2016
Et sunt året rundt
Hugs refleksvesti mørket
Miniputt-turnering2016
Velkommen til ein ny sesong!NFF Sogn og Fjordane ønskjer alle miniputtar velkommen til ein ny sesong. Kongleriket turneringar gjev tette arrangement, med godt samspel mellom barn, trenarar og foreldre.
Vårt mål er at så mange miniputtar som mogeleg skal få eit flott fotballtilbod og opplevemeistring og trivsel i trening og kamp.
Kretsen tilsette i august 2015 Marius Kloster, som landets første «Fagsjef barn». Arbeids opp-gåvene er barnefotballkveldar, rådgjeving kring struktur og sportsplanar i barnefotballen, kom-petanseutvikling og Eat-Move-Sleep. Ta kontakt med Marius om klubben vil ha besøk.
I NFF sin HP for 2016-2019 er satsing på jenter og damer eitt av tre hovudmål. Kretsen sitt mål er å få med like mange jenter som gutar, og vi vil utfordre kvar einaste klubb til å stille med reine jentelag, og slik gje likeverdig tilbod. Kretsen har fått eigen jentekomite, som skal sette jentefotball på dagsorden. Ta initiativ og lag «jentefotballens dag» i din klubb!
Det er viktig at klubbane har eit treningstilbod til 5-åringane i eigen klubb/kommune. Vi rår også til 3-ar kampar internt i klubben, eller mot naboklubbar. Året etter, når spelarane er 6 år, er aktiviteten integrert i Kongleriket konseptet. Fagsjefen for barn deler i lag med Sparebankstiftinga ut minimål på rekrutteringskveldar, gjerne i din klubb også.
Miniputt turneringane er kretsen sitt obligatoriske tilbod i miniputt, men i løpet av 5 år medminifotball må vi ha progresjon både i kamp og trening. Det er såleis viktig at dei eldste miniputtl-aga deltek i seriespel. Vi rår til at klubbane legg til rette for mykje aktivitet og fotballeik året rundt. Barnefotballen er viktig for å øve opp grunnleggande teknisk dugleik.
Kretsen har i samarbeid med vår hovudsamarbeidspartnar Sparebanken Sogn og Fjordanelaga retningslinjer for gode arrangement. Kampar og turneringar er ein svært viktig del av barna sin aktivitet, og vi veit at fine opplevingar gjev god motivasjon.
Kretsen har ei samarbeidsavtale med fylke kring Safe Sport/Trygg fotball. Vi set difor fokus på vik-tig haldningsskapande arbeid i kvar turneringsrunde. Arrangørar skal gjennomføre Fair Play, frukt og grønt sal/sunne kioskalternativ, «barn hjelper barn» og trafikktrygging. Hjelp oss å sette fokus på tema runde for runde og involver utøvarane.
Tida er no inne for å måle krefter med andre, men hugs at over kampen om sigeren stårrespekten for kvarandre, andre spelarar, leiarar og dommarar. Hugs at Fair Play er meir enngule og raude kort, det handlar om framferda mot andre.
Ha ein feiande flott sesong, og vi vonar at fotballengasjement, glede og flotte arrangementgjer at endå fleire unge får lyst til å vere med.
NFF Sogn og Fjordane
Robert Endestad Svein Olav MyklebustKretsleiar Dagleg leiar
1. Søndag 8. mai Hovudfokus: Fair Play
2. Søndag 12. juni Hovudfokus: Frukt og grønt
3. Søndag 28. august Hovudfokus: Barn hjelper barn
4. Søndag 25. september Hovudfokus: Trafikksikker klubb
Datoar for årets arrangement
Vi ønskjer at Meir Idrett, trafikktryggleik og Fair Play er tema på alle turneringar, men vi har eit særskild hovudfokus for kvar turnering. I tillegg vil vi at alle arenaer skal vere røykfrie.
NFF Sogn og Fjordane har tilsett Marius Kloster med fagansvar barne-fotball. Marius kjem gjerne til DIN klubb og gjennomfører ein fagkveld for trenarar som inneheld både teori og praksisøkt.
