16

Verdas viktigaste bok

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Om kroppen, kjensler og sex. Av Nathalie Simonsson.

Citation preview

Page 1: Verdas viktigaste bok
Page 2: Verdas viktigaste bok

Verdas viktigaste bok

Verdas viktigaste bok.indd 1 30/06/16 12:54

Page 3: Verdas viktigaste bok

Verdas viktigaste bok

Nathalie �imonssonOM KROPPEN, FØLELSAR OG SEX

Det Norske Samlaget Oslo

omsett og tilrettelagd av Ingelin Røssland

Verdas viktigaste bok.indd 3 30/06/16 12:54

Page 4: Verdas viktigaste bok
Page 5: Verdas viktigaste bok

Innhald Verdas v�ktigaste bok! 7

Pe�ling på kroppen 8 Kva skjer i puberteten? | Jentetissen og gutetissen Egg og mens | Spermiar og sæd | Bli dus med kroppen Nakenskap | Funkar ulikt | Trans

Jente- og gutefabr�kken 54 Jentete og gutete er konstruert | Tø�sterk og søtsnill Alle kan vere alt | Bodskapen påverkar oss | Får alle vere som dei vil? | Likestilling | Urettferdig samfunn Kampen for rettferd | Likt for alle, så klart!

Fam�lie på alle måtar 76 Dette er ein familie | Gift, singel og sambuar | Slik blir det barn | Familiereisa | Superirriterande og fantastisk Arggghhh! | Dei vaksne må lytte | Rettane dine

Kjenn etter! 92 Kven er eg? | Gladfølelse | Å ha det kjipt Vanskeleg heime | Pinlege ting | Ok, ver sjenert! Forstå JA | Korleis veit vi kva andre føler?

Verdas viktigaste bok.indd 5 30/06/16 12:54

Page 6: Verdas viktigaste bok

Viktig vennskap 116 Ein god venn | Å føle seg einsam | Få nye venner Vere grei saman | Positivt gruppepress | Mobbing og sextrakassering | Venninne eller venn (venner?)

Kjærleik på eigne vilkår 130 Følelsen av kjærleik | Lengte og drøyme Kven liker du? | Flørteskulen | Å våge å spørje Filmkjærleik | Sant eller usant? | Når kjærleiken tar slutt | Kjærleiksproblem | Kyssetips

Nysgjerrig på sex 162 Kva er sex? | Sex overalt | Pirrande følelsar Det som skjer i kroppen | Kva er onani? Reisning når som helst | Ulike måtar å ha sex på | Passe alder | Kjønnssjukdommar og prevensjonsmiddel | Kva er porno?

Bonusfakta 196 No er boka slutt 199

Verdas viktigaste bok.indd 6 04/07/16 13.22

Page 7: Verdas viktigaste bok

7

Verdas viktigaste bok!

Det er mange ting som er viktigast i verda. Å få vere seg sjølv. Å ha lov til å forelske seg i kven ein vil. Å kjenne seg bra og viktig. Å bestemme over sin eigen kropp.

Ein annan viktig ting er å finne ut korleis ting fungerer. Eg hugsar korleis det var då eg var lita og hadde tusen spørsmål eg ikkje torde å stille. Det å snakke om visse ting kjendest pinleg og privat. Så derfor gjekk eg heller rundt og var undrande og uroleg. I dag synest eg det er rart at det er så vanskeleg å snakke om kropp, følelsar og sex. Nesten alle tenkjer jo på sånt! Når vi snakkar saman, merkar vi at dei fleste lurer på dei same tinga.

Du treng ikkje å lese heile boka på ein gong. Nokre sider vil du kanskje spare til du blir litt eldre. Eg trur alle som les denne boka, vil oppfatte henne forskjellig. Nokon kjem til å synast at ho er spanande og interessant, andre at ho er kjedeleg og grisete. Det at vi alltid har rett til å kjenne det ulikt, er òg viktig!

Nathalie �imonsson

Det er fint å stoppe opp innimellom mens du les, for å tenkje etter kva du sjølv meiner og føler. Er du einig? Stemmer dette for deg? Eller tenkjer og føler du på ein heilt annan måte?

