69
N 2 GRATISMAGASIN MED FOKUS PÅ SUNNHORDLAND Det er haust: Finn fram kajakken! ØRJAN kvesser kniven KLAR FOR NYTT VM I KOKEKUNST: Best på bok BENTE SOLDAL I ROSENDAL Ekspertar på miljøteknologi NCE MARITIME CLEANTECH

ZOOM No2 - 2014

Embed Size (px)

DESCRIPTION

ZOOM utgis av Zpirit og er et gratismagasin med fokus på den vestlandske Sunnhordlands-regionen og alt den har å by på av vill og vakker natur, fantastiske boforhold, variert og aktivt næringsliv, kultur- og fritidsaktiviteter, og ikke minst spennande enkeltpersoner, lag og organisasjoner. Det nye magasinet skal løfte frem desse kvalitetene gjennom å se nærmere på dei gode historiene fra både by og bygd.

Citation preview

Page 1: ZOOM No2 - 2014

N 2GR AT IS M AG A SIN MED F O K US PÅ SUNNH O R D L A ND

Det er haust: Finn fram kajakken!

ØRJANkvesser kniven

KLAR FOR NY T T VM I KOKEKUNST:

Best på bokBENTE SOLDAL I ROSENDAL

Ekspertar på miljøteknologiNCE MARITIME CLEANTECH

Page 2: ZOOM No2 - 2014

2

FrontaHallen er et bygningskonsept med høy grad av fleksibel tilpasning for næringsliv og industri. Bygningskonseptet gir kvalitet, rasjonell konstruksjonsprosess og reduserte kostnader.

Fronta Bygg har i mange år levert brukervennlige og fleksible stålhaller til næringsliv og industri. Vi ivaretar ulike ønsker og behov og kan ut fra dette i stor grad skreddersy våre haller for enhver oppdragsgivers virksomhet.

Mer plass og arkitektonisk tilpassingFrontaHallen kan leveres med galvaniserte bæreelementer i stål, og bygges med en slank og fleksibel konstruksjon, som gir bedre arealutnyttelse. Våre haller bygges av prefabrikerte veggelementer i lettmetall, spesialbehandlet for robuste værforhold, og med stor fleksibilitet når det gjelder montering og utforming. Dermed kan hallene arkitektonisk tilpasses terreng og omkringliggende bygninger.

Reduksjon av byggetid og kostnaderVåre stålbygg kan leveres i et stort utvalg utførelser, fra små uisolerte lagerhaller, til sammensatte produksjons- og logistikkbygninger. Stålet kan leveres brannklassifisert. Fronta Bygg sørger for en trygg og sikker prosess fra planlegging til oppføring av ferdig bygg, som totalt sett reduserer betydelig tid og kostnader for våre oppdragsgivere.

Kontakt oss for en vurdering av dine planer - det kan lønne seg!

Lagerhall under prosjektering for kunde ved Skipavika Næringspark i Gulen kommune.

Arve NielsenTlf. 913 04 282

Dag RandemTlf. 953 05 714

AVD. VEST

AVD. ØST

En del av

gruppen

Vi leverer over hele Norge.For mer informasjon og referanser:

www.frontagruppen.no

FrontaHallenVærbestandigArealutnyttingPrisgunstigKort byggetid

TM

Kombinasjonsbygg i stål med stor fleksibilitet

Page 3: ZOOM No2 - 2014

3

www.harding.no

TRYGGLEIK FOR FRAMTIDAMed snart hundre år som pionér innan utvikling og produksjon av maritime evakueringssystem er Harding eit selskap og namn med stolte tradisjonar. Saman med den norske shipping- og offshorenæringa har me utvikla løysingar som tilfredstiller eitt av verdas strengaste regelverk for tryggleik til havs. Harding Safety AS har nær 1000 dyktige tilsette og bransjens største servicenettverk. Innovasjon og produktutvikling vil vera viktige satsingsområde for Harding også i åra som kjem, – der me saman jobbar med eitt mål for auge: Å heva tryggleiken til havs.

Harding Safety AS, Seimsvegen 116, 5472 Seimsfoss, Norway Tel. +47 53 48 36 00 [email protected]

Sjå Harding-filmen “The Diver”.

Page 4: ZOOM No2 - 2014

4

Utgjevar: Zpirit ASOpplag: 40 000Framsidefoto: Rune Skjærvold Med atterhald om evt. trykkfeil

Redaksjonelt ansvarlegAnne Birgitte [email protected]

Art directorBarbara [email protected]

FotografRune Skjærvold [email protected]

JournalistIver [email protected]

Zoom er eit gratismagasin med fokus på sunnhordlandsregionen og alt den har å tilby av vill og vakker natur, fantastiske buforhold, variert og aktivt næringsliv, kultur- og fritidsaktivtetar, og ikkje minst spennande enkeltpersonar og organisasjonar.

Me vil visa at sunnhordlendingane har grunn til å vera stolte av regionen sin. Målet er å framheva Sunnhordland som ein region det er attraktivt å bu i, besøka og driva næring i.

God lesnad!

Ein moderne og pulserande region

Page 5: ZOOM No2 - 2014

5

Foto

: bei

win

d

06 Best på Bok

10 Den kulinariske toppiDrettsutøvaren

18 Finn Fram kajakken, Det er haust!

22 hamskiFtet på ruBBestaDneset

26 15 år meD kunst og kommers

32 vil visa verDa Fitjar-laksen

34 ser lys i Den mørke tunnelen

38 vil Bli Del av eit nytt proFesjonsuniversitet

42 glimt Frå Festivalsommaren

46 kvinnheraDs maritime tryggleiksgigant

52 skaut Blink meD reklamesatsinga

54 saman For ei grønare skipsnæring

58 Frå playBoy til FamilieFar

64 arne torgets Blikk på sunnhorDlanD

06

18

46

10

26

58

Innh

ald

Tips oss!

Har du tips om personar, verksemder, aktivitetar og opplevingar i Sunnhordland som me bør skriva om?

Send gjerne ein epost til [email protected].

Page 6: ZOOM No2 - 2014

6

I vår tildelte Bokhandlerforeningen og Den Norske Forleggerforeningen Gullbokenprisen og heiderstittelen «Årets bokhandel 2014» til Rosendal Bokhandel. Den gjæve utmerkinga vart vunnen i tøff konkurranse med Sagene Bok og Papir og Eldorado bokhandel i Oslo. Sistnemnde er den største bokhandelen i Nord-Europa. – Å kunna smykka seg med ein slik tittel er sjølvsagt veldig stas. Samstundes føler eg at dette vel så mykje er ei utmerking til alle dei andre distriktsbokhandlane rundt om i landet, smiler Bente Soldal. Rosendølen er eigar, dagleg leiar og einaste fulltidstilsette i Rosendal Bokhandel - og no altså årets bokhandlar i Noreg. – Startar du med Donald kan du enda opp med HemingwayHo meiner prisen er eit teikn på at jobben ho gjer blir lagt merke til og verdsett. – Utmerkinga betyr først og fremst mykje positiv merksemd for bokhandelen, noko som er kjekt for meg personleg. Samstundes trur eg kundane mine og bygda Rosendal tykte dette var kjekt. Prisar som dette betyr noko for alle næringsdrivande, uansett kva bransje me er i. Og kven veit, kanskje det blir endå enklare for meg å få endå betre

Med bokutsal i Skålagato og ulike litteraturtilstellingar vil Bente Soldal inspirera sambygdingar og turistar til å lesa meir.

Slikt blir ein årets bokhandlar av.

{ tekst IVER BUNES · foto RUNE SKJÆRVOLD }

kontakt med forlaga no som Rosendal Bokhandel er blitt meir kjent i bokbransjen? spør Soldal. I butikken i Skålagato sel ho det meste relatert til bøker og papir. Nokre koffertar og andre reiseeffektar har også funne plass på golvet. Men det er boka som står i høgsetet. Det er litteraturen og lesinga Bente brenn for. – Med Rosendal Bokhandel prøver eg å skapa ein plass som inspirerer folk til å lesa og forstå viktigheita av å kunna slappa av med ei god bok. Eg har høyrt born seia at «mamma er galen fordi eg berre les Donald, for ho vil at eg skal lesa ei skikkeleg bok.» Slike utsegn gjer meg trist. For meg er det viktigast at folk les, for ein stad må me jo byrja. Og startar du med Donald, kan du jo enda opp med Hemingway, seier Soldal. Hentar forfattarar til bygdaHo ønskjer, og opplever også i stor grad, at sambygdingar og turistar stikk innom berre for å få tips om bøker eller diskutera litteratur. Dette er samtalar ho set pris på, sjølv om dei ikkje alltid gjev klingande mynt i kassen. For å fremja boksalet og leselysta, arrangerer Soldal også ulike litteraturtilstellingar gjennom året – anten på turisthotellet borti gata eller i eige butikklokale.

Der vert nye bøker presentert, og folk får møta aktuelle forfattarar. – Arrangementa er sjølvsagt marknadsføring av bokhandelen, men samtidig ønskjer eg å vera ein kulturformidlar i lokalsamfunnet. Eg meiner det er viktig at også me som bur her ute på landsbygda møter forfattarane og får innblikk i deira tankar om bøkene dei skriv, meiner bokhandlaren – som ikkje er framand for å invitera forfattarane ho får til bygda heim på eit glas raudvin ved kjøkenbenken.

Trassa lese- og skrivevanskarAt det var i litteraturen og bøkene ho skulle finna yrket og hovudinteressa si, var ikkje heilt opplagt. Verken for ho sjølv eller dei rundt.

– Med lese- og skrivevanskar har eg kanskje ikkje dei beste føresetnadene, og eg trur ikkje mange lærarar ville trudd eg skulle hamna på denne hylla i livet. Rettskriving er framleis ikkje mi sterke side, men bøker har eg alltid trivst med. Det skuldast kanskje at eg blei lest mykje til i barndomen, og hadde grei tilgang til litteratur. Eg opplevde at det gjekk fint an å lesa bøker med dysleksi – så lenge eg gjorde det i mitt tempo. Og då eg som skule- jente hadde min første assistentjobb i bokhandel, vakna den djupe interessa for litteraturen for alvor.

Best på bok

Rosendal Bokhandel

Page 7: ZOOM No2 - 2014

7

– Med Rosendal Bokhandel prøver eg å skapa ein plass som inspirerer folk til å lesa og forstå viktigheita av å kunna

slappa av med ei god bok.

Page 8: ZOOM No2 - 2014

8

Etter det har eg trent veldig mykje på å bli raskare og betre i lesing, og i dag har eg ikkje vanskar med dette. No ligg eg på rundt 60 bøker i året, fortel 51-åringen – som opphavleg er frå Omvikdalen litt sør for Rosendal.

– Kva er det ved litteraturen som fengjer deg slik?

– Bøkene gjev meg styrke i kvardagen, samstundes som eg held meg oppdatert på fagfeltet og hobbyen min. Mens andre går lange turar i fjellet, får eg styrke og overskot når eg slengjer meg på sofaen med ei god bok. Men eg kjem meg ut av og til eg òg, ler bokhandlaren. Sjølv dykkar ho ned i dei fleste litteratursjangrane, men vedgår at skjønnlitteratur og krim ligg hjarta nærast.

– Korleis er det å driva ein liten, uavhengig bokhandel ute på landet?

– Om me ser på statistikken for norske bokhandlar er eg vel heilt i nedre grense for å overleva. Likevel har drifta gått bra frå dag ein, og eg har ei grei løn. Me har hatt ein liten vekst heilt sidan eg starta, men så har me også alltid hatt ei nøktern drift. Forutan meg sjølv, har eg berre ein tilsett i 30 prosent stilling. I tillegg er eg gift med siviløkonom som tek rekneskapen. Dette gjer at eg har føresetnadene for å klara meg. Men mykje jobb er det. Skal du driva eit så lite føretak ute i distriktet, anten det er bokhandel eller noko anna, trur eg du må ha ei glødande interesse for det du held på med. Du kan iallfall ikkje berre telja timar og sikta mot 37,5 timars veke.

Å vera uavhengig av dei store kjedene er viktig for Bente Soldal. Både for å kunna vera fri til å velja eige sortiment fullt ut, men også av omsyn til litteraturens kår på bygdene.

– Eg synest dei mange distriktsbokhandlane gjer ein god jobb med å få litteraturen ut til det norske folk, og meiner me har ein viktig funksjon i utkant-Noreg. Me skal ikkje lenger enn til Odda for å finna ein småby som no står utan ein einaste bokhandel, og det er trist. Somme tek til orde for at det er for mange bokhandlar i landet. Kanskje det, men er det verkeleg naudsynt med fem ganske like kjedebokhandlar i ei og same handlegate i ein middels stor by? Eg veit berre at det definitivt er behov for ein bokhandel i Rosendal!

Bentes boktips:Treng du litteraturtips for lange og mørke haustkveldar? Her er tre anbefalingar frå årets bokhandlar:

«Skyggegutten» av Carl-Johan Vallgren

«Svøm med dem som drukner» av Lars Mytting

«Marmor» av Toril Brekke

Står støtt på eigne bein Soldal synest ho er heldig som får jobba med hovud-interessa si og ha så mange trivelege kundar som kjem igjen gong etter gong. Rosendal Bokhandel etablerte ho i 2000, då den tidlegare bokhandelen stengde. Med seg inn i nyetableringa hadde ho erfaring som medarbeidar i tre bokhandlar i Kvinnherad og Bergen.

– Bente har skapt ein super bokhandel. Her får eg alltid god service, skryt Gro Tryti Guddal (t.h).

Rosendal Bokhandel

Page 9: ZOOM No2 - 2014

VI HOLDER SUNNHORDLAND

FLYVENDE RUTER, TIDER OG BOOKING PÅ WWW.DAT.DK

Page 10: ZOOM No2 - 2014

10

27. til 29. januar går den individuelle verdsmeisterskapen i kokekunst, Bocuse d’Or, av stabelen i Lyon i Frankrike. Ørjan Johannesen (29) er Noregs gullhåp i den prestisjetunge tevlinga, slik han også var i førre VM i 2013. Den gong enda austevollingen på femteplass, eit resultat som framleis svir godt i bakhovudet på den ambisiøse kokken.

– Med eitt EM-gull, ein EM-bronse og ein femteplass i VM frå før, seier målsettinga seg sjølv: Eg går for VM-siger, fastslår Ørjan, med eit blikk som tydeleg fortel at karen meiner alvor.

Zoom møter han i barndomsheimen Bekkjarvik Gjestgiveri i slutten av september. Foreldra Asta og Øystein har eigd og drive det historiske hotellet sidan 1982. Tvillingbroren Arnt er sjef på kjøkenet. Ørjan er berre heimom på helgetur. Normalt pleier det innebera at også han tek sin tørn ved grytene. Denne gongen skal han berre slappa av. På kjøkenet vrimlar det nemleg av landslagskokkar. Både junior- og seniorlandslaget har valt gjestgiveriet som arena for gjennomkøyringar fram mot lag-VM i kokekunst. Saman med 180 lokale gjester skal Ørjan nyta resultata av treningsøktene.

– Det er veldig kjekt at lokalbefolkninga i Austevoll veit å kosa seg med god mat når sjansen byr seg. Utan støtta frå lokalsamfunnet hadde det vore vanskeleg å driva gjestgiveriet. Dei får hjula til å gå rundt, saman med tilreisande frå bergensområdet og Sunnhordland, fortel Ørjan.

Fire år i konkurranseboblaDei siste fire åra har 29-åringen levd i ei konkurranseboble. Alt har handla om å kvalifisera og førebu seg til EM og VM. Etter tredjeplassen i EM i mai i år, er det no fullt fokus på det som skal skje i Lyon. Med seg har Ørjan assistenten Jimmy Øien og trenar Odd Ivar Solvold. Sistnemnde er ein rutinert ringrev i kokkemiljøet som sjølv har bronse frå Bocuse d’Or og har trent både Geir Skeie og Charles Tjessem fram til VM-gull. Trioen har lagt oppkøyringa til Sandefjord. Eit forretningslokale i sentrum husar treningslokalet, eit tre gonger seks meter stort kjøken som er identisk med det som møter Ørjan og assistenten i Lyon.

– Skulle eg gjera det bra, er det i høgste grad eit resultat av laginnsats. At det då berre er eg som vert feira og framheva er eigentleg ganske urettferdig for Jimmy. Han gjer trass alt halve jobben, påpeikar Ørjan i det assistenten, eller commisen som det heiter i kokkekrinsar, kjem inn og slår seg ned saman med oss i den gamle og ærverdige stova i gjestgiveriet.

– Eg får vera med på ei fantastisk reise ved å assistera Ørjan. Deltakinga i VM vil opna mange moglegheiter også for meg, smiler Jimmy Øien.

I VM skal Ørjan og Jimmy laga éin kjøtrett og éin fiskerett. Desse skal serverast eit internasjonalt domarpanel beståande av grunnleggjaren av kokketevlinga, Paul Bocuse, og 13 andre kritiske meisterkokkar. Saman med trenaren har

Etter mange år borte frå Austevoll tek den prisløna kokken Ørjan Johannesen med seg familien og flyttar heim igjen til sommaren. Han skal berre nett bli verdsmeister først.

{ tekst IVER BUNES · foto RUNE SKJÆRVOLD }

Den kulinariske toppidrettsutøvaren

Foto

: Im

puls

Klar for nytt VM i kokekunst

Page 11: ZOOM No2 - 2014

11

– Med eitt EM-gull, ein EM-bronse og ein femteplass i VM frå før, seier målsettinga seg sjølv:

Eg går for VM-siger.

Page 12: ZOOM No2 - 2014

12

er ganske enkelt at eg vil bli verdas beste kokk. Eg har eit stort konkurranse- instinkt, og kan ikkje fordra å tapa. Samstundes er eg ein god tapar. Eg har sjølvinnsikt på kva som er mine styrkar og veikskapar, og ser kjapt kva eg sjølv har gjort feil eller kva andre har gjort betre enn meg, filosoferer austevollingen.

– Er nok litt cowboy– Kva er du dårleg på då?

– Det er nok først og fremst struktur. Eg er litt cowboy av og til. Engasjementet og kreativiteten har lett for å bobla over, og då gir eg meg i kast med nye idear til ein rett framfor å fullføra det eg har starta på. Me er litt like på dette området Jimmy og eg, men gjennom treninga har me heldigvis greidd å øva inn gode og meir strukturerte arbeidsmetodar, fortel Ørjan.

– Korleis er det å delta i VM?– Det er som å stå i ein trykkokar. Det er veldig varmt i konkurranselokalet og lydnivået er vanvittig høgt. Å jobba fem timar under slike forhold er utruleg slitsamt. For å førebu oss best mogleg trenar me derfor med støyen frå fotball-VM i Sør-Afrika, inkludert den irriterande vuvuzelaen, rungande på høgtalarane. Me planlegg også å bruka intercom i konkurransen, så me kan snakka normalt saman utan å måtta gå heilt oppi kvarandre.For dei som følgjer VM, kan den hektiske aktiviteten i kjøkena opplevast som kaotisk. Men Ørjan forsikrar at han og assistenten har full kontroll på maten.

– Eg er aldri redd for at kjøt eller fisk skal bli for mykje steikt eller kokt. Det skjer ganske enkelt ikkje. Men me kan kutta oss, ting kan deisa i bakken, og ein omn kan slutta å virka. Då taper me tid. Gjennom treninga prøver me å førebu oss på alle slike overraskingar, forklarer Ørjan.

Vaks opp i kjøkenetMed ein oppvekst i andre etasje i gjestgiveriet i Bekkjarvik låg det nok litt i korta at han skulle enda opp som kokk.

dei laga strategiar og planar. Idear til profileringsmateriell og utforminga av serveringsfata er drøfta. Framover mot jul handlar det om å utvikla og raffinera vinnaroppskriftene. I september fekk dei veta at perlehøne skal vera hovudråvara i kjøtretten. Hovudingrediensen i fiskeretten får dei først veta i desember.

– For å skapa identitet må me finna dei gode norske råvarene og tillagings-metodane som både passar hovudingrediensane og speglar matkulturen og historia vår. Denne utprøvinga tek tid, for me blir aldri heilt fornøgde og finn stadig nye måtar å utvikla rettane på. Men på eitt eller anna tidspunkt må seia «stopp, dette går me for». Då er det berre å begynna å perfeksjonera smakar og terpa på teknikk og presentasjon. Om og om igjen. Før VM i 2013 hadde eg 30 gjennomkøyringar der eg laga menyen frå A til Å, minnest Ørjan, som er første nordmann som deltek i Bocuse d’Or for andre gong.

