20
ÅRSMELDING SUNNFJORD UNGDOMSUTVAL 2013 Sunnfjordungdommane samla under LS på Oppdal

ÅRSMELDING finalen i Hyllestad såg lista slik ut: Rekrutt 1 John Magne Sørbotten, Florø 347 2 Sigmund Haugen Kjosaas, Dale 347 3 Erik Tobias Sletteland, Dale 344 Vinnarane i …

  • Upload
    hakhue

  • View
    212

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

ÅRSMELDING

SUNNFJORD UNGDOMSUTVAL

2013

Sunnfjordungdommane samla under LS på Oppdal

STELL OG STYRE

Styret i Sunnfjord Ungdomsutval for 2013 har vore samansett slik:

Ørjar Eiken(leiar), Anja Grov Johnsen og Leon Rennestraum

Styret har hatt 1 styremøte i tillegg til jevnlig kontakt kringom på skytestemner og elles på epost, sms

og telefon. I praksis har vi berre vore 2 stk som har fungert i styret, då Leon sin arbeidssituasjon

endra seg straks etter han vart valgt inn i styret. Livet for ein langtransportsjåfør er vanskeleg å

kombinere med andre verv.

Det første vi gjorde i ungdomsutvalet var å opprette ei gruppe på Facebook. Sida har vore mykje

nytta og har blitt ein rask informasjonskanal direkte ut til ungdommane.

Våren/tidleg sommar gjennomførte vi to samlingar for ungdommane. Ei i starten av mai med fokus

på instruksjon i liggande og kneståande, pluss stell av våpen. Totalt 18 stk møtte på denne

samlinga.Den siste samlinga hadde fokus på stang og felthurtig, inspirert av Karoline Erdal sin

felthurtigtittel på LDKS. Dette var i midten av juni og denne gangen møtte det 11 stk. Ingen ville heim

att denne kvelden.. I tillegg til til 2 stk frå Ungdomsutvalet, vart samlingane gjennomført med god

hjelp av lokale skyteheltar og ivrige foreldre. Tusen takk til alle som var med.

Stang/felthurtigsamling i Kråkenesmarka.

På Oppdal arrangerte vi felles grillkveld for ungdomsskyttarane våre. Så godt som alle møtte opp, og

det vart ein svært triveleg kveld.

I skrivande stund er ungdomsutvalet midt i planleggingsfasen av fellestur til bla Oslo Open. Inkl

støtteapparat vert vi ca 50 stk som reiser austover siste dagane i november. Laurdag 30. november

vert det pizzabankett I Stortingsgata for alle dei som er med på denne turen. På banketten stiller

ungdomsutvalet med underhalding og utdeling av div utmerkelsar for skyttaråret 2013.

Oppsummert synest styret at arrangementa har vore vellukka. Det har vore fokus på det sosiale og at

alle skal bil sett. Vi ser utvilsomt ein flott gjeng av unge sunnfjordskyttarar som har det kjekt saman,

som unner kvarandre å lykkast og støttar kvarandre i med og motgang.

RESULTATMESSIG 2013

Også i 2013 oppnådde fleire av våre skyttarar svært gode plasseringar både nasjonalt og litt meir

lokalt. I denne samanheng må vi spesielt nemne Georg Johnsen, Kristin Eide, Torinn Eiken, Gaute

Ullebust og Tomas Haugnes, som alle kunne smykke seg med tittelen Vestlandsmester, enten

individuelt, på lag eller endå til begge deler.

I 2013 fekk Sunnfjord to nye medlemmer i 350-klubben for ungdom. Dette var Torinn

Eiken(Hyllestad) og Georg L Johnsen(Askvoll/Holmedal) som same helga under

Landsdelskretsstemnet i Førde skaut fullt hus 350 poeng. Gratulerer til begge to!

Oppsummert ser prestasjonane slik ut:

MINIATYRSESONGEN

Oslo Open 2012: 12 stk deltok frå Sunnfjord i ungdomsklassane. To av desse utmerka seg med

spesielt gode plasseringar i det som må kunne kallast NM på 15m. Lovise Eiken, Hyllestad i klasse

Junior nådde finalen med fullt hus 250 poeng og var nr 2 der. I finalen der dei 5 beste frå kvar av

klassane R/ER/J er med, skyt ein 10 enkeltskot der desimalane tel. Til slutt enda Lovise som nr 5.

