27
nynorsk Fiendeblod LENE KAABERBØL

Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Femte boka i fantasyserien Villheks av Lene Kaaberbøl.

Citation preview

Page 1: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

nynorsk

Fiendeblod

LENE KAABERBØL

Page 2: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 1

Page 3: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

Fiendeblod

Frå dansk ved Øystein Rosse

Med vignettar av Anders Walter

SamlagetOslo 2014

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 3

Page 4: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

Dødeboka ferdig_a 20.01.14 15.45 Side 6

Page 5: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

1 Eit stivna sekund

«Kva har du gjort med far min?»Kahla stod i døra. Eg hadde ikkje høyrt henne kome,

men det var kanskje ikkje så rart – eg hadde lege på sofaeni stua og sove som ein bjørn i vinterhi, med ein småsnor-kande Kattunge på magen, halvt dekt av eit av dei gamleullteppa til tante Isa. Det var stupmørkt ute, og eg haddeein forvirra følelse av at det måtte vere midt på natta.Merkelegare var det at Tomsen ikkje hadde gitt lyd frå

seg. Han plar bli heilt ellevill når eit av yndlingsmenneskahans nærmar seg huset, men denne gongen stod han berremidt på golvet og såg forvirra ut. Det verka som han varblitt teken like mykje på senga som eg.Mor hadde enno ikkje kome tilbake, konstaterte eg.

Men viss ho skulle køyre heile vegen tilbake til Merkur-gata, setje av Oscar, pakke det ho trong for å vere her ihuset til tante Isa den veka ho hadde lovd meg … og farskulle jo skrivast ut frå sjukehuset òg. Slikt kunne ta tid,det visste eg av eiga erfaring.Kahla var søkkvåt, og det var noko uvanleg ved henne.

Ho var ikkje pakka inn i tre kåper, fire fargerike skjerf ogminst to ulluer, slik ho pla. Ho hadde berre ein heilt van-leg, svart regnfrakk og ingenting på hovudet – bortsett fråhår då, så klart. Håret til Kahla er knallsvart og blankt ogtjukt – og akkurat no var det altså vått òg.«Regnar det?» spurde eg dumt. Eg var visst ikkje heilt

vaken enno.

5

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 5

Page 6: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

«Far min,» sa ho igjen, og stemma var både sint ogkjølig. «Kvar er han? Kva har skjedd med han?»Alt kom veltande tilbake. For korleis i alle dagar skulle

eg få forklart Kahla at meister Millaconda låg stiv som einstatue i ei seng i den store gangen i Vestmark, akkurat somtante Isa, fru Pommerans, Shanaia og herr Malkin? Heileheksekrinsen til tante Isa. Alle låg dei der, og eg vissteknappast om dei var levande eller døde.«Noko … noko skjedde,» sa eg. Kahla var bleik frå før under den elles så solgylne

huda. No blei ho endå bleikare. «Kva då?» spurde ho. «Sei det!» Og då måtte eg jo ut med det. Heile den forferdelege

kampen i grotta der Bravita Blodsunge hadde brote ut avdet 400 år gamle fengselet sitt og hadde prøvd å vende til-bake til livet gjennom meg.«Ho ville ha ete meg,» sa eg stille, «så der ikkje var

meir Clara att i meg, berre Blodsunge. Katt og tante Isaprøvde å stanse henne, men dei var ikkje sterke nok. Også … og så kalla eg. Slik som herr Malkin hadde lært megdet: Adiuvate. Og dei kom, alle saman, heile krinsen. Ogsaman stoppa dei Blodsungen, men … men … etterpå vardei … ikkje døde, det trur eg iallfall ikkje, men heilt stive.Og … og … det er dei enno.»«Kvar?» sa Kahla berre. «I Vestmark.»Ho kom heilt bort til meg. «Vis meg det,» sa ho. Eg blei nesten redd henne. Eg visste jo at ho iblant

6

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 6

Page 7: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

kunne verke både lukka og fiendtleg utan at det nødven-digvis betydde at ho hadde lyst til å forvandle deg til nokomed vorter, noko ekkelt og paddeaktig, men … det varberre ikkje noko moro når ho såg på deg på den måten.Du har nettopp fortalt at far hennar er meir død enn

lev ande, sa eg til meg sjølv. Hadde du venta at ho berreskulle smile og seie at det var heilt i orden?«No?» sa eg og høyrde sjølv at det høyrdest nesten like

dumt og uførebudd ut som det med regnet.«Ja. No!»Ho rekte handa fram som om ho ville dra meg på føt -

ene med makt. Kattunge slutta plutseleg å vere ein liten,halvt usynleg, sovande kul under teppet. Han reiste seg isi fulle høgd – det var vel cirka 20 centimeter – og frestehissig til Kahla.Kahla drog handa til seg. «Kva er det?» spurde ho. «Det er Kattunge,» sa eg. «Ja då, eg ser at det er ein kattunge, men kva gjer han –»

