20
KSL-STANDARD Versjon 12, oktober 2016 – nynorsk STANDARDAVTALAR 11– Inn på tunet

VEILEDER STANDARDAVTALAR - Matmerk

  • Upload
    others

  • View
    6

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: VEILEDER STANDARDAVTALAR - Matmerk

KSL-STANDARDVersjon 12, oktober 2016 – nynorsk

VEILEDER 1 – Generelle krav til gårdenSTANDARDAVTALAR 11– Inn på tunet

Page 2: VEILEDER STANDARDAVTALAR - Matmerk

2 11 - Inn på tunet - Standardavtalar

Generell del

1 PARTAR

Dette er ein avtale om levering av Inn på tunet-teneste mellom :

gardbrukar/føretak (heretter kalla tilbydar)

og

(heretter kalla kjøpar)

2 FORMÅLET MED AVTALEN

Formålet med avtalen er at brukarane gjennom deltaking i arbeidsoppgåver og kvardagslivet på garden får positive opplevingar som bidreg til ein følelse av meistring og positiv eigenutvikling.

Inn på tunet-tenester skal ikkje karakteriserast som institusjonar eller bære preg av behandling. Tiltaket skal likevel ta sikte på å bidra positivt til dei utfordringar som den enkelte brukaren har. Brukarane skal gjennom kortare opphald på garden få oppgåver og delta i aktivitetar som i størst mogleg grad har ei naturleg tilknyting til den ordinære gardsdrifta.

Opplegget på garden må leggast til rette slik at det er tilpassa dei føresetnadene og avgrensingane som den enkelte brukaren har.

For nærare beskriving av det aktuelle tiltaket, sjå Spesiell del på side 8.

3 STAD

Tenesta skal ytast på

(gardsbruk)

Dette inkluderer eventuelle aktivitetar utanfor sjølve garden som har ei nær tilknyting til gards-verksemda. Tilbydar legg til rette for bruk av nødvendige bygningar og område.

4 AVTALEPERIODE

Avtalen er inngått for perioden - (dd.mm.åååå), med moglegheit for forlenging når perioden går ut.

Avtaleomforlengingskalvereavklartinnanfiremånaderføravtalengårut.

5 PRØVEPERIODE

Det er ein gjensidig prøveperiode på seks månader. Avtalen kan berre seiast opp etter prøve-perioden dersom det ligg føre sakleg grunn.

Den part som vil vise til forhold som kan danne grunnlag for å seie opp avtalen i løpet av prøve-perioden, må orientere den andre parten om den aktuelle årsaka og gi rimeleg anledning til å rette opp i forholdet.

6 PRIS OG FAKTURERING

Det betalast NOK ekskl. mva. pr. dag. Beløpet regulerast årleg etter konsumprisindeksen.

Page 3: VEILEDER STANDARDAVTALAR - Matmerk

11 - Inn på tunet - Standardavtalar 3

Tilbydar fakturerer også for avtalte dagar der brukar/kjøpar melder forfall. Dersom kjøparen ikkje brukar det avtalte tenestetilbodet, blir kjøpar fakturert i samsvar med avtalen.

Ved behov for utvida opningstid kan dette avtalast særskilt på førehand mot ekstra vederlag.

Tilbydar fakturer etterskotsvis ein gong pr. månad, med 14 dagars betalingsfrist.

Faktura sendast til: Ved forseinka betaling kjem forseinkingsrenter i tillegg.

Dagsprisen inkluderer (angi punkt):

Dagsprisen inkluderer ikkje (angi punkt):

7 ANSVAR UT FRÅ LOVVERK, TILLATINGAR OSV.

Kjøpar har ansvar for at det avtalte IPT-tilbodet er i samsvar med den lovgivinga som gjeld for brukarane sin rett til tilbod og behandling.

Kjøpar har ansvaret for at det blir lagt fram politiattest for dei tilfelle der dette er nødvendig (sjå Spesiell del).

Dersom det trengs særskilte tillatingar for at aktuelle brukarar kan delta i IPT-tiltaket eller særskilte aktivitetar knytt til IPT, er kjøpar ansvarleg for å innhente dette.

Dersom det trengst samtykke frå føresette, verje eller andre for å gjennomføre IPT-tenesta eller særskilte aktivitetar knytt til IPT, har kjøpar ansvar for å innhente dette.

Tilbydar har ansvar for at gardsdrifta, inkludert IPT-verksemda, er i samsvar med krava til helse, miljø og tryggleik (HMS) i Kvalitetssystem i landbruket og Inn på tunet (KSL-IPT).

8 KJØPAR SIN INFORMASJONSPLIKT OG INFORMASJONSANSVAR

Kjøpar har ansvar for å informere tilbydar om helsa til brukarane, særlege behov og behandlings-opplegg i den utstrekning det er relevant for å sikre ei god og forsvarleg gjennomføring av IPT-tenesta. Kjøpar er ansvarleg for å gi rettleiing dersom brukarar har særskilte behov som tilbydar må følgje opp i samband IPT-opphalda.

Kjøpar er ansvarleg for å gi informasjon til føresette/pårørande om IPT-tilbodet.

9 LOKALE OG UTSTYR

Brukarane skal ha tilgang på innandørs fasilitetar som garderobe, toalett med vask og lunsj- og pauserom.

Ved døgntilbod skal brukarane ha soverom med sengetøy og tilgang på dusj, samt servering av eit

varmt middagsmåltid og frukost.

Page 4: VEILEDER STANDARDAVTALAR - Matmerk

4 11 - Inn på tunet - Standardavtalar

10 PERSONALE

Gjennomføring av det avtalte tiltaket krev følgjande personale:

Tilbydar har ansvar for at garden er bemanna med nødvendig personale på tidspunkta når brukarane er til stades. Tilbydar har ansvar for vikar ved forfall.

Det skal avtalast særskilt dersom det viser seg å vere nødvendig at personell i regi av kjøparen er til stades ved gjennomføring av aktivitetane på garden. Kjøpar har det arbeidsrettslege ansvaret for eige personell som er til stades på tiltaket.

11 FORHOLDET TIL ANDRE IPT-TILTAK OG ANDRE KJØPARAR

Tilbydar kan inngå andre avtalar om å levere andre IPT-tenester i den grad dette kan sameinast med å gjennomføre denne avtalen på ein god måte som sikrar behova til brukarane.

12 FORSIKRINGAR

Kjøpar har ansvar for at brukarane er forsikra mot ulykker og skadar i tilknyting til IPT-tenesta. Kjøpar har også ansvar for å forsikre eventuelt personell som følgjer med. Kjøpar har ansvar for å informere tilbydar om korleis brukarane er forsikra.

Tilbydar har ansvaret for å forsikre eige personell, eigen eigedom og eigendomen til tredjemann mot ulykker og skadar som følgje av IPT- verksemda.

13 KVALITETSSIKRING OG EVALUERING AV INN PÅ TUNET-TENESTA

Kjøpar har ansvar for å gi tilbydar den rettleiinga som er nødvendig når avtalen blir sett i verk og undervegs gjennom avtaleperioden. Det skal vere ein kontaktperson hos kjøpar som står til disposisjon for både tilbydaren og brukarane.

Ein relevant fagperson står til disposisjon for gardbrukaren for spørsmål og rettleiing med omsyn til aktuelle problemstillingar knytt til dei aktuelle brukarane sine utfordringar og behov. Bruk av fagperson skal betalast av kjøpar.

