10
VALESTRAND KULTURKYRKJE OG STORD KYRKJEAKADEMI Valestrand kulturkyrkje STORD KYRKJEAKADEMI Program februar – juli 2017

VALESTRAND KULTURKYRKJE - Norske kirkeakademier (NKA) · skil lag og me samstundes feirar 500 år for tesene til Martin Luther kan det vera på sin plass å ta opp spørsmålet: "

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

  • VALESTRAND KULTURKYRKJE OG STORD KYRKJEAKADEMI

    Valestrand

    kulturkyrkje

    STORD KYRKJEAKADEMI

    Program februar – juli 2017

  • Martin Luther – reformator men slett ikkje helgen

    Gratis inngong

    Kafè

    Martin Luther Valestrand

    kulturkyrkje Onsdag

    8. februar Kl.19.00

    2017 er det store jubileumsåret for

    reformasjonen. Heile 500 år er gått

    sidan Martin Luther slo opp tesane sine i Wittenberg!

    I Valestrand kulturkyrkje markerar vi dette

    med eit føredrag av pensjonert prost

    Gunnar Salomonsen.

    Han meiner at tysk og europeisk historie

    frå 1500-talet ikkje let seg forstå utan Martin Luther som sentral aktør. Luther

    var barn av si tid, men det er god grunn til

    å spørja: er han framleis aktuell eller totalt utgått på dato? Me vil henta fram noko av

    det som gjer han til ei vedvarande

    inspirasjonskjelde.

    Martin Luther var svært glad i musikk og song, og kunne både spela og syngja sjølv.

    Han har og skrive mange salmar som

    framleis er i bruk. 17 av dei er med i den nye salmeboka, og me vil syngja eit par av

    dei denne kvelden.

    Kan hende vert det og solosong.

    Kantor Steinar Alvsaker deltek på orgelet.

  • Bror Haavar Simon er ordensbror i dominikanarordenen i den Katolske kyrkja, og bur no saman med brørne i St Dominikus kloster i Oslo. Av mange vert han sett på som «arvtakaren» etter Arnfinn Haram. Yrkesmessig har han ein allsidig bakgrunn, m.a. som som tømrar, teknikar og landskaps-arkitekt. Mange vil òg kjenna han som fast spaltist i «Klassekampen».

    Martin Luther og reformasjonen sett frå katolsk perspektiv

    Inngongs- pengar Kr. 100

    Martin Luther Stord

    folkebibliotek, Kulturhuset

    Stord

    Torsdag 23. februar

    Kl.19.00

    2017 er sjølve Luther-året, det året då dei protestantiske kyrkjene markerer 500 årsjubiléet for «startskotet» for reformasjonen, då Martin Luther publiserte sine 95 tesar mot avlatshandelen. Og ikkje berre kyrkjene jubilérer; i Tyskland vert dette markert med storslagne arrangement med mange slag fokus. Men korleis ser reformasjonen ut frå katolsk perspektiv? I det protestantiske Nord-Europa har det vore lite interesse for dette, endå dei tankane, reaksjonane og refleksjonane som reformasjonen har vekt gjennom dei 500 åra innan den katolske verda i høgaste grad skulle kunna utvida dei protestantiske synsmåtane.

    Årsmøte I forkant av dette møtet, kl. 18.30, vert det årsmøte i Stord kyrkjeakademi.

    Møtet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Stord folkebibliotek.

  • Kristin Asbjørnsen saman med Ablaye Cissoko og Olav Torget

    Traces of You Valestrand

    kulturkyrkje

    Søndag 12.mars Kl.19.00

    Våren 2016 introduserte Kristin Asbjørnsen sitt nye samarbeid med den senegalesiske koraspelaren Ablaye Cissoko og gitarist Olav Torget. Konserten ”Traces of you” var eit tingingsverk skrive av Kristin Asbjørnsen for Global Oslo Music og vart framførd 12.mars på Caféteatret i Oslo med eineståande respons. Trioen opnar eit nytt landskap i Kristins musikkunivers med mange fasettar. Musikken har avtrykk frå båe vestafrikansk musikk, visesong og kontemplativ nordisk jazz. Musikarane har saman utvikla arrangementa. I en særs vakker og original ensemblesound vert sildrande kora, gitarar og song vove saman i eit organisk, kammermusikalsk lydlandskap. Tematisk kretsar songane rundt tap, livsavtrykk og kjærleikens omdanningar. Det er duka for ei unik konsertoppleving med tre sterke utøvarstemmer!

