24

2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

  • Upload
    others

  • View
    2

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2
Page 2: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

På døra til ei mellomalderkyrkje i Köln finst eit bilete som viser Jesusbarnet i krubba. Bak ser vi oksen og eselet og over det heile Betlehemsstjerna. På kvar si side av krubba sit Maria og Josef. Dette motivet finst i ulike versjo-nar over heile jorda. Det spesielle ved akkurat dette biletet er innskrifta som står på sida: HIC ARTATUR DEUS = Her blir Gud avgrensa.

Fyrste gongen eg møtte denne set-ninga slo den umiddelbart inn i meg: Det er jo dette som er jula sin løyn-dom. Her blir Gud avgrensa. Ingen kan utøve avgrensinga sin kunst slik som Gud, for ingen har så mykje å miste.

Jesus, som kom frå Gud, søkte seg nedover til ei krubbe i småbyen Betle-hem. Martin Luther seier det slik: "Han som all verden er for trang, Her ligger Han på moders fang".

Det er naturleg å tenkje at dersom Gud er til, så er han så stor at vi ikkje kan fatte han. Men juleevangeliet seier: Han lèt seg fatte i krubba!

Mange trur at dersom Gud er å finne noko stad, så må det vere ute i det uavgrensa rommet, i naturen. Men kva finn vi eigentleg der? Vi kan vel saktens ane Gud, men heller ikkje meir. For her er ingen ord, ikkje noko ansikt og ingen tydeleg vilje.

Dersom vi ikkje kjenner Gud i krubba, så blir den Gud vi finn ute i naturen forma som ei forstørring av våre eigne tankar, kjensler og draumar. Natur-opplevinga blir ei stadfesting av det tankegodset vi har med oss allereie. Men jula sitt evangelium seier noko vi ikkje kunne ha tenkt ut på førehand: "Ordet blei menneske og tok bustad iblant oss" (Johannesevangeliet 1, 14).

Jesus, Ordet frå Gud, gjekk rundt

blant oss i Nasaret, Kapernaum, Betania og Jerusalem. Han vandra omkring og hadde heile himmelen med seg. Ikkje rart mykje skjedde. Ikkje rart at folk undra seg og sa: Alt han gjer er godt!

Kvar finn vi Gud? Her i Jesus er Gud i avgrensa utgåve som menneske – men likevel heilt og fullt til stades. Paulus skriv ein stad: "For i han ville Gud la heile sin fylde bu".

Her blir Gud avgrensa – det betyr at Gud finst over alt, men han lèt seg ikkje møte overalt. Gud er for stor for oss. Han er for rein, for heilag, for lysande til at vi med vårt øydelagde og sjølvsentrerte perspektiv kan finne han.

Men i barnet i Betlehem, som blei til mannen Jesus, der er Gud. Denne jula møter vi han igjen i kyrkja, i Bibelen og i bønna. Det er avgrensa møteplassar, men der er den grense-lause Gud alltid å møte, heilt og fullt. Og det er ingen ting han heller vil enn å møte oss.

Halvor NordhaugBiskop i Bjørgvin

2 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Ein avgrensa Gud

Page 3: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

desse plassane. Asmund Nøtsund har samla mykje og stilt dette stoffet til rådvelde. Kjell Skår vil også hjelpe til med stoff han har.No går utfordringa til deg: Har du bilde av poststader, tilsette og/eller historier episodar som kan vere med i ei slik bok, vil vi gjerne få greie på dette.Ta snarast kontakt med Atle Lyng-stad Ness, Yksnebjørvegen, 6963 Dale. Tel 911 49 806. [email protected].

Hjarteleg takk for kr 8 042 i minnegåve til Gud-dal kyrkje ved gravferda til Hans. O. Hovlandsdal 7. oktober 2015.

Gudstenesta i Guddal kyrkje på nyttårsaftan er flytta til søndagen etter Helgemessesøndag.Tidlegare då Fjaler prestegjeld had-de to heile prestestillingar, hadde vi på Helgemessesøndag gudsteneste i begge kyrkjene og begge kapella der vi minnast dei som hadde gått bort det siste året. Etter at vi fekk mindre presteressursar har vi hatt to helgemessegudstenester, ei i Dale og ei i Ytre Fjaler. I Guddal har vi minnest dei døde på ei gudste-neste på nyttårsaftan. Vi har fått tilbakemelding frå pårørande om at nyttårsaftan ikkje er den dagen som høve best for dei med omsyn til å kome på minnegudstenesta. Frå og med i år flytta vi difor gudstenesta frå nyttårsaftan til søndag etter Helgemessesøndag.

Dale kyrkje 150 år.Jubileumsheftet er til sals på kyrkje-kontoret.Som vi hugsar var Dale kyrkje 150 år i 2014. Jubileumsheftet som Atle Lyngstad Ness var redaktør av, er også dette året godt eigna til julegåve, både for Dalebuarar og utflytta Dalingar. Prisen pr. hefte er kr 150, men du kan få rabatt ved kjøp av fleire – billegare dess fleire du kjøper J.

Kyrkjelydsblad for Fjaler 3

Kyrkja i Fjaler er på Facebook:https://www.facebook.com/FjalerKyrkja

På kyrkjebakken

Innhogging av nye namn og oppfrisk-ing av skrifta på gravminne.

Kyrkjeverja formidlar kontakt med ein som kjem vår og haust og gjer slikt arbeid.

Ta gjerne kontakt!

LJOSHEIMBASARENi 2016 blir laurdag 20. februar.Som tidlegare blir det på vår årlege basar i februar mange fine gevinstar. Ljosheimbasaren er kjend for mykje fint lokalt handarbeid og andre fine gevinstar. Her blir, tradisjonen tru, både loddbøker og åresal. Ettermiddag-skaffien er også sikra med mykje god kaffimat. Vi er takksame for alle som støttar opp om Ljosheim som blir mykje brukt. Vi er avhengige av basar, gåvemidlar og leigeinntekter for drifta av huset.

Litt av handarbeidet som blir gevinstar – laga av Marie Skadal og Hilda Haugen.

Juleevangeliet på nett?På www.bibel.no eller ved å bruke denne QR-koden får du gratis tilgang til heile Bibelen på datamaskin, nettbrett eller smarttelefon. Du kan velje mellom gamle og nye omsetjingar på bokmål eller nynorsk. Juleevan-geliet står i Lukas 2, vers 1-20.

Har du bilde/stoff til postsoga?I 2016 vil Fjaler Sogelag gje ut eit hefte med opplysningar om posten i Fjaler - postkontor, brevhus, omde-lingsruter og ikkje minst tilsette på

Page 4: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

4 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Jentelaget «Kummenejes disiplar» vann nattcupen i 2001. Frå venstre: Ine Sofi Sætenes Haaland, Malene Skogly, Tone Myklebust, Sølvi Langø, Anna Lovise Skaar, Ida Solheim-Olsen, Mari Haugsbø, Tora Hope, Sigrunn Kjøsnes, Stine Åsnes, Annette Øen.

«Dei sju disiplane» vart til ni og vann heile nattcu-pen! Jublande frå venstre: Julie, Sigrid, Malin, Sara, Silje, Malene, Eline, Torinn, Thea.

Første pokal sidan 2001!I 2001 vann Fjaler sitt jentelag nattcupen. Det var same året som årets konfirmantar vart fødd. Sidan den gong har korkje jente- eller gutelaget vunne nattcupen,

sjølv om eitt av gutelaga i 2010 var nære då dei tapte finalen på straffespark. I år slo derimot jentene til og vann finalen heile 4-1.

Gutelaget «De kristne»Ståande frå venstre: Ivar Snekkevåg, Benjamin Mikael Gallefoss, Sigmund Haugen Kjosaas, Daniel Kleppe, Tony Høgheim Brattelid, Anders Ulvatne Igelkjøn, Tomas Igelkjøn Åsnes. Sitjande: Marcus Lundekvam Milde

Gutelaget «WADWA»Frå venstre: Kjetil Rennestraum, Steffen Myklebust, Gaute Løseth, Kristian Holen Eldevik, Jørgen Vårdal, Marius Haugen, Viljar Solheim Løkkebø. Liggjande: Ivar Kveane

Jentelaget «Dei sju disiplane» med heiagjengenBak frå venstre: Eline Snekkevåg, Sunniva Holstad (heiagjeng), Silje Antonisen, Marlin Hellebust (heiag-jeng), Julie Eide Dale, Helene Lutentun (heiagjeng), Sara Rose Zadig, Lene Marie Vik Øen (heiagjeng), Sigrid Aanestad Moltumyr.Framme frå venstre: Thea Salbu, Torinn Eiken, Malene Valvik, Malin Løseth Haugen

Page 5: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

Vesle Victor er barnet til ein namnlaus valdtektsmann og tenåringen Maria som har overlevd det unemnelege. Han er eit barn fødd i smerte og kjærleik. Denne jula kan du vere med og gje ein ny start til born som Victor og mødre som Maria. Det kan du gjere saman med kyrkjelyden din og Kirkens Nødhjelp.

–Når eg ser på Victor, prøver eg å tenkje på framtida, og ikkje på kva eg har opplevd. Eg elskar han, seier Maria (19). Ho bur framleis saman med sonen på rehabiliteringssenteret Dorcas hus, der overlevande etter krigsvaldtekter får tryggleik, traumebehandling og støtte til å utvikla sitt eige levebrød. Senteret ligg vegg i vegg med Panzi-sjukehuset der Maria er eitt av 50 000 valdtektsoffer som har fått livreddande behandling av den fredsprisnominerte kirurgen Denis Mukwege og teamet hans.

