View
0
Download
0
Category
Preview:
Citation preview
I Eventyrskogen kan du finna på mange ting, og du kan møta både troll og andre figurar. Gå i fotspora til
Oskeladden og ta utfordringane som kjem i din veg. Klarar du oppgåva, får du stempla i høgre kanten.
Klarte du alle utfordringane ,kan du få stempel i resepsjoen .
Kar
t: B
arsn
es G
rafi
sk P
rod
uks
jon
Balansekunst
Greier du å balansera ein heil runde på ba-
lansetauet mellom trea?
Trollmusikk
Eventyrskogen er full av musikkinstrument.
Med hjelp av trepinnar og steinar, sauebjøller
og skraller eller andre ting du finn i skogen
kan du laga fin og skummel trollmusikk. Ekst-
ra fint blir det om du syng attåt!
Eventyr
I postkassen ved trollskogen finst mange
ulike eventyr. Du kan enten lesa sjølv eller
få nokon til å lesa eit eventyr for deg.
Berget det blå
Her kan du gjera to ting. Ved foten av ste-
gen kan du syngja ein song. Forslag finn
du i heftet. Eller du kan klatra opp stegen
og slå i gong-gongen.
Gull av gråstein
Visste du at trolla lagar gull av gråstein her i
Berget det blå? Kan du hjelpa Trollgubben og
samla småsteinar i bytta, slik at han kan ta
dei med seg inn i berget og laga gull av dei?
I eventyrskogen finn du figurar henta frå
eventyret Gjæta kongens harar. Oskelad-
den er ein av figurane i eventyret, og han er
ein venleg sjel. Gjer som Oskelodden du og:
Ver hjelpsam og sei noko fint til dei du mø-
ter, så skal du sjå kor glade dei blir!
Stå ikkje der og glis, men kom og hjelp ein gammal krok!
Greidde du alle utfordring-
ane? Supert! Då er du ein ekte
Oskeladd! Du kan no gå inn i
resepsjonen og få eit stempel!
ANDRE TING DU KAN GJERA I
EVENTYRSKOGEN:
1. Troll og andre figurar i skogen
Let du fantasien
vandra fritt, kan du i
finna mange ulike
vesen i naturen. Ei
grein kan likna på
ein drake, ein stein
på eit troll osv. Vi
har måla nokre slike vesen, men du
finn sikkert fleire. Kva vesen finn du,
og kor mange?
2. Dyr av kongler
Finn ei moden kongle, og lag bein
med pinnar eller fyrstikker. Slik kan
du laga deg ein bondegard eller ein
dyrepark! Har du lyst å laga tvare
eller barkbåt, kan
ein vaksen låna
kniv i resepsjonen.
3. Ta bilete i lag med trollfamilien
nedst i Eventyrskogen!
Gå i fotspora til Oskeladden og ta utfordringane du møter på.
Klarar du oppgåva så får du stempla på kartet.
Recommended