    Konserten er eit samarbeid mellom Fartein Valen-stiftelsen og Valestrand kulturkyrkje

    Billettar kan kjøpast på nett: Sjå www.farteinvalen.no

    Olav Torget-gitarer & vokal/Kristin Asbjørnsen-vokal/Ablaye Cissoko-kora & vokal

    Billettpris Kr. 300

  • Kjartan Fløgstad i fri dressur

    Inngongs- pengar Kr. 100

    Kjartan Fløgstad Stord

    folkebibliotek, Kulturhuset

    Stord

    Onsdag 29. mars Kl.19.00

    Kjartan Fløgstad er ein av våre mest profilerte forfattarar, kjend gjennom eit tjuetals romanar, ei lang rekkje esseysamlingar, dikt, skodespel og biografiar. Han har mellom anna fått Nordisk Råds litteraturpris, Aschehougprisen, Gyldendalsprisen og Brageprisen.

    Kjartan Fløgstad har ein allsidig yrkesbakgrunn, mellom anna som sjømann og industriarbeidar, og røynslene frå dette spelar ofte ei viktig rolle i forfattarskapen hans.

    Denne kvelden vil han i laus og ledig stil «slentra» gjennom deler av forfattar-skapet sitt, med «skråblikk» hit og dit.

    Møtet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Stord folkebibliotek.

  • Sigvart Dagsland har ei stemme som har fått stor merksemd gjennom fleire tiår. 30. september 2017 vart hans siste album «Røst» lansert . Vi ynskjer å invitere til ein spanande kombinasjon med duoen Sigvart Dagsland og Torjus Vierli og ei gruppe av våre fremste musikarar innan den klassiske musikktradisjonen - Vertavokvartetten. Jarle Storløkken har laga arrangement til fleire av songane til Dagsland som dei vil framføre saman. Vi trur dette samarbeidet vil gi endå ein dimensjon til Dagsland sin musikk. På programmet står mellom anna «Røst», «Ude Og Fyge» og «Ingenmannsland». I tillegg vil vi få høyre fleire av dei songane vi kjenner så godt fra før.

    Sigvart Dagsland saman med Vertavokvartetten og Torjus Vierli

    Billettpris Kr. 350

    Sigvart Dagsland Laiv Valestrand

    kulturkyrkje

    Onsdag 29. mars Kl.18.00

    Denne konserten er eit samarbeid med Fartein Valen-stiftelsen og vert halden i Valen sitt eige landskap – Valestrand kulturkyrkje. Dette er eit kyrkjerom som har vorte rusta opp med tanke på å kunne gi ei god lydoppleving for båe reine akustiske konsertar og for konsertar som tar i bruk PA.

    Vertavokvartetten har ein energisk og musikalsk drivande spelestil. Øyvor Volle og Annabelle Meare på fiolin, Berit Cardas på bratsj og Bjørg Lewis på cello.

    Torjus Vierli er en norsk musikar som spelar piano og synthesizer. Han spelar fast med bandet Vintermåne, og har samarbeida med mange kjende artistar.

    Billettar kan kjøpast på nett: Sjå www.farteinvalen.no

    https://no.wikipedia.org/wiki/Pianohttps://no.wikipedia.org/wiki/Synthesizerhttps://no.wikipedia.org/wiki/Vinterm%C3%A5ne

  • Ad Libitum inviterar til konsert med Ola Bremnes

    Ola Bremnes/Ad Libitum Sveio kyrkje

    Søndag 23. april Kl.19.00

    Igjen er Ad Libitum i gong med å øva til ny stor konsert i Sveio kyrkje. Denne gongen har det fått med seg den kjende musikaren, forfattaren og trubaduren Ola Bremnes. Saman med Kristin Skaare på tangentar, Torbjørn Økland på gitar og Fredrik Luhr Dietrichson på bass framfører dei mange kjende og nye låtar. Per Bjørn Habbestad dirigerar Ad Libitum.