Fattige 0,8 poeng bak førsteplassen.

Lovise Eiken

Nemnast må det også at Sigmund Haugen Kjosaas, Dale(sunnfjord) deltok i sitt første Oslo Open og

enda som nr 6 i klasse Rekrutt med 248 poeng.

Sunnfjordpokalen: Sunnfjord-pokalen er ei serieskyting der ein skyt eit fullstendig meisterskaps-

program for 100-og 200-metersbaner. Dette er ei flott trening for utesesongen, der ein heile tida får

øvd på både stillingsskifte, grunnlagsskyting og omgang. Dette er eit viktig bidrag for å oppretthalde

godt innøvde rutinar, men også for dei som skal rykke opp i seniorklassane er dette spesielt god

trening. Det er bare dei laga som har elektroniske anlegg som får være med som arrangør, og

ansvaret for administrasjonen rullerar mellom laga. I år var der åtte rundar og dei fem beste var

telljande. I tillegg vart det arrangert avsluttande finale. Det er prestisje i dette arrangementet og

blant dei yngste er det stas å være på topp tre! Der var totalt 24 deltakarar i dei tre yngste klassane.

Etter innledande såg lista slik ut:

Rekrutt

Nr 1 Sigmund Haugen Kjoaas, Dale 1743 poeng

Nr 2 Tomas Haugnes, Florø 1721 poeng

Nr 3 Erik Tobias Sletteland, Dale 1712 poeng

Eldre Rekrutt

Nr 1 Georg L Johnsen, Askvoll/Holmedal 1721 poeng

Nr 2 Magnus Kårstad, Gaular 1709 poeng

Nr 3 Jan Erik Veka, Askvoll/Holmedal 1613 poeng

Junior

Nr 1 Kristin Eide, Hyllestad 1728 poeng

Nr 2 Gaute Ullebust, Førde 1725 poeng

Nr 3 Sondre Myklebust, Dale 1719 poeng

Etter finalen i Hyllestad såg lista slik ut:

Rekrutt

1 John Magne Sørbotten, Florø 347

2 Sigmund Haugen Kjosaas, Dale 347

3 Erik Tobias Sletteland, Dale 344 Vinnarane i klasse Rekrutt

Eldre Rekrutt

1 Georg L. Johnsen, Askvoll og Holmedal 345

2 Synnøve Sognnes, Hyllestad 340

3 Magnus Kårstad, Gaular 338 Vinnarane i Eldre Rekrutt

Junior

1 Sondre Myklebust, Dale 349

2 Kåre Eide, Hyllestad 333

3 Kristin Eide, Hyllestad 243 Vinnar klasse Junior

Samlagsstemnet miniatyr Gaular

Årets Samlagstemne i miniatyr vart arrangert i Gaular. Totalt deltok 26 stk i dei yngste klassane. Det

var mykje god skyting og svært jamne resultat. Så godt som alle medaljene vart fordelte etter antal

sentrum! Medaljefordelinga vart slik:

Klasse R:

1. Erik Tobias Sletteland, Dale 344, 2. Sigmund Haugen Kjosaas, Dale 344, 3. Torinn Eiken, Hyllestad

344

Klasse ER:

1. Georg L Johnsen 349, 2. Synnøve Sognnes, Hyllestad 342 3. Adrian Olset, Askvoll/Holmedal 342

Klasse J:

1. Gaute Ullebust, Førde 344, 2. Sondre Myklebust, Dale 343 3. Hildegunn Strand, Solund 343

Fylkesstemnet miniatyr Hyllestad

I år var det Hyllestad som stod som arrangør. For første gang innandørs skulle fylkesmesteren kårast

ved avsluttande finalar. Det vart mange tette duellar og mykje spenning under finaleanvisinga. Ekstra

stas var det også at fylkesordførar Åshild Kjelsnes var til stades

og delte ut premiane. I dei yngste klassane vart Torinn

Eiken(Hyllestad) fylkesmester i klasse Rekrutt, og fleire andre

av våre nådde opp og fekk skyte finale. Desse unge frå

sunnfjord fekk medalje:

Rekrutt: 1 Torinn Eiken, Hyllestad 349

2 Sigmund Haugen Kjosaas, Dale 348

Eldre Rekrutt: 3 Aleksander Tonning Hatløy, Hyllestad 345

Junior: 2 Kristin Eide, Hyllestad 345 Torinn Eiken

3 Sondre Myklebust, Dale 345

U23: Arnhild Eiken, Hyllestad nådde skive 5 finalen med gode 243. Ein litt skeiv omgang gav ho 96

poeng som til slutt heldt til ein flott 8. plass blant fylkets beste i klasse 3-5.