Ta kontakt med Marius på telefon 480 98 885, eller e-post [email protected]
Datoar for årets arrangement
Barnefotballkveldfor trenarar i klasse 6-12 år
1 tonn
Årets arrangementplassar
SOGN 1
Turnering Dato
Lærdal 08.05
Aurland 12.06
Jotun 28.08
Årdalstangen 25.09
SOGN 2
Turnering Dato
Kaupanger 08.05
Bjørn 12.06
Hafslo 28.08
Sogndal 25.09
Luster, Norane
SUNNFJORD 2
Turnering Dato
Svelgen 08.05
Eikefjord 12.06
Florø 28.08
Førde 25.09
Tambarskjelvar, Kvammen
NORDFJORD 1
Turnering Dato
Breimsbygda 08.05
Vikane 12.06
Jølster 28.08
Sandane 25.09
IL Brodd, Hyen
I minifotballen skal det spelast 5ar fotball. NFF Sogn og Fjordane ber om at arrangørane organiserar turnering-ane med seks baner. Ein kan gjerne spele med ulik storleik på banene, slik at dei minste spelar på mindre bane enn dei største, t.d. variere frå 20x40 og ned til 15x30.
Fleire baner gjev meir speletid for laga, og mindre baner for dei minste gjev meir ballkontakt. God organisering gjev altså auka kvalitet.
Elles håpar vi at arrangørane kan lage kampoppsett som gjev like mange kampar på kvart lag og at laga får møte nye lag frå andre klubbar, som deltek i turneringa.
Miniputtane bør spele minimum 3 kampar og samla speletid bør vere omlag 60 minutt.
Årets arrangementplassar
SOGN 3
Turnering Dato
Høyang 08.05
Vik 05.06
Syril 28.08
Balestrand 25.09
Kyrkjebø, Vadheim
SUNNFJORD 1
Turnering Dato
AHIL 14.05
Dale 12.06
Hyllestad 28.08
AHIL 27.09
Atløy, Fure, Viksdalen, Lavik, Bjordal, Bulandet
NORDFJORD 2
Turnering Dato
Hornindal 08.05
Eid 12.06
Stryn 28.08
Loen 25.09
Oppstryn, Olden, Veten, Heia
NORDFJORD 3
Turnering Dato
Skavøypoll 08.05
Selje 12.06
Stadlandet 28.08
TMFK 25.09
Bremanger, Haugen, Stårheim, Kjølsdalen, Flatraket, Leirgulen/Davik, Ålfoten
Vi tek atterhald om korrigeringar, sjå www.sffk.no
Hovudfokus 1
HOVUDFOKUS SØNDAG 8. MAI: Fair Play
Med Fair Play skal vi styrke fotballen si rolle som formidlar av positive verdiar tilbarn og unge. Fair Play er mykje meir enn gule og raude kort. Det handlar omrespekt, og vår framferd på og utanfor bana. NFF Sogn og Fjordane vil vere tilstades med representantar på alle miniputturneringane
Tiltak på miniputturneringa:• Arrangør har eit hovudansvar for å følgje opp retningslinjer for Fair Play og stimulere til god framferd gjennom eit godt og velordna arrangement.
• Arrangør skal bruke kampvertvestar og vere eit godt vertskap for publikum, eigne og gjestande lag.
• Foreldrevettreglane er eit lite kort som blir delt ut på cupar, turneringar og fotballskular. Målet er å påverke foreldre og føresette til å vise ein sunn og fornuftig oppførsel på sidelinja. Les meir om foreldrevettreglane bak i brosjyren.
• Fair Play helsing skal gjennomførast etter alle kampar. Laga stiller opp på to rekker på midten i lag med lagleiar/trenar og dommar. ”Heimelag” går forbi og handhelsar.
• Alle arrangørar bør ha synleg Fair Play profilering på stadion i form av flagg, banner, skilt, o.l.
• Fair Play logo brukast på invitasjonar, kampoppsett og nettside.
Hovudfokus 2
HOVUDFOKUS SØNDAG 12. JUNI: Frukt og grønt
NFF Sogn og Fjordane ønskjer å stå for sunne verdiar og godt kosthald. I lag med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Opplysnings-kontoret for frukt og grønt tilbyr vi no ei grøn kioskløysing, som også gjev god økonomi.
Vi oppfordrar difor arrangørar om å selje frukt og grønt på alle miniputturneringar i 2016. Gå inn på www.frukt.no/5-om-dagen-idrett for å bestille startpakke og få råd og vink.
• NFF Sogn og Fjordane støttar alle større fotballtiltak (dvs. cupar og turneringar) med opp til kr 500,- (etter rekning). Send inn søknad om refusjon til [email protected] med informasjon om type arrangement, dato og kvittering på innkjøp av frukt.
• Bama held fram med rabattordninga som sikrar idretten 60% refusjon ved kjøp av frukt og grønt (mot kvittering). Les alt om ordninga på www.bama.no.