Valdtekt som taktikkKonflikten i Aust-Kongo held fram. Brutale valdtekter blir brukte

taktisk i konflikten for å rive i stykke familiar og lokalsamfunn. Krigen handlar om kontroll over råvarer og rivalisering mellom ulike etniske grupper. Overgriparane har ofte vore soldatar sidan barndomen, og ofra får store fysiske og psykiske skadar. Maria er ei av mange som også får barn som resultat av valdtektene:

– Eg vil ikkje at borna mine skal oppleva all valden eg har opplevd. Det vil øydeleggja dei så veldig. Slik kan vi ikkje ha det, seier Maria.

Gje tryggleik til jul!Kirkens Nødhjelp jobbar med dei som er skada, med dei som skadar andre og med dei som med livet som innsats vil førebyggje vald og skapa tryggleik i Aust-Kongo. Dei siste tre åra har Kirkens Nødhjelp gjeve fleire tusen overlevande etter valdtekter traumebehandling, skulegang og arbeidstrening på ein stad der dei kan kjenna seg trygge. –Dette arbeidet kan du delta i! For det går heldigvis an å kome på beina att etter øydeleggjande vald. Og valden kan stoppast. Takk for at du er med og gjev tryggleik til jul, seier generalsekretær Anne- Marie Helland i Kirkens Nødhjelp. Sjølv har Maria ei oppmoding til oss: –Be for oss og landet vårt så valdtekt og vald stoppar!

Kyrkjelydsblad for Fjaler 5

Eit barn er fødd i Aust-Kongo:

Gje tryggleik til jul!

Panzi-sjukehuset blei oppretta av Dr Denis Mukwege i 1999. Det var meint som eit sjukehus for fødande kvinner, men blei eit valdtektsmottak som måtte spesialisere seg på kirurgiske operasjonar for å redde kvinner og jenter med øydelagde underliv etter krigsvaldtekter. Har gjeve livreddande behandling til meir enn 50 000 valdtektsoffer.Dorcas hus er eit rehabiliteringssenter knytt til Panzi-sjukehuset. Her får kvinnene traumebehandling, opplæring og støtte i kvarandre for å kunna klara å leva att og ha eiga inntekt. I tillegg driv senteret forsking og førebyggjande arbeid som spesielt rettar seg mot menn. Kirkens Nødhjelp er norske kyrkjelydar sin eigen diakonale organisasjon, og har jobba i Aust-Kongo i 25 år, etter å ha støtta diakonalt arbeid i landet sidan 70-talet. Berre dei siste tre åra har 2 541 overlevande etter valdtekter fått traumebehandling, skulegang og arbeidstrening på ein trygg stad som resultat av dette arbeidet. I tillegg fokuserer Kirkens Nødhjelp på fred og forsoning, førebygging av kjønnsbasert vald og å sikra reint vatn og trygge sanitærforhold til folk som er fordrivne på grunn av konfliktene.

Gavekonto: 1594.22.8724

Page 6: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

6 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Den store forteljinga! I 2016 vil vi invitere "minikonfirman-tane" med på "Den store forteljinga" som handlar om Bibelen. I år blir det 5. klasse på Dingemoen, 3.-5. klasse i Guddal og 3.-6. klasse på Våge som får innbyding.

Samlingane i Dale blir på Ljosheim desse datoane:Torsdagane 21. januar og 28. feb-ruar kl 13.00-14.30 på Ljosheim.I Hellevik kapell blir det samlingar onsdagane 20. og 27. januar kl 18.00-19.30.

I Guddal kyrkje blir det samlingar tysdagane 12. og 19. januar kl 14.30-16.00.Vi tek atterhald om at nokre av desse dagane kan bli endra. Det vil uansett bli sendt ut invitasjons-brev.

Gudstenesta i Dale kyrkje med utdeling av konfirmantbibelen blir søndag 31. januar kl.11.00.Det blir utdelingsgudsteneste i Hellevik kapell søndag 31. januar kl 14.00.

I Guddal blir utdelingsgudstenesta søndag 24. januar kl 14.00.Gjennom desse samlingane håpar vi borna vil lære mykje om både Bibelen og gudstenesta. Vel møtt!

Trusopplæringsopplegg – for 2-åringane!16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2 år. Alle 2-åringane i heile Fjaler blir invitert til ei samling på Ljosheim i januar. Då skal vi synge songar frå Mi Kyrkjebok 2, og mellom anna lære nokre kveldssalmar. Besteforel-dre er også hjarteleg velkomne til å vere med. Elles skal dei få bli kjent med "Krølle", det lille lammet som gjekk seg bort.

GT-agentane GT-agentane er eit spennande opplegg der barna lærer om og opplever gudstenesta vår (GudsTe-

neste = GT). Barna frå 4. årssteg-et vil finne ut meir om dei faste songane og bøner som vi syng og seier fram gjennom heile året og den spennande historia frå Bibelen som ligg bak dei. Vi vil gi kulturar-ven vår vidare til nye generasjonar, slik at dei kan ha kjennskap til og vere trygge på det som skjer i gudstenesta.

4. årssteget frå Dingemoen og Flekke skular er invitert til ei sam-ling i Dale kyrkje på den korte skuledagen – torsdag 25. februar og til ei gudsteneste saman med Dale barnekor søndag 28. februar kl.11.00.

4. årssteg frå Guddal og Våge får vere GT-agentar i 2017.

Vi ber om at føresette til barn med spesielle behov med omsyn til læring eller anna melder frå om dette. Så kan vi saman leggje til rette for at GT-agent-opplegget blir ei flott oppleving for alle. Vel møtt til songglede og fellesskap, op-pgåveløysing, drama og rollespel! MT

Trusopplæringsnytt

Oppstart av småbarnssong i 2016I haust har eg vore på kurs i småbarnssong, og har lyst til å bruke kompetansen til å starte opp dette tiltaket i Fjaler i løpet av 2016. I Fjaler har vi babysong, Laurdagsklubben og ulike fritidsaktivitetar for barn som har byrja på skulen, men frå alderen 1-4 år har vi ikkje noko tilbod for born. Derfor er det fleire som har vist interesse for at ein startar opp småbarnssong i Fjaler. Det er stor skilnad på ein 1-åring og ein 4-åring, så ein må finne meir ut av kva aldersgruppe ein skal fokusere på. Sidan eg er heilt i startgropa av planlegginga, er eg open for innspel og samarbeid med andre som er interesserte i å få starta opp småbarnssong i Fjaler.

Ragnhild Stav

2-årssamling på Ljosheim

Page 7: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

Dette er temaet på kyrkje- og misjonsdagen på Alværa Misjons-senter laurdag 9. januar kl. 10.00-16.00Kva inneber det å byggje kyrkje-lyd? Kva utfordringar møter vi når vi bur så spreitt og det i tillegg går ei sentraliseringsbølgje over landet vårt? Korleis engasjere friviljuge? Korleis skape fellesskap som betyr noko i kvardagen? I år er vi glad for å ha fått Knut Fredrik Sørheim til hovudinnleiar. Han vart i haust pensjonist etter å ha vore sokne-prest i Masfjorden i om lag 30 år. Misjonskonsulent Ingvald A. Frøyen blir med også i år. Tradisjonen tru vil vi denne dagen også syngje my-kje, ete god mat og få tid til å bli

kjent med nye menneske. Temada-gen blir avslutta med gudsteneste kl. 14.30. Om ettermiddagen blir det eit kort årsmøte for Det Norske Misjonsselskap (NMS) i Ytre Sogn område.Set av dagen allereie no, så du ikkje går glipp av ein inspirerande dag i møte med andre frå både Sunnfjord og Ytre Sogn. I år vil vi spesielt utfordre dei nye sokneråda til å vere med. Brosjyre blir sendt rundt til kyrkjelydane, men ein kan melde seg på til Alværa allereie

no, telefon 48990661. Det blir leiarhelg for ungdom frå fredag kveld, og vi håpar at også barne-familiar har lyst til å vere med i eit triveleg fellesskap denne laurdagen i januar.

Områdeutvalet i NMS

Kyrkjelydsblad for Fjaler 7

Ver med på Mariahelg 4—6. mars "Alle mine veier"

Fredag 4. mars til søndag 6. mars blir det igjen Mariahelg på Alværa Misjonssenter ved Lavik i Sogn – ei helg der vi får senke skuldrene og løfte blikket. Opp til 40 damer samlast til åndeleg og sosialt felless-kap, kreativ utfalding, påfyll til kvardagane og gode måltid, alt saman i trivelege omgjevnader. Det vert høve for både turgåing, skravling, song og spel, meditasjon og/eller handarbeid i sofakroken. Viktig på Maria-helga er også at ein ikkje er forplikta til å vere med på alle programpostar, men kan bruke tid til kvile eller stille stunder, dersom det er eit ønskje.

Hovudtaler Anne Kristin Aasmundtveiter forfattar, redaktør og bibelforteller. Fikk Emmausprisen i 2006 sa-man med illustratør Hilde Kramer for boka Gule roser til pappa. Boka ble også prisbelønt i Grafills Årets vakreste bok i 2007. Sist utgitte bok: Alle mine veier. En pilegrims vandring.Anne Kristin har lang erfaring med solosong, spesielt i kyrkjelege samanhengar.

