22
Vitensenteret i Sogn og Fjordane as Adresse Mobiltelefon Bank Strandvegen 13 a 415 30 963 N-6884 ØVRE ÅRDAL Norge E-post: [email protected] Org. nr.: HOVUDPROSJEKTPLAN 2018 - 2020 Godkjent i styret for Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 22. februar 2018

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as · Bjørg Kristin Selvik Høgskulen på Vestlandet Medlem Ole Johnny Stubhaug Sogn og Fjordane fylkeskommuneMedlem ... A08 – Lage romprogram

Embed Size (px)

Citation preview

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as

Adresse Mobiltelefon Bank Strandvegen 13 a 415 30 963N-6884 ØVRE ÅRDAL

Norge

E-post: [email protected]

Org. nr.:

HOVUDPROSJEKTPLAN 2018 - 2020

Godkjent i styret for Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 22. februar 2018

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 2

Innhald

1  Føreord 3 

2  Bakgrunn 4 

3  Kva er eit Vitensenter? 7 

4  Mål for prosjektet 8 

5  Oppgåveomfang 9 

6  Prosjektorganisering 10 

7  Risikoanalyse og kvalitetssikring 12 

8  Prosjektaktivitetar/delmål 13 

9  Framdrift/tidsplan 19 

10  Økonomi 20 

11  Kontraktar og avtaler 21 

12  Figurar og tabellar 22 

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 3

1 Føreord Denne Hovudprosjektplanen vil vere retningsgivande for arbeidet med Vitensenteret i Sogn og Fjordane i bygge- og utviklingsperioden frå 2018 og fram til opninga av senteret i 2020.

Samstundes er det meininga undervegs å lage eit strategidokument, ein forretningsplan II og ein handlingsplan for dei første driftsåra.

Selskapet «Vitensenteret i Sogn og Fjordane as» er skipa og nytt styre på plass.

Vi vil halde fram med arbeidet som vart starta i forprosjektet. Eit vegskilje vil vere å tilsette prosjektleiar på heiltid, som kan følgje bygginga, skape innhald og syte for god drift alt frå starten.

Intensjonen er at prosjektleiaren vert dagleg leiar/direktør frå 2020.

Hovudprosjektplanen tener dessutan som grunnlag for søknader om ekstern finansiering frå Innovasjon Noreg, Sogn næring as og regionale, relevante gåvekjelder.

Kaupanger, 22. februar 2018

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as

Tor Arne Ness

Styreleiar

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 4

2 Bakgrunn På oppdrag frå Kaupanger Næringsforening laga Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane i september i 2016 ein moglegheitstudie for næringsutvikling på Kaupanger i Sogndal kommune.

For å konkretisere planane om eit Vitensenter og sambruk med vidaregåande skule skipa Kaupanger Næringsforening i desember 2016 eit eige selskap; «Kaupus as»

Forprosjektet – 2017 Forprosjektet vart finansiert av Innovasjon Noreg, Sogn næring as og med Toyota Sogn as som sponsor. I tillegg ytte deltakarane i referanse- og styringsgruppa monaleg eigeninnsats.

Våren 2017 vart det lagt fram eit konsept/idegrunnlag for eit Vitensenter i Sogn og Fjordane med eit signalbygg - sentralt i Sogn og på eit aktivt næringsområdet – i sambruk med Sogndal vidaregåande skule si nasjonale line for Transport og Logistikk.

I desember 2017 var det – på basis av «Forretningsplan 1» - gjennomført ei retta emisjon. Skuleeigarar, kompetansemiljø og næringslivsorganisasjonar i fylket gjekk der saman og danna Vitensenteret i Sogn og Fjordane as.

Selskapet vart skipa 8. februar 2018 og vil no ta over ansvaret for å vidareføre ideen.

Selskapet «Kaupus as» går attende til Kaupanger næringsforening.

Hovudprosjektet starta våren 2018, etter kvart med heiltids tilsett prosjektleiing. Ho/han skal følgje bygginga, ta ansvar for utviklinga av innhaldet og førebu drifta. Intensjonen er at vedkomande vert den framtidige leiaren i selskapet.