Tilbydar skal føre logg i samsvar med punkt 14 i avtalen for dei dagane brukarane er på garden. Loggen for siste månad skal sendast oppdragsgivar ved utløpet av månaden.

Det skal settast ned ei rettleiingsgruppe beståande av: - tilbydar - kjøpar - relevant fagperson - pårørande Rettleiingsgruppa skal treffast i løpet av den første perioden på seks veker, og utover dette

minst ein gong i halvåret. Kjøpar har ansvaret for å innkalle til møter.

Page 5: VEILEDER STANDARDAVTALAR - Matmerk

11 - Inn på tunet - Standardavtalar 5

Dersomenkelteellerfleirebrukararhareithøgtfråværsomikkjekjemavsjukdom,skal rettleiingsgruppa vurdere om det skal setjast i verk tiltak for å auke oppmøtet.

Kjøpar har ansvar for at rettleiingsgruppa gjennomfører ei årleg evaluering av tenesta. Evalueringa skal omfatte alle punkt i avtalen og alle aktuelle forhold i tilknyting til IPT- aktiviteten. Dersom det vurderast å vere hensiktsmessig for evalueringa, kan det gjennomførast ei brukarundersøking.

14 LOGGFØRING

Tilbydar skal føre logg for gjennomføring av aktivitetane.

Loggen skal registrera brukarane sitt oppmøte og fråvær, gjennomføring av aktivitetar og eventuelle hendingar som har betyding for brukarane og som er relevante for evalueringa av tiltaket. Loggen skal oppbevarast i samsvar med reglane som gjeld for teiepliktige opplysingar og i samsvar med personopplysningslova, sjå punkta 18 og 19.

15 KURS, OPPLÆRING OG FAGLEG UTVIKLING

For kurs som kjøpar ønskjer at tilbydar skal delta på, dekkjer kjøpar kursavgift, reisegodtgjersle og tapt inntekt.

Tilbydar har utover dette ansvar for å halde seg orientert gjennom informasjon og rettleiing som kjøpar formidlar. Tilbydar har sjølv eit ansvar for å gjere nødvendige konsultasjonar undervegs med den fagpersonen som er stilt til disposisjon for tiltaket. Tilbydar har ansvar for å lære opp anna personell som blir brukt i tiltaket.

16 HELSE, MILJØ OG TRYGGLEIK (HMS)

Tilbydar skal bruke det nasjonale kvalitetssystemet for Inn på tunet-tenester. Dette er ein integrert del av Kvalitetssystem i Landbruket (KSL). Del 1 i KSL-standarden, Generelle krav til garden og Dokumentasjonshefte for HMS-arbeid på garden er ein del av dette systemet og skal ligge til grunn for IPT-tenesta.

Tilbydar skal dokumentere at garden med eit tilfredsstillande internkontrollsystem oppfyller krava til helse, miljø og tryggleik i avtaleperioden.

Tilbydar skal saman med oppdragsgjevaren vurdere om det er nødvendig med ytterlegare tiltak på garden utover dei ordinære krava til helse, miljø og tryggleik når brukarane er til stades.

Tilbydar og aktuelle vikarar må ha gjennomført førstehjelpskurs.

Brukarane må ikkje setjast til arbeid som ikkje er i samsvar med bestemmingane i arbeidsmiljølova og forskriftene til denne.

17 KONTAKTPERSONAR VED AKUTT SITUASJON/KRISESITUASJON

Dersom det oppstår ein akutt situasjon/krisesituasjon og tilbydar har behov for å komme i kontakt med kjøpar og/eller føresette straks, gjeld denne kontaktinformasjonen:

Kontaktinformasjon kjøpar:

Kontaktinformasjon føresette:

Page 6: VEILEDER STANDARDAVTALAR - Matmerk

6 11 - Inn på tunet - Standardavtalar

18 TEIEPLIKT

Tilbydar og andre involverte, inkludert vikarar, har teieplikt om personlege forhold om brukarane som dei måtte få kjennskap til i samband med IPT-tenesta.

Alle som er involvert i prosjektet i ein slik grad at dei får kjennskap til opplysingar som er under-lagt teieplikt, skal underteikne ei erklæring om teieplikt.

Kjøpar har ansvar for å orientere og rettleie tilbydar om teieplikta.

19 OPPBEVARING AV PERSONOPPLYSINGAR LoggogandrekonfidensielleopplysingarombrukaraneavIPT-tenestaskaloppbevarast

utilgjengeleg for andre enn dei personane som er involverte i tenesta.

Detskalikkjeloggførast(jf.punkt14omloggføring)fleirepersonlegeopplysingarenndetsomer nødvendig og relevant for tenesta. Opplysingane skal ikkje lagrast lengre enn det som er nød-vendig for formålet med loggføringa. Opplysingane skal slettast på ein slik måte at dei ikkje er tilgjengelege for andre seinare.

Kjøpar har ansvar for å orientere og rettleie tilbydar om oppbevaring av personopplysingar i sam-band med IPT-tiltaket. Kjøpar orienterer tilbydar om eventuelle lovendringar som krev nye rutinar.

Kjøpar og tilbydar har avtalt desse rutinane for oppbevaring av personopplysingar knytt til brukarane for dette tiltaket:

Oppbevaringsmåte:

Oppbevaringstid:

Sletterutinar:

20 OPPSEIING AV AVTALEN FØR AVTALEPERIODEN ER SLUTT Avtalen kan som utgangspunkt ikkje seiast opp i løpet av avtaleperioden med mindre avtale-

partane er einige om å avvikle avtaleforholdet, eller om følgjande omstende ligg føre:

Ingen brukarar Avtalen kan seiast opp med to månaders varsel av kjøpar dersom det ikkje lenger er brukarar til

tilbodet. Før oppseiing skal kjøpar vurdere om andre brukarar kan vere aktuelle, og avtalen kan tilpassast dette.

Innhaldet i tilbodet fell bort Avtalen kan seiast opp med to månaders varsel dersom ordinær gardsdrift blir avvikla eller det

sentrale innhaldet i tilbodet på annen måte fell bort.

Tilbydar skal på eit tidleg tidspunkt informere kjøpar om dei forholda som kan medføre oppseiing, slik at ei avvikling av avtalen kan planleggast og kjøpar får rimeleg moglegheit til å finnenytilbydarførtilbodetsluttar.

Eigarskifte på garden Dersom garden skiftar eigar kan ny eigar tre inn i avtalen dersom kjøpar samtykker. Tilbydar skal

så tidleg som mogleg informere kjøpar om eigarskifte slik at det kan avklarast på førehand om avtalen blir ført vidare med ny eigar.

Langvarig sjukdom eller skade Avtalen kan også seiast opp av tilbydar med to månaders varsel ved langvarig sjukdom eller

skade som gjer det vanskeleg å oppretthalde IPT-tilbodet. I oppseiingsperioden er tilbydaren ansvarleg for vikar. Om vikarar, sjå punkt 10.

Page 7: VEILEDER STANDARDAVTALAR - Matmerk

11 - Inn på tunet - Standardavtalar 7

Avtalen kan seiast opp med omgåande verknad dersom tilbydar ikkje lenger oppfyller gjeldande vandelskrav, sjå punkt 7 i Spesiell del.