Pappa for første gongHan tippar laget vil leggja ned minst 1000 treningstimar gjennom hausten og vinteren. Det er faktisk berre halve treningsmengda Ørjan hadde før VM i 2013.

– Tidlegare i år blei eg pappa til ei skjønn lita jente, Leah Mirabelle, så treningsøktene blir ikkje like langdryge som sist. Det trur eg faktisk er bra, for no er eg meir konsentrert og effektiv den tida eg er på trening – samtidig som eg får kopla ut konkurransekjøret resten av døgnet. Å koma heim til vetlejenta og sambuaren min gir masse ny energi som eg tar med meg på trening neste dag. Heldigvis har Leah Mirabelle vore snill og sove godt om nettene så langt, smiler Ørjan, som stortrivst i papparolla.Austevollingen vedgår at han var vonbroten etter den skuffande femte-plassen i VM i 2013. Trøystepremie for beste fiskerett var ikkje det han hadde brukt to år av livet på å kvalifisera seg for og trena til.

– Berre to veker etter heimkomsten til Noreg var eg klar til å prøva igjen. Grunnen

Klar for nytt VM i kokekunst

1. 2.

Page 13: ZOOM No2 - 2014

13

– Mamma og pappa tok seg av alle sider av hotelldrifta, og jobba heile tida. Skulle eg og tvillingbror min sjå noko til dei, måtte me vera i kjøkenet. Der starta me med å skrella poteter saman med besten og besto, og me stod i oppvasken. Så mykje oppvask blei det kanskje ikkje, det var nok helst mest spruting og søl i starten, ler meisterkokken.

Då han byrja på kokkelinja på Fiskerifagskulen i Austevoll, oppdaga ungguten at han allereie kunne mykje meir enn medelevane. Mens andre knapt hadde sett eit heilt slakt, var det for Ørjan ei smal sak å partera ein heil hjort. Denne meistringskjensla auka interessa for faget ytterlegare – og sidan har interessa og kunnskapen vakse i takt med kvarandre.

Yrkeskarriera starta han som lærling på hotell Neptun i Bergen. Deretter var han kjøkensjef i restauranten til Odd Ivar Solvold i Sandefjord i fem år, og assisterte Geir Skeie i kokke-EM i 2009. Året etter meldte han overgang til Gastronomisk Institutt i Stavanger. Sidan 2011 har livet utelukkande dreidd seg om konkurransar.

Vil setja Austevoll på matkartetUansett utfall, med VM i Lyon overstått er planen til Ørjan å returnera til grytene i Bekkjarvik Gjestgiveri og busetja seg i Austevoll saman med Leah Mirabelle og sambuaren Cecilie Andreassen – som han møtte i Sandefjord for fire år sidan.

– Eg ser fram til å koma heim igjen, og gler meg til å bidra til å gjera gjestgiveriet og Austevoll meir kjent. Det hadde vore kjekt om me greidde å trekkja til oss endå fleire tilreisande på grunn av maten me serverer. Målet mitt er å gjera gjestgiveriet til ein attraktiv arbeidsplass for dyktige kokkar, der me utdannar nye kokke- og servitørlærlingar, fortel Ørjan.

Han gler seg også til å få koka for vanlege gjester igjen, og ikkje berre domarar.

Bekkjarvik Gjestgiveri Bekkjarvik Gjestgiveri har havet og historia i ryggen. Gjestgiveriet blei bygd på 1600-talet, i kjølvatnet av kong Christian Quart sitt vedtak om at det skulle reisast gjestgivarhus for kvar halve eller heile dagsreise i skipsleia. Sidan har serverings- og overnattingsstaden vore eit midtpunkt for aktivitetane i Bekkjarvik.

Frå 1982 og fram til i dag har gjestgiveriet vore eigd og drive av Øystein og Asta Johannessen. Dei har utvikla staden til å bli eitt av kystens mest spanande reisemål for turistar, kurs/konferansar og private feiringar, og kan i dag tilby 40 rom og plass til 180 restaurantg-jester. I 2009 vart gjestgiveriet handplukka av Innovasjon Norge som ein særeigen og kvalitetssikra konferansestad i Noreg. I 2012 vart gjestgiveriet i Bekkjarvik også ein del av hotellkjeda De historiske hotel & spisesteder.

Foto

: Bek

kjar

vik

Gje

stgi

veri

1. – Eg får vera med på ei fantastisk reise ved å assistera Ørjan. Deltakinga i VM vil opna mange moglegheiter også for meg, smiler Jimmy Øien (t.h). Han er Ørjans høgre hand på kjøkenet i førebuingane og sjølve VM-konkurransen.

3. Kniven er kvessa: Dei siste fire åra har 29-åringen levd i ei konkurranse-boble. Alt har handla om å kvalifisera og førebu seg til EM og VM.

2., 4. Bekkjarvik Gjestgiveri har havet og historia i ryggen.

3.

4.

Page 14: ZOOM No2 - 2014

14

– Maten me lagar i konkurransar har ingen ting med normal mat å gjera. Det er matkunst. Detaljert finspikkeri. Eit show. Slikt driv me ikkje med i gjestgiveriet. Der er det ordentleg mat som gjeld. Einaste fellesnemnaren med konkurransematen er at begge deler skal smaka fantastisk.

VM-deltakaren vedgår at han kan velja og vraka blant jobbar i kjente topprestaurantar. Kvifor vil han då attende til bygdelivet ute i havgapet?

– Fordi det er endå meir spennande og givande å skapa ein kjent topprestaurant enn å jobba i ein. Her i Bekkjarvik kan eg laga maten eg har lyst til og bidra til å utvikla staden vidare. Me kokkar er kreative sjeler, så å få skapa noko eige er det kjekkaste – sjølv om Austevoll ikkje akkurat er New York. Eg slappar dessutan mykje betre av her ute enn i ein storby, seier Ørjan.

– Fjordland har redda mang ein dagKokken synest Austevoll og sunnhordlandsregionen har mykje å by på i form av gode råvarer, og nemner sjømat, villsau, ostar, safter og mostar frå lokale produsentar som nokre få eksempel.

– Problemet for meg som kokk er at det kan vera vanskeleg å få fatt i god- sakene, grunna utfordringar knytt til logistikk og strenge omsettingsreglar. Fisken må eg til dømes kjøpa frå leverandørar i Bergen. Det hadde vore mykje kjekkare å kunna henta fisk direkte frå ein lokal fiskar og fortelja gjestene at det dei har på fatet sumde i sjøen for nokre timar sidan. Då kunne me bygd opp ein større identitet rundt dei fantastiske råvarene me har i området. – Har du ein eigen matfilosofi?– Eg har vel det, men har aldri sett ord på han. Enkelheit er eit viktig stikkord. Du skal kjenna kva du et. Råvarene skal spela hovudrolla, svarar kokken, som jamleg kjem inn i stovene til det norske folk med mattips i fjernsynsreklamar for daglegvarekjeda som er hovudsponsor for dei norske Bocuse d’Or-kokkane.

– Kva et du sjølv på ein vanleg kvardag?– Det same som alle andre. Einaste forskjellen er vel at eg som kokk gjerne har fagkunnskapane som kan gjera kvardagsmaten litt betre på smak. Men me har ferdigtaco på fredagen me og, om du lurer på det. Derimot et eg ikkje pizza grandiosa. Det slutta eg med i læretida, då eg sovna frå ein «grandis» eg hadde sett i omnen etter ein fest. Då eg vakna neste morgon med brannvesenet på døra, var den epoken over, flirer Ørjan.

– Hender det at du går matlei?

– Absolutt. Når eg har stått 10-15 timar på kjøkenet i ein restaurant eller på trening, er eg ikkje spesielt gira på å halda fram når eg kjem heim. Då blir det gjerne takeaway, om ikkje sambuaren har tromma saman noko. Fjordland har også redda mang ein dag for meg og, vedgår 29-åringen.

Ørjans merittliste:

Bronse i Norgescupen for lærlingar (2004)

Gull i Norgescupen for lærlingar (2005)

Gull i NM i kokkekunst (2010)

Årets kokk i 2011

Gull i Bocuse d’Or Europe (EM) (2012)

Femteplass i Bocuse d’Or (VM) (2013)

Bronse i Bocuse d’Or Europe (2014)

Slik lagar du mat som Ørjan

Midt i VM-førebuingane lanserte Ørjan i oktober si første kokebok, som han har kalla «Min mat». Oppskriftene speglar oppveksten hans i Austevoll og reisene han har vore på. Kokken deler velvillig tre av oppskriftene sine med Zoom-lesarane, så her er det duka for gode smaksopplevingar:

Foto

: Im

puls

Foto

: Im

puls

Klar for nytt VM i kokekunst

Page 15: ZOOM No2 - 2014

15

Foto

: Im

puls

Foto

: Im

puls

Foto

: Im

puls

Denne fiskesuppen har vi hatt på menyen i over tretti år. Det blir ramaskrik på gjestgiveriet om vi ikke har fiskesuppen på menyen en dag. Mange av gjestene våre tar ferga hit, ofte fra Bergen, bare for å spise fiskesuppe. Suppen jevnes med lys roux, en blanding av mel og smør, som gir god smak og konsistens.

FISKESUPPE BEKKJARVIK

70 g smør70 g mel1 l fiskekraft3 dl fløte2 dl crème fraîche400 g fisk, for eksempel sei, laks og brosme100 g kokte reker½ kg blåskjell2-4 ss eddik 7 %2 ss smør1 gulrot1 purreløkGrønn karse4 ss olivenolje

Smelt smør i en kjele og tilsett mel. Rør godt og spe inn varm fiskekraft under konstant omrøring så det ikke blir klumper. La småkoke i cirka 10–15 minutter.

Rør sammen fløte og crème fraîche. Tilsett fløte-blandingen under omrøring. Smak til med salt og eddik.Fiskebitene kuttes i terninger á 2 x 2 cm, og grønn-sakene i tynne strimler.

Fiskebitene, blåskjellene og grønnsakene trekkes i den varme suppen de siste ti minuttene før servering.

Reker tilsettes rett før servering og olivenolje dryppes over hver ferdig anrettet tallerken.Toppes med karse.

Søt, frisk, luftig og syrlig dessert i én og samme form. Jeg kan ikke be om mer. Denne desserten krever at du er pinlig nøyaktig når du måler opp ingrediensene, ellers risikerer du å lage muffin i stedet for sufflé. Tilbered den i lave former. Har du ikke det, kan du bruke lave, rette kaffekopper.

SUFFLÉ MED PASJONSFRUKT

200 g pasjonsfruktjuice10 g maisenna300 g eggehvite125 g sukker

Mål opp pasjonsfruktjuice og maisenna, og ha det i en kjele. Kok opp under jevn omrøring. Når massen begynner å bli varm, vil blandingen tykne. Da er det viktig å røre ekstra godt, så massen ikke svir seg. Ta kjelen av platen.

Hell massen over i bolle og legg plastfilm ned på selve pureen. Legger du plastfilmen på toppen av bollen, oppstår det kondens og væske, og det gir et uheldig resultat. La massen temperere seg på benken.

Pisk eggehvite på lav hastighet i en kjøkken-maskin. Tilsett sukkeret litt etter litt. Stopp når massen er stiv.Rør pasjonfruktkremen glatt og vend forsiktig inn eggehviten.

Smør formene med smør og strø sukker innvendig. Snu formen og rist av overflødig sukker.

Fyll formen med sufflémassen og stryk av over-flødig masse på toppen. Dra fingeren langs kanten av formen slik at suffléen ikke setter seg fast under steking. Stek suffléen i 180 grader i 7–10 minutter.

Dryss over melis etter steking. Suffléen blir deilig sammen med pasjonsfruktsirup.

Herlige Besto stod alltid og kjevlet ut lefser når vi kom på besøk. Hver dag klokka fire ble det servert søte, lefser og kaffe. Det var stas. Dette er tradis-jonsmat, ikke bare i min familie. Arkeologiske ut-gravinger i Bergen viser nemlig at folk her har brukt kjevle og antakelig bakt lefser siden 1400-tallet.

BESTOS LEFSE

1 stor kopp smeltet smør1 stor kopp sirup1 stor kopp sukker1 l kefir1 l sur skummet melk3 kg hvetemel½ kg rugmel2 ss hjortetakksalt2 egg

Bland sammen det tørre i en bolle og lag en grop i midten av melet.

Visp sammen kulturmelk, sirup, rømme og egg. Hell det i midten og bland sammen. Lag en fin deig med hendene.

Kjevle deigen tynn. Stek den i takke på begge sider til de er gylne.

Legg dem på et tørt sted. Når du skal servere lefsene, bløter du dem i rennende kaldt vann på begge sider og legger de så på et fuktig klede over og under. Da blir lefsene myke nok til å kunne smøres og brettes.

Smør lefsa med et tynt lag smør. Brett den så til et rektangel. Deretter bretter du inn enda en gang på hver side til endene møtes på midten. Klipp av de avrundede endene.

TIPS:1 kopp tilsvarer ca 2 dl.

OPPSKRIFTER

Klar for nytt VM i kokekunst

Page 16: ZOOM No2 - 2014

16

www.glasbygg.noMedlem av

Nyt utsikten,

ikkje rekkverket!

Glasrekkverket utan stolpar er egna for den kresne og

designbevisste kjøparen. Me har lang erfaring med å få fram

det siste innan glasrekkverk og er stolte av å kunna presentera

ein søylelaus variant som gjer det mogleg å nyta utsikten

utan forstyrrande vertikale linjer. Rekkverket gir eit reint og

skandinavisk, minimalistisk uttrykk. Det diskré designet gjer

at glasrekkverket passar like godt til nye som gamle hus.

Du finn oss på Vabakkjen.Ta kontakt for ein uforpliktande prat!

Tlf: 53 40 10 10 - www.glasbygg.no Totalleverandør innan bygg- og handverkartenester

Noregs største og einaste landsdekkande glasmeisterkjede

Me har også døgnservice

på glass-tenester:

Tlf: 48 16 03 02

Page 17: ZOOM No2 - 2014

17

Kvalitetsmøbler fra markedslederen. Lokal leverandør med kunnskap og forankring.

Kinnarps leverer interiørløsninger til kontor, skole og helse. Høy kvalitet og lav miljøpåvirkning kjennetegner hele kjeden – fra råmateriale til ferdige løsninger for arbeidsplassen. Vikse er en lokal leverandør av “alt til kontoret”, med fokus på service og oppfølging.

Kinnarps AS Tlf 67 16 71 00 www.kinnarps.no - Vikse AS Tlf 53 42 81 00 www.vikseas.no

DET BESTE FRA2 VERDENER

Annonse Kinnarps og Vikse v2 120626.indd 1 29.09.2014 16:06:08

STØRRE PLASS?Mesterhus er et trygt valg for små barnsfamilier som trenger større plass og smarte, romslige løsninger.

SAMMEN REALISERER VI DIN HUSDRØM!www.mesterhus.no

Tlf.: 53 45 73 00 www.engevik-tislevoll.no

Ta kontakt for en hyggelig husprat!

STØRRE PLASS?Mesterhus er et trygt valg for små barnsfamilier som trenger større plass og smarte, romslige løsninger.

SAMMEN REALISERER VI DIN HUSDRØM!www.mesterhus.no

Tlf.: 53 45 73 00 www.engevik-tislevoll.no

Ta kontakt for en hyggelig husprat!

STØRRE PLASS?Mesterhus er et trygt valg for små barnsfamilier som trenger større plass og smarte, romslige løsninger.

SAMMEN REALISERER VI DIN HUSDRØM!www.mesterhus.no

Tlf.: 53 45 73 00 www.engevik-tislevoll.no

Ta kontakt for en hyggelig husprat!

STØRRE PLASS?Mesterhus er et trygt valg for små barnsfamilier som trenger større plass og smarte, romslige løsninger.

SAMMEN REALISERER VI DIN HUSDRØM!www.mesterhus.no

Tlf.: 53 45 73 00 www.engevik-tislevoll.no

Ta kontakt for en hyggelig husprat!

STØRRE PLASS?Mesterhus er et trygt valg for små barnsfamilier som trenger større plass og smarte, romslige løsninger.

SAMMEN REALISERER VI DIN HUSDRØM!www.mesterhus.no

Tlf.: 53 45 73 00 www.engevik-tislevoll.no

Ta kontakt for en hyggelig husprat!

STØRRE PLASS?Mesterhus er eit trygt val for småbarnsfamiliar somtreng større plass og smarte, romslege løysingar.

STØRRE PLASS?Mesterhus er et trygt valg for små barnsfamilier som trenger større plass og smarte, romslige løsninger.

SAMMEN REALISERER VI DIN HUSDRØM!www.mesterhus.no

Tlf.: 53 45 73 00 www.engevik-tislevoll.no

Ta kontakt for en hyggelig husprat!Ta kontakt for ein hyggeleg husprat!

SAMAN REALISERER ME

HUSDRAUMEN DIN!

www.mesterhus.no

Page 18: ZOOM No2 - 2014

18

Sjølv om kvelden kjem raskare på og vêret er meir lunefullt, kan ein kajakktur

i sunnhordlandsskjergarden by på herlege naturopplevingar – også i den mørke årstida.

{ tekst IVER BUNES · foto RUNE SKJÆRVOLD }

Finn fram kajakken, det er haust!

Padling i Sunnhordland

Page 19: ZOOM No2 - 2014

19

Page 20: ZOOM No2 - 2014

20

bålbrenning oppheva for vinterhalvåret, ligg dessutan alt til rette for at du kan finna deg ein holme eller ei lun vik og nyta solnedgangen saman med varmen, kosen og kanskje litt varm mat frå bålet, framhevar Strand.

Hauststormane er for vidarekomneFitjarbuen har padla i sju år. Sjølv synest han det kan vera nydeleg å ta seg fram over spegelblank sjø, uansett årstid. Men han stortrivst også i den andre enden av skalaen.

– Eg synest hauststormane er veldig spennande, og likar å padla i grov brottsjø som gjer det mogleg å surfa og leika seg i bølgjene, fortel Strand, før han kjapt poengterer at brottsjøpadling er ein aktivitet for vidarekomne padlarar – ikkje for nybyrjarar!

Fleire og fleire oppdagar at padling gir fantastiske moglegheiter for mosjon, friluftsliv og naturopplevingar, og for kajakkpadlarane er sunnhordlandsskjergarden eit eldorado. Regionen byr på eit utal padleruter å velja blant, i eit kystmiljø som inneheld alt frå ope hav til fjordlandskap og fantastiske øyrike med tronge sund og grunne viker. Her er det berre å koma seg ut. At kalenderen viser haust og vinter, treng nemleg ikkje vera noko hindring.

Sjå solnedgangen i varmen frå bålet– Så lenge du har basiskunnskapane og utstyret som trengst, er padling ein heilårsaktivitet. Faktisk er det nesten finare å padla om hausten og vinteren enn elles i året: Sjøvatnet er klårare, slik at du ser meir av livet nede på botnen når du padlar i grunne farvatn eller langs land. Færre båtar på

fjorden aukar roen og stillheita samanlikna med «travlare» årstider. Når mørkret sig på, kan du nyta det fantastiske synet av stjernehimmelen og månen som speglar seg i stille sjø. Kortare dagar gjer det også lettare å oppleva både solnedgang, stjernehimmel og ein eventuell fullmåne på ein og same kveldstur, smiler Geir Ingolf Strand, padleentusiast og leiar for dei rundt 90 medlemene i Sunnhordland Padleklubb.

Fitjarbuen meiner padling er ein flott måte å få noko positivt ut av den mørke årstida, og oppfordrar fleire padlarar til å gi kajakken ein sjanse også om hausten og vinteren.

– Å padla åleine gir flotte opplevingar, men får du med deg nokre vener utpå blir padleturen også ein veldig fin sosial aktivitet. Med forbodet mot

Sunnhordland Padleklubb

Skipa i 2006

Har vel 90 medlemer, dei aller fleste frå Fitjar, Bømlo og Stord.

Arrangerer årleg ei rekke ulike padlekurs for alt frå nybyrjarar til vidarekomne. Klubben har fem eigne instruktørar.

Inviterer gjennom året medlemene til felles padleturar i ulike delar av Sunnhordland.

Driv ein eigen blogg: http://sunnpadling.blogspot.no/

Så lenge du har basiskunnskapane og utstyret som trengst, er padling ein heilårsaktivitet.

Her er det berre å koma seg ut. At kalenderen viser haust og vinter, treng nemleg ikkje vera noko hindring.

