17
GRATULERER VELKOMMEN TIL BARSEL

Barsel

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Barselinformasjonsbrosjyre 2012

Citation preview

Page 1: Barsel

GRATULERERVELKOMMEN TIL BARSEL

Page 2: Barsel

INNHALDside tema 4 BARNET FRÅ TOPP TIL TÅ11 STELL OG BADESTELL16 AMMESTART

26 MOR

DET ER EI STOR OMVELTING I LIVET Å FÅ BARN Særleg i den første tida kan det dukke opp mange spørsmål. I denne brosjyren har vi samla ein del nyttig informasjon ut frå det vi erfarer er dei mest vanlege spørsmåla i barseltida. Barseltida er definert som dei seks første vekene etter fødsel. Vi ønskjer at du eller de som foreldre bruker tid på å sjå gjennom denne brosjyren.

DEN FØRSTE TIDAVi anbefaler at du kviler deg, bruker tid på å bli kjent med barnet ditt og forsøker å få i gong pro-duksjonen av morsmjølk dei første dagane etter fødselen. Dette kan ta litt tid, men går seg som regel til etter kvart. Barnet gir frå seg små signal om at det vil ha mat. Teikn på dette kan vere at barnet gliper med auga, retter ut tunga eller strekkjer på beina.

Den første tida er det normalt å amme like mykje om natta som på dagen, og når du ammar blir det frigjort stoff i kroppen din som verkar avslap-pande på deg. Det er lurt å kjenne etter på denne effekten slik at du kviler deg når du kan, både på

dagen og om natta. Om du klarer å kvile på dagtid vil du tole betre å amme om natta.

Vi veit av erfaring at det kan vere lurt å unngå mykje besøk og mobilbruk i starten av barseltida. Er du oppteken med besøk eller mobiltelefonen, kan du gå glipp av signala frå barnet, som igjen kan føre til at det tek lengre tid å komme i gong med mjølkeproduksjonen.

Hugs at personalet er her for å hjelpe deg. Ta kontakt med oss om det er noko du lurer på eller noko du treng hjelp til.

3Foto: colourbox

Page 3: Barsel

BARNET FRÅ TOPP TIL TÅ

AugaAuga til barnet kan vere klistrete og/eller fylt med tårer like etter fødselen. Du kan vaskemed lunka kokt vatn på ein bomullsdott og tørke frå yttersida inn mot augekroken.

Blir auga hovne og/eller det kjem rikeleg med gulgrøn væske frå dei, må det bli tatt bakterieprøve for å undersøkje om det er ein infeksjon som krev antibiotikabehandling.

ØyreneIkkje vask inne i øyrene på barnet, tørk berre i ytre del av øyret.

RapingAlle barn har ulike ”rapevanar” fordi enkelte barn svelgjer meir luft enn andre. Om du held barnet inntil deg med barnet sitt hovud mot skuldra di, gir du barnet sjanse til å rape etter eit måltid. Luft som skal opp kjem etter få minutt, men hugs at ik-kje alle barn MÅ rape.

HikkingEin del barn hikkar mykje og har ofte gjort det inne i livmora òg. Det er heilt normalt og ikkje farleg. Varme føter og eventuelt ein liten skvett bryst-mjølk kan hjelpe til med å stoppe hikkinga.

NysingNyfødde barn nys mykje, men er ikkje forkjøla av den grunn. Dei nys for å reinske opp i litt tronge nasekanalar.

TrøskeTrøske er ein vanleg soppinfeksjon som viser seg som eit kvitt belegg på tunga til barnet og/eller på innsida av kinna. Dette kan smitte til brystknoppen og føre til at det å amme blir smertefullt for deg. Det er ikkje farleg, men krev behandling med sopp-drepande middel som du får på resept hos legen.

Urin og avføringDen første avføringa til nyfødde barn er grønsvart og blir kalla barnebek. Den er seig og har inga lukt fordi bakteriedanninga i tarmen til barnet ikkje har starta enno. Etter kvart som barnet får råmjølk frå mor i tarmsystemet, vil den normale tarmfloraen bli etablert. Dette kan medføre litt uroleg mage hos barnet dei første par dagane. Når barnet får i seg meir mjølk, vil avføringa skifte farge - frå grønsvart til brun - for deretter å bli sennepsgul når mjølke-produksjonen hos deg er vel i gong.