Bane og Felt sesongen 2013

Samlagsstemnet i Felt-skyting Førde

Førde arrangerte samlagsstemnet i feltskyting i år. Det var flott vær dagen før, med sol og blå himmel

så alt låg til rette for eit flott stemne. Søndagen kom med snø, vind og temperaturen sank til 0 grader

minst… Men, samlagsstemne er samlagsstemne og skyttarane møtte fram og deltok!

Det mest imponarande denne dagen, var kor godt dei yngste traff med 22 cal i snøværet i

Kråkensmarka. Rekruttaneskyttarane våre hadde imponert stort innandørs heile vinteren, men då dei

starta utesesongen med fullt hus i real snøstorm…då tok vi bokstavleg talt av oss hatten… 3

omskytingar måtte til i klasse Rekrutt før vi fekk kåra ein mester. Dette vert spennande skyttarar å

følgje framover!

I lys av denne fantastiske skytinga med 22 cal, vart det litt fasinerande å høyre dei andre og eldre

skyttarane orsake sine evt manglande treff med vind og

snødriv…

Resultat:

Rekrutt: Etter omskyting var rangering slik:

1. Sigmund Haugen Kjosaas, Dale (sunnfjord) 42/8

2.Torinn Eiken, Hyllestad 42/8

3. Erik Tobias Sletteland, Dale (sunnfjord) 42/8

Eldre rekrutt:

1. Georg L. Johnsen, Askvoll og Holmedal 42/9,

2. Adrian Olset, Askvoll og Holmedal 41/6,

3. Magnus Kårstad, Gaular 40/9

Junior:

1. Gaute Ullebust, Førde 42/9

2. Kristin Eide, Hyllestad 42/8

3. Hildegunn Strand, Solund 40/10

Lerumcup Sogn Indre

Lerumcup er ei stor skytehelg i Indre Sogn. Skyttarlaga i Sogndal, Leikanger, Luster og Årdal har gått

saman om ein samanlagt-cup som samlar mange av dei beste skyttarane i i Sør-Norge. Torinn

Eiken(Hyllestad) var den einaste av Sunnfjordskyttarane som hevda seg på pallen samanlagt denne

helga. Ho vart nr 2 i klasse Rekrutt.

Torinn Eiken med ny pers 349 på Farnes

Landsdelskretsstemnet Førde

Også Landsdelskretsstemnet vart arrangert i Førde. Førde stod som arrangør av bane og

stang/felthurtig, medan dei andre laga i samlaget arrangert grov- og finfelt.

I ungdomsklassane stilte Sunnfjord med 28 deltakarar. Desse skyttarane hevda seg godt, og då helga

var over hadde både Torinn Eiken og Georg L Johnsen teke kvart sitt fylkesmesterskap på bane.

Torinn fekk også Mesta-pokalen som beste rekrutt både på bane og felt. På toppen av det heile

utklassa Karoline Erdal alle seniorskyttarane og tok ein imponerande siger i felthurtig.

Resultat felt:

Rekrutt:

2 Torinn Eiken Hyllestad 29/18 6/1 6/3 41/4

3 John Magne Sørbotten Florø 29/12 6/4 5/2 40/6

4 Tomas Haugnes Florø 29/15 5/0 6/4 40/4

8 Sivert Giil Hyllestad 29/17 5/2 4/2 38/4

12 Maria Hoff Mortensbakke Førde 27/16 0/0 0/0 27/0

Eldre Rekrutt:

3 Georg L. Johnsen Askvoll og Holmedal 30/26 6/3 6/1 42/4

11 Gaute Porten Øen Hyllestad 29/14 4/1 3/2 36/3

Junior:

2 Hildegunn Strand Solund 29/19 6/4 6/6 41/10

3 Kristin Eide Hyllestad 30/25 5/3 6/3 41/6

4 Karoline Erdal Førde 30/24 5/2 5/3 40/5

10 Sondre Myklebust Dale 29/20 3/1 5/3 37/4

11 Gaute Ullebust Førde 29/18 2/0 5/2 36/2

Stang:

5 Jørgen Skivenesvåg Hyllestad 5 17

6 Karoline Erdal Førde J 16

11 Gaute Ullebust Førde J 15 Karoline Erdal utklassa alle i felthurtig

Felthurtig:

1 Karoline Erdal Førde J 9.37

Resultat Bane:

Rekrutt:

1 Torinn Eiken Hyllestad 350 6*

3 Tomas Haugnes Florø 345 7*

5 Sivert Giil Hyllestad 340 2*

8 Maria Hoff Mortensbakke Førde 332 2*

Eldre Rekrutt:

1 Georg L. Johnsen Askvoll og Holmedal

350 8*

6 Magnus Kårstad Gaular 347 5*

Junior: Torinn og Georg på LDKS. Begge med 350 for første gang.

2 Gaute Ullebust Førde 347 5*

4 Kristin Eide Hyllestad 347 4*

6 Knut H. Svardal Dale (Sunnfjord) 343 7*

7 Hildegunn Strand Solund 343 3*

På lagskytinga lukkast vi ikkje heilt denne gangen sjølv om vi hederleg nok vart nr 3 med 390 poeng.

På dette laget skaut Georg L Jonsen, Torinn Eiken, Rudolf Friedrich og Kristin Eide. Alle gjorde sitt

beste og det er godt nok!

U23:

På grovfelten var Jørgen Skivenesvåg, Hyllestad høgt oppe på lista 29

treff. Jørgen beit hardt ifrå seg og skaffa seg ein knallbra 2.plass

totalt! Kjempesterk prestasjon av ein 2.års senior!

På seniorsida utmerka Jørgen seg nok ein gong tydlegast då han først

skaut 238, og med 99 på omgangen kunne han smile breidt etter å ha

motteke Aftenpostens pokal for beste skyttar under 20 år og sin

første mesterskapsmedalje! Arnhild Eiken, også ho frå Hyllestad,

skaut til 237, og med 97 på omgangen kunne ho slå fast at ho vart

helgas 3.beste kvinnelege skyttar, og fekk stjerne nr 1.

Arnhild og Jørgen fekk og representere Sunnfjord sitt 2.lag på

samlagsskytinga ilag med ankermann Herman Erdal frå Førde. Unge

og lovande Hallgeir Aalvik frå Florø stilte sporty opp på 2. etappe. Det resulterte i ein knusande seier

over 1.laget til Sunnfjord og ein delt 3.plass samanlagt! Så vi kan trygt slå fast at dei ferske seniorane

våre hevdar seg blant dei beste i fylket!

Vestlandsstemnet

Årdal/Aurland

Første helga vart

Vestlandsstemnet

arrangert i Sogn Indre.

Knipenborg stod som

arrangør av

banedelen. Samlaget i

Sogn Indre i Tønjum

sin regi, arrangerte

både fin- og grovfelt i

Vassbygdi i Aurland.

Finaledelen av felten

var det Farnes som

stod som arrangør av.

Stevnet vart prikkfritt gjennomført i eit nydeleg vær, av dyktige arrangørar. Det låg liksom noko i lufta

denne helga. Ein heil gjeng sunnfjord-ungdommar i ei smittsom flytsone. Rett nok vart det berre ei

medalje på felten etter flott skyting av Hildegunn Strand, Solund. Men på bane var Sunnfjord i ein

klasse for seg. Laurdagen starta flott ved at mange lukkast med gjennomføringa av innledande del på

bane. Då samlagskytinga starta seint lørdag ettermiddag, var liksom flysona etablert. Georg L

Johnsen starta med supre 100 poeng. Torinn Eiken følgde opp med nye flotte 100 poeng. Gaute

Ullebust la inn på solide 98 på sitt juniorprogram. Deretter var spenninga elektrisk då det som

utvilsomt må vere landets sterkaste ankerjente på juniorsida, Kristin Eide, la inn på fantastiske 99

poeng med 8 sentrum. 397 poeng og akkurat ein sentrum meir enn storfavorittane Sogn Indre.

Jubelen stod i taket!!!