Verdas viktigaste bok.indd 7 30/06/16 12:54

Page 8: Verdas viktigaste bok

Peiling på kroppen

PISK

Verdas viktigaste bok.indd 8 30/06/16 12:54

Page 9: Verdas viktigaste bok

Kroppane våre ser forskjellige ut og fungerer på ulike måtar. Ingen er heilt like! Det er det som gjer kvar kropp unik. Nokre gonger føler vi at vi elskar kroppen vår og synest han er toppen. Andre dagar er det stikk motsett. Noko som gjer det lettare å trivast med den kroppen du har, er at du forstår korleis han funkar.

Verdas viktigaste bok.indd 9 30/06/16 12:54

Page 10: Verdas viktigaste bok

10 Pe�ling på kroppen

�i spanande tid Kroppen veks og forandrar seg gjennom heile livet. I starten er alle berre bitte små kjønnsceller: ei sædcelle og eit egg. Så veks vi, blir til babyar, så barn og vaksne. Kroppen endrar seg gjennom heile livet, litt kvar dag.

I løpet av ein periode i livet skjer det ekstra mykje på nokre få år. Det er i puberteten.

Puberteten er den tida då vi forandrar oss frå barn til vaksne. Då skjer det nye ting i både kropp og sinn. For dei fl este startar puberteten når dei er mellom 10 og 13 år. Det er også vanleg at han startar litt før eller litt seinare. Frå start til slutt tar puberteten fem–seks år.

Puberteten startar med at hjernen sender hormon ut i kroppen. Hormon er bodberarar i blodet som kjem med beskjed til kroppen om at han skal gjere bestemte ting. Det er umogleg å seie på førehand nøyaktig når pubertets-hormona begynner å bli aktive. Dei fl este merkar at puberteten har begynt, fordi kroppen veks ekstra fort. Men det kan også bli oppdaga på andre måtar.

Viss ein ting har skjedd (at du for eksempel har fått kviser eller ømme bryst), så har puberteten komme i gang. Då kjem det garantert til å skje fl eire ting ganske snart.

Først, sist og midt imellom Gøy? Kjipt? Spanande? Forvirrande? Korleis puberteten kjem til å bli for akkurat deg, er umogleg å vite. Berre fordi visse ting er vanlege, er det ikkje sikkert at dei skjer med alle. Nokre gonger har ein fått høyre så mykje om puberteten at ein begynner å tru at det er noko KJEMPESTORT som skal skje. Det stemmer ikkje heilt. Det er mange som knapt merkar at kroppen har begynt å utvikle seg. Du er jo framleis same person sjølv om det veks hår på nye stader og sveitten luktar annleis.

Det er vanleg å lure på ting som har med puberteten å gjere. Kva kjem eigentleg til å skje? Kva skjer først? Korleis kjem det til å kjennast? Korleis kjem eg til å sjå ut når eg blir vaksen?

Verdas viktigaste bok.indd 10 30/06/16 12:55

Page 11: Verdas viktigaste bok

11

Kro

ppen

Kva alder du er i når du kjem i puberteten, speler inga rolle. Det er ingenting som er betre eller verre.

Det er alltid nokon i klassen som kjem i puberteten først. Ofte føler ein seg meir åleine enn ein eigentleg er. Det er nok ganske mange som har merka forandringar sjølv om det ikkje er synleg utanpå. Nokre synest det er kjipt og pinleg å vere først ute, mens andre synest det er stas. Mange har lengta etter at det skal skje ting med kroppen, og synest det som skjer, er spanande.

For andre kjem puberteten seinare. Det kan kjennast dumt og urettferdig å vente lenge, men det kan vere ganske fint òg. Kanskje du ikkje har det så travelt med å komme i gang med alle forandringane. Det som er bra med å vere seint ute, er at du kan følgje med på korleis det går med dei andre først.

Kroppen held fram med å forandre seg heile livet. Han ser forskjellig ut etter kor gamle vi er. Viss du ser på vaksne, ser du at alle menneske har ulike kroppar. Hoftene kan vere smale eller breie, nokon har store musklar, andre små, og nokon har mykje hår, mens andre har nesten ingenting. Dette er ting som endrar seg også etter at puberteten er over.

Pling i bollen? Puberteten kan rote det til i hovudet ditt. Plutseleg kan det dukke opp tankar og følelsar du ikkje har hatt før.

