View
1
Download
0
Category
Preview:
Citation preview
Årsmelding Telemark sau og geit 2012 Side 1
Foto: Arne J Loftsgarden
Årsmelding Telemark sau og geit 2012 Side 2
TELEMARK SAU OG GEIT
Fylkeslag av Norsk Sau og Geit
Kontoradresse ved sekretær: (betalt av Nortura)
Torhild F Sisjord
Bygdesentralen
3690 HJARTDAL
Mob 902 04 121
e-post: torhild.sisjord@nortura.no
Innhald:
Kontoradresse og innhald side 2
Innkalling 3
Program 4
Helsing frå leiaren 5
Melding frå styret driftsåret 2012
o Tillitsvalte i TSG 7
o Lokallagsoversikt 8
o Årsmøtereferat 2011 9
o Liste over styresaker i 2012 13
o Rovvilt 15
o Dyrskun i Seljord 22
o Vandreutstilling 23
o Klyppekurs 24
o Avlsarbeid på sau 25
o Årsrapport frå beiteutvalet 28
o Saueprosjektet 29
o Årsmelding frå TGL 35
o Arbeidsplan 38
o Rekneskap 2012 40
o Budsjett 42
Årsmelding Telemark sau og geit 2012 Side 3
INVITASJON TIL ÅRSMØTE
I TELEMARK SAU OG GEIT
laurdag 23. og sundag 24. februar 2013
på Morgedal Hotell
Årsmøte er ope for alle medlemmer av TSG, men berre
utsendingar har stemmerett.
Me håpar mange nyttar seg av denne moglegheita til og kome
saman til fagprat og sosialt samvær.
Av omsyn til servering ber me om at og dei som berre skal delta
på dagmøte melder seg på innan fristen. Me ber dykk snarast
melde på deltakarar til sekretæren – tlf. / SMS 902 04 121
eller e-post
Kr 1500,- pr. person i dobbeltrom. Kr 190,- i enkeltromstillegg.
Dagmøte inkl. lunsj kr 380,-
Møtedeltakarane betalar i resepsjonen før avreise.
Siste frist for påmelding er 08.02.2013
Årsmelding for TSG vert sendt, pr. post til alle påmeldte.
Årsmeldinga ligg også på Telemark sau og geit sine nettsider, som
PDF, og kan hentast der.
Velkommen
Telemark Sau og
Geit
Årsmelding Telemark sau og geit 2012 Side 4
Program Laurdag 23.02.2013
Kl.12.00 Oppmøte, innkvartering.
Lunsj
Kl.13.00 – 18.00 Velkommen v/leiar i Beiteutvalet i TSG
Svein A Tørre
Tema for fagdagen er beite og beitebruk.
Med oss får me representant frå Øvre Telemark
Jordskifterett, Øivind Løken, prosjektleiar i FKT-prosjektet
og orientering frå saueprosjektet omkring tema beitebruk.
Kl. 19.30 MIDDAG med lotteri og hyggeleg stemning
Sundag 24.02.2013
Kl. 9.00 Årsmøte - saksliste:
Opning ved leiar i TSG, Jon Aslak Austjore
Sak 1: Opprop, godkjenning av innkalling, sakliste og
forretningsorden
Sak 2: Val av 2 representantar til, saman med
møteleiaren, underskrive protokollen
Sak 3: Årsmelding 2012
Sak 4: Rekneskap og revisorrapport 2012
Sak 5: Arbeidsplan 2013
Sak 6: Budsjett 2013
Sak 7: Val: - Leiar (for eitt år)
- 2 styremedlem (for to år)
- Nestleiar (veljast mellom styremedlemmene for eitt
år)
- 3 varamedlemmar til styret (for eitt år)
- 1 ny representant i valnemnd (for tre år)
- møteleiar for årsmøte i 2014
Sak 8: Godtgjersler til styret
Sak 9: Handsaming av innkomne saker og uttaler
Kl. 14.00 Avslutning med lunsj og vel heim.
Årsmelding Telemark sau og geit 2012 Side 5
Ærde bønder!
Det og vera matprodusent er den viktigaste jobben ein kan ha. Ikkje berre produserar me mat,
men og kulturlandskap! Me mettar både kropp og sjel! Me he all grunn til og vera stolte av
den næringa me arbeider i og for. Utfordringane er mange, men moglegheitene til og lukkast
er fullt til stades. Ein ser i mange undersøkingar at viljen til og oppretthalde eit levande norsk
landbruk er stor. Grunnen til det må vera at me gjere ein god jobb!
Året som he gått heve vore særdeles bra med tanke på beitekvalitet i utmark. Det heve vorte
levera mykji bra lam i 2012! Geita heve au produsera bra, men syns nok det var litt mykji
regn. Dessverre er tap til rovdyr altfor stort, halvering av gaupekvota i 2012 he ein stor
medverknad til det. Me ser au at me fær stadig oftare besøk av dei andre store rovdyra. Både
ulv og bjørn er stadig dokumentera. Dette er ei stor utfordring! Me må forlange at dei som
bestemmer over dette gjer jobben sin, og får teke desse raskt ut. Det vart for fyrste gong på ivi
50 år skote bjørn i Telemark i 2012. TSG søkte om uttak av ein bjørn som kom ut av hiet sitt i
mars, SNO utførde felling.
Som dikkøn ser så er det ikkje den leiaren som vart vald, som er leiar no. Eg som nestleiar
overtok då leiar vart sjukemeldt. Me i styret har fordela oppgåver etter beste evne og eg syns
me har kome godt ut av det. Me har hatt friske meiningsutvekslingar, det er bra! Det skal vera
takhøgde og rom for alle synspunkt.
Geitemiljøet i Telemark er svært bra, med dyktige og engasjera produsentar. Me har og
foredlingsanlegg for geitemjølk i Telemak. Tine sør sitt anlegg i Haukeli. Det er viktig at me
greier og oppretthalde dette. Geitebøndane he mykji av sin aktivitet knytt til produsentlaget,
men det er viktig at TSG også er der for geita!
Saueprosjektet som me i samarbeid med bondelaget, småbrukarlaget, Telemark
fylkeskommune og fylkesmannen i Telemark starta opp i mars 2012 har vorte ein suksess!
Det har vore stor interesse for å få hjelp til nyetableringar og bruksutviding av eksisterande
drift. Prosjektet har arrangera kurs for nye bøndar, samt ein fagtur som var open for alle.
Styret i TSG valde difor og ikkje arrangere haustsamling i år.
Ein stor takk til alle medarbeidarane og aktørar som har vore med på å få prosjektet opp og
gå.
Takk til Telemark fylkeskommune og fylkesmannen i Telemark for finansiering og velvilje til
prosjektet.
Årsmelding Telemark sau og geit 2012 Side 6
Vèrutstillinga i Seljord har blive ein årleg møteplass for avlsinteresserte sauebøndar frå heile
Telemark. Dette er plassen å få tak i det rette avlsmaterialet, anten det er NKS eller spæl ein
er ute etter. Det er og arrangera to kåringssjå hausten 2012, Sauland og Rauland.
Ein stor takk til alle medlemmar i TSG, som gjer til at me he ein livande organisasjon. Det
kan for mange lokallag vera vanskeleg å ha engasjementet på topp til ei kvar tid. Fleire bør
kanskje drøfte og slå seg saman? Då vert det fleire personar og velje på.
Takk til Torhild som er sekretær for TSG. Ho ordnar det meste på ein særdeles ryddig og god
måte. Noko som fører til at det er lettare og vera tillitsvald i TSG.
Til slutt vil eg få ynskje alle eit godt år i 2013. Utfordringane er mange, men moglegheitene
store.
Lukke til!
Jon Aslak Austjore
Årsmelding Telemark sau og geit 2012 Side 7
Tillitsvalte i Telemark Sau og Geit 2012
Leiar: Kjell Sverre Thoresen ( Persmisjon frå sommar 2012)
Mob:97972570 / e-post leder.telemark@sauoggeit.no
Representantskapet I Telemark Landbruksselskap
Representantskapet I NSG
Leiar av Avlsutvalet for sau
Ansvar for arbeidet rundt Dyrskuen og Rovdyr
Styremedlem : Svein Arvid Tørre, Reshjemvegen 1114, 3800 Bø
Mob: 90824865 / e-post svein.toerre@live.no
Representantskapet i NSG – vara
Beitebruk og rovdyr
Leiar i TSG sit beiteutval
Web-ansvarleg
Kirsti Sandland 3891 HØYDALSMO
Mob 90524049/ e-post: svnora@online.no
Dyrskuen
Geit
Kasserar Tor Isak Oxum , Grønnerødveien 168 3719 SKIEN
Mob 91154146/ e-post admin@oxum.no
Fungerande leiar frå sommaren 2012
Jon Aslak Austjore 3880 DALEN
Mob 91765525 / e-post leder.telemark@sauoggeit.no
TSG sin representant i saueprosjektet.