Det er planlagt opning midt i 2020.

Alle informasjon og dokumentasjon om prosjektet ligg på heimesida http://kaupus.no.

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as Dette selskapet vil stå for det vidare arbeidet og realisere ideen om eit Vitensenter på Kaupanger i Sogndal kommune.

Det har i dag 13 aksjonærar med 306 aksjar á kr 10.000, fordelt slik:

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 5

Tabell 1 Aksjonærar og tal aksjar

Namn/Føretak: Tal aksjar: Sum:

Høgskulen på Vestlandet 10 100 000

Vestlandsforsking 23 230 000

Sogn og Fjordane fylkeskommune 102 1 020 000

Sogndal kommune 45 450 000

NITO 10 100 000

Leikanger kommune 11 110 000

Lærdal kommune 11 110 000

Luster kommune 17 170 000

Førde kommune 5 50 000

Sogn næring as/Sogndal næringsforening 20 200 000

Kaupanger næringsforening 30 300 000

Vik kommune 12 120 000

Flora kommune 10 100 000

Sum 306 3 060 000

Høgskulen på Vestlandet vil dessutan styrke den faglege forankringa til senteret ved - i oppbyggingsfasen - å gå inn med faglege ressursar, og på den måten stø etableringa av senteret.

Styret Styret har representantar frå skuleeigarane, kompetansemiljøa og næringslivet. Det er 7 medlemar med personlege varamedlem:

Tabell 2 Styret

Namn: Frå: Rolle:

Tor Arne Ness Kaupanger næringsforening Leiar

Merete Lunde Vestlandsforsking Nestleiar

Liv Synnøve Bøyum Sogndal kommune Medlem

Bjørg Kristin Selvik Høgskulen på Vestlandet Medlem

Ole Johnny Stubhaug Sogn og Fjordane fylkeskommune Medlem

Roy Egil Stadheim Vik kommune Medlem

Ingvar Torsvik Myrvollen Flora kommune Medlem

Einar Vatlestad Sogndal kommune Vara (for Liv Synnøve Bøyum)

Erik Kyrkjebø Høgskulen på Vestlandet Vara (for Bjørg Kristin Selvik)

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 6

Namn: Frå: Rolle:

Senea Sabanovic Sogn og Fjordane fylkeskommune Vara (for Ole Johnny Stubhaug)

Ivar Petter Grøtte Vestlandsforsking Vara (for Merete Lunde)

Agnar Holen Sogndal næringsforening Vara (for Tor Arne Ness)

Marit Aakrø Tennø Luster kommune Vara (for Roy Egil Stadheim)

Jan Einan NITO Vara (for Ingvar Torsvik Myrvollen)

Mellombels prosjektleiing/dagleg leiar Vidsyn rådgivning as v/Jan Øhlckers fungerer mellombels som sekretær/dagleg leiar inntil ny prosjektleiar er på plass. Han var og prosjektleiar for forprosjektet.

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 7

3 Kva er eit Vitensenter? Eit vitensenter er eit populærvitskapeleg opplevings- og læringssenter innanfor matematikk, naturvitskap og teknologi der dei besøkande lærer ved å eksperimentere sjølve. Vitensentra retter seg mot barnehagar og skuler og ålmenta. Vitensentra har kompetanse i interaktiv formidling og kan vere ein ressurs for lærarutdanningane.

Vi har i dag 10 vitensentra.

Vitensenterprogrammet i Norsk Forskingsråd Vitensenterideen er forankra i "Tett på realfag" – Kunnskapsdepartementets realfagsstrategi for realfag i barnehage og grunnopplæring (2015 - 2019), Vitensenterprogrammet i Forskingsrådet og «Strategi for Vitensentrene (2016 - 2019».

Målgruppa er:

Barnehagar med barn, barnehagelærarar og føresette

Skoleverket med lærarar, elever og føresette Ålmenta med familiar og andre som ynskjer å

besøke eit vitensenter i fritida

Skuleeigarane må legge besøk ved senteret inn i dei lokale ramme- og opplæringsplanane.