Ho avbraut seg sjølv og såg meir inngåande på både Katt -unge og meg.«Kvar er Katt?» spurde ho så. Saknet inni meg svulma opp så eg mest ikkje klarte å

seie noko. «Han … kjem ikkje meir,» kviskra eg. «Og så har du fått den småttingen der i staden?»«Han er ikkje … Eg veit at han ikkje er så stor enno,

men …»Ho rista på hovudet.

7

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 7

Page 8: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

«Same for meg, så lenge småen ikkje seinkar oss. Komno!» Kattunge opna igjen heile gapet og freste, denne gongen

nesten lydlaust. Det var klart at det ikkje ville bli kjærleikved første fres mellom han og Kahla. Eg heldt han inntil meg mens eg reiste meg. Eg ville

ikkje at han beint fram skulle angripe henne – det ville hanneppe sleppe godt frå.«Kvar skal de?» spurde Ingentingen søvnig frå sove -

pinnen ved vedkomfyren. «Til Vestmark,» sa Kahla. «Eg vil sjå far min!»

Meister Millaconda låg på ryggen og stirte rett opp i lufta.Han såg veldig morsk ut, for dei svarte augebryna rynkaseg så fælt at dei nesten møttest på midten, men det varnøyaktig det same uttrykket han hadde hatt nede i grotta.Ingenting hadde forandra seg. Ingen av dei, ikkje tante Isaheller, hadde rørt seg ein millimeter sidan Oscar og eggjekk frå dei dagen før.Den store gangen såg ikkje fullt så stor ut som han pla

no som det stod fem senger i han. Det såg ut som ein sjuke sal, tenkte eg. Og kunne ikkje heilt la vere å tenkjevidare: eller eit gravkammer.Kahla utstøytte noko som høyrdest ut som ein mellom-

ting mellom eit gisp og eit hulk. Ho kasta seg ned ved sidaav meister Millaconda og greip handa hans. Så sleppte hohanda brått att.«Han er jo heilt kald!» sa ho. «Kvifor har de ikkje sørgt

for at han er ordentleg varm?»

8

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 8

Page 9: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

Eg prøvde å forklare at vi hadde prøvd, med teppe ogfyr på kaminen og varmeflasker og det heile.«Det hjelper ikkje,» sa eg. «Dei er berre slik.»Ho høyrde ikkje etter. Igjen hadde ho teke handa til far

sin, og villsongen kom bølgjande ut av henne, høg ogskarp og sviande, nesten som ein lusing. Hjartet mittgjorde eit håpefullt hopp, og eg såg etter ein forskjell, eitlivsteikn, kva som helst anna enn at dei var så aldeles urør-lege. Men så vidt eg kunne sjå, skjedde det ingen ting annaenn at Kahla blei merkbart trøyttare di lenger ho song. Like -vel berre fortsette og fortsette ho, i nesten ein time, trureg, til stemma var heilt sprokken, og ho var så svak at egmåtte hjelpe henne på føtene då ho endeleg gav opp.«Det verkar ikkje,» sa ho håst. «Kvifor verkar det

ikkje?»«Eg veit ikkje,» sa eg. «Eg forstår ikkje kvifor det ikkje verkar …» Knea

svikta under henne, og eg måtte hjelpe henne ut på kjøk-kenet så ho fekk setje seg. Ingentingen flaksa bekymraetter oss, med ei skur av små «å nei, å nei, å nei»-utbrot.Over kjøkkenbordet hang det ein krok. Ingentingen såg

uvilkårleg opp på han, og eg kunne sjå at fjørene hennarreiste seg. På den kroken hadde det hange eit bur, og det vari det buret eg hadde sett Ingentingen første gongen. Ein ynkeleg, snørrete og skiten liten skapning som ikkje haddekunna leve opp til det skaparen hennar forlangte av henne,og var blitt plassert i det buret berre fordi det irriterte Kimæra at Ingentingen følgde etter henne. Ho hadde ikkjevisst kva ord som «ven» og «fridom» betydde. Det var ho