Fast styremedlem frå sommeren 2012
Turid Opsund Mæland, Natadalvegen, 3841 FLATDAL
Mob: 98636063/ e-post turid.maland@gmail.com
Ansvar for kursvirksomheten
Årsmelding Telemark sau og geit 2012 Side 8
År Hovudmedlem Husstandsmedlem Totalt
2001 442 55 497
2002 429 52 481
2003 403 49 452
2004 367 36 403
2005 344 39 383
2006 331 40 371
2007 324 30 354
2008 317 32 349
2009 312 38 350
2010 312 50 362
2011 290 56 346
2012 280 45 325
LOKALLAG OG ANTALL MEDLEMMER
I alt 15 lokallag er tilslutta TSG. Tabellen gjev oversikt over lag og medlemmer mottatt frå NSG
15.01.13
Medlemmer Tal
Lokallag Leiar Adresse 2012 utsendingar
Midt-Telemark Sau og Geit John Li Livegen
3800 Bø 34 4
Vestmar Sau og Geit Jostein Aarø Nygård
3766 SANNIDAL 21 3
Flatdal Sau og Geit Gunleik Mæland 3841 Flatdal 21 3
Fyresdal Sau og Geit Guro Libjå 3870 FYRESDAL
18 2
Aust-Telemark Sau og Geit Rune Bøe 3692 SAULAND
43 5
Grenland Sau og Geit Tormod Høiseth 3748 Siljan
15 2
Hjartdal Sau og Geit Harald T Løkslid 3690 Hjartdal
17 2
Kviteseid Sau og Geit Jan Toralf Omtveit 3850 Kviteseid
16 2
Tokke Sau og Geit Jon Aslak Austjore 3880 Dalen
35 4
Nissedal Sau og Geit Olav Borstad 4860 Treungen
3 1
Tinn Sau og Geit Ronny Stordalen 3650 Tinn Austbygd
37 4
Tuddal Sau og Geit Sigrid Dahl 3697 Tuddal
10 2
Vinje og Rauland Sau- og
Geit
Tone Edland 3895 Edland
46 5
Åmotsdal Sau og geit Bjørn Åsmund Groven 3841 Flatdal
9 1
Totalt tal medlemmar 325 40
Årsmelding Telemark sau og geit 2012 Side 9
Årsmøtereferat
Årsmøtet i Telemark sau-og geit, halde 2-3 mars 2012 på Morgedal Hotel.
Årsmøte vart opna av leiaren, Erik H Håtveit med helsinga han skreiv i årsmeldinga “ kjære
yrkesvenner”
Aslak Snarteland er ordstyrar.
Sak 1. Opprop, godkjenning av innkalling, saksliste og forretningsorden.
Utsendingar frå 10 lokallag - 38 med stemmerett
7 utan stemmerett.
Innkalling, sakliste og forretningsorden godkjend utan merknader.
Sak 2. Underskriving av årsmøtereferat
Til å underskrive årsmøtereferatet vart Merete Uverud og Sigbjørn Stavland valt.
Sak 3. Årsmelding frå styret og rapportar frå nemnder/utval
Leiar av TSG, Erik H Håtveit presentera årsmeldinga.
Dette kom fram i ordskifte:
Svein Tørre ynskte å nyansere Erik sin tale innledningsvis på årsmøte. Styret bør/skal
dele ansvaret for måten styret har fungera på i 2011.
Utvalet av granska værar, spesielt på Spæl, er for dårleg. Dette er og sjå på som
“eingongshende” da ring 97 hadde store tap av værar i 2011. Det er viktig å ivareta
spælen i Telemark både når det gjeld kvalitet, men også mengde
Det kom fram ei ytring som gjekk på dårlegare kvalitet på kåra værar no enn tidlegare.
Denne påstanden vart imøtegått. Eit tema som alltid vil kunne debatterast .
Beite/radiobjølleprosjekt i Oppland og radiobjøllelag i Nord-Trøndelag er interessante
prosjekt som kunne være aktuelle og sjå nærare på for Telemark. Styret i TSG bør
arbeide for ei slik organisering i Telemark. Kanskje Saueprosjektet kan være ein
aktuell aktør
Interesse omkring avlskongressen i region Øst.
o Interessante betraktningar omkring kost/nytte i saueholdet med tanke på tid,
ressursbruk og helse.
o Diskusjon omkring vektlegging av kjøttfylje kontra morsevne
o Gransking i eigen flokk- metode for muligheit for feilmarginar. Avlsrådet tek
stilling til dette i juni.
Geitemiljøet i Telemark vert trekt fram som noko av det mest bærekraftige me har i
landet. Det er viktig at me tek vare på dette.
Årsmelding frå styret og rapportar frå nemnder og utval vart teken opp til votering og vart
samrøystes vedteken.
Årsmelding Telemark sau og geit 2012 Side 10
Sak 4. Rekneskap og revisorrapport.
Sekretær, Torhild F Sisjord la fram rekneskap, og gjorde merksam på at revisorrapport ikkje
låg føre.
Forslag frå ordstyrar Aslak Snarteland.
Årsmøte i TSG kan ikkje godkjenne det framlagte årsrekneskap da det ikkje er levert revisor.
Årsmøte i TSG gjev det nye fylkesstyret fullmakt til godkjenning av årsrekneskapen 2011
forutsatt revisor si godkjenning av rekneskapen.
Forslag frå Aslak Snarteland samrøystes vedteken
Sak 5. Arbeidsplan 2012.
Erik H Haatveit presentera styret sitt framlegg til arbeidsplan 2012.
Svein Tørre orientera om sitt syn på beiteutvalets arbeidsoppgåver. Han ber årsmøte ta
stilling til kva for beiteutval styret skal ha. Viser til fjorårets årsmøtevedtak.
Erik orientera om møte som hadde vore hjå Fylkesmannen i Telemark omkring tema
beiteutval. Det same gjorde Svein Tørre. TSG sine to deltakerar på møte har eit
avvikande syn på kva som vart resultatet av møtet, og kvifor det enda slik.
Profilering. Landbruket i Telemark bør utad “snakke med ei stemme” var ynskje frå
TB. Det må da ikkje bli slik at dei med dei største ressursane og så får satt dagsorden.
Det er samarbeid som må være stikkord for dette. “Prate mest mulig same språk”, men
TSG må passe på sin rett til å ytre seg etter eigen overtyding.
Forslag frå Kim Hopland, Fyresdal
Jobbe for ein felles kommunikasjonsplattform mot media/allmennheten for
landbruksorganisasjonane i Telemark
Forslag frå Kim Hopland vart vedtatt med 20 mot 18 stemmer
Kontra 8 + 10 blanke
Forslag frå Svein Arvid Tørre
Svein fremma eit forslag i tråd med fjorårets vedtak om å opprette eit beiteutval, som skal
vera eit samarbeidsorgan for beitenæringa og den offentlege forvaltninga.
Forslag frå Svein A Tørre fall med 9 mot 17 stemmer
Framlegg til arbeidsplan frå styret vart samrøystes vedtatt med dei tillegg som framkom.
Sak 6. Budsjett 2012.
Torhild F Sisjord la fram styret sitt forslag til budsjett
Det er ikkje tatt høgde for den auka kontingenten som er vedtatt sentralt
Årsmelding Telemark sau og geit 2012 Side 11
Avlsarbeidet tek ein del av budsjettet. Bør utgiftene til kåringssjå tas av TSG, eller skal dette
gjerast lokalt, som i dag. Det var her litt ulike syn.
Framlegg til budsjett vart samrøystes vedtatt
Da årsmeldinga for Telemark Gjetarhundlag vart utegløymt under behandlinga av TSG si
årsmelding fekk Jan Toralf Omtveit ordet no
Årsmøte sluttar seg til årsmeldinga
Sak 7. Val.
Gunnar Haugo la fram valnemnda si innstilling:
Framlegg til styre:
Leiar Kjell Sverre Thoresen, Fyresdal sau og geit ny 2012
Styremedlem Svein A Tørre Aust-Telemark Sau og Geit ikkje på val 2011-2012
" Kirsti Sandland Tokke sau og geit ikkje på val 2011-2012
Tor Isak Oxum, Grenland sau og geit ny 2012-2013
Jon Aslak Austjore Tokke sau og geit ny 2012-2013
Nestleiar (veljast mellom styremedlemmene): Opp til styret og peike ut nestleiar
Varamedlemmer til styret (veljast for eitt år):
1. Varamedlem Turid Opsund Mæland
2. Varamedlem Hege Gonsholt
3. Varamedlem Ann Kristin Teksle
Revisorar: Øystein Høgetveit, attval. og Sigrid Nykos Vinje – ikkje på val
Valnemnd:
Erik H Haatveit
Benkeforslag frå Aust-Telemark sau og geit på Svein A Tørre som leiar i TSG
Vedtak:
Kjell Sverre Thoresen valt til leiar for 1. år
35 gjevne stemmer: 24 for Kjell Sverre Thoresen, 9 Stemmer for Svein A Tørre og 2 blanke
Valkomiteens forslag på styremedlem for 2 år Jon Aslak Austjore - samrøystes valt
Valkomiteens forslag på styremedlem for 2 år Tor Isak Oxum- samrøystes valt
1. vara: Valkomiteens innstilling Turid Opsund Mæland – samrøystes valt
2. vara: Valkomiteens innstilling Hege Gonsholt – samrøystes valt
3. vara: Valkomiteens innstilling Ann Kristin Teksle - samrøystes valt.
Revisor for 2 år Øystein Høgetveit – samrøystes valt
Årsmelding Telemark sau og geit 2012 Side 12
Valkomité:
Marthe Betten 2010-2012
Gunnar Haugo 2011-2013
Erik H Haatveit 2012-2014
Samrøystes valt
Sak 8. Godtgjersle til styret
Økonomien i laget tillèt ikkje noko endring i godtgjersle til styret
Samrøystes vedtatt
Møteleiar for Årsmøte 2013: Aslak Snarteland – Samrøystes valt
Sak 9. Innkomne saker: / handsaming av uttalar
Ingen innkomne saker
Telemark sau og geit sin heidersdiplom vart dela ut til avgått leiar i rovviltnemda region 2
Lars Bjådal for godt arbeid for småfenæringa gjennom mange år.