Nr 1 samlagskyting VS. Fv . Torinn Eiken, Kristin Eide, Gaute Ullebust og Georg L Johnsen

Banedelen søndag: Først ut var Tomas Haugnes, Florø, som med ein super omgang på 99 poeng ruva

åleine på toppen som Vestlandmester! Rett etterpå i klasse Eldre Rekrutt, synte Georg L Johnsen at

tittelen som Fylkesmester ikkje var noko blaff. Nok ein gang 350 poeng og opp på toppen av pallen! I

juniorfinalen varta Kristin Eide, Hyllestad, opp med fullt hus og imponerande 350 poeng i ein klasse

der 11 av skota skal skytast på kne. Imponerande innsats av flotte ungdommar!

U23: Det var ingen som heilt lykkast denne helga blant dei yngste seniorskyttarane, men Ole Martin

Erdal, Førde, fekk i alle fall ein flott 4.plass på Stangskytinga med heile 17 treff!

Vestlandsmester! Fv Tomas Haugnes(R) Kristin Eide(J) Georg L Johnsen(ER)

Resultat VS bane:

Rekrutt:

1 Tomas Haugnes Florø 249 99 348 5*

6 Torinn Eiken Hyllestad 248 97 345 4*

7 Håkon Svardal Dale (Sunnfjord) 246 99 345 3*

8 Sigmund Haugen Kjosaas Dale (Sunnfjord) 247 96 343 5*

Eldre Rekrutt:

1 Georg L. Johnsen Askvoll og Holmedal 350 4*

Junior:

1 Kristin Eide Hyllestad 350 6*

5 Kåre Eide Hyllestad 347 5*

10 Gaute Ullebust Førde 344 7*

14 Hildegunn Strand Solund 245 0*

Spennande anvisning. Kristin og Kåre!

Resultat VS Felt:

Rekrutt:

6 Håkon Svardal Dale (Sunnfjord) 29/13 6/6 5/1 40/7

Eldre Rekrutt:

7 Georg L. Johnsen Askvoll og Holmedal 30/26 6/1 6/0 42/1

21 Ole Even Refsnes Sanden Dale (Sunnfjord) 30/18 6/1 0/0 36/1

Junior:

3 Hildegunn Strand Solund 29/17 6/6 4/0 39/6

10 Kristin Eide Hyllestad 30/24 6/3 2/0 38/3

10 Gaute Ullebust Førde 28/21 6/3 4/0 38/3

15 Karoline Erdal Førde 29/22 0/0 0/0 29/0

Hildegunn Strand beste plassering på felt VS

Landsskyttarstemnet Oppdal

Så var det klart for årets store høgdepunkt. Denne gangen på

Oppdal. Det skulle vise seg å bli eit minnerikt LS, på mange

måtar…

Totalt 21 deltok frå Sunnfjord i dei yngste klassane. 6 ferre enn i

fjor. Men dei som deltok fekk utvilsomt ei minnerik veke.

Bane: Rekruttane var først ut og med 22 cal vart det ein variabel

dag. Torinn Eiken(Hyllestad) var i lag 2 og fekk stort sett jamne

vindtilhøve. Flotte 247, best i laget og klar for finale. Sidan auka

berre vinden på og det vart ein hard kamp om kvart einaste

poeng. Sigmund Haugen Kjosaas(Dale) klarte desse brasene best

og presterte 245. Også det heldt til finale. I finalen enda Torinn

på 344 etter 97 på omgangen. Sigmund enda på 343 med 98 i sin

omgang. Dei plasserte seg dermed som nr 28 og nr 32 i sine

første banefinalar på LS. Kjempeflott!

Så var det klassen ER sin tur. Etter Georg L

Johnsen(Askvoll/Holmedal) sine tittlar på bane både på LDKS og

VS tidlegare på sommaren, var vi spente på kva han kunne få til.

Georg svikta ikkje. Skaut seg imponerande sikkert fram til 250(noko du må ha for å komme til finale i

denne klassen) og rett til finalen. Finalen vart ein thriller av dei sjeldne. Georg skaut 100 med 8 *. Ein

fantastisk 4 plass vart eit faktum!

I klasse Junior var det i år ingen som klarte å komme til finalen. Karoline Erdal var nærmast med 245

poeng. Men neste år..då..:-)

Felt: Her var vi spente på kva alle dei gode rekruttane vår kunne få til. Ulikt dei fleste dagar på

Oppdal, vart dette ein dag med stort sett like vindtilhøve i feltløypa. Heile 4 av rekruttane kom til

finalen. Sigmund H Kjosaas, Torinn Eiken, Tomas Haugnes(Florø) med 29 treff og Erik Tobias

Sletteland(Dale) med fullt hus med 30 flotte treff.