�kunde på eller bremse ned? Det er umogleg å påverke puberteten sin. Det �nst

ingen knep eller spesiell mat som gjer at mensen eller sædcellene kjem fortare. Kroppen er liksom program mert frå starten til at saker og ting skal skje til bestemt tid.

Viss puberteten begynner veldig tidleg (før du er 8 år), eller om du ikkje har fått eit einaste pubertets-teikn når du er 14 år, kan du prate med ein lege. Då kan du få medisin som gjer at puberteten går seinare, eller at han kjem i gang fortare.

Verdas viktigaste bok.indd 11 30/06/16 12:55

Page 12: Verdas viktigaste bok

12 Pe�ling på kroppen

Sidan vi alle er ulike, kan kroppane våre sjå ulike ut sjølv om vi er like gamle. Slik er det også når vi blir vaksne. Viss du ser på dei vaksne, vil du sjå at det � nst uendeleg mange måtar eit menneske kan sjå ut på.

… OG SÅ HAR EG FÅTT HÅR PÅ TISSEN!

EG ER I STEMMESKIFTET! EG SVEITTAR!

DET ER SJUKT BRA!

WOW!SKIKKELEG MYKJE SOM ER PÅ GANG.

EG HAR IKKJE MERKA MYKJE ENDA.KJÆRLKJÆRL

Verdas viktigaste bok.indd 12 30/06/16 12:55

Page 13: Verdas viktigaste bok

13

Kro

ppen

Ni ting som skjer

 1Kroppen veks og forandrar seg. Nokre kjenner seg meir klumpete enn før. Det er fordi kroppsdelane ikkje veks i same takt. Ofte begynner det med at hender og føter

blir større. Kroppen blir òg sterkare og får meir musklar. Det gjeld for både jenter og gutar.

Mange jenter blir rundare, fordi kroppen får meir under-hudsfeitt. Dette feittet er viktig for at kroppen skal utvikle seg slik han skal. Jenter får òg breiare hofter.

Til og med tissen forandrar seg på både jenter og gutar. Inni kroppen skjer det ting som gjer at vi blir kjønnsmodne. Når jenter får eggløysing og mens og gutar sædceller og sæd, er kroppen blitt kjønnsmoden.

FØLER DU DEG STOR OG LITEN PÅ SAME TID? I denne alderen er du jo midt mellom barn og vaksen. Både heime og på skulen må du kanskje ta meir ansvar, samtidig som du ofte får høyre at du framleis er eit barn. Det beste med denne alderen er at du kan velje å vere begge delar. Visse dagar vil du kanskje vere litt meir vaksen og gjere nye ting. Andre dagar kan du velje å heller vere meir barnsleg og leike.

Ver ekstra greie med kvarandre! Det at nokon tergar eller ler, kan vere leitt og kjipt – sjølv om det berre er på tøys.

Dei �este stadene i denne boka står det at gutar har gutetiss og jenter jentetiss. O�ast er det slik – men det må ikkje vere på den måten. I visse tilfelle stemmer ikkje kroppen med det kjønnet ein føler seg som. Det betyr at ein som er fødd med gutekropp, kan kjenne seg som jente, og at ei med jentekropp kan føle seg som ein gut. Det går også an å kjenne seg som både jente og gut samtidig, eller noko anna. Uansett er det du sjølv som veit best kva som stemmer for deg.

Verdas viktigaste bok.indd 13 30/06/16 12:55

Page 14: Verdas viktigaste bok

 2 Bryst på veg. Alle menneske har to brystkjertlar, éin i kvart bryst. Hos både jenter og gutar hovnar desse kjertlane opp i puberteten. Då kan dei stikke litt ut

som små bular under huda. Kjertlane kan bli harde og ømme. Dei kan gjere vondt

og klø litt. Det kan kjennast ubehageleg, men det er ikkje farleg og går ganske fort over. Av og til kjenner du berre den eine kjertelen.

Det at brystkjertlane veks på gutane òg, betyr ikkje at dei held på å få puppar. Etter ei lita stund sluttar kjertlane å vere ømme, og bulane blir borte igjen.

Både gutar og jenter har brystvorter. Rundt sjølve brystvorta er det eit område som ofte har ein litt mørkare farge enn resten av huda. Der er det ofte nokre små nuppar. Det kan òg vekse hårstrå der.