Vesentleg misleghald Avtalen kan seiast opp av begge partar når det ligg føre vesentleg misleghald. Før ei oppseiing

skal den som mislegheld få anledning til å rette opp forholdet, sjå punkt 21 om misleghald.

21 MISLEGHALD

Ved vesentleg misleghald kan begge partar seie opp avtalen. Før ei oppseiing kan skje, må den parten som hevdar at det ligg føre vesentleg misleghald skriftleg gjere greie for kva som reknast som vesentleg misleghald, og kva ein krev blit retta. Dei påpeikte forholda må bringast i orden innan ein fastsatt frist. For at den skriftlege utgreiinga skal gi grunnlag for oppseiing av avtalen, må ho innehalde eit varsel om at avtalen kan bli sagt opp dersom retting ikkje har skjedd innan fristen. Den som blir skulda for misleghald må få anledning til å uttale seg før oppseiing kan gjennomførast. Dersom misleghaldet gjeld brot på krav til helse, miljø og tryggleik (HMS) og utgjer ein risiko for skade på person, er det eit krav at dette blir retta omgåande. Misleghald som blir gjenteke over tid og som ikkje blir retta opp, kan betraktast som eit vesentleg misleghald som kan danne grunnlag for oppseiing.

Misleghald som har medført økonomisk tap for den andre parten, kan krevjast erstatta.

Dersom tilbydaren ikkje kan levere tenesta, er ikkje kjøpar forplikta til å betale for den tida tenesta ikkje blir levert.

22 ENDRING AV AVTALEN

Avtalen kan endrast dersom partane er einige om endringane.

23 TVIST

Tvist om avtalen skal søkjast løyst gjennom forhandlingar. Dersom forhandlingar ikkje fører fram, kan det takast ut søksmål.

Stad, dato:

Gardbruker/føretak - signatur:

Kjøpar - signatur:

Page 8: VEILEDER STANDARDAVTALAR - Matmerk

8 11 - Inn på tunet - Standardavtalar

Spesiell del

1 PARTAR

Dei partar som er angitt i punkt 1 i Generell del er også forplikta til å oppfylle denne delen av avtalen.

2 BRUKARAR OG BRUKARGRUPPER

3 FORMÅL OG MÅLSETJING Innanfor det overordna formålet for IPT som er angitt i punkt 2 i Generell del, er det for dei

brukarane som er angitt i førre punkt, fastsett følgjande formål og målsetjingar for dei IPT-aktivitetane som her er avtalt:

4 KVA TILTAKET BESTÅR I

Page 9: VEILEDER STANDARDAVTALAR - Matmerk

11 - Inn på tunet - Standardavtalar 9

5 OPNINGSTIDER

Opphaldet er på inntil timar pr. dag med start kl.: Tida blir rekna frå det avtalte tidspunktet.

Tilbodet er stengt på offentlege fridagar, i romjula og i påskeveka. Tilbodet er dessutan stengt fem ferieveker i året.

Ved behov kan det avtalast utvida opningstid mot tilleggsbetaling.

6 RETTLEIINGS-/RESSURSGRUPPE

Det blir sett ned ei rettleiings- og ressursgruppe som møtast jamleg, slik som det er bestemt i punkt 13 i Generell del. Gruppa består av følgjande personar:

7 POLITIATTEST

Dersom brukarane er barn: Kjøpar kan eventuelt krevje politiattest av personell som tilbydar brukar i gjennomføringa av

tiltaket med heimel i politiregisterlova § 39, dersom dette er forankra i den aktuelle spesial-lovgivinga.

Page 10: VEILEDER STANDARDAVTALAR - Matmerk

10 11 - Inn på tunet - Standardavtalar

Rettleiing

Denne avtalemalen er utarbeidd for avtalar mellom tilbydar (gardbrukar/føretak) og kjøpar av Inn på tunet-tenester på eit gardsbruk. Avtalen består av ein generell og ein spesiell del.

Generell del regulerer forhold som stort sett vil gjere seg gjeldande i alle IPT-tenester, og der det ikkje vil vere store variasjonar eller tilpassingar knytt til den enkelte brukargruppa.

Spesiell delregulererforholdsomerspesifikkefordeienkeltebrukaraneogtilpassaulike brukargrupper, der det vil vere ulike behov og krav.

EIT HJELPEMIDDEL I AVTALEFORHANDLINGAR

Avtalemalen er meint som eit hjelpemiddel for utforming av avtalar som kan sikre at IPT-tenestene er av god kvalitet og er føreseielege, og til beste for tilbydar, kjøpar og brukarar. Det er viktig å avtale mest mogleg konkret kva tenesta består i, ha klar ansvarsfordeling og sikre at situasjonar som kan oppstå undervegs har ein tilfredsstillande løysing i avtalen.

I Spesielle del krevst det i større grad at avtalepartane sjølv utformar dei aktuelle avtalepunkta i samsvar med innhaldet i det konkrete oppdraget. Det står her presisert kva som er viktig å få med i avtalen.

Alle avtalar om IPT-tenester må ha konkrete og individuelle beskrivingar av kva tilbodet inneber. For dei meir generelle avtalepunkta må det for kvar avtale gjerast ei vurdering av om det er føremålstenleg å bruke den føreslåtte malen, eller om det er trengst tilpassingar på eitt eller fleirepunkt.

I rettleiinga er det skrive kommentarar til dei enkelte avtalepunkta som seier noko om kva punktet inneber. Rettleiinga/kommentarane skal bidra til å klargjere bakgrunnen for og føremålet med dei føreslåtte avtalepunkta. Avtalepartane kan endre eller fjerne føreslåtte avtalepunkt. Rettleiinga bidreg til å belyse konsekvensane av dette.

LOV OM OFFENTLEGE ANSKAFFINGAR

Det vil ofte vere ein offentleg part i avtalen, og lov og forskrift om offentlige anskaffelser vil gi nokre rammer for prosessen ved avtaleinngåing og lengda på avtalen. På same måte som for andre tenester som det offentlege kjøper inn, må også avtalar om levering av IPT-tenester på jamlege anbodsrundar. IPT-avtalar vil normalt følgje enklare prosedyrar enn større oppdrag, noko som opnar for såkalla avgrensa anbodskonkurranse eller konkurranse med forhandlingar.

Eit aktuelt spørsmål er kor lange avtaleperiodar som kan avtalast innanfor regelverket om of-fentlegeanskaffingar.Avtalaromtenesteytingtildetoffentlegemåvanlegvisavgrensastitid,slik at tilboda er gjenstand for jamleg konkurranse. Samtidig er tilbydarane avhengige av ein nokon lunde føreseieleg situasjon. Særleg gjeld dette dersom det må gjerast større investeringar eller driftsomleggingar på garden for å integrere eit IPT-tilbod på garden. Tilbydaren vil da kunne pådra seg en del kostnadar som krev at det er ein viss tryggleik for at oppdraget varer i ein lengre periode framover.

Vanlegavtaleperiodeerfireår.Dennekanunntaksvisutvidastitilfellederdeterrimelegutfrågjenstanden for rammeavtala, jf. § 6-1 (4) i forskrifta, noko som er særleg aktuelt ved større investeringar. Dette er likevel eit snevert unntak.

