslag er ein av dei store barneorganisasjonane i landet. Årsmøtet meiner at ungdomslaga må ta eit større ansvar for at også medlemmene under 14 år får arenaer til å målbere meininga si, og for å vere med å utforme aktiviteten dei er med på. Denne utfordringa er understreka

Aksel Hagen (1. kandidat for SV i Oppland) svarte på spørsmål om støtta til regionale og lokale kulturbygg.

Page 18: Ungdom 3 / 2009

18

Nytt styre i Noregs Ungdomslag Årsmøtet vedtok å innføre ei prøveordning, med å utvide styret frå 7 til 9 personar, og der to av styremedlemmene blir valt som politisk og organisatorisk nestleiar.

Bakgrunnen for dette forslaget var at styret ønskte å auke kompetansen på kultur- og samfunnspolitikk i styret, og intensjonen med forslaget er at kompetanse på desse områda skal vektleggast når dei to siste styremedlemmene skal veljast.

Det nye styret etter årsmøtet ser etter dette slik ut:

Kristian Fjellanger (leiar)Oppland Ungdomslag

Lars Bendik Austmo (politisk nestleiar)Inntrøndelag Ungdomssamlag

Siri Didriksen (organisatorisk nestleiar)Nordland Ungdomsfylking

Liv Hege SkagestadBygdelagssamskipnaden

Borghild OpedalHordaland Ungdomslag

Aslak Strønen (leiar i barne- og ungdomsrådet)Hordaland Ungdomslag

Endre Kleiveland (leiar i folkedansrådet)Hordaland Ungdomslag

Henning Værnes (leiar i teaterrådet)Bygdelagssamskipnaden

Ellen Runderheim (leiar i bunadsrådet)Hallingdal Ungdomslag

Arsmøte

gjennom at årsmøtet har endra lova, slik at ein har forplikta seg til å legge til rette for at medlemmer som ikkje er gamal nok til å ha røysterett, også skal finne arenaer i organisasjonen for medverknad.

”Diskriminering med bibelen i hand”Noregs Ungdomslag har engasjert seg i debatten som har oppstått etter at Barne- og likestillingsdepartementet har foreslått at religiøse organisasjonar kan diskriminere medlemmer på bakgrunn av kjønn og seksuell legning. Årsmøtet vedtok å oversende fråsegna til styret, slik at dei kan arbeide vidare med saka.

NamNeeNdrINg: ÅrsmØTe VerT laNdsmØTeÅrsmøtet i 2008 vedtok at framtidige årsmøte skal arrangerast som frittståande arrangement frå festivalen, og at dette skal skje i april månad – ikkje i juli, slik tilfellet har vore dei siste åra. Denne endringa gjer seg gjeldande frå neste år.

I år har det i tillegg blitt det vedteke at organisasjonen sitt øvste politiske organ ikkje lenger skal heite årsmøte, men Landsmøte.

Landsmøtet 2010 blir halde i Oslo 16.-18. april. Vi oppmodar ungdomslaga om å setje av datoen allereie no, slik at de kan sjå fram til ei spennade helg, fylt med politiske saker og kulturelle opplevingar.

Val aV UTseNdINgar FrÅ loKallagaAlle ungdomslaga har høve til å sende utsendingar til årsmøtet/landsmøtet i Noregs Ungdomslag. Til no har det vore krav om at utsendingane må veljast på årsmøtet eller eit lagsmøte, men det er no vedteke at årsmøtet i lokallaget kan gje styret fullmakt til å velje desse personane.

Page 19: Ungdom 3 / 2009

19

Utstillinga er ei plakatutstilling over ungdomshus som Noregs Ung-domslag og Norske kulturbygg har laga saman i høve Kulturminneåret 2009. Utstillinga er med på å syne kor viktig og naudsynt det er å ta vare på og utvikle ungdomshusa og lagsbruka som vesentlege kultur-minne - den demokratiske kulturarven, som levande kulturarena og som møteplass på tvers av generasjonane – det mangfaldige, trygge og gode kulturbygget for framtida.

Utstillinga vart opna under Norsk Amatørteaterfestival på Det Norske Teatret 4. mai av prosjektleiar for Kulturminneåret 2009 Sidsel Hindal.

deI UNgdomsHUsa som deT er BIleTe aV I UTsTIllINga er: Fyllingsdalen bydelshus i Bergen, Hordaland • lindesnes ung-domslag, Vigelandstua, Vest-Agder • gransherad ungdomslag, Skogly ungdomshus, Telemark • Ul Ørnen, Leknes ungdomshus, Nordland • Ul Verdandi, Friheim ungdomshus, Lesja, Oppland • Fagerlund

ungdomslag, Folkvang ungdomshus, Oppland • Ul dalheim, Ram-staddalen/Sykkylven, Møre og Romsdal • Ul solhov, Lundenes ungdom-shus, Troms • Valderøy frilynde ungdomslag, Johansbuda, Møre og Romsdal • Bjelland ungdomslag, Fjelltun ungdomshus, Vest-Agder • skodje frilynde ungdomslag, Fagerheim ungdomshus, Møre og Roms-dal • Ul Øyna, Øynheim ungdomshus, Nord-Trøndelag • Bolstadøyri ungdomslag, Valhall ungdomshus, Voss, Hordaland • Voss ungdomslag, Ungdomshallen, Voss, Hordaland • gimle, Bergen ungdomslag Ervingen (BulE), Bergen, Hordaland • Bøndenes Hus, BUL Oslo • BUl oslo, BUL-salen/Teatersalen i Bøndenes Hus, Oslo

Ungdomslag som kunne tenkje seg å få utstillinga på besøk til seg kan ta kontakt med NU-kontoret. I veke 41-42 skal utstillinga m.a. på tur til Sylte og Malme UL.

Utstillinga er laga med stønad frå Kulturminneåret 2009.

Utstilling av Ungdomshuset

Page 20: Ungdom 3 / 2009

20

Folkekulturfestivalen pa Hamar 2009

TEKST: ARNFINN NES,

FESTIVALLEIAR FOR FOLKEKULTURFESTIVALEN 2009

sTarTDet var Fylkeslaget Varden i Hedmark som tok på seg å skipa til Folkekulturfestiva-len i år. Det er ikkje så mange aktive lag i fylkeslaget vårt, og sidan festivalen skulle vera på Hamar, vart det medlemer av Barneleikarringen Lurvelegg og Folkedanslaget Sølja som tok på seg dei største oppgåvene. Men vi møtte stor interesse og vilje til å hjelpa oss frå alle vi spurde. Vi fekk såleis god hjelp frå Elverum Danselag, Gjøvik Folkedanslag, Vallset Folkedanslag og Hamar Bygdedanslag. Nemnda var samansett av styremedlemer i Varden og medlemer av Sølja og Lurvelegg. Vi bruka mykje tid og hadde mange møte, med gode diskusjonar og prosessar til vi fekk sett saman pro-grammet som vi til slutt valde å gjennomføra.