Senteret skal ha kompetanse i interaktiv formidling og vere ein ressurs innanfor barnehage-, lærar- og dei teknisk-naturvitskapeleg utdanningane.

Finansiering over statsbudsjettet Stortinget har i haust auka Forskningsrådet sin budsjettpost for Vitensenterprogrammet med 10 mill. kr for budsjettåret 2018.

Det er i komitéinnstillinga peika på planane våre.

Den konkrete formuleringa i Innst. 12 S (2017–2018) under «Post 71 Tilskudd til vitensenter» er:

…..

Komiteen viser til at programstyret for vitensentrene underlagt Forskningsrådet har pekt på vitensentrenes rolle i de ulike regionene og hvor man blant annet vurderer nye etableringer i Sogn og Fjordane, samt Nordland, for å dekke hele landet på en god måte.

….

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 8

4 Mål for prosjektet Det overordna målet er å etablere eit Vitensenter på Kaupanger i Sogndal kommune med opning i 2020.

Konkrete delmål for hovudprosjektet I hovudprosjektet vert det gjennomført desse aktivitetane (A 01 - 14):

A01 - Etablere styringsstruktur A02 – Rekruttere prosjektleiar A03 – Søke gåvemidlar A04 – Utarbeide info-materiell og formidle A05 – Rekruttere strategiske partnarar A06 – Rekruttere andre sponsorar A07 – Følgje byggeprosjektet A08 – Lage romprogram A09 – Planlegge innreiing A10 – Utvikle installasjonar A11 – Avtaler om bruk A12 – Lage forretningsplan II A13 – Søke statstilskott A14 – Planlegge opning

Framdrift/tidsplan Fleire av aktivitetane vil gå parallelt og/eller overlappe kvarandre. Det er gjort greie for i kap. 9 Framdrift/tidsplan på side 19.

Rammer Hovudprosjektet startar opp 1. februar 2018 og vil vere ferdig ved opninga av senteret i 2020.

Det er rekna med at Innovasjon Noreg går inn med kr 1 500 000 og Sogn Næring med kr 800 000 i dei tre åra hovudprosjektet varar (2018, 19 og 20).

Det er venta at hovudprosjektet vil få gåvebidrag m.a. frå fleire av sparebankstiftingane med Vestlandet som nedslagsfelt. Desse bidraga vil vere øyremerka utvikling av installasjonane/-stasjonane.

Det vil og vere mogleg å nytte nokre sponsormidlar (og ev. eigenkapital) for å sikre fullfinansiering av prosjektet.

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 9

5 Oppgåveomfang Absolutt krav Prosjektet skal omfatte all aktivitet i selskapet «Vitensenteret i Sogn og Fjordane as» fram til driftsstart.

Høgskulen på Vestlandet har vedteke å styrke den faglege forankringa til senteret ved - i oppbyggingsfasen - å gå inn med faglege ressursar, og på den måten stø etableringa av senteret.

Ynskelege krav Det er ynskjeleg at flest mogelege kommunar og verksemder i fylket med klåre realfag- eller reiselivsinteresser stør opp. Det gjeld innanfor t.d. havbruk, energi, reiseliv, transport, industri, næringsmiddel- og matproduksjon og finans.

Avgrensingar Senteret skal vere eit sjølvstendig, regionalt Vitensenter som primært dekker Sogn og Fjordane, men har avtalt tett samarbeide med VilVite i Bergen1 (og andre sentra).

1 som i dag har ansvaret for fylket

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 10

6 Prosjektorganisering Organisasjonsplan Hovudprosjektet er tenkt organisert slik:

Figur 1 Organisasjonsplan Hovudprosjekt

Roller Det er førebels fastsett slik rollefordeling. Detaljane her – og personval - vil bli avtalt med dei sentrale aktørane.