Årsmelding Telemark sau og geit 2012 Side 13
Liste over styresaker i 2012
Styremøte 31.01.12
o Årsmøte 2011- Detaljplanlegging og gjennomføringsplan
o Jordbrukstingingane
Styremøte 15.03.12
o Referatsaker:
o Konstituering av styret og fordeling av arbeid innad i styret og mellom styret/sekretær.
Ikkje utfyllande liste over arbeidsområde: Rovdyr, beitebruk, saueprosjekt, dyrskun,
heimesider, avl, geitekontakt, kursansvarleg, haustsamling.
o Evaluering av årsmøte 2011
o Telemark sau og geit sine heimesider.
o Møteplan / arbeidsplan for 2011
o Oppfyljing av lokallaga
Styremøte 05.06.12
o Referatsaker
- SMS oppfordring for deltaking på markering i Oslo 21. mai
-Vandreutstillinga for geit
- Møte mellom
landbruksorganisasjonane og rovdyrnemda
- Brev til Mattilsynet på bakgrunn av innspel frå Flatdal Sau og Geit
- “Sauekjøtt, ja d e gøtt”
- Høring – forslag til forskrift om tilskot til investeringar i beiteområde.
- Møte ang “ HMS-kampanje “i landbruket
- Møte i Telemark Landbruksselskap
o Invitasjon til å sende innspel på forvaltningsplanen for rovdyr, region 2
o Høring- forslag til endring av erstatningsordningar for husdyr og tamrein.
o Høring – frivillig vern av skog – Mjåvann naturreservat.
o Planlegging av aktivitetane på Dyrskun
o Klyppekurs hausten 2012
Styremøte 28.08.12 Avlsutvalet var kalla inn til dette møte
o Gjennomgang og planlegging av kåring og værutstilling
o Referatsaker
- Klyppekurs
- Saueprosjekt
- Skadefelling av ulv
o Planlegging av aktivitetane på Dyrskun
o Haustsamling
o Fagskule- med vekt på sau. Søve
o Jordbrukstingingane
Årsmelding Telemark sau og geit 2012 Side 14
Styremøte 23.10.12
o Referatsaker
- Klyppekurs
- Saueprosjekt - Representantskapsmøte
- Kåringane o Planlegging av medlemsmøte
o Innspel til landsmøte i NSG 2013 o Høring – Endringar i naturmangfaldloven
o Eventuelt
- Værutstillinga 10 nov
- Proffkurs i saueklypping
o Årsmøte i TSG 23-24 feb. 2013
Styremøte 17.12.12
o Referatsaker
- Saueprosjektet
- Proffkurs i saueklypping
- Vedtak om kvotejakt på gaupe.
o Høring “organisering av avlsarbeidet på sau i NSG”
o Forslag på kandidat til “Lykleprisen”
o Økonomi
o Årsmøte i TSG
Årsmelding Telemark sau og geit 2012 Side 15
Rovvilt Av Svein Tørre
Freda rovvilt er stadig ein stor trussel for småfenæringa i Telemark. Mange bønder har óg i år
lidd store tap.
Kvota for gaupejakta 2012.
Rovviltnemnda i region 2 (Telemark, Aust-Agder, Buskerud og Vestfold) vedtok ei kvote på
32 dyr for årets gaupejakt. Dette var same som i 2011.
Miljøverndepartementet endra, etter klagebehandling, rovviltnemnda sitt vedtak om kor
mange gauper som kunne fellast under kvotejakta i region 2. Totalt i regionen kunne det fellas
15 dyr og inntil 5 hodyr ett år eller eldre.
Resultat av jakta 2012:
Seks gauper vart felt i Buskerud, åtte i Telemark og ei i Vestfold. Fire av dei felte gaupene var
vaksne hoer. Kvota vart dela på sju jaktområder, og det vart felt dyr i alle. I alt vart det felt
elleve vaksne dyr, sju hannar, fire hoer, og fire årsungar.
Jaktområde
Fylke
Kvote
Felte dyr
Felt i
alt Vaksne
♂ ♀
Ungar
♂ ♀
Vest 1 Aust-Agder Kvotefri jakt 0 0 0 0 0
Vest 2 Aust-Agder
Telemark
2
1
0
1
1
3
Aust 1 Buskerud 3 1 1 0 0 2
Aust 2 Buskerud 2 2 1 0 0 3
Aust 3 Buskerud 2 1 0 0 0 1
Aust 4 Telemark 2 1 1 0 0 2
Aust 5 Telemark 2 1 1 0 0 2
Aust 6 Vestfold
Telemark
Buskerud
2
0
0
1
1
2
Sum region 2 15 7 4 2 2 15
Miljøverndepartementet si redusering av kvota skapa store reaksjonar frå både beitenæringa,
jegermiljø og rovviltnemda i region 2. I etterkant av jakta var det store delar av
gaupejegermiljøet i Telemark som ville boikotte både sporing og jakt neste sesong. Etter
initiativ frå Notodden JFF tok Telemark Jeger og Fiskerforening, saman med Telemark
Bonde- og Småbrukarlag, Telemark Bondelag og Telemark sau og geit kontakt med
Miljøverndepartementet og Direktoratet for Naturforvaltning for å diskutere situasjonen.
Dette resultera i eit møte i Bø 29. november 2012. På dette møtet vart det gjort heilt klart at
dersom myndigheitene redusera rovviltnemda sitt kvotevedtak til neste års gaupejakt, slik dei
gjorde med kvota i 2012, så vil det ikkje verta akseptera.
Årsmelding Telemark sau og geit 2012 Side 16
Erstatningar i 2012.
Tapet til freda rovvilt (tapet til gaupe auka i følgje søkarane med 394 dyr frå 2011 til 2012)
mens det samla alle artane ikkje har endra seg mykje
Dette skuldast mellom anna at tap til bjørn og kongeørn er langt lågare i 2012 enn det
søkjarane gav opp i 2011. Fylkesmannen erstattar 1445 tapte sau og lam, fordela på 97
søkjarar i 15 kommunar. Det gjev ei samla erstatningsutbetaling på kr 2 871 828,-
Bestandsstatus.
Gaupebestanden vart i 2012 berekna til cirka 400 dyr i Noreg, ut frå 69 registrerte
familiegrupper. Dette var status før kvotejakta i 2012. Etter ei gradvis auking i tal
familiegrupper i åra frå 2004 til 2009, har det dei tre siste år vori ein nedgang i tal
familiegrupper før jakt. I 2010 vart det registrert 80 familiegrupper og i 2011 ble det registrert
74 familiegrupper.
Bestandsmål.
Stortinget har fastsatt eit nasjonalt bestandsmål for kor mange kull med gaupeungar som skal
fødast i Norge kvart år. Bestandsmålet er dela inn i utvalte forvaltningsregioner for rovvilt.
Oversikt over tal årlege ungekull fordela på kvar forvaltningsregion:
Forvaltningsregion Bestandsmål
Bestandstatus (før jakt)
2010 2011 2012 Snitt
Region 1 (Sogn og Fjordane,
Hordaland, Rogaland og Vest-
Agder)
- 0 0 1 0,3
Region 2 (Vestfold, Buskerud,
Telemark og Aust-Agder)
12 17 14,5* 16 15,8
Region 3 (Oppland) 5 4 4,5* 5,5* 4,7
Region 4 (Oslo, Akershus og
Østfold)
6 9 6 5* 6,7
Region 5 (Hedmark) 10 9 11 6,5* 8,8
Region 6 (Møre og Romsdal, Sør-
Trøndelag og Nord-Trøndelag)
12 20 18 14 17,3
Region 7 (Nordland) 10 6 8,5* 8* 7,5
Region 8 (Troms og Finnmark) 10 15 11,5* 13* 13,2
Hele landet 65 80 74 69 74,3
* Forvaltningsregionen delar ei familiegruppe med en annen region.
Årsmelding Telemark sau og geit 2012 Side 17
Vedtak om kvotejakt på gaupe i region 2 i 2013.
Rovviltnemnda i region 2 Sør-Norge vedtok i møte 29. november 2012 ei kvote på 35 gauper,
derav 9 hodyr eitt år eller eldre, for kvotejakt i 2013. 30 dyr, derav 8 ho-gauper, eitt år eller
eldre, tildelast frå jaktstart 1. februar. Kvota er fordela på sju jaktområder. I buffersona mot
rovviltregion 1 Vestlandet (Vest-Agder) (jaktområde Vest 1) er det opna for kvotefri jakt.
Vedtaket vart fatta med heimel i naturmangfaldslova § 18, jamfør §§ 4, 7 og 11 i
rovviltforskrifta.
Rovviltnemnda har i sitt vedtak lagt til grunn sekretariatets saksframlegg og oppdatera
kunnskap om tap av sau på utmarksbeite framlagt under møtet (data frå organisert beitebruk i
regionen og fullstendig oversikt frå Telemark over krav om erstatning for tap til rovvilt).
Kvota delast på jaktområda slik:
Jaktområde Vest 1: Kvotefri jakt
Jaktområde Vest 2: 4 dyr
Jaktområde Øst: 26 dyr der kvota deilast slik:
Jaktområde Øst 1: 4 dyr
Jaktområde Øst 2: 2 dyr
Jaktområde Øst 3: 4 dyr
Jaktområde Øst 4: 6 dyr
Jaktområde Øst 5: 6 dyr
Jaktområde Øst 6: 4 dyr
Reservekvota er på 5 dyr, derav 1 hodyr, ett år eller eldre.