Spenninga framfor finalen var derfor stor. Flagga hang

rett ned og tilhøva perfekte. Rekruttane våre skaut

fantastisk i denne finalen. Faktisk best av alle. Erik

Tobias sin finale serie var tett og fin den, men satt

dessverre litt i kanten. Han enda på 37/3 og 57 plass.

Tomas klinka til med dagens suverent flottaste finale!

12/12 og dønn midt i skiva! Tilsaman 41/12 og plass nr

13 på lista. Torinn var ikkje særs dårlegare i sin finale.

12/11 og dagens nest beste finale. 41/11 og plas nr 14

til slutt. Sigmund også med ein fantastisk finale 12/9

og plass nr 18. Faktum er at hadde alle rekruttane våre

hatt med seg 30 treff inn i finalen, kunne Sunnfjord

nesten ha vunne tredobbelt i denne disiplinen. Tomas Haugnes med beste feltfinale Rekrutt!

I Klasse ER klarte både Georg L

Johnsen(Askvoll/Holmedal og Ole Even

Refsnes Sanden(Dale) dei magiske 30 treff dei

trengte for å nå finalen. Dessverre fekk Ole

Even ein bom i finalen, slik at han til slutt

enda på 41/6 og plass nr 67. Ikkje dårleg det i

ein slik hard og tett klasse. Georg, som ikkje

hadde hatt ein einaste bom heile sommaren,

stod løpet ut denne gangen og! 12/9 i finalen

og 42/9 totalt. Fantastisk skyting nok ein gang.

Nr 23 i klasse Eldre Rekrutt på LS står det

absolutt respekt av.

Ole Even Refsnes Sanden i feltfinale.

I klasse junior var det ingen som klarte finalekravet. Nærmast var Kristin Eide(Hyllestad), Karoline

Erdal(Førde) og Hildegunn Strand(Solund) med 28 treff.

Samlagsskytinga R/ER/J: Etter sigeren på Vestlandstemnet, hadde vi trua på ei god plassering om

alt klaffa for alle. Georg på startetappen var som vanleg sikker på avtrekkaren. 100 med 7*. På 2

etappe kjempa Torinn med 22 cal i vindkasta. 98 poeng var ein flott prestasjon. Karoline på tredje

etappe mista 3 av skota utforbi tiaren. Totalt 96 poeng og ho var nok ikkje heilt nøgd med det, men

pytt, pytt! Det kjem nye sjansar. På ankeretappen var Kristin stødig som fjell. 100 fantastiske poeng.

Samanlagt 394 poeng og 21 plass. Det er 11 plassar opp frå i fjor og betyr at vi får skive 21 neste år.

Flott prestert av alle!

Sunnfjord sitt lag svært nøgde med prestasjonen F.v Georg, Kristin, Karoline og Torinn.

I kampen om Aftenpostens fat, hadde vi fleire gode

skyttarar med. Jørgen Skivenesvåg(Hyllestad) hadde

blant anna persa med 345 poeng på eit stevne i Stryn

rett før LS. Men LS er LS, og spesielt for dei yngste

skyttarane våre i klasse 5 som får oppleve onsdagen

med TV-kamera og full rulle, kan dette vere noko

uvant. Jørgen enda til slutt på 237 i sin klasse 5 debut.

Tok seg pent inn etter ein litt skjelven ståande serie.

Jørgen fekk sin revansj då han debuterte på

samlagskytinga for Sunnfjord dagen etter. 95 poeng på

grunnlaget her var flott levert!

Den av dei yngste seniorskyttarane våre som verkeleg

var nær både Aftenpostens-fat og prinsesselag, var

Arnhild Eiken(Hyllestad). Ho smilte lurt på veg inn og

skein som ei sol då ho kom ut att frå standplass. Ho

gav bort totalt sju poeng på 15-skoten(litt her og litt

der)men med eit fantastisk grunnlag på 99 poeng,

enda ho på totalt 242 og årsbeste på eit LS. Poenget

bak prinsesselag og skive 9 på Aftenposten-laget.

