8
VÅGSØY FRP 2015-2019 - Ditt val,di framtid

Vagsoy FRP

Embed Size (px)

DESCRIPTION

 

Citation preview

Page 1: Vagsoy FRP

VÅGSØY FRP 2015-2019- Ditt val,di framtid

Page 2: Vagsoy FRP

www.gulen.frp.no

Framstegspartiet sitt ideologiske grunnlag, liberalismen, tek utgangspunkt i at folk sjølve er i stand til å bestemme kva som er best for seg og sine. Vi trur ikkje

at formynderi og sentraldirigering er eigna til å skape velstand eller lykke for einskildmennesket.

Eitkvart menneske er unikt, og ein kan difor ikkje finne fellesskapsløysingar som passar alle. Vi ynskjer difor stor grad av fridom og ansvar for einskildmennesket, og eit statsapparat som i minst mogeleg grad styrer kvardagen tilinnbyggarane. Grunnlova med rot i norsk

kulturarv og god kristen etikk, er basen til eit godt og stabilt samfunn.

Paritet erkjenner at ein må ha ein

sunn økonomisk utvikling for å kunne skape velstand og trivsel for innbyggarane. Ein treng då eit lønsamtnæringsliv som investerer og sysselset innbyggarane for å få til. God offentleg infrastruktur, framtids-retta planarbeid og rask og positiv saks-handsaming er einføresetnad for trivsel og eit godt og stabilt arbeids og næringsliv.

Framstegspartiet sin ideologi

www.vagsoy.frp.no

Page 3: Vagsoy FRP

Då Framstegspartiet endeleg fekk regjeringsmakt for to år sidan, fekk FrP både i fylket og lokalt innverknad på politikken i som førast i landet. Vågsøy FrP har tett kontakt med fleire av våre folk i regjeringsapparatet. Kystvegen og Stadt Skipstunell er mellom sakene vi då drøftar.

Ein må og nemne landsmøtevedtaket våren 2014 om at FrP skulle seie nei til ein statleg garanti på nær 40 milliardar kroner til vinter-OL i Oslo. Det var Sogn og Fjordane FrP, med Frank Willy Djuvik og Hogne Bleie i spissen, som føreslo og kjempa gjennom standpunktet som sparte landet for ein pengebruk som kunne finansiert heile Kystvegen åleine! Vågsøy FrP og fylkespartiet har vidare vore ein pådrivar for fornying av skattepolitikken. Fjerning av arveavgifta og nedbygging av den næringsfiendtlege og heimlandsdiskriminerande formuesskatten er vikti-ge milepælar.

Utøvande politisk makt

FrP si liste til kommunestyrevalet i Vågsøy

1. Hogne Bleie f 19672. Sølvi Grov f 19483. Kjell Bjørn Refvik f 19714. Ronny Mobakken f 19755. Louise Vikanes f 19736. Julian Filipowicz f 19587. Borys Sukhanyk f 1972

Hogne Bleie i møte medpolitisk leiing i samferdsledepartementet

www.vagsoy.frp.no

Page 4: Vagsoy FRP

Vågsøy FrP har i kommunestyreperioden vore prinsippfaste og tydelige Vågsøy FrP har vore løysingsorientert og fremma politisk samarbeid FrP i kommunen var ein pådrivar for å få vedteke kommunedelplanen for oppvekst, der det går fram at en skal ha fem barneskuler i kommunen. Kapitalkostnadane ved å utvide mottaksskulane vil overstige den økonomiske driftsgevinsten ved å legge to skular Vi har gjennom politisk samarbeid makta å stå imot ei auke av den udemokratiske og usosiale eigedomsskatten, som burde vore fjerna Vågsøy FrP har saman med andre gått inn for oppussing av dei eksisterande ungdomsskolebygga på Gotteberg. Om dette ikkje kan gjennomførast, ønskjer vi å bygge ein ny ungdomsskule på Tennebø, der ein kunne nytte eksisterande idrettshall, kantiner og komande symjehall Vågsøy FrP har vore mot bygging av et nytt ungdomsskolebygg på Gotteberg, som vil medføre store unødvendige kostnader med ukjent sluttbeløp. Rådmannen ynskjer å finansiere auka kostnader med maksimal eigedomsskatt, ei auke frå 4 til 7 promille Vågsøy FrP har alltid vært positive til private tiltak i kommunen, slik som private barnehager Stadt skipstunnel har Vågsøy FrP kjempa for sidan midten av 1980-tallet Vågsøy FrP har tala varmt for ein ny og slagkraftig kystkommune FrP har bidrege sterkt til finansiering av Måløyraidsenteret

Vågsøy FrP har synt at vi er til å stole på

Sølvi Grov2. kandidat

Kjell Bjørn Refvik3. kandidat

www.vagsoy.frp.no

Page 5: Vagsoy FRP

Ei strukturendring i kommuneleiinga for effektiv saksgang, gode tenester og trygge arbeidsforhold for dei tilsette Kommandolinjer, ansvarsområde og stillingsinstruksar skal være tydelige Openheit om pågåande prosessar der politikarane skal være delaktige Meir makt frå byråkratiet til folket. Kommunestyret skal bestemme på vegne av veljarane og ikkje styrast av kommuneadministrasjonen Ein ordfører som er synlig, handlekraftig og fokusert på at kommunen skal fungere godt Ordføraren er innbyggjarane sin ombodsmann og ikkje ein del av administrasjonen Fornying av kommunedelplan for arealbruk, som ikkje har vore rullert på mange år Tilbod til dei unge, også dei som ynskjer utradisjonelle aktivitetar slik som motorsport God eldreomsorg, der det er ein balanse mellom heimetenester og nok institusjonsplassar Eit robust helsestell for alle Vågsøy FrP ynskjer ein kystkommune, der ein har felles historie, lik kultur og eit næringsliv knytt til virke ved og på sjøen Vågsøy, som ein av dei mest folkerike kommunane i fylket, må gå føre i denne prosessen Kjempe for eit framleis allsidig tilbod ved Måløy Vidaregåande skule Kystvegen som ein samanhengande riksveg, der strekninga Florø – Måløy – Ulsteinvik med bru over ytre Nordfjord vert prioritert Oppstart av bygging av Stadt skipstunell med parallell bilvegtunell