Rovviltnemnda legg vekt på at reservekvota skal prioriterast i dei mest tapsutsatte områda.
Nemndas leiar har i samråd med sekretariatet fullmakt til å fordele reservekvota. Ved tildeling
av tilleggsdyr kan Rovviltnemndas leiar i samråd med sekretariatet foreta endringar av
jaktområda.
Dei ulike jaktområda er deila inn slik:
Jaktområde Vest 1: Bygland, Evje og Hornes, Iveland, Birkeland og Lillesand
kommunar i Aust-Agder.
Jaktområde Vest 2: Resterande deil av Aust-Agder fylke og Fyresdal, Nissedal,
Drangedal og Kragerø kommunar i Telemark.
Jaktområde Aust 1: Hol, Ål, Hemsedal, Gol, Nes og Flå kommunar i Buskerud.
Jaktområde Aust 2: Nore og Uvdal, Rollag og Flesberg kommunar i Buskerud.
Jaktområde Aust 3: Modum, Krødsherad, Sigdal, Ringerike, Hole, Lier, Røyken og Hurum
kommunar, og Øvre Eiker, Nedre Eiker og Drammen kommunar øst og nord for
Drammensvassdraget, i Buskerud.
Jaktområde Aust 4:Tinn, Seljord, Hjartdal, Notodden, Bø og Sauherad kommunar i
Telemark.
Jaktområde Aust 5:Vinje, Tokke og Kvitseid kommunar i Telemark.
Jaktområde Aust 6:Vestfold fylke, resten av Buskerud fylke og dei deiler av
Telemark fylke som ikkje går inn i jaktområda Vest1 og Aust 4
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 18
Bjørn skoten for fyrste gong på 60 år i Telemark.
Foto: Anne Cathrine Syversen/NRK
Den ca. 4 år gamle hannbjørnen på 120 kilo vart skoten 16. mars. Dette var under eitt døgn
etter at jakta starta. Den vart skoten i Bessefjell-området i Tokke kommune, etter at SNO
hadde spora bjørnen i berre nokre timar. Direktoratet for Naturforvaltning hadde gjeve løyve
om skadefelling.
DNA-analyser synte at bjørnen var ein kjenning kalla ST10. Den vart fyrst oppdaga 16. juni
2009 i Selbu i Sør-Trøndelag – cirka 45 mil i luftlinje frå staden der den vart felt. Same året
vart bjørnen påvist i dei fire nabokommunane Midtre Gauldal, Melhus, Klæbu og Selbu i Sør-
Trøndelag, og vinteren 2009/10 låg den i hi i Midtre Gauldal. Her vart den òg påvist i slutten
av mars i 2010. Etter det var hannbjørnen i Oppdal i midten av mai, før han flytta seg vidare
sørvestover til Vang kommune i Oppland, der han vart påvist i midten av juni. Utover i juni
vart det funne DNA-prøver frå bjørnen både i Vang og i Lærdal kommune i Sogn og
Fjordane. 24. april 2011 vart det igjen funne ei prøve frå bjørnen, nå i Nore og Uvdal
kommune i Buskerud, og 3. september i Tokke i Telemark. Etter å ha overvintra der vart han
felt 16. mars 2012.
Foto © Lars Gangås/Statens naturoppsyn
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 19
Kartet syner vandringa til ST10 frå den vart påvist i Sør-Trøndelag i 2009 og fram til den
vart felt i Telemark 16. mars i år. Kart © Rovdata
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 20
Lisensfelling i 2012.
Rovviltnemda i region 2 fatta 14. mai 2012 vedtak om kvoter for uttak av 2 gauper, 2 ulvar, 1 bjørn og
1 jerv, dersom det vert dokumentera at nokon av desse artane tek beitedyr i 2012-2013.
Det vart i 2012 observera fleire ulvar i ulike område av Telemark. Etter at ein ulv tok 4 sauer i
Gransherad, var det gjeve løyve til felling av denne. Fleire gonger kunne jegerar ha skote, hadde det
ikkje vori for at dei anten ikkje hadde registrera seg som lisensjegerar, eller trudde at jakta var stoppa
p.g.a. ankehandsaminga.
Ny rovviltnemd i region 2 for 2012-2016:
Jørund A. Ruud, ny leiar i Rovviltregion 2.
Den nye nemnda er:
Leiar: Ruud Jørund A. jorund.ruud@t-fk.no 90913996
Medlem: Hanson Unni uhanson@c2i.net 41516272
Medlem: Vågslid Lene lene.vagslid@stortinget.no 97513592
Medlem: Fløystad Kåre Gunnar kgf@sp.no 95180221
Medlem: Sandum Anne anne.sandum@bfk.no 91562945
Vara: Messel Maiken maiken.messel@losmail.no 99773063
Vara: Dahl Eide Beate Marie bmde@sp.no 91739893
Vara: Mæland Edvard edvard.m@online.no 90043025
Vara: Hunskaar Øyvind oyvindh@vfk.no 91739027
Vara: Stavn Ole Johnny Ole.Stavn@bfk.no 91370017
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 21
Rovviltkontaktar i Telemark
Navn og adresse Kontaktdetaljer Ansvarsområder / Kommunar
Fosse, Øyvind
3692 Sauland
Tlf:35 02 32 09
Mobil:481 48 405
Notodden, Bø og Sauherad, Hjartdal,
Seljord og Tinn og Kviteseid
kommune
Kirkeby Hilde Tveit
Bostrak, 3750 Drangedal
Mobil:952 58 438 Bamble, Drangedal og Kragerø
Olaf Dysvik
Bergsveien 103 3960 Stathelle
Mobil:970 30 435 Skien, Siljan, Porsgrunn, Nome og
Bamble.
Olsnes Sveinung
Åmotvegen 8, 3890 Vinje
Tlf jobb:902 13
655
Vinje og Tokke
Roer, Ole
Hauggrend, 3870 Fyresdal
Tlf:35 04 25 37
Mobil:976 65 517
Nissedal og Fyresdal
Rovdata.no
Rovdata er ein sentral aktør i arbeidet med å kartlegge og overvåke gaupe, jerv,
brunbjørn, ulv og kongeørn i Norge
Rovdata leverer overvåkingsdata og bestandstall på gaupe,
jerv, brunbjørn, ulv og kongeørn i Norge til forvaltning,
media og publikum.
Rovdata har ansvaret for formidling, drift og utvikling av
Nasjonalt overvåkingsprogram for rovvilt.
Rovdata er etablert som en selvstendig enhet med egen
leder og stab i Norsk institutt for naturforskning (NINA)
Du har her mulighet til å registrere deg som rapportør og melde inn spor og sportegn,
synsobservasjonar og fotografi. Ved å nytte denne muligheten kan kvar enkelt vere med og
synleggjere antall rovvilt i vårt distrikt
http://www.artsobservasjoner.no/storerovdyr/
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 22
Dyrskun i Seljord 2012 Av Kirsti Sandland
Kirsti rigga opp standen på torsdag. Gjetarhundlaget ville ikkje vere på dyrsku`n i år. TSG
måtte derfor skaffe folk til alle vaktene, noko som er ei utfordring. Me takkar alle som stilte
opp.
Saueklippinga:
Det var Bjørgulv Bratland og Knut Johan Hvistendahl som klipte. Dei gjorde ein kjempejobb!
Tusen takk til dei!
Me hadde ei klypping kvar dag. Det er veldig populært blant publikum. Mange finn vegen for
og sjå på
Gunnar fortalte kva klipparen gjorde til ei kvar tid. Han er flink og morosam og høyre på.
”Standen”
Me fekk solgt ein del T-skjorter, capsar, bøker og nokre kjeledressar.
Me hadde også nokre brosjyrar og skriv som me delte ut.
Geiteutstillinga
Det var 24 geiter på geiteutstillinga i år. Dette fordela på 16 utstillarar (6 gardsbruk).
Det var geit nr 9013 Petra som blei årets Dyrskugeit. Ho er eigd av Kirsti Sandland og Sverre
Noraberg.
Beste geit totalt (index og eksteriør) var 0032, stilt av Knut Hauge, eigd av Hege Gonsholt og
John Olav Hauge.
GEIT
Kåring av bukkekje:
Me hadde heimekåring i år også. Det var Sigmund Romtveit som var kåringsdommar. Han
hadde i år med seg Tove Lauvik, Ingrid R Østensen og Gunn Oddlaug Kvelperud.
Det blei kåra 14 av 15 stilte bukkekje. Ein av dei blei kåra på dispensasjon.
Det var 9 bukkekje som hadde kaseingenstatus ”ikkje null”*”ikkje null”, 5 bukkekje hadde
kaseingenstatus ”null”*”ikkje null”. Ingen hadde den dårlegaste kaseingenstatusen
”null”*”null”
Beste bukkekje i 2012 var nr 2012 165 frå Hege Gonsholt og John Olav Hauge. Bukken fekk
10 poeng for eksteriør. Samla kåringssum var 153.
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 23
Vandreutstilling
21. og 22. mai arrangerte produsentlaget, med støtte frå TSG, NSG, Tokke sau og geit, Vinje
og Rauland sau og geit, Vinje kommune og Dyrskun, vandreutstilling for geit.
Me hadde fjøsdømming av dei påmeldte dyra. Sigmund Romtveit og Gunn Oddlaug
Kvelperud var dommarar. Rådgjevar geit i NSG Ingrid R Østensen var også med rundt. Det
var 8 påmeldte bruk med til saman 42 stilte dyr. Av desse fekk 11 geiter 1.premie, 15 fekk
2.premie og 9 fekk 3.premie.