9

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 9

Page 10: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

først no så smått i ferd med å lære, og det var sikkert ikkjeså triveleg for henne å vere her att. Sjølv om fjør ene la segetter nokre minutt, såg ho likevel endå meir engsteleg utenn ho pla. Og ikkje berre for si eiga skuld, viste det seg.«Kvifor er dei så stille?» spurde ho. «Isa … ho … auga

hennar er heilt stive. Trur du ho har vondt?»«Eg veit ikkje,» sa eg. «Veit du kva som feiler dei?»

spurde eg Kahla. Eg håpte så inderleg at ho hadde eit svar.Ho var ei skikkeleg god villheks, mykje betre enn eg var.Men Kahla rista på hovudet. «Eg har aldri sett noko slikt før,» sa ho. «Det verkar

som … som om dei har stivna. Kanskje det er noko medtida.»«Kva meiner du?»«Far min sa ein gong at viss ein utfører noko verkeleg

stort og veldig – noko magisk, altså – så gjer det noko medtida. Det er som om ho går saktare eller beint fram går i stånokre sekund.»Eg tenkte tilbake på dei gongene eg hadde vore med

på «noko verkeleg stort og veldig». Eg kjende godt att følelsen av at tida liksom stoppa opp litt – som om altgjekk i sakte film.Viss Kahla hadde rett – betydde det då at dei fem urør-

lege kroppane rett og slett hadde gått i stå? I eit langt,stivna sekund, midt mellom eitt hjarteslag og det neste,midt mellom to andedrag? Det var på ein måte ørlite grannroande å tenkje på, iallfall betre enn å førestelle seg at deivar fullt medvitne der inne bak dei stirande blikka og urør-lege musklane.

10

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 10

Page 11: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

11

«Men korleis får ein tida til å begynne att?» spurde eg. Kahla sende meg eit mørkt blikk. «Viss eg hadde visst det, trur du ikkje eg hadde gjort

det då? Eg veit jo ikkje eingong om det er det med tida. Egberre gjettar.»«Ja, men kva skal vi gjere, då? Trur du ramnemødrene

kan hjelpe oss?»Kahla sette olbogane i bordet og tok seg til panna med

begge hendene. Det kom ein liten lyd frå henne, noko midtmellom eit sukk og eit lågt kves, og ho strauk det svartehåret litt tilbake. Eg syntest det snodde seg uvanleg le-vande kring fingrane hennar.«Vi får vel prøve,» sa ho. Men ho høyrdest ikkje sær-

leg optimistisk ut. Eg tenkte på Tomsen og Stjerna og geitene som var

åleine heime. Iallfall til mor kom tilbake.«Eg sender ein SMS,» sa eg, «så ho hugsar å gi dyra

mat. Kom igjen, Kahla – la oss kome oss av stad. Ram-nemødrene veit kva vi skal gjere!»Eg tenkte på Thuja, den fremste i krinsen av ramne-

mødrer. Ho var nok den klokaste villheksa eg kjende.Kahla reiste seg. Ansiktet hennar var hardt og bestemt. «Hald godt fast på det kattedyret,» sa ho. «Viss vi skal

klare det, er det best vi skundar oss, og eg har ikkje tid tilå fare rundt i villvegtåkene og leite etter han viss han stikkav.»Eg skulle akkurat til å protestere og seie at Kattunge

ikkje var ein som stakk av, men eg tok meg i det. Kva vis-ste eg eigentleg om kva Katttunge kunne finne på? For å

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 11

Page 12: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

vere på den sikre sida putta eg han innanfor jakka ogknepte den øvste knappen.Det skulle vise seg å vere ei klok avgjerd …

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 12

Page 13: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

2 Ramnestormen

Den trykkjande grå tåka rundt oss var tett og fuktig og …og nærmast lunken. Kleimen. Villvegane var aldri nokonufarleg stad. Sjølv erfarne villhekser kunne fare vill foralvor. Og vi var ikkje erfarne. Ikkje Kahla eingong, sjølv omho var hundre gonger betre enn eg til meir eller mindre altsom hadde med den ville verda å gjere.«Er vi ikkje snart framme?» spurde eg. Eg syntest vi

hadde gått ei æve. Kattunge mjaua søvnig og strekte eineframfoten, men rulla seg så saman att inne under jakkami.«Eg veit ikkje …» kviskra Kahla. «Det er som om

noko er annleis. Som om noko er … feil.»«Har vi fare vill?» peip Ingentingen frå plassen sin i