Finaleskytinga vart ingen positiv oppleving. Som

linksskyttar fekk Arnhild skive midt mellom 2 rørslege

karar som ikkje skaut links. Trangt vart det, og med 96

poeng vart det for få poeng også til medalje. Men 338

og 39. beste dame på LS i 2013 synest vi må vere ein

flott prestasjon. Arnhild med solid innsats og kul i panna…!

I feltfinalen klasse 2-5/V55 var det to andre

karar som nådde opp til finalen. Både Mats

Haugnes(Florø) og Ole Martin Erdal(Førde)

hadde med seg 27 treff inn i finalen. Ole Martin

skaut ein solid finale med 12/8 og med

samanlagt 39/8 vart han nr 78. Tre plasseringar

i frå si stjerne. Mats skaut 10/4 i sin finale og

var strålande nøgd med det. Totalt 37/4 og nr

228.

Mats Haugnes i feltfinalen

Skogsløp med skyting: Der

tek skribenten seg den

fridommen at han saksar frå

fjorårets årsmelding.. «Heldigvis

har vi fam. Erdal frå Førde med!

Dei er suverene i denne

greina.Vinn alt… Ole Martin

vann sin klasse og Karoline vann

sin! Så då vart det to NM-titlar

til Sunnfjord i år og, knallbra!» Ole Martin i innspurten NM Skogsløp

LS 2013 vil også verte hugsa for vinden.. Med kast på

opptil 69 m/s måtte det nødvendigvis bli kaotisk med det

meste på ein LS-arena og LS-camp. Herorisk innsats og

samarbeid gjorde til at ingen liv gjekk tapt. Sjølv om heile

arenaen var lagt bortimot flatt, var nesten alt oppe og

gjekk som normalt morgonen etter takka vere HV og

frivillig innsats. På bildet t.h ser vi fam Haugnes sin base

etter vindkasta…

I tabellen under finst alle resultat frå LS:

klas

se

namn lag bane finale felt finale minne stang stup

R Torinn Eiken Hyllestad 247 344 29/18 41/11 53

R Sigmund H. Kjosaas Dale 245 343 29/19 41/9 58

R Tomas Haugnes Florø 244 29/13 41/12 55

R Erik T Sletteland Dale 244 30/13 37/3 57

R Håkon Giil Hyllestad 237 19/3 43

R Joakim G Krone Gaular 237 28/17 51

R Maria Mortensbakke Førde 235 25/10 52

R Sivert Giil Hyllestad 228 27/14 53

R Mass O Myklebust Dale 171 16/4 42

R Ina Martini Førde 13/4 41

ER Georg Johnsen Askvoll/H.dal 250 350 30/23 42/9 59

ER Ole Even R. Sanden Dale 241 30/13 41/6 50

ER Magnus Kårstad Gaular 236 24/9 53

ER Synnøve Sognnes Hyllestad 237 26/14 51

J Kristin Eide Hyllestad 244 28/19 58 11

J Karoline Erdal Førde 245 28/14 42 16 ****

J Gaute Ullebust Førde 243 26/12 45 13

J Kåre Eide Hyllestad 231 22/10 46 7 27,19

J Hildegunn Strand Solund 240 28/17 55 13 19,41

J Sondre Myklebust Dale 240 25/12 47

J Rudolf Friedrich Førde 244 27/21 51 14 17.43

U23 Jørgen Skivenesvg 5 Hyllestad 237 26/15 50 16 15,48

U23 Arnhild Eiken 5 Hyllestad 242 338 21/7 46 9 23,77

U23 Lars Haugnes 4 Florø 236 26/15 57 19 14,20

U23 Ole Martin Erdal 4 Førde 234 27/13 39/8 59 19 12,19

U23 Lovise Eiken 4 Hyllestad 224 26/11 51 14

U23 Mats Haugnes 3 Florø 218 27/12 37/4 54 16

Samlagsstemnet Holsen:

Med litt innleigd hjelp frå Førde, vart stemnet godt gjennomført i flott haustvær. Det var svært jevnt

i alle tre ungdomsklassane etter innledande skyting. Men favorittane innfridde i finalen. Resultata

vart slik:

Rekrutt: 1 Torinn Eiken Hyllestad 347 6*

2 Tomas Haugnes Florø 344 2*

3 Erik Tobias Sletteland Dale (Sunnfjord) 343 4*

4 Sigmund Haugen Kjosaas Dale (Sunnfjord) 342 4*

Klasse ER: 1 Georg L. Johnsen Askvoll og Holmedal 350 7*

2 Ole Even Refsnes Sanden Dale (Sunnfjord) 348 2*

3 Adrian Olset Askvoll og Holmedal 345 2*

Junior: 1 Sondre Myklebust Dale (Sunnfjord) 348 6*

2 Gaute Ullebust Førde 347 6*

3 Hildegunn Strand Solund 342 2*

På lagskytinga vart Dale best i år. Endå til dobbeltsiger!