Verdas viktigaste bok.indd 14 30/06/16 12:55

Page 15: Verdas viktigaste bok

15

Kro

ppen

Når brysta på ei jente begynner å vekse, er det brystkjertlane som veks først. Så veks det fram feittvev som byggjer sjølve brystet. Det er normalt at brysta ikkje blir like store.

Mange tenkjer mykje på storleiken på puppane og korleis dei ser ut. Men det finst ingen fasit på det. Alle bryst ser forskjellig ut og er fine på kvar sin måte. Korleis dei blir sjåande ut når ein er vaksen, kan ein ikkje vite på førehand. Brysta veks og endrar seg gjennom heile tenåringstida, men ein kan ikkje påverke dei til å bli på ein bestemt måte.

Behå og topp Mange jenter som har fått bryst, bruker ein behå (bh) el-ler topp. Det kan vere fleire grunnar for det. Nokre gjer det fordi det er fint, fordi venninnene gjer det, eller for at puppane ikkje skal synast gjennom kleda. Det kan òg vere godt at brysta held seg i ro inn mot kroppen. For ei jente som trenar, kan det kjennast fint med ein sportstopp som held puppane på plass.

Det kan vere flautt å seie til dei vaksne at du vil skaffe ein bh. Trur du dei tenkjer at du er for ung? Ofte forstår dei meir enn du trur. Dei hugsar nok korleis det var å vere på din alder. Sei det nett som det er, at du gjerne vil ha ein bh eller ein topp. Forklar at det er viktig for deg.

 3Hår på nye stader. I puberteten får både jenter og gutar meir hår på kroppen. Nesten alle får hår under armane, i skrittet og nedover beina. Nokre får hår på

rumpa, ryggen og brystet. Enkelte får hårstrå rundt bryst-vortene og ein liten streng frå skrittet og opp til navlen. Men alt håret kjem ikkje på ein gong. Det begynner med nokre få strå, og det kan halde fram med å komme meir også etter at ein er vaksen. Mange gutar får ikkje hår på brystet før dei er vaksne. Nokre får det aldri.

Andre ord for bryst er

pupper, pattar, melonar, brød, nussar og jur.

Brysthaldarar finst i alle storleikar og for alle typar bryst. Viss du vil, kan du bruke topp eller bh, men du må ikkje. Brysta har det like fint utan.

Verdas viktigaste bok.indd 15 30/06/16 12:55

Page 16: Verdas viktigaste bok

16 Pe�ling på kroppen

Alle menneske har hår på kroppen. Det er ingen grunn til å fjerne håret, bortsett frå at ein kanskje synest at det er fint. Nokre vel å barbere seg, for eksempel under armane.

I filmar, på nett og på tv er det uvanleg å sjå kroppshår. Det gjer at mange trur at det er stygt og feil med hår på kroppen. Det er det ikkje. Det finst veldig mange som trivst godt med håret!

KjønnshårKjønnshåret er litt annleis enn håret vi har på hovudet. Det er grovare og kan ha ein annan farge. På mange blir det litt krøllete. Kjønnshåret veks ikkje berre i skrittet. Det kan òg vekse på innsida av låra og på rumpa. Kjønnshår er bra på så mange måtar. Det gjer at det blir luftig og mjukt mellom beina.

Skjeggvekst Det pleier å begynne med nokre fjon på overleppa. Sidan veks det på kinna og haka. Nokre gutar får mykje skjegg-vekst, andre nesten ikkje noko. Nokre har hår som er grovt og mørkt og er godt synleg, mens andre har tynnare og lysare hårvekst som er mindre synleg.

Jenter får òg hår i ansiktet. Kor mykje hår dei får, og om det er godt synleg, er ulikt frå jente til jente.

Forskjellige menneske får ulik mengd hår på ulike stader. Nokre får mykje, andre nesten ingenting, ikkje når dei blir vaksne heller.

Mange jenter føler at dei må ta bort håret på kroppen for å vere �ne. Det føler ein del gutar òg, sjølv om dei �este gutar synest håret er heilt naturleg. Reklamebilete og motebilete viser alltid jenter utan kroppshår. Det gjer at mange jenter tenkjer at dei må barbere seg.

Kva kan vi gjere for at jenter skal føle seg like �otte med hår som gutar?

Verdas viktigaste bok.indd 16 30/06/16 12:55