Tabell 3 Roller2

Rolle Eigarskap Organisasjon/Person Hovudansvarsområde

Prosjekteigar A Styret Pådrivar

Sentrale aktørar

B

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Byggherre

Høgskulen i på Vestlandet Eigne ressursar (HVL)

Deltek med kompetanse Vestlandsforsking

Kaupanger næringsforening

Initiativtakar

Sogndal kommune Vertskommune

2 A-eigar: Hovudinteresse i prosjektet med monalege ressursar og som stiller store krav til gjennomføring og resultat

B-eigar: Interesse i prosjektet og deltar med ressursar og forventar resultat C-eigar: Tek del i prosjektet med moralsk støtte. Stiller ikkje krav i prosjektet

Prosjekteigar:

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as

Styret

Installasjonar

Høgskulen

Brukarutval

Byggherre

Fylkeskommunen

Finansiering mm.

Fleire utval

Prosjektleiar

Framtidig direktør

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 11

Rolle Eigarskap Organisasjon/Person Hovudansvarsområde

Finansiering B

Innovasjon Noreg/

Sogn næring as

Strategiske partnarar

Gåveinstitutt/stiftingar

Delfinansiering av Hovudprosjektet

Oppdragsgjevar Vitensenteret i Sogn og Fjordane as

Administrasjon Styring

Underutval

Brukarutval

Representantar frå:

FoU-miljøet/Studentar

Næringsliv

Skuleeigarar

Andre (m.a. sponsorar)

Fag, innhald

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 12

7 Risikoanalyse og kvalitetssikring Kritiske faktorar Tabell 4 Risikovurdering3

# Kritiske faktorar S K RF Moglege tiltak/ansvarleg

1 Det vert ikkje løyvd nok gåvemidlar 1 5 5 Skalere ned

1 Ikkje statstilskot 1 5 5 Sparebluss og ny søknad

2 IN og Sogn næring reduserer løyvinga

1 4 4Auke sponsorinntekter. Nytte eigenkapital

2 Bygginga vert forsinka 2 2 4 Tilpasse opninga

2 Ikkje nok strategiske partnarar 1 3 4 Stimulere til fleire spleiselag

3 Driftsutgiftene høgare enn budsjettert 2 2 4 Kostnadskutt. Auka sponsorinntekter

4 Besøkstalet for lågt 1 1 1 Skalere ned. Framleige

Risikoevaluering av Kritiske Suksessfaktorar Det er framleis mange usikre faktorar som kan endre omfanget og løysinga. Likevel; prosessen er no i gang.

Ei vellukka gjennomføring av alle dei ulike elementa i Hovudprosjektet vil avgjere kor vellukka dette blir.

3 S – Sannsynleik. Kor sannsynleg vil det vere at dette skjer .m skala 1- 5 (5 er mest sannsynleg)

K – Kritisk. Kor kritisk vil dette vere viss det skjer. Skala 1-5 (5 er mest kritisk) RF – Risikofaktor (S * K). 15 eller høgare vil løyse ut ein aksjon innan ein fastsett dato.

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 13

8 Prosjektaktivitetar/delmål Hovudprosjektet er delt i ulike aktivitetar (A01 – A14).

A01 - Etablere styringsstruktur

Ansvarleg for gjennomføringa: Styret

Skiping av selskapet, konstituering av styret og registrering i Brønnøysund, mva- og Frivilligregisteret.

Etablere fleire undergrupper som skal arbeide med ulike element i prosjektplanen så som:

Bygg, romprogram mm Finansiering Profil, innhald, installasjonar

I desse gruppene vil det vere aktuelt å trekke inn personar frå styrings- og referansegruppa i forprosjektet.

Økonomi

Det er samla budsjettert med kr 250 000. I all hovudsak er det honorar til styret.

Aktivitet Sum 2018 2019 2020

A01 - Etablere styringsstruktur 250 000 100 000 100 000 50 000

A02 – Rekruttere prosjektleiar

Ansvarleg for gjennomføringa: Utval nedsett av styret

Permanent prosjektleiing (på heiltid) bør vere på plass tidleg i hovudprosjektperioden, helst frå hausten 2018. Styret vil setje ned eit utval til å gjennomføre rekrutteringa. Utvalet får høve til å knyte til seg ekstern kompetanse.

Økonomi

Det er samla budsjettert med kr 2 550 000. I all hovudsak er det løn til prosjektleiar fram til opninga. I beløpet ligg og ekstern hjelp til rekrutteringa med kr 300 000.