FesTIValeNUnder opninga av Festivalen ønskte vi å presentera artistar frå Hedmark som nyt-tar ulike utrykk og kjem frå alle deler av fylket. Vi la og vekt på at konferansieren skulle vera lokal og nytta den vakre dialekten frå området. Tilbakemeldingane var at Hedmarkskvelden vart ein fin kveld og ein god start på festivaldagane. På dansegolvet etterpå var det tilbod til alle med runddans, turdans, bygdedans, songdans og stor-dans. Desse danseformene var det tilbod på kvar kveld, og det er truleg lenge sidan

Den siste Folkekulturfestivalen vart arrangert i år, neste år er den bytta ut med Folkedansfestivalen som vert arrangert i Bergen. Her fortel festivalleiar Arnfi nn Nes om korleis det gjekk, om arbeidet i forkant og innhaldet i festivalen.

Folkekulturfestivalen er historie

TEKST: ARNFINN NES,

FESTIVALLEIAR FOR FOLKEKULTURFESTIVALEN 2009

sTarTDet var Fylkeslaget Varden i Hedmark som tok på seg å skipa til Folkekulturfestiva-len i år. Det er ikkje så mange aktive lag i fylkeslaget vårt, og sidan festivalen skulle vera på Hamar, vart det medlemer av Barneleikarringen Lurvelegg og Folkedanslaget Sølja som tok på seg dei største oppgåvene. Men vi møtte stor interesse og vilje til å hjelpa oss frå alle vi spurde. Vi fekk såleis god hjelp frå Elverum Danselag, Gjøvik Folkedanslag, Vallset Folkedanslag og Hamar Bygdedanslag. Nemnda var samansett av styremedlemer i Varden og medlemer av Sølja og Lurvelegg. Vi bruka mykje tid og hadde mange møte, med gode diskusjonar og prosessar til vi fekk sett saman pro-grammet som vi til slutt valde å gjennomføra.

FesTIValeNUnder opninga av Festivalen ønskte vi å presentera artistar frå Hedmark som nyt-tar ulike utrykk og kjem frå alle deler av fylket. Vi la og vekt på at konferansieren skulle vera lokal og nytta den vakre dialekten frå området. Tilbakemeldingane var at Hedmarkskvelden vart ein fin kveld og ein god start på festivaldagane. På dansegolvet etterpå var det tilbod til alle med runddans, turdans, bygdedans, songdans og stor-dans. Desse danseformene var det tilbod på kvar kveld, og det er truleg lenge sidan

Den siste Folkekulturfestivalen vart arrangert i år, neste år er den bytta ut med Folkedansfestivalen som vert arrangert i Bergen. Her fortel festivalleiar Arnfi nn Nes om korleis det gjekk, om arbeidet i forkant og innhaldet i festivalen.

Page 21: Ungdom 3 / 2009

21

det har vorte dansa så mykje stordans på Folkekulturfestivalen.

Når medlemer av Noregs Ungdomslag møtest, er samvær og kontakten med vener viktig, og mange ønskjer å koma saman med andre som har dei same inter-essene. Det var såleis tilbod om mange og ulike kurs og fleire turar i nærområdet.

Motto for Folkekulturfestivalen på Hamar var ”Festival i Prøysenland” og i tillegg til å få læra songdansar etter Prøysenviser og tur til Prøysen sin heimstad i Ringsaker, vart det gjeve ut eit vakkert hefte der om lag 25 viser av Alf Prøysen er presenterte med kort omtale og nøyaktig forklaring av dansemåte. Dei fleste dansemåtane er nyskapingar og ikkje presenterte tidlegare.

Bygdene kring Mjøsa var eitt av områda der balltradisjonen helt seg lengst. I nokre bygder her vart det såleis dansa fransese på Nyttårsballa heilt til for om lag 25 år sidan. Eit storgardsball var difor eit naturleg arrangement på festivalen. Her vart balltradisjonen frå Hedmarken ført

vidare både med val av dansar og musikk. Dei fleste gjestene og mange fleire drog deretter til den vakre Domkirkeodden og Nattkonsert i Hedmarksdomen – under glastaket over ruinane av den gamle dom-kyrkja som låg der i eldre tider.

Innbyggjarane i Hamar fekk oppleva at det var folkedansarar samla i byen både då alle samla seg i sentrum for å danse og då fanetoget gjekk gjennom Gågata midt i den mest hektiske handletida. Hulda Gar-borg er på mange måtar grunnleggjaren av songdansen her i landet. Ho var fødd i Stange – grannkommunen - og budde store deler av livet i Hamar der ho var med å grunnleggja den første folkehøgs-kulen i Noreg. I Strandgateparken midt i Hamar er det ein byste av henne som vi la blomar på før deltakarane tok saman og dansa Trolldans.

Laurdagskvelden samlast vi til leikfest av godt merke. Her vart det runddans og turdans etter feiande musikk, men vi fekk også gode økter med songdans. I dei andre salane var det i deler av kvelden

samstundes både bygdedans og stordans. Alle dansekveldane vart avslutta med nattdans med variert musikk.

slUTTFolkekulturfestivalen vart avslutta høgtidleg og vakkert – først med høg-tidsgudsteneste med både domprost og biskop, og deretter samlast deltakarane på fjellet Nordhue i Elverum der det er reist eit minnesmerke over Per Sivle sidan det var der han fekk inspirasjonen til å skriva Vardevakt. Her fekk vi historiske innføringar, opplesing av Vossastubbar, song og songdans av fleire vakre viser av Per Sivle.

Vi som fekk ha leiinga av Folkekultur-festivalen vonar og trur at vi nådde målet vårt med arrangementet om å skapa eit program som gav kvar einskild gode opplevingar saman med gode vener. Vi hadde nær 400 gjester desse dagane og vi er takksame for at så mange ønskte å gjesta oss og dela dagane og programmet med oss.