1 Dale 1 197 (5*)

Sigmund Haugen Kjosaas (R) 98 (2*)

Sondre Myklebust (J) 99 (3*)

2 Dale 2 195 (8*)

Erik Tobias Sletteland (R) 100 (5*)

Ole Even Refsnes Sanden (ER) 95 (3*) juniorprogram

NC: Det var ikkje mange frå Sunnfjord som deltok på årets runder i norgescupen. Men dei få som deltok gjorde det til gjengjeld svært så bra. På rundene i Midt-Norge før LS var det Torinn Eiken(Hyllestad) som leverte beste resultata. I Rennebu vart ho nr 2 i klasse Rekrutt med 349 poeng. I Budal vart ho nr 7 med 346.

Den siste NC-runda gjekk i Sogn Indre i slutten av august. No var det Tomas Haugnes(Florø) som

verkeleg fant haustformen. Han vant både stevnet i Sogndal(348 poeng) og Hafslo(346 poeng)i klasse

Rekrutt.

Sogn og Fjordane serien: Vi har i mange år hatt Sparebanken Sog og Fjordane-cupen i skyting. Men

då banken i fjor gav beskjed om at dei ikkje ville vere med meir, måtte det tenkast nytt. Helsigvis vart

det stabla på beina ein ny «cup» kalla Sogn og Fjordane serien. Forskjellen frå før var at no måtte du

tilhøyre eit lag i Fjordane krets for å kunne ta poeng i serien. Finalen skulle gå i Florø som før. I år var

det berre i klasse Rekrutt at våre skyttarar hevda seg. Torinn Eiken(Hyllestad) har hatt ein

kjempesesong på bane og var best i denne klassen etter innledande skyting. I Finalen fekk ho hard

konkurranse frå ein Tomas Haugnes(Florø) i storform. Tomas vart best av desse med 346 poeng og nr

2 i finalen. Torinn måtte nøye seg med 345 og ein flott tredjeplass.

Sunnfjord har rekruttar i Norgestoppen! F.v Erik Tobias, Sigmund, Tomas og Torinn.

Framover: Etter ein flott sesong vender vi no blikket mot eit nytt år og LS på Sandes som det store

høgdepunktet. Sunnfjord og Førde er i løpet av året tildelt LS i 2017. Vi håpar dette vil vere med på å

auke interessa for skytesporten i Sunnfjord framover.

Økonimien i Samlaget generelt og Ungdomsutvalet spesielt gjev ikkje rom for mange sprell. Vi vil

starte året med å finne ein sponsor som kan gi oss litt meir økonomisk spelerom.

Sunnfjord Ungdomsutval ser fram til å få jobbe meir med dei mange flotte ungdommane våre i året

som kjem. Først ut er fellestur til Oslo Open alt om ei veke. Vi statsar på at det vert ein minnerik tur i

eit trygt og godt miljø med auka samhald som resultat.

-Tusen takk til alle ungdomsskyttarane for mykje spenning og moro i året som har gått.

-Tusen takk til alle foreldre/ føresette og frivillige i laga som stiller opp og køyrer

ungdommane våre på trening og stevner.

- Tusen takk til alle frivillige i laga i Sunnfjord som gjer ein flott og viktig jobb for lag og

samlag.

-Tusen takk til Samlaget v/Rekkedal for godt samarbeid.

-Vi ønskjer spesielt Gaute Ullebust, Hildegunn Strand og Rudolf Friedrich lukke til når dei

no rykker opp i seniorklassane etter nyttår. Alle tre har vært av våre aller beste

ungdomsskyttarar i dei siste åra, og det blir spennande å sjå korleis det går med dei vidare!

23.11.2013:

For styret: Ørjar Eiken(ungdomsleiar)