Aktivitet Sum 2018 2019 2020

A02 – Rekruttere prosjektleiar 2 550 000 750 000 1 200 000 600 000

A03 – Søke gåvemidlar

Ansvarleg for gjennomføringa: Utval nedsett av styret

Dei mest aktuelle gåvekjeldane er:

Gjensidigestiftelsen – (1. september4)

4 Søknadsfrist

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 14

Sparebanken Vest – (1. april) Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane (1. mars) M. fl. 5

Økonomi

Det er i hovudprosjektperioden viktig å utvikle og gjere klar installasjonane. Gåvemidlar er ei naturleg finansieringskjelde. Det er rekna med å skaffe og nytte inntil kr 10 mill. til saman i 2018, 19 og 20 til dette føremålet.

Aktivitet Sum 2018 2019 2020

A03 – Søke gåvemidlar 100 000 50 000 50 000 0

A04 – Utarbeide info-materiell og formidle. Marknad

Ansvarleg for gjennomføringa: Styreleiar og prosjektleiar

Stikkord her er; Nettside. Orienteringar. Materiell. Logo. Namn på bygget. Marknadsføring.

Økonomi

Det er sett av kr 600 000 for heile perioden, gradvis aukande fram mot opninga.

Aktivitet Sum 2018 2019 2020

A04 – Utarbeide info-materiell og formidle

600 000 100 000 200 000 300 000

A05 – Rekruttere strategiske partnarar

Ansvarleg for gjennomføringa: Utval under styret

Hydro, Årdal kom tidleg på banen som strategisk partnar. I tillegg arbeidar energibransjen med eit spleiselag der dei òg går inn som strategisk partnar.

Vi vil no konkretisere tilsvarande spleiselagutfordring mot mat- og næringsmiddelproduksjon, finans-, reiseliv-, transport- og sjømatbransjane.

Målet er 3 – 5 strategiske partnarar på plass mot slutten av 2019. Arbeidet krev ein del reising, orienteringar og anna påverknad.

Økonomi

Aktivitet Sum 2018 2019 2020

A05 – Rekruttere strategiske partnarar

200 000 100 000 100 000 0

Planen er å be dei strategiske partnarane å bidra med 25 % i 2018, 50 % i 2019 og 100 % i 2020 til finansiering av hovudprosjektet og installasjonane jf. finansieringsplanen under.

5 M.a. Sogndal Sparebank Jubileumsfond

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 15

A06 – Rekruttere andre sponsorar

Ansvarleg for gjennomføringa: Utval under styret

Særleg blant næringslivet i Sogn er det alt på plass ei rad mindre sponsorar, med samla bidrag på rundt 1 mill. kr. Det er viktig å halde fram her.

I tillegg er det viktig å få på plass eit samarbeide mellom lokale sponsorar og barnehagar/skular i nærmiljøet for å finansiere transport til senteret.

Økonomi

Aktivitet Sum 2018 2019 2020

A06 – Rekruttere andre sponsorar 100 000 50 000 50 000 0

A07 – Følgje byggeprosjektet

Ansvarleg for gjennomføringa: Fylkeskommunen

Fylkeskommunen har starta planlegginga av bygget. Det er ei rad avgjerder om vilkår, prosess og grensesnitt mot Sogndal vidaregåande skule som krev «hands on» både i planlegginga og sjølve byggjetida.

Leigekontrakt

Gode leigevilkår er avgjerande for driftsbudsjettet frå 2020. Drøftingane med fylkeskommunen er starta og budsjettramma frå forprosjektet er sett til kr 2 500 000 pr. år.

Sambruk

Det blir viktig å løyse sambruk med vidaregåande skule og andre interessentar på ein fleksibel og rimeleg måte.

Deltaking i byggjemøte mm.

Det vil vere naudsynt å delta i ein del byggjemøte mm.