På kvelden 22.hadde me premieutdeling hos Gunnar og Yvonne, med fagprogram, god mat,
kaffi og kake. Ingrid R Østensen og Sigbjørn Haslemo (TINE) sto for det faglege innhaldet.
Det blei dela ut premie for:
Beste unggeit- kun eksteriør tel
Det var geit nr 1047, eigd av Yvonne Minde og Gunnar Haugo som
fekk denne premien. Ho fekk 9+i eksteriør.
Beste vaksne geit- kun eksteriør tel
Det var geit nr 0014, eigd av Gro og Geir Hommo som fekk denne
premien. Ho fekk 9 både på jur og eksteriør.
Beste geit totalt- både eksteriør og avlsindeks tel
Geit nr 0032, eigd av Hege Gonsholt og John Olav Hauge stakk av med
denne. Ho fekk 9poeng for eksteriør og 8 for jur. Ho hadde 133 i
avlsindeks og altså 150 poeng totalt
Premiane var 2 stk keramikkbollar laga av Kristin Eidem. Hovudpremien (vandrepremie),
som gjekk til beste geit totalt, var eit bukkehorn utskore og sylvholka av Arne Martin Solbjør.
Alle fekk deltakarpremie.
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 24
Klyppekurs
Av Turid O. Mæland
Det vart arrangera klyppekurs i Fyresdal hjå Aslak Snarteland og Gunhild
Agnes Svalastog 12-14 Oktober. Sven Reiersen var instruktør og Gunnar
Haugo var hjelpeinstruktør. Kurset hadde 8 deltakarar. Ekstra moro var
det att det var såpass mange unge med på kurset! Ei flott hæg med
sporty deltakarar, flinke instruktørar og god mat resultera i eit vellukka
kurs med svært positive tilbakemeldingar.
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 25
Avlsarbeidet på sau Av Kari Tellefsen og Jon Aslak Austjore
Kåringssjå 2012
Kåringssjåa er eit av høgdepunkta i året for sauehaldarar. Her møtest yrkessystrer og – brør og
kan sjå på sau, diskutere sau, beundre sau og gle oss over sau ein heil dag!. Her gjer
vêrringane viktige val med uttak av prøvevêrar , og mange avlsbesetningar sikrar seg ny bøkår
til sauene sine. Dommarane er suverene, men kjem nok opp i mang ein diskusjon med eigaren
av dyra og andre engasjerte.
Kåringssjåa i Telemark var i år eit samarbeid mellom dei tre vêrringane i fylket og
lokallaget, der sjået blei halde. Fredag 5. oktober var det sjå i Ridehallen ved
Attføringssenteret på Rauland, og dommarar var Erlend Yttri frå Buskerud og Gunnar Haugo.
Laurdag 6. oktober var det sjå hjå Aase og Roar Fjeld på Kleppen i Sauland. Dommarar var
Sven Reiersen frå Aust-Agder, Gunnar Haugo, Tor Einar Lid og Erlend Yttri. Dei fleste dyra
var av type Norsk Kvit Sau eller farga og kvit spæl, men det blei òg kåra vêrlam av pelssau,
gamal norsk spæl, svartfjes, blæset, Nor-x og Texel.
Premiering:
Rauland – NKS
Beste ullkvalitet: 201234153, fødd hjå Bjørn Kåsa, Morgedal.
Beste eksteriør: 201234149, fødd hjå Mikkel Vadder, Ordal.
Høgste poengsum: 201234120 fødd hjå Bendik Utistog, Byrte, 180 poeng
Sauland – NKS
Beste ullkvalitet: 201234225, fødd hjå Halvor Ulvenes, Bø
Beste eksteriør: 201234218, fødd hjå Kåre Vidar Førland, Bø
Høgste poengsum: 201234205, 179 poeng, fødd hjå Torhild og Søren Sisjord, Hjartdal
Sauland – spæl
Beste ullkvalitet: 201234021, fødd hjå Arne Vinje/Kari Tellefsen, Vinje.
Beste eksteriør: 201234034, fødd hjå Svein Arvid Tørre, Bø.
Høgste poengsum: 201234034, 158 poeng, fødd hjå Svein Arvid Tørre, Bø.
Takk til alle som gjorde ein innsats ved kåringssjåa til beste for sauemiljøet i Telemark!
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 26
Vêrutstillinga 2012
Vêrutstillinga er eit samarbeid mellom vêrringane og Telemark Sau og Geit, og blei halde på
Dyrskuplassen i Seljord 10. november. Dommarar var Jon R. Aas frå Buskerud og Gunnar
Haugo. Det blei synt fram 42 NKS-vêrar og 17 spælvêrar. Vêrane var prøvevêrar og eliteverar
frå ringane, og var i si tid plukka ut som dei beste i fylket. Ringane vel ut det dei vil bruke
vidare som elitevêrar, resten blir selde på auksjon. Slik kan bruksbesetningar få tilgang til
granska avlsdyr, og ringane får styrkt økonomien sin når dei oppnår god pris. I alt blei det seld
10 spælvêrar og 32 NKS-vêrar.
Premiering:
Spæl
Beste risbit: 201132732, Cæsar, kropp 10, bein 8, fødd hjå Aase og Roar Fjeld, Sauland.
Beste vaksen: 200932581, Boris, kropp 10, bein 9, fødd hjå Arne Vinje og Kari Tellefsen,
Vinje.
NKS
Beste risbit: 201132700, Lasselur, kropp 10, bein 9 fødd hjå Mikkel Vadder, Ordal, og
201132539, Mario, kropp 10, bein 7, fødd hjå Stridsmo samdrift v. Jon Aslak Austjore og
Knut Utistog, Byrte.
Beste vaksen: 201033030, Lassegalten, kropp 10, bein 8, fødd hjå Mikkel Vadder, Ordal.
Beste vêren på heile utstillinga: Lassegalten! Gratulerar!
Foto: Torhild F Sisjord
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 27
Oversikt over alle kåra lam 2012
Kåringssted Bedømte Kåra Kåra på disp Vraka
[Gardskåring] 1 100% 1 100% 0 0% 0 0%
Rauland 103 100% 86 83% 3 3% 14 14%
Sauland 142 100% 102 72% 7 5% 33 23%
Telemark 246 100% 189 77% 10 4% 47 19%
Oversikt over alle kåra lam etter kåringstype 2012
Kåringstype Bedømte Kåra Kåra på disp Vraka
O-kåring 165 100% 137 83% 1 1% 27 16%
Pelssau-kåring 1 100% 0 0% 1 100% 0 0%
Kjøtt-kåring 9 100% 7 78% 1 11% 1 11%
Farga spæl-kåring 65 100% 41 63% 6 9% 18 28%
Gammelnorsk spæl-kåring 3 100% 3 100% 0 0% 0 0%
Blæset sau-kåring 2 100% 1 50% 0 0% 1 50%
Svartfjes-kåring 1 100% 0 0% 1 100% 0 0%
Telemark 246 100% 189 77% 10 4% 47 19%
Kåringsstatistikk, alle o-kåra 2012
Kåringssted Antall O-ind Kropp Bein Ullkval Ullmeng Sum poeng
[Gardskåring] 1 126,0 9,00 9,00 8,00 8,00 160,0
Rauland 73 126,4 9,05 8,33 8,40 8,49 160,7
Sauland 63 121,3 8,63 8,44 8,02 8,27 154,7
Telemark 137 124,1 8,86 8,39 8,22 8,39 157,9
Kåringsstatistikk pr rase 2012
Rase Antall O-ind Kropp Bein Ullkval Ullmeng Sum poeng
Spæl 10 115,6 8,70 8,80 8,30 8,70 150,1
NKS 127 124,7 8,87 8,35 8,21 8,36 158,5
Telemark 137 124,1 8,86 8,39 8,22 8,39 157,9
Beste granska bukk 2012
2010365 TØFFEN
Avlsverdi
137
Beste granska vær 2012
201132582 Go-nr-to
o-indeks
137
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 28
Årsrapport 2012 frå Beiteutvalet i Telemark Sau og Geit. Av Svein A Tørre
Medlemmer i beiteutvalet i 2012 har vore:
Leiar: Svein Arvid Tørre
Medl.: Knut Johan Hvistendal
Medl.: Olav Blikom
Beiteutvalet har hatt 2 møter:
På møte 3. april 2012 deila me alle beitelaga i Telemark mellom oss, for å få oppdatera opplysningar
om kven som var leiar i dei ulike laga. Resultatet av denne kartlegginga vart oversendt til Aud Torhild
Stensrud hjå Fylkesmannen i Telemark. Ho hadde klaga over at det var vanskeleg å få kontakt med dei
ulike beitelaga.
Me vedtok på møtet at me skulle prøve å få fleire småfehaldarar med i organisera beitebruk. I samband
med dette skulle me ta kontakt med «Saueprosjektet», for å forsøke å lage ei oversikt over
beiteområder der nye småfehaldarar kunne få tilbod om utmarksbeite. Denne oversikta burde vera på
kommune-nivå.
Beitedeilen i saueprosjektet kom ikkje i gong før i slutten av 2012. Det har difor vore vanskeleg å få
gjort noko med dette.
På møte 3. januar 2013 hadde utvalet møte saman med Eivind Ørnes.
Her tok me opp beiteutvalet si rolle i høve til saueprosjektet. Det var einigheit om at Eivind skal ha
ansvaret for framdrifta i arbeidet med dei ulike sidene ved beitebruken framover. Han jobba med
omorganiseringa av beitelaga frå BA- til SA-foretak, og at ei mogeleg løysing på dette var at beitelaga
gjekk inn som medlemmer i Telemark Avløysarlag.