Padling i Sunnhordland

Page 21: ZOOM No2 - 2014

21

Foto

: Gei

r Ing

olf S

tran

d

For erfarne og vidarekomne padlarar gir hauststormane moglegheiter for leik i brottsjøen.

Kjenn dine eigne grenser. Kjem du deg opp igjen i kajakken om du skulle hamna i sjøen?

Er du nybyrjar, ta eit padlekurs.

Vinterpadling er padling i tørrdrakt.

Hugs refleksar på årer, kajakk og deg sjølv.

Bruk gjerne klede i spreke og godt synlege fargar.

Ta med deg ekstra ullklede i ein vasstett pose. Dei kan koma godt med om du blir våt og kald.

Ha lett tilgjengeleg ein liten mat- eller sjokoladebit som kan gi deg rask energi tilførsle. Du går raskare tom for energi i kjøleg vêr, og energibe hovet kan koma brått på.

Ha gjerne to termosar med deg: Ein til varm drikke, og ein til varmt vatn du kan tøma i hanskane for å tina opp kalde fingrar.

Geir Ingolfs tips og råd for padling i den mørke årstida:

Page 22: ZOOM No2 - 2014

22

Seinhaustes 2012 la ei ekstra mørk sky seg over Rubbestadneset på Bømlo. På eit all-møte får tilsette i Wärtsilä den tunge beskjeden om at konsernet har vedteke å leggja ned den tradisjonsrike gir- og propellfabrikken. Produksjonen skal flyttast til Kina og Italia.

– Eg hugsar eg spurte meg sjølv om eg kunne vera med på å leggja ned 110 års lokal industrihistorie og mange viktige arbeidsplassar. Svaret var «Ikkje pokker!», minnest Tore Kallevåg, administrerande direktør i Olvondo Industries og tidlegare direktør for gir- og propellfabrikken til Wärtsilä.

Snudde fortviling til optimismeHan og fire andre i fabrikkleiinga vende seg til Wärtsilä med eit tilbod om å overta fabrikkfasilitetane. Etter berre nokre timar fekk dei positivt svar, og forhandlingane om detaljar starta. 6. desember 2012 stod knoppskytinga på

eigne bein under namnet Olvondo Industries. Med seg frå Wärtsilä hadde verksemda 86 tilsette og ein avtale om å halda fram produksjonen av gir og propellar det komande året.

– For oss var det heilt avgjerande at dei tilsette i fabrikken blei med inn i det nye selskapet. Sjølve maskinparken var verdt null og niks dersom me ikkje også fekk med oss kompetansen til dei mange dyktige medarbeidarane. Heldigvis slutta dei opp om planane våre, og me opplevde at fortvilinga over nedleggingsvarselet raskt blei snudd til positivitet, optimisme og engasjement. At dei aller fleste tilsette i år også har kjøpt aksjar og blitt medeigarar i Olvondo, seier mykje om tilliten og viljen deira til å lukkast, meiner Kallevåg.

Dreiar frå skip til offshoreinstallasjonarStrategien til det nye selskapet er å dreia hovud-

Hamskiftet på Rubbestadneset– Kundane har trudd på oss. No må me visa oss tilliten verdig, seier Tore Kallevåg, direktør i Olvondo Industries på Rubbestadneset. Etter halvanna års omstilling er den tidlegare gir- og propellfabrikken til Wärtsilä rusta for dei første store leveransane til olje- og gassindustrien.

{ tekst IVER BUNES · foto RUNE SKJÆRVOLD }

Olvondo Industries

Page 23: ZOOM No2 - 2014

23

aktiviteten vekk frå dei tradisjonsrike maritime leveransane. No er det i olje- og gassindustrien Olvondo skal finna dei viktigaste kundane, og hovudfokuset er retta mot nisjemarknaden for undervassutstyr (subsea).

– Me ønskjer ganske enkelt å bli gode på å produsera det tøffaste av det tøffe, og mekanisk utstyr som skal fungera på store havdjup ligg definitivt i den kategorien. Marknaden for subseautstyr er inne i ein enorm vekst, og har ein tidshorisont på heile 30 til 50 år. Her på Bømlo sit me midt i matfatet for denne type produksjonsaktivitet. Sidan subseaprodukt er omfatta av enormt strenge krav til kvalitet, og det ofte er snakk om unike einskildprodukt, trur me også det skal ein del til før kundane set mykje av produksjonen ut til lågkostland, forklarer Kallevåg.

Gjennom 2013 sikra gir- og propellproduksjonen for Wärtsilä eit godt fundament for hamskiftet i

Olvondo. Med jamn og god arbeidsflyt heime ved kaikanten, farta direktøren og dei andre seljarane rundt til dei store oljeserviceselskapa for å selja inn nykomaren. Resultata let ikkje venta på seg.

– Den solide kompetansehistoria me har her på Rubbestadneset har verkeleg promotert Olvondo, godt hjelpt av sunnhordlendingar i oljebransjen som har framsnakka oss. Kundane stoler på at produkt herfrå verkar, og me har fått eit fotfeste i marknaden med større og mindre leveransar til oljeservicekundar som Aker Solutions, One Subsea, Kværner, Aibel og Rosenberg Worley Parsons, fortel Kallevåg.

Stigerøyr til Åsta HansteenProduksjonen av rundt 150 stigerøyr («risere») til Aker Solutions er det første verkelege gromprosjektet. Stigerøyra, som er eit nyutvikla

Aker-produkt, skal føra gass mellom brønnhovudet på 1300 meters djup og opp til Åsta Hansteen-plattformen i samband med servicearbeid.

– Me har bygd ein eigen fabrikk inne i fabrikken der me skal tilverka stigerøyra. Produksjonen startar seinhaustes og vil gå for fullt fram mot sommaren 2015. Etter eit tett og godt samarbeid med Aker Solutions er me veldig glade for at me no er klare med vårt første «ekte» Olvondo-produkt, smiler direktøren.

Han framhevar også såkalla påleggssveising («cladding»), eit ekstra sveiselag som mykje subseautstyr blir påført for å takla tøffe påkjenningar, som eit anna satsingsområde med stort potensiale. I løpet av november vil Olvondo vera kvalifisert til å utføra slike jobbar, og verksemda har allereie investert tungt i topp moderne sveiserobotar og kompetanseheving.

1. Mykje undervassutstyr som skal ned i djupet treng eit ekstra sveiselag, såkalla cladding. Dette har no blitt eitt av satsingsområda til Olvondo.

2. – Me ønskjer ganske enkelt å bli gode på å produsera det tøffaste av det tøffe, og mekanisk utstyr som skal fungera på store havdjup ligg definitivt i den kategorien, seier adm. dir. Tore Kallevåg.

3. Steinar Haldorsen, teamleiar for maskinering, opererer den nye femaksa maskineringsstasjonen.

Olvondo i korte trekk

Olvondo Industries har stor kompetanse på samanstilling av produkt, og tek seg av heile prosessen frå innkjøp av råmateriale til testing av den ferdige leveransen.

Verksemda blei etablert i 2012 etter ei overtaking av gir- og propellfabrikken til Wärtsilä. Dei tilsette har lang erfaring med oppdrag for skipsindustrien, og satsar no inn mot olje- og gassnæringa.

Olvondo har i dag 100 tilsette og 8.000 kvadratmeter med moderne produksjons-fasilitetar i fabrikken på Rubbestadneset.

I 2013 hadde selskapet 97 millionar kroner i driftsinntekter og eit driftsresultat på 16,8 millionar.

1. 2.

3.

Page 24: ZOOM No2 - 2014

24

Olvondo Industries

– I ferd med å slå ut i full blom– Korleis oppsummerer du status for ham skiftet i Olvondo når me no er over halvvegs i det første verkelege omstillingsåret?

– Eg vil seia at knoppskytinga vår er i ferd med å slå ut i full blom. Me er på full fart inn i subseamarknaden, med to-tre store kundar me verkeleg har fått eit tett og godt samarbeid med. I tillegg har me ein stor bukett kundar som me utfører mindre jobbar for. Frå å vera 86 tilsette ved oppstarten har me runda 100 personar. Veksten har særleg kome på ingeniørsida, og det gjer at me no kan tilby komplette produkt – og ikkje berre maskineringsjobbar. Investeringar for rundt 30 millionar i avansert maskinerings- og sveiseutstyr, kombinert med satsinga på kompetanseheving, har også løfta bedrifta fleire hakk, seier Kallevåg, og legg til:

– Me har bygd eit fundament, og kundane gir oss tillit. No må me visa at me er til å stola på gjennom å levera kvalitet til rett tid. Det er det beste innsalet for framtidig vekst.

Støttespelar i lokalsamfunnetSamfunnsansvaret som dei fem fabrikkleiarane kjende på då dei tok initiativet til vidare drift av fabrikken har Olvondo bore med seg vidare.

– Me kjenner framleis ansvar for lokalsamfunnet, så for oss er det viktig å støtta lokal idrett, kultur og anna frivillig arbeid. Saman med bedriftene rundt oss har me også vore pådrivarar for å berga den mekaniske linja på yrkesskulen. I fellesskap gjekk bedriftene til elevar, foreldre og lærarar med bodskapen om at industrien ikkje er død. Resultatet blei eit oppsving frå berre nokre få elevar til ei fullsett mekanikarlinje. Bedriftene har sidan følgt opp med å tilby lærlingplassar, og så langt i år har Olvondo teke inn to nye lærlingar. Ungdomane er framtida, og sjølv om delar av industrien opplever nedgangstider kan me ikkje la vera å hjelpa dei unge opp og fram, meiner Kallevåg.

Kor kjem det spesielle namnet frå?Olvondo-namnet er henta frå ei lita øy i havgapet vest av Bømlo. Selskapsnamnet symboliserer den røffe og tøffe bømlaidentitet-en, og symmetrien i namnet speglar også sym-metrien og presisjonen i mange av produkta som Olvondo samanstiller.

Øya Olvondo er kjent som ein god fiskeplass, og er i dag eit verna fuglereservat.

Gjennom 2013 sikra gir- og propellproduksjon for Wärtsilä

eit godt fundament for Olvondo Industries.

Page 25: ZOOM No2 - 2014

25

NYE PEUGEOT 308 SW • 108

KOMPLETT OG GODT UTSTYRT BIL MED:Eksklusiv Peugeot i-Cockpit • Touchscreen, DAB+ og navigasjon • Panorama glasstak • Cruise control og Hill assist • 2-sone aut. klima • Ryggekamera • Sportsseter • 16” aluminiumsfelger • Vinterhjul STORT BAGASJEROM PÅ 610 LITER

KAMPANJERENTE

PEUGEOT 308 SW ACTIVE 110 HK MED ACTIVE PACK

KUN 1.995,-* PR/MND Startleie: 50.000,- inkl. mva

Totalt: 126.020,- over 3 årKjøpspris kr. 291.500,-

*Privatleasing 3 år/45.000km. Etabl.geb. 4.200,- er inkludert i totalt over 3 år. Alle beløp oppgitt er inkl mva. Forutsetter finansiering gjennom Bertel O. Steen Finans AS. Kampanjerente 1.95 % gjelder også ved lån, forutsatt min. 10 % egenkapital. Gjelder i 2014. CO2 utslipp blandet kjøring: 109 g/km. Drivstofforbruk blandet kjøring: 0,47 l/mil. Forbehold om trykkfeil. Bildet er ill.foto og utstyr kan avvike.

VI MENN SEPT. 2014

KLIKK.NO 05.09.2014

Industrigt 24 • 5537 HaugesundTlf: 52 70 06 50 • Fax: 52 70 06 59

Heiane 31 • 5406 StordTlf: 53 40 40 40 • Fax: 53 40 40 41

Heiane, 5406 StordTlf.: 53 40 40 40 • Fax.: 53 40 40 41

NYE PEUGEOT 308 SW • 108

KOMPLETT OG GODT UTSTYRT BIL MED:Eksklusiv Peugeot i-Cockpit • Touchscreen, DAB+ og navigasjon • Panorama glasstak • Cruise control og Hill assist • 2-sone aut. klima • Ryggekamera • Sportsseter • 16” aluminiumsfelger • Vinterhjul STORT BAGASJEROM PÅ 610 LITER

KAMPANJERENTE

PEUGEOT 308 SW ACTIVE 110 HK MED ACTIVE PACK

KUN 1.995,-* PR/MND Startleie: 50.000,- inkl. mva

Totalt: 126.020,- over 3 årKjøpspris kr. 291.500,-

*Privatleasing 3 år/45.000km. Etabl.geb. 4.200,- er inkludert i totalt over 3 år. Alle beløp oppgitt er inkl mva. Forutsetter finansiering gjennom Bertel O. Steen Finans AS. Kampanjerente 1.95 % gjelder også ved lån, forutsatt min. 10 % egenkapital. Gjelder i 2014. CO2 utslipp blandet kjøring: 109 g/km. Drivstofforbruk blandet kjøring: 0,47 l/mil. Forbehold om trykkfeil. Bildet er ill.foto og utstyr kan avvike.

VI MENN SEPT. 2014

KLIKK.NO 05.09.2014

Industrigt 24 • 5537 HaugesundTlf: 52 70 06 50 • Fax: 52 70 06 59

Heiane 31 • 5406 StordTlf: 53 40 40 40 • Fax: 53 40 40 41

Heiane, 5406 StordTlf.: 53 40 40 40 • Fax.: 53 40 40 41

NYE PEUGEOT 308 SW • 108

KOMPLETT OG GODT UTSTYRT BIL MED:Eksklusiv Peugeot i-Cockpit • Touchscreen, DAB+ og navigasjon • Panorama glasstak • Cruise control og Hill assist • 2-sone aut. klima • Ryggekamera • Sportsseter • 16” aluminiumsfelger • Vinterhjul STORT BAGASJEROM PÅ 610 LITER

KAMPANJERENTE

PEUGEOT 308 SW ACTIVE 110 HK MED ACTIVE PACK

KUN 1.995,-* PR/MND Startleie: 50.000,- inkl. mva

Totalt: 126.020,- over 3 årKjøpspris kr. 291.500,-

*Privatleasing 3 år/45.000km. Etabl.geb. 4.200,- er inkludert i totalt over 3 år. Alle beløp oppgitt er inkl mva. Forutsetter finansiering gjennom Bertel O. Steen Finans AS. Kampanjerente 1.95 % gjelder også ved lån, forutsatt min. 10 % egenkapital. Gjelder i 2014. CO2 utslipp blandet kjøring: 109 g/km. Drivstofforbruk blandet kjøring: 0,47 l/mil. Forbehold om trykkfeil. Bildet er ill.foto og utstyr kan avvike.

VI MENN SEPT. 2014

KLIKK.NO 05.09.2014

Industrigt 24 • 5537 HaugesundTlf: 52 70 06 50 • Fax: 52 70 06 59

Heiane 31 • 5406 StordTlf: 53 40 40 40 • Fax: 53 40 40 41

Heiane, 5406 StordTlf.: 53 40 40 40 • Fax.: 53 40 40 41

peugeot.no

ÅRETS BIL 2014NÅ SOM STASJONSVOGN

Heiane, 5406 StordTlf.: 53 40 40 40 • Fax.: 53 40 40 41

FRA KR. 129.900,-Priser er inkl. frakt og leveringsomkostninger levert Drammen. CO2 utslipp fra 85 g/km. Drivstofforbruk blandet kjøring fra 0,32 l/mil.Bilder er illustrasjonsfoto og utstyr kan avvike. Forbehold om trykkfeil. Importør Bertel O. Steen AS.

• KOMBI ELLER CABRIOLET • 7 FORSKJELLIGE DESIGN

FINN DIN STILNYE PEUGEOT 108

Heiane, 5406 StordTlf.: 53 40 40 40 • Fax.: 53 40 40 41

FRA KR. 129.900,-Priser er inkl. frakt og leveringsomkostninger levert Drammen. CO2 utslipp fra 85 g/km. Drivstofforbruk blandet kjøring fra 0,32 l/mil.Bilder er illustrasjonsfoto og utstyr kan avvike. Forbehold om trykkfeil. Importør Bertel O. Steen AS.

• KOMBI ELLER CABRIOLET • 7 FORSKJELLIGE DESIGN

FINN DIN STILNYE PEUGEOT 108

Heiane, 5406 StordTlf.: 53 40 40 40 • Fax.: 53 40 40 41

Page 26: ZOOM No2 - 2014

26

1. Måleri av Viggo Johansen.

2. Fra opning av utstilling “Nye sting i gamal duk – gamle ord vert nye dikt”.

3. Keramikk av Elisabeth Lunnan.

4. Måleri av Ilona Sawicka.

5.+6. Keramikk av Ole Martin Skaug.

1. 2.

4.

3.

Page 27: ZOOM No2 - 2014

27

Med berre 10 kvadratmeter butikk- og utstillingslokale var det ikkje store plassen Helvik hadde å boltra seg på då ho i 1999 opna galleriet med det lett ironiske namnet Giga i eit kjellarlokale i Borggata på Leirvik.

– Første separatutstillinga bestod av berre to bilete signert Åse Ljones, så det har vore ei fantastisk reise å koma dit me er i dag, reflekterer galleristen og jubilanten.

God mottakingHo tek imot Zoom i dagens gallerilokale i Osen, der Helvik og kunsten har halde hus sidan 2000. Her har ho og dei to medarbeidarane Nina Rud og Cecilie Rønhovde 104 kvadratmeter med utstillingslokale, galleributikk og lager til rådvelde.

– Kva fekk deg til å satsa på galleridrift?

– Det var på ingen måte nokon langvarig draum som eg endeleg fekk realisert, slik ein del trur. Men etter å ha gått «ørten» husflidskular, jobba som aktivitør i psykiatrien, studert kunsthistorie og teke lærarutdanning med hovudvekt på forming i vaksen alder, hadde livet dreidd meg meir og meir i retning av kunsten og kunstformidlinga. Eg bestemte meg for å skapa min eigen arbeidsplass innanfor dette feltet. Strategien var at galleriet

skulle bli ein stad i Sunnhordland som folk søkte til for å oppleva kunst, og at eg skulle bli ein viktig regional aktør innan det feltet, seier Helvik.

– Har du lukkast?

– Ja, men eg kan ikkje seia at eg komen i mål. Då kunne eg jo berre pakka saman og gått heim. Det ville vore kjedeleg, ler 58-åringen og held engasjert fram på utpust:

– Eg føler Galleri Giga har blitt teke veldig godt imot av både stordsamfunnet og regionen rundt, heilt frå Bergen til Haugesund. Eg opplever at både publikum, kundar og ikkje minst kunstnarane snakkar positivt om oss. I mitt hovud er Giga blitt ein viktig arena for kunstnarane i regionen. Det ser eg på søknadsmassen frå lokale og regionale kunstnarar som ønskjer å ha utstilling her. Etter kvart har me endåtil nådd ut nasjonalt, og er blitt ein utstillingsarena også for etablerte norske kunstnarnamn, fortel Helvik.

– Prøver du å forstå?– Kvifor er det så viktig for deg å formidla kunst?

– Fordi eg ønskjer at andre skal få oppleva ein dimensjon i livet som eg meiner er viktig. Uff, no høyrest eg ut som ein visjonær… Det eg meiner er at i ein travel kvardag med jobb og alle gjeremål me skal rekka, treng me også å oppleva ting som gjer liva våre rikare og som set spørsmålsteikn ved sjølve livet. Me må fóra sjela! Det kan me gjera gjennom kulturopplevingar, anten det er kunst, musikk, litteratur, dans, opera eller teater. Det gjeld berre å finna sin sjanger. Kunsten er mi greie. Opera er eg derimot ikkje så begeistra for, ler Helvik.

Ho er klar på at alle ikkje kan lika og forstå alt, ei heller kunsten. Men 58-åringen er oppteken av at folk skal møta kunsten med eit mest mogleg ope sinn.

– Saksofonist Ole Jakob Hystad har eit godt svar i møte med folk som seier dei ikkje forstår jazzmusikk. Han spør: ”Prøver du å forstå? Øver du deg på det?”. Dei same spørsmåla stiller eg ofte til personar som seier dei ikkje skjønar seg på kunst: ”Prøver du?” Ser du på kunstverk og slår kjapt fast at ”dette er ikkje kunst, dette forstår eg ikkje”, eller prøver du å sjå om kunstverka faktisk kan seia deg noko, om dei symboliserer noko?

15 årI år er det 15 år sidan Oddrun Helvik gjorde kunsten til levebrød med opninga av Galleri Giga på Stord.

– I vår travle kvardag i eit teknologisk og industrielt samfunn er det viktig at me fòrar sjela, seier den energiske galleristen.