Meir informasjon og påmelding: 489 90 661 eller på e-post: [email protected]. Du finn oss også på facebook.com/Mariahelg.paa.Alvaera. Velkomen til Mariahelg!

Din plass

Ingen kan taka frå degdet beste av alt du eig.Så lat dei då rana rikdomog trø på din blometeig.

Lat susa dei motgangsvindar,knusa og riva i sund.Dei kan ikkje rikka borgabygd på ein bergfast grunn.

Einast du sjølv kan missa,leia og ganga vil.Det er når du vrakar vissaat eitt er du ætta til.

Ingen kan taka frå deglukka i kall og tru.For du eig ein plasssom ingen er etlamen berre du!

Målfrid Skaar

Frå "Ungdomsven", lagsavisa til Dale UL, jula 1955.

Å vere kyrkje i grisgrendte strøk

Page 8: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

8 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Fjaler kommune har takka ja til å vera ein pilotkom-mune i prosjektet Krafttak for song. Vi er altså no ein SYNGANDE KOMMUNE!

Kommunen har sett ned ei koordinatorgruppe (der kantor Mark Taylor representerer kyrkja) som skal jobbe med ulike tiltak – og dette er eit 3-årig pros-jekt som skal få oss alle til å synge meir. Det vert meir informasjon om dette vidare.

- Mogelege tiltak kan vere:

• Internasjonalt ungdomskor • Småbarnsong – barnehageborn • Musikk for demente • Opne allsongkveldar • Songprosjekt – med populære band• Fargespel Fjaler (inkludering)• Kor for utviklingshemma• gitarkurs for barnehage /skuletilsette

79 songarar i 5 lokale kyrkjekor gleder seg til å få fleire i Fjaler med å syngje i kor og elles å gje eit breiare publikum konsert- og allsongopplevingar.

200-års bibelfest Bibelen skal vere på alle sine lep-per neste år. Bibelselskapet feirar 200-årsdag i 2016.

Det Norske Bibelselskap blei stifta 26. mai 1816 i Oslo Domkirke, og domkirken er arena for fleire delar av bibelfesten mai 2016. I Fjaler set vi fokus på Bibelen ved å syngja fleire av dei mange bi-belske songane på ei stemningsfull Tenebrae-songkveld.

Kva er Tenebrae?Tenebrae er latin for mørke eller skugge. Gangen er enkel med vek-sling mellom tekstlesing og song frå den bibelske boka Klagesongane. Det blir tre allsongar (salmar) med heile forsamlinga pluss korsong ved Cantus, inkludert 5 nye songar komponert av kantor Mark Taylor med den nynorske bibelomsetjin-ga. Songane har ein variert og folkeleg stil, og sjølv om tekstane er klagesongar, er det mykje håp og glede i både tekstane og musikken.

Den femte songen tek i bruk heile kyrkjerommet på ein spennande vis, der forskjellige korstemmer syng frå galleria og nede i kyrkja. Ein av songane er komponert spesielt til solistane Sidsel Anita Itland og Leif Gunnar Igelkjøn.

Sløkking av lys I løpet av Tenebrae blir kyrkja gradevis mørklagt. Etter kvar lesing eller song, slukkar ein eit av 15 levande lys (og etter kvart alle lysa elles i kyrkja, unntatt lysekrona med levande lys) inntil berre eit lys er framleis tent, Kristuslyset, som symboliserer Jesus. Kristuslyset er deretter gøymd bak altaret. Etter litt sterk orgelmusikk av Haydn (som symboliserer jordskjelva ved Jesu oppstode), kjem Kristuslyset tilbake til sin plass og forsamlinga går stille ut av kyrkja i lyset frå Kristuslyset.

Om klagesonganeI dag finst det dessverre framleis menneske som er ramma av krig og svoltne barn er på flukt rundt

om i verda. Med desse songane klagar vi til Gud på vegne av medmenneska våre. Klagesongane tek opp sentrale spørsmål: Kvifor er det liding i verda? Kvifor verkar det som om vondskapen vinn? Har Gud gløymd oss? Mark har valt ut tekstar som er aktuelle i dag. Musikken gir kjensle til dei gamle bibelske orda frå 587 f.Kr. og gjer bibeltekstane levande for menneske i vår tid.Start fastetida med ei vakker og sterk oppleving i Dale kyrkje – ei tid for ettertanke og ro.

Lys i gamle hus - Tenebrae med Cantusoskeonsdag, 10. feb kl.19.30 i Dale kyrkje

Page 9: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

Kyrkjelydsblad for Fjaler 9

Ingen vil verekyrkjegardsgravar i FjalerKva no?

Kva gjer vi i Fjaler når ingen vil ta over kyrkjegardsgravinga (gravplassgraving) etter Reidar Langeland som sluttar ved årsskiftet etter 20 år som gravar på alle kyrkjegardane? Reidar ønskjer å slutte etter å ha nådd pensjonsalderen, og vi søkjer etter nokon til å overta gravarjobben.

Ingen har lagt inn tilbod på kyrkjegardsgravinga etter at den i august vart lyst ledig både i Firda og i Kyrkjebladet for Fjaler. Det har heller ikkje lukkast oss å rekruttere nokon.

Vi er normalt optimistarJ, men no byrjar det å røyne på. Ver venleg å ta kontakt om du kan hjelpe oss!!!

Våre to kyrkjetenarar og kyrkjegardsarbeidarar Liv Svan-hild og Reidar Langeland ønskjer å slutte ved årsskiftet etter trufast og god teneste gjennom 26 år.

Vi treng difor nokon til å ta over arbeidet deira.

Kyrkjetenar ved Guddal kyrkje: 10 % stilling.Kyrkjegardsarbeidar ved Guddal kyrkjegard: 15 % stilling.

Stillingane kan med fordel kombinerast.

Kyrkjetenar ved Guddal kyrkje:Allsidig arbeid. Ansvar for reinhald og tilrettelegging av kyrkja til kyrkjelege handlingar. Oppfølging av HMT og enkle vedlikehaldsoppgåver.Aktiviteten i Guddal kyrkje har dei siste åra lagt på mellom 18 og 22 arrangement. Årleg er det 12 forordna gudstenester på søndag og heilagdagar. Gudstenestene er fordelt utover året, med flest i mai og desember. I mai: konfirmasjon og 17.mai. I desember: lysmesse, skulegud-steneste og julaftan. I tillegg kjem teneste ved skulegudste-neste, gravferder, kanskje ein vigsel og ein konsert.I tillegg til teneste før og under arrangementa må ein ha eit visst tilsyn med kyrkja mellom arrangementa.

Kyrkjegardsarbeidar ved Guddal kyrkjegard:Stillinga blir lønt ut pr. månad men med mest arbeidsplikt

om sommaren, då det vinterstid ikkje er så mykje arbeid på kyrkjegarden. Drift og vedlikehald av kyrkjegarden og tilhøyrande utstyr - inkludert snøry-dding ved kyrkjelege arrangement. Arbeid som klipping av gras, jamning og tilsåing av graver m.m.

Felles for begge stillingane er at søkjar må snakke godt norsk, ha førarkort og disponere bil. Vi ønskjer ein omg-jengeleg, praktisk anlagt, arbeidsvillig, positiv og løysing-sorientert person med evne til å arbeide sjølvstendig.

Kyrkjetenaren må vere medlem i Den Norske Kyrkja. Tilsetjinga skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, regelverk og KA sin tariffavtale.

Løn etter KA (www.ka.no) sin tariffavtale i lønsgruppe 1. Tillegg for arbeid på kveld, helg og høgtidsdagar.

Kontakt gjerne kyrkjeverje Irene Fløde for meir informasjon tlf. 57 73 97 71 – 992 38 420.

Søknadsfrist 31.12.2015.

Fjaler sokn, kyrkjekontoret, Boks 18, 6961 Dale i Sunnfjord.

Reidar Langeland og Sverre Løseth har begge lang fartstid som gravar. Arkivbilete frå 1996, då Sverre gjekk av med pensjon.

KYRKJETENAR OG KYRKJEGARDSARBEIDAR I GUDDAL

Ledig stillingar / stilling

Page 10: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

10 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Her kan du lese Atle Ness sin tale på Ljosheimsfesten laurdag 31. oktober:

Kjære Ljosheimvenner - gode festlyd!Dette er ein stor dag, ein viktig dag, ein dag der vi med god grunn kan feire og heise flagget høgt: Ljosheim er 50 år!

50 år er ingen høg alder, korkje for bygningar eller menneske, men det er heller ikkje noko mål i seg sjølv berre å få mange år. Dei må fyllast med noko. Det er betre å leggje liv til åra, enn år til livet, heitest det. Og så langt har Ljosheim gjort begge delar. Det er all grunn til å gratulere huset med åremålet!

Vi er nokre veker for tidleg ute til å treffe akkurat på 50-årsdagen for vigslinga, den 5. desember 1965. Og høyr kva Firda skreiv: Dei fekk

ikkje plass til alt programmet på ein dag, så dei møttest igjen om kvelden dagen etter for å gjere seg ferdige med feiringa.