    Inngongs- pengar

    Sjå dagspressa

  • Kor kristent skal Noreg vera? Ein samtale mellom filosof Henrik Syse

    og biskop Halvor Nordhaug

    Nordhaug og Syse Nysæter

    kyrkje Tysdag

    25. april Kl.19.00

    I eit historisk år der kyrkje og stat skil lag og me samstundes feirar 500 år for tesene til Martin Luther kan det vera på sin plass å ta opp spørsmålet: " Kor kristent skal Noreg vera ". Dette er òg tittelen på ei bok som biskop Halvor Nordhaug og filosof Henrik Syse har skrive i lag. Denne boka er utgangspunktet for samtalen dei vil føra denne kvelden.

    Inngongs- pengar Kr. 100

  • Kaffi og vaffelrøre skal stå klar til sjølvbetjening. Lokale lag og organisasjonar hjelper soknerådet med å halda open kyrkje i sommar. Dei som rek langs vegen og alle andre kan ta turen innom. Stell av graver kan kombinerast med ei stille stund i kyrkja og kan hende ein prat over ein kopp kaffi og å sjå på utstillinga.

    Olsok vert det pilegrimsvandring ut til kyrkjegarden ved havet med

    gudstenestefeiring og grilling

    Open kyrkje i juli Valestrand

    kulturkyrkje

    Tysdag/onsdag og torsdag i juli kl. 14.00-17.00

    Kvar tysdag, onsdag og torsdag i heile juli er Valestrand kulturkyrkje open.

    Olsok-gudsteneste

    Kolera- Kyrkjegarden

    i Leirvåg

    Lørdag 29.juli

    Kl. 18.00

    Prest vert Fartein Valen Sendstad og forsongar vert truleg Sølvi Vinnes. Kolerakyrkjegarden i Leirvåg er best kjend som ”Kirkegården ved havet”, fordi staden gav inspirasjon til ein av dei mest kjende komposisjonane til Fartein Valen. I dag er det mest berre i Sunnhordland ein finn slike kyrkjegardar. Turen startar ved Nappa-brua og tek om lag 20 min. Kjør vegen til Vassli/Nappen. Parker ved brua til Nappen og følg merka sti fram. Møt opp kl 17.00 så går me i samla flokk ut til kyrkjegarden. Grilling etter gudstenesta. Ta med grillmat.

    OBS! Dersom værgudane er like

    vrange som i fjor vert gudstenesta halden i Valen

    kapell kl. 18.00.

  • Sarah Kibler Livesay frå Tittelsnes er vår utstillar i juli

    Sommarutstilling Valestrand

    kulturkyrkje Opning Tysdag 4. juli

    Kl. 19.00

    Sarah er født i Texas, USA og flyttet med sin familie til Norge som 8-åring. Her lærte hun seg norsk blant annet gjennom kreativ lek og i hestestallen. Som 16-åring

    flyttet hun med familien tilbake til Texas, men etter fullført Bachelorgrad tok hun

    med seg hesten sin og flyttet tilbake til Norge - først til Stavanger, så til et småbruk på Tittelsnes. Hun underviser i visuell kunst ved Sveio Kulturskole samtidig som hun

    studerer til master i Kreative fag og læreprosesser ved Høyskolen på Stord.

    Arbeidene som vises i Valestrand Kulturkirke har sitt utspring i hennes masterarbeid

    og tar blant annet for seg hennes refleksjoner rundt egne læreprosesser.

    I I utstillingen – Betydningsfull bevegelse

    undersøker Sarah Kibler Livesay f.1978

    bevegelsesmønstre hos mennesker og dyr. Gjennom å utstyre seg selv, sine barn og et

    par av hennes sauer med GPS-sendere for

    deretter å gjengi deres bevegelsesmønstre visuelt, tar hun ikke kun opp problemstillinger

    knyttet til overvåkingssamfunnet, men søker

    også å vise hvordan våre og dyrenes beveg-elsesmønstre er knyttet opp til handlinger, og

    videre hvordan dette kan danne utgangs-

    punktet for opplevelse, fortolkning og reflek-sjon hos de som betrakter dem.

    Videre utforsker hun kultur og tradisjon i for-skjellige sammenhenger, blant annet gjennom

    jakten på det perfekte familieportrettet.

    Side 1 KristinSide 3 Luther GunnarSide 5 Luther StordSide 6 Kristin konsertSide 7 Kjartan FløgstadSide 10 Sigvart DagslandSide 11 Bremnes Ad LibitumSide 12 Nordhaug SyseSide 14 Open kyrkjeSide 15 Sommarutstilling