Haukeland universitetssjukehusHELSE BERGEN
Sjukehusprestane
Saknar du eit
stille rom?
Ønskjer du ein å
prate med?
Ta kontakt med
Går du gjennom ei
krise ?
Kontakt osspå telefon55 97 38 45eller55 97 50 00
Øystein Kråvik Patrick Wohlgemuth
Torbjørn SkjælaaenAnne Marthe Ulvik Liv Ingrid Svela
Sjukehusprestane• er tilgjengelege for pasientar og pårørande
• har lang erfaring i å samtale med menneske i ulike livssituasjonar
• har kompetanse i å møte menneske i krise
• vil la din ståstad og dine tankar ha fokus i samtalane
• vil gje hjelp til å få kontakt med representantar for andre kyrkje og
trussamfunn og livssynsorganisasjonar
• er ordinerte prestar i Den norske kyrkja
• er del av det tverrfaglege arbeidet ved sjukehuset
Personalet på avdelingane hjelper gjerne til med å få kontakt med ein av prestane.
Stille rom- opent heile døgnet.
På Haukelanduniversitetssjukehus finndu Stille rom i Sentralblokka, 3. etasje i nordenden av bygget. Følg skilting.
Å være pasient eller pårørande i sjukehuset kan røre ved fleire sider av livet.
Mange tek kontakt med sjukehusprestane når dei:
• ønskjer hjelp til å sortere tankar og kjensler
• vil fortelje deler av livshistoria si til nokon
• vil samtale kring ulike tema knytt til tru og eksistensielle
spørsmål
• ønskjer å bli bedt for, få nattverd eller har ønskjer om andre
kyrkjelege handlingar
OnsdagsmesseFinn stad på Stille romkvar onsdag kl 11.30 oginneheld fast liturgiskveksellesing med forbønnog nattverd.
Sjukehusprestaneer tilgjengelege både for pasientar og pårørande
Haukeland universitetssjukehusHELSE BERGEN
Foto colourbox HU
S Nr. 2024094