FrP ynskjer i kommande kommunestyreperiode

Gje oss ny tillit, stem FrP!

www.vagsoy.frp.no

Page 6: Vagsoy FRP

FRIDOM

Sogn og Fjordane FrP sine viktigaste sakerAuka verdiskapingVerdiar og arbeidsplassar oppstår ikkje av seg sjølv, og dei oppstår aldri ved å kjempe for at alt skal være som det alltid har vært. FrP er oppteken av at Sogn og Fjordane skal utnytte dei moglegheitene som ligg i sam-funnsendringane, og utnytte alle dei fortrinna fylket har både når det gjeld naturressursar og skaparkrafta i det private næringslivet.

Vekst i folketalFolketalsauke er den viktigaste enkeltfaktoren for å kunne sikre gode lokale tenester for innbyggjarane. Den manglande politiske evna og viljen til å skape attraktive bu- og arbeidsregionar, og til ikkje å satse på rammevilkår for det private næringslivet må snu, om vi skal snu folketalsutviklinga. At-traktive lokalmiljø med varierte arbeidsplassar, og større satsing på infra-struktur langs kysten, er avgjerande faktorar for å lukkast.

Gode skuletilbodDei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane er blant landets beste. Men ein førestenad for at det skal være slik i framtida er at skulestrukturen er di-mensjonert etter elevtalet, at skulane er attraktive for elevane, og at studie-tilbodet er tilpassa næringslivet sine behov i fylket. FrP vil sikre at elevar får høve til å velje den skulen og det utdanningsløpet dei sjølv ynskjer, også over fylkesgrensene. Politiske og byråkratiske grenser skal ikkje hindre ungdommane i å forfølge draumane sine.

Page 7: Vagsoy FRP

TRYGGLEIK

Sogn og Fjordane FrP sine viktigaste saker Vi tek fylket inn i framtidaVelferd før innvandring

Betre infrastruktur

FrP er det einaste partiet som er tydeleg på at overdriven innvandringsvekker samfunnet si bæreevne og framtidas velferdsstenester. FrP vilarbeide hardt for å begrense asyl- og flyktningtilstrømminga til Norge, og vil heller betre integreringa og byggje velferdssamfunnet. Som nasjon kan Norge hjelpe mange hundretusen fleire flyktningar i nærområda enn ved å ta nokre få til Norge.

Infrastruktur er heilt avgjerande for å skape vekstkraftige bu- og arbeids-regionar, som igjen gjer auka verdiskaping og folketal. Sjølv om det aldri har blitt løyvd mer pengar til samferdsle enn etter at FrP kom i regjering, så er eit sterkt FrP på fylkestinget heilt avgjerande for at vi skal få realisertprosjekt som Kystvegen Ålesund-Bergen og Stad Skipstunnel. Ei sterk satsing på infrastruktur langs kysten av fylket vil gjere fylket attraktivt, og sikre auka verdiskaping og folketal. Ein viktig del av infrastrukturen, som FrP vil satse på, er fullverdige og godt utbygde breiband- og mobilnett i heile fylket.

Gjennom den tette dialogen våre representantar har med det sentraleregjeringsapparatet, har FrP dei største førestnadane for å påverkeslik at løyvingar til samferdsleprosjekt i vårt fylkevert prioritert i åra framover.

Page 8: Vagsoy FRP

Følg oss påSogn og Fjordane FrP

HANDLEKRAFT

FrP sine 10 øvste kandidatar til fylkestingsvalet1. Frank Willy Djuvik Flora2. Marita Gunn Aarvik Selje3. Rita Navarsete Sogndal4. Kristine Lie Førde5. Anders Magne Vik Stryn6. Britt Dalsbotten Førde7. Hogne Bleie Vågsøy8. Turid V. Borgund Eid9. Bjarne Holme Flora10. Gjert Knarvik Gulen

På våre facebooksider finn du mykje meir info om FrP sine saker og kandidatar. Blant anna vårt fylkespro-gram, videopresentasjonar og mykje meir.

Dei politiske partia har forskjellige løysingar på samfunnsutfordringane, og slik skal det være i eit demokrati. Forskjellen på FrP og dei andre partia er likevel i hovudsak at våre politikarar har handlekraft nok til å settje politikk ut i livet, og ikkje drive lange byråkratiske prosessar. I regjering, og i ein lang rekke norske kommunar og fylkeskommunar, så har FrP og våre politikarar teke tak og gjen-nomført politikk til beste for innbyggjarane. Det kan og verte ein realitet i Sogn

og Fjordane etter valet.

Det er få fylke som treng FrP meir enn Sogn og Fjordane. Fylket treng tydelege, ærlege politikarar, som både har evne og vilje til realisere det potensi-

alet Sogn og Fjordane har.

Om du gjer oss sjansen 14. september, så kjem våre kandidatar garantert ikkje til å skuffe deg. Godt val!