ryggsekken min. «Nei,» sa Kahla. «Vi er like ved Ramnekjelen no. Det

er berre som om villvegtåkene … gjer motstand.»Ja. Akkurat slik var det! Det var derfor det føltest som

om vi hadde gått i hundre år. Det var meir som å vassegjennom vatn enn å gå gjennom luft. Eller eigentleggjennom noko som var tjukkare enn vatn – olje, kanskje.Lunken, kleimen olje. Det pressa på. I øyra, mot tinning-ane, i nase og munn. Eg hadde begynt å få vondt i hovu-det, ein skikkeleg torevêrshovudverk. Det var som om detikkje var plass til alt det som skulle vere innanfor hovud-skallen lenger. Men det tora aldri på villvegane. Der vardet ikkje anna vêr enn tåke.

13

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 13

Page 14: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

Eller var det det?Ein bris letta litt på det sveitte håret mitt og kjølte ør-

lite i nakken. Eg rakk å tenkje at det i grunnen var ganskeherleg, før det gjekk opp for meg kor gale det var. «Det blæs då aldri her …» sa eg. Så høyrde vi ei slags rumling bak oss, og vinden blei

sterkare. Eg snudde meg. Eit glovarmt vindkast slo imotmeg, og tåka bak oss var ikkje lenger grå, ho var svart.«Hald deg fast!» ropte eg til Ingentingen og greip sjølv

overarmen til Kahla med begge hendene.Eg klarte ikkje å bli ståande. Lufttrykket lyfta meg opp

og slo føtene vekk under meg, eg blei kvervla av stad someit blad i ein hauststorm, og eit eller anna trefte meg påkinnet, skarpt og djupt som eit piskesmell. Kattunge vreidseg under jakka mi og greip tak i meg med alle klørne. Viflaug. Vi tumla av stad. Først kunne eg ikkje sjå anna enntåke og ikkje høyre anna enn brølet frå stormvinden. Såblei lufta fylt av håse skrik, og eg trefte eit tre.Treet knakk. Ikkje på grunn av meg, men på grunn av

vinden. Eg kjende ein knekk inne i armen og eit rykk somvar så hardt at det eigentleg ikkje gjorde vondt eingong.Det kom først seinare.Eg hadde mista grepet kring armen til Kahla, men eg

flaug iallfall ikkje bortover lenger. Eg låg på marka, somvar fuktig, mørk og kald, og stormen bles over meg ogrundt meg. Det suste og knaka, og lufta var full av skrikog svarte fjører og eit merkeleg spreidd regn som treftemeg varmt og klissete i håret og ansiktet og på den armeneg heldt opp framfor ansiktet.

14

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 14

Page 15: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

Det varte ei æve. Eller kanskje varte det berre nokresekund. Tida gav ikkje meining lenger.Det braka og small overalt. Noko fall over meg – det

kjendest ut som ei grein, men eg var ikkje sikker. Kva detno enn var, så blei det rive vekk att, og mørket var totalt.Eg kunne høyre Ingentingens vettskremde: «Å nei, å nei,å nei …» og rakk å tenkje at ho iallfall var der framleis, iryggsekken, og var verken blitt kvervla vekk eller treft avnoko dødeleg.Så blei det plutseleg heilt stille. Vinden døydde. Mørket heldt grepet ein augneblink, men så forsvann

det, og sollys seiv ned til oss gjennom tretoppane. Eg tokmeg til armen.Han er brekt, tenkte eg, men var likevel ikkje heilt sik-

ker. Eg visste ikkje korleis det ville kjennast, og eg kunnedå framleis bøye og strekkje fingrane.Då var det eg oppdaga at det regnet som hadde treft

meg, ikkje var regn. Ei einsleg svart fjør dalte ned motmarka i dovne bogebevegelsar. Hendene og armane mine,og sikkert ansiktet òg, var dekt av kleimne, mørkeraudeblodflekker, og på marka framfor meg, berre nokre meterborte, låg dei sundrivne restane av ein ramn.«Å nei,» jamra Ingentingen og baska seg opp av rygg-

sekken. «Kva er det som har skjedd? Å nei, å nei.»Eg såg meg om. Kahla kunne eg ikkje få auge på nett

no, men trass i knekte greiner og velta tre kjende eg attstigen som førte ned mot Ramnekjelen.Vi var framme. Eg burde vere letta. Men eg hadde

15

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 15

Page 16: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

allereie då ei kald og redd aning om at ramnemødreneikkje kunne hjelpe oss lenger.