{ tekst IVER BUNES · foto RUNE SKJÆRVOLD }

med kunst og kommers

Galleri Giga

5.

Page 28: ZOOM No2 - 2014

28

Butikken ber heile gallerietDrifta av Galleri Giga er tredelt og femner om utstillingar, galleributikk, og utsmykkingsoppdrag. Galleriet har dei siste åra omsett for ein stad mellom fem og seks millionar i året. Helvik reknar med å hamna i dette leiet i år også – noko ho meiner er veldig bra for eit regionalt galleri. At 2013 vart aller første året som viste ein liten minus på 40.000 i rekneskapen, som følgje av færre utsmykkingsoppdrag, mistar ho ikkje nattesøvnen av.

– I realiteten er det galleributikken som driftar heile galleriet. Utan den ville eg gått konk. Som privatgalleri får eg ikkje noko offentleg støtte, og ikkje vil eg ha det heller. Galleri Giga skal vera ei kulturbasert næring der eg klarer meg sjølv. Det har vore målet i alle desse åra, seier Helvik.Ho vedgår samstundes at koplinga mellom kunst og kommers er tung å svelgja for enkelte. Sjølv meiner ho dei to går hand i hanske, og er så freidig at ho like godt har kalla årets juleutstilling for «Bursdag og kommers i 15 år».

– Kommers er eit negativt ord som kulturen helst ikkje vil bli forbunde med. Det rår ei oppfatning av at kunstformidling basert på løyvingar frå stat, fylke og kulturråd er meir stovereint og meir verd. Pengar som kjem direkte frå forbrukar gir mindre prestisje. Som kommersiell næringsdrivande og kunstformidlar irriterer det meg. Ja, eg tener pengar på å driva med kunst, og ja, galleriet har vore god butikk. Men det er jo inntektene frå kunstsalet som gjer at eg til dømes kan ha separatutstillingar med unge og ukjente kunstnarar. Dei lagar gjerne kunstkonsept som absolutt ingen har behov for å kjøpa, men som mange har utbytte av å sjå og oppleva, poengterer Helvik, og legg til at dei tre som jobbar i galleriet kanskje er dei som oftast seier «ikkje tenk på om du har veggplass eller kroner i lommeboka, berre sjå, opplev og gå igjen» til folk som er innom Giga.

Pussar opp kvar tredje vekeGalleriet har i alle år presentert 14 til 16 utstillingar per år. Det er i meste laget, men Helvik slit med å seia nei til kunstnarar som vil visa seg fram i Osen. All jobben med å rigga om og pussa opp utstillingslokalet kvar tredje veke, tek ho med eit smil.

– Fasen der eg saman med kunstnaren jobbar fram eit «nytt» utstillingslokale, og me saman leitar etter uttrykket som presenterer kunstverka på best mogleg vis, er ei viktig motivasjonskjelde for meg. I denne fasen er også eg ein skapande utøvar, seier Helvik, som kvart år formidlar kunstopplevingar til barnehagar, skuleklassar og studentgrupper som vitjar galleriet.

– Dei yngste er så hjarteleg velkomne! Mange foreldre uroar seg for at borna skal knusa og øydeleggja. Det skjer aldri. Det er me som jobbar her som knuser ting, humrar jubilanten.

– Først og fremst ein jobb– Du framstår alltid så energisk og entusiastisk, blir du aldri lei av galleridrifta?

– Joda, stundom er eg sylta lei. Det blir ein jo i alle jobbar. Og det er først og fremst ein jobb dette her! Eg blir småkvalm når folk snakkar om at Galleri Giga er babyen min. Eg har både barn og barnebarn, og skil klart mellom det som er jobb og det som er verkeleg viktig i livet, poengterer galleristen.

Kva så med vegen vidare for Galleri Giga?– Det er jo alltid kjekt å snu steinar og utvikla seg vidare, og draumen er å tilsetja ein eigen dedikert kunstformidlar som berre har ansvar for separatutstillingane. Samstundes nærmar eg meg 60 år, og må jo snart byrja tenkja på pensjon. Kva skal eg gjera då? Skal eg selja? Leggja ned? Uff nei, nedlegging høyrest fælt ut. Eg vel å gå på vidare, to år om gongen, seier Helvik.

Etter å ha drive kulturbasert næringsverksemd i 15 år, skulle Oddrun Helvik gjerne sett at fleire satsa som ho.– Noreg treng fleire bein å stå på enn oljenæringa, og kultur-baserte næringar gir inntekter til samfunnet når dei blir drivne profesjonelt. Dette har dei oppdaga i Bergen, der dei gjer kva dei kan for å utvida næringsfloraen med festivalar, konsertar og ein blømande kunstscene, seier 58-åringen.Helvik meiner det er lett for sunnhordlendingane å sjå verdien av å fornya industriverksemda i regionen. Men kva med dei kulturbaserte næringane, spør ho.– Skal me få nye og utfyllande næringar som speglar alle fasettar

i samfunnet, er det dei kulturbaserte næringane som verkeleg haltar. Det er alt for få gründerar som startar frå grunnen av. Me skulle hatt ei regional inkubatorverksemd for kulturbaserte næringar – slik sunnhordlandsindustrien allereie har, meiner Helvik.Sjølv er ho styreleiar i Fanari AS, eit selskap som vart skipa for å synleggjera og styrka dei kreative næringane i Sunnhordland. I dag er aktiviteten i selskapet låg grunna vanskeleg økonomi.– Dersom ikkje politikar og næringsliv ikkje ser nytta av ein slik arena, er mi uro at all kunnskapen og erfaringa me har samla i Fanari skal gå tapt.

– Treng fleire kulturbaserte næringar

Galleri Giga

7. Frå opning av utstilling “There ain t no cure for love”.

8. Keramikk av Lindform.

9. Måleri av Viggo Johansen.

6.

9.

7.

8.

Page 29: ZOOM No2 - 2014

29AMFI STORD - MØTEPLASSEN

OPE MÅNDAG-FREDAG 10-20 (MENY 9-21) · LAURDAG 10-18 (MENY 9-19) AMFI.NO/STORD

Tasty1 TIME

GRATIS PARKERING

Sele ur

40BUTIKKAR

Gåva som gir moglegheiter!Kan brukast i over 5000 butikkar på nærare

100 kjøpesentre og 50 hotell

dittgavekort.no kjøper du på

!Solideller på www.dittgavekort.no

Der kan du også få kjøpt gåvekort med ulik design.

VELKOMMEN TIL MOTEHUSET AMFI STORD

Page 30: ZOOM No2 - 2014

Annonse

30

Eit lag i verdsklasse Apply Leirvik er verdas leiande leverandør av bustadkvarter til offshoreindustrien. Det kan me takka laget med 350 dyktige medarbeidarar for!

Edvard Grieg. Ivar Aasen. Gina Krog. Oseberg C. Hebron. Saman utgjer desse namna ei imponerande liste over bustadkvarter me har i arbeid.

Når dei store oljeselskapa vil utrusta installasjonane sine med topp moderne offshorehotell i aluminium, er det Apply Leirvik dei vender seg til. Slik har det vore sidan me gjekk inn i denne marknaden i 1974.

Me har eit godt verftsanlegg i sjøkanten like utanfor Leirvik sentrum. Me har ein god maskinpark og moderne verktøy. Men det er ikkje anlegga og kontora våre som gjer at me gong på gong hevdar oss i tøff internasjonal konkurranse.

Apply LQ OneNei, grunnlaget for suksessen er alle dei dyktige medarbeidarane som utgjer det me

kallar Apply LQ One - laget vårt.Spelarstallen på dette vinnarlaget består i dag av rundt 350 tilsette med erfaring og kunnskap innan alle fagdisiplinane som trengst for å utvikla og byggja verdas beste

bustadkvarter. Den unike, tverrfaglege kompetansen vår dekkjer alt frå teikning av dei aller første skissene til overlevering av nøkkelferdige bustadkvarter som kan løftast rett på plattformdekket ute i havet, samt modifisering og vedlikehald offshore.

SamhandlingLaget består av ein god miks av unge, framstormande talent og godt vaksne ringrevar med erfaring, ro og overblikk. Denne fordelinga prøver me å oppretthalda når me heile tida jaktar forsterkingar som kan bidra til å løfta oss endå eit hakk.

I alle prosjekta våre er taktikken å samhandla best mogleg på tvers av dei ulike lagdelane, å spela kvarandre gode. Me er no i gang med å ta i bruk nye arbeidsmetodar som skal gjera denne samhandlinga endå betre. Det må til om me skal vinna også i framtida.

Og det skal me!

Apply-konsernet vedtok i 2013 å investera ieit nytt og meir tidsriktig kontorbygg på Stord. I februar 2015 står det fem etasjar høge og 4.000 kvadratmeter store nybygget klart til innflytting for Apply Leirvik og Stord-avdelinga til søsterselskapet Apply Rig & Modules. Lokala rommar mellom anna 255 kontor-plasser, minglesonar og eigen møteromsfløy.

- Det flotte kontorbygget viser at Apply satsar på Stord. Kontora vil gi oss mange glade menneske i effektivt samspel, og gjer oss vonleg endå meir attraktive for nye medarbeidarar, seier Apply Leirvik-direktør Lars Solberg.

Satsar på Stord

Visste du at:

Apply Leirvik har levert 35 store bustadkvarter til oljeinstallasjonar i inn- og utland.

Apply Leirvik har levert 80% av bustadkvartera på norsk sokkel.

Apply Leirvik er hovudkontor for Apply- konsernets forretningsområde Living Quarters and Helidecks (LQ & HD), ei internasjonalt satsing som består av selskapa Apply Leirvik, Apply Emtunga (Sverige), Aluminium Offshore (Singapore) og Apply Leirvik International (Singapore).

Page 31: ZOOM No2 - 2014

Annonse

31

Eit lag i verdsklasse Apply Leirvik er verdas leiande leverandør av bustadkvarter til offshoreindustrien. Det kan me takka laget med 350 dyktige medarbeidarar for!

Edvard Grieg. Ivar Aasen. Gina Krog. Oseberg C. Hebron. Saman utgjer desse namna ei imponerande liste over bustadkvarter me har i arbeid.

Når dei store oljeselskapa vil utrusta installasjonane sine med topp moderne offshorehotell i aluminium, er det Apply Leirvik dei vender seg til. Slik har det vore sidan me gjekk inn i denne marknaden i 1974.

Me har eit godt verftsanlegg i sjøkanten like utanfor Leirvik sentrum. Me har ein god maskinpark og moderne verktøy. Men det er ikkje anlegga og kontora våre som gjer at me gong på gong hevdar oss i tøff internasjonal konkurranse.

Apply LQ OneNei, grunnlaget for suksessen er alle dei dyktige medarbeidarane som utgjer det me

kallar Apply LQ One - laget vårt.Spelarstallen på dette vinnarlaget består i dag av rundt 350 tilsette med erfaring og kunnskap innan alle fagdisiplinane som trengst for å utvikla og byggja verdas beste

bustadkvarter. Den unike, tverrfaglege kompetansen vår dekkjer alt frå teikning av dei aller første skissene til overlevering av nøkkelferdige bustadkvarter som kan løftast rett på plattformdekket ute i havet, samt modifisering og vedlikehald offshore.

SamhandlingLaget består av ein god miks av unge, framstormande talent og godt vaksne ringrevar med erfaring, ro og overblikk. Denne fordelinga prøver me å oppretthalda når me heile tida jaktar forsterkingar som kan bidra til å løfta oss endå eit hakk.

I alle prosjekta våre er taktikken å samhandla best mogleg på tvers av dei ulike lagdelane, å spela kvarandre gode. Me er no i gang med å ta i bruk nye arbeidsmetodar som skal gjera denne samhandlinga endå betre. Det må til om me skal vinna også i framtida.

Og det skal me!

Apply-konsernet vedtok i 2013 å investera ieit nytt og meir tidsriktig kontorbygg på Stord. I februar 2015 står det fem etasjar høge og 4.000 kvadratmeter store nybygget klart til innflytting for Apply Leirvik og Stord-avdelinga til søsterselskapet Apply Rig & Modules. Lokala rommar mellom anna 255 kontor-plasser, minglesonar og eigen møteromsfløy.

- Det flotte kontorbygget viser at Apply satsar på Stord. Kontora vil gi oss mange glade menneske i effektivt samspel, og gjer oss vonleg endå meir attraktive for nye medarbeidarar, seier Apply Leirvik-direktør Lars Solberg.

Satsar på Stord

Visste du at:

Apply Leirvik har levert 35 store bustadkvarter til oljeinstallasjonar i inn- og utland.

Apply Leirvik har levert 80% av bustadkvartera på norsk sokkel.

Apply Leirvik er hovudkontor for Apply- konsernets forretningsområde Living Quarters and Helidecks (LQ & HD), ei internasjonalt satsing som består av selskapa Apply Leirvik, Apply Emtunga (Sverige), Aluminium Offshore (Singapore) og Apply Leirvik International (Singapore).

Page 32: ZOOM No2 - 2014

32

– Det har i grunnen gått over all forventning, seier Lisa Instefjord Gilje.

Visningsverten viser til gode tal sidan opninga i januar i fjor.

– I fjor hadde me 950 besøkjande, i år ligg me an til det same.

InnhaldsriktI tillegg til å få sjå korleis fiskeoppdrettet blir drifta, får dei besøkjande høve til å følgja oppdrettshistoria frå byrjinga og fram til i dag.

– Me har laga til eit slags museum i kjellaren. I dei ulike romma viser me korleis oppdrettsnæringa var før, og meir inngåande korleis me driv i dag, held Lisa fram.

Dei har og byrja med matservering.– Me set ut smolt på mellom 90-150 gram. Fisken brukar om lag halvanna år på å veksa seg opp til rundt fem kilo i merdane våre. Når me har denne fantastiske råvara tilgjengeleg, tenkte me at me måtte få til å laga mat og. Me fekk hjelp frå ein kokk til å setja i saman ulike oppskrifter, fortel visningsverten.Kven som helst kan ta turen utom visnings-senteret, og gjennom året kjem alt frå skule-klassar til bedrifter. Den travlaste perioden er mellom april og september.

Naudsynt– Visningssenteret var veldig viktig for at me kunne halda fram veksten vår, seier Svein Eivind Gilje, dagleg leiar ved Engesund Fiskeoppdrett. Han tok over roret på familieverksemda i 2009. Tre år seinare blei Lisa, som no er kona, tilsett som visningsvert.

Saman med visningssenteret kom også ein ny konsesjon på 750 tonn fisk.

– Det er veldig få som driv med dette her til lands. Me såg det som ein fin måte å auka vår eigen produksjon, samstundes som me får sjansen til å visa folk korleis oppdrettsnæringa er, forklarer Lisa.

Viktige støttespelarar Sjølv om ekteparet ikkje et laks kvar dag, trivst dei så godt på jobben at dei like godt gifta seg der i fjor sommar.

– Ein blir ikkje lei laks. Det er ei fantastisk råvare, smiler Lisa.

– Ein blir ikkje lei Lisa, heller. Utan ho hadde eg ikkje klart dette, seier Svein Eivind.10. august i fjor inviterte dei over 60 gjester til bryllaupsfeiring i det nye visningssenteret.

– 10. august har blitt ein viktig dato i familien.

Ikkje berre er det bryllaupsdagen, det er også bursdagen til Svein Eivind. I år blei faktisk sonen vår Lars Eivind døypt på den dagen óg. Det heile er litt tilfeldig, men no ligg iallfall alt til rette for at nett den dagen blir hugsa, smiler Lisa.

Sterk historieFamilieverksemda i Fitjarøyane blei grunnlagt av morfaren til Svein Eivind, Lars Kleppe, i 1964. Sjølv om Svein Eivind så godt som vaks opp på fiskeoppdrettet, hadde han aldri tankar om å ta over drifta då han var liten.

– Nei, det var vel ikkje nett det eg drøymte om. Eg jobba mykje på mellom anna brønnbåtar, fortel fitjarbuen.

Men då moglegheita plutseleg dukka opp i 2009, valde han likevel å ta over roret på verksemda i Fitjarøyane.

– Det var noko med utfordringa. Den freista.

Sidan Svein Eivind tok over drifta, har mykje skjedd på det vesle oppdrettet. I 2013 opna som nemnt visningssenteret, og talet på konsesjonar à 750 tonn fisk er allereie dobla. Dei er no åtte tilsette fordelt på seks lokasjonar. I tillegg har dei fått tilsegn på søknaden om ein tredje konsesjon.

Fitjar-laksenI fjor opna Engesund Fiskeoppdrett sitt eige, flytande visningssenter.

No rundar dei snart to tusen vitjingar på anlegget i Fitjarøyane.

{ tekst IVER BUNES · foto RUNE SKJÆRVOLD }

Vil visa verda

Engesund Fiskeoppdrett Visningssenter

Page 33: ZOOM No2 - 2014

33

SJÅ DEN NYE KATALOGENtil Noregs største bustadbyggjar!

katalogen på

www.valvatne.noBestill

Me vil inspirere deg til å realisere din eigen husdraum.Med vår trygge og oversiktlege byggeprosess som «grunnmur», kan du bruke tida på alle dei spanande detaljane som skapar heimen din!

Ringvegen 12 5412 Stord Tlf. 53 40 20 70 www.valvatne.no

Me vil inspirere deg til å realisere din eigen husdraum.Med vår trygge og oversiktlege byggeprosess som «grunnmur», kan du bruke tida på alle dei spanande detaljane som skapar heimen din!

Ringvegen 12 5412 Stord Tlf. 53 40 20 70 www.valvatne.no

SJÅ DEN NYE KATALOGEN

til Noregs største bustadbyggjar!

SJÅ DEN NYE KATALOGENtil Noregs største bustadbyggjar!

katalogen på

www.valvatne.noBestill

Me vil inspirere deg til å realisere din eigen husdraum.Med vår trygge og oversiktlege byggeprosess som «grunnmur», kan du bruke tida på alle dei spanande detaljane som skapar heimen din!

Ringvegen 12 5412 Stord Tlf. 53 40 20 70 www.valvatne.no

1. Kven som helst kan besøka visningssenteret, og gjennom året kjem alt frå skuleklassar til bedrifter.

(Foto: Engesund Fiskeoppdrett)

2. Svein Eivind Gilje og Lisa Instefjord Gilje ønskjer å gi folk eit innblikk i laksen og oppdrettsnæringa.

3. Ida Helen Hvitsand lagar dei lekraste smaksprøvar av råvara som sym i merda like utanfor.

1.

3.

2.

Page 34: ZOOM No2 - 2014

34

Pessimisme og dommedagsprofetiar har den siste tida prega medieomtalen av den norske oljeindustrien og leverandørindustrien, med oppslag som ofte handlar om reduserte investeringar og kutt i kostnader og tal på tilsette.

– Me kjenner oss att i dette biletet, men meiner samstundes situasjonen ikkje er så ille som andre vil ha det til. Det er naturlege, strukturelle årsaker til variasjonen. Og etter nedgang nokre år, har me stor tru på at marknaden vil ta seg opp igjen og veksa vidare, sa Harris Utne, partnar i Rystad Energy, til dei like over 100 representantane frå leverandørindustrien som deltok på Sunnhordlandskonferansen på Stord i september.

Johan Sverdrup blir viktigUtne peika på at nedkjølinga i olje service-marknaden har fleire årsaker. Den viktigaste er den kraftige auken i olje- og gassproduksjonen frå skiferfelt i USA dei to-tre siste åra, som har fløymd inn i marknaden og pressa prisane ned. Ein annan viktig årsak er ein auke i kostnadene til oljeselskapa. Dette har ført til lågare lønsemd for oljeselskapa, og no prioriterer dei å styrka kontantstraumen, kutta kostnader og effektivisera.

I Rystad Energy meiner dei denne situasjonen vil halda seg nokre år, før marknaden tek seg opp igjen i 2016 eller 2017. På sikt vil nemleg ikkje tilførsla av ny fossil energi frå USA vera nok til å dekka etterspurnaden etter energi, og det vil trengast ny produksjon også offshore framover mot 2020.

– Me ser no at vedlikehaldsmarknaden går noko ned, men me anslår ein vekst etter nedgangen fordi me trur det vil koma eit etterslep på vedlikehald. Nye felt og plattformer vert sett i produksjon, og dei må til sjuande og sist haldast ved like. Marknaden for modifikasjonsoppdrag vil gå noko ned i 2015, men også her meiner me oppdraga vil auka på igjen utover i tid. Det finst modifikasjonsprosjekt på norsk sokkel som må og bør gjerast, samt at det er ein del nye felt som skal knytast opp mot eksisterande felt – og dette vil krevja modifikasjonar, sa Utne.