• Tiltak på miniputturneringa: Frukt og grønt kan seljast i kiosk, telt, på stand, eller med mobile brett. Profileringsutstyr kan bestillast via www.bama.no eller www.frukt.no
EAT MOVE SLEEP – 5 OM DAGEN MED TO NYE DIMENSJONAR
NFF og BAMA set fokus på heilskapen i kva som skaper sunt kosthold,god helse og livskvalitet – nemleg kombinasjonen kosthold, fysisk aktivitet og søvn.Les meir om korleis DIN klubb kan bli ein del av konseptet Eat Move Sleep påwww.bama.no/eatmovesleep/
Hovudfokus 3HOVUDFOKUS SØNDAG 28. AUGUST: Barn hjelper barn
NFF Sogn og Fjordane vidarefører bistandsprosjektet ”Barn hjelper Barn” i 2016, kor vi rettar fokus på miniputtane i Hong Tien i Vietnam. Hong Tien i Hue-provinsen, ligg midt i eit område kor det var harde kampar under Vietnamkrigen, frå 1954 til 1975. Området kryr av ueksploderte bomber og granatar, og dette utgjer eit trugsmål, særleg for barna. Befolkninga i dette området består av ulike minoritetsgruppar og fattigdommen er særs stor.
NFF og Football for all in Vietnam (FFAV) har starta fotballklubbar for barna i barneskulen, der barna har fått ein bane å vere på (fri for minar), det er rydda vegar som er trygge å gå på, og barna får opplæring i korleis dei kan oppdage og gjenkjenne miner.
Medlemskontigenten er på 60 øre i månaden, men i Hong Tien har mesteparten ikkje råd å betale. I 2011 vart det for første gang arrangert turnering i området, kor barna gikk i opptog på trygge stiar gjennom jungelen for å komme til bana.
NFF Sogn og Fjordane utfordrar miniputtlaga i Sogn og Fjordane til å samle inn litt pengar/arrangere tiltak til inntekt for barna i Hong Tien, gjerne under seriekampar eller andre ar-rangement i regi av klubben. Hugs å ta bilete frå tiltaka. Tiltaka bør vere avslutta til 01.09, men det er sjølvsagt lov å arrangere tiltak også seinare.
I runde 3, den 30.08, vil NFF Sogn og Fjordane ha eit eige opplegg på våre 8 turneringar. NFF Sogn og Fjordane får med gode samarbeidspartnarar til å løyve kr.1,- pr.scoring, kor pengane uavkorta går til prosjektet i Hong Tien. Vi håpar også at arrangørar kan sette ekstra fokus på prosjektet denne dagen. Meir info blir gitt i eiga brosjyre.
NYTT! No kan klubben din få ein eigen venskapsklubb i Vietnam! Målet er å få nye vener på tvers av landegrenser og få ei felles forståing for ulike kulturar og levesett. Ta kontakt med Hildegunn i NFF Sogn og Fjordane, [email protected], tel: 57 62 87 00, for meir informasjon, eller sjå www.sffk.no.
Konto for innsamla midlar:3705.19.42214
Hovudfokus 4HOVUDFOKUS SØNDAG 25. SEPTEMBER: Trafikksikker fotballklubb
NFF Sogn og Fjordane samarbeider med Fylkestrafikktryggingsutvalet og Trygg Trafikk om å gjere transport til og frå trening og kamp så trygg og god som mogeleg. Sjå meir om vårt tryggleiksarbeid på vår heimeside www.sffk.no.
Ein arrangør må ha fokus på følgjande:
ParkeringAlle miniputtarrangørar skal fokusere på trygg og ordna parkering. Parkeringsvakter skal ha vestar og syne veg til trygg og ordna parkering. Bilar på kryss og tvers, kombinert med små ivrige fotballspelarar er ein farleg kombinasjon. Arrangørar kan bli nekta å få terminfesta turnering, om dei ikkje kan syte for parkeringsareal med aktive parkeringsvakter.
SpotKvar arrangør vil i forkant av arrangementet få tilsendt ein trafikktryggleiks ”spot” med opp-fordring om bruke bilbelte. Denne skal lesast opp 2-3 gonger i løpet av arrangementet, og spesielt før heimreise.
I samarbeid med Trygg Trafikk arrangerer kretsen ein bildekonkurranse med tema «Trygge miniputtar». Det blir kjempeflotte pengepremiar og trafikktryggingsutstyr til dei beste tiltaka.
Tips for ei god og trygg reise1. Kollektiv transport til kamp• Bruk klubb-buss eller fast avtale buss/drosjeselskap
2. Ved privat køyring/foreldrekøyring til kamp• Ansvarleg reisekoordinator• Køyr i følgje• Bruk erfarne sjåførar• Ha god tid til kamp. Køyr til avtalt tid. Somling skapar stress.• Bruk bilbelte• ”Sei ifr唕 Alkohol/rus og idrett høyrer ikkje saman• Ikkje driv øvingskjøring med andre spelarar i bilen
God planlegging er halve gleda
FØR TURNERING
• Invitasjon til laga 14 dagar før. - Bruk tilsendt invitasjonsmal frå NFF Sogn og Fjordane for utsending - Hugs reine gute/jenteklassar så langt det er muleg - Prøv gjerne å få med nye lag! - Femåringane kan inviterast!