Saueprosjektet planlegg å starta opp eit pilotprosjekt i Fyresdal, saman med Fyresdal kommune. Dette
prosjektet er tenkt å kunne overførast til andre kommunar i Telemark, dersom det syner seg å verta
vellukka.
Det var semje om at det var viktig å ha god kontakt mellom saueprosjektet og beiteutvalet når det gjeld
spørsmål som som omhandlar beitespørsmål i fylket. Det er naturleg at det er beiteutvalet i TSG som
overtek ansvaret for beitespørsmåla, når saueprosjektet har avslutta sitt arbeid.
Beiteutvalet har fått i oppdrag frå styret i TSG om å stå for fagdeilen på laurdagen i samband med
årsmøtet. Tema denne dagen skal vere beitebruk.
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 29
Saueprosjektet “ sauekjøtt, ja d e gøtt” Av Torhild F Sisjord
Aktivitetar og milepeler
Deltakerar i prosjektet
Prosjektet er opent. Det vil si at her er det mulig å komme med på det tidspunkt da prosjektet tilbyr ein
aktivitet som du kan ha nytte av. Det gjer det vanskeleg og gjere opp status for kor mange deltakarar
prosjektet har.
Pr i dag er der ca. 65 sauebønder og nystartarar på lista til prosjektet, men har vore i kontakt med
nærare hundre om ein tek med deltakarar på td. samling, tur osv.
Generell marknadsføring av aktivitetane i prosjektet.
Eit ynskje for alle aktivitetar som vert sett i gang, er god oppslutnad. Det fordrar at marknadsføring er
tilpassa målgruppa. Målgruppa i »Sauekjøtt, ja d e gøtt» har ein veldig variasjon. Da frå dei som «er
på nett», så og seie heile tida, til dei som ikkje nyttar PC i det heile. Skal ein nå fram må ein nytte
ulike kanalar. Prosjektet har valt å legge alt ut på prosjekteigarane sine nettsider. I tillegg er der
oppretta ei liste over alle som ynskjer informasjon tilsendt i eigen inboks. (e-post) Ynskjer elles å
bruke netttsidene til Nortura SA og andre slakteri, Fylkesmannen og Fylkeskommunen. Ein del
informasjon er også sendt kommunane i Telemark. Der viser det seg i mange tilfelle vanskeleg å nå
gjennom. Det til tross for at enkelte kommunar er veldig flinke. Enkelte arrangement er annonsert i
aviser. Gjer da eit utval av kva ein til kvar tid meiner har størst verdi.
Redaksjonell omtale
Det å komme fram i ulike media, og fortelje om dei aktivitetane som er gjennomført, eller skal skje,
har stor verdi.
Kontakt og samarbeid med andre
Ein viktig del av prosjektet er å knyte kontaktar med andre aktørar i landbruket som arbeider mot
sauebonden. Dette er eit langsiktig arbeid, men det er gjort noko arbeid i så måte.
- Deltatt på eit møte med arbeidsgruppa i «Tiltaksretta handlingsplan for landbruket i Vest-
Telemark» Det for å ha ein felles forståing og kunne arbeide mot same mål.
- Samarbeid med Søve Vidaregåandeskule – Fagskule sau
- Deltaking på møte ang. Kulturlandskap i Midt-Telemark
- Delta på møte der ein vert invitera for å orientere om prosjektet.
- I samarbeid med Nortura SA – Rådgjevingstenesten for sau
- I samarbeid med organisasjonane i landbruket i Telemark
- I samarbeid med Landbrukstenester Telemark
- I dialog med Seljord veterinærkontor
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 30
Oppstartmøte
Den offisielle starten av prosjektet vart gjennomført med møte 26,27 og 29. mars i Morgedal, Tinn
Austbygd og Fyresdal.
Møta vart annonsera i Varden, RA og VTB. Eige brev vart sendt til alle kommunane med ynskje om
samarbeid. Det vart samstundes utarbeid ein invitasjon og ein folder for presentasjon av prosjektet
På alle møte vart prosjektet og tankane rundt presentera. I tillegg til Prosjektleiing og medarbeidarar
deltok det representantar for styringsgruppa. På alle møte vart det opna for diskusjon og oppmoding
om og kome med innspel på tema.
Det deltok ca. 75 stykk på møta. Mange av desse skreiv seg opp på lista over dei som ynskte spesiell
oppfylging.
Møteserie «Fôring etter hold»
Møteserien var lagt opp med 5 møte: Søve Vidaregåande skule, Fyresdal, Tinn, Morgedal og Hjartdal
Møteserien var eit direkte utslag av Mattilsynets betenkning ang grovfôrkvaliteten i 2011. Møteserien
vart halde i forkant av den offisielle oppstartinga av prosjektet. Vurdera situasjonen som «kritisk» og
meinte det var viktig å kunne «handle» når situasjonen krev det.
Det er viktig for prosjektet å ha kontakt med andre som arbeider inn mot sauebonden. I dette tilfelle
var det naturleg å ta kontakt med Seljord Veterinærkontor. Mimmi Haugli stilte som vanleg villig opp.
I Tinn fekk me hjelp av veterinær i kommunen, Astrid Ulleren.
Torhild starta alltid opp med eit 30 min innlegg om fôring, og sauenes fôrbehov, samt litt bruk av
grovfôrkalkulator. Ved å sende inn grovfôranalyse vil ein kunne planlegge fôringa på ein heilt annen
måte enn om ein skal ta det på same måte som før. Haustingssesongen 2011 var ikkje normal,
heldigvis.
Mimmi prata på inn og utpust om mange av dei
Sjukdommane som sauen kan få.
Da både med god og dårleg fôring.
Med god fôring vil ein gjere sauen meir robust,
og i stand til å klare dei påkjenningane det er
å få lam, og ikkje minst klare få lamma fram.
Det er vanskeleg for alle. I teorien er det snakka om holdklasser og feittlag over torntappane. Ute i
fjøset vert ikkje alt like skjematisk.
Det som er viktig er og fylje med på utviklinga. Ha ein plan for det som skjer og ikkje minst ta på
sauen. La ikkje overraskinga kome den dagen klypparen kjem til gards.
I samband med vaksineringa denne våren 2012 tok veterinærane på Seljord Veterinærkontor
holdvurdering på alvor. På kvar gard dei var innom vart det gjort ei enkel holdvurdering, og eit skjema
vart lagt att til orientering og hjelp for bonden. Den gav ein pekepinn på korleis tilstanden i fjøset var.
Det deltok om lag 95 personer på desse arrangementa
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 31
Fadderordning for nye bønder
Dette er ei nyskapning som har lang veg å gå. Arbeidet er satt i gang. Det vart utarbeidd ein invitasjon
til ressurspersonar i miljøet. Som venta var det vanskeleg å få folk til å melde seg. Tanken med denne
invitasjonen var å få «tanken til og mognast» Har starta arbeidet med å ringe opp bønder ein veit har
noko å bidra med. Det er da svært gledeleg at alle som til nå har fått spørsmålet, takkar ja til å være
med. Pr i dag er der 6 stykk på lista. Fint fordela i fylket.
Fadderordninga bør innehalde eit årshjul og ei avtale om godtgjering til fadderane. Dette er ikkje på
plass. Årshjulet krev ein del ressursar å få på plass. Det er ikkje bestemt kva for format dette årshjulet
bør ha.
Tankane omkring fadderordninga har blitt lagt merke til. NRK Naturens Verden tok kontakt for å lage
eit innslag som vart sendt 11. november 2012. Takk til Kim og Bjørg Taraldlien Hopland og Aslak
Snarteland som stilte opp med da dei fekk spørsmål om å delta. Flott!
Nystartarsamling på Morgedal 26-27 oktober 2012
Nystartarsamlinga var tenkt som smakebitar på det å være sauebonde. Gje ei innføring i
problemstillingar. Temamøte/samlingar seinare i prosjektet gjev rom for å gå djupare inn i enkelttema.
Samlinga vart gjennomført frå fredag morgon til laurdag ettermiddag med 21 deltakarar. Gruppa var
passe stor for denne type arrangement. Det var ei gruppa som kunne diskutere og komme med innspel.
Fikk ei tilbakemelding frå eit deltakande par som oppsummerar samlinga bra.
Både Per og jeg synes det var en hyggelig og lærerik helg, så tusen takk for at vi fikk lov å være med.
Knut Volland, Ann Kristin Teksle, Joachim Skogsrød, Mimmi Haugli og ditt foredrag var gode
foredrag. Hvis jeg skulle gi noen tips til forbedring vil jeg anbefale at Innovasjon Norge gir noen
eksempler på hva de har gitt tilskudd til slik at tilhørere kan få et realistisk bilde av hva som det
faktisk gir tilskudd til. Foredraget fra Mattilsynet var dessverre litt for ustrukturert og svarte i
grunnen ikke fullgodt på de punktene du hadde satt opp i programmet. Hvis han hadde svart på dine
punkter hadde utbyttet blitt bedre.
Ellers må jeg gi ros til deg for ditt smittende engasjement for å bli sauebonde.
Den siste kommentaren her er hyggeleg, men vert også tatt med fordi den er svært viktig. Det er ikkje
enkelt å få andre engasjert om ein sjølv gjev inntrykk av og misstrivast. Noko å ta med seg i andre
samanhengar i sitt daglege virke.
Proffkurs i saueklypping
Skal ein legge til rette for auke sauehold må ein alltid tenke på kva som er bondens behov i kvardagen.