Folkekulturfestivalen er historie

Page 22: Ungdom 3 / 2009

22

Folkekulturfestivalen pa Hamar 2009

TEKST: EIRIK FAUSKE

”Kvifor ikkje få folk til å strikke noko langt?”, tenkte Ingrid Maurstad Tuko, og saman med Kari Holenbakken satte ho i gong strikkinga av Mjøsormen, eit spon-tanprosjekt under årets folkekulturfestival.

Den første kjelda som nemner sjøormen i Mjøsa er frå 1522. I Hamarkrøniken står det om ein orm som driv i land på eit skjær utanfor domkyrkja:

Mange som stode oc saa paa den slemme ting den orm, de lessde oc bad Gud i himmelen, at hand ville schille dem aff mett hannem uden skade, fordj hand var saa megit stor oc slem oc see till, for de mange slags farffuer han haffde paa sig.

Tydelegvis svært traumatisk.

Det var ikkje like skummelt å observere utviklinga av den strikka versjonen i

2009. På festivalområdet la festivalekomiteen ut strik-ketøy, og som enkelte kan-skje veit, ligg ikkje utlagte strikketøy i fred. I følge rykta lærte to personar seg å strikke i løpet av da-gane, og fleire andre nytta anledninga til å praktisere avanserte strikketeknikkar, forske ut nye strikkemøn-ster, samt samtale om heilt andre ting. Resultatet vart ein imponerande fargerik, sju meter lang og tjue centimeter tjukk pølse som med ein god porsjon velvilje kan likne på den slemme ting den orm frå 1522.

Medan den ormen vart beskutt med stål-pilar, døydde, deretter brent, og seinare plukka opp av tyske menn som fekk lov til at tage de beste aff hans been, endar

Strikka sjøormkopi

Faksimile frå Hamar Arbeiderblad. Faksimile: Hamar ArbeiderbladFaksimile frå Hamar Arbeiderblad. Faksimile: Hamar Arbeiderblad

historia om strikkeormen ansleis. Heldig-vis. Den heng idag på biblioteket i Hamar og kikkar ned på leselystne Hamarsingar. Og kanskje dei ein vakker dag kikkar opp og tenkjer: ”Kva i all verda er det? Er det ikkje? Er det ikkje? Jo. Det er jo Mjøsor-men”.

KJELDER: WWW.MJOESORMEN.NOIngrid Maurstad Tuko med strikketøyet. Foto: Eirik Fauske

Page 23: Ungdom 3 / 2009

23

TEKST: EIRIK FAUSKE FOTO: NOREGS

UNGDOMSLAG

I år var det fire deltakende lag i Framsyningskappleiken. Førsteplassen gjekk til Folkedansfreistaren – over sjø og land. Juryen skriv mellom anna i sin tilbakemelding: ”Koreografien var spennande og overgangane flaut godt. Spesielt var overgangane mellom rilane og mellom polsen og tridansen frå Meråker vellykka.” Same gruppa dansa seg òg inn i hjarta til publikum, fekk flest stemmer og vann difor publikumsprisen.

Framsyningskappleiken på Hamar 2009

Gruppa Folkedansfreistaren vart starta opp i fjor. Sidan den gong har dei vore i Skotland og vunne dobbeltsiger på Hamar.

Ungdomsringen Salten.

Bergen Ungdomslag Ervingen.Hamar Bygdedanslag.

Page 24: Ungdom 3 / 2009

24

notisar/meldingar

Endeleg kan ungdomslag med t.d. store kostnader til ungdomshus få dekka momskostnader.

Dette er det god grunn til å rekne med etter at regjeringa i sommar varsla ny ordning for momskompensasjon til frivillige organisasjonar. Ordninga skal omfatte både vare- og tenestemoms, mot tidlegare berre tenestemoms. Ny ordning skal tre i kraft 1. januar 2010 og skal trappast opp med ein milliard kroner fram til 2014.

Eit hurtigarbeidande utval jobbar no med forslag til løysingar for korleis dette skal gjennomførast. Generalsekretær Birgitte Brekke frå Frivillighet Norge sit i utvalet og Noregs Ungdomslag følgjer med i arbeidet som gjerast.

I pressemeldinga frå kulturdepartementet 17. juni seier kulturminister Trond Giske at ”dette er et historisk løft. Norge er på topp når det gjelder frivillig arbeid. Regjeringen ønsker å sikre enda bedre rammevilkår for frivilligheten”. Samferdsleminister Liv Signe Navarsete kallar den nye ordninga ei gåvepakke på ein milliard kroner og seier vidare at ”Momskompensasjon er det beste virkemiddelet for å legge til rette for økt aktivitet i frivillige organisasjoner over hele landet”.

Noregs Ungdomslag er spent på om vi og resten av frivillig sektor blir like nøgde med ordninga som regjeringa når vi ser korleis den skal gjennomførast og kor mykje pengar det vil bli i ordninga i åra framover. Lotteri- og stiftelsestilsynet jobbar med å utvikle ein sjablonmodell for fordeling. Det vert lagt vekt på at ordninga skal vere enkel å ta del i for lokale lag og organisasjonane desse er medlem av.

Noregs Ungdomslag kjem til å følgje saka tett og kjem tilbake med meir info når utvalet har kome med sine endelege forslag til gjennomføring.

Ei lysare framtid for ungdomslag og hus med ny momskompensasjon! TEKST: TRINE MERETE SJØLYST, PROSJEKTLEIAR FOR SCENEKUNSTTILBUDET

Scenekunsttilbodet i aktivitetsskulane i Oslo går inn i si fjerde periode. Frå september til desember skal 150 born på Møllergata og Lakkegata skole lære teater, historieforteljing, moderne dans og ymse tradisjonelle folkedansar som representerar barnegruppas eigen kultur og bakgrunn. Samen skal borna forme framsyninga som har premiere 3. desember i Teatersalen til BUL. Fem profesjonelle instruktørar og åtte studentar frå Kunsthøgskolen og PPU, skal besøke skulane kvar veke.

Skuledagen for born i dei yngste alderstega er blitt lang etter innføringa av SFO, men fleire og fleire, òg politikarar ser verdien av meir kultur og idrett på SFO. No blir SFO gjort om til aktivitetskule, og dette prosjektet har fått ein naturleg plass i aktivitetstilbodet på Lakkegata og Møllergata skole.

Intensjonen med scenekunsttilbodet er å drive kulturarbeid direkte retta mot born og der born er. Målgruppa er born frå 1-4 klasse. Vi ønskjer å vere opne for mange ulike kulturuttrykk og det er naturleg at ein av funksjonene òg er å ivareta våre tradisjonelle kulturaktivitetar innan dans, teater og song. For å nå fram til born med ein breiare kulturell bakgrunn enn norsk, har vi erfart, gjennom tidligare prosjekt, at det er viktig at dette er eit gratis tilbod for borna.