• Planlegg annonsering/kunngjering og omtale i media
• Merk opp banene
• Planlegg kioskdrift (frukt/grønt)
• Sjekk at klubben har motteke premiar og ballar frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Kontakt kretsen ved Hildegunn Hove, [email protected] , tel: 57628700 ved spørsmål.
• Avtal med speaker
• Planlegg trygg parkering- ha parkeringsvakter med vest
• Varsle vakthavande lege om turneringa - Sjekk ut kven som er kretsen sin representant. Ver godt vertskap.
• Dommarane bør ha gjennomgått klubbdommarkurs før turneringsstart. Bruk ressurspersonar i klubb eller ta kontakt med klubbutviklar Anders Veibust, tel: 404 69 463, [email protected] for meir informasjon. Dommarane skal bruke dommarskjortar frå SFE (utdelt frå NFF Sogn og Fjordane), svart treningsbukse/shorts og joggesko/fotballsko
40m 40m
20m
20m
20m
ARRANGEMENTET• Kampvertar med vestar• Arrangør ønskjer laga velkommen• Gode og reine garderobar• Kiosk med fruktsal• Organisert parkering• God speakerteneste• Heng opp flagg (klubbflagg, norske flagg)• Hugs Fair Play tiltak• Banene må haldast reine (boss, toalett osv.)• Førstehjelpsutstyr (båre etc.)• Profileringsutstyr som arrangør mottek frå NFF Sogn og Fjordane og
Sparebanken Sogn og Fjordane skal plasserast godt synleg• Arrangør skal syte for at dommarane brukar tilsendte t-skjorter frå kretsen
BANENE• Seks godt merka minibaner. Del ei stor bane i seks.• Vrimleplass i midten av banene• Gode og veltesikre mål. Bruk 2x5m, men 3x2m og 2x4m kan òg nyttast• Nok ballar til kamp og oppvarming
TERMINLISTE - KAMPGJENNOMFØRING• Sikre ca. 1 time speletid samla, td. ved 4 x 13 minutts kampar• Sikre at laga får møte motstandarar frå andre klubbar• Legg vekt på jamn motstand• Legg vekt på likeverdig tilbod på gute/jenteseriar• Ikkje bruk resulatservice• NB! Alle skal spele like mykje, og det skal rullerast på startoppstilling. Topping av lag er ikkje tillete
Tips til vaksneFORELDREVETTREGLAR:
1. Møt opp på trening og kamp - barna ønskjer det
2. Gje oppmuntring til alle spelarane - ikkje berre ditt eige barn
3. Gje oppmuntring i medgong og motgong
4. Respekter trenar/lagleiar sin bruk av spelarar - seriøse innspel kan du gje etter kampen
5. Sjå på dommaren som ein rettleiar - respekter avgjerdslene
6. Stimuler og oppmuntre ditt barn til å delta - ikkje press
7. Spør om kampen var morosam og spanande - ikkje berre spør om resultat
8. Sørg for riktig og fornuftig utstyr - men ikkje overdriv
9. Vis respekt for klubben sitt arbeid - delta på foreldremøte for å avklare haldninger og ambisjonar
10. Tenk på at det er ditt barn som spelar fotball - ikkje du
11. Vis respekt for andre - ikkje røyk på sidelinja
12. Hugs at barna gjer som du gjer - ikkje som du seier
Vi står saman om Fair PlayNorsk Tipping og Norges Fotballforbund
1 tonn
TRENINGSTIPS:
• Bruk få spelarar på kvart lag i treningssamanheng
• Unngå lange køar på trening - involver barna
• Gje alle barn lik merksemd
• Leik, trivsel og utvikling er viktigare enn kampresultat
• Ein leikprega barnefotball stimulerer ungane til eigenaktivitet
• Treningstilbod kan gjevast året rundt
Enten du er mor, far, bestemor, bestefar eller fotballinteressert. Ver ein god rollemodell,
og hjelp oss å holde fotballarrangementa røykfrie.
Våre miniputtarrangement er sjølvsagt røykfrie!
Kva om noko skjer?Hos oss får du:
• Gode vilkår og dekningar• Trygge oppgjer• Personleg rådgjeving
Tlf. 57 82 97 00 • ssf.no/forsikring