Det er viktig å lese utlysingstekstane og vurdere kva som blir etterspurt og vektlagt av kjøparen (tildelingskriterium). Det skal opplysast korleis kjøparen vektar forholdet mellom pris og kvalitetskriterium.

Page 11: VEILEDER STANDARDAVTALAR - Matmerk

11 - Inn på tunet - Standardavtalar 11

RAMMEAVTALAR

I enkelte tilfelle vil kommunar ha IPT-tenester i form av rammeavtalar, jf. forskrift om offentlige anskaffelser §§ 6-1 til 6-3. Ein rammeavtale vil vanlegvis vere at kjøparen bind seg til bestemte tenesteleverandørar for dei behova som oppstår for ein viss periode framover (maksimalt 4 år, vanleg med 2-årsavtalar med opsjon på forlenging på 1+1 år), og vil ikkje omfatte bestemte oppdrag. Ein del vilkår for kjøp av tenestene vil da vanlegvis vere avtalte i rammeavtalen. Ram-meavtalen skal gi grunnlag for at kjøpar kan få dekka fortløpande behov i perioden, ved å foreta bestillingar innanfor rammeavtalen. Ein må da eventuelt inngå nærare avtalar om det enkelte oppdraget innanfor rammeavtalen.

Denneavtalenerikkjeutformasomeinrammeavtale,menertenktbruktforspesifikkeoppdrag,ogofteutaneinrammeavtalesomliggtilgrunn.Denneavtalenkanogsåbrukastforspesifikkeoppdrag innanfor ein rammeavtale, men det vil da kunne vere avtalepunkt som allereie er regulert i rammeavtalen (typisk pris- og betalingsvilkår).

DOFFIN

IPT-anbod blir i ein del tilfelle utlyst på det offentlege sin anbodsportal doffin.no. Tilbydarar bør følgje med på utlyste oppdrag der.

Page 12: VEILEDER STANDARDAVTALAR - Matmerk

12 11 - Inn på tunet - Standardavtalar

Rettleiing til generell del

1 PARTAR

På tilbydarsida vil det ofte vere ein namngitt gardbrukar som inngår avtalen, eller det kan vere eit føretaksomforeksempelbestaravfleiregardbrukararsomsamanlevererIPT-tenester.Detkantenkjastatfleiregardbrukarargårsamanomålevereeiteneste,ogavtalenkanisåfallgjeldeforfleireavtalepartar.Nokrestadererdetopprettasamvirkeselskap/partslagmedavgrensaansvar(såkalla BA), for eksempel Ringerike BA og Trøndelag BA. Samanslutninga inngår avtalane med kjøpar, og deltakarane i samanslutninga organiserer oppfyllinga seg imellom. Her kan ein også føre opp organisasjonsnummer.

Kommunane er den største og viktigaste kjøparen av IPT-tenester. Kjøpar av tenesta kan også vere fylkeskommunen (for eksempel knytt til vidaregåande skuler), staten (for eksempel NAV) eller dei statlege helseføretaka. Det kan også vere private institusjonar innanfor helse og omsorg.

For å sikre stabilitet og føreseielege forhold bør avtalen forankrast på høgast mogleg nivå hos kjøpar. Ein bør inngå avtale med den ansvarlege etaten i kommunen, og ikkje med den enkelte institusjonen (skule, sjukeheim osv.). Særleg gjeld dette for tenester av omfattande og langvarig karakter.

2 FORMÅLET MED AVTALEN

Det er viktig at både tilbydar og kjøpar av tenesta har eit bevisst forhold til kva IPT inneber. Den berande ideen for IPT er at bonden gjennom sin ordinære gardsdrift kan hjelpe brukarar med spesielle behov, ved å gi positive opplevingar ved deltaking i gardsdrifta. Den heilskaplege og faglege oppfølginga av brukarane er det ikkje tilbydaren som er ansvarleg for, men kjøparen som bruker IPT-tenesta som eit ledd i brukarane sine behov for tilpassa opplæring, behandling eller annen type oppfølging. Tanken er at gardsdrifta har ein verdi og funksjon i seg sjølv for dei brukarane som får tilbod om å delta på IPT. Som utgangspunkt er det derfor ikkje stilt krav til atbondenskalhaspesiellefaglegekvalifikasjonar,menvedkommandemåhadeimenneskelegeeigenskapane som krevst for å ta imot brukarane.

IPT-tenester skil seg frå institusjonar som har eit meir heilskapleg og fagleg behandlings- og oppfølgingsansvar for brukarane. Deira tilbod vil vere av meir omfattande karakter. IPT vil vere

eit tilbod som blir brukt av institusjonar som del av innhaldet i behandlinga/omsorga/ undervisninga.Opphaldavilverekortvarigeogfordeiflestetilfelleavgrensatilbesøkomdagen,men det kan også vere aktuelt med døgnbesøk med overnatting.

Nårdetgjeldnærareopplysningarogeventueltspesifikkemålbakdetenkelteoppdraget/ tiltaket, visar vi til modulane knytt til kvar enkelt brukargruppe (i Spesiell del av avtalen).

3 STAD

Aktivitetane skal primært skje på gardsbruket til bonden, men kan også vere gardsrelatert arbeid utanfor garden knytt til for eksempel beite, seterdrift eller skogsdrift.

Type aktivitetar på garden kan variere ut i frå både brukarane sine ønsker og behov, og dei moglegheiter som er tilgjengelege på garden. Det bør også vere rom for at aktivitetar som for eksempel musikk, matlaging osv. som ikkje er knytt direkte til gardsdrifta, kan vere del av aktivitetane. Samtidig må IPT avgrensast mot anna verksemd ved at tilbodet i hovudsak relaterast til landbruksverksemda.

Tilbydar må i den grad det er nødvendig legge til rette bygningar på garden til bruk i verksemda, som garderobe og ete-/pauserom og toalettfasilitetar, jf. punkt 9 i avtalen.

Detvilifleiretilfellevereaktueltateintenesteleveranseomfattarfleireansvarlegetilbydararog gardsbruk. Punktet må tilpassast dette.

Page 13: VEILEDER STANDARDAVTALAR - Matmerk

11 - Inn på tunet - Standardavtalar 13

4 AVTALEPERIODE

Det er tilrådeleg at oppdraget ikkje blir satt i gang før avtalen er ferdig forhandla fram og under-teikna av partane.

Tilbydaren vil normalt ha interesse av at ein avtale blir inngått for ein relativt lang periode. Det

er viktig for å sikre føreseielege inntekter på garden, og fordi tilbydaren må rekne med å gjere enkelte investeringar og opparbeide seg ein viss kunnskap før eit IPT-prosjekt kan setjast i gang. Dersom det krevst lengre avtaleperiode av omsyn til langsiktige nedskrivingar, bør dette vurderast.

Kva som er ein hensiktsmessig avtaleperiode vil også kunne variere med kjøparen sitt behov. Dersom det er eit tilbod for ein spesiell ungdomsskuleelev, kan avtalen for eksempel vere avgrensa til den skuletida vedkommande har igjen. I andre tilfelle vil det vere ønskeleg med lengst mogleg avtaleperiodar for å gi brukarane eit føreseieleg og stabilt tilbod. Ofte vil oppdragsgivar ha eit kontinuerleg behov, og at det derfor blir inngått ein avtale som ikkje gjeld bestemte brukarar men brukarar som til ei kvar tid har behov.

