Upload
others
View
0
Download
0
Embed Size (px)
Citation preview
Beitebruksplan for Hol
Fotograf: Lars Bry. Randehøgda ca 1975-1980. Buskapen til Gunhild, Margit og Pål Larsgard.
Kvinne ukjent.
Planfremmar: Hol sankestyre
Vedtatt i Kommunestyret den 31.01.2008, saksnr 06/08.
1
SAMANDRAG
Utanom dei mest høgtliggjande områda finst det knapt natur som ikkje er beitepåvirka i Hol.
Beiting i utmark er ein berekraftig produksjonsmåte fordi ein nyttar lokale og fornybare ressursar
til produksjon av høgverdig og bortimot økologisk dyrka mat.
Omlag 18000 småfe, og over 600 storfe/hest går kvart år på utmarksbeite i Hol. Så godt som all
sau og geit og 80% av storfeet går meir enn 8 veker på utmarksbeite i Hol. Verdien av fôret som
blir tatt opp på utmarksbeite er om lag 4,2 mill kr årleg. For å produsere den same fôrmengda må
ein bruke nær halvparten av dyrkamarka i Hol. Verdiskapinga på utmarksbeite var om lag 8,24
mill kr i 2003. Dette er ca 20 % av den samla verdiskapinga i landbruket i Hol. Utan utmarksbeite
ville det ikkje vore areal nok for å produsere grovfôr til so mange dyr som ein har i dag.
Sjølv om sauetalet dei siste tiåra har auka viser den høge tilveksten til lam på utmarksbeite at
beitepresset er under middels. Beitedyr i utmark hindrar attgroing og fremmar det biologiske
mangfaldet. Utmarksbeitene er dessutan relativt rovdyrfrie, difor kan dei avlaste område som har
store tap av beitedyr på grunn av rovdyr.
Stølsdrifta er viktig både for mjølkeprodusentane, kulturlandskapet og reiselivet. For at denne
driftsforma skal ha ei framtid, må ho ha eit godt arealvern. Ein må ta omsyn til område som er
godt eigna for støling, ikkje berre dei områda som er i bruk til dette pr i dag.
Det vil styrke næringa dersom beitebruken blir drege direkte inn i plansamanheng. Når ein
utarbeider arealplanar er dei digitaliserte temakarta eit godt hjelpemiddel for å synleggjere
beiteinteressene. Mange av temakarta kan lett oppdaterast ved behov på grunnlag av årlege
statistikkar. Eit vegetasjonskart for heile kommunen vil vere eit verdifullt hjelpemiddel når nye
utbyggingsareal skal veljast. Beiteretten må kartfestast i utbyggingsplanar. Ein må fortsette
arbeidet med å trekke skogbruk og andre landbruksaktivitetar inn i planlegginga. Beitenæringa
må bli høyringsinstans både på kommuneplan- og reguleringsplannivå.
Det mest skadelege for fleirbruk av utmarksområda i kommunen er spreidd utbygging i LNF-
områda. Spreidd utbygging set store krav til vegar, vatn, avløp osb. Det må satsast på å fortette
eldre hytteområde som alt er vanskeleg å bruke som beiteområde, slik at ikkje nye område blir
bandlagde. Eksisterande og planlagde installasjonar som vedkjem beitebruken må kartfestast med
eige symbol i areal- og reguleringsplanar.
I utbyggingsplanar for hytter der beiteretten ikkje er avløyst, må det stå i vedtektene at tomta
ikkje kan gjerdast inn. Problema ved denne strategien kan løysast ved å opne for at litt av tomta
kan gjerdast inn. Sperregjerde mot hytte- og bustadfelt er aktuelt der konfliktar med beitedyr kan
oppstå, då slike område er lite tenlege som beite alt i dag.
I Hol er vårbeite ein minimumsfaktor. I slike område er det vesentleg at utbygging skjer på lite
produktive areal, og at beitedyras trekkvegar ikkje blir sperra.
Erstatningar for tapt beiterett må ta utgangspunkt i arealets beitekvalitet og bruksverdi.
Beitebrukar/beiterettshavar har krav på at problem for beitinga blir løyst t d ved jordskifte.
2
Forord
akgrunnen for planen var ein forespørsel frå teknisk sjef til næringsavdelinga om ein plan
over beiteforholda i kommunen som planverktøy i arealbruken. Norsk Sau- og Geitalslag
laga i 1995 ein disposisjon for planar som tek opp beiting i utmark. Med grunnlag i dette tok Hol
sankestyre initiativ til arbeidet med denne planen. Fylkesmannens landbruksavdeling i Buskerud
har sidan komme med innspel til utforming av beitebruksplanar i kommunane.
Hol Sankestyre var styringsgruppe for arbeidet. Medlemmene i styringsgruppa var Magne Henry
Eide – Skurdalen og Dagali sankelag, Knut Erik Sveingard – Hol østre sankelag og Jon Øen –
Geilo småfelags sankelag. Hol Sankestyre engasjerte Jon Lilleslett til å starte opp med planen.
Næringsavdelingen har bidratt med opplysningar. Ingebjørg Grostølen var engasjert av Hol
Sankestyre til å oppdatere planen for sluttføring. Sankelaga har sjølve stått for dei
registreringane i felten som var nødvendige for å få planen til. I fyrste rekkje gjeld dette
kartdelen.
Arbeidet er finansiert slik: 1998 2004
Hol Sankestyre 10 000
Husdyrtrygdelagsfondet 10 000 10 000
Kommunalt tilskot til landbruket i Hol 29 000 18 000
Organisert beitebruk 15 000
Næringsavdelingen 2 000
Bygdeutviklingsmidlar (SND/FMLA) 20 000
I alt 54 000 60 000 114 000
Beitebruksplanen består av ein tekstdel med mål og tiltak og temakart som viser sankefelt,
tapsprosent, dyr pr km2, viktige trekkvegar/driftevegar og installasjonar og biologisk mangfald.
Beitebruksplanen vil vere eit viktig verktøy for politikarar og administrasjon ved forvaltning av
utmark. Målet er at den vil auke forståelsen for beitebruken som ein viktig del av kommunen sine
ressursar. Difor må den innarbeidast i kommuneplanens arealdel som er juridisk bindande, ved
neste gongs rullering.
Høyringsutkast av 25. november 2004
Revidert 21. november 2007.
Magne Henry Eide Jon Lilleslett Jon Øen
sign. sign. sign.
B
3
INNHALD side
SAMANDRAG
FORORD
INNLEIING 4
BEITEBRUK I HOL I DAG 5
1.1 Tilbakeblikk 5
1.2 Beitedyr i Hol 6
1.3 Stølsdrift 7
1.4 Attgroing 8
1.5 Biologisk mangfald 8
1.6 Utvikling i tilvekst til lam på utmarksbeite 8
2.0 RESSURSGRUNNLAGET 10
2.1 Areal 10
2.2 Naturgrunnlag og beitekvalitet 10
2.3 Verdi av utmarksbeitene 10
2.4 Organisering av beitinga 12
2.5 Tap og tapsårsaker 12
2.6 Radioaktivitet 13
2.7 Aktuelle beiteområde i Hol for beitedyr frå andre fylke 13
3.0 UTMARKSBEITE I PLANSAMANHENG 15
3.1 Beitebruk og arealplanar 15
3.2 Tidlegare planar 15
3.3 Beitenæringa som høyringsinstans 15
3.4 Inngjerding av fritidstomter 15
3.5 Sperregjerde 16
3.6 Fortetting av eksisterande hyttefelt – minimal spreidd bygging i LNF 16
3.7 Arealvern for stølane og for tidlege beiteområde for sau 16
3.8 Konsekvensanalyse og faktakartlegging 17
3.9 Vegetasjonskartlegging ved verdivurdering av beite 17
3.10 Erstatning for tapt beiterett 17
3.11 Kvar går me framover 19
4.0 UTVIKLING AV BEITENÆRINGA 20
4.1 Tiltak 21
4.2 Oversyn over tiltak 24
5.0 LITTERATUR 25
6.0 OVERSYN OVER VEDLEGG OG TEMAKART 25
4
INNLEIING
Denne planen tek for seg bruken av utmarka som beite for husdyr. Me finn spor etter beite og
drift i fjellet her i landet attende til 6000 år f Kr. Kultur- og beitelandskapet er meir opprinneleg
som naturtype i Norge enn dei fleste andre naturtypar, og Norge er eit av få land i Europa som
framleis har utstrekt bruk av utmarka. Utanom dei mest høgtliggjande områda finst det knapt
natur som ikkje er beitepåvirka i Hol. Alt er kulturlandskap forma i samspel mellom menneske,
dyr og natur. Hvis beiting og jordbruksdrift opphører, gror jordbruksareala etterkvart til med skog og kratt.
Også i dag er utmarksbeitene ein svært viktig ressurs for husdyrhaldet. Beiting i utmark er ein
berekraftig produksjonsmåte fordi ein nyttar lokale og fornybare ressursar til produksjon av
høgverdig og bortimot økologisk dyrka mat. Dyr på utmarksbeite får god kondisjon og helse.
Beitebruk i utmark er ei arealkrevjande, men ikkje arealforbrukande verksemd. Ved å nytte
utmarka til beiting kan ein best ta vare på den produksjonsreserven som utmarka er.
Kommuneplanen for Hol 2000-2012 seier følgjande om beitebruk i utmark:
Prinsipper for landbrukets forvaltning
Gis muligheter for å ta vare på og videreutvikle kulturlandskapet og opplevelsesverdier og
slik skape et levende og brukervennlig kulturlandskap.
Ta vare på og videreutvikle lokalsamfunnene sitt særpreg blant annet ved arealplanlegging.
Opprettholde stølslandskapet/-miljøet ved å stimulere til stølsdrift med melkeproduksjon.
Utnytte grasressursene i fjell og utmark ved husdyrbeiting. Beitedyr skal prioriteres i
forvaltningen av kommunens utmarksområder.
Ta vare på det biologiske mangfoldet.
Finne en balanse mellom utnytting og vern av naturen ved å utvikle bruksformer i landbruket
som gir varig nytte både for natur og samfunn.
Ivareta miljøet i landbruket slik at det er en kilde til rekreasjon, gode opplevelser og
utfoldelse for allmennheten og at det gir levelige vilkår for bonden.
Eit av tiltaka i Handlingsplan for landbruket i Hol 1998 er å ”sikre god utnytting av utmarka ved
planmessig beitebruk”.
Beitebruksplanen har tre hovudmål:
Å dokumentere omfanget og verdien av beitinga i dag
Å sikre at beitenæringa har tilgang på areal og ressursar også i
framtida
Å koma med tiltak som styrker beitebruken og reduserar
konfliktar
5
1.0 BEITEBRUK I HOL I DAG
1.1 Tilbakeblikk
«Folk og fortid i Hol» dokumenterer ein svært omfattande bruk av utmarka til beite. Beitinga går
langt attende i tid, men hadde eit høgdepunkt i åra 1850-1875 då både dyretal og tal gardsbruk
og husmannsplassar var høgt. Figur 1 viser utviklinga i husdyrhaldet frå 1657 til i dag. Sauetalet
hadde ein topp i 1998, medan dei andre dyreslaga har gått jamt attende sidan slutten av 1800-
talet.
0
500
1 000
1 500
2 000
2 500
3 000
3 500
4 000
4 500
5 000
5 500
6 000
6 500
7 000
1657 1723 1855 1918 1949 1989 1998 2003
År
Ta
l d
yr
storfe
sau
geit
hest
Fig 1. Utviklinga av husdyrhaldet i Hol (Folk og fortid i Hol I og II , Landbruksteljinga, søknad om
produksjonstillegg).
Kvar gard kunne ha fleire langstølar i fjellet og ein eller fleire heimstølar i åsane/liene. På stølane
vart storfe, geit og sau gjett i lag. Heimstølane vart beitt vår og haust. Parallelt med nedgangen i
tal aktive gardsbruk, har det vore stor nedgang i tal stølar i drift siste hundreåret. I 1935 var så
mange som 375 av 686 registrerte stølar i bruk, sommaren 2003 var 22 stølar i drift.
På dei mest høgtliggjande beitene - Iungsdalen, Raggen, Ynglesnutlægra, Nygardshamnane m fl -
var det drifter av storfe, sau og hest. Mange tok også imot hamnefe og sau frå flatbygdene for å
ha dei på stølen heile sommaren.
Tamreindrift var til tider ei viktig driftsform. I alt har det vore tamrein i Hol litt over tredjeparten
av tida sidan oppstarten i 1781. Det er kjent at det var tamreindrift i Iungsdalen, Urevasssbotn,
Fødalen, Finnebotn, Nygardshamnane og Høgåsen.
Kraftutbygginga i Hol starta i 1940 og førte til at 28,7 km2 vart neddemt i fjellet. Dei mest
omfattande neddemmingane er Strandavatnet med 9,2 km2 og Stolsvassmagasinet med 9,8 km
2.
Mykje av dette omfattar stølar og gode beite som no er tapt. Vedlegg 1 gir oversyn over regulerte
6
vatn i Hol. På den andre sida vart gamle vegar utbetra og nye vegar bygde, også erstatningsvegar.
Slik fekk ein god tilgang til store areal i ei tid der det ofte var vanskeleg for privatpersonar å sette
i gang med vegbygging i fjellet.
1.2 Beitedyr i Hol
1.2.1 Storfe, geit og hest
Storfebeiting med ungdyr, ammekyr og mjølkekyr som ikkje mjølkar er omfattande. Attåt stølar
som er i drift, slepper nesten alle storfeprodusentane ungdyr og kyr som ikkje mjølkar i utmark.
85 % av alle mjølkekyr og ammekyr og 80 % av ungdyra er på utmarskbeite meir enn 8 veker.
For storfe er nær sagt alle former for utmarksbeiting i bruk; inngjerda utmarksbeite, streifbeite
med tomme kyr og ungdyr, streifbeite med mjølkekyr på stølane og ulike grader av tilsyn/gjeting
av dyra på stølane. Alle geiter og nær halvparten av hestane er også på utmarksbeite (fig 2).
0
50
100
150
200
250
300
350
400
450
500
1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003
År
Tal
dyr Mjølkekyr
Andre storfe
Geit
Hest
Fig 2: Utviklinga i beiting med storfe, geit og hest (Søknad om produksjonstllegg).
1.2.2 Sau
I dag er sau det viktigaste beitedyret, og om lag alle sauene i Hol går på utmarksbeite. Saue-
beitinga omfattar både lokal sau og beitelag med medlemmer frå andre delar av fylket (fig 3).
Fjellbeita i kommunen høver godt til sau, og ein kan vise til høg tilvekst og låge tap gjennom
mange år.
Helsetilstanden for sauen i området er no svært bra. Det er gjort omfattande kontrollar m h t
mædie, og besetningane følger kontrolltiltaka for scrapesjuke (Mattilsynet 2004).
7
12000
12500
13000
13500
14000
14500
15000
15500
16000
16500
17000
17500
18000
18500
19000
1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003
År
Ta
l s
au
Sau frå Hol
Sau i alt
Fig 3. Utviklinga i sauebeiting (Organisert beitebruk, Søknad om produksjonstillegg).
1.3 Stølsdrift
Det har vore liten reduksjon i tal stølar i drift i Hol det siste tiåret. I 2003 var 18 mjølke-
produsentar på eigen støl, og fem var på fellesstøl. Tre av produsentane har geit, dei andre har
mjølkekyr. Det er ein fellesstøl for geit og ein for kyr, ein produsent er på fellesstøl i Ål. I tillegg
er to stølar ved Strandavatnet bortleigd til geitebesetningar frå Vestlandet. I dag er ingen stølar i
drift innanfor vedtatt nasjonalpark og landskapsvernområde.
Fotograf Lars Bry. Buskapen til Gunhild, Margit og Pål Larsgard i Randen i Urundlia. Kvinne ukjent.
8
Eit livskraftig miljø for stølsdrift er avhengig av tilgang på nødvendig beiteareal, men ein er også
avhengig av å følgje utviklinga i kvalitet på produkta. God beitekvalitet gjennom sesongen, god
vasskvalitet osb er stikkord her, men det viktigaste er at sluttprodukta held mål. Det meste av
mjølka blir levert på meieriet, men fleire stølar driv eigen foredling med ysting, kinning, sal av
rumme med meir.
1.4 Attgroing
Det er dokumentert gjennom eldre bilete at store område har vakse til med kratt og skog dei siste
tiåra. Fôrsanking, vedhogst og høgt beitepress var sterkt medverkande til avskoginga som
foregikk mot siste del av 1800-talet. Det var beitedyr på alle bruk og stølar også ut gjennom åsar
og lier. Ofte er det dei mest produktive beiteområda i utmark, tidlegare vollar og utslåtter som no
har gått over til berre å bli brukt til beite.
Verknaden av attgroing på beitekvaliteten varierar alt etter dei lokale tilhøva. Mindre tilgang på
lys og næring vil minke produksjonen av beiteplanter samstundes som beitekvaliteten går ned.
Høveleg beitepress kan halde vedlike opne område og hindre at attgroinga startar.
Heimstølane er ofte utsette for å gro att slik at desse kulturminna er i ferd med å forsvinne.
Gjennom STILK-ordninga - Spesielle tiltak i landbrukets kulturlandskap - er mange heimstølar
rydda og merka. Det største prosjektet har vore på Holsåsen.
1.5 Biologisk mangfald
I Kommuneplanen 2000-2012 er eit av måla for landbruksforvaltninga å ta vare på det biologiske
mangfaldet. I perioden 2001-2003 vart det etter pålegg frå Fylkesmannens miljøvernavdeling i
Buskerud, utført registreringar av biologisk mangfald i alle kommunane i Hallingdal. Spesielle
lokalitetar i kulturlandskap, skog, fjell, myr og langs vassdrag vart kartlagt, sjå temakart.
Mange sjeldne og truga arter finn ein berre i kulturlandskap der det enno er beiting som i
stølsområda. Det viser seg at middels beitetrykk gir størst artsmangfald, særleg planter. For å
klargjere kva konsekvensar sauebeiting har på vegetasjon, smågnagarar og virvellause dyr vart
det sett i gang eit 10-årig forskningsprosjekt i 2002; ”Bærekraftig bruk av utmark til
husdyrbeiting: Økologiske effektar av sauebeiting i høgfjellet”. Både næringsrike og
næringsfattige fjelløkosystem blir undersøkt. Prøvefeltet for det næringsfattige økosystemet ligg i
Setesdalen i Vest-Agder. Eit inngjerda prøvefelt på 2,7 km2 ligg ved Strandavatnet i Hol og
representerer det næringsrike fjelløkosystemet.
Resultata så langt viser at det er graden av beiting som bestemmer dei økologiske effektane. Lågt
beitetrykk (25 sau/ km2) gav lik eller betre rekruttering av urter samanlikna med fråver av beite,
medan høgt beitetrykk (80 sau/ km2) gav lågare rekruttering. Berre høgt beitetrykk gav lågare
vekst i smågnagarbestanden. Det er ikkje haldepunkt for å si at sauebeiting fører til at plantene
produserer antibeitestoff som hindrar smågnagarane i å ete dei (Mysterud et al 2003).
1.6 Utvikling i tilvekst til lam på utmarksbeite