Økonomi

Aktivitet Sum 2018 2019 2020

A07 – Følgje byggeprosjektet 300 000 100 000 100 000 100 000

A08 – Lage romprogram, funksjonar

Ansvarleg for gjennomføringa: Fylkeskommunen

Hovudprosjektet må knyte til seg eigen arkitekt og konsulent for å dra nytte av røynslene frå andre vitensentra. Romprogrammet må vere klart alt til andre halvår 2018.

Økonomi

Aktivitet Sum 2018 2019 2020

A08 – Lage romprogram 50 000 50 000 0 0

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 16

A09 – Planlegge innreiing

Ansvarleg for gjennomføringa: Fylkeskommunen

Eit vitensenter har heilt spesielle krav til tekniske løysingar mm. Også her er det naudsynt med hjelp frå arkitekt og konsulent med røynsler frå tilsvarande prosjekt.

Økonomi

Aktivitet Sum 2018 2019 2020

A09 – Planlegge innreiing 150 000 100 000 50 000 0

A10 – Utvikle installasjonar

Ansvarleg for gjennomføringa: Høgskulen på Vestlandet

Senteret skal ha kompetanse i interaktiv formidling og vere ein ressurs innanfor barnehage-, lærar- og dei teknisk-naturvitskapeleg utdanningane.

I samband med emisjonen forplikta HVL seg til å stille med relevante fagressursar. Dette var noko av grunngjevinga for ikkje å gå so tungt inn på eigarsida som førespurt.

Det er ynskjeleg at HVL deltek med fagressursar tilsvarande kr 250 000 pr. år i Hovudprosjektperioden og tek ansvaret for å leie utviklinga av installasjonane. Ei nærare avklaring av samarbeidet utover hovudprosjektperioden er naudsynt her.

Det er naturleg å tenke seg dette som ein matrise der både studentar og næringsliv/strategiske partnarar blir trekt inn.

Figur 2 Matrise for utvikling av installasjonar

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 17

I tillegg vil HVL ta ansvar for å etablere eit brukarforum der m.a. barnehage- og skulefagleg ansvarlege i skulane kan møte dei strategiske partnarane frå næringslivet. Føremålet med eit slikt «Brukarforum» vil vere å utvikle tilbodet, gje det både regional og relevans og – ikkje minst - godt pedagogisk innhald.

Økonomi

Aktivitet Sum 2018 2019 2020

A10 – Utvikle installasjonar 10 000 000 1 000 000 5 000 000 4 000 000

Høgskulen på Vestlandet - fagressurs 700 000 250 000 250 000 200 000

A11 – Avtaler om bruk

Ansvarleg for gjennomføringa: Prosjektleiinga

Målgruppa er:

Barnehagar med barn, barnehagelærarar og føresette Skoleverket med lærarar, elever og føresette Ålmenta med familiar og andre som ynskjer å besøke eit vitensenter i fritida

Skuleeigarane må legge besøk ved senteret inn i dei lokale ramme- og opplæringsplanane. Det er naturleg å gjere avtale med skuleeigarane (kommunane og fylkeskommunen) om rammer for bruk og brukarbetaling.

Økonomi

Aktivitet Sum 2018 2019 2020

A11 – Avtaler om bruk 75 000 0 75 000 0

A12 – Lage forretningsplan II

Ansvarleg for gjennomføringa: Prosjektleiinga

I tillegg til å kvalitetssikre «Forretningsplan I» må den samla drifta må planen formalisere samarbeid med andre brukarar, fellesløysingar og ev. utsetting av tenester som kantine/butikk, utleige mm. Eit strategidokument og ein handlingsplan vil og verte aktuelt.

Økonomi

Aktivitet Sum 2018 2019 2020

A12 – Lage forretningsplan II 75 000 0 75 000 0

A13 – Søke statstilskott

Ansvarleg for gjennomføringa: Prosjektleiinga

Hausten 2019 må det sendast søknad om statstilskott til Forskingsrådet. Søknaden må stette kriteria i programmet.

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 18

Økonomi

Aktivitet Sum 2018 2019 2020

A13 – Søke statstilskott 50 000 0 50 000 0

A14 – Planlegge opning

Ansvarleg for gjennomføringa: Prosjektleiinga

Våren 2020 startar planlegginga av opninga og overgangen til ordinær drift. Det er naturleg at drifta og vert belasta med ein del kostnader her.