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 16

Page 17: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

3 Stille

Det var så stille. Himmelen over oss var blå, og sollysglimta i søledammane og langs dei våte greinene. Einskulle tru at det ikkje var noko som helst gale med verdaslik som den sola skein. Nokre av trea rundt Ramnekjelenhadde velta, andre hadde stormen knekt, men dei flestestod no framleis. Og likevel var alt heilt feil. Greinene vartomme. Ikkje ein einaste ramn kunne vi sjå eller høyre.Ikkje så mykje som ei kråke eingong. Himmelen over ossføltest naken og berr utan dei krinsande, svarte fuglane, ogstilla utan dei håse skrika deira var rett og slett … heilt feil.«Er dei borte … alle saman?» kviskra Ingentingen. «Eg veit ikkje,» sa eg. Men eg hadde ein kald, vond

følelse i magen, ein følelse som sa: «Ja – kvar einaste ein.»Det verkte og dunka i den armen som kanskje eller kan-skje ikkje var brekt, og det ville ha vore fint om ei vaksenvillheks berre kunne syngje smerta vekk og gi meg einkopp baldriante å sove på, men eg visste inst inne at denømme armen i dag var eit uviktig, lite problem i forholdtil dei katastrofane som omgav oss.Eit kjempestort gammalt asketre hadde velta ned i

sjølve Ramnekjelen, så det runde krateret var fullt avknekte greiner. Mykje låg berre som kvist og kvas, menmange av dei store greinene hadde bora seg så djupt nedi marka at det såg ut som om ei kjempe hadde slått dei fastfor å bruke dei som teltpluggar. Under greindekket kunneeg sjå noko mørkt.

17

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 17

Page 18: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

Nei. Ikkje «noko». Nokon.Eit menneske låg fastklemt under den veldige krona til

asketreet. Eit menneske kledd i den svarte ordenskappa tilramnemødrene.Berre det ikkje er Thuja, tenkte eg, sjølv om det sjølv-

sagt ville vere forferdeleg same kven av ramnemødrenedet var. Det var berre det at Thuja var den eg meinte varklokast, eller iallfall den eg stolte mest på. «Det ligg nokon der …» sa eg og peikte med den friske

armen min. «Vi må hjelpe, Kahla –»Kahla var allereie på veg. Ho tok seg ikkje eingong tid

til å gå rundt den skrånande jordrampa som vanlegvis varinn- og utgangen til Ramnekjelen, men skleid og rutsjanedover skrenten, endå så bratt han var, samtidig som honynna ein rask, spørjande villsong for å finne ut om detvar ein levande eller ein død vi måtte prøve å få laus.Ein levande eller ein død. Eg trur eigentleg at det først

var den tanken som for alvor fekk det til å gå opp for meg.Det var som om eg hadde gått rundt i ei boble av uverke-legheit heilt sidan stormen trefte oss, og det først var nodet gjekk hòl på bobla.Tenk om det var ein død? Stormen hadde allereie drepe

hundretals ramnar, så sjølvsagt kunne menneske døy òg.Særleg viss eit stort tre fall ned på dei. Eg begynte åspringe bort mot kraterinngangen, sjølv om det dunka iarmen og fekk Kattunge til å setje klørne i både jakka miog huda under.Det var ikkje Thuja. Det såg eg då eg kom litt nærmare.

Det var Valla, den litt dovne mannlege ramnemora som

18

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 18

Page 19: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

hadde vore svært misfornøgd med å måtte renne rundt iskogen midt på natta den gongen eg skulle ta eldprøva miog vise rådet at det var eg og ikkje Kimæra som snakkasant. Heldigvis var det ikkje sjølve stamma på asketreetsom hadde treft han, men mange av greinene. Ei av deihadde bora seg rett gjennom armen hans som eit spyd ognagla han fast til marka, men han var ikkje død, det kunneeg både sjå og høyre. Han jamra svakt og skrapa motmarka med støveltuppane som om han prøvde å krypevekk og ikkje forstod kvifor det ikkje gjekk.«Vent,» sa eg til han. «Ligg still. Vi skal nok få deg

laus.»Kvar var alle saman? Det måtte då vere andre her. Dei

kunne ikkje vere døde eller såra, alle saman. Kunne deivel? Hjartet mitt snørte seg saman ved tanken.Kahla var allereie i gang med ein villsong, og det var

ho mykje betre til enn eg. Eg hadde til gjengjeld kniven tilOscar, den han hadde gitt meg til fødselsdagen, og medden skar eg forsiktig over greina på begge sider av armentil Valla. Vi måtte sjølvsagt få greina ut av armen òg, mendet kravde førebuingar. Varmt vatn, bandasjar, mykje meirvillsong … hjelp, viss der då var noka hjelp å få her.Elles får vi klare oss utan, sa eg strengt til meg sjølv. Valla jamra igjen. Det var ord i det denne gongen, men

det var vanskeleg å høyre kva han sa. Det gråsprengdehåret var vått av smertesveitte og klistra til nakke, kinn ogpanne.«Ramnane,» mumla han. «Ramnane …»Før hadde eg eigentleg ikkje likt han, men no syntest