Det offentlege må i tråd med lov om offentlige anskaffelser sikre ein viss konkurranse om lever-ing av tenestene, og kan dermed ikkje binde seg til ein fast leverandør over for lang tid. Offentleg avtalepart må jamleg invitere til anbodskonkurranse og vurdere dei aktuelle tilbydarane opp mot anbodsinnbydinga. Kjøparen av tenesta bør i god tid før avtalen går ut avklare om avtale-forholdet med tilbydaren skal førast vidare. Dersom det er nødvendig med ny anbodskonkurranse bør denne derfor gjennomførast i god tid. For å sikre føreseielege forhold og kontinuitet er dettilrådelegatanbodskonkurranseogeieventuellforlengingavavtalenbliravklartinnanfiremånader før avtalen går ut. Tilbydaren kan dermed få rimeleg tid til å inngå andre avtalar eller finneannainntektsgrunnlagføreitavtaleforholdtekslutt.

5 PRØVEPERIODE

Det bør vurderast om det er formålstenleg å ha ein prøveperiode. Det kan først og fremst vere aktuelt med ei ordning med prøveperiode for nye IPT-tilbydarar. Gjensidig prøveperiode gir begge avtalepartar eit noko vidare høve til å seie opp avtalen i løpet av første halvår. Men ein prøve-periode skaper også større uvisse ved IPT-avtalen for avtalepartane, og vil i mange tilfelle ikkje vere ønskeleg.

Det bør også i prøveperioden ligge føre ein sakleg grunn til oppseiing frå begge partar. For at ein prøveperiode skal ha ei sjølvstendig betyding utover det generelle punktet om oppseiing i avtalen, er terskelen for oppseiing i prøveperioden tenkt å vere noko lågare og også gi rom for andre oppseiingsgrunnar.

6 PRIS OG FAKTURERING

Pris vil vere gjenstand for forhandlingar og eventuelle tilpassingar. I anbodsinnbydinga kan det til eivissgradverespesifisertkvasomskalinkluderastipristilbodet.

Vi foreslår at det avtalast ein sats (eventuelt døgnsats for døgntilbod), og at tilbodet kan brukast opptil det avtalte timetalet pr. besøk. Det er foreslått å avtale årlig indeksjustering av avtalt pris. Dettebehovetkanvariereavhengigavlengdapåavtaleperioden.Destofleireåravtaleperiodengjeld, desto viktigare er det å sikre ein indeksjustering undervegs.

Satsen pr. dag må tilpassast talet på brukarar, lengda på opphaldet og kva som er inkludert/ikkje er inkludert. Det anbefalast at ein i avtalen konkret listar opp kva som er inkludert/ikkje er inkludert i dagsprisen, slik at ein kan unngå uklarleikar og potensiell usemje om dette. Det er

viktig å sørgje for ein pris som dekkjer inn ekstra slitasje på utstyr og anna eigedom, investering-ar for tiltaket og arbeid utanom opphaldstida (som t.d. loggføring, evalueringsmøter, førebuingar osv.). Prisen må spegle den totale bruken av tid og dei ressursar som er stilt til disposisjon av bygningar, materiell, måltid osv..

Ved prissetting må ein ta omsyn til at inntekter frå Inn på tunet-verksemda ikkje blir rekna som jordbruksinntekt i skattesamanheng. Det betyr at inntektene heller ikkje gir grunnlag for berekning av jordbruksfrådrag.

Unntaket er dersom omsetning frå Inn på tunet er lågare enn kr. 30 000. Da reknast inntekta som

Page 14: VEILEDER STANDARDAVTALAR - Matmerk

14 11 - Inn på tunet - Standardavtalar

biinntekt til jordbruket, og inntektene vil dermed også inngå i grunnlaget for jordbruksfrådrag. Eksemplar på kva som bør vurderast inkludert/ikkje inkludert i dagsprisen er:

- bruk av garden sine eigedomar og bygningar som inngår i kontrakten -spesifikasjonavopphaldstidatilbrukarane -spesifisertemåltid,t.d.eitsuntognæringsriktlunsjmåltidavvanlegstandard,samttilgang påvatnogte/kaffiheiledagen - nødvendig utstyr til arbeid på garden, som nødvendige arbeidsklede og tryggleiksutstyr mv. ut over vanlege klede - forsikringar i samsvar med avtalepunkt 12 - lønn til eventuell vikar - førebuingar og etterarbeid frå tilbydar - transport til og frå garden

7 ANSVAR I SAMSVAR MED LOVVERK, TILLATINGAR OSV.

Dette punktet er meint å regulere ei overordna ansvarsfordeling. Når det gjeld kravet om at det avtalte IPT-tilbodet er i samsvar med den lovgiving som gjeld for

brukarane sin rett på tilbod og behandling, siktast det til at det er kjøpar som er ansvarleg for at brukaren får oppfylt sin rett til helsehjelp, undervisning osv.. Til eksempel er kjøpar ansvarleg for at skuleelevar får eit undervisningstilbod i samsvar med opplæringslova. IPT vil vanlegvis berre vere ein del av det tilbodet brukarane får i form av oppfølging, undervisning, behandling eller anna.

8 KJØPAREN SIN INFORMASJONSPLIKT OG INFORMASJONSANSVAR

Kjøpar har ansvar for å orientere tilbydar om forhold ved brukarane som er nødvendige for å gi brukarane eit tilfredsstillande og trygt tilbod. Det er viktig at tilbydar får nødvendig informasjon om kva helsemessige eller sosiale forhold som gjer at brukarane får IPT-tilbodet, og at tilbydar også får nødvendig orientering og rettleiing for å forstå og handtere brukarane sine særlege behov og åtferd. Det vil vere viktig å informere om målsettingar ved IPT-aktivitetane og kva for rolle IPT er meint å ha i behandlingsopplegget. Det kan vere behov for informasjon om allergiar, medisinering osv..

Opplysingar knytt til brukarane si helse, behandling osv. vil vere underlagt streng teieplikt, sjå punkt 18.

9 LOKALE OG UTSTYR

Det er foreslått ein standard avtaletekst som gjeld tilgang på fasilitetar ved dag-besøk og døgn-besøksomvilvererimelegekravveddeiflesteopphaldavdennekarakter,medtilgangpå sanitære fasilitetar, opphaldsrom og mat. Andre ledd kan settast inn dersom tilbodet er døgnbasert.

Dette punktet bør tilpassast tiltaket, og kan variere avhengig av aktuelle aktivitetar. Når det gjeld utstyr kan det til dømes opplysast om arbeidsklede:

”Brukarane møter i ordinære klede tilpassa gardsopphaldet og vêrforholda. Tilbydar sørgjer

for at brukarane har tilgang på nødvendige arbeidsklede utover dette (som kjeledress, arbeids-hanskar osv.).”

Kva som inngår av utstyr, mat og andre fasilitetar må sjåast i samanheng med punkt 6 i avtalen om pris og fakturering.

10 PERSONALE

Det er foreslått at bemanning for gjennomføring av tiltaket avtalast. Dette må tilpassast behovet til aktuell brukargruppe, talet på brukarar, type aktivitetar osv. som er nærare avtalt i Spesiell del.