Tilbodet er eit ledd i prosjektet ”Den mangfaldige scenen” som Det Norske Teatret og Bondeungdomslaget i Oslo og Noregs Ungdomslag står bak. Gjennom samarbeid med 200 born og unge og 25 kunstnarar skal vi byggje opp eit varig scenekunsttilbod som når unge med ulik kulturbakgrunn.

Den Mangfaldige scenen: • vil legge vekt på dei moglegheitene som ligg i møtet mellom ein mangfaldig kulturarv og dagens barne- og ungdomskulturar • gi dei som er med høve til å oppdage og ta i bruk eigne ressursar i samspel med andre • vil vere med å styrke interessa for eit mangfald av kulturutrykk • utvikle evna hos kvar enkelt til å skape, uttrykkje seg og samarbeide

Prosjektet er mellom anna finansiert av Norsk kulturråd.

150 born dansar folkedans og spelar teater kvar veke

Page 25: Ungdom 3 / 2009

25

Velkommen til nye lag i Noregs Ungdomslag

Vi ynskjer Plurdalen Ungdomslag i Mo i Rana, Austli Ungdomslag i Steinkjer, Ungdomslaget Forsøket på Hitra, og Suldal Ungdomslag i Rogaland velokomne som nye medlemer i Noregs Ungdomslag.

Vidar Sandem held fram på Det Norske Teatret ut 2010For eit år sidan blei Lars Erik Holter tilsett som teatersjef ved Det Norske Teatret med verknad frå 2010. I sommar melde han frå til styret på Det Norske Teatret at han seier opp stillinga. Han gjev to grunnar til dette valet. Teatret er no inne i ein krevjande situasjon med nedbemanning, noko som ikkje var tilfelle då han fekk tilbod om stillinga. Dessutan ventar familien sitt fyrste barn i oktober. I denne situasjonen vel han familie framfor karriere.

Sitjande teatersjef Vidar Sandem skulle etter planen slutte ved årsskiftet. Etter at Holter sa opp stillinga si, har eit samrøystes styre sterkt oppmoda Sandem om å bli sitjande ut året 2010, og dette har han sagt ja til, melder Det Norske Teatret i ei pressemelding 17.08.09.

Vidar Sandem har vist seg å vere svært opptatt av samarbeidet med Noregs Ungdomslag om Norsk Amatørteaterfestival og Den Mangfaldige Scenen, eit samarbeid mellom Bondeungdomslaget i Oslo, Noregs Ungdomslag og teatret. Vi håpar dette arbeidet vert vidareført også når nye teatersjefar ein gong steppar inn.

Noregs Ungdomslag ønskjer Det Norske Teatret lykke til med arbeidet framover.

Hans-Erik Dyvik Husby som Jesus i Det Norske Teatretsi oppsetting av Jesus Christ Superstar med premiere 3. september. (Foto: Fredrik Arff / Det Norske Teatret)

Fagseminar og Landsråd- Start våren med ei helg fylt av ungdom, politikk og folkekultur

Tid: 19. - 21. februar 2010stad: Sørmarka kurs- og konferansesenter, Enebakk.

På fagseminara møtast medlemmar, instruktørar, og tillitsvalde på fylkes- og sentralnivå i NU til fagleg påfyll, erfaringsutveksling og diskusjon. I 2010 har vi lagt Fagseminara og Landsråd til Sørmarka kurs- og konferan-sesenter i Enebakk utanfor Oslo.

Vi vidarefører suksessen med å invitere unge leiarar, til-

litsvalde og resurspersonar til seminaret Sats Ungdomsring. Vidare blir det fyldige seminar i teater med vekt på revy, bunadseminar, folkedans-seminar og Landsråd for fylkestillitsvalde. Helga vil vidare by på hygge-leg sosialt samvere og god underhaldning.

Sett av denne helga og hent heim ny kunnskap og inspirasjon til arbeidet i ungdomslaget ditt.

Meir informasjon kjem på www.ungdomslag.no og i neste Ungdom.

Seminar om turdans på fagseminaret i 2007Foto: Folkekulturforbundet / Anne Silje Berg

ungdomslag.no

Page 26: Ungdom 3 / 2009

26

notisar/meldingar

Grunnlovs-jubileetKorleis har Noregs Ungdomslag tenkt å markere grunnlovsjubileet? Det er berre vel fire år til og spørs-målet bør, etter mi meining, opp på første styremøte i både lokallag, fylkeslag og landslag. Rett nok kan det bli utskiftning av styre både her og der, men det fritar ingen frå langtidsplanlegging, eller å legge føringar som det heiter. Kva slags føringar dei enkelte styra vil legge, skal ikkje eg blande meg borti. Men som inspirasjon vil eg ta fram den første formålsparagrafen til Uppstryn Ung-domslag, vedtatt på skipingsmøtet 20, mai 1894: Ungdomslaget er skipa fyr at ungdomen kan hjelpast aat til aa faa klaarleik yver seg sjølve, upplysning um og eit vidare, friare syn yver ymse tankar og straum-drag, som er uppe i tida. Dette var demokratibygging på grunnplanet. Det var ikkje nok å ha vunne ein formell politisk fridom, det måtte ein opplyst opinion til for at likeverd og rettferd skulle rå i samfunnet. Grunnlova var berre eit grunn-lag for vidare vekst. Eg vil også sitere frå den 17.mai-helsinga dagleg leiar i Norske kulturbygg, Anders Slaatsveen, sende ut på e-post tidlegare i år. I helsinga understrekar han kva dei folkelege organisasjonane har hatt å seie for utbyg-ginga av demokratiet. Han avslutta med følgande: Og vi skal, ikkje ovanfrå og ned, men med likeverd og i solidaritet, halde fram kampen for demokrati, for likeverd, ytringsfridom, kunnskap for alle og ei rett-ferdig fordeling av verdas rikdom, mot undertrykking, utbytting, fanatisme og despoti. Desse to sitata er ulike i form og innhald, men dei står ikkje i motsetnad til kvarandre. Dei fortel begge kva som bør vere perspektivet på det vi held på med. Og dette perspektivet kan vi ha i mente når vi skal feire Grunnlova og det demokratiet som vart arbeidd fram sia 1814.