19

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 19

Page 20: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

eg synd på han. Det var ikkje seg sjølv han tenkte på no,sjølv om alle som har ei spiss grein gjennom overarmen,må få lov til å synast litt synd på seg sjølv.«Det … det går nok bra,» var det einaste eg kom på å

seie til trøyst. Eg kunne ikkje lyge og seie: «Dei har detbra.» Kleda mine var fulle av flekker av ramneblod.Kahla song framleis, og det var tydeleg at det hjelpte.

Stemma til Kahla høyrdest sliten og matt ut fordi ho haddesunge så lenge og fåfengt for far sin, men det var kraft isongen likevel. Valla var ikkje fullt så gråbleik no, og detblødde mindre enn før. Han ville setje seg opp.«Vent litt,» sa eg og heldt han att. «Vent til villsongen

er ferdig.»Sjølv om han ikkje var heilt klar i hovudet, forstod han

kva eg sa. Han låg stille til dei siste håse tonane haddedøydd bort.«Ramnane,» sa han igjen. «Er det nokon att?»Eg kunne ikkje sjå han i auga. «Eg veit ikkje,» sa eg. Det kom ein lyd frå han som om noko inni han hadde

gått sund. Han gøymde ansiktet sitt med den uskaddehanda, og eg trur han gret.«Kvar er dei andre?» spurde eg. «Thuja, Arkus … dei

andre ramnemødrene. Kva har skjedd med dei?»Han senka sakte handa. «Vi må leite,» sa han. «Vi må leite til vi finn dei.»«Kvar såg du dei sist?» spurde Kahla. «Det skjedde så brått,» sa han. «Eg sat og las, og brått

kom eit vindkast ned gjennom pipa, så kraftig at det bles

20

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 20

Page 21: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

ut elden. Eg høyrde nokre … merkelege lydar. Noko somulte, noko som knaka. Sjølv om elden hadde slokna, bleidet frykteleg varmt. Og så merka eg … så … så døyddeHugin. Ramnen min. Det var ingenting eg kunne gjere,det skjedde så fort. Og eg visste … villsansen min for-talde meg det … at han ikkje var den einaste. Eg sprangut, men … vinden lyfta meg opp og slengde meg i markaatt. Eg kunne høyre trea knekke, og så …» Han tok segtil den gjennombora armen. «Eg kom meg ikkje laus. Egtrudde eg skulle døy, og det … hadde kanskje vore detbeste.»«Det er aldri det beste,» sa Kahla i eit hardt tonefall.

«Det er alltid noko ein kan gjere med livet sitt.»Kvifor kjefta ho på han? Såg ho ikkje kor ulykkeleg

han var? Eg såg bebreidande på henne. Det svarte håretrørte seg i vinden, nesten som om det var levande, menansiktet hennar var heilt uttrykkslaust og urørleg.Det merkelege var at Valla tydelegvis tok orda hennar

til seg og retta seg opp. «Du har rett,» sa han. «Vi må sjå om det har skjedd

noko med rugekammeret.»«Først må vi gjere noko med armen din,» innvende eg,

men han ville ikkje høyre.«Rugekammeret,» gjentok han. «Egga. Eg må vite om

vi har mista alt, eller om det enno er håp for ramnemød -rene.»