Det må avtalast om tilbydar skal stille med vikar ved sjukdom eller anna forfall. I ein del tilfelle kan det vere aktuelt at tilbodet fell vekk dei dagane tilbydar er forhindra frå å ta imot brukarane.

Page 15: VEILEDER STANDARDAVTALAR - Matmerk

11 - Inn på tunet - Standardavtalar 15

Frå kjøparen si side vil det nok vanlegvis vere ønskeleg med ei vikarordning som er avtalt mellom partane. For enkelte IPT-bønder vil det vere ei utfordring å garantere vikar ved forfall. Eit alternativkanvereatfleireIPT-bønderieitområdegårsamanomeifellesvikarordningforsineIPT-tenester.

I ein del tilfelle kan det vere aktuelt at enkelte brukarar har med seg personell frå ansvarleg behandlingsinstans. Det kan til dømes vere i ein introduksjonsfase for at brukaren skal bli kjent eller vurdere om brukaren passar på tiltaket, eller dersom brukaren har særlege behov som krev oppfølging/bistand av personell som følgjer med. Det kan også vere at slikt personell er aktuelt i periodar eller enkelte gonger. Dette skal avtalast særskilt, og det er arbeidsgjevaren deira (kjøparen) som har ansvaret for desse.

Det må leggast fram politiattest for personalet ved avtaleinngåinga dersom oppdraget gjeld bestemte brukargrupper, sjå punkt 7 i Spesiell del.

11 FORHOLDET TIL ANDRE IPT-TILTAK OG ANDRE KJØPARAR

Somme kjøparar kan ønskje å legge avgrensingar på moglegheitene for å ta andre IPT-oppdrag. Dettekanvereavomsyntilbrukarane,elleratkjøparønskereinvissfleksibilitethostilbydar.IutgangspunktetbørtilbydarenvurderekvaforkapasitetdeterpågardentilådriftefleireIPT-tiltak, både med den same og med andre kjøparar. Dersom avtalen skal sikre brukarane sine behov på ein god måte, vil det uansett liggje ein del avgrensingar i kor stor oppdragsmengde ein kan ha.

Detbørgjerastkonkretevurderingarikvaforgraddeterføremålstenlegmedfleirebrukarartilstades samtidig. Det kan vere ein styrke å skape eit sosialt fellesskap, men det krev meir av tilbydaren og føreset at dei aktuelle brukarane utgjer eit fellesskap som dei har glede av. Det kanogsåverelitegunstigåhafleirebrukararpågardensamtidigdersombrukaranehøyrertilulike kategoriar med ulike behov og utfordringar. Det kan svekkje kvaliteten og opplevinga for brukarane.

12 FORSIKRINGAR

Brukarane må vere forsikra mot ulykker og skadar som kan inntreffe i IPT-samanheng. Avtale-malen tek utgangspunkt i at kjøpar har ansvaret for å forsikre brukarar (og eventuelt personell som er med) i samband med IPT-aktiviteten. Kjøpar har plikt til å informere tenesteytar om gjeldande forsikringar.

Når det gjeld forsikring av personalressursane som tilbydar brukar for å gjennomføre tilbodet, og for skadar på eigen og tredjemanns eigendom som følgje av verksemda, bør tilbydar vere ansvarleg for dette og sørgje for at eigne forsikringar for verksemda også omfattar IPT- verksemda. Tilbydaren bør derfor i forkant av avtaleinngåinga undersøkje kva eksisterande forsikringar for gardsdrifta allereie dekkjer.

Dette bør vere dekt av forsikringa: Skade på ting og eigedom: Ting og eigedom som brukast i IPT-aktivitetar, i tillegg til det som

generelt høyrer til gardsdrifta. Det bør teiknast forsikring av dyra på garden som inngår i Inn på tunet-opplegget. Vurder også forsikring for skade for tredjemann, t.d. skade på naboen sine ting og eigedom.

Forsikring av tilsette: Sørg for at tilsette og andre som er involvert i IPT-verksemda er skade- og ulykkesforsikra.

Ansvarsdekning: Det er viktig at tilleggstenester ut over den ordinære produksjonen som blir ytt frå garden er dekt, når det gjeld så vel produktansvar som anna ansvar. Avklar dette med ein representant frå forsikringsselskapet.

Tilbydar må sørgje for at forsikringskostnadar er med i kostnadsberekningane som dannar grunnlag for prisfastsetjinga av IPT-tenesta.

Page 16: VEILEDER STANDARDAVTALAR - Matmerk

16 11 - Inn på tunet - Standardavtalar

13 KVALITETSSIKRING OG EVALUERING AV INN PÅ TUNET-TENESTA

Tilbydaren og brukaren har ein fast kontaktperson i kommunen. Vedkomande kan svare på førespurnader og eventuelt gi opplysingar om relevante fagpersonar.

Det viktigaste til hjelp for tilbydaren for å sikre kvaliteten på tenesta, vil truleg vere ei rett-leiingsgruppe som møtest jamleg, og som også er gitt oppgåva med årleg evaluering av tiltaket.

Dersom ein vurderer at det er formålstenleg for evalueringa, kan det gjennomførast ei brukar-undersøking. Dette bør vurderast i høve til dei aktuelle brukarane, men mange aktuelle brukarar vil kunne gi gode og nyttige tilbakemeldingar på IPT-tilbodet og ein bør ta omsyn til brukarane sine eigne synspunkt. Omfang og utforming av ei slik brukarundersøking bør i så fall tilpassast dei aktuelle brukarane, og kan t.d. vere i form av ein samtale.

14 LOGGFØRING

Loggføring er viktig dokumentasjon og grunnlag for evaluering av tiltaket. Det bør stå i avtalen kva loggen konkret bør innehalde for det enkelte tiltaket. Det bør dessutan stå kor ofte loggen skal leverast kjøpar.

15 KURS, OPPLÆRING OG FAGLEG UTVIKLING Normalt må ein forventa at tilbydar har interesse for verksemda at vedkomande held seg godt

orientert om fagleg opplæring.

16 HELSE, MILJØ OG TRYGGLEIK (HMS)

Tilbydaren må setje seg inn i rettleiingane for det nasjonale kvalitetssystemet for IPT-tenester og KSL-standarden om HMS, og oppfylle dei krava som er stilt.

Enkelte brukarar kan vere ekstra utsatt for skade. I vurderinga av om det trengs ekstra tryggleikstiltak for den enkelte brukargruppa, er dette noko som skal vurderast saman med kjøparen av tenesta.

Arbeidsmiljølova er ikkje direkte gjeldande da det her ikkje er snakk om eit tilsettingsforhold. I

avtalen er det likevel presisert at det ikkje er høve til å setje brukarar til arbeid utan at bestemmingane her er følgt.

17 KONTAKTINFORMASJON VED AKUTTE SITUASJONAR/KRISESITUASJONAR

Formålet er å oppgi kven/kor tilbydar kan vende seg i akutte situasjonar eller krisesituasjonar kor det krevst rask hjelp og rettleiing. Det kan vere spørsmål om medisinering, brukarar som opptrer vanskeleg eller farleg osv..

Kontaktinformasjonen hos kjøpar bør vere ein ansvarleg avdeling eller liknande, som kan gi beinveges råd eller vidareformidle kontakt til kompetente personar, og som er tilgjengeleg uavhengig av om enkeltpersonar er til stades eller ikkje.