Asbjørn Thomassen

TEKST: ELI ULVESTAD

I ungdomslaget må du vere 14 år for å ha stemmerett, for å kunne veljast til styre og stell, og for å møte på årsmøtet i fylkeslaget ditt og landsmøtet i Noregs Ungdomslag. Er det dermed slik at du ikkje har noko du skulle ha sagt dersom du er under 14 år? FN sin konvensjon om barn sine rettar (barnekonvensjonen) skal sikre rettane til barn under 18 år. I artikkel 12 står det: Barnet har rett til å seie meininga si i alt som vedkjem det, og barnet sine meiningar skal tilleggast vekt. Dette meiner Noregs Ungdomslag også skal gjelde i ungdomslaga.

Men, korleis kan du vere med på å bestemme meir i ungdomslaget ditt dersom du ikkje er gamal nok til å ha stemmerett? Her er nokre døme:

• Er du med i ei teatergruppe, kan du be om at de som er med i gruppa òg får vere med på å velje kva stykke de skal spele. • Er du med i ei dansegruppe, kan du spørje om dansegruppa kan få vere med på å velje ut kva dansar de skal vise på neste framsyning. • Du kan spørje ein av dei som sit i styret i ungdomslaget om du kan få delta på årsmøtet eller andre møter i ungdomslaget. Sjølv om du ikkje har stemmerett, så kan det kanskje vere diskusjonar der som er interessant å høyre på. • Dersom dei vaksne i ungdomslaget ditt er dei som bestemmer mest over aktiviteten til barna, kan du be om at de som er barn også får gje innspel til aktivitetane. • Har ungdomslaget ditt eige medlemsblad? Kanskje kan de få vere med på å lage dette? • Du kan vere med og planlegge festar og turar i ungdomslaget.

Dette er berre nokre av mange døme. Vi er sikker på at det blir endå kjekkare å vere med i ungdomslaget dersom alle som er med får vere med på å bestemme. Kanskje ikkje alt, men i alle fall noko. Snakk med andre barn i ungdomslaget ditt, eller med nokre av dei vaksne, om korleis de som er under 14 år også kan få bestemme litt i ungdomslaget.

Har du allereie gode døme på at de som er barn får vere med på å bestemme? Send dei gjerne inn til oss på [email protected], så kan andre lag kanskje lære noko av dykk.

Får du bestemme i ungdomslaget ditt?

Til alle barn:

lesarinnlegglesarinnlegg

Page 27: Ungdom 3 / 2009

27

DRAMATIKKONKURRANSE FOR UNGDOM

UNGDOM MELLOM 13 OG 20 ÅR KAN DELTA

SEND INN ORIGINALT NYSKREVET MANUS PÅ 40 – 50 SIDER

FRIST: 5. JANUAR 2010send elektronisk til [email protected]

PREMIER: 1. PREMIE KR 30 0002. PREMIE KR 20 0003. PREMIE KR 10 000

DET VIL I TILLEGG BLI UTBETALT KR 20 000 FOR TEKSTER SOM BLIR TATT UT FOR NESTE

RUNDE MED DUS for mer info se: www.dus.as

utlyser

2727

Gode danseløverEin travel julimånad er over for faste festivaltravarar. I NU-samanheng gjeld dette Nordlek i Lahti og Folkekulturfestivalen på Hamar. Til Nordlek sendte Norge i overkant av 300 deltaka-rar, noko me er godt nøgde med. Så var det også svært kjekt at nordmennene deltok sterkt i begge bunadstoga, under stadion-dansen, og elles i det gode tilbodet finnane serverte oss. Elles vil me gjerne takke dei som deltok med ein ekstra dugnadsinnsats, som instruksjon, framvisning og organisering. Me viste kvalitet i alle ledd, noko me, og forhåpentligvis de er veldig stolte av.

Til Hamar var det mange frammøtte. Det var det god grunn til. Vertskapet Folkedanslaget Sølja, Barneleikarringen Lurvelegg og Fylkeslaget Varden hadde førebudd seg godt og inviterte til eit rikt program med mange høgdepunkt. Den tradisjonelle leikfes-ten var koseleg, stordansane var det skikkeleg sus over, og kyrkje-konserten i Hamardomen var ei nydeleg stund.

Det vart også laga eit dansehefte fram mot denne festivalen. Inn-haldet var nye songdansmåtar til kjende Prøysenviser. Dette heftet er utgjeve av NU, men forfatta av det lokale radarparet Ingrid M Tuko og Nils Slapgård. Heftet vart veldig fint, og ein godbit for alle som lengtar etter å utvide songdansreportoaret.

Me takkar festivalnemnda med alle medarbeidarar for ein flott gjennomført festival. Eg vil også takke gruppene som deltok i framsyningskappleiken. Det var eit meget høgt nivå dette året.

Dette var siste folkekulturfestival. Men absolutt ikkje siste festival arrangert av NU. Det at NU skiftar namn på sine arrangement vi-ser berre at me stadig er i endring, på jakt etter gode opplevingar. Frå neste år vert det arrangert ein rein folkedansfestival. Innhaldet vil vere variert, men med fokus på dans. God dansemusikk, gode konsertar, gode danseframsyningar. Det skal vere mogleg å sitje ned og nyte god dans i mange former, og ikkje minst skal det vere mogleg å danse til sveitten eller regnet tek deg. Stad og tid er klar: Folkedansfestivalen 2010 vert i Bergen 1. til 4. juli neste år.

Endre Kleiveland,rådsleiar i Folkedansrådet

Tradisjonsball på FolkekulturfestivalenFoto: Synnøve Jørgensen

Gode danseløverEin travel julimånad er over for faste festivaltravarar. I NU-samanheng gjeld dette Nordlek i Lahti og Folkekulturfestivalen på Hamar. Til Nordlek sendte Norge i overkant av 300 deltaka-rar, noko me er godt nøgde med. Så var det også svært kjekt at nordmennene deltok sterkt i begge bunadstoga, under stadion-dansen, og elles i det gode tilbodet finnane serverte oss. Elles vil me gjerne takke dei som deltok med ein ekstra dugnadsinnsats, som instruksjon, framvisning og organisering. Me viste kvalitet i alle ledd, noko me, og forhåpentligvis de er veldig stolte av.

Til Hamar var det mange frammøtte. Det var det god grunn til. Vertskapet Folkedanslaget Sølja, Barneleikarringen Lurvelegg og Fylkeslaget Varden hadde førebudd seg godt og inviterte til eit Tradisjonsball på Folkekulturfestivalen

Page 28: Ungdom 3 / 2009

28

Nittande melding om faneprosjektet

Asbjørn Thomassen har laga ein ny

melding om korleis det går med

registrering og fotografering av

ungdomslagsfanene.