Rugekammeret var hjartet i Ramnekjelen og den instehemmelegheita til ramnemødrene. Her kom ingen fra-

21

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 21

Page 22: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

mande inn, og først ville ikkje Valla ha oss med ned ditheller, men han var så svak at han ikkje kunne gå sjølv.«Lukk auga,» befalte han. «Dette er berre for dei inn-

vigde!»Eg lukka lydig auga, men eg kunne ikkje lukke øyra

òg, og eg høyrde tydeleg den heilt spesielle villsongen hanbrukte. Han var ganske kort, han varte ikkje stort lenger enn

det ville ta å rope: «Sesam, sesam, lukk deg opp!» Like-vel var det nesten meir enn han orka. Det kom eit dunk ogeit stønn av smerte, og då eg opna auga att, låg Valla påalle fire, eller snarare på alle tre, for den skadde armenheldt han framleis pressa inn mot kroppen. Men det haddeskjedd noko anna òg. Eit svakt lysskjær trengde oppgjennom greinene og kvistene som hadde falle, og vikunne sjå omrisset av noko rundt, nesten som eit kumlok,berre ganske mykje større.Vi fekk Valla til å setje seg på marka mens Kahla og

eg hjelpte kvarandre med å dra greinene til side så vikunne få opna loket. Eg ville aldri ha funne det sjølv. Kormange gonger hadde eg ikkje gått gjennom det runde kra-teret i Ramnekjelen utan å leggje merke til det? Mose oglav og vårsoppar voks rundt det og oppå det, og det vartydeleg at ramnemødrene hadde brukt mange krefter på ålage denne inngangen slik at han var levande nok til åkunne gøyme seg i den ville verda. Då vi opna det, såg viat loket var fletta av levande røter som berre bøygde segog lét seg opne fordi villsongen til Valla hadde vekt deiog gjort dei føyelege.

22

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 22

Page 23: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

Lysskjæret kom ikkje frå vanlege lamper, men frå eldøgler som kravla rundt mellom trerøtene. Ei trapp førtenedover i halvmørket, og vi hjelpte Valla ned.Det var overraskande varmt der nede. Faktisk så varmt

at sveitten begynte å piple fram under vindjakka og T-skjorta. Det kunne ikkje vere eldøglene, eller ikkje berre– dei var det ein kallar vekselvarme, og dei små flamme-hikka som kom frå dei, var temmeleg bleike og gav ikkjemykje varme. Det var jorda under oss, skjønte eg. Denvarme sanden rekte meg til okla, så det var nesten som åstå på ei badestrand om kvelden når sola har skine på san-den heile dagen.Valla gjorde seg fri frå det støttande grepet til Kahla og

vakla gjennom sanden bort til noko som likna eit slagsomvendt juletre. Det var røtene som breidde seg ut somei underjordisk trekrone, og rundt omkring på rotgreinenehang fine, fletta sivkorger. Valla gjekk frå den eine korgatil den andre, vippa lett på dei og kikka oppi, og først dåhan hadde sett etter i kvar einaste ei, sokk han saman i san-den og stønte av lette.«Alt er i orden,» sa han. «Vi har iallfall egga!»I det same høyrde vi steg i trappa bak oss. «De rører dei ikkje!»Orda var halvt rop, halvt villsong, og dei trefte meg

med ei slik kraft at eg vakla og støytte inn i Kahla. Egkjende eit stikk av smerte i armen og kunne ikkje la vereå gispe.Det var Thuja som kom tumlande ned trappa med ar-

mane strekte fram og dei blinde auga vidopne, sjølv om eg

23

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 23

Page 24: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

visste at ho ikkje kunne sjå noko utan hjelp frå ramnane.Arkus, den vesle guten som hjelpte henne med å lese ogfinne fram, kom rett i hælane på henne og prøvde å ta deneine armen hennar. Bak henne var det andre skapnader,temmeleg mange, trur eg, men det var vanskeleg å sjå påandre enn henne. Det var nesten som om ho lyste.«Ikkje fall,» kviskra Arkus. «Ver forsiktig, frue, trappa

er bratt!»«Det har ikkje skjedd noko med egga,» sa Valla. «Det

er berre meg, Thuja.»«Du er ikkje åleine,» sa Thuja. «Det er nokon her.

Nokon som ikkje høyrer til her.»«Det er meg, Clara,» sa eg. «Og Kahla. Og Ingen-

tingen. Og … og … Kattunge. Han er den nye villvenenmin.»«Dei hjelpte meg,» sa Valla. «Dei har ikkje noko vondt

i sinne!»Vondt i sinne? Sjølvsagt hadde vi ikkje det. Korleis

kunne Thuja tru det? Det var ikkje likt henne å vere såmistenksam og fiendtleg.Ho stansa, framleis med opne auge, som om ho des-

perat prøvde å sjå sjølv om ho ikkje kunne det. Elles varauga hennar ofte heilt eller halvt lukka, og det fekk hennepå ein måte til å verke rolegare og meir fredfull enn deifleste andre.Akkurat no var det absolutt ikkje noko fredfullt over

henne. Ho såg ut som om ho var klar til å forvandle denneste som prøvde å gjere noko mot Ramnekjelen, til nokosvært slimete, lite og ubehageleg.