Når det gjeld bygging av nye plattformer, konsta-terte konsulenten at Noreg har surfa på ei bølgje av mange utbyggingar dei siste åra. Når den bølgja no er i ferd med å leggja seg, vil det bli ein periode med utbygging av færre felt på norsk sokkel fram mot 2020.

– Johan Sverdrup-feltet blir derfor veldig viktig for leverandørindustrien. Der skal det byggjast mange plattformer, poengterte Utne.

– Norske verft er konkurransedyktigeHan henta også fram fjorårets analyse, der Rystad Energy vurderte prisnivået på norsk leverandørindustri samanlikna med utanlandske konkurrentar. Analysen viste at norske verft er konkurransedyktige dersom ein tek omsyn til kostnadsoverskridingane ein har sett på prosjekt som vert utført i utlandet. Analyseselskapet jobbar no med å oppdatera rapporten, men Utne trur det har skjedd lite nytt som kan rokka ved konklusjonen.

– Dataene våre seier oss at det er lurt å bygga i Noreg når me tek med heile rekneskapen. I tillegg har me også dei samfunnsmessige implikasjonane ved å byggja i Noreg, der verfta er viktige for å byggja og vedlikehalda kompetanse i eit lengre perspektiv, framheva Harris Utne.

Ser lys i den mørke tunnelen

– Me er nede i ein bølgjedal no, men mykje tyder på at marknaden vil ta seg opp

igjen på sikt, var bodskapen Harris Utne frå analyseselskapet Rystad Energy serverte

leverandørane til oljeindustrien under årets Sunnhordlandskonferanse.

{ tekst IVER BUNES · foto RUNE SKJÆRVOLD }

Foto: Harald Pettersen/Statoil

Sunnhordlandskonferansen 2014

Page 35: ZOOM No2 - 2014

35

1: Apply Leirvik har trimma omstillingsmuskelen for å gjera

bustadmodulane sine endå meir konkurransedyktige.

Gjennom ulike forbetringar har verksemda greidd å redusera

timebruken med heile 16 prosent frå 2011 til 2014,

opplyste driftsdirektør Kjell Arne Halleraker.

2: Atle Tranøy, konserntillitsvald i Aker og

leiar i Fellesforbundet i Sunnhordland, framheva

samhandling mellom fagmiljøa som viktigaste fortrinnet til

norsk leverandørindustri i tevlinga mot asiatiske

konkurrentar.“Dataene våre seier oss

at det er lurt å bygga i Noreg når me tek med heile rekneskapen.”

Harris Utne, Rystad Energy

1.

2.

Page 36: ZOOM No2 - 2014

Annonse

36

SpareBank 1 SR-Bank har dei siste åra hatt ei sterk utvikling på Sørvestlandet.

- I tillegg til å alltid ha konkurransedyktige vilkår, handlar det om å tilpassa våre løysingar til kvar enkelt kunde, seier banksjef Kjell Ivar Bruvik og senior bedriftsrådgjevar Kåre Ertsland.

Ein bank for framtida

Med ei solid bankhistorie har Sparebank 1 SR-bank vore ein støttande finansaktør for næringslivet på Sørvestlandet i 175 år.

Med Rogaland og epokar med sildefiske og jordbruk som utgangspunkt, har banken etterkvart ekspandert nordover som støttespelar for mellom anna vasskraft, oppdrett, industri og tenesteytande næring. og oljealderen.

- Me opererer i Noregs mest verdiskapande landsdel og skal vera ein bank til hjelp for kundane våre, seier Kjell Ivar Bruvik.

Han leier bankens satsing mot små og mellom-store bedrifter i Hordaland, og kan mellom anna visa til ei formidabel utvikling i Bergen. Her starta SpareBank 1 SR-Bank frå null i 2006, og har i dag 1600 bedriftskundar og 6 milliardar i utlånsportefølje. Tek ein med privatkundar og shipping er utlånsporteføljen nær 20 milliardar.

Kundeforståing- Forutan å vera landets nest største norsk-eigde bank med leiande kompetanse og kapital-marknadsmiljø, skuldast nok den positive utviklinga at me er opptekne av å vera løysings-orienterte - og at me på same måte som næringslivet rundt oss har gründerånd og vil vidare. - Me har muligheten til å vera stor og lokal på ein gong, framhevar Bruvik.

I nye og framtidstilpassa lokale på Stord fortel senior bedriftsrådgjevar Kåre Ertsland kor viktig det er å skapa den gode møteplassen mellom bank og kunde.

- Hordaland og Sunnhordland er eit satsingsområde for banken. Det handlar i hovudsak om å sjå og forstå totalbildet for våre kundar, slik at dei kan utnytta og tena på våre svært gode ressursar. For det har SpareBank 1 SR-Bank, særleg for aktørar her i området!

Senior bedriftsrådgjevar Kåre Ertsland

og banksjefKjell Ivar Bruvik

Foto

/ te

kst:

Zpi

rit.

no

Med fokus på kundane.Fra v. Kjersti R. Bråtun, Vibeke Skåle,

Gjermund Vik, Kjell Ivar Bruvik, Kåre Ertsland

PRO-Skolen

PRO-skolen er eit tilbod for små og mellomstore bedrifter. Her lærer du om sunn forretningsdrift saman med andre som er opptekne av å lukkast.PRO-skolen er et samarbeid med BI.

Nettbank Mobil Bedrift

Har du eiga bedrift? Ta i bruk Noregs første mobilbank for bedrifter og få tilgang til banken uansett kvar du er.

ANNONSE

Page 37: ZOOM No2 - 2014

37

Næringsklynga Maritime CleanTech West blei nyleg utnemnt til Norwegian Centre of Expertise (NCE).

NCE-programmet rettar seg mot dei mest vekstkraftige og dynamiske næringsmiljøa i Norge.Samarbeid på tvers av verksemder og kompetanseinstitusjonar fører til meir innovasjon og auka konkurranseevne.

Klynga består av 31 partnarar som alle er leiande innanfor sine ulike fag- og kompetanseområde. Som klynge skal me lanseranye løysingar for maritim sektor som reduserer energiforbruket og miljø- og klimaskadelige utslepp til luft og sjø.

NCE Maritime CleanTech har som visjonå bli ei verdsleiande klynge innan reine, maritime løysingar!

www.maritimecleantech.no

Me har blitt

K L Y N G E P A R T N A R A R :

Page 38: ZOOM No2 - 2014

38

Når Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) i år feirar 175 år med lærarutdanning og 20-årsjubileum for HSH som institusjon, skjer det samstundes med at skulen bur seg på store endringar som truleg betyr slutten på tilværet som eigen høgskule. Våren 2015 skal regjeringa nemleg leggja fram ei stortingsmelding om ny struktur i universitets- og høgskulesektoren. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) ønskjer færre institusjonar, og har gjeve HSH klar melding om at skulen må sjå seg rundt etter partnarar å slå seg saman med.

– På bakgrunn av den beskjeden har høgskulestyret vedteke at me skal jobba for å fusjonera HSH inn i et nytt og solid profesjonsuniversitet på Vestlandet. I første omgang startar me sonderingar med tanke på ei samanslåing med Universitetet i Stavanger, fortel høgskuledirektør Tage Båtsvik.

Går til verks med positiv haldningDirektøren ser lyst på utsiktene til å bli del av eit større universitet.

– Statsråden har sagt at det ikkje er talet på studiestader ein er ute etter å redusera, men talet på skular. Derfor føler me ikkje at utdanningstilboda våre er truga. Me meiner bestemt at det er viktig for regionen Haugaland og Sunnhordland at det finst tilbod om høgare utdanning på Stord og i Haugesund. Herfrå leverer me kompetanse og utdanning innan område som er viktige for både næringsliv, kommunar og helseføretak. Ei eventuell samanslåing til eit framtidig profesjonsuniversitet er ein god moglegheit for å

styrka og utvikla regionen, oppnå meir robuste fagmiljø og styrka tilbodet til studentane. Me går derfor inn i fusjonssamtalar med ei positiv haldning, seier Tage Båtsvik.

Han skildrar HSH anno 2014 som ein høgskule i fint driv.

– Me opplever vekst, både i tal på studentar og i forskingsaktiviteten vår. HSH har dyktige og engasjerte tilsette, og haustar gode tilbakemeldingar frå samfunnet rundt oss på at me er flinke til å justera studietilbodet etter kvart som behova i regionen endrar seg. Om lag 75 prosent av studentane våre kjem i dag frå Haugalandet og Sunnhordland, og HSH er i dag eit klart førsteval for majoriteten av studentar frå denne regionen som tek høgare utdanning. Det er me glade for og stolte av, fortel høgskuledirektøren.

Forskar meirStordabuen meiner viktigaste oppgåva til HSH er å vera ein verdifull ressurs for Haugalandet og Sunnhordland innan utdanning, forsking, innovasjon og kunnskapsdeling, og framhevar at høgskulen har eit uttalt mål om at aktiviteten på desse områda skal ha ei særskilt betyding for nyskapinga og verdiskapinga i regionen.

– HSH er først og fremst kjent som ein utdanningsinstitusjon, men me har i seinare år auka forskingsaktiviteten vår kraftig. Både kommunar, helsevesen og næringsliv har høve til å dra nytte av forskarane våre, og det er i den gode

Kunnskapsministeren ønskjer færre høgskular og universitet. Dermed må HSH-direktør Tage Båtsvik ut

på friarferd for å finna fusjonspartnarar for Høgskolen Stord/Haugesund. – Målet vårt er å byggja en ny og

solid utdanningsinstitusjon som kan utvikla og styrka regionen inn i framtida, seier Båtsvik.

Vil bli del av eit nytt

profesjonsuniversitet

{ tekst IVER BUNES · foto RUNE SKJÆRVOLD }

Høgskolen Stord/Haugesund

Page 39: ZOOM No2 - 2014

39

koplinga mellom praksisfeltet og forskings- og utviklingsmiljø at det skjer nyskaping. Eitt døme på dette er ingeniørmiljøet vårt i Haugesund, med dyktige folk innan mikrobiologi. Saman med reiarlaget Knutsen OAS har dei forska på korleis ein kan redusera bakteriespreiinga frå ballastvatn. Saman har dei gjort fleire interessante funn, som kan bidra til å redusera dette miljøproblemet i skipsfarten, framhevar Båtsvik.

Å vera ein mellomstor høgskule har også sine utfordringar. Direktøren framhevar rekruttering av såkalla førstekompetanse, i form av professorar, førsteamanuensisar, førstelektorar og dosentar, som den største.

– I konkurranse med større fagmiljø i Bergen og Stavanger er det ikkje like lett for oss å få tak i førstekompetanse. Derfor bruker me mykje ressursar på å få våre eigne folk opp på dette nivået, Utviklinga er positiv, men dette vil alltid vera ei utfordring, konstaterer Båtsvik.

Som direktør er han ein av to toppleiarar i HSH. Den andre er rektor Liv Reidun Grimstvedt.

– Rektor har ansvar for den faglege delen av verksemda. Eg har ansvaret for den daglege administrasjonen og støtteapparatet rundt fagmiljøa. Me to jobbar tett saman, forklarer stordabuen - som prøver å fordela arbeidsveka si nokolunde likt mellom administrasjonssetet på Stord og høgskulebygget i Haugesund sentrum.

– Å rekruttera førstekompetanse er ei av hovudutfordringane til ein mellomstor høgskule som HSH, fortel Tage Båtsvik. Som HSH-direktør har han ansvaret for den daglege administrasjonen og støtteapparatet rundt fagmiljøa på høgskulen.

“ ... eit framtidig profesjonsuniversitet er ein god

moglegheit for å styrka og utvikla regionen, oppnå meir robuste fagmiljø og styrka tilbodet til

studentane ... “

Høgskulen i korte trekk:

HSH er ein regional høgskule med om lag 3200 studentar og 300 tilsette fordelt på studiestader på Stord og i Haugesund. Skulen tilbyr grunnutdanningar på bachelor- og masternivå og eit breitt utval av

etter- og vidareutdanningar. I tillegg gjennomfører HSH kvart år fleire forskings- og utviklingsprosjekt.

HSH kan i dag tilby følgjande studium:

HSH vart skipa 1. august 1994, då Statens sikkerhetshøgskole, Haugesund Sjukepleierhøgskole, Stord Lærarhøgskule og Stord Sjukepleiarhøgskule slo

seg saman. Historia strekkjer seg likevel heilt attende til 1839, då Stord Seminar byrja utdanna lærarar på Tyse prestegard.

Lærarutdanning

Musikkutdanning

Ingeniørutdanning

Nautikkutdanning

Sjukepleiarutdanning

Økonomisk og administrativ utdanning

Ulike årsstudium og etter- og vidareutdanningar

Mastergradutdanningar: – IKT i læring – Klinisk helse- og omsorgsvitenskap – Kreative fag og læreprosessar – Teknisk tryggleik

Page 40: ZOOM No2 - 2014

40

Kjærleiken lokka han heimBåtsvik byrja som HSH-direktør for tre år sida. Då hadde samfunnsvitaren jobba 12 år i Oslo, dei fleste av dei i kommunalavdelinga i kommunal- og regionaldepartementet. Men det var ikkje HSH-jobben som fekk han til å orientera seg attende mot Stord.

– Nei, det var nok først og fremst kjærleiken, vedgår Båtsvik, som møtte kona Margunn då han var heimom på juleferie i 2010.

At det no er samanslåing og omstilling som står øvst på jobbagendaen framover, høver i grunnen godt. Dette har 44-åringen god erfaring med, både frå yrkeslivet og i seinare tid også på privaten. I departementet og som konsulent i Asplan Viak jobba han mykje med kommunesamanslåingar. På heimebane har han på fire år gått frå å vera ein fri og frank storbygut til å bli ein gift mann «på landet» med dottera Marta (2,5) og tvillingane Vera og Vemund (1).

– Det var med blanda kjensler eg reiste frå Oslo. Eg tenkte på det som «min» by, med gode vener og aktivitetar eg ville sakna. Vel heime på Stord har

eg ikkje hatt tid til å sakna så mykje. Det blei litt travlare på heimebane enn me hadde planlagt, ler småbarnspappaen, og legg til at med små born er det godt å bu på Stord – med kort veg til familie og det meste andre ein treng i kvardagen.

Meiner tida er mogen for færre kommunarOgså i kommune-Noreg er samanslåing ei aktuell problemstilling Med Båtsvik sin bakgrunn frå departementet, der han har jobba med kommunestrukturspørsmålet under statsrådar med ulike politiske ståstader, kan ikkje Zoom dy seg for å spørja om kva han tenkjer om framtidas kommunestruktur i Sunnhordland.

– Her skal eg kanskje vera litt forsiktig… Men svaret er jo at eg meiner tida er overmogen for færre og større kommunar. Håpet mitt er at iallfall Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes snakkar godt saman om desse spørsmåla og er konstruktive i tilnærminga si. På same måte som me no gjer i HSH, meiner eg det er viktig at kommunane fokuserer på moglegheiter framfor truslar. Så gjeld det berre å få alle kommunane inn i ein slik modus då, svarar Båtsvik med eit lurt smil.

Fram til jul kombinerer Tage Båtsvik jobb og pappaperm heime med vetle Vebjørn (1) og tvillingsøstera Vera.

Høgskolen Stord/Haugesund

Kontakt Jarle Troland - tlf 982 29 316 - [email protected]

www.bergesag.no

Viddene ligger åpne - ut døra å spenne skiene på - det er tid for å gå på tur. Å nyte følelsen av kram snø under bena, vissheten om at i sekken er varm kakao og sjokolade belønningen som skal nytes i neste pause. - Det er følelsen av det gode liv. I Berge Sag skal vi møte deg der du er. Med vår kunnskap, erfaring og fleksibilitet skal vi sørge for at godfølelsen varer fra du tar kontakt, til du sitter i kosestolen med en god bok i hånda. - På din helt egen hytte.

Velkommen til oss - vi gleder oss til å møte deg!

Page 41: ZOOM No2 - 2014

41

Tekst og foto: Silje Huglen Tillung

Eit smart kort fullt av fordelar Kreditt inntil 40 000,- Ingen rente eller gebyr

første månad Del opp betalinga utan rente

i 4 eller 12 månader Det kostar ingenting!

Du kan søka om Bosch Car Service-kortet raskt og enkelt i vår butikk. Velg ønska kredittbeløp, så er du klar for å handla!

Kristian Løvland, dagleg leiar

Stord Bilteknikk A/SMeatjønnvegen 32Heiane, 5412 StordTelefon: 53 40 32 00

www.stordbilteknikk.no

Stord Bilteknikk

LEIRVIK E39SAGVÅG

ST

AVAN

GER

E39

Me utfører Service EU-kontroll Reparasjon av alle

bilmerker

sal av dekk og bildelar

Page 42: ZOOM No2 - 2014

42

1.

Sommarfesten Sommaren er festivaltid i Sunnhordland, og rundt om i by og bygd har fleire festivalar vakse seg

større og sterkare dei siste åra. Me har samla nokre fotoglimt frå årets festival- og musikalsesong.

Ta ein kikk, og begynn å gle deg til neste år!

Festidalen (1), Tysnesfest (2), Skånevik Bluesfestival (3), West side story, Bømlo Teater (4), Fitjarfestivalen (5).Fo

to: A

tle H

ella

nd

Sunnhordlandsfestivalar 2014

Page 43: ZOOM No2 - 2014

43

3.2.

4. 5.

Foto

: Kje

til R

ydla

nd

Page 44: ZOOM No2 - 2014

Annonse

44

DU SAKNAR HAN IKKJE FØR HAN ER BORTE

– SKL Nett skal vera blant dei best drivne selskapa i landet med omsyn til påliteleg straumforsyning. Faktisk har styret sagt at god leveringstryggleik skal prioriterast framfor økonomisk utbyte. Det er eit spenstig vedtak, supplerer Asbjørn Tverdal, administrerande direktør i SKL Nett.

Det er eit stort regionalt ansvar som kviler på skuldrene til Næs, Tverdal og resten av kollegaene. Dei skal sørgja for at alt frå dei store «motorvegane» til dei små, enkle «kjerrevegane» i straumnettet er i god stand rundt om på Stord, i sunnhordlandskommunane og delar av Haugalandet. Statistikken for 2013 viser til dømes at SKL hadde ei oppetid på 99,996 % i regionalnettet i distriktet.

Slike resultat kjem ikkje av seg sjølv. Grundige risikoanalysar, kartlegging av flaskehalsar, utskifting av gamalt utstyr og jamleg vedlikehald ligg til grunn. Som eit ledd i dette kontinuerlege utbetringsarbeidet planlegg SKL Nett å rusta opp sentral- og regionalnetta for 378 millionar kroner dei neste fem åra.

I distribusjonsnettet på Stord skal det årleg investerast 92 millionar kroner i same periode.

For innbyggjarane i Sunnhordland er kanskje arbeidet med å fjerna luftlinjer og flytta straumleidningane ned i bakken som er dei mest synlege prova på utbetringane i nettet. Dei siste fem åra er om lag 70 kilometer med luftlinjer lagt i bakken, noko som mellom anna reduserer sjansane for straumbrot som følgje av hardt vestlandsvêr.

Stord Transformatorstasjon på Litlabø er eit viktig knutepunkt for straumforsyninga til kommunane i ytre delar av Sunnhordland, og blir no oppgradert for at anlegget skal bli endå meir driftssikkert. Prislapp: Om lag 50 millionar kroner.

– Opprustinga på Litlabø vert gjort fordi gamalt utstyr må erstattast med nytt, men også for at me skal kunna møta ein forventa auke i straumforbruket på Stord og i regionen elles, forklarer Karl Næs.

www.skl.as

Tar du det for gitt at det er straum i stikkontakten til ei kvar tid? I SKL jobbar me knallhardt for at du framleis skal kunna vera sikker i den trua.

NO BLIR OGSÅ STRAUMEN SMARTDu har sikkert ein smarttelefon. Og kanskje eit smart-tv? No skal også straumforsyninga di bli smart. Innan 1. januar 2019 skal nemleg alle straumkundar i Noreg få ein ny, automatisk straummålar i bustaden sin.

Dette nye automatiske måle- og styringssystemet (AMS), som Energi Norge har døypt «smart straum», vil ha tre hovudfunksjonar: Det gir kundane betre styring med forbruket sitt, det gir samfunnet betre leveringstryggleik, og på sikt vil me også hausta klimagevinstar ved at me bruker energien vår meir effektivt.