Men vi er ikkje dårlegare 50 år seinare, no òg vert det feira i to omgangar. Først i februar, då Ljosheimbasaren gjekk av stabelen med fullt hus. Medrekna innkoma på basaren og eit par gåver i etterkant, kunne kasseraren bokføre ei inntekt på 62.660 kroner! Og i dag skal vi plusse på med nokre tusen til. Det er berre populære bursdagsborn som kan greie slikt.

Vi må minst 70 år tilbake for å finne kimen til jubilanten som samlar oss i dag. Vi veit at det vart samla inn pengar i 1945, og i det første kyrkjebladet som kom ut etter krigen, i august 1946, er der eit inserat om reising av "eit kristeleg samlingshus", truleg ført i pennen av sokneprest Ivar Døskeland. Det er alt bestemt at huset skal heite "Ljosheim", og Dale sokneråd og Dale indremisjon skal gå saman om å reise huset. Dei skal ha tre medlemer kvar i styret, og forman-nen skal dei ha kvar sitt år.

I 1945 hadde styret 15.000 kro-ner til rådvelde, så det laut mon-aleg meir til. Med innsamlingslister i Strand, Hestad og Dingemoen krinsar, var folket mannjamt med. I bladet er dei største einskildgåvene

nemnde: To gav 250 kroner kvar, ein gav 300, to gav 500 og ei gåve var på heile 1000 kroner. Det var mykje pengar det, i 1945. Med dagens kroneverdi tlsvarar det om lag 20.375 kroner. I innsam-linga hausten 1945 kom det inn 25.000 kroner i gåver og rentefrie lån, og det var lova fleire store og dyre vinstar til utlutinga som skulle vere 8. september 1946.

"Eit kristeleg samlingshus" heitte det i planane, og bygningen skulle nyttast til konfirmantførebuing, kyrk-jelydsfestar og større møte. I ettertid veit vi at den har vore meir allsidig enn som så. Endåtil moteframsyning har her vore.

Mathilde Døskeland var første formannen i styret, men då ho slutta i 1949, og dei flytte til Vik, tok Myrtle Skaar over leiaransvaret. Ho sat med det i 40 år. Ein impon-erande innsats. Ho var såleis leiar den dagen huset vart offisielt teke i bruk, medan Kristoffer Hovland var formann både i husstyret og byggjenemnda. Han sa det slik 5. desember 1965: "Dette er ein dag vi har sett fram til og mest ikkje kan tru har vorte røyndom!".

Arkitekt Håkon Kragerud frå Førde teikna huset som hadde ei grun-nflate på 240 kvadratmeter. I hovudhøgda er forsamingssalen på 140 kvm, og småsalen på 40

Ljosheim 50 år

Gro brukar flanellografen (sikkert 50 år, den òg!) når ho fortel om den gode Samaritanen.

Kjekt med bibelforteljing! Ein del av Laurdagsklubben var med og song for oss.

Page 11: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

Kyrkjelydsblad for Fjaler 11

kvadrat. Matsalen nede er på drygt 100 kvm, i tillegg til kjøkken, gang med trapp opp, garderobe og toalett.

Kommunen gav tomta, og taket kom på til jul i 1964. Tømrararbei-det fekk Odd Tundal, medan An-dreas Langeland og Aksel Bjørvik fekk tilslaget på mur og puss. Huset var kostnadsrekna til 280.000 kroner.

Ljosheim var ikkje heilt ferdig då det vart vigsla, men det kunne godt takast i bruk slik det stod. Ifølgje Firda, me får stole på dei, skulle det haldast tilstelling for arbeidsfol-ka når alt arbeid var avslutta.

Vigslingsdagen kom mellom 200 og 250 menneske. Ikkje berre frå Dale, men heile Fjaler, på begge sider av fjorden, ja, endåtil frå Gaular.

Føremidddagen var det først vanleg gudsteneste ved res.kap. Jacob Elias Steinarson og sektretær Od-land i Indremisjonen. Steinarson, som var sokneprest her frå 1950 til 1962, var no i Gamle Aker, Oslo, og kom for å vere med på vigslin-ga.

Klokka 13.30 var det samling i "Ljosheim", der det var bevertning i matsalen, og det kosta 5 kroner! Klokka 15 var det så samling her i salen. Då han ønskte velkommen til festsamværet, takka Kristoffer Hovland for den store velvilje som hadde vorte synt Ljosheim ved yting

av midlar og gåver. Han nemnde spesielt måleriet "Fader Vår". Som det ofte er med kunst – meinin-gane var delte om dette målarstyk-ket, til dels svært delte. Det enda i si tid med at det vart teke ned.

I teksten under eit interiørbilde frå salen her stod det i Firda fredag 10. desember 1965: "Salen i Ljosheim er svært pen, veggene er i kvit rustikk og taket oljegult, liksom gardina på begge sidene er haldne i gult. Salen er dels indi-rekte opplyst, dels frå hengande kuplar. På vestveggen eit vindu i kross-form med blått glas. Elles ser ein måleriet av den svenske kun-stnarinna Wivi Svendson, spesielt laga for Ljosheim. På veggen òg ein smijarns lyshaldar. Til opning-shøgtida hadde Barthold Vonen sendt store greiner av hemlock-gran som var svært dekorative i gongen og salen".

Etter salmen "Dette er huset Herren har bygt" heldt sekretær Odland festtalen. Etter talen song dei "Lover den Herre", før sokneprest Paulsen fekk ordet. Han streka under at dette var første dagen Guds ord vart bore fram i dette huset, og at lyset stråla frå det som ein retteleg ljosheim. Slik vona han det ville gjere i framtida òg. Han mintest dei mange som hadde vore med og ytt ein skjerv, men som ikkje fekk oppleve huset ferdig.

Holmedølingen og kyrkjemannen Wilhelm Tveit summerte opp, på rim, korleis huset hadde vorte til, frå

dei første innsamlingar og utluting-ar. Med Laura Grøvlen ved orgelet, song Kåre Jensen "Eg såg ein Kristi pilgrim" og "Eg ser deg Gud i kvar ein blom".

Steinarson hadde vore med og arbeidt for Ljosheim i tida som sok-neprest og no gledde han seg over at det stod ferdig. Han sa, ifølgje referatet i Firda, at det hadde vore samla midlar i 40-50 år, og dei hadde nådd målet fordi dei som stod i brodden ikkje hadde gått seg trøytte. Han kalla Ljosheim "ei åndeleg fødestove, ei investering i ungdomen som skal stå i ættled etter ættled".

Etter salmen "Guds ord det er vår fedrearv" nytta fleire høvet til å seie nokre ord og takke dei som hadde gått i bresjen for arbeidet med å realisere Ljosheim, som med oljefyrt luftvarmingsanlegg i storsal og matsal, enda på kring 300.000 kroner i byggjekostnad. I dag tilsvarar det nesten 3 millionar. Av dette hadde "Kvinnelaget for Ljosheim" samla rundt tredjeparten, resten laut lånast.

Etter samværet var det høve til å kjøpe mat i kjellarhøgda, og der var loddsal til Ljosheimbasaren. Dagen etter samlast dei igjen. Klokka 17 var der barneprogram, og klokka 19 var det andakt av Steinarson, song og musikk, endå meir loddsal og avslutning på Ljosheimbasaren.

Om ikkje 50 år er lang tid, er det

Leiar i soknerådet Terje Halsnes presenter-er Atle Lyngstad Ness som skal ha kåseri.

Ragnhild Stav underheldt med "Glass-works" på piano og fin solosong

Det var tre rundar med åresal – kr.9000 til saman

Page 12: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

12 Kyrkjelydsblad for Fjaler

nok til å påkalle vedlikehald av ein bygning. Eg har ikkje noko fullsten-dig oversyn, men veit at oppvarm-ingsanlegget vart skifta i 1985. Det kosta 50.000 kroner og vart betalt kontant. Det er kjøpt piano, skifta vindauge, laga ny inngang med rullestoltilgang i kjellarhøgda, lagt nye golv og utvida kjøkken. Det er også kjøpt nye stolar, bord, dekkety og anna.

Dei første vindaugsrekkene vart skifta til jul i 2011. Då dei siste var på plass, lydde sluttrekninga på 265.000 kroner. Av dette støtta Sparebankstiftinga med 65.000 kroner. Her har såleis vore eit visst innslag av ekstrem oppussing, men luksusfella gjekk dei aldri i, dei nøk-terne personane som hadde med Ljosheim å gjere.

Kvinnelaget, eller Ljosheimforeinin-ga, hadde varierande oppslutnad, men dei heldt ut med foreining-smøte til for eit par år sidan, og årlege basarar heilt til no. Elles var inntekter frå minnesamvær etter jor-deferd ei viktig inntektskjelde. Min-nesamværa er ikkje berre viktige for økonomien til Ljosheim, men dei er òg viktige for dei som ser verdien av å samlast her til ei verdig og fin avslutning gravferdsdagen. Vi er såleis mange som er takk skuldig til dei som hadde arbeidet med min-nesamværa, og dei som ordna det slik at vi hadde eit hus å samlast i.

Kan hende er det ikkje berre eg her som kjenner på at eg burde gjort meir for Ljosheim sett opp mot

det eg har fått igjen. Eg har nemnt minnesamvær, første gong torsdag 13. februar 1969 for min del, men eg var her også på øvingar i mitt førre liv som korsongar, eg har vore på hyggjelege juletre- og 17. mai-festar, kor- og kyrkjejubileum, og visitassamlingar for å nemne noko. Eg har også vore med og ete bryllaupsmiddagar her.