Fanemeldinga kan du lese på www.ungdomslag.no

Nordsinni Ungdomslag er særs aktive i Kven veit?-tevlinga, både med senior- og juniorlag. Her ser vi frå venstre meddommar Petter Sætra Rustad, dommar Maja Eika Davidsen, tevlingslaget med Marte Eika, Ole Tønderum Arne Martin Kjernli, Bjørn Saur og Rita Sirirud Strandbakke.

Foto: Nordsinni Ungdomslag / Anne I. Terningen.

28

Nordsinni Ungdomslag er særs aktive i Kven veit?-tevlinga, både med senior- og juniorlag. Her ser vi frå venstre meddommar Petter Sætra Rustad, dommar Maja Eika Davidsen, tevlingslaget med Marte Eika, Ole Tønderum Arne Martin Kjernli, Bjørn Saur og Rita Sirirud Strandbakke.

Foto: Nordsinni Ungdomslag / Anne I. Terningen.

RasmusLølandRasmus Løland (1861 – 1907) leverte sine første bidrag til Fedraheimen som 17- åring. 30 år gamal debuterte han med boka Folkeliv (1891), og vart seinare ein pioner innan barnelitteratur med til saman omlag 30 bøker, forteljingar, skodespel og romanar, både for born og vaksne. Heile livet var Rasmus Løland plaga med sjukdom, og berre 46 år gamal døydde han av tuberkulose.

KJELDER: FORFATTAR.NET,

SAMLAGET.NO, NASHORNET.NO

Kven veit?

1. Kor høg er Galdhøpiggen?2. Kva heiter han som er barneombod? 3. Kvar kjem den nye leiaren i Noregs Ungdomslag frå?4. Kva heiter kjendis-isbjørnen i Berlin Zoo? 5. Kor mange piggar har eit piggsvin?

Svara finn du på side 34

Lyst på meir? Kven veit? er kunnskapstevlinga i Noregs Ung-domslag. Vi har to klasser: Junior Kven veit? for dei opp til 14 år og Senior Kven veit? for vaksne over 14 år. Gjennom tre tevlingsrundar på våren svarar deltakarane på spørsmål om til dømes politikk, kul-tur, sport og det som er tema for tevlinga. I 2009 var temaet kultur-minne og fattigdom. Andre tema har vore mat, norsk film, distrikts-politikk og ”Kva kringskasting vil vi ha i framtida?”.

Tema for 2010 er forfattar og barnebokpioner Rasmus Løland. Les meir om tema og tevlinga på www.ungdomslag.no eller ta kontakt for å få tilsendt brosjyre.

Påmelding 15. november på ungdomslag.no eller via skjema

?kvenveit

2009

Nytt manus i Dramas-arkivetRune Belsvik – ”Kor vart det av jula?”Hallvard gler seg slik til julekvelden, for då kjem storebroren heim til jul, og i kista si har han visst med ein skinande ny tinnsoldat til kvar av småbrørne sine. Men timane går og storebroren gir ikkje teikn til å skulle gå i kista etter gåver. Kanskje han ikkje har med noko likevel? Hallvard bestemmer seg for å smugkikke i kista, og då skjer det som absolutt ikkje måtte skje..

Rasmus Lølands over hundre år gamle forteljing om Hallvard er ei impo-nerande skildring av korleis barnesinnet kan stri med skam og sinne etter å ha gjort noko strengt forbode. No har dramatikar og forfattar Rune Belsvik dramatisert denne historia, og vevd inn andre forteljingar av Løland, som «Då bestemor fall frå», «Striden om himmelriker», «Kvitebjørnen», samt sitat frå «Sjølbiografi».

Vil du låne manuset, kan du gjere det via www.dramas.no

FOTO

: ASK

ER M

USE

UM

Page 29: Ungdom 3 / 2009

29

Monologar om fattigdomav Gyrid Axe Øvsteng, Veronica Salinas, Thomas Bye. Noregs Ungdomslag 2009

heftePRIS: 75,-

Under Norsk Amatørteaterfestival i vår deltok fire teatergrupper i prosjektet ”Frå tema til framsyning”. Temaet var fattigdom, og vi hyrte inn tre ulike forfattarar til å skrive monologar om kva dei assosierte med dette ordet. Resultatet, som vart seks monologar, finn du i dette heftet som er til sals frå NU-kontoret. Bestill ved å ta kontakt.

INNHALDSaldo, SuperheltFattigdom 1, Fattigdom 2Nummer 1 000 000 001, Avskjed med ein hund

Songdans og dramatikk til salsNorske folkedansar – songdansarav Klara Semb, omarbeidd og utvida av Noregs Ungdomslag

innbunden bokPRIS: 390,-

Denne klassikaren er bibelen for mange danselag. Dagens utgåve er frå 2002 og inneheldt nesten 200 songdansar. Håvard Hedde er her, det er òg Fanteguten, Tre små møyar, Rotneims-Knut, og Gubben og Gamla. Kvifor ikkje invitere dei inn i haustkvelden? Eller du kan la vere og heller synge Killa bukk, killa blakk og Her bur ei jomfru.

No er katten døde- 40 sangdanser fra Nord-NorgeTroms Ungdomsfylking 2006

innbunden bokPRIS: 300

Ei flott bok med songdansar frå Nord-Norge. Illustrert av kunstnarar frå Senjaområdet. Alle songane er skildra med tekst, melodi, dansemåte og bakgrunnsopplysingar.

Songdans til viser av Alf Prøysenav Ingrid Maurstad Tuko og Nils Steinar Slapgård. Noregs Ungdomslag 2009

heftePRIS: 150,-

Mange har eit nært og morosamt forhold til Alf Prøysen. I dette nylaga heftet er over tjue viser av Prøysen samla. Det er lagt vekt på at dansemåtane skal vere såpass enkle at ein lærar dei kjapt og hugsar dei lenge. Desse songdansane har sitt utspring i songdansmiljøet på Hedemarken, og vi håpar at andre interesserte vil ta i bruk desse songdansemåtane.

NU-butikken

Page 30: Ungdom 3 / 2009

30

Hos os får du:• Råmaterialer • Verktøy• Bøker• Saueskinnsfeller...og Inspirasjon til:• Lærfletting • Lærsøm • Pregning • Å sy dine egne skinnklær • Knivmaking• Hesteutstyr • Gyllenlær • Farging• Å lage egne belter & vesker...enten du er nybegynner eller dreven i faget!