– Med automatisk straummålar vil kundane sleppa å lesa av målaren sin. Informasjonen vil gå automatisk til

kraftleverandøren via nettselskapet. Samstundes får kunden tilgang på informasjon som gjer det enklare å følgja opp eigen straumbruk.

Målesystemet vil også, på usjenerande vis for forbrukar, kunna sørgja for at dei mest straumkrevjande artiklane ikkje står på samstundes. Målet er å få eit betre fordelt straumforbruk i kvar husstand innanfor den tida straum normalt vert brukt. Det er altså ikkje meininga å tvinga forbrukarane til å styra straumbruken til nattetid, slik mange tydelegvis lurer på og er uroa for, forklarer Karl Næs i SKL Nett.

– Eit jamnare og meir fleksibelt forbruk, der me i større grad unngår dei store forbrukstoppane, vil i sum gje oss ei betre utnytting av kraftsystemet og meir

effektiv drift av straumnettet. Lågare behov for investeringar og vedlikehald i nettet vil igjen koma kundane til gode gjennom lågare nettleige.

Han anslår at investerings kostnaden for SKL i samband med installering av dei nye målarane vil liggja på 3-4.000 kroner per husstand. For husstandar med eit gjennomsnittleg forbruk vil dette isolert sett innebera ein auke i nettleiga på vel eitt øre per kilowattime – noko som vil tilsvara om lag 200kroner årleg. Me meinar dette er ei investering som kundane på sikt vil få att gjennom meir effektiv nettdrift og betre tenestetilbod.

– SKL vil installera AMS hos nettkundane i perioden 2016 til 2019, opplyser Næs.

Me varmar opp dusjvatnet, skrur på komfyren, oppvaskemaskina, vaskemaskina og tørketrommelen, sjekkar Facebook på pc-ar og nettbrett medan me gløttar på TV, og i tillegg står gjerne elbilen til lading. Først når straumen brått blir borte, tenkjer me over kor viktig han er for oss.

– Topp leveringstryggleik har førsteprioritet hos oss. Faktisk har me i SKL eit mål om at me skal levera straum til forbrukarane i meir enn 99,99 prosent av døgnet, fortel Karl Næs, som er divisjonsleiar i nettselskapet til energikonsernet SKL.

Page 45: ZOOM No2 - 2014

Annonse

45

DU SAKNAR HAN IKKJE FØR HAN ER BORTE

– SKL Nett skal vera blant dei best drivne selskapa i landet med omsyn til påliteleg straumforsyning. Faktisk har styret sagt at god leveringstryggleik skal prioriterast framfor økonomisk utbyte. Det er eit spenstig vedtak, supplerer Asbjørn Tverdal, administrerande direktør i SKL Nett.

Det er eit stort regionalt ansvar som kviler på skuldrene til Næs, Tverdal og resten av kollegaene. Dei skal sørgja for at alt frå dei store «motorvegane» til dei små, enkle «kjerrevegane» i straumnettet er i god stand rundt om på Stord, i sunnhordlandskommunane og delar av Haugalandet. Statistikken for 2013 viser til dømes at SKL hadde ei oppetid på 99,996 % i regionalnettet i distriktet.

Slike resultat kjem ikkje av seg sjølv. Grundige risikoanalysar, kartlegging av flaskehalsar, utskifting av gamalt utstyr og jamleg vedlikehald ligg til grunn. Som eit ledd i dette kontinuerlege utbetringsarbeidet planlegg SKL Nett å rusta opp sentral- og regionalnetta for 378 millionar kroner dei neste fem åra.

I distribusjonsnettet på Stord skal det årleg investerast 92 millionar kroner i same periode.

For innbyggjarane i Sunnhordland er kanskje arbeidet med å fjerna luftlinjer og flytta straumleidningane ned i bakken som er dei mest synlege prova på utbetringane i nettet. Dei siste fem åra er om lag 70 kilometer med luftlinjer lagt i bakken, noko som mellom anna reduserer sjansane for straumbrot som følgje av hardt vestlandsvêr.

Stord Transformatorstasjon på Litlabø er eit viktig knutepunkt for straumforsyninga til kommunane i ytre delar av Sunnhordland, og blir no oppgradert for at anlegget skal bli endå meir driftssikkert. Prislapp: Om lag 50 millionar kroner.

– Opprustinga på Litlabø vert gjort fordi gamalt utstyr må erstattast med nytt, men også for at me skal kunna møta ein forventa auke i straumforbruket på Stord og i regionen elles, forklarer Karl Næs.

www.skl.as

Tar du det for gitt at det er straum i stikkontakten til ei kvar tid? I SKL jobbar me knallhardt for at du framleis skal kunna vera sikker i den trua.

NO BLIR OGSÅ STRAUMEN SMARTDu har sikkert ein smarttelefon. Og kanskje eit smart-tv? No skal også straumforsyninga di bli smart. Innan 1. januar 2019 skal nemleg alle straumkundar i Noreg få ein ny, automatisk straummålar i bustaden sin.

Dette nye automatiske måle- og styringssystemet (AMS), som Energi Norge har døypt «smart straum», vil ha tre hovudfunksjonar: Det gir kundane betre styring med forbruket sitt, det gir samfunnet betre leveringstryggleik, og på sikt vil me også hausta klimagevinstar ved at me bruker energien vår meir effektivt.

– Med automatisk straummålar vil kundane sleppa å lesa av målaren sin. Informasjonen vil gå automatisk til

kraftleverandøren via nettselskapet. Samstundes får kunden tilgang på informasjon som gjer det enklare å følgja opp eigen straumbruk.

Målesystemet vil også, på usjenerande vis for forbrukar, kunna sørgja for at dei mest straumkrevjande artiklane ikkje står på samstundes. Målet er å få eit betre fordelt straumforbruk i kvar husstand innanfor den tida straum normalt vert brukt. Det er altså ikkje meininga å tvinga forbrukarane til å styra straumbruken til nattetid, slik mange tydelegvis lurer på og er uroa for, forklarer Karl Næs i SKL Nett.

– Eit jamnare og meir fleksibelt forbruk, der me i større grad unngår dei store forbrukstoppane, vil i sum gje oss ei betre utnytting av kraftsystemet og meir

effektiv drift av straumnettet. Lågare behov for investeringar og vedlikehald i nettet vil igjen koma kundane til gode gjennom lågare nettleige.

Han anslår at investerings kostnaden for SKL i samband med installering av dei nye målarane vil liggja på 3-4.000 kroner per husstand. For husstandar med eit gjennomsnittleg forbruk vil dette isolert sett innebera ein auke i nettleiga på vel eitt øre per kilowattime – noko som vil tilsvara om lag 200kroner årleg. Me meinar dette er ei investering som kundane på sikt vil få att gjennom meir effektiv nettdrift og betre tenestetilbod.

– SKL vil installera AMS hos nettkundane i perioden 2016 til 2019, opplyser Næs.

Me varmar opp dusjvatnet, skrur på komfyren, oppvaskemaskina, vaskemaskina og tørketrommelen, sjekkar Facebook på pc-ar og nettbrett medan me gløttar på TV, og i tillegg står gjerne elbilen til lading. Først når straumen brått blir borte, tenkjer me over kor viktig han er for oss.

– Topp leveringstryggleik har førsteprioritet hos oss. Faktisk har me i SKL eit mål om at me skal levera straum til forbrukarane i meir enn 99,99 prosent av døgnet, fortel Karl Næs, som er divisjonsleiar i nettselskapet til energikonsernet SKL.

Page 46: ZOOM No2 - 2014

Flaggskipet til Harding, stuplivbåten FF 1200, har gjennomført teststup frå over 65 meters høgde.

Page 47: ZOOM No2 - 2014

47

Det «nye» Harding ber med seg lange tradisjonar. I tett på hundre år har verksemda vore ein pådrivar i utviklinga og produksjonen av maritime evakueringssystem for skipsfarten og olje- og gassindustrien. I dag utviklar og leverer selskapet livbåtar, redningsbåtar, davitar, krokar og servicetenester til kundar i inn- og utland.

Leiinga og to av produksjonsanlegga til denne globale stor- satsinga ligg i Kvinnherad, med hovudkontor og noko pro-duksjon på Seimsfoss og ein topp moderne livbåtfabrikk i Ølve. Her sysselset Harding i dag om lag 260 personar. I august i år kunne selskapet feira at leiinga, ingeniørmiljøet og alt

Harding Safety

administrativt personell i Noreg var samla under eitt tak i det utvida og nyoppussa hovudkontoret på Seim.

– Pilene peikar oppover

– Ved å sameina den samla kompetansen og leveringskrafta som fanst i Schat-Harding og Noreq i ei større og sterkare eining, kan Harding Safety i dag tilby både nye og eksisterande kundar eit breiare spekter av utstyr og tenester, seier direktør Styrk Bekkenes.

– Korleis er dagens marknad for livbåtar og anna redningsutstyr?

Hardings historie strekkjer seg attende til 1928. I Ølve har Harding eit topp moderne produksjonsanlegg for livbåtar.

I 2013 vart kvinnheradsbedriftene Schat-Harding og Noreq slegne saman til Harding Safety AS. Med over 1000 tilsette, det største globale servicenettverket i bransjen og 28 kontor og servicestasjonar i 16 land, tek selskapet mål av seg å bli

verdas leiande leverandør av maritime livredningssystem.

Kvinnherads maritime

TRYGGLEIKSGIGANT

{ tekst IVER BUNES · foto RUNE SKJÆRVOLD/HARDING }

Page 48: ZOOM No2 - 2014

48

– Jamt over bra. Pilene peikar oppover, og me har budsjettert med vekst. Fordelen vår som eit globalt selskap med kontor i 16 land er at me alltid er i kontakt med marknadssegment som er aktive dersom andre er mindre aktive. I tillegg til sal av nytt utstyr tilbyr me også servicetenester og oppussing av eksisterande system, noko som gjev Harding fleire bein å stå på, supplerer marknadssjef Bjørn Sturle Hillestad.

FF 1200 – sjølve flaggskipetKvar for seg stod Schat-Harding og Noreq bak utviklinga av ei rekke produkt som bidrog til auka tryggleik til sjøs. «Storebror» Schat-Harding jobba til dømes tett med den norske offshoreindustrien gjennom heile olje- alderen, og utvikla stadig nye løysingar som tilfredsstilte eitt av verdas strengaste offshoreregelverk. Siste generasjonen stuplivbåt – FF 1200 – er eit godt døme på resultatet av eit slikt utviklingsløp. Båttypen, som no vert vidareført som sjølve flaggskipet blant Harding-produkta, var den første til å oppfylla dei aller siste tryggleiksskrava for norsk sokkel. FF 1200 har faktisk gjennomført teststup frå over 65 meters høgde.

– FF 1200 gir passasjerane ein slags «flying start» på ei evakuering. Passasjerane om bord vert utsette for minimalt med krefter under sjølve stupet, og livbåten bevegar seg raskt vekk frå offshoreinstallasjonen eller skipet han skal evakuera frå, forklarer Arild Lokøy, produktsjef i Harding. Han legg til at FF 1200-livbåten allereie er utplassert på plattformer som Eldfisk, Valhall, Visund og FPSO Skarv.

Suksess med lukka davitarMed oppstart i 2006 hadde Noreq langt kortare fartstid i bransjen, men rakk på få år å lansera fleire nyskapande produkt. Selskapet hadde eit sterkt fokus på davitar, som er kransystema som lårar og heiser livbåtar. Ein eigenutvikla serie med kompakte, lukka davitar for lårelivbåter slo spesielt godt an. I dag er over 800 slike davitsystem installert på norske og utanlandske fartøy og offshoreinstallasjonar.

Harding Safety

– Livbåtdavitane såg stort sett like ut heilt frå tidlig 1900-tall og fram til midt på 2000-tallet. Sidan davitane ofte er utsett for tøffe miljøpåverknader i form av sjøsprøyt, is, vind og vær, meinte me det var på tide å tenkja nytt. Me utvikla derfor ein lukka davit som beskyttar dei viktigaste komponentane ved at vinsjen og anna teknisk utstyr er plassert inne i sjølve davitstrukturen. Det aukar både påliteligheita og levetida til davitane. Kontinuerleg vidareutvikling gjer at Harding i dag kan tilby 45 ulike variantar av lukka

davitar. Den største løftar heile 23 tonn, fortel Alf Eidsvik, teknisk direktør i Harding.

– Skal liggja i forkantFor Harding er det viktig å vidareføra dei to tradisjonane for nyskaping.

– Utvikling av nye og eksisterande produkt har høg prioritet, og hovudmålet vårt er framleis å bidra til auka tryggleik til sjøs. Harding skal liggja i forkant av den teknologiske

utviklinga, fastslår Eidsvik og Lokøy.

Korleis vart så Schat-Harding og Noreq til ei felles satsing? Som medeigar og dagleg leiar i Noreq, var Styrk Bekkenes ei sentral drivkraft bak storsatsinga. Harding-direktøren spolar tilbake til hausten 2012.

– Den internasjonale marknaden for maritimt livredningsutstyr er svært fragmentert og prega av mange små tilbydarar. I Noreq opplevde me at kundane våre etterspurte større aktørar. Me såg at dersom Noreq skulle veksa ytterlegare og bli en stor og viktig leverandør, måtte me styrkja oss saman med ein partnar. Både industrielle og rent finansielle aktørar ble vurdert, før me fann partnaren i det norske investeringsfondet Herkules Capital. I tillegg til finansielle musklar, har fondet industriell kompetanse og god forståing av bransjen vår, seier Bekkenes.

Byggjer eitt HardingNoreq og Herkules såg raskt at «sambygdingane» i Schat-Harding ville passa godt saman med Noreq. Medan Schat-Harding hadde verdas største

– Me er godt i gang med å etablera ein felles bedriftskultur – eitt Harding – på tvers av våre mange ulike miljø og lokasjonar verda rundt,

seier direktør Styrk Bekkenes.

Harding har eit verdsomspennande servicenettverk med over 30 stasjonar og meir enn 200 serviceingeniørar.

Kristian Nedrevåg og ingeniørkollegaene på Seimsfoss jaktar stadig på nye og betre livbåtløysingar.

Harding leverer davitar med løftekapasitet heilt opp i 23 tonn.

Page 49: ZOOM No2 - 2014

49

Harding-direktør Styrk Bekkenes saman med

kvalitetsinspektør Bjarte Lunde om bord i ein FF 1200

som er under bygging.

… «Harding Safety» var namnet på den aller første lukka livbåten som blei godkjent av norske myndigheiter til bruk på eit fartøy under norsk flagg?

… Harding i dag har 28 kontor verda rundt, og at talet aukar stadig?

… over 900 personar frå meir enn 40 nasjonalitetar jobbar i Harding på verdsbasis?

… det største passasjerskipet med livredningsutstyr frå Harding om bord er «Oasis of the Seas» - det største cruiseskipet som nokon gong er bygt?

… Harding i 1976 lanserte verdas første frittfall-livbåt laga av fiberglas?

… Harding har levert over 2000 livbåtar til den inter- nasjonale cruiseindustrien?

… Harding har produksjon av livredningsutstyr på sju lokasjonar i Europa, Asia og USA?

… Harding har det største servicenettverket i sin bransje, med over 200 serviceoperatørar stasjonert på 30 ulike stader?

Visste du at …

Harding Safety

Page 50: ZOOM No2 - 2014

50

Realising the world’s most demanding and amazing projects.

Harding Safety

servicenettverk og ein sterk posisjon som leverandør til offshorekundar på den norske kontinentalsokkelen, hadde Noreq en sterk posisjon i dei globale marknadane for offshoreskip og handelsfartøy. Vinteren 2013 vart det innleia samtalar med Schat-Harding-eigaren Umoe, som like etter la selskapet ut for sal. 8. juli i fjor kjøpte Herkules både Noreq og Schat-Harding, og samla begge selskapa i det nye Harding Safety AS.

– Sidan den tid har det vore full trykk på å sameina det beste frå begge selskap, og me er godt i gang med å etablera ein felles bedriftskultur – eitt Harding – på tvers av våre mange ulike miljø og lokasjonar verda rundt, seier Bekkenes.

Populær promofilm Seinsommaren 2014 lanserte Harding sin nye reklamefilm «The Diver», med amatørskodespelarar frå sunnhordlands-kommunane i hovudrollene. Filmen har sidan den tid blitt vist på riksdekkande fjernsyn, og har i skrivande stund like oppunder 150.000 visningar på Youtube.

Page 51: ZOOM No2 - 2014

51

Stord Hotell

SYKKEL & SPORT

TOUR DES FJORDS KJEM TIL STORD!

- 29. MAI 2015 -

Tusen takk til alle som har gjort det mogleg!

Fo

to: E

ivin

d O

liver

Lan

da

G-Sport Stord

Page 52: ZOOM No2 - 2014

52

– Eg opplevde at reklamebyråa ofte møtte kundane med løysingar som

byråa sjølve var meste tente med, eller fann mest interessant å jobba med.

Dagleg leiar, Oddvar Hårde

“Sunnhordlandsfilmen”, som Zpirit produserte for Samarbeidsrådet for Sunnhordland, vann reklame-prisen Gullsild i 2013.I år er reklamebyrået nominert for prisen med profileringsfilmen “Stuparen” for Harding Safety.Frå venstre Eva S. Strand (Zpirit), Anne S. Lønne (Samarbeidsrådet for Sunnhordland), Oddvar Hårde (Zpirit), Steinar Hårde (Zpirit) og regissør Simeon Frohm (Zpirit).

Page 53: ZOOM No2 - 2014

53

Etter å ha gått svanger med ideen om å starta eige reklamebyrå i fleire år, fann Oddvar Hårde i 2009 tida inne for å setja planane ut i live. I kjellaren i Borggata 19 på Stord såg Zpirit dagens lys.

Kjøleg start, varm mottaking– Somme har kanskje ei oppfatning av reklame-verda som ein glamorøs bransje. Oppstarten vår midt under finanskrisa var iallfall langt frå luksuriøs. Vinterstid måtte me stengja av to kontor, då trekken under dørstokken gav minusgrader inne i det gamle bygget, ler Oddvar Hårde.

Reklamegründeren har over 20 års fartstid i reklamebyrå og marknadsavdelingar i ulike selskap. Erfaringane han hadde gjort seg som både reklametilbydar og -kunde danna grunnlaget for det nye Zpirit-konseptet.

– Eg opplevde at reklamebyråa ofte møtte kundane med løysingar som byråa sjølve var meste tente med, eller fann mest interessant å jobba med. Lysta til å gjera store og spennande prosjekt skugga lett for dei enkle, rimelege og langt meir effektive løysingane. Med Zpirit ville eg skapa ei motvekt til denne haldninga. Vårt konsept har heile tida vore at me skal jakta på framgang og gode, målbare resultat for kundane våre – utan å sløsa med ressursane deira, fortel Hårde.

Reklamebyrået merka tidleg at ryktet om det nye firmaet spreidde seg lokalt. Det gav verksemda ein god kundemasse ut av startblokka.

– Gjennom nettverket vårt fekk me også gjera godt synlege oppdrag for nasjonale og internasjonale kundar allereie i oppstartsfasen. Me jobba til dømes for kjente merkevarer som Plumbo og Toro, og fekk tidleg ein kranfabrikk i Italia som kunde. Skikkeleg eksotisk, minnest reklamemannen med eit smil.

Annonse

Fem år etter den spede starten i eit kaldt og trekkfullt kjellarlokale har Zpirit reklamebyrå på Stord vakse til ei verksemd med ti tilsette og

ein brei portefølje av norske og internasjonale kundar

Skaut blink med reklamesatsinga

{ tekst IVER BUNES · foto RUNE SKJÆRVOLD }

Ti tilsetteÅr for år og jobb for jobb har kundelista og reklame-byrået vakse seg større. I dag har Zpirit 11 tilsette, fordelt på hovudkontoret i Leirvik og eit lite avdelingskontor i Haugesund. Ei god og mangfaldig kundeliste genererer varierande oppdrag, som spenner frå strategiarbeid til utforming av enkle trykksaker, utvikling og produksjon av nettsider, digitale kommunikasjonsverktøy, reklame- og profileringsfilmar, samt store messestandar. Wärtsilä er eitt av dei siste tilskota på kundelista, etter signeringa av ein byråavtale med Zpirit.