Ljosheim har også vore brukt til kon-firmantundervisning, trusopplæring, laurdagsklubb og soknerådsmøte, her er halde konfirmasjonsselskap og her var tidlegare pensjonist-møte. Det er såleis ein bygning mange treng og brukar nær sagt frå vogge til grav. Sett i lys av det, burde den økonomiske stoda vore romslegare. På ein tur til Kreta var eg med på ein tur inn om ein landsby der dei hadde 12 gudshus å ta vare på. Ikkje like store som Ljosheim, alle, men der var berre 300-400 menneske å dele på. Så vi har nok litt å lære.

Det neste store, økonomiske løftet for Ljosheim er rullestolrampe og ny hovudinngang. Universell utforming krev at dette blir gjort.

På ein dag som denne er eg redd å nemne namn. Ikkje fordi dei som har arbeidt med og for Ljosheim er spesielt hårsåre, snarare tvert om, men det kan fort bli feil å nemne nokre framfor andre. Likevel: Eg har nemnt Mathilde Døskeland og Myrtle Skaar som dei første lei-arane, Myrtle i kring 40 år. Seinare veit vi at Anders Heggheim var

styremedlem og leiar i mange år, han hadde òg med utleige å gjere. Anders tok også mange gonger vasket utan å få noko anna for det enn gleda over at det var gjort. Olaug og Kristoffer Hovland kan nemnast. Likeeins Janikke Aase og Hilda Haugen.

Men alle prestane, kyrkjeverje, andre tilsette og dei mange friv-illige har på ymse vis gjort sitt til beste for Ljosheim. Framfor alt kvinnelaget. Gjennom 60 år er det ikkje få. Alle som har hjelpt til under minnesamvær, før- og etter-arbeid. Så har vi alle dei som har gitt reine pengegåver, vinstar til basarane opp gjennom åra, alle loddkjøparane, alle som har gjort dugnad med bygningsmessige utbetringar, dei som har administrert og passa på pengane, og ikkje minst alle som har baka kaker og levert anna godt slik at samværa her fekk noko godt og positivt over seg.

Takka vere alle bidraga, små og store, har vi med ein oppegåande 50-åring å gjere. Det står arbeid att, og det er heile tida spørsmål om meir pengar til gode og nød-vendige tiltak. Difor krevst det at vi står saman om Ljosheim, at vi alle er med og yter, ikkje berre kjem kvar gong vi skal nyte noko.

Tidlegare i år fekk eg gleda av å gjere meg kjend med historia til garden Fjellet i Vassalen krins. Den tilhøyrde Skoarbeidarforeininga i kring 30 år, og mellom dei mange

Elias og Erle Marie med mam-ma Hanne.

Emilie får hjelp av Ingeb-jørg til å skjere eit stykke blautkake.

Det var rikeleg utval på kakebordet. Emilie og Kristine måtte berre danse litt under allsongen.

Page 13: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

Kyrkjelydsblad for Fjaler 13

Nytt Fjaler sokneråd 2015 - 2019Soknerådsmedlemer:Kåre Ove Eimind, 58 år, HellevikTrude Gjeitanger Høgseth Felde, 44 år, DaleRandi Grete Fretland, 67 år, KorssundTerje Roald Halsnes, 55 år, DaleHanne Angermann Ulvatne Igelkjøn, 41 år, FlekkeAtle Kåre Lyngstad Ness, 62 år, DaleOddrun Yndestad, 68 år, GuddalEvelyn Åsnes, 42 år, Straumsnes

1. vara. Lena Therese Solheim, 36 år, Dale 2. vara. Elin Skår, 49 år, Korssund3. vara. Morten Langeland, 38 år, Guddal4. vara. Esther Iren Rennestraum Alisøy, 59 år, Flekke5. vara. Magnar Hellesøy, 38 år, Flekke

Valdeltaking: 28%

Soknerådet blir presentert for kyrkjelyden i Dale kyrkje søndag 13. desember.

BispedømerådsvalDesse 4 leke kandidater blei valt inn ved direkte valom-gang:Nora Sætre Baartvedt, (21), Voss, student.Karl Johan Kirkebø, (65), Bønes, marknadsdirektør.Vemund Atle Øiestad, (67), Stryn, tannlege.Inger Helene Thingvold Nordeide, (54), Førde, sjølvst. næringsdrivande.Valdeltaking: 13,4% (mot 11.12% i 2011).

Innan 1. desember 2015 skal dei nyvalde sokneråda i velje tre leke medlemer frå dei kandidatane som står att på den same lista som vart nytta ved direkte val. Bjørgvin bispedømeråd har, som for kyrkjevalet i 2009 og 2011, gjort vedtak om at alle sokn i bispedømet ved sokneråda skal medverke til samansettinga av bispedømerådet. Kven som blir dei sju leke varamed-lemene, blir først klart etter at begge valomgangar er gjennomførte.

Lek kyrkjeleg tilsett medlem:Beate Husa, (44) Sund, kyrkjeverje.

Geistleg medlem (prest):Ivar Braut, (59) Birkeland, sokneprest.

som var på besøk der ein eller fleire gonger, var også Ljosheimlaget, sju år før Ljosheim stod fer-dig. 20. juli 1958 skreiv dei seg inn i gjesteboka med følgjande:

I dag tidleg kom vi opp her i strålande sol, og alle saman var so glade og i godt humør. Vi var 15 i talet, men no til kaffi har vi fått fem gjest-er, so no er vi 20 stk. Alikevel er her god plass for alle. Det brenn på peisen. Sjølvsagt måtte vi prøve han. Her er so gildt på alle måtar. So takkar vi alle i styret for Fjellheimen for at vi fekk lov å komme opp her og for dagen.

God lukke og framgang for staden ynskjer vi:Jenny Alisøy, Helga Sletteland, Astrid Fossedal, Jenny Heggnes, Anna Vågene, Sara Sætenes, Magna Sætenes, Anna Enehaug, Myrtle Skaar, Brita og Arthur Løkeland, Torborg Jarstad, Helene og Gustav Skadal, Gudrun Sundal, Inger og Anton Otterstein, Sverre Sundal, Anna Myklebust, Marie Skadal.

Heilt til slutt: Arne Kyrkjebø skreiv ein song om livet i Flekke som heiter "Gå deg ein tur, så kjeme du deg." Kanskje vi skal snu litt på flisa og seie at "Gje gjerne ein skjerv til Ljosheim, så kjeme da seg."

Til lukke med jubileet og oppgåver som ventar.Atle Lyngstad Ness

Til slutt fekk også Anja gevinst!

Emilie, Lone, Sigrid og Josef Nikolai har den viktige jobben å dele ut gevinstane.

Page 14: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

14 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Hausttreff for alle kora i ÅsaneKyrkjesongforbund sitt hausttreff i Åsane kyrkje i Bergen. Det er første gongen alle fem kora frå Fjaler har sunge saman. Sjølv om ikkje alle var med frå kvart kor, var det ein komplisert logistikk å få alle fram og tilbake!

FredagFredag kveld reiste Cantus til Vaksdal kyrkje til blandakorøvinga. Mens Ungdomskoret tok bussen til Åsane, køyrde åtte av sjetteklass-ingane i Dale barnekor med bil.

Sjetteklassejentene nyt ferjeturen over Sognefjorden. Foto: Mark)

Tusen takk til Gry Moltumyr som køyrde, passa ungane og stilte som fotograf.Barnekorjentene hadde mykje bagasje med seg som var dumpa i gangen i kyrkja (bilete 2) mens vi åt pizza saman med Ungdomskoret (3).

Då var det tid for kveldsøving. Ungdomskoret (bak) og barneko-rjentene (framme) sat klare til start (4). Så var det overnatting i Åsane kyrkje. Barnekorjentene fekk fort nye vener frå andre kor og kunne spela med ballar som var i rommet (5).

LaurdagEtter frukost og ei øvingsøkt, gjekk barnekoret og Ungdomskoret på shopping i Åsane Storsenter og då kom Cantus og dei andre vaksne til Åsane til øving (6).

UngdomskoretEtter lunsj på MacDonalds (7) var det tid for kvart kor å ha eiga øv-ing. I bilete 8 øver Ungdomskoret på Hallelujah av Leonard Cohen som dei fekk mykje skryt av frå Ber-genspublikumet etter konserten.

Det var andre gongen koret brukte sine nye korgenserar. Bak på genserane har ungdomane sitt eige namn. Koret er no registrert i Brøn-nøysundregisteret og er det einaste koret i landet med namnet Ung-

1

5

2

6

3

7

4

8

Page 15: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

Kyrkjelydsblad for Fjaler 15

domskoret! Kan gjerne vere fleire enn fem songarar – Ungdomskoret stilte med 100% av sine medlem-mer på treffet!

Dagstur for dei minsteUt på føremiddagen laurdag kom kora med barn frå 5 til 10 år på dagstur til treffet og hadde sine eigne øvingar i kjellaren i kyrkja. Både Do Re Mi og Guddal fami-liekor stilte med ein god del barn og tre fjerdeklassingar frå Dale barnekor også kom på dagstur. I bilete 9 ser vi (frå venstre) Malene, Andrine, Thea, Tuva og Ida frå Guddal på fellesøvinga for dei minste.