SKINNLÅVEN

Skinn • Verktøy • Bøker • LærSmith & Bull AS Skinnlåven Tlf 32 10 31 90 / Fax 32 13 56 25E-post:[email protected]• www.skinnlaaven.no

Norges største

leverandør av skinn & lær!

SEND OSS EN

E-POST!

– og vi sender deg

vår nye flotte

KATALOG!

Skinnlaaven_88x122.indd 1 25-08-09 12:02:58

Telemarksgaten 16, 3724 Skienemail: [email protected]/skienTlf.: 35 52 26 88

Vi leverer kvinne-og mannsbunader fraØst- og Vest-Telemark- Materialpakker- Ferdige bunader- Bunadtilbehør- Hodeplagg- Sko

- Silketørkler- Regncape- Omsøm- Restaurering- Bruk fagbutikken

Den broderte Solør Odal bunaden

Husflidstua2260 KirkenærTlf. 62 94 83 60

BeauSy – Parken Kjøpesenter2100 SkarnesTlf. 62 96 14 83

Vi forhandler også hverdagsbunaden for Solør Odal

Varedens Revisjonskontor ASPostboks 806, 0104 OsloTlf. 24141200 Faks 22426772E-post: [email protected]

6493 LyngstadTelefon 71 29 57 31

faks 71 29 57 [email protected]

www.lytex.no

Hårek og Gyda

Festantrekk

Bunadsølv i 100 år!

Vi leverer sølv til• tinnbunaden• skjælestakken• vest-telemarksbunaden• øst-telemarksbunaden• beltestakken... og mange flere

Gullsmed Sandovår nettbutikk finner du påwww.sando.no

Sam Eydes gt. 63, Rjukan Tlf 35 09 05 01

Page 31: Ungdom 3 / 2009

31

Norsk folkelig dansEmnet for deg som vil utvikle eigen dansestil og dans i forhold til norsk folkelig tradisjon, stil, takt og rytme!

Lærarar: Vegar Vårdal, Ami Petersson Dregelid med fleire.

Søknadsfrist 1. juli

www.norskfolkeligdans.no

Vi har merkebutikker i Valle og Oslo:Hasla AS, 4747 Valla

Tlf. 37 93 73 80 Faks: 37 93 70 07Markveien 54, Grünerløkka i Oslo.

Tlf. 92 27 87 77 www.hasla.no

Sjå vår heimeside,ta kontakt for prisar

og tilbod.

Stort utval ibunadsylv og

smykker

Søknadar må sendast i eigne webbaserteskjema på hjemmesiden.

Meir informasjon: http://www.rff-sentret.no

Rådet for folkemusikk og folkedansNorsk Senter for folkemusikk og folkedans.Dragvoll, 7491 Trondheim, tlf: 73 59 65 77

nye bøker frå Samlaget

frode grytten

Noveller i samling

kr 249, -

anna gavalda

Lykka er ein sjeldan fuglkr 399, -

UngdomMai09 22.05.09 13:13 Side 1

Velkommen til kulturhotellet i Oslo sentrum!

Rosenkrantz’gate 8, 0159 Oslo

Tlf: 23 21 41 00

[email protected]

www.bondeheimen.com

Visste du at det einaste nynorsk- hotellet i Oslo også er nyrenovert? Flybussen går rett til døra og meir sentralt kjem du ikkje.

3629 NORE. www.stoffstugu.no Tlf./faks 32 74 52 58 - mob. 971 29 835

BUNADSENTERET I NUMEDAL

Vi syr folkedrakter fra 1700-tallet og de tradisjonelle

bunadene fra Numedal.

Kalemankstoffer Damaskforklær

Bunadsølv

Vi hjelper deg med forsikring av bedehus og forsamlingslokaler.

KNIF Trygghet Forsikring AS sitt formål er å drive skade-

forsikringsvirksomhet primært for kristne organisasjoner

og institusjoner. KNIF Trygghet tilbyr også skadeforsikring

privat for ansatte i de samme virksomhetene.

Er du er med i en av kristen-Norges mange virksomheter

som trenger forsikring? Da kan vi anbefale deg å sjekke

med KNIF Trygghet om det er penger å spare på å skifte

forsikringsselskap. Vår erfaring er at mange virksomheter

kan spare betydelig på det

Besøk oss på www.ktf-as.no

ungdomslag.no ungdomslag.no

Page 32: Ungdom 3 / 2009

32

2007 er eit merkeår for NynorskPressekontor (NPK), og for alle avisersom nyttar nynorsk på redaksjonellplass.

Etter snart 40 år som eit lite, menproduktivt pressebyrå for dei minsteog mellomstore avisene, har NPK i årteke plass mellom dei store.Samarbeidsavtalen med NorskTelegrambyrå set oss i stand til åauke aktiviteten og produktspekteretvårt, og bli eit verdifullt stofftilbodogså for større mediebedrifter.Nynorsk Pressekontor er i dagsamlokalisert med NTB og er ein delav NTB-konsernet.

NPK i ny drakt: www.npk.no

Ny giv fornynorskeni mediaEndå

endå

meir

meir

trykk

trykkNynorsk

NPK utvidar tilbodet sitt – endrar seg – spissar profilen

Kontakt oss på 22 03 44 00, eller send e-post til [email protected]

Nynorsk

• Design smykker• Verksted• Omarbeidelser

Åpningstider: Man-Fre 10-17, Tors 10-19, Lør 10-15

- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk- en l itt annerledes gullsmedbutikk

• Design smykker

• Omarbeidelser

Jon Torbergsonsvei 8, 4070 RANDABERG, v/apoteketTlf: 51 41 34 00 (gratis parkering i Randaberg)

Øvre Langgt. 443110 Tønsberg Tlf. 33313563

www.norskfl id.no

Vi har gaver som varmerVelkommen til en varmende og hyggelig handel

Norsk Flid Husfliden Tromsø, Tlf. 777 588 60

Deriblant Pledd fra Røros Tweed

ungdomslag.no

Page 33: Ungdom 3 / 2009

33

UngdomMai09 22.05.09 13:14 Side 3

Page 34: Ungdom 3 / 2009

3434

N ytt f rå Folkekultur forbundet

opplæring

Planlegg laget ditt å halde kurs? då kan laget søkje om støtte til opplæring.