– Å bli vald til å gjera godt eksponerte oppdrag for store kundar er sjølvsagt stas, men hos oss er alle kundar like viktige - uansett storleik. Måten me jobbar på er at me navigerer i jungelen av moglegheiter som kundane i dag har for å formidla bodskapane sine. Deretter vel me dei løysingane som gjev best effekt i høve målsettingane og budsjetta til kundane, forklarer Hårde, og gir eit konkret døme:

–Me laga for nokre år sidan ein kampanje for ein liten produsent av maritimt utstyr på Austlandet. Kampanjen kosta under 100.000 kroner, men resulterte raskt i at kunden fekk produktførespurnader for over 250 millionar kroner.

Vil løfta fram regionenRegionen Sunnhordland er viktig for Hårde og Zpirit.– Ja, eg brenn litt ekstra for denne regionen. Mange verksemder sit på gode konsept og løysingar, og det finst mykje god gründer- og entreprenørskap. Men generelt vil eg seia at det ofte skortar på evne og vilje til å kommersialisera og ta ideane eit hakk vidare – noko som kunne auka verdiskapinga, innteninga og utviklinga i regionen ytterlegare.Magasinet du held i hendene no er eitt konkret resultat av det sterke engasjementet for regionen.

– Med Zoom ønskjer Zpirit å løfta fram alt det positive Sunnhordland har å by på. Me tener totalt sett ikkje pengar på magasinet, snarare tvert imot, men me meiner magasinet er viktig for å byggja stoltheit og engasjement for regionen, seier Hårde.

Trur på vidare vekst– Kva er du mest stolt av etter dei fem første Zpirit-åra?

– At me har lukkast med å skapa eit lokalt forankra reklamebyrå som er attraktivt for store og små kundar, og at byrået har blitt ein trygg og saltande kjekk plass å jobba for dei erfarne, dyktige og engasjerte medarbeidarane våre.

– Kor går ferda vidare?

– Me skal halda fram med å vera eit byrå som fokuserer på resultat for kundane våre. Eg ser for meg at Zpirit vil få fleire avdelingskontor i framtida, men me skal me ikkje veksa berre for å veksa. Me må ha kundegrunnlaget og dei rette medarbeidarane før me satsar nye stader. Fokuset ligg på å gjera gode jobbar, så får me ekspandera som resultat av det, avsluttar Oddvar Hårde.

Zpirit reklamebyrå har på få år auka antal kundar, omsetning og tilsette. Selskapet er i år kåra til Gasellebedrift av Dagens Næringsliv.

Page 54: ZOOM No2 - 2014

54

På sjølvaste kvinnedagen i 2011 slo åtte kløktige sunnhordlendingar frå like mange bedrifter hovuda saman for å byggja opp og vidareutvikla ei næringsklynge som skal styrkja konkurranse-krafta til den maritime næringa i regionen. Satsinga fekk namnet Maritime CleanTech West, som seinare er endra til NCE Maritime CleanTech. Som namnet indikerer fokuserer klynga på å utvikla og demonstrera ny miljøteknologi til bruk i norsk og internasjonal skipsfart. I dag femner klynga om 31 medlemsbedrifter mellom Boknafjorden og Bergen. Bedriftene speglar heile verdikjeda i næringa, frå skipsdesign til verft, utstyrsleverandørar, reiarlag, klasseselskap og forskingsmiljø. Sidan det vert jobba med elektrifisering av maritim sektor, deltek også kraftselskapet SKL i samarbeidet.

Vann fornybarpris– Fokuset til NCE Maritime Clean Tech er å få fram nye produkt og løysingar som gjer at skip brukar mindre energi og slepp ut mindre forureining til sjøen og lufta. Måten me jobbar på er at me legg til rette for samarbeid mellom medlemsbedriftene i konkrete utviklingsprosjekt, der me også koplar dei på relevante forskings- og kompetansemiljø. Vidare arbeider me med å henta inn offentleg delfinansiering til prosjekta, noko som er viktig for å avlasta risikoen for verksemdene som deltek i utviklingsarbeida, fortel Hege Økland, dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech.

Næringsklynga har sidan 2011 jobba med ei rekke spennande prosjekt (sjå døme side 58), og samarbeidet ber allereie frukter. På Fornybar-konferansen i Bergen i juni i år vann NCE Maritime CleanTech Spir-prisen for Urban Water Shuttle, ein slags flytande «bybane» som skal drivast med ein

kombinasjon av brenselceller og batteri – heilt utan utslepp.

– Spir-prisen har betydd mykje for oss. Den gir oss litt ekstra midlar, men viktigast er nok all den positive merksemda den har skapt rundt prosjektet og næringsklynga. Det har vore veldig interesse for fartøyet etter lanseringa, og me er i dag i diskusjon med kommunar på Austlandet og aktørar i Hordaland om å realisera konseptet. Sidan Urban Water Shuttle like godt kan brukast på Manhattan og i Singapore, har fartøyet absolutt potensial til å bli eit grønt eksporteventyr med base på Vestlandet, seier Økland.

Gjennom nålaugaBerre dagar etter pristildelinga kom nyhendet om at næringsklynga er tildelt status som nasjonalt ekspertsenter for maritim miljøteknologi (Norwegian Centre of Expertise – NCE) av Innovasjon Norge, Forskningsrådet og Siva. – Me var gjennom ei knalltøff kvalifisering, der ekspertar frå Noreg, EU og USA vurderte søknaden vår. Etter denne grundige gjennomgangen kan me verkeleg slå oss på brystet og slå fast at me er NCE-statusen verdig. Næringsklynga har no fått eit kvalitetsstempel som me må utnytta for alt det er verdt. I praksis betyr NCE-statusen både at me er sikra rundt fem millionar kroner årleg frå programmet til vidareutvikling av klynga dei neste ti åra. Som ekspertsenter er det også me som no blir spurt til råds når politikarar og andre avgjerdstakarar i inn- og utland som ønskjer innspel om maritim miljøteknologi. Det har me allereie merka effekten av, fortel Økland. Ho legg til at NCE Maritime CleanTech mellom anna deltek i eit islandsk prosjekt, finansiert av Nordisk råd,

som handlar om å få til eit samarbeid mellom dei nordiske landa for meir klimavenleg og miljøvenleg skipsfart.

Fremjar businessen og miljøetMiljøteknologi er eit område der utviklinga går veldig raskt for tida. – Eit tydeleg døme på dette er bruken av batteri om bord i fartøy. For to-tre år sidan var dette heilt nytt og ukjent. I dag vert batteri nytta som eit ekstra energilager i mange ulike typar fartøy, og bidreg til redusert bruk av fossilt drivstoff, forklarer Økland.

– Miljø eller business, kva er viktigaste drivaren for samarbeidet i klynga?

– Begge deler er viktige for oss. Det ligg absolutt eit sterkt miljøengasjement i botn, men hovud-føremålet til NCE Maritime CleanTech er å styrkja konkurransekrafta til den maritime næringa her vest, poengterer Økland.

Klyngeleiaren seier både teori og praktisk forsking viser at bedrifter som samarbeider seg imellom, og opp mot forskingsmiljø, er meir nyskapande, konkurransedyktige, og skaper fleire arbeidsplassar ein dei som jobbar åleine. Dette er ei viktig årsak til at dei norske styresmaktene satsar på utvikling av næringsklynger som NCE Maritime CleanTech.

– Fordelane ved å jobba saman, er spesielt tydelege innan utvikling av ny miljøteknologi. For å driva fram etterspurnad etter nye låg- og nullutsleppsløysingar, trengst det nemleg politiske vedtak som både stimulerer og pressar fram etterspurnaden etter grøn teknologi. Gjennom samarbeid kan me i fellesskap påverka desse vedtaka, seier Økland.

I næringsklynga NCE Maritime CleanTech samarbeider fleire sunnhordlandsverksemder om å utvikla banebrytande miljøteknologi til bruk i skipsfarten. Batteridrivne ferjer, flytande bybanar, ei ny og grøn løysing for framtidas godstransport

langs norskekysten, snøggbåtar med hydrogen på tanken er nokre av nyvinningane det vert jobba med.

{ tekst IVER BUNES }

Vil bli verdsleiande på miljøteknologi:

Saman for ei grønare skipsnæring

NCE Maritime CleanTech

Page 55: ZOOM No2 - 2014

55

Anel AS Apply Rig & Modules Bergen Group Bertel O. Steen Teknikk CMR Prototech DG Marine DNV GL Eidesvik Fjellstrand Future Solutions Hordaland Maritime Miljøselskap Høgskolen Stord/Haugesund Haakonsvern orlogsstasjon Kværner LMG Marin Mecmar

North Sea Container Line North Sea Shipping Oma Baatbyggeri Polytec Scanelec Servogear Simsea SKL Solstad Offshore Staalesen Solutions Tooltech Universitetet i Bergen Wave propulsion Wärtsilä Østensjø Rederi

Medlemsverksemdene:

NCE Maritime CleanTech

Skal opp i den internasjonale meisterligaen– Ein del av medlemsbedriftene konkurrerer til dagleg så fillene fyk for å sikra sin del av marknaden. Kva betyr det for samarbeidsklimaet?

– Det er jo nettopp denne konkurransesituasjonen som driv utviklinga i klynga, ved at medlemene stadig søkjer å forbetra seg og deler eit felles ønskje om å liggja i forkant av teknologiutviklinga. Og sjølv om ein konkurrerer med naboen, er det alltid noko ein kan samarbeida om utan å avsløra sensitive forretningsløyndomar. Sjenerøsitet, ærlegdom og ei viss openheit er viktige grunnverdiar for klyngesamarbeidet, svarar Økland. Ho legg til at kvar einskild bedrift sjølv vel kva konkrete prosjekt dei vil involvera seg i, og at det for kvart prosjekt blir laga ryddige avtalar som regulerer deltakarane sine rettigheiter og plikter.

Om me gløttar til fotballen, kan me seia at NCE Maritime CleanTech i år rykte opp til den norske eliteserien med statusen som nasjonalt ekspertsenter. Men ambisjonane strekkjer seg lengre enn det. Hege Økland vil opp i meisterligaen og sikra næringsklynga status som Global Centre of Expertice som er det nyaste og øvste nivået i klyngeprogrammet.

– Me har ein spenstig visjon om at me skal bli eit verdsleiande miljø for energieffektive og reine maritime løysingar. Mange av medlemsbedriftene våre er allereie verdsleiande på sine felt, og konkurrerer i «verdsmeisterskapen» kvar einaste dag. Som klynge har me likevel eit stykke veg å gå før me kan kalla oss verdsleiande. Men innan ti år skal me ha oppfylt denne visjonen, spår Økland.

Næringsklynga NCE Maritime Cleantech vann Spir-prisen for Urban Water Shuttle – ein slags flytande «bybane» som kan løysa det aukande transportbehovet i verdas byar. (Designbeskytta NCE Maritime CleanTech)

Page 56: ZOOM No2 - 2014

56

Hydrogendrift på “Hardangerfjordekspressen”

NCE Maritime CleanTech er i ein tidleg fase av eit prosjekt som har som mål å få testa ut hydrogen som drivstoff på snøgg båten “Hardangerfjordekspressen”, som går mellom Rosendal og Bergen. I tillegg ser ein på bruk av hydrogen i andre fartøyskonsept.

Med hydrogen på tanken vil einaste utsleppet frå skips- motorane vera reint vatn.

Reiarlaget Rødne Fjord Cruise er positivt innstilt til prøveprosjektet, men mykje nybrottsarbeid står att før testperioden kan finna stad.

CMR Prototech ved Vegard Laukhammer er prosjektleiar og koordinerer dei ulike hydrogenprosjekta i NCE Maritime CleanTech- klynga. I tillegg deltek medlemsverksemdene Wave Propulsion, Eidesvik, SKL og Wärtsilä.

«Folgefonn»:

Demonstrasjonsprosjekt som skal gjera bilferja «Folgefonn» til ei nullutsleppsferje. Norled-ferja frå 1998 trafikkerer normalt sambandet mellom Stord, Huglo og Tysnes.

Den dieselelektriske ferja er i haust utstyrt med ei hybrid framdriftsløysing, som kombinerer batteridrift med dei eksisterande forbrenningsmotorane om bord. I november startar ein eittårig testfase der ferja i størst mogleg grad skal trafikkera sambandet som ei rein el-ferje. Batteriet får påfyll av fornybar straum kvar gong ferja legg til ved kai på Jektevik og Hodnaneset . Når ferja ligg i ro på Huglo om natta, vert batteriet lada heilt opp. Ved behov kan dei originale dieselmotorane om bord trø til og sørgja for både framdrift og lading.

Teknologien som vert demonstrert på Folgefonn kan revolusjonera framdriftssystema i fartøy for kortare strekningar, kystnære område eller innsjøar.

Frå NCE Maritime CleanTech-klynga deltek Wärtsilä (prosjekteigar), Fjellstrand, Mecmar, Apply TB, Servogear, Norled og SKL.

Framtidas kystfartøy

Med midlar frå Norsk Designråd har NCE Maritime CleanTech utvikla eit ny og miljøvenleg løysing for den framtidige godstransporten langs norskekysten. Konseptet får offentleg lansering i november.

I korte trekk består det nye konseptet av eit stort moderskip og fleire mindre dotterfartøy. Moderskipet skal med stabil, moderat og drivstoffsparande fart trafikkera ei fast rute mellom to hamner nord og sør på norskekysten. Undervegs vert moderskipet møtt på faste punkt av fleire mindre, hurtigare dotterfartøy. Desse lastar av og på gods i rom sjø, før dei returnerer til større og mindre hamner langs heile kyststrekninga.

Konseptet byr på fleire fordelar som er viktige for godseigarar: Konkurransedyktige fraktevilkår, pålitelegheit, mindre avhengig av infrastruktur i hamn, samt fleksibilitet til å koma inn med gods til hamner som større fartøy i dag ikkje kan vitja.

Frå NCE Maritime CleanTech -klynga deltek ei rekke bedrifter og forskingsmiljø i ulike brukar- og ekspertgrupper.

Urban Water Shuttle:

Ein slags flytande «bybane» som kan bli framtidas kollektivtransport til sjøs.

Eit energieffektivt, hurtiggåande fartøy med kapasitet til mellom 100 og 200 passasjerar. Framdrifta er basert på dei siste hybridteknologiane, og ved å kombinera brenselcelle og batteri vil fartøyet ha null utslepp av miljøskadelege stoff.

Byggjemateriale er aluminium, eit energieffektivt materiale med låge vedlikehaldskostnader. Fartøyet er designa av EkerSandvik.

Frå NCE Maritime CleanTech-klynga bidreg SKL, Apply, Servogear, Fjellstrand, Wärtsilä, SKL, CMR Prototech og Polytec.

Spenstige løysingarHer er fire av dei spennande fellesprosjekta NCE Maritime CleanTech er involvert i:

NCE Maritime CleanTech

1.

2.

3. 1. Den maritime klynga blei i sommar tildelt status som Norwegian Centre of Expertice (NCE). Frå venstre: Hege Økland (Maritime CleanTech), Monica Mæland (Næringsminister), Nina Broch Mathisen (Innovasjon Norge Hordaland), Nils Aadland (Maritime CleanTech) og Rita Brokstad (Innovasjon Norge). 2. Det komande året skal «Folgefonn» i størst mogleg grad trafikkera sambandet Jektevik-Nord-Huglo-Hodnanes som heilelektrisk ferje driven med fornybar energi. (Foto: Samferdselsfoto) 3. Vegard Laukhamar (CMR Prototech) (t.v). Petter Martens (ServoGear), Are Gråthen (Elkem), Brian Hannafious (Poly-tech), Arne Jakobsen (North Sea Container Line), Dr. Dietmar Brand (North Sea Container Line) og Thomas Angell Bergh (Østensjø rederi) i utviklingsmøte for framtidas kystfartøy. (Foto: Sveinung Åkra)

Page 57: ZOOM No2 - 2014

57

Heiane Vest er lokalisert med god eksponering og tilkomst til E39 på Stord. Området er sentralt plassert i forhold til gjennomgangstrafikken mellom Bergen og Stavanger, og lokaltrafikken mellom Stord, Kvinnherad, Bømlo, Fitjar og Haugesundsregionen.

- Sentralt langs E39- Over 2 millioner passerende kjøretøy pr. år- Over 130 bedrifter og 2000 arbeidsplasser- Eneste ledige næringsareal i Stord Kommune

Ta kontakt:Magne J. MikkelsonTlf. 454 02 889

www.frontagruppen.no

Næringsknutepunktet i Sunnhordland

147.000 m2 SOLGT83.000 m2 LEDIG!

Heiane - Stord

HEIANE VEST

VELKOMEN TIL VÅRT NYBYGG V/MEATJØNNSVEGEN 48 PÅ STORD!

TOOLS er Noregs leiande leverandør av verktøy, maskiner, personleg verneutstyr og industrielt forbruksmateriell. Med over 700 kompetente rådgjevarar gjer me våre kundars drift ENKLARE, SIKRARE og MEIR LØNNSOM. www.tools.no

ME HAR FLYTTA TIL HEIANE VEST!

Page 58: ZOOM No2 - 2014

58

Tekst og foto: Silje Huglen Tillung

Page 59: ZOOM No2 - 2014

59

Lenge har det vore stille frå 2000-talets store partyprins. Kva har eigentleg skjedd med rikskjendisen frå Stord?

Lat oss starta med ei lynrask innføring i Thor Hermansens liv: eldst i ein søskenflokk på tre, trakka han sine barndoms sko i trygge Aslaksvikjo på Stord. 16 år gammal flytta han i penthouse-leilegheit på toppen av Dampbakeriet på Leirvik, og livet vart ein samanhengande fest. Han jobba som dørvakt på fleire utestadar – og tok festen med heim etter stengetid. Thor utdanna seg til tømrar, og innreidde den 80m2 store leilegheita med plysjpynta hjarteutskjeringar. Då han vart 18 år bygde han seg eit hus i Aslaksvikjo, og på denne tida var det fotball og tømring som opptok tida hans: - Det var den gongen eg var snill gut, flirer han.

Lasse Hellstrøm ringdeDå Thor runda 20, hadde han gått lei av tømrarbransjen, og byrja i staden som seljar innan nettverksmarknadsføring. Raskt bygde han opp ei bedrift på nær 1000 menneske, før han og ein kompis valde å satsa på sal av brannredningsstegar. Etter ymse hell fann han vegen tilbake til tømraryrket og byrja i eit entreprenørfirma på Leirvik. Etter ein månads tid ringde Lasse Hellstrøm frå TVNorge. Om han kunne bli med i Big Brother, dåtidas store tv-farsott? Det vart starten på det som skulle snu livet til Thor på hovudet – og her starta også familiebiletet å krakelera.

Fekk klekkeleg betaltPåsken 2003 sette Thor Hermansen seg på flyet til Oslo. Avtalen med TVNorge var spikra, og summen han skulle få for ”jobben” var blitt så høg at han klarte ikkje motstå freistinga. Thor lener seg over bordet, nippar til kakaoen sin på ein bortgøymd kafé på Askøy. No nærar han seg 40, men det

er framleis ikkje koffein som renn gjennom blodårene hans.

- Du kan seia at det var ein godt betalt jobb.

Og jobbavtalen var som følgjer: Eit to vekers opphald i det omstridde huset på Fornebu, der han kunne velja éi av to roller før han gjekk inn: anten kunne han vera den største dritsekken Noreg hadde sett, eller så kunne han prøva å leggja ned alle damene i huset. - Men det var berre sakkosekker der, så valet var enkelt, flirer han på BB-Thors vis. Sjølv trur han folk som kjende han frå før forstod at han spela ei rolle, men nektar ikkje for at det var eit sjokk for familien. Besto, Haldis

Onarheim, stilte opp på riksdekkjande fjernsyn og fortalde at ho skulle stå klar med teppebankaren når han kom ut. Det heile Noreg trudde var ekte, var eit reint spel for galleriet: Thor vart heile tida mata med informasjon om kva dei andre deltakarane sa om han, og sådde splid deretter. Og då han etter avtalte to veker vart stemt ut av huset med 99,3% av sjåarstemmene, sette han ny rekord – og ei ny epoke i livet hans tok til.

KometkarriereEtter dei fjorten dagane i Big Brother-huset tok livet til Thor fullstendig av. Då han kom heim, låg det eit brev frå firmaet han var tilsett i om oppseiing på grunnlag av at dei ikkje støtta kvinnesynet hans på tv. Det var huskestove og dei riksdekkjande avisene mana til krig med feite bokstavar. Eit skup. Sjølv tenkte Thor at det var fair enough, og ville ikkje vera tilsett i eit firma som ikkje ville ha han. Dei neste åra fekk han derimot si fulle hyre med å reisa land og strand rundt på bar-opningar og andre tilstellingar, både i Noreg og resten av Skandinavia.