18 TEIEPLIKT

Den som yter teneste eller arbeid for eit forvaltningsorgan, har teieplikt om personlege forhold ein får kjennskap til i samband med tenesta, jf. forvaltningslova § 13 og aktuelle særlover som lov om helsetenesta i kommunen (§ 6-6), sosialtenestelova (§ 8-8), barnevernslova (§ 6-7), NAV-lova (§ 7) og opplæringslova § 15 første ledd.

Teieplikta gjeld alle som utfører teneste eller arbeid for oppdragsgivarar innanfor desse sek-torane. Med personlege forhold meiner ein til dømes helse- og sjukdomstilstand, opplysingar om fødestad, fødselsdato, personnummer, statsborgarforhold, sivilstand, yrke, bustad og arbeidsstad. Teieplikta krev at tilbydaren ikkje gir informasjon, verken munnleg eller skriftleg, som direkte eller indirekte inneber at opplysingar om personlege forhold overfor personar som frå før ikkje er kjende med opplysingane, blir gjort kjent. Teieplikta omfattar med andre ord ei rekkje ulike opplysingar om brukarane som ikkje på nokon måte skal spreiast til utanforståande. Brot på lovpålagt teieplikt er straffbart med bøter eller fengsel, jf. straffelova § 121.

Page 17: VEILEDER STANDARDAVTALAR - Matmerk

11 - Inn på tunet - Standardavtalar 17

Tilbydar, vikar og eventuelt andre på garden som er involvert i ei slik grad at dei får kjennskap til slike forhold, er underlagt teieplikt. Det kan også vere at familiemedlemmar er involvert i ei slik grad at dei får kjennskap til brukarane sine personlege forhold. Alle som er omfatta av teieplikt bør underteikne skriftleg teieplikterklæring. Dei involverte har teieplikt uavhengig av om dei har gitt slik teieplikterklæring, men erklæringa er viktig for å bevisstgjere den enkelte om plikta.

Teieplikta gjeld også etter at tenesta/arbeidsforholdet er avslutta.

19 OPPBEVARING AV PERSONOPPLYSINGAR

Loggføring og annan dokumentasjon knytt til IPT-verksemda vil innebere at ein skriv ned teie-pliktige opplysingar om brukarane. Dette må behandlast i samsvar med personopplysningslova.

Avgrensingane i andre avsnitt om avgrensa mengde opplysingar og avgrensa oppbevaringstid, er i samsvar med personopplysningslova § 11.

Loggføring på papir må brennast eller makulerast. Opplysingar lagra på data må slettast på tilfredsstillande måte som gjer at uvedkomande ikkje kan spore det opp seinare.

Ein skal i utgangspunktet melda frå til Datatilsynet før ein begynner å behandle person- opplysingar, jf. personopplysningslova § 31.

20 OPPSEIING AV AVTALEN FØR AVTALEPERIODEN ER SLUTT Avtalen bør i størst mogleg grad sikre føreseielege forhold for både tilbydaren, kjøparen og

brukarane. Moglegheita til å seie opp avtalen er derfor foreslått å vere knytt til bestemte føre-setnader:

- ingen brukarar - innhaldet i tilbodet fell bort - eigarskifte på garden - langvarig sjukdom eller skade - vandelskravet er ikkje lenger oppfylt - vesentleg misleghald

Ingen brukarar Dersom det ikkje lenger er aktuelle brukarar for tilbodet, har kjøpar høve til å seie opp avtalen

før avtaleperioden er slutt. To månaders oppseiing inneber at gardbrukaren har rett på betaling i oppseiingsperioden sjølv om det ikkje er brukarar av tilbodet.

Det krevst at kjøpar undersøkjer om andre potensielle brukarar kan bruke tilbodet i resten av avtaleperioden. Det vil da vere aktuelt å gjere nødvendige justeringar av avtalen i samsvar med dette. Det kan til dømes vere aktuelt med ny type brukarmodul til avtalen og/eller at talet på brukarar må justerast.

Innhaldet i tilbodet fell bort Dette kan vere aktuelt ved avvikling av gardsdrifta eller omlegging som medfører at innhaldet i

IPT-tilbodet blir ramma. Ei omlegging som kan føre til at innhaldet i tilbodet fell bort, er til dømes avvikling av husdyrhald dersom stell av dyra inngår som ein viktig del av tenesta.

Eigarskifte på garden Ved eigarskifte på garden kan det ofte vere ønskjeleg for begge avtalepartar å vidareføre avtale-

forholdet.

Forkjøparvildetoftastverehensiktsmessigåsleppeåfinnenytenesteleverandørgjennomein ny anbodsrunde midt i avtaleperioden. For eit gardsbruk kan IPT-tenesta vere ein viktig tilleggsnæring som ny eiger ønskjer å føre vidare som ein del av garden sitt inntektsgrunnlag.

Det er derfor foreslått at avtalen kan vidareførast med ny eigar dersom ny eigar ønskjer det, og kjøpar samtykker. Dette vil innebere at ny eigar trer inn i avtalen i staden for den tidlegare eigaren, og at avtalen elles blir uendra. Avtalen vil dermed ikkje vere gjenstand for forhandlingar ved eigarskifte.

Page 18: VEILEDER STANDARDAVTALAR - Matmerk

18 11 - Inn på tunet - Standardavtalar

Langvarig sjukdom eller skade Langvarig sjukdom eller skade som gjer det vanskeleg å levere IPT-tenesta kan vere oppseiings-

grunn. Det er foreslått at denne retten til oppseiing ligg hos tilbydaren. Kjøpar kan dermed ikkje seie opp avtalen så lenge tilbydaren oppfyller pliktene sine gjennom bruk av vikarar. Om tilbydar er forplikta til å stille med vikar i oppseiingsperioden, bør vurderast i forhold til avtalt vikar-ordning, jf. punkt 10 avtalen. Den føreslåtte tida i avtaleutkastet er eit utgangspunkt som kan fråvikast i begge retningar.

På dette punktet vil det vere behov for ei individuell vurdering. Kor vanskeleg eller tyngande det vil vere å oppretthalde skyldnadene sine over tid i ein situasjon der ein av helsemessige årsakar ikkje kan oppfylle avtalen som føresett, vil variere sterkt. I fastsetjinga av ein høveleg varslings-frist vil det vere relevant å ta i betraktning kor sårbar både kjøpar og tilbydar er i ein slik situas-jon. Samarbeider tilbydar med andre om tiltaket, t.d. gjennom BA og felles vikarpool, eller er det familiemedlemmar, avløysar eller andre som har moglegheit til å ta over for lengre periodar?

Vandelskrav Dette punktet er aktuelt å ha med for dei brukargruppene kor det blir stilt vandelskrav. Dersom

tilbydar ikkje lenger oppfyller gjeldeande vandelskrav skal avtalen seiast opp med omgåande verknad. Ved mistanke om at vandelskravet ikkje lenger er oppfylt kan kjøpar innhente opplysin-gar om dette, sjå nærare rettleiing om politiattestar i Rettleiing til spesiell del, punkt 7.

Vesentleg misleghald Avtalen kan seiast opp ved vesentleg misleghald, sjå neste punkt.