Økonomi

Aktivitet Sum 2018 2019 2020

A14 – Planlegge opning 200 000 0 0 200 000

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 19

9 Framdrift/tidsplan

Aktivitet

Tidsplan (kvartal) Ressursbruk

2 018 2 019 2 020 Kr

1 2 3 4 1 2 3 4 1 2 3 4

A01 - Etablere styringsstruktur 250 000

A02 – Rekruttere prosjektleiar 2 550 000

A03 – Søke gåvemidlar 100 000

A04 – Utarbeide info-materiell og formidle

600 000

A05 – Rekruttere strategiske partnarar 200 000

A06 – Rekruttere andre sponsorar 100 000

A07 – Følgje byggeprosjektet 300 000

A08 – Lage romprogram 50 000

A09 – Planlegge innreiing 150 000

A10 – Utvikle installasjonar 10 000 000

A11 – Avtaler om bruk 75 000

A12 – Lage forretningsplan II 75 000

A13 – Søke statstilskott 50 000

A14 – Planlegge opning 200 000

A15 – Drive 0

Sum 14 700 000

Figur 3 Forenkla Gantt-diagram med for framdrift og ressursar

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 20

10 Økonomi Tabell 5 Kostnader, finansiering og kontantstraum

Aktivitet Sum 2018 2019 20206

A01 - Etablere styringsstruktur 250 000 100 000 100 000 50 000

A02 – Rekruttere prosjektleiar 2 550 000 750 000 1 200 000 600 000

A03 – Søke gåvemidlar 100 000 50 000 50 000 0

A04 – Utarbeide info-materiell og formidle 600 000 100 000 200 000 300 000

A05 – Rekruttere strategiske partnarar 200 000 100 000 100 000 0

A06 – Rekruttere andre sponsorar 100 000 50 000 50 000 0

A07 – Følgje byggeprosjektet 300 000 100 000 100 000 100 000

A08 – Lage romprogram 50 000 50 000 0 0

A09 – Planlegge innreiing 150 000 100 000 50 000 0

A10 – Utvikle installasjonar 10 000 000 1 000 000 5 000 000 4 000 000

A11 – Avtaler om bruk 75 000 0 75 000 0

A12 – Lage forretningsplan II 75 000 0 75 000 0

A13 – Søke statstilskott 50 000 0 50 000 0

A14 – Planlegge opning 200 000 0 0 200 000

Sum kapitalbehov 14 700 000 2 400 000 7 050 000 5 250 000

Finansiering Sum 2018 2019 2020

Gåver 10 000 000 1 000 000 5 000 000 4 000 000

Sponsorar og ev. eigne midlar 2 400 000 600 000 800 000 1 000 000

Innovasjon Noreg 1 500 000 500 000 500 000 500 000

Sogn Næring 800 000 300 000 300 000 200 000

Sum finansiering 14 700 000 2 400 000 6 600 000 5 700 000

Høgskulen på Vestlandet - fagressurs 700 000 250 000 250 000 200 000

Kontantstraum - - 450 000 450 000

6 frå 2. halvår 2020 går fleire av aktivitetane inn i ordinært budsjett

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 21

11 Kontraktar og avtaler Det er teikna kontrakt om mellombels prosjektleiing/dagleg leiar: Vidsyn rådgivning as v/Jan Øhlckers.

Vitensenteret i Sogn og Fjordane as 22

12 Figurar og tabellar Figur 1 Organisasjonsplan Hovudprosjekt ........................................................................ 10 

Figur 2 Matrise for utvikling av installasjonar .................................................................. 16 

Figur 3 Forenkla Gantt-diagram med for framdrift og ressursar ...................................... 19 

Tabell 1 Aksjonærar og tal aksjar ....................................................................................... 5 

Tabell 2 Styret ..................................................................................................................... 5 

Tabell 3 Roller ................................................................................................................... 10 

Tabell 4 Risikovurdering ................................................................................................... 12 

Tabell 5 Kostnader, finansiering og kontantstraum .......................................................... 20