Transcript
Page 1: KAZUO ISHIGURO HARUKI MURAKAMI · Kazuo Ishiguro er fødd i Japan, men flytta til Storbritannia då han var år. I U ] \ ] vann han Bookerprisen for ”Resten ... Haruki Murakami

Jorda rundt på 12 bøker

JAPAN

OSAMU TEZUKA

f. 1928-1989 Osama Tezuka er japansk mangateiknar og animatør, han vert rekna som ”mangaens far”. Stilen hans er karakteristisk og eit av dei beste kjenne-teikna er dei store augene på

figurane. Han var eigentleg utdanna lege, men gav det opp for teikneseriane. Dei fleste av bøkene hans er berre på japansk, men seien om Buddha er omsett til norsk.

KAZUO ISHIGURO f. 1954

Kazuo Ishiguro er fødd i Japan, men flytta til Storbritannia då han var 6 år. I 1989 vann han Bookerprisen for ”Resten av dagen” som seinare er vorte filmatisert. Han vann Nobelprisen i 2017 med grunngjevinga ”romaner med stor emosjonell kraft [som] har avdekket avgrunnen under vår

illusoriske følelse av forbindelse med verden”

HARUKI MURAKAMI f. 1949

Haruki Murakami er japansk forfattar og omsetjar. Han var interessert i amerikansk litteratur og dette har påverka måten han skriv på. Den litterære stilen hans vert skildra som humoristisk og surrealistisk, og han

puttar gjerne inn overnaturlege fenomen i bøkene sine. Bøkene hans er omsett til over 50 språk, og i Noreg er det fristande å nemna ”Norwegian wood”.

HIROMI KAWAKAMI f. 1958

Hiromi Kawakami sine bøker er ein miks av fantasi og magisk realisme og ho oppgjev Gabriel Garcia Márques som den

største inspirasjonskjelda. ”Merkelig vær i Tokyo” som kom på norsk i 2015 er ein roman om kjærleiken mellom to ganske så ulike personar, men også ei roman om det moderne japanske samfunnet.

Page 2: KAZUO ISHIGURO HARUKI MURAKAMI · Kazuo Ishiguro er fødd i Japan, men flytta til Storbritannia då han var år. I U ] \ ] vann han Bookerprisen for ”Resten ... Haruki Murakami

KENZABURO OE f. 1935

Kenzaburo Oe skriv delvis sjølvbiografiske romanar, t.d. ”Min egen sak” om ein hjerneskada son. I 1994 fekk Kenzaburo Oe Nobel-prisen i litteratur i 1994, med grunngjevinga «med poetisk kraft skaper en imaginær

verden, der liv og myte fortlettes til et rystende bilde av menneskets tilstand i dag».

SHUSAKU ENDO

(1923-1966) Shusaku Endo var katolikk og levde som ein religiøs minoritet i Japan som er prega av buddhismen og shintoismen. Kulturkollisjonen han opplevde

som katolikk var eit viktig tema i bøkene hans og dette kjem særleg fram i romanen ”Taushet” om jesuittpresten som kjem til Japan for å hjelpa den undertryke kristne minoriteten. Han budde mange år i Frankrike og var sterkt påverka av europeisk kultur og litteratur. Sjølv om han ikkje vart ein gamal mann, hadde han eit stort og variert forfattarskap, og bøkene hans er omsette til meir enn 20 språk.

INA STRØM “Alt dette er Tokyo”

Denne boka handlar om japansk kultur, tankesett, historie og tradisjonar sett frå gateplan i tolv ulike bydelar. Bydelane er svært ulike både med tanke på tempo, arkitektur, busetnad og historie. Ina Strøm let oss møte lokalbefolkninga og deler av eigne

erfaringar med Tokyo og Japan.

IAN BURUMA Tokyo : en romanse

Nederlandske Ian Buruma skildrar det første møtet sitt med Tokyo i 1975. Tokyo var ein kaotisk storby der alt var overdrive og annleis enn han var vandt med. Ian Burum følgjer skodespelarar og motefotografar og ser korleis byen endrar seg, og forfattaren med byen. Boka gir eit unikt møte med japansk kunst, kultur og moderne historie.

JIRO TANIGUCHI “Min fars dagbok”

Dette er ein teikne-serieroman for vaksne om Yoichi som kjem heim att etter femten år borte når faren døyr. Under likvaka møter han familie og venner og gjennom desse oppdagar han at faren kanskje ikkje var den mannen han trudde likevel?

YUKIO MISHIMA (1925-1970)

Yukio Mishima var psevdonym for Kumitaka Hiraoka. Han var forfattar, men også skodespelar og film-regissør. Han var også kroppsbyggar for å omforma sin eigen kropp som eit kunstprosjekt. Yokio Mishima var ein

mann full av paradoks og sjølvmotseiingar, noko også litteraturen han skreiv er prega av. Han tok livet sitt i rituelt sjølvmord i 1970, og dette var noko han hadde skrive at han kom til å gjera.


Recommended