Barnet bør ha avføring dagleg den første veka, då dette er eit godt teikn på at barnet ditt får i seg nok

4 5

Page 4: Barsel

mjølk. Det er viktig å følgje med på vekta til barnet og sjå det i samanheng med kor mykje avføring som kjem. Går barnet fint opp i vekt, betyr det at det tek til seg mjølka den får og berre har sjeldnare avføring. Så lenge vekta er fin er det ingen grunn til å bli bekymra. Når mjølkeproduksjonen hos deg er godt i gong etter den første veka, kan det vere like normalt for barn å ha avføring ti gongar dagleg som kvar tiande dag. Dette gjeld barn som berre får morsmjølk.Det hender at du kan sjå oransje/raude flekker i bleia til barnet dei første dagane etter fødselen. Dette er eit stoff frå nyrene som heiter urat, og er heilt normalt. Etter kvart som mjølkeproduksjonen kjem i gong og gjennomstrøyminga i nyrene til bar-net blir større, vil spor av urat i bleia forsvinne.Eit anna godt teikn på at barnet ditt får nok mat, er at det har fem til seks våte tissebleier kvar dag.

NavlenHald navlestumpen til barnet tørr og rein. Kjem det væske frå navlen, kan du vaske han med reint

vatn eller saltvatn som du kjøper på apoteket. Navlestumpen dett av etter om lag tre til ti dagar etter fødselen. Det er normalt at det kan lukte litt frå navlestaden, men blir det mykje ”kliss” og huda rundt blir raud og irritert, bør du kontakte helse-stasjonen. Tørk forsiktig rundt navlestaden med bomull etter bad.

NeglerNeglene til barnet er ofte lange og skarpe, og gjer at barnet stadig klorer seg i andletet. Du kan rive av neglene forsiktig (ikkje klippe) når du ser at dei fliser seg litt opp. Du kan òg bruke tynne bomull-svottar på barnet for å unngå at det klorer seg sjølv.

Hender og føterSpedbarn har ofte litt blåleg farge på hender og føter dei første dagane etter fødselen. Dette er på grunn av litt dårlegare blodsirkulasjon i dei områda av kroppen som er lengst frå hjartet. Då kan varme sokkar vere godt for barnet. Om du skal vurdere

om barnet er passeleg varmt, kan du kjenne på det i nakken. Eit barn som er for varmt er ofte raud i andletet og irritabel.

HUDA

MilierDei små kvite prikkane i andletet på barnet, spe-sielt på nasen, heiter milier. Desse prikkane er forstørra talgkjertlar og dette er heilt normalt. Det tar gjerne nokre veker før dei forsvinn av seg sjølv.

VarmeutslettVarmeutslett kjem når barnet har det for varmt. Det artar seg som små raude nuppar som forsvinn ved avkjøling.

”Heksemjølk”Både gutar og jenter kan få litt opphovna bryst-kjertlar etter fødselen. Dette kjem som følgje av hormonpåverknad frå mor i svangerskapet og vil

forsvinne etter nokre dagar. Det kan vere litt ømt for barnet, så ver forsiktig når du er borti området.

SpedbarnsutslettSpedbarnsutslett artar seg ofte som små lyseraude flekkar, eller litt større område spesielt på hals, bryst og underarmar. Ofte kan ein sjå ein liten hard og kvit prikk inne i flekken/området. Dette utslet-tet kjem fort og forsvinn fort. Årsaka er hormonell påverknad frå mor.

”Storkebitt”Om barnet ditt har eit raudt merke på augelokk, i panna eller nakken, kallar vi det gjerne ”storkebitt”. Desse merka blir mindre synlege eller forsvinn et-ter kvart, helst innan første leveår. Iblant ser du at dei kjem fram igjen hos barnet når det anstrengjer seg.

FødselsmerkeDet er vanleg med fødselsmerke hos nyfødde og dei fleste er godarta og ufarlege.

6 7

Page 5: Barsel

BARN MED GULSOTTkan bli slappe og treng ofte drikke

UNDERSØKING AV HØRSELHelsedirektoratet har bestemt at alle nyfødde skal få undersøkt hørsla før dei reiser heim frå sjuke-huset etter fødselen. Dette gjer vi for å oppdage tidleg om det er tap av hørsel, slik at hjelpetiltak kan bli sett inn så raskt som mogleg.

Barnet blir undersøkt ved at vi plasserer ein liten plugg i øyret. Pluggen gir ein svak knitrelyd inn i øyret og vi måler lyden som kjem tilbake frå det indre øyret. Under undersøkinga må barnet vere roleg (gjerne sovande), og det må vere stille i rom-met.

Dersom testen ikkje blir godkjend, blir barnet tilvist til Høresentralen på Haukeland universi-tetssjukehus. Ein mislykka test betyr som regel at barnet framleis har fostervatn i mellomøyret, noko som vanlegvis forsvinn av seg sjølv etter kort tid. Høresentralen kallar uansett barnet inn til ny test i løpet av få veker.

Vi reknar med at om lag fem prosent av alle ny-fødde må ha ein ny test, men berre ein til to pro-sent treng behandling for hørselstap ved fødsel. Enkelte barn får svekka hørsel i åra etter fødselen. Det er derfor viktig at du observerer utviklinga til barnet, og følgjer kontrollane på helsestasjonen.

NYFØDD-GULSOTT Gulsott er ein vanleg og som regel ufarleg tilstand som oppstår hyppig hos nyfødde barn. Dei fleste nyfødde blir litt gule i huda og inne på augekvi-ten frå andre til sjuande dag etter fødselen. Det forsvinn som regel av seg sjølv i løpet av kort tid og har ingenting med smitt-sam gulsott å gjere. Dei fleste nyfødde barn som får gulsott, får det fordi lever- funksjonen enno ikkje er heilt moden.

Vanlegvis fjernar levra vår det gule fargestoffet – bilirubin - frå blodet vårt. Det gule fargestoffet er eit avfallsstoff som kjem frå dei raude blodle-kamane våre som ikkje er levedyktige. Når raude blodlekamar døyr, blir blodfargestoffet hemoglo-bin frigjort og gjort om i levra til bilirubin, som blir fjerna frå blodet vårt via levra.

Fram til leverfunksjonen er moden vil det i dei første levedøgna skje ei opphoping av bilirubin i blodet. Det er då du ser gul farge i huda og i det kvite i auga på den nyfødd.

Nærare halvparten av alle nyfødde får normal gulsott, og hos dei aller fleste vil tilstanden ikkje bli behandla.

Barn som får nyfødd-gulsott kan bli trøytte, slappe og lite villige til å die. Ved gulsott treng barnet my-kje væske og du bør amme hyppig. Du kan gjerne late barnet liggje i dagslys, men ikkje i direkte sol-lys. Om du er usikker på gulfargen til barnet veka

etter heimreise, kan du ta kontakt med oss påBarseltelefonen: 41499042, slik at vi kan vurdere situasjonen.

8 9

Page 6: Barsel

STELLVask barnet med lunka vatn som måler om lag 37 grader. Du kan bruke ein mjuk tynn klut eller berre hendene dine. Hald gjerne barnet under springen, men kjenn først på vatnet med innsida av handled-det. Tørk godt i alle hudfaldar og smør gjerne huda til barnet med brystmjølk, eventuelt lufttørk dersom huda er litt sår. Viss huda til barnet er tørr, kan du eventuelt massere det tørre området inn med litt babyolje. Barnet treng vanlegvis ingen salve eller krem.

Gutar: Ein treng ikkje trekkje forhuda tilbake for å halde det reint.

Jenter: Vask underlivet først framme og dra kluten bakover. Dette for å unngå å tilføre bakteriar fram mot urinrøyret. Det er ikkje nødvendig å vaske innanfor kjønnsleppene med mindre det er tilgrisa med avføring.

Hos jentebabyar kan det kome ein del slim frå skjeden – nokre gonger blanda med blod. Dette er vanleg og skjer som følgje av hormonpåverknad frå mor.

MiljøKvar dag blir vi utsett for helse, - og miljøskadelege stoff i såpe, hudkrem, bleier, leiker etc. Mange av dei produkta vi smør på huda til barna kan innehal-de allergi- og kreftframkallande stoff, òg stoff som kan forstyrre hormonbalansen i kroppen.

Vi anbefaler at du bruker så lite såpe og sjampo som mogleg på barnet, unngår parfymerte pro-dukt, bruker salve berre ved behov, bruker bleie utan parfyme og hudkrem, unngår produkt med bakteriedrepande stoff, og alltid vaskar nye klede og sengetøy før bruk.

11Foto: colourbox

Page 7: Barsel

HUGSøving gjer meister :)

BADESTELL Dersom du er førstegongsfødande vil vi gjerne hjelpe deg med å bade barnet ditt første gong, men nokon gonger er det dessverre ikkje mogleg for oss å prioritere dette før du og barnet reiser heim. Det er ikkje nødvendig å bade barnet kvar dag og eit godt alternativ til bad er ein grundig kropps-vask dagleg.

Rommet skal vere behageleg varmt, slik at barnet ikkje frys når det kjem opp av vatnet. Finn fram alt utstyr du treng på førehand: klede, bleier, hand-klede mm.

Gå aldri frå barnet på stelle-bordet. Har du gløymt noko, så ta barnet med deg for å hente det. Eventuelt kan du leggje barnet i eit handklede på gol-vet. Vask av eventuell avføring før badet startar.

Start med å vaske dine eigne hender. Pass på riktig arbeidsstilling for deg sjølv.

Fyll i badekaret til barnet med passe varmt vatn, om lag 37 grader. Kontroller med underarmen din for å kjenne at vatnet er behageleg varmt.

La skuldra/nakken til barnet kvile på den venstre underarmen din, og hald med eit fast grep slik: tommel, peikefinger og langfinger rundt barnet sin venstre overarm. Ta den høgre handa di under rumpa til barnet og senk det rolig ned i vatnet slik at det når barnet til halsen. Hald barnet godt med venstre hand under heile badet, og vask med høgre hand, eventuelt med en mjuk klut. Dersom barnet sklir på underarmen under badet, må du ta eit fastare grep.

Barnet kviler mot venstre underarm og du held rundt barnet sin venstre overarm

12 Foto: colourbox

Page 8: Barsel

Barnet liker dine kjærlege hender

Start ovanfrå med å vaske andletet med ein mjuk klut. Unngå å la vatn renne ned i auga. Vask så håret til barnet med få dråpar sjampo utan parfyme. Skyll forsiktig med handa.Du treng ikkje snu barnet – vask med handa eller ein mjuk klut ovanfrå og ned. Hugs å vaske alle foldane på huda; under haka, bak øyra, under armane og i lysken. Hald barnet under rumpa med høgre hand igjen og løft det opp av vatnet. Legg barnet på handduken godt innpå stellebordet eller på golvet. Tørk forsiktig med eit mjukt handklede eller ei tøybleie. Hugs alle foldane. Tørk eventu-elt gammalt fosterfeitt utover, ikkje lat det bli liggjande feitt i klumpar på kroppen til barnet. Eventuelt størkna blod kan vaskast varsamt vekk med bomullsdottar. Kjenn etter med tørr hand i alle foldane på huda. Navlen skal lufttørkast før du kler på barnet igjen.

LA BARNET LIGGJE PÅ RYGGEN NÅR DET SØV Å liggje på magen eller på sida aukar risikoen for krybbedød. Du kan lese meir om førebygging av krybbedød på www.helse-bergen.no/kk.

Foto: colourbox15

Foto: colourbox

Page 9: Barsel

AMMESTARTMange nybakte mødrer er bekymra for korleis dei skal få til å amme. Her freistar vi å gi deg ei innføring i ammestart, og nokre råd om amming. Kanskje opplever du at det å amme ikkje er så lett som du hadde tenkt deg? Du er ikkje aleine om dette. Mange mødrer møter på utfordringar ved ammestart - fram til amminga er godt etablert.

Anten det er første gongen du ammar eller du har amma før, kan det vere nyttig å lese gjennom denne teksten i løpet av den første barseltida. Vi som jobbar med å rettleie kvinner til å amme, ønskjer å hjelpe deg med å få ein best mogleg ammestart.

Dersom det er spesielle område du uroar deg for, eller du har dårleg erfaring med amming frå tidlegare, ønskjer vi at du fortel dette til oss. Det vil òg vere nyttig for oss å vite om du er operert (til dømes brystreduksjon/- implantat) i brysta dine.

Vi veit mykje om fordelane ved det å amme. Men vi vil gjerne også påpeike at i enkelte tilfelle kan det å slutte og amme, eller eventuelt velje å ikkje amme, vere det beste alternativet for deg og barnet ditt.

Kvifor er det bra å amme?• Morsmjølka inneheld alle dei viktige nærings-

stoffa barnet ditt treng. • Morsmjølka inneheld antistoff som beskyt-

tar barnet mot sjukdom og allergi dei første leveåra.

• Amming gir viktig og nær kontakt mellom mor og barn.

• Morsmjølk er lettvint (når amminga først er etablert) og billeg.

Hud og nærkontaktDet er viktig at du bruker så mykje tid som mog-leg saman med barnet ditt. De vil då bli raskare og betre kjent med kvarandre og du vil kjenne deg meir trygg ved heimreise frå sjukehuset. Ha barnet i senga di så mykje som mogleg og la det få mykjehudkontakt. Hudkontakt vil òg kunne bidra til at mjølkeproduksjonen din kjem raskare i gong. Som barselkvinne er det frå naturen si side normalt at du har ein lett søvn med mange avbrot fordi du har eit nyfødd barn å ta hand om.

HyppighetÅ amme hyppig i starten stimulerer mjølkepro-duksjonen din. Jo meir barnet ditt syg, jo meir mjølk produserer du. Enkelte barn ønskjer å få mat ti til tolv gonger per døgn, medan andre barn drikk mindre og nokon meir.

Sjølv om du ikkje trur at du har mjølk, er det gull verdt med dei få dråpane du har og ofte

er det nok til å roe barnet. Eit barn som er fullboren, frisk og syg godt, treng vanlegvis ikkje morsmjølktillegg.

SugeteiknLegg barnet til brystet så snart det viser teikn til at det vil suge. Desse teikna kan vere at barnet strekkjer på beina/kroppen, rekkjer ut tunga og gliper med auga. Ikkje vent til barnet begynner å skrike, dette er eit seint signal frå barnet om at det er svoltent.

Ammestilling Det er viktig å finne ei god ammestilling og vi anbefaler at du bruker tid på å finne den stil-linga som er rett for deg slik at du slappar av i heile kroppen.

MOR TRENG:Vatn, mat, kvileog litt oppmuntring.)

16 17

Page 10: Barsel

Vi anbefaler deg å sjå video av fleire ulike ammestillingar på våre nettsider www.helse-bergen.no/kk

SugetakLa barnet sitt ansikt vere vendt mot deg med krop-pen mot brystet ditt, slik at det slepp å vri hovu-det for å nå fram. Nasen skal vere i høgde med brystknoppen. Barnet får då riktig sugetak når det strekkjer seg mot brystet ditt og bøyer hovudet lett bakover for å ta brystknoppen. Då blir haka pressa mot brystet og nasen blir frigjort slik at barnet kan puste medan det diar.Suge- og gaperefleksen blir stimulert ved å forsiktig stryke brystknoppen mot leppene til barnet. Når barnet gaper blir det ført til brystet. Du bør ikkje dytte brystknoppen mot barnet.Få mest mogleg av brystet inn i munnen til barnet. Prøv å sikte mot ganen med brystknoppen. Det er der refleksen for å suge blir utløyst. Om nasen blir

klemt saman mot brystet ligg barnet kanskje for høgt på brystet, og med bøygd nakke. Trekk barnet litt ned, med hovudet lett strekt bakover. Hald barnet sin kropp tett inntil deg. Trykk helst ikkje på brystet med fingrane for å halde nasen til barnet fri. Dette kan stengje mjølkegangane dine. Normalt bør barnet suge til det slepp brystet sjølv. Viss du tar barnet frå brystet, må du hugse å op-pheve undertrykket ved å putte veslefingeren din i munnen på barnet, og så fjerne brystet frå mun-nen. Dette er for å unngå såre brystknoppar hos deg.

Teikn på feil sugetak• Barnet har smilehol i kinna medan det sug. • Barnet suttar på brystknoppen/lagar• trutmunn. • Svært lang sugetid, over 30 minutt på eitt bryst. • Barnet drar i brystet eller må sjølv vri • på hovudet for å suge.• Brystknoppen er skeiv etter amming.• Det er smertefullt for deg å amme. Feil sugetak: Barnet suttar på brystknoppen og lagar trutmunn.

Foto: colourbox18

Page 11: Barsel

Sugetid Det er viktig at barnet tømmer brystet ditt heilt før du tilbyr det andre brystet. Dette er for å stimulere mjølkeproduksjonen, og fordi den feitaste mjølka kjem til slutt. Barnet syg først for å sløkkje tørsta, deretter for å bli mett. Det er den siste mjølka som er mest næringsrik og det er derfor viktig at barnet får i seg denne. Dersom barnet syg på begge bryst under eitt måltid, er det viktig at du først tilbyr det brystet som ikkje blei heilt tømt under førre måltid. Barnet bør bli lagt til brystet når det viser teikn til svolt. Enkelte barn vil die ti til tolv gonger per døgn, andre er nøgde med mindre. Om barnet

ditt søv mykje dei første dagane, bør du vekkje det for å amme om lag kvar tredje til fjerde time.

BrystsprengHormonpåverknad hos deg medfører auka blod-tilførsel samtidig som mjølkeproduksjonen stig. Dette er mest vanleg mellom andre til femte døgn etter fødselen, og varer som regel frå eitt til to døgn. Dette er årsaka til at mange kvinner kjenner at brysta er hovne og ømme etter fødselen. Ofte blir dette kalla mjølkespreng, utan at det er det. Ein kan lindre brystspreng ved å ta varme omslag på brystet og ta ein varm dusj.

Fem teikn på rett sugetak1. Barnet gaper høgt, ingen trutmunn. 2. Underleppa er krølla litt utover. 3. Munnen er full av bryst. 4. Kjevemusklane arbeider rytmisk, heilt bak til øyra. 5. Etter å ha amma vil forma på brystknoppen vere rund.

Rett sugetak: Munnen er full av bryst.

DEN FEITASTE mjølka kjem til slutt

Foto: colourbox20

Page 12: Barsel

MjølkesprengMjølkespreng oppstår gjerne når mjølkeproduk-sjonen startar for fullt, men det kan òg førekomme gjennom heile ammeperioden. Mjølkespreng er ofte kombinert med brystspreng dei første dagane etter fødselen. Når brystet er hardt og sprengt, kan det vere vanskeleg for barnet å ta tak i bryst-knoppen. Det kan òg vere problematisk å få tømt brystet skikkeleg. Du kan førebyggje mjølkespreng ved å starte amminga raskt etter barnet er fødd, samt amme hyppig, gjerne kvar andre time.

Om mjølkespreng oppstår, kan følgjande råd vere til hjelp:• Varme omslag (varme klutar eller ein varme-

pose) og varm dusj. • Stimulere brystet lett under ein varm dusj for

å få i gong utdrivingsrefleksen og få mjølka til å renne.

• Lett massasje av brysta når mjølka renn. Her må duvere forsiktig, så du ikkje øydelegg vevet

i mjølkekjertlane og mjølkegangane. Husk å varme opp først og å stimulere brystknoppane, før du masserer sjølve brystet.

• Tømme brystet ved å la barnet die, eller ved handmjølking.

NB: Å tømme brystet heilt med elektrisk pumpe kan forverre mjølkesprengen.

Tette mjølkegangarBlir ein mjølkegang tett, vil brystet ditt bli ømt og raudflamma. Du kan få feber og føle deg på same måte som når du har influensa. Då er det viktig å tilføre brystet varme og å amme hyppig, helst kvar andre time. Det kan vere lurt å late barnet ha ei slik ammestilling at haka vender mot det ømme området av brystet.

Nokon gonger går denne tilstanden over til å bli brystbetennelse. Brystet blir verre og du kan få høg feber (over 39,5 grader), og dårleg allmenntilstand. Du må då ta kontakt med fastlegen din, eller den

lokale legevakta. Sjølv om dette skulle skje, er det framleis viktig å amme hyppig - for det er like viktig at brystet blir tømt for mjølk no.

HandhygieneFor å unngå infeksjonar er det viktig med god handhygiene. Å vaske hendene før amming er spesielt viktig dersom brystknoppane dine er såre. Ver forsiktig med å ta direkte på brystknoppen om du er sår. Dette er spesielt viktig når de er på sjuke-huset, fordi det er fleirebakteriar her og dermed større risiko for infeksjon.

Å handmjølkeDersom barnet ditt er lite villig til å suge dei første dagane etter fødselen, kan det vere nyttig for deg å komme i gang med å handmjølke. Å handmjølke er ofte eit betre alternativ enn å pumpe seg, spesielt dei første dagane etter fødselen. Det er ein fordel om du lærer deg å handmjølke før du reiser heim frå barselavdelinga.

Om du ikkje kan det frå før, vil vi gjere vårt beste for å vise deg det før du reiser heim.

Vi anbefaler at du ser denne videoen av korleis ein handmjølker seg sjølv.Sjå våre nettsider www.helse-bergen.no/kk

Gode råd mot såre brystknoppar Det er lettare å førebyggje såre brystknoppar enn å behandle dei. Her er nokre gode råd:Ver nøye med handhygienen. Stimuler med reine fingertuppar på det brune området rundt bryst-knoppen. Det stimulerer utdrivingsrefleksen. Unngå å ta på sjølve brystknoppen.

Få mjølka til å piple ut av brystknoppen før du legg barnet til. Hugs at det er viktig med riktig sugetak. Varier mellom ulike ammestillingar.

22 23

Page 13: Barsel

Når barnet skal bli fjerna frå brystet, kan du opp-heve undertrykket ved å stikke veslefingeren din inn i barnet sin munnvik mellom gommane, og så løfte brystkoppen ut av munnen. Då unngår du å slite barnet av brystet. La morsmjølka lufttørke på brystknoppen kvar gong du har amma. Når du har amma vil det vere litt mjølk igjen på brystknoppen, og dette let du la det tørke inn før du tar på deg klede igjen.

Fuktige sår kan bli påført litt nøytral brystsalve. Det er ikkje nødvendig med salve på heil, frisk hud. Eit viktig prinsipp å hugse på her er: ”Tørt på tørt, vått på vått”Dusj dagleg og ha på deg mjukt tøy nærmast bryst-et. Unngå tøy som gnissar og irriterer brystknop-pen. Unngå ammeinnlegg av papir den første tida. Unngå bruk av såpe på brysta, det tørkar ut huda.

Unngå stram BH som gjer at brystknoppen blir klemt innover i brystet. Dette kan lage fuktigegroper rundt brystknoppen, noko som aukar føre-

komsten av bakteriar og dermed gir større risiko for infeksjon.Det er normalt at brystknoppane er ømme dei første fjorten dagane etter ein fødsel.Om du har sår eller sprekker på brysta dine, kan du reinse såra med saltvatn eller natriumklorid etter å ha amma. Dette får du kjøpt på apoteket. Ta litt på ein kompress, hald ei lita stund mot brystknoppen, mjølk ut morsmjølk og lat det lufttørke.

Ammeinnlegg av ullAmmeinnlegg av ull er med på å halde brysta dine varme. Det kan vere lurt å kjøpe to par slik at du alltid har eit reint par tilgjengeleg. I tillegg bør du tenkje over kor du legg frå deg innlegga, med tanke på hygiene. For å unngå at hud eller skorper følgjer med når du tar av deg ullinnlegg eller BH, kan du bruke små bomullslappar inne i ammeinnlegga og skifte desse kvar gong du ammar. Ammeinnlegg som sit fast i brystet kan lett gi sår. Er du blitt litt sår og innlegget heng fast, skal du

ikkje rive det av, men bløyte det godt med vatn, eller mjølk ut litt morsmjølk slik at det blir fuktig før du fjernar det. Ammeinnlegg av papir har lett for å gnisse på huda og hengje fast utan at du ser det. Legg derfor små bomullslappar inni innlegget og bløyt med vatn eller morsmjølk om det heng fast.

Å røykje medan du ammarNikotin går over i morsmjølka. Det beste for barnet ditt og deg sjølv vil vere om du slutter å røykje. I alle fall må du avgrense røykinga så mykje som mogleg, og om du må røykje er det best å gjere det like etter at du har amma. Då vil det gå lengst mogleg tid frå nikotininntak til du skal amme igjen.

Brystimplantat/-reduksjonDersom du har brystimplantat eller har redusert storleiken på brysta dine, kan du likevel amme bar-net ditt. Det er viktig at du er ekstra observant på at du får tilstrekkeleg god mjølkeproduksjon, då vi veit at dette kan vere ei utfordring. Vi ønskjer at du

informerer oss som jobbar på barselavdelinga om du har vore gjennom ein slik operasjon.

Ammehjelp På Kvinneklinikken har vi ein Ammepoliklinikk der det arbeider jordmødrer og barnepleiarar med sp-esialkompetanse på amming. Vi tek i mot kvinner som opplever problem i starten på amminga.Sjå Rådgivningssenteret for mor og barn på www.helse-bergen.no/kk, for meir informasjon.

Ammehjelpen er ein frivillig humanitær organ-isasjon som består av mødrer som sjølv har erfar-ing med å amme. Dersom du får problem med å amme når du kjem heim, kan du kontakte denne organisasjonen for råd og rettleiing. Vi anbefaler deg å gå inn på deira nettsider, her finn du mykje nyttig informasjon: www.ammehjelpen.no.

24 25

Page 14: Barsel

MORDet skjer mange endringar med kroppen din og i kjenslelivet ditt når du nettopp har blitt mamma.

Fødsel og ammestart er krevjande for kroppen din og den første tida kan det vere godt å få litt avlasting. Det er ikkje alltid like lett å finne den rette balansegongen, men kanskje nokon av dine nærmaste kan hjelpe til med å lage mat til deg eller ta ein trilletur med barnet? Poenget vårt er at det er ikkje meininga at du skal klare alt sjølv! Ver flink å be om hjelp når du kjenner at du treng det.

ErnæringSjølv om det er mykje som dreier seg om barnet den første tida etter fødselen, er det viktig at du ikkje gløymer deg sjølv. Ein god mjølkeproduk-sjon er avhengig av at du tek deg tid til å ete med jamne mellomrom og drikke godt med vatn. Du treng ikkje så mykje ekstra mat, men pass på å ete sunn mat utan mykje sukker.

SøvnSom nybakt mor vil du raskt oppdage at døgn-rytmen din no er avhengig av ein annan person.

Kanskje vil barnet helst sove om dagen og vere vaken om natta, særleg den første tida. Då kan det vere lurt at du tenkjer nytt og heller søv på dagen samstundes med barnet. Vi anbefaler at du prioriterer å få sove godt og nok framfor å til dømes gjere husarbeid, det kan vente. Kanskje familie eller venner kan låne syskena til babyen ei stund slik at de som foreldre får sove litt ekstra?

RenselseDet er normalt med frisk bløding dei første da-gane etter fødselen. Dette kallar vi reinsinga. Ho vil raskt bli mindre og bli brunleg på farge. Det er individuelt kor lenge denne blødinga varer, men vanlegvis gir den seg i løpet av dei første seks vekene. Om lag ti til tolv dagar etter fødselen kan du igjen få ei litan bløding med friskt blod, som vanlegvis varer to dagar og nokon gonger litt lengre. Dette er heilt normalt.Reinsinga inneheld mykje bakteriar. Ver derfor nøye med god hygiene. Vi anbefaler ikkje at du

2726

Foto: colourbox

Page 15: Barsel

tar karbad eller badar i offentlege basseng så lenge reinsinga pågår. Dersom blødinga skulle bli illeluk-tande, eller om du begynner å blø rikeleg, bør du kontakte Kvinneklinikken via Barseltelefonen på telefon 414 99 042, eller oppsøkje lege. Du skal òg kontakte lege dersom du får feber og magesmerter.

Sting Eit tørt og reint sår gror raskast. Bruk lunka vatn, eventuelt litt Lactacyd når du vaskar deg nedantil. Det er viktig å skifte bind ofte. Ved smerter kan du trygt ta smertestillande tablettar med anbefalt dose av Paracet. Det er vanleg at ein del rifter og epistomiar (klipp) gjer vondt dei første vekene etter fødsel. Om smertene aukar og ikkje forsvinn gradvis, kan du ta kontakt med Kvinneklinikken på Barseltelefonen, tlf.: 414 99 042 mellom kl. 11.00 og 13.00.

BarseltårerDet skjer store omveltingar med deg når du får barn. Foreldre og barn skal bli kjende med kvaran-

dre, det er mykje nytt å lære og du opplever kan-skje å vere både trøytt og sliten. I denne første tida er det ikkje uvanleg å føle seg sårbar psykisk. Tårene kjem fort og det skal lite til før ein blir sint og ute av seg. Dette er heilt normale humørsvin-gingar, som òg far kan oppleve å kjenne på. Du skal vere på vakt dersom denne tilstanden held fram og du kjenner deg trist og nedstemt over len-gre tid. Då er det viktig å ta kontakt med lege eller snakke med helsesøster.

EtterkontrollEtterkontroll av deg sjølv etter fødsel er frivillig, og du må bestille kontroll hos den legen du har gått til under svangerskapet. Vi anbefaler at du tek ein etterkontroll innan åtte veker etter fødselen. På etterkontrollen sjekkar legen at alt har normalisert seg. Her kan du òg ta opp med legen dersom du ønskjer å starte på prevensjon.

Samleie etter fødselenDet er individuelt når ein ønskjer å ha samleie igjen etter ein fødsel. Dei første vekene kan det være ubehag og sårt å ha samleie dersom du har rift eller epistomi (klipp) som skal gro. Det er òg vanleg at lysta til å ha samleie let vente litt på seg etter ein fødsel. Vent til du er klar og kjenner lyst. Husk eventuelt prevensjon, du kan bli gravid sjølv om du ammar.

På veg heim frå barselavdelingaBarselavdelingane ved Kvinneklinikken sender ei melding til helsestasjonen i ditt distrikt om at du har fått barn. Helsesøster vil etter kort tid (vanleg-vis innan ei veke) ta kontakt med deg for å avtale vidare kontrollar eller heimebesøk. Helsesøster følgjer opp barnet i fleire år framover, og kan gi råd og rettleiing om blant anna amming og ernæring. Ved behov kan du kontakte helsestasjonen din.

28 29

Foto: colourbox

Page 16: Barsel

NOTATAR

30 31

Page 17: Barsel

www.helse-bergen.noHaukeland universitetssjukehus, telefon: 05300

www.helse-bergen.no/kk

Nr. 2023664

Vi ønskjer deg lukke til vidare og atter ein gong gratulerer med den nyfødde.

Helsing frå oss ved Fødeseksjonen på Kvinneklinikken