21 MISLEGHALD

Det krevst at misleghaldet er av vesentleg karakter for at det skal danne grunnlag for oppseiing. Det må gjerast ei konkret vurdering av om misleghaldet er av vesentleg karakter, blant anna sett i lys av dei samla skyldnadane i avtalen og korleis desse blir overhaldne. Enkeltståande tilfelle av misleghald av bagatellmessig karakter dannar derfor ikkje grunnlag for oppseiing av avtalen. Fleire mindre og gjentekne avtalebrot kan til saman utgjere vesentleg misleghald som kan danne grunnlag for oppseiing.

Det krevst at avtalebrot blir påpeika, med moglegheit for å rette opp misleghaldet innan ein fastsett frist. Fristen bør vurderast etter kva som er rimeleg og/eller nødvendig for det aktuelle tilfellet. Er det enkelt å rette opp forholdet kan det vere rimeleg at dette rettast opp straks.

22 ENDRING AV AVTALEN

Ingen kommentarar.

23 TVIST

Ingen kommentarar.

Page 19: VEILEDER STANDARDAVTALAR - Matmerk

11 - Inn på tunet - Standardavtalar 19

Denne delen av avtalen er spesialtilpassa dei enkelte brukargruppene. Aktuelle brukargrupper kan vere:

- barnehage/gardsbarnehage/tilbod til barnehagar og førskulebarn - skulefritidsordning/fritidsaktivitetar for barn i skulealder - skule/garden som pedagogisk ressurs - tilrettelagt arbeid/arbeidstrening - yrkesopplæring/skolering/omskolering - terapi/terapiriding - tilbod for fysisk funksjonshemming - tilbod for psykisk funksjonshemming - tilbod i psykisk helse - eldreomsorg/tiltak for eldre med demens -arbeidogspråkopplæringforflyktningar - kriminalomsorg - rusrelatert omsorg - anna

I den brukarbaserte modulen er det mindre grad av formulerte forslag til kvart avtalepunkt enn det som er tilfelle for den generelle delen, da desse avtalepunkta i større grad må formulerast i samsvar med det konkrete behovet i kvart enkelt tilfelle. Denne delen ber dermed i større grad preg av rettleiing av kva som bør regulerast i kvart enkelt punkt. Avtalepunkta må i stor grad utformast av partane sjølv på bakgrunn av aktuell brukargruppe og det konkrete formål. Det må også takast omsyn til spesielle krav som gjeld for den enkelte brukargruppa (som krav om politi-attest).

Om skuleelevar og opplæringslova I denne avtalen er det ikkje teke inn særskilte bestemmingar om skuleelevar og kva for krav som

må tilfredsstillast etter opplæringslova. Det er kjøpar som etter denne avtalen er ansvarleg for at dei tilboda skuleelevane får gjennom IPT er i samsvar med opplæringslova, sjå også punkt 7 i Generell del. Utgangspunktet i IPT er at det er gardsdrifta som dannar grunnlag for tilbodet, og at det ikkje krevst at tilbydar har formell pedagogisk kompetanse.

1 PARTAR

Dette er regulert i punkt 1 i Generell del.

2 BRUKARAR OG BRUKARGRUPPER Det er ikkje foreslått avtaletekst for dette punktet da det i stor grad vil variere. Det må her

spesifiserastkvenavtalengjeldfor,eibestemtbrukargruppeaveinvissstorleik,ellerbestemtepersonar.

3 FORMÅL OG MÅLSETJING Det er her viktig å ta utgangspunkt i dei overordna målsetjingane for IPT, og konkretisere formål

ogmålsetjingarfordeispesifikkebrukaranesomeromfattaavdenneavtalen.Dettebørveresåkonkret oppført som mogleg, og skal vere bevisstgjerande og retningsgivande for gjennomføring av tiltaket.

4 KVA TILTAKET BESTÅR AV

Det er ikkje foreslått avtaletekst til dette punktet da dette vil variere sterkt, men punktet må beskrive innhaldet i IPT-tiltaket så konkret og presist som mogleg, tilpassa den enkelte brukar-gruppa og dei personane som skal bruke tiltaket. Ein må oppgi kva for oppgåver brukaren skal deltai.Dersomaktivitetaneinkludererdyrbørdetspesifiserastkvafordyrdetgjeld.Dersom

Rettleiing til spesiell del

Page 20: VEILEDER STANDARDAVTALAR - Matmerk

det er forhold ved garden/tilbodet som er særleg viktig for tenesta knytt til denne brukargruppa/personen, bør dette presiserast.

Dette punktet er viktig for å sikre ei lik forståing mellom avtalepartane om kva innhaldet skal bestå i. Ei god attgiving av innhaldet i IPT-aktiviteten er viktig for å kvalitetssikre og evaluere tiltaket og vurdere om avtalen blir oppfylt. Punktet er også viktig for vurderinga av andre viktige avtalepunkt, som til dømes:

• om det er grunnlag for oppseiing som følgje av at sentralt innhald i tilbodet fell bort• om det føreligg misleghald• om forholdet til eventuelle andre IPT-tiltak på garden• kva kjøpar er ansvarleg for å opplyse/informere tilbydar om• kva som bør avtalast om utstyr og nødvendige fasilitetar for gjennomføring

For aktivitetar som krev spesielle tillatingar/samtykke, bør desse aktivitetane førast opp. I samsvar med punkt 7 i Generell del, er det kjøpar som er ansvarleg for å innhente nødvendige tillatingar eller samtykke for gjennomføring av avtalte tiltak.

Dersom avtalen gjeld ei gruppe, bør det vurderast om det i tillegg er behov for at forhold knytt til enkeltebrukararspesifiserastieiteigeindividualisertvedlegg.

5 OPNINGSTIDER

Dette punktet er gjenstand for forhandlingar og tilpassingar i kvart enkelt tilfelle. Det er viktig å avtale tidsrammer for aktivitetsdagane, fridagar og ferieveker. Eit eksempel på korleis punktet kan utformast for eit vanlig dag-tilbod er:

Ein dag er på inntil 8 timar inkludert lunsjpause, med start kl. --:--.

Tida begynner å gå frå det avtalte tidspunkt.

Tilbodet er stengt på offentlege fridagar, og i romjula og påskeveka.

Tilbodet er dessutan stengt fem ferieveker i året, kor minst tre av desse skal takast ut i perioden 1. juli - 15. august.

Ved behov kan det avtalast utvida opningstid mot tilleggsbetaling.

6 RETTLEIINGS-/RESSURSGRUPPE

I punkt 13 i avtalen er det foreslått at denne gruppa består av tilbydaren, ein representant for tenestekjøpar, ein relevant fagperson og ein av dei pårørande til brukar(ane). Her bør dei person-ane som sit i gruppa nemnast med namn. Dei aktuelle personane kan eventuelt også nemnast i punktet som gjeld dette i Generell del.

7 POLITIATTEST

Alt personale, inkludert vikarar, som tilbydar brukar for gjennomføring av tiltaket skal legge fram politiattest der dette krevst. Det er kjøparen av tenesta som eventuelt kan krevje politiattest, som nemnt i § 39 i Politiregisterloven, dersom dette er forankra i den aktuelle spesiallovgivinga. Eksempel på aktuell spesiallovgiving er barnehagelova, helsepersonellova, opplæringslova, barnevernslova og utlendingslova.

MATMERK Besøksadresse: Tollbugt. 32 Postboks 487 – Sentrum0105 OsloTelefon: 24 14 83 00 [email protected] ksl.no