Kontakt oss eller sjå www.folkekultur.no

FolK, Folkekulturforbundet, Vågå Næringshage, 2680 Vågå Telefon 61 21 77 50, [email protected],

www.folkekultur.no

Planlegg laget ditt å halde kurs? då kan laget søkje om støtte til opplæring.

Kontakt oss eller sjå www.folkekultur.no

meld INN KUrs! Kven veit? Svar på spørsmåla på side 28

1. 2469 moh.2. Reidar Hjermann3. Kristian Fjellanger er frå Lindås4. Knut5. Eit vakse piggsvin har mellom fem og sju tusen piggar

Hendig tipshefte frå folkekultur-forbundetAlle lag som er med i NU kan søke tilskot til opplærings-aktivitet frå Folkekulturforbundet. Dei siste 10 åra er dei som faktisk gjer det minka med 1/3, frå å gi tilskot til om lag 30.000 timar i året, er NU no nede i om lag 20.000 timar årleg.

Likevel har vi ingen tru på at aktiviteten i laga har minka så mykje, meldingane vi får når vi pratar med folk rundt omkring er at det skjer langt meir. Ein kjem berre ikkje så langt som til å søke tilskot og rapportere aktiviteten.

Dette er synd. I tillegg til den støtta laget får, er det viktig for fylkesledd og NU sentralt at ein får registrert og dokumentert alt som skjer i laga. Det er også eit teikn på at ein er i ferd med å misse fleire av dei gamle ressurspersonane og eldsjelene som tok seg av både organisering og undervisning, og såg kor viktig det var å melde inn aktivitet.

For å synleggjere arbeidet med opplæring i laga har FOLK laga eit tipshefte. Heftet er gratis og du får det frå FOLK (post@folkekultur, 61 21 77 50). Her kan du lese meir om opplæring og idear til korleis ein kan motivere til auka aktivitet.

Les meir på www.folkekultur.no

Mette VårdalStudiekonsulent i Folkekulturforbundet

viktig for fylkesledd og NU sentralt at ein får registrert

Page 35: Ungdom 3 / 2009

35

lagshus/ungdomshus

NorsKe KUlTUrBYggkulturbygget.no [email protected] 90 20 66 58

Anders Slaatsveen, dagleg leiarNils Seland, seniorrådgjevar

Gamalt lagsbruk – nytt direktemedlem

Dag Bondeheim og Kaffistove i Skien er nytt medlem i Norske kulturbygg, sjølv om dei har ei lang og stolt historie som lagsbruk. Dag Bondeheim er eit aksjesel-skap, skipa av Mållaget Dag i Skien. Både Mållaget og Lagsbruksfondet er aksjo-nærar. Anne-Mari S. Meier er Lagsbruksfondet sin representant i styret, og har vore ein pådrivar for med-lemsskapet. Vi ønskjer Dag Bondeheim hjarteleg velkommen!

Kaffistova MosjøenDet er Hålogaland UL og Vefsn Mållag som eig Kaffistova i Mosjøen. Norske kulturbygg er involvert i eit viktig og spennande prosjekt for å flytte kaffistova frå andre til første etasje og bruke andre etasje f.eks. til hyblar. Lagsbruksfondet har løyva prosjektmidlar og både dagleg leiar i Nk og Hans-Jul Mikkelsen, kon-sernsjefen på Bøndenes Hus, har vore på besøk, drøftingsmøte og gitt råd og veglei-ing.

HuskursDei tre fylkeslaga Nordmøre UL, Roms-dal Ungdomssamlag og Sunnmøre fri-lynde ungdomssamlag har gått saman om eit huskurs i samarbeid med Norske kul-turbygg helga 9.-11.oktober. Det er Sylte og Malme UL som er lokal tilskipar og kursstad er det nye ungdomshuset i Mal-mefjord. Sjå informasjon på nett-sidene til fylkeslaga og Norske kulturbygg.

SOFUL held sitt tredje huskurs saman med Norske kulturbygg på eitt år i sam-

Ungdomshuset i Malmefjord i Møre og Romsdal. Huset vert mellom anna brukt av Sylte og Malme ungdomslag. Foto: Norske kulturbygg

band med storkurs helga 16.-18.oktober, på Ungdomshuset Viking i Førde. Dette er del av fellesprosjektet til SOFUL og Norske kulturbygg, ‘‘Huset i bygda’’. Hordaland UL har slutta seg til dette stor-kurset.

Ungdomshuset - kulturbyggetI samband med amatørteaterfestivalen i år, laga Noregs Ungdomslag og Norske kulturbygg ei flott utstilling med fokus på ungdomshuset/lagsbruket og teater. Vi kunne sjølvsagt hatt med samtlege lags-bruk og ungdomshus, men på 20 plakatar må ein gjere eit ‘‘urettferdig’’ utval. Ut-stillinga som vart vist i Det Norske Tea-tret under Norsk amatørteaterfestival og på NU-årsmøtet på Hamar, er veleigna og god profilering av og for ungdomshusa og dei organisasjonseigde, lokale og levande kulturbygga!

kulturbygget.noGå inn på nettsida til Norske kulturbygg for meir informasjon, om du har spørs-mål, treng hjelp og råd osv. Sjå og adresse-informasjon på denne sida i ‘‘Ungdom’’.

Page 36: Ungdom 3 / 2009

B-økonomiReturadresseUngdomPostboks 414 Sentrum0103 Oslo

NU-kalenderen

Noregs UNgdomslag

www.ungdomslag.no

Telefon: 24 14 11 [email protected]

september 26. 100-års jubilumsfest i Indre Hornindal Ungdomslag, Ljosvang. 26. Storkurs på Fiskå, Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag.

oktober 9. - 11. Huskurs for ungdomslaga i Møre og Romsdal, ungdomshuset i Malmefjord, Fylkeslaga og Norske kulturbygg. 16. – 18. Storkurs og huskurs i Førde, Sogn og Fjordane Ungdomslag. 17. Jubileumsfest, Bondeungdomslaget i Oslo, 110 år. 23. Dains og Spæll i Bodø (Storkurs).

november 7. – 8. Haustmøte i Norsk Teaterråd, Lillestrøm. 12. – 15. Hilmarfestivalen, Steinkjer.20. – 22. Jubileumshelg og storkurs. Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 90 år. 28. 100-års jubileumsfest, Lindesnes Ungdomslag.

april 2010 23.-25. Landsmøte i Noregs Ungdomslag.

Heile kalenderen finn du på www.ungdomslag.no. send inn arrangement til [email protected]