Telemark sau og geit har i mange år arrangert klyppekurs for nybyrjarar og vidarekomne. Det har
gjeve resultat. Telemark har i dag fleire klypparar som er rekruttera gjennom dette systemet. Det vart
ytra ynskje om eit kurs for proffe klypparar. Det vart vanskeleg å få til gjennom NSG sitt system av
ymse årsakar.
Prosjektet saman med TSG tok tak i dette og sette eit proffkurs på programmet. Arrangementet vart
lagt til Stridsmo Samdrift. Takkar for at det vart lagt så godt til rette for kursdeltakarane
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 32
Alle dei fire deltakarane klarte krava til senior-bevis.
Me gratulerer så mykje.
Lågterskeltilbod innafor bygg og økonomi
I denne delen av prosjektet har Joachim Skogsrød gjort ein særs god jobb. Han er tilsett som
prosjektmedarbeidar i 40 % stilling. I starten av prosjektet vart det fort klart at her kom det største
fokus og tyngste arbeidet til å ligge. Svært mange hadde ynskje om å få Joachim inn på tunet for å
diskutere løysingar. Det være seg nye bygg eller utbetring av eksisterande. Lista over dei som vil ha
besøk er til stadighet gjort om. Dei som har kome lengst i prosessen har komme lenger fram i køen.
Hadde som mål at alle skulle fått ein fyrstekontakt før nyttår 2012. Det har prosjektet nesten klart å
gjennomføre.
Det er viktig og vidareføre dette arbeidet også i 2013. Utbygging, utbetring og nybygg er stor prosess
hjå den enkelte frå det å ta avgjerda om utbygging til det er gjennomført. I 2.år av prosjektet er det
viktig å kunne fylje tettare opp dei ein allereie har vore i kontakt med.
Punkt 1 i prosjektplanen Økonomi og investeringskunnskap vil naturleg komme likt med, eller litt i
etterkant av avgjera om utbygging. Her står det att ein del arbeid som det er viktig at Joachim får ha
hand om vidare.
Økonomi er grunnleggande også for dei som ynskjer og vidareføre den drifta dei har pr. i dag. Ynskjer
å sette kurset «betre bonde» på programmet for vinteren 2013
Framdrift så langt.
Har besøkt 34 brukere. Ein del flere gongar.
Har hatt kontakt med 45 brukara, tlf., mail, samtaler. Mange av desse flere gongar.
Har sendt 3 søknadar til innovasjon Norge. Fleire under arbeid.
Har hatt fleire turar med fjøsbesøk hjå andre produsentar.
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 33
Fagtur bygg og beite
Eit viktig ledd i prosessen med å forbetre drifta, på alle plan, er og sjå kva andre gjer. Ikkje minst og
sjå korleis ein ikkje ynskjer å ha det.
Turen la opp til å vise fjøs med ulike løysingar. Høg mekaniseringsgrad: Det være seg traverskran og
kraftfôrautomatar. Enklare system: Det være seg fôring i rundballehekk og islandshekk. I tillegg fikk
deltakarane sjå ulike golvløysningar. Drenerande golv med strekkmetall eller plastrister. Fjøs med
talleløysing var me også innom
Fredag ettermiddag var det lagt opp til eit fagprogram på Honne. Marie Skavenes, Fylkesmannen i
Oppland orientera om det arbeidet som har blitt gjort i samband med beitebruk. Dette innlegget gav
gode kontaktar, idear og inspirasjon til å ta fatt i utfordringane knytt til beitebruken i Telemark
Besøket på seminstasjonen på Staur var også eit populært innslag. For Telemark sin del er interessa for
avl stigande. Viser til omsetninga av kåra værar og interessa rundt værutstillinga i Seljord. Gruppa var
litt stor for dette besøket. Me løyste det ved å dele i to grupper. Det betydde at enkelte nok ynskjer seg
attende eit anna år
Pål Kjorstad, leiar i Oppland sau og geit samt leiar i
Oppland Radiobjøllelag gav oss innblikk i arbeidet
med å bruke radiobjøller samt organisering av bruken
i eit lag.
Ved å reise med buss skapast ei fin ramme rundt
turen. Reisa til Hamar er litt lang, men samstundes
var det viktig å komme ”ut i verden” for å hente nye
impulsar. Ved å reise hit fikk me ei nyttig innleiing til
arbeidet me må ta fatt på omkring beite og beitelag
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 34
Beitebruk
Beitebruk er eit tungt, tidkrevjande og vanskeleg emne å ta fatt i. Beiteutvalet i Telemark sau og geit
gjorde eit arbeid i samband me oppdatering av adresselistene for beite-/sankelaga. Me meiner desse
laga er svært viktig og arbeidet framover. Velfungerande beitelag er «gull verdt» i
beitebrukssamanheng.
Det er i samband med søknaden for organisert beitebruk er det sendt ut eit spørjeskjema. Dette er
meint og gje prosjektet kunnskap om kva som er viktig å ta tak i.
Pr i dag har det komme inn svar frå 12 beite-/sankelag. Det er ca. 20 %, noko ein kanskje bør si seg
fornøgd med. Arbeidet med å analysere skjema og lage ein plan for arbeidet under beitebruk vil bli
gjort i starten av 2013
Prosjektet har fått tilleggsressurs i form av Eivind Ørnes si tid og kompetanse. Fyresdal Kommune er
valt ut som «pilot» i det å få til ein heilskapleg plan for beitebruken. Da er der tenkt at alle skal takast
med. Kommune, beitelag, Sau og Geit og elles andre som der er naturleg å involvere.
sluttord
Har gjennom dette året hatt kontakt med mange sauebønder, i alle alderar, og med ulike utfordringar.
Har hatt stor glede av å registrere interessa for prosjektet. Men det er også utfordringar som me må
prøve å løyse ved å fortsette med «friskt mot» framover i 2013.
Som de ser av rapporten er det mange ting som er satt i gang. Tiltaksplanen og budsjettet syner den
prioriteringa som prosjektleiinga og styringsgruppa ynskjer å gjennomføre i 2013 og delvis inn i 2014.
Vil i tillegg spesielt nemne arbeidet i samband med «nyorganisering» av beite- og sankelag, som kom
opp ved at BA ikkje lenger er ein godkjent organisasjonsform. Det er no gjort eit arbeid i samband
med å nytte avløysarlaget som ein paraply. Arbeidet ut mot beite- og sankelaga vil bli forsterka i 2012
og 2013. Beitebruk viser seg og vere kritisk faktor for sauehaldet. I tillegg er resultatet av beitebruken
viktig i eit folkehelseperspektiv. Stigane ligg ofte i lett tilgjengelege område og enkle å bruke i
samband med enkelt friluftsliv. Prosjektet vil i 2013 og 2014 være med å peke på dei ressursane som
ligg i området. Det kan være ved hjelp av informasjon og arrangement som t.d «festdag for folk og
(små)fe» Arrangement i samband med sausank.
Vonar Fylkesmannen i Telemark og Telemark Fylkeskommune ser seg tent med å yte dei midlane som
trengs for år 2 av prosjektet.
Frå prosjektleiinga si ståstad, og dei attendemeldingane som
har kome, er eg nøgd med turen, programmet og det faglege
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 35
Årsmelding for Telemark Gjeterhundlag 2012 Styrets sammensetning i 2012
Leder- Åsne Nyland, Seljord
Nestleder- Toril Olafsen, Ulefoss
Kasserer- Tove Funnemark, Lunde
Sekretær- Inger lise Loftsgarden, Hjartdal
Styremedlem- Olav Bjørge, Seljord
Varamedlemmer:
1.Vara: Torhild Sisjord, Hjartdal
2.Vara: Eivind Folkestad, Bø I Telemark
3.Vara: Gårder Kvålseth, Kviteseid
Revisorer:
Magne Gravningen, Lisleherad
Gunvor Mandt, Eidsborg
Valgkomite:
Rikke Støkke Hagen, Skien
Margrethe Ims Langåsdalen, Hjartdal
Kathrine Rud, Asker
Redaksjonen i "Gjetarhunden":
Jan Toralf Omtveit, Brunkeberg
Hilde Sølverød, Siljan
Arne Loftsgarden, Hjartdal
Eivind Folkestad, Bø
Åsne Nyland, Seljord
Styremøter:
Det har vært 4 styremøter i 2012.
Arbeidsoppgavene har i år som tidligere vært planlegging og gjennomføring av aktivitetsplan,
planlegging av prøver samt opplegg for treningssau.
Medlemsmøter:
Det har vært ett medlemsmøte i år i tillegg til årsmøtet.
Aktivitetsplan:
Denne er gjennomført.
Gjeterhundprøver:
Vårprøva:
I år som i fjor blei ho arrangert i Kviteseid, der vi lånte areal og sau av Erik H. Håtveit.
Også i 2012 valgte TGL å la prøva inngå i Østlandscupen. Kloke av skade, valgte laget å kutte ut kl. 1
prøva, da erfaringen var at det bruker å bli vel krevende. Men naturligvis ble denne gang kl. 1
etterspurt. Det stilte 48 deltakere i klasse 3 denne gang. Prøva er meget godt besøkt, og andre fylker
benyttet den denne gang som delprøve til NM uttak. Dette gjør at vi nok neste år må vurdere
puljetrekning, slik at de som starter med 1 hund og de med flere kan få startet med valgt hund på
slutten av prøva.
Prøver på treningssamlinger:
På treningssamlinga på Søve i august blei det arrangert klasse 1 prøve med 12 deltagere.