24

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 24

Page 25: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

«Clara,» sa ho. «Korleis har det seg at du er her?»Eg forklarte så godt eg kunne – om tante Isa og dei

andre, at dei berre låg der og var heilt stive, og korleis althadde skjedd. Thuja lytta med hovudet på skakke, somom det gjorde at ho oppfatta orda betre.«Isa òg?» sa ho då eg var ferdig. «Og Agate Pomme-

rans og … alle dei andre i heksekrinsen? Kva i alle dagarer det som skjer? Det verkar som om nokon er ute etter åta livet, eller nesten ta livet, av alle villhekser … Den stor-men. Det var ein heksestorm. Han var ikkje naturleg.»«Det er ikkje berre ’nokon’,» sa eg. «Det er Bravita

Blodsunge.»«Det kan vi ikkje vere sikre på. Ho fekk jo ikkje deg.

Og sa du ikkje at inngangen til grotta rasa saman?»«Jo. Eg trur Ilja … blei teken av raset. Vi måtte klatre

opp til eit ørlite hòl i taket, og det trur eg absolutt ikkjeIlja kan ha klart.» Oscar var skulemeister i klatreveggen,og han klarte det berre så vidt etter å ha ramla ned togonger. Ilja var halvfeit og halvgammal, så eg hadde vans -keleg for å førestelle meg at ho kunne gjere det etter han.«Men … eg er sikker på at det er Blodsungen.»«Det kan vi ikkje vite,» sa Thuja igjen. Eg merka at eg blei litt meir usikker berre fordi ho

ikkje gav meg rett. Og likevel … likevel var eg jo sikker.«Kan ramnemødrene hjelpe?» spurde Kahla, og stemma

hennar skalv som om ho var på gråten. «Far min … hanligg der og … han blunkar ikkje eingong.»«Vi får sjå kva vi kan gjere,» svarte Thuja, «men utan

ramnane … er eg redd det ikkje er stort.»

25

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 25

Page 26: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

«Men noko?»«Kanskje. No får vi først sjå kor mykje vi har mista i

stormen.»Det var ikkje det svaret Kahla hadde håpt på. Ho

bøygde hovudet, og det skein i dei mørke auga.«Først må de ta dykk av dykkar eigne, meiner du,» sa

ho, kaldt og sint. «Det kan du godt kalle det. Men far din og dei andre

får det etter alt å dømme ikkje verre dei neste tjuefire timane. Kven veit kor mange av dei såra her som står ifare for å døy viss dei ikkje får den hjelpa vi kan gi dei?»Kahla blei heilt kvit kring leppene, og det høyrdest ut

som ho hadde problem med å trekkje pusten.«Eg er lei for det,» sa Thuja og vende det blinde an-

siktet mot henne. «Eg skjøner at det ikkje er lett.»«Gjer du?» kveste Kahla med samanbitne tenner. «Eg

trur faktisk ikkje du forstår noko særleg.»Ingentingen gispa, og eg var ganske forferda sjølv òg.

Tenk å stå og seie slikt til Thuja, som var den viktigaste avalle ramnemødrene!Thuja svarte ikkje med det same. Det var som om ho

«såg» svært lenge på Kahla først. Så rista ho lett på ho-vudet.«Det kan hende du har rett,» sa ho og høyrdest med eitt

svært trøytt ut. «Utan ramnane er vi … berre vanlege vill-hekser. Ja, kanskje ikkje det eingong.»«Ikkje sei det, Thuja!» innvende Valla. «Kvifor ikkje? Det er jo sant.»«Vi har egga. Vi har framleis egga. Og når dei blir

26

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 26

Page 27: Villheks. Fiendeblod (nynorsk)

klekte … om berre nokre veker, ja, kanskje om nokredagar … så kan vi begynne på nytt.»Thuja rekte ei famlande hand ut til ho fann skuldra til

Valla. Det var den skadde armen, men det lét han seg ikkjemerke med.«Takk,» sa ho. «På ein vond dag som denne er det godt

å bli mint på at framtida enno finst …»Kahla kasta eit sint blikk på dei skrøpelege, grå egga

som hang der i korgene sine, varmt og godt og trygt.«For somme …» sa ho, men ho sa det ikkje så høgt.

Fiendeblod NN ferdig_Layout 1 09.05.14 09.56 Side 27