– Når eg er stressa set eg meg berre ned og spelar.

Det er heilt himmelsk.

familiefarFrå playboy til

– Kva har skjedd, BB-Thor?

{ tekst SILJE HUGLEN TILLUNG · foto RUNE SKJÆRVOLD }

Thor Hermansen

Page 60: ZOOM No2 - 2014

60

Han budde praktisk tala i kofferten sin, og fortel at i løpet av ein månad kunne det henda at han var heime i huset sitt i Aslaksvikjo berre eit par dagar. Livet var blitt ein dans på roser – og sladderblada betalte høge summar for saftige oppslag. – Dei kunne betala mellom 5.000 og 25.000 kroner for eit oppslag, alt ettersom. Og når ein var omtala nærast kvar veke, utgjer det jo litt…, innrømmer Thor og fortel at det hender han framleis vert gjenkjend på gata. Eit par år levde han rett og slett av å berre vera Thor Hermansen – mannen heile Noreg elska å hata.

Rør & Handverk Service er ein kvalitetsleverandør av produkt og tenester til privat- og proffkundar innan felta sanitær, ventilasjon, gass, varme og beslag.

Rør & Handverk Service ASTlf 534 14 434 - [email protected] 2, Postboks 1290 - 5406 Stordwww.rhs.no

Byggje- og oppussingsprosjekt i samband med våtrom er ei viktig og langsiktig investering for dei aller fleste av oss. Difor ligg vårt overordna fokus på varige løysingar og skikkeleg utført arbeid.

Big Brother

“Flere tusen nordmenn har

sjekkesyken. Thor Hermansen

(27) ble med i Big Brother for å

få enda flere damer til sengs.”

Dagbladet, 18.05.2003

Thor Hermansen

Page 61: ZOOM No2 - 2014

61

Partyprins i BergenDå ting roa seg, stod han der. Med tomme hender og utan skikkeleg jobb. Han hadde elska livet og teke ting som dei kom. Så ein kveld fekk han ein telefon. Eit par karar han kjende lurte på om han kunne treffa dei. Dei hadde eit jobbtilbod – og vips, så var heile styringa av Music Pub i Bergen lagt i Thor sine hender. Dei hadde ståltru på at Thor hadde det som skulle til for å få puben opp og gå igjen med alle sine partytriks og verdfulle kontaktar. Avtalen var gullkanta: Thor fekk ein to-etasjes penthouse-leilegheit midt i sentrum, god løn og fekk mat og drikka nærast gratis heile døgnet.

– Eg tok utfordringa på strak arm, seier Thor og fortel om metodane han brukte for å skapa blest om puben. Han kledde dei tilsette opp i bunny- og mannleg stripparkostyme, han investerte i ordentleg utstyr og laga karaoketysdag, og inviterte gjester til trubadurkveld om onsdagane. Han fekk dei beste folka, dei flottaste jentene – og mjølka kontaktane sine. Mellom anna fekk han Helene Rask sine glamourjenter til å promotera. Thor var blitt heile Bergen sin partyprins – og livet var atter ein gong ein evig fest – heilt til puben skifta eigarar.

Vart svikenEtter dette sendte Thor inn ein søknad til Bricks Sales & Marketing. Han vart innkalla til intervju, og herfrå går den karrieren oppover: eventyrleg suksess med Ice breidband. – Du har hatt det lett? Jobbane har nærast funne deg?Thor smiler, kremtar litt før han seier på storda-dialekt med bergensk aksent:– Ja, eg har vel kanskje det. Nye glansdagar tok til: ein Hummer som firmabil hotell midt i Bergen sentrum som heimstad i eit halvt år. Alt var storarta – heilt til han vart dolka i ryggen av sine eigne.

– Eg fekk tilbod om å kjøpa meg inn når bedrifta vart aksjeselskap. Eg gjekk i banken og tok opp lån, vart medeigar. Like etterpå vart bedrifta slått konkurs og sjefen hadde stukke av. – Eg vart rett og slett rævkøyrd, fortel han.Men Thor har sterk vilje. Han beit tenna saman og stifta Sales Man saman med ein partner. Sidan skifta dei namn til OnlineGroup AS, ei bedrift som dreiv med sal og marknadsføring. Han åtte 33%, og kontakta nokre kompisar og fortalde om ein forretningsidé. HMS123 såg dagens lys og dei selde som hakka møkk: eit HMS-kurs som ein tidlegare måtte ta over tre dagar kunne ein no bruka tre timar på å ta på internett – når ein ville. Sidan han sat på opsjonar i selskapet, starta han Norsk HMS-senter, men også her vart han lurt.

Businessmann i Lyoness– Då er me komne til nyare dato, seier Thor. Mannen som har sjarmert så mange damer i sen(g)k kostar usynlege støv frå den rosa skjorta, fiklar med snusboksen. Utanfor susar den travle Askøy-trafikken. Himmelen har sprukke

opp og dusjar oss med kjølige haustsolstrålar. Han stikk ein peikefinger opp i lufta for å demonstrera: – Eg tenkte, kva vil eg bli no? Så for tre års tid sidan sette eg meg på skulebenken. Det enda med at eg tok kranførarsertifikat og førarkort klasse C. Kranførarkarrieren og turnusjobbinga synte seg å vera kortvarig. Tilfeldigheiter og eit finmaska nettverk førte han igjen på nye eventyr, og i dag er han Regional Manager i Lyoness Norway. Ein ekte businessmann med seine kveldar og mykje reising.

– Nordmenn flest er kjende med korleis Trumf og Coop-korta fungerer. Lyoness er same prinsippet, berre at du får mellom 10-15% tilbake når du handlar, og det gjeld innan utruleg mange ulike bransjar, til dømes klede og restaurantar, fortel Thor. Lyoness er store på verdsbasis med over fire millionar medlemer – men Noreg har til no vore upløgd mark. No skal Thor vera med å bygga opp eit stort nettverk av butikkar i Noreg, og introdusera cashback-systemet for nordmenn.

– Det er det som er kjekt, å vera med å bygga noko frå scratch. Så kan eg fortelja barnebarna mine ein vakker dag at eg har vore med å bygd det opp, smiler han med glimt i auga.

FamiliefarFor han har altså slått seg til ro. Og det måtte ei uvillig dame til for å trollbinde han. – Ho avviste meg, veit du. Og då gjekk det ein jævel i meg, ler han. No er det altså skjedd, det få hadde trudd skulle skje: han har slått seg til ro, busett seg på Askøy med utsikt over Askøy-brua. Urokråka, villfuglen, playboyen er blitt seriøs familiefar og set Leana (4 ½) og sonen på ti månadar høgast.

– Eg trur eg er ein snill og veldig god familiefar. Eg set ungane øvst, men har måtta jobba litt med tolmodet mitt, seier han. Frå før har han ei dotter på ni år. Ho bur hos han tredjekvar helg. Ei skår i tilværet er familiebiletet som slo sprekker då han tok skrittet inn i mediehysteriet og vart nasjonal dritsekk i 2003. Storesystera kutta all kontakt med han, og no skulle han ynskja at dei kunne oppta kontakten på ny – for onkelborna hans si skuld.

Angrar ikkjeLivet har teke nokre finurlege vendingar for Thor Hermansen, men no sit han altså her. Ein vakker haustdag, reflekterer over det siste decenniet. Dei ville tilstandane, damene, valdtektsanklaga, fengselsdommen, strippeturneen, sjikanen. Han har lært medan han har gått, innrømmer at han har vore heldig – og at det har vore vilt. Kva framtida bringer, veit han ikkje – kanskje tek han familien med seg ut i verda når Lyoness-marknaden i Noreg er etablert. USA freistar. Han angrar uansett ingenting på det han har opplevd så langt i livet. - Eller jo. Eg angrar på at eg vart med i Bricks Sales & Marketing, avsluttar han.

Thor Hermansen

Page 62: ZOOM No2 - 2014

62

Totalleverandør av elektrotekniske tjenester

One-Stop Ship Services

FÅR DINE PROSJEKTER TRYGT I HAVN

Vi har flerfaglig kompetanse og håndterer utfordringer innen ulike områder: Maritim Olje- og gass Bygg og anlegg Privat

www.los-elektro.no

www.los-marine.no

Med dypvannskaier, dokk og slipp, utfører vi alt av service-arbeid på fartøyer innen de fleste kategorier: Offshore Fiskeri Oppdrett Olje- og gasstankere Stykkgodsfrakt Ferjer

Page 63: ZOOM No2 - 2014

63

Totalleverandør av elektrotekniske tjenester

One-Stop Ship Services

FÅR DINE PROSJEKTER TRYGT I HAVN

Vi har flerfaglig kompetanse og håndterer utfordringer innen ulike områder: Maritim Olje- og gass Bygg og anlegg Privat

www.los-elektro.no

www.los-marine.no

Med dypvannskaier, dokk og slipp, utfører vi alt av service-arbeid på fartøyer innen de fleste kategorier: Offshore Fiskeri Oppdrett Olje- og gasstankere Stykkgodsfrakt Ferjer

Vi søker fosterhjem!Noen barn har blitt fl inke til å skjule bekymringer og utrygghet. Bare de som lærer

dem å kjenne kan se forbi et tappert ansikt. Vi mener at alle fortjener voksne

som ser mer nøye etter. Våre fosterhjem møter både gleder og utfordringer.

Vi møter dem sammen med deg og sørger for tett oppfølging og veiledning.

Solstrand BarnevernsenterØnsker du mer info? Ring oss! 952 17 572kirkenssosialtjeneste.no/solstrand

Vi søker fosterhjem!Noen barn har blitt fl inke til å skjule bekymringer og utrygghet. Bare de som lærer

dem å kjenne kan se forbi et tappert ansikt. Vi mener at alle fortjener voksne

som ser mer nøye etter. Våre fosterhjem møter både gleder og utfordringer.

Vi møter dem sammen med deg og sørger for tett oppfølging og veiledning.

Solstrand BarnevernsenterØnsker du mer info? Ring oss! 952 17 572kirkenssosialtjeneste.no/solstrand

Page 64: ZOOM No2 - 2014

64

Sunnhordland er perla i Noregs landDer industrien blømer i mest kvar ei strand.

Framleis har Sunnhordland ordreboka fullMed å produsera utstyr som pumpar opp det svarte gull. Det er spanande korleis framtida vil bliFor verdas fremste region for maritim teknologi.Det blir spanande å fylgja i åra som kjemHarding som er verdas leiande leverandør av livredningssystem. Kven har vel ikkje fått med seg «Stuparen» frå Zpirit si hand?Jammen har me mykje av å vera kry av i Sunnhordland.

Det er små suksessar i hopetalBente Soldal har Noregs beste bokhandel i Rosendal.

Til Oddrun Helvik i Galleri Giga valfartar folk i flokk

Og Ørjan Johannesen i Austevoll kan bli verdas beste kokk!Harris Utne i Rystad Energy trur at nedgangen i leverandør-

industrien vil snuOg Olvondo Industries på Rubbestadneset har fått

kundane til å tru.

Dette er fakta i magasinet du no har på bordetDei små suksessane er like viktige som dei store.Det er godt det er nokon som skapar og trurHer på den flotte staden me bur!

Sunnhordland 22. oktober 2014

Arne Torget

Arne Torgets blikk på Sunnhordland

Blikk på SunnhordlandBlikk på Sunnhordland

Page 65: ZOOM No2 - 2014

65

I spissen for nærings-utvikling i Sunnhordland

www.atheno.no

Norge sin mest innovativeog spanande industriregion

-

Inkubator og etablerarrettleiing

Medlemsarena og industrinettverk

Konsulenttenester

Kompetansebygging

Ungt Entreprenørskap - UE

Entreprenørskap i fokus

Vi tilbyr no hyttepakken frå kr 586,- pr mnd. Tilbodet inkluderer internett, tv og telefoni.Etablering kr 2.950,-.

Les meir om våre produkt og tenester på heimesida vår www.kband.no

NYHET! HYTTEPAKKEN

Vikjo 7, 5464 DimmelsvikTelefon: 53 47 56 40 • [email protected]

Har du fritidsbustad i Kvinnherad?

VÅR LIDENSKAP ER Å BEGEISTRa!Den kjensla du sit att med når du har hatt ei god

oppleving er den kjensla me vil gje deg.

Me har eit breitt utval av opplevingar, frå små selskap til store kick-off arrangement for store verksemder.

Ikkje ei oppleving er for lita, ikkje ei for stor.

www.glafot.no

Page 66: ZOOM No2 - 2014

Annonse

66

Erich Halbmayr. avdelingsleiar

Erich Halbmayr,

avdelingsleiar i XL-BYGG VALVATNE

Me hjelper deg med den perfekte kjøkenløysinga

-

KjøkenI 2. Etg hos XL-BYGG VALVATNE finn du ei stor og inspirerande utstilling av kjøken, bad og garderobe med gjennomgåande høg kvalitet.

- Me hjelper kunden med å finne kjøkenløysinga som passer den einskilde perfekt, seier Erich Halbmayr, leiar på avdelinga.

Saman med fire andre kjøkentilsette har han hatt eit travelt år.

- I veldig mange tilfeller tilbyr me ei komplett renoveringsløysing der me ser på heile kjøkenrommet i ein heilskap som passer kunden sine behov. Dette har slått veldig godt an, fortel Halbmayr.

Opningstider:

Mandag - fredag: 07.00 - 16.30Laurdag: 09.00 - 14.00

Ringveien 12 - 5406 Stord Telefon: 53 40 20 60 - [email protected]

ByggjevarerXL-BYGG VALVATNE tilbyr eit vidt spekter av byggjevarer til private- og proffesjonelle kundar i heile Sunnhordland. Eigen lastebil og sjåfør sørgjer for effektiv logistikk.

- Me har moglegheit til å spesialtilpasse utkøyringa frå kunde til kunde, seier proffansvarleg Vidar Sætrevik. I nokon tilfeller er det mest hensiktsmessig å levere varer rett i frå fabrikk til byggjeplass, medan andre kundar set pris på at me kan lage til varer på ein henger til avtalt tid.

"Klappet og klart"- Me ynskjer å tilby ei komplett løysing for dei som ikkje har tid, lyst eller kunnskap til å gjere jobben sjølv, seier Thomas Angel Langli. Det kan vere alt i frå å sette inn ei dør til å renovere heile huset. Thomas er sjølv utdanna byggmeister og tek rolla som byggjeleiar i prosjekta.

Jobben startar nesten alltid med ei befaring og eit skriftleg prisoverslag. Før oppstart tar han veldig ofte eit møte med kunde og utførande tømrar for å sikre at alle er einige om kva som skal gjerast. Det er viktig at kunden føler seg trygg på at jobben blir utført til rett tid og på ein fagmessig god måte.

Thomas Angel Langli står klar til å hjelpa deg med prosjekta dine.

Foto

: Zp

irit

.no

ANNONSE

Page 67: ZOOM No2 - 2014

67

OK

TAN

Sto

rd

– Den gode møteplassen!

www.stord-hotel.noring 53 40 25 00

KonferansepakkePris frå 1795 kr per person midtvekePris frå 1495 kr per person weekend

Dagpakke Pris frå 545 kr per person

• 10 fl otte kurs- og konferanselokale i ulike storleikar • Fleksible løysningar for alt frå to til 280 deltakarar • 161 hotellrom med varierande storleikar og standard• Eit kreativt og spanande kjøkken • Serviceinnstilte og hyggelege ansatte

I våre kurs- og konferansepakkar er alltid ka� , te og frukt tilgjengeleg for alle deltakarar. Kontakt oss for meir informasjon om dei ulike pakkane.

Stord Hotell er eit moderne kurs- og konferansehotell som ligg sentralt til i vakre Sunnhordland. Me har lang erfaring med ulike typar arrangement. Me skreddarsyr din konferanse, og hjelper deg med planlegginga både før og under arrangementet. Hos oss er du alltid i trygge hender!

Hos oss fi nn du symjebasseng, sauna og solarium, samt nytt treningsrom som sjølvsagt er tilgjengeleg for deg som er gjest hos oss.

Sumarum AS | Lonavegen 1, 5460 HUSNES | tlf.: 53 48 22 60 | fax.: 53 48 22 61 | [email protected]

Regnskapsføring • Remittering • Scanning av bilag • Fakturering • Lønn • Onlineføring • ÅrsoppgjørØkonomisk rådgiving • Utleie av regnskapsfører • Styrearbeid

Effektiv og trygg samarbeidspartner innen økonomitjenester

Er du i gang med å etablere et firma, eller har du behov for regnskapsbistand i din eksisterende virksomhet?

Vi finner den rette løsningen for deg og din bedrift.Fo

to: G

eir R

emm

e

Anna LisaIreneEgil Else Håkon Javier Karina Lovise

Har du høye regnskapskostnader?Ta kontakt med oss, vi finner den rette løsningen for deg og din bedrift.

Sumarum AS | Lonavegen 1, 5460 HUSNES | tlf.: 53 48 22 60 | fax.: 53 48 22 61 | [email protected]

Regnskapsføring • Remittering • Scanning av bilag • Fakturering • Lønn • Onlineføring • ÅrsoppgjørØkonomisk rådgiving • Utleie av regnskapsfører • Styrearbeid

Effektiv og trygg samarbeidspartner innen økonomitjenester

Er du i gang med å etablere et firma, eller har du behov for regnskapsbistand i din eksisterende virksomhet?

Vi finner den rette løsningen for deg og din bedrift.

Foto

: Gei

r Rem

me

Anna LisaIreneEgil Else Håkon Javier Karina Lovise

Sumarum AS | Lonavegen 1, 5460 HUSNES | tlf.: 53 48 22 60 | fax.: 53 48 22 61 | [email protected]

Regnskapsføring • Remittering • Scanning av bilag • Fakturering • Lønn • Onlineføring • ÅrsoppgjørØkonomisk rådgiving • Utleie av regnskapsfører • Styrearbeid

Effektiv og trygg samarbeidspartner innen økonomitjenester

Er du i gang med å etablere et firma, eller har du behov for regnskapsbistand i din eksisterende virksomhet?

Vi finner den rette løsningen for deg og din bedrift.

Foto

: Gei

r Rem

me

Anna LisaIreneEgil Else Håkon Javier Karina Lovise

Page 68: ZOOM No2 - 2014

Telefon 41 53 40 70 [email protected]

Stra

tegi

sk k

omm

unik

asjo

n • I

de &

Des

ign

• Pro

filer

ing

• Web

& D

igita

le m

edia

• Fo

to •

Film

prod

uksj

on •

3D v

isua

liser

ing

• Try

kksa

ker •

Mes

sepr

ofile

ring

www.zpirit.no

RESULTAT – UTAN Å SLØSAZpirit er eit reklamebyrå som først og fremst fokuserer på å oppnå tydelege resultat for våre oppdragsgjevarar. – så effektivt som mogleg.

Vår erfaring er at ressursar brukt til marknadsføring ofte kan nyttast langt betre. For oss handlar ikkje jobbkvardagen om storleiken på reklameoppdraget

eller å vinna prisar. Det viktigaste er å oppnå høg marknadsføringseffekt ut frå det budsjettet og dei ressursane kundane våre faktisk har til rådvelde. Derfor startar me alltid med den gode samtalen, der me saman med kunden vurderer utgangspunktet og effekten me ønskjer å oppnå.

– før me kliner til med idear og løysingar!

Page 69: ZOOM No2 - 2014

Telefon 41 53 40 70 [email protected]

Stra

tegi

sk k

omm

unik

asjo

n • I

de &

Des

ign

• Pro

filer

ing

• Web

& D

igita

le m

edia

• Fo

to •

Film

prod

uksj

on •

3D v

isua

liser

ing

• Try

kksa

ker •

Mes

sepr

ofile

ring

www.zpirit.no

RESULTAT – UTAN Å SLØSAZpirit er eit reklamebyrå som først og fremst fokuserer på å oppnå tydelege resultat for våre oppdragsgjevarar. – så effektivt som mogleg.

Vår erfaring er at ressursar brukt til marknadsføring ofte kan nyttast langt betre. For oss handlar ikkje jobbkvardagen om storleiken på reklameoppdraget

eller å vinna prisar. Det viktigaste er å oppnå høg marknadsføringseffekt ut frå det budsjettet og dei ressursane kundane våre faktisk har til rådvelde. Derfor startar me alltid med den gode samtalen, der me saman med kunden vurderer utgangspunktet og effekten me ønskjer å oppnå.

– før me kliner til med idear og løysingar!