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 36
På årets siste samling på dyrskuplassen blei det arrangert klasse 1 prøve med 13 deltagere og klasse 2
med 14 deltagere.
Fylkesmesterskapet:
Lundevald i Kviteseid var arena for fylkesmesterskapet i år, sau blei lånt av Erik Håtveit.
Fylkesmesterskapet hadde mange deltagere flest fra nabofylka, men like fullt trivelig. Fylkesmester
ble Arne Loftsgarden og Pearl, disse dro til NM som representanter for Telemark. Heller ikke i år blei
prestasjonen god nok til å få 2 deltager på neste års NM.
Antall ekvipasjer som har stilt på prøver i Telemark i 2012 er:
Klasse 1: 34 stk
Klasse 2: 3 stk
Klasse 3: 67 stk
Bruksprov:
I år kan vi gratulere følgende ekvipasjer fra Telemark gjetarhundlag med bruksprov:
Reg.nr. Navn Fører
S00/312286 Rob Jan Rune Mandt
V1108/2008 Seemwork Love Nina Elvebråten
NO45000/11 Ronja Linn Christensen
NO55936/10 Bjørk Rolf Moseid
NO49754/10 Tara Odd Skårnes
09232/08 Skippy Anne M. Madsen
NO50523/11 Apple Tove Funnemark
Treningssamlinger:
Der har blitt arrangert 3 treningssamlinger med tilsammen 37 deltakarar.
Ei samling på Lonar, ei på Søve og ei på Dyrskuplassen.
Hovedkurs: Dette ble arrangert 30.6 & 1.7 på Søve med Wenche, Toril og Arne som ansvarlige. Jaran
Knive og Karen Bilstad var i år hyrt inn som instruktører, som tidligere blei kurset fulltegna riktig nok
ikke før siste dag før kurset. Beklagelig nok, meldte instruktørene sykdomsforfall samme dag som
kurset skulle starte. I samråd med kursdeltagerne blei det bestemt å kjøre kurset med noen av lagets
instruktører til redusert pris. Tilbakemeldingene fra de 13 deltagerne etter kurset var positive.
Instruktørsamling:
20.1 – 22.1.2012 arrangerte TGL sammen med gjeterhundlaga i Agderfylka instruktørkurs. TGL var
teknisk arrangør og kurset blei avholdt på Dyrskuplassen i et forrykende snøvær. Jo Agnar Hansen var
hyrt som instruktør. Dette førte til at laget nå har 3 nye instruktørar.
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 37
Laget har i 2012 hatt følgende instruktører:
-John Li
-Kathrine Rud
-Ramon Sem
-Carl Erik Smørgrav
-Ann Kristin Teksle
-Tove Funnemark
-Wenche Folkestad
-Eivind Folkestad
-Knut Johan Hvistendahl
-Jane Kristiansen – Ny 2012
-Jan Toralf Omtveit – Ny 2012
-Arne Loftsgarden – Ny 2012
Dommere:
Laget har en dommer og en dommeraspirant
Dommer: Gunvor Mandt
Dommeraspirant: Ann Kristin Teksle
Dommersamling:
I år ble dommersamlingen arrangert på Knivebakken i Buskerud, som vanlig var det Jon Aas som var
ansvarlig for opplegget. I år var dommersamlingen todelt. På Knivebakken gjennomgikk Jon
prøvereglene, og dommere til prøvene i regionen blei fordelt. Vårprøva i Bingen utgjorde del 2 av
samlingen der det var åpen dømming med Jon Aas som dommer. Fra TGL stilte Åsne og Arne,
Gunvor og Ann Kristin var forhindret i å delta.
Treningssauen:
I år har det vært treningssau på Lonar og på Søve. Det har vært treninger på Lonar gjennom hele 2012
utenom i april og mai. Besøket har vært varierende, men i perioder meget bra. Organisert trening på
Søve har vært vanskelig å få gjennomført, men på tampen av året ser det ut til å kunne løse seg, slik at
dette kan gjennomføres i 2013.
Dugnader:
-Klipping av treningssau
-Gjerding på Lonar
-Arrangering av gjeterhundprøver
-Treningssamlinger
-Countryfestivalen
Medlemsbladet Gjetarhunden:
Medlemsbladet har kommet ut med 4 nummer i 2012.
Lagets hjemmeside:
Denne blir jevnlig oppdatert med info om trening, samlinger, resultatlister m.m. Laget har også egen
facebookside.
Stander der laget var med:
I år kun Minidyrskuen på Søve.
Medlemmer:
Laget har 90 hovedmedlemmer og 10 familiemedlemmer.
Økonomi:
Laget har solid økonomi. Se regnskap og balanse for detaljer.
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 38
Arbeidsplan for Telemark sau og geit 2013 TSG skal være ein aktiv og levande organisasjon
STYRKING AV ORGANISASJONEN
Styret skal:
o Styrke økonomien for og gje større handlingsfridom
o Tilby hjelp til lokallag og medlemmar som ynskjer å lage til arrangement som er med
på å styrke miljøet i fylket.
o Legge til rette for, og støtte arrangement som er meint som ein inspirasjon for
småfehaldaren. F eks.
Sauprosjektet “Sauekjøtt, ja d e gøtt”
Haustsamling/Tillitsmannssamling
Beiteutval
Vandreutstilling for geit
KONTAKT MED LOKALLAG
Styret skal
o Auke kontakten mellom fylkeslag og lokallag
o Yte hjelp i samband med lokale saker og møter
o Halde kontakt med lokallaga med hjelp av TSG sine nettsider
FAGARBEID
Styret skal:
Bidra til og spreie den avlsmessige framgangen frå avlsbesetningane til
bruksbuskapane, bl.a anna ved å legge til rette for kåring og omsetninga av
avkomstgranska værar, værutstillinga i Seljord
Ta del i den landbrukspolitiske dagsorden, og arbeide for å få det beste ut av den til ei
kvar tid gjeldande landbrukspolitikk.
Kurs
o Klyppekurs
o Insemineringskurs
o Andre kurs som er av interesse for småfehaldaren
PROFILERING
Styret skal:
Fylje opp representasjonsoppgåver i ulike lag og organisasjonar
Prøve å få innpass i presse og media på saker som
Omhandlar småfehaldet.
o Ha oppdaterte nettsider
o Stand i Husdyrhallen på Dyrskun
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 39
GEIT
Styret skal:
o Søke å være ein samarbeidspartner med produsentlaget for geit.
vandreutstilling på geit
o Styrke geitehaldet i Telemark
Jordbrukstingingane
ROVVILT
Styret skal:
o Arbeide aktivt for å redusere tap av beitedyr til freda rovvilt.
o Gje innspel til Rovviltnemda når det gjeld fastsetting av kvoter.
o Aktivt hjelpe beitelag og/eller den einskilde sauehaldaren når det oppstår konflikt
mellom småfe og rovvilt.
o Bruke media bevisst for å skape forståing for dei negative verknadene dagens
rovviltforvaltning påfører småfenæringa.
o Arbeide for å vitalisere Rovviltutvalet for å styrke kontakten mellom småfenæringa og
forvaltninga.
o Delta i kontaktutvalet for organisasjonane i rovviltregion 2
BEITEBRUK
Styret skal:
o Opprette eit beiteutval som er samansett av 1 representant frå styret i TSG og 2
medlemmer som veljast på årsmøtet. Styrerepresentanten bør vere leiar i
utvalet.
Utvalet skal ha som hovudmål å betre tilhøva innanfor beitebruk og
rovdyrproblematikk for småfehaldarane i fylket. Det skal vera eit organ
der beitelag, lokallag og den einskilde småfehaldaren kan ta kontakt for
å få hjelp i samband med beite- rovdyr- eller andre konfliktspørsmål.
Beiteutvalet skal gje sin årsrapport i organisasjonens årsmelding, på
same måte som avlsutvalet
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 40
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 41
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 42
KtoNr KontoNavn Regnskap 2012 Budsjett 2013
DriftsInntekter
3000 Medlemskontingent 78 395,00
77000,00
3404 Årsmøte, annonser m.m. 1 000,00
1000,00
3405 Egne lotterier 4 250,00
4000,00
3410 Inntekt avlsarbeid 35 300,00
35000,00
3411 Inntekt klyppekurs 47 210,00
25000,00
3703 Diverse salg Dyrskun m.m. 6 440,00 6000,00
Sum DriftsInntekter 172 595,00
148000,00
DriftsKostnader
4013 Kostnader avlsarbeid 44 950,03
45000,00
4022 Utgifter årsmøte/medlemsmøter 4 033,98
10000,00
4023 Utgifter klyppekurs 41 793,29
20000,00
4024 Styremøte, ymse kostnader 7 834,60
8000,00
4027 Andre møter: beite, rovdyr m.m. 1 510,00
1500,00
4028 Innkjøp varer for salg på Dyrsku`n 3 960,00
4000,00
5330 Godtgjersle til styret 15900,00
20000,00
6700 Kontingentutgifter 500,00
500,00
6941 Porto, gebyr m.m. 1095,00
1000,00
7101 Reisegodtgjersle styret 15133,00 15000,00
Sum DriftsKostnader 136709.90
125000,00
DRIFTSRESULTAT 35 885,10
23000,00
Finansposter
8040 Renteinntekter 2 069,16
2000,00
8140 Renteutgifter og gebyrer 396,00 400,00
Sum Finansposter 1 673,16
1600,00
ÅRSRESULTAT 37 558,26
24600,00
Årsmelding 2012 -Telemark Sau og Geit Side 43
Recommended