På konserten stilte alle frå 5 til 75 opp til eit fellesnummer, Hele verden lovsyng Herren frå Bjer-krheimjazz (10). Kjekt å syngja i lag på tvers av aldersgruppene. Elles hadde dei minste nokre song-ar som passar for dei. I biletet 11 ser vi barna frå Guddal, Dale og Ytre Fjaler saman i eit fellesnummer. Guddal familiekor og Do Re Mi song i lag Sprell Levande som eiget nummer med stolte solistar: Tiril og Aksel frå Do Re Mi og Ida og Andrine frå Guddal.

Bjerkrheimjazz og James BondAlle barn og ungdommar, utan dei

vaksne, song to dåpssalmar og sambaen Cantar! som fellesnum-mer med god tonefølgje av Sigurd Steinkopf på slagverk og Oda Steinkopf på kontrabass – ein skikkeleg musikalsk familie! Etter det hadde dei minste ein pause mens Ungdomskoret, sjetteklassingane frå barnekoret og Cantus saman med dei andre ungdom og vaksne song fire songar til frå Bjerkrheimjazz. Sidan det er dårleg med kollek-tivtilbod mellom Lavik og Dale på laurdagskveldar, satt Ungdomsko-ret på med to frå Cantus heim til Dale – tusen takk til Sidsel Anita og Olav! Andre frå Cantus ville bli litt lengre i Bergen og få med seg den nye James Bond-filmen Spectre.

Kora gleder seg til vårturar!Cantus, Ungdomskoret og sjet-teklassingane frå barnekoret kan no glede seg til vårtreffet 15.-17. april som blir i sentrum av Bergen, Bergen domkyrkje, start kl.18.00 fredag 15. april. Kora vil framføre verket Bjerkrheim-

jazz i Bergen domkyrkje laurdag kveld og i Os kyrkje kl.17.00 søndag 17. april før heimreisa til Dale. Spesielt gøy blir det å framføre songane med kjendis-sak-sofonist Frøydis Grorud frå Beat for beat!Fjerde- og femteklass-ingane frå Dale barnekor kan reise til vårtr-eff på Sætervika leirsenter i Sam-nanger 8.-10. april.

Do Re Mi og Guddal familiekor gleder seg til Barnefestivalen i Før-dehuset laurdag 12. mars der dei vil framføre songar frå KFUK-KFUM sin nye musikal om ei urettferdig verd, Ingenting, men alt, som handlar om etisk handel, gjenbruk og gjenvinning. I tillegg til øving, er det myldretorg med ansiktsmal-ing, ballongfigurar, dansegruppe, hobby-stasjon (med perling, spel og teikning), Bibelknask, Henna-maling m.m. Ute blir det ballspel og tur til klatreparken. Publikum kan òg få med seg sluttkonserten i kinosalen kl.16.00 der dei enkelte kora vil også ha eigne nummer.

9

10

11

Page 16: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

16 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Lær å kjenne og elske dine medmenneskeNår ein innflyttar bur i landet hos dykk, skal de ikkje gjera urett mot han. Innflyttaren som bur hos dykk, skal vera som ein av dykkar eigne landsmenn. Du skal elska han som deg sjølv. For de har sjølve vore innflyttarar i Egypt. Eg er Herren dykkar Gud. (3 Mos 19:33-34)

Bibelen er skriven over lang tid av mange i forskjellige situasjonar. Den røde tråden som går igjennom forteljingane viser at dei er skrivne i verkelegheita av menneske - enkeltmenneske, grupper og nasjonar på flukt. Bibelen fortel oss om Gud. Gud som går ved vår side uansett korleis livet rammer og ryster. Gud som ikkje gjer forskjell på folk. Gud som ikkje tåler urett og at svake er undertrykte. Gud som alltid er der menneske slit, kjempar og græt. Bibelen fortel oss om Gud som tronar i det låge og sårbare. I Det nye testamentet ser vi bilete av Gud ved å sjå på Jesus. Barnet i krybba fortel om Gud som har kome for å bu blant vanlege menneske. Gud er der folk er, også blant folk på flukt.

Jesus, vår Herre og Frelsar vart flyktning rett etter fødselen, da han måtte flykte frå Herodes saman med foreldra sine og søke tilflukt i eit anna land. Vår Frelsar var del av ein liten, sårbar familie på flukt bort frå vold, kaos og massedrap. Den gong som no måtte menneske flykte frå krig, okkupasjon, etniske konfliktar, diskriminering og utestenging. Menneske har vore på flukt heilt sida bibelsk tid. Det har aldri vore mangel på konfliktar og krig.

I denne tida er det veldig mange flyktningar som kjem til Norge. Det er ikkje lett å skjønne slike enorme tall. Det er heller ikkje lett å skjønne

lidinga, sakna og sorga som alle disse menneske har opplevd. Mange av dei har opplevd forferdelige trauma og situasjonar som vi ikkje kan forestille oss. Det er ganske vanskeleg å skjønne for oss som lever langt unna slike konfliktsonar. Likevel er det en ting vi må holde fast ved: Dette angår oss alle! Dette angår oss både som medmenneske og som kristen kyrkje.

Dei som har flykta frå sitt heimeland på grunn av fattigdom, tortur og krig. Dei som står utan land, kultur og familie. Dei er ikkje berre en "myte" eller berre noko som vi ser på tv og les om i avisene. Dei er blitt en del av kyrkjelyden sin realitet.

Eg vil ikkje blanda meg inn i norsk asylpolitikk. Men eg veit at dei som allereie er her og dei som kjem er elska av Gud. Den Gud som eg trur på. Den Gud som vil prega oss med den omsorg han har for dei. Han som sa: "For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg." Då skal dei rettferdige svare: "Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tørst og gav deg drikke? Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller naken og kledde deg? Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og vitja deg?" Men kongen skal svara dei: "Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg." (Matt:25.35-40)

Vi er kalla til å sjå Kristus i våre medmenneske. Jesus stiller seg blant dei millionar av menneske som er på flukt i dag og ber oss engasjere oss for deira sak.

Sjølv om eg ikkje har flykte frå krig og vald, veit eg korleis det er å kome til eit ukjent land, utan språk og nettverk. Det er alt anna enn lett. Difor vil eg minne kyrkjelyden i Fjaler om kor viktig det er at vi hugsar alle dei som no for første gong feirar jul i Norge. Juletida forsterkar alle kjensler. Det gode samhald veks, men òg det motsette. Når ein har mista nokon av sine kjære og er langt borte frå sitt fedreland, utan familie og venner kan einsemd og lengsel forsterkast.

Vårt ansvar som kristne famnar alle innflyttarar i Norge. Sjølv om vi ikkje alltid kan lindre smerten av ei vanskeleg fortid, kan vi i det minste prøve å vere til stades for flyktningane i vårt nærområde. Det er viktig at vi alle bidrar og gjer vårt beste til å arbeide for å skape gode møteplassar der menneske kan treffast uavhengig av religiøs, etnisk og kulturell bakgrunn, slik at dei kan finna seg til rette i vårt samfunn, i vårt eige nærmiljø. Det er viktig å hugse at dei er menneske, akkurat som oss. I ein annen situasjon kunne det vore vi som måtte flykte, og som ville vore overlatne i andre sine hender. Vi må møte flyktningane slik vi ynskjer at andre skal møte oss. Dei som no er flytta hit har bruk for deg, for di støtte. Dei har bruk for deg som er villig til å engasjere deg nå og framover. Dei har bruk for deg som ser dei som menneske som har dei same behov, ønskje og draumar som du. Menneske som ønskjer seg ein kvardag og framtid utan bomber, krig og død. Det er vår plikt å ta godt vare på flyktningane som kjem hit. Vi er kalla til å vere inkluderande kyrkjelyd, ei inkluderande kyrkje. Ei kyrkje der vi oppmuntrar og hjelpar kvarandre. Ei kyrkje som kjempar for fred, rettferd og menneskeverd.

Lilja Kristin Thorsteinsdottir

Page 17: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

Kyrkjelydsblad for Fjaler 17

– Flyktningkrisa utfordrar oss alle. Framande menneske på flukt kjem til oss. No vert våre grunnleggjande, kristne verdi-ar sette på prøve. Dette skriv biskop Halvor Nordhaug i eit brev til kyrkjelydane i Bjørgvin.

Kjære kyrkjelydar i Bjørgvin!Flyktningkrisa utfordrar oss alle. Fra-mande menneske på flukt kjem til oss. No vert våre grunnleggjande, kristne verdiar sette på prøve. I møte med dei flyktningane som kjem til lokalsamfunna våre, kan vi alle vere med og hjelpe. Gjennom flyktningtenesta i kommunen kan vi få vite kva som er mest aktuelt der vi bur. Oftast er det trong for frivil-juge kontaktpersonar som kan hjelpe flyktningane å finne seg til rette i ein framand kultur. Over alt vil ein trengje møtestader der flyktningane kan få medmenneskeleg kontakt og bli kjende med lokalsamfunnet.

Dei fleste av flyktningane kjem frå sam-funn der religion spelar ei langt større og tydelegare rolle enn hos oss. Som kristne veit vi kva det er å vere truande. Slik har vi ein særskilt kompetanse og ansvar for å møte flyktningane også som religiøse menneske. Mange er kristne. Desse kan vi gje ein kristen fellesskap, som kryssar både språk- og kulturgrenser. Dei fleste flyktningane tilhøyrer andre religionar. Desse må vi møte med kristen integritet og open-heit. I kyrkjene våre vil vi også be for flyktningane, og om rettferd og fred i land dei rømer frå.

I ord og gjerning kan vi vere med på å gje medmenneske i ein svært krev-jande situasjon framtid og håp. Slik får vi også høve til å oppleve rikdomen i den menneskelege fellesskapen, og det gode og verdfulle som dei som kjem kan tilføre både den einskilde og samfunnet. Som Skrifta seier:

"Gløym ikkje å vere gjestfrie, for på den måten har somme hatt englar på besøk utan å vite det."(Hebr. 13.2)

Eg ønskjer dykk Guds rike signing!Bjørgvin bispestol, 9. november 2015,Halvor Nordhaugbiskop

Frå Biskopen i Bjørgvin

Kyrkja i møte med flyktningane

Fjaler har teke imot flyktingar fleire gongar før. Kyrkjebladet har spurt Adriana Lakic om korleis det var å kome til Dale, 13 år gamal, som flyktning frå Serbia.

Eg må berre seie at det å komme til Noreg, og bli mottatt på ein så fantastisk måte har satt eit stort fotavtrykk i mitt vidare liv. Er takknemleg og glad for alt det gode eg har fått. Første jul i Noreg var veldig nydeleg. Den er ikkje så ulik jula vi har i Serbia, men det er alle gåvene som var uvant og samtidig kjempe morosamt. Kven likar ikkje gåver? Det var ein så god stemning overalt i kyrkja, matbutikken, skulen, ut i gatene - ja, overalt - hugsar eg! Mykje song og positive menneske rundt. Opplevinga var eventyrlig!

Livet mitt no er heilt topp. Er gift, har 2 barn og eit flott hus i Akershus. Er utdanna Facility manager, og har draumejobb (lederjobb) i Statsbygg. Familien min (mor, far og søster) flytta frå Dale til Akershus i seinare tid. Det var viktig for besteforel-dra å vere i nærleiken av barnebarna.

Elles er det viktig med integrering, og små/mindre plasser kan bidra mykje meir til det. I store miljø er det mykje lettare å "henge" saman med andre frå same land og språket kan fort bli nedprioritert. Fjaler kommune er ein fantastisk plass og ein fin start for mange. Lett å bli integrert og bli kjent med

den norske kulturen. Eg har bl.a. flytta p.g.a. utdanning og selvfølgeleg jobbmuligheiter ein kan få andre stader.

Eg meiner at språk er absolutt eit av dei viktigaste midlar ein har, det er gullverdt! Det opnar mange dører og muligheiter. Språk er integrering. Eg får høyre heile tida om dialekta mi, og eg sjølv seier at eg er frå Sunnfjord !

Har ingenting negativt å seie. Noreg gjorde ein fantastisk jobb då vi kom i 1993. Ein har fått alle muligheiter servert - og selvfølgeleg var det opp til oss korleis og kva vi gjer vidare!! Eg måtte jo så klart jobbe hardt for alt eg har skapt i dag! Men, ein god start i livet og flott oppvekst dreiv meg!

Familien Lakic kom til Dale frå Serbia på 90-talet. No bur dei i Akershus.Adriana Lakic med mannen Neman-ja, foreldrene Momo og Zagorka og barna Laura og Aleksander.

Kjære Herre, forbarm deg over alle flyktningar og heimlause. Gjer oss takksame for det landet du har gjeve oss. Gjer oss reiuge til å gje plass for dei som søkjer seg hit. Fri oss frå fordomar og nasjonalt hovmod. Når du vil gjera oss rikare i møtet med utlendingar, hjelp oss då til å ta imot dei med eit ope sinn.Frå Norsk Salmebok 2013, T Britt G Hallqvist, O I ditt nærvær (2000).

Page 18: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

18 Kyrkjelydsblad for Fjaler

I leksikonet allkunne.no står det at "Hausttakkefest er ei gudstenestleg feiring av at innhaustinga er over. I dag vert hausttakkefesten ofte brukt til å framheve ansvaret menneske har for skaparverket." Då passar det vel bra at 6-åringane i Fjaler har fokus på skapinga når dei er invitert til å delta i hausttakkefesten. Kora tek med

seg frukt, grønsaker og boller/muffins, som blir både til pynt i kyrke og kos på kyrkjebakken. Her er nokre bilete frå hausttakkefestene i Fjaler.

Foto: Joy Taylor (Hellevik og Dale) Anne Rita Kalvøy Boge (Guddal)

Hausttakkefestane

Miriam og Peder leier inngangs-prosesjonen i Hellevik

Do Re Mi øver før gudstenesta begynner.

"Herlege jord, herlege sol. Kvite små skyer som svever." syng 6-åringane og koret i lag.

No skal Miriam, Liam og Kim få 6-årsboka.

Knut Arne lyser velsig-ninga.

Page 19: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

Kyrkjelydsblad for Fjaler 19

Dale barnekor

byr på mat på

kyrkje-bakken i

Dale.

I Guddal kyrkje er koret og dåpsbarnet klar til inngangsprosesjon.

Daniel Langeland vart døypt.

Guddal familiekoret syng "Englebarn".

Page 20: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

20 Kyrkjelydsblad for Fjaler

DaleDøypte:Lina Brynestad SkårOlav Søderstrøm Risting

Vigde:Camilla Rudi Flekke og Eirik Hovden

Avdøde:Marta Matilde Standnes f.1925Aase Karin Haugland Sylta f.1945Målfrid Espedal f.1940Oddny Flekke f.1927Olav Arstein f.1948Josefine Øen f.2015

GuddalDøypte:Daniel Langeland

Avdøde:Hans O Hovlandsdal f.1926

FolkestadDøypte:Thea Dale-Svorstøl (døypt ved Korssundkrossen)Frida Sofie Larsen

HellevikAvdøde:Laila Irene Eimind f.1959

I kyrkjelyden sidan sist

Ny gravplass i Dale – Øyra vann til slutt i kommunestyret

Fjaler kommunestyret vedtok i sak 076/15 den 7.9.2015 Kommunedelplan for Dale 2015, der gjekk 14 mot 9 inn for at den nye gravplassen i Dale skal plasserast på Vollamyra. Dette var styringsgruppa sitt framlegg til vedtak.

På ettersommaren og fram til kommunestyrevalet midt i september var det ein del "støy" i media når det gjaldt plassering av den nye gravplassen. I samarbeidsavtalen som vart inngått mellom Venstre, Høgre og Arbeidarpartiet, som har fleirtalet i det nye kommunestyret, står det at gravplassen skal vere på Øyra. I kommunestyremøtet 16. november fremja mindretalet i kommunestyret: Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne endring i kommunedelplanen for Dale som eiga sak i møtet. Etter røystinga var det klart at Øyra blir gravplass, berre Sosialistisk Venstreparti røysta mot. Tør vi tru at det no er sett punktum i denne årelange diskusjonen om areal til gravplass i Dale?

Etter at kommunen har regulert areal til gravplass, er kyrkjeleg fellesråd (Fjaler sokneråd) ansvarleg for å utarbeide plan for gravplassen med gravkart og for igangsetjing av arbeidet. (føreskrift til gravferdslova §2 Anlegg m.m. av gravplass). Det tek tid å utarbeide plan før igangsetjing, og her må det sjølvsagt leigast inn fagkompetanse. Etter økonomiplan-handsaminga i kommunestyret 14. desember får vi vite når tid planlegginga kan starte.

Page 21: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

Kyrkjelydsblad for Fjaler 21

Adventsgudsteneste med Cantus 13. desember kl.11 i Dale kyrkjeFolk har sagt at dei vil høyre meir frå Cantus i desember. Koret deltek på adventsgudstenesta med vakker korsong, ei fredfull adventsstund midt i julestrie.

Førjulskonsert i Folkestad kapell Søndag 13. desember kl.16.00 blir det etter tradisjonell oppskrift allsongar og musikkinnslag ved Do Re Mi, Fure og Våge Songlag, kulturskulen og kantor Mark Taylor.

Den store julekonserten i Dale kyrkjeI Dale samlast lokale musikalske krefter til den tradisjonsrike julekonserten tysdag 15. desember kl.19.30. Du får høyre mellom anna Cantus, Dekor, Dale Musikkorps, Dalsfjorden Spelemannslag,

Lagopus, Ivar Ness, Ungdomskoret, kulturskulen og kantor Mark Taylor.

For mange av oss, blir det ikkje skikkeleg jul utan at vi får med oss julekonserten i Dale kyrkje, og når vi tek med reprise av O helga natt med Leif Gunnar Igelkjøn, kor og orgel er julestemninga garantert! Vel møtt til ei stemningsfull kveld.

1. juledag kl.12.00 Cantus og Dale Musikkorps deltek på høgtidsgudsteneste i Dale kyrkje.

Nyårsaftan Ungdomskoret syng på gudstenesta i Dale kyrkje kl.17.00. Kom og nyt ein av dei siste timane i året med vakker korsong frå våre talentfulle ungdommar.

Korøving i GuddalVi tek med nokre bilete frå ei vanleg øving med Guddal familiekor: Ein herleg gjeng med ungar som no får behal-de både skulen sin og koret sitt! Resultatet av øvinga kan du bl.a. få høyre på lysmesse i Guddal 13. desember kl.18.30.Foto: Joy Taylor

I siste halvtima av øvinga, då dei små har reist heim pleier dei store jentene frå 4. årssteg og oppover øve på vanskelegare songar.

Musikalske høgdepunkt i jula

Page 22: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

DALE KYRKJE Søndag 13. desember kl.11.00 Adventsgudsteneste med Cantus. Presentasjon av nytt soknerådet. Offer til Kirkens SOS Bjørgvin.

Tysdag 15. desember kl.19.30 Den store julekonserten. Kollekt til Fond for kyrkjemusikk.

Julaftan kl.16.00 Gudsteneste. Barnekoret deltek. Offer til Kirkens Nødhjelp.

1. Juledag kl.12.00 Høgtidsgudsteneste med Cantus og Dale Musikkorps. Offer til NMS misjonsprosjekt i Mali.

Nyårsaftan kl.17.00 Gudsteneste. Ungdomskoret deltek. Offer til kyrkjelydsarbeid.

Søndag 17. januar kl.11.00 Gudsteneste.

Søndag 31. januar kl.11.00 Gudsteneste. Bibelutdeling med minikonfirmantane. Barnekoret deltek.

Oskeonsdag 10. februar kl.19.30 Tenebraegudsteneste med Cantus. Tekstlesing, allsong og korsong frå Bibelens Klagesongane.

Søndag 14. februar kl.11.00Gudsteneste.

Søndag 28. februar kl.11.00 Gudsteneste. GT-agentane og barnekoret deltek.

Søndag 13. mars kl.19.00 Samtalegudsteneste med konfirmantane frå heile Fjaler.

Tysdag 15. mars kl.20.00 Solidaritetskonsert med Ungdomskoret, UWC og Kulturskulen. Kollekt til KN-fasteaksjonen.

GUDDAL KYRKJE Søndag 13. desember kl.18.30 Lysmesse med konfirmanten, familiekoret og elevar frå Guddal skule. Offer til barne- og konfirmantarbeid.

Julaftan kl.13.30 Gudsteneste. Familiekoret deltek. Offer til Kirkens Nødhjelp.

Søndag 24. januar kl.14.00 Barnas misjonsgudsteneste med Ingvald Frøyen frå NMS. Minikonfirmantane frå 3., 4. og 5. årssteg og koret deltek. Utdeling av Bibelen.

Søndag 28. februar kl.14.00 Karnevalgudsteneste med familiekoret.

FOLKESTAD BEDEHUSKAPELL Søndag 13. desember kl.16.00 Førjulskonsert med Do Re Mi, Fure og Våge Songlag, Mark Taylor og Kulturskulen. Offer til NMS misjonsprosjekt i Egypt.

Julaftan kl.15.00 Gudsteneste. Offer til Kirkens Nødhjelp.

2. juledag kl.11.00 Høgtidsgudsteneste. Offer til NMS misjonsprosjekt i Mali.

Søndag 10. januar kl.11.00 Gudsteneste.

Fastelavnssundag 7. februar kl.19.00 Syng-med-oss kveld med Fure og Våge Songlag.

HELLEVIK BEDEHUSKAPELL Julaftan kl.13.30 Gudsteneste. Offer til Kirkens Nødhjelp.

Søndag 31. januar kl.14.00 Gudsteneste Minikonfirmantane 3.- 6. årssteg frå Våge skule og Do Re Mi deltek. Utdeling av Bibelen.

22 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Velkomen til kyrkje

Page 23: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

Kyrkjelydsblad for Fjaler 23

Kyrkjeblad for FjalerKontonr. 3741 20 73135Bladpengar kr. 200 / 225 for året.Redaktør: Joy TaylorPrent: Ingvald Husabø Prenteverk [email protected]

Kyrkja i Fjalerwww.fjaler.kyrkja.no

Kyrkjekontoret, pb 18, 6961 Dale.Telefon 57 73 97 70

Kyrkjekontoret er ope måndag-torsdag kl. 9.00-14.00fredag kl. 9.00-12.00Ved oppdrag og ferie kan du oppleve kontoret stengt også når det skulle vore ope.

Tilsette med kontorplass:Sokneprest Lilja Kristin Thorsteinsdottirjobb: 57 73 97 75 mobil: 456 38 [email protected]

Spesialprest Knut Arne Kummenejejobb: 57 73 97 73 mobil: 908 55 [email protected]

Kyrkjeverje Irene Flødejobb: 57 73 97 71 mobil: 992 38 [email protected]

Kantor Mark Taylor jobb: 57 73 97 74 mobil: 975 13 [email protected] har fri kvar torsdag

Sekretær Joy Taylorjobb: 57 73 97 72 mobil: 911 71 [email protected]

Trusopplærar Ragnhild Stavmobil: 909 67 [email protected]

Kyrkjetenarar:Dale kyrkje og kyrkjegardJostein Løseth tlf: 906 07 913

Guddal kyrkje og kyrkjegardLiv Svanhild og Reidar Langelandtlf: 57 73 88 21

Hellevik- og Folkestad bedehuskapellSigrid Kleppe tlf: 57 73 53 57

Folkestad bedehuskapellEirik Baug Barsnes

Fjaler soknerådLeiar Terje Halsnes tlf: 57 73 55 95 mobil: 905 60 416

Beredskapstelefon ved akutt behovutanom kontortid 95 48 31 52.

FJALER SJUKEHEIM 2. juledag kl.11.00 Gudsteneste..

STRAUMSNES GRENDAHUS Søndag 10. januar kl.14.00 Gudsteneste og kyrkjekaffi.

Signa Jol!Kom fred og sæle fagnad,kom kjærleik, signa jol!Lat ditt ljos i hjarto dagna!Gjev ein glytt av evig sol!

Livet er so audt og ubbe,striden æsar kald og hard.Sårt med treng til Jesu krubbeog den kross som frelsa bar.

Berre dei kan berge verdai ei vond og vonlaus tid.Berre dei kan stogga sverdanår mot bardag fram me skrid.

Ætta som i natt og kuldestarvar mødd frå år til år,treng så sårt at strenger duldeføder von om sol og vår.

Signa jol, me knepper hender,helsar Kristus på hans ferd,medan klokkeklangen senderhelsing til ei fredlaus verd.

Sigvard Sørebø

Frå "Fjordingen" Jula 1974

Sigvard Sørebø (1902–74) var lærar i Guddal og Dale. Bøker var gjævt for han, og han var bokmeldar i mange, mange år. Han skriv mykje elles og: Dikt, minneord, prologar, taler.

Page 24: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Ein avgrensa Gudfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler... · 2-åringane! 16. januar 2016 inviterer kyrkja til eit opplegg for dei som har fyllt 2

INFORMASJON

Avsendar: Fjaler kyrkjekontorPb. 18 - 6961 Dale i Sunnfjord

B

24 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Det er med glede vi vil presentere Fjalerbuen Ragnhild Stav som den nye trusopplæraren i Fjaler. Det er første gong vi har fått ein heimehøyrande i Fjaler i denne stillinga. Men far til Ragnhild, Hans Stav, har i ein periode fungert som vikar. For å bli betre kjent med vår nye medarbeidar, vil vi stille Ragnhild nokre spørsmål.

Kva var det som gjorde at du begynte i denne stillinga?Det byrja med at eg hadde ein liten vaskejobb på kyrkjekontoret i sommar, og då fekk eg høyre om at det var utlyst ei 50% stilling som trusopplærar i Askvoll. Sidan eg på det tidspunktet allereie hadde bestemt meg for å flytte tilbake til Fjaler søkte eg på denne jobben og tenkte at det var midt i blinken for meg. Litt seinare vart det utlyst ein 25% stilling som trusopplærar i Fjaler, og eg jobbar no i begge kommunane.

Korleis trivst du så langt?Eg trivest veldig godt! Det er kjekt å komme tilbake til heimtraktene og til å byrje i arbeidslivet etter fleire år med studier. I tillegg er eg glad for

at eg fann ein relevant jobb med tanke på det eg har studert.

Kva har du gjort før du kom tilbake til Fjaler?Eg har budd i Oslo og studert religion og samfunnsfag på Menighetsfakultet. Før det gjekk eg to år på kirkemusikk på Musikkhøgskulen i Oslo. Det siste

året før eg kom tilbake budde eg i Tyskland og Georgia.

Har du familie?Eg er gift med Ika frå Georgia som for tida er voluntør i Fjaler. Så det var på grunn av han at eg budde eit halvt års tid i Georgia før vi begge kom til Fjaler.

Kva likar du å gjere på fritida?Eg har blitt veldig glad i å sjå filmar, og i periodar set eg meg ned for å strikke eller spele piano.

Kva er favorittretten din? Eg er forholdsvis altetande og det er mange ting eg tykkjer er godt, men eg har lyst til å nemne ein georgisk rett som heiter Khachapuri. Det er brød med ost inni. Det er det første eg vil ete kvar gong eg kjem til Georgia.

Den nye trusopplæraren i Fjaler

FOLK I NØD SKAL HA HJELP!

Hjelp oss å gi akutt nødhjelp til flyktningene

i Europa og i landene rundt.

Send AKUTT til 2468 (200 kr) eller konto

1602.40.26535

FOTO: Robert Atanasovski/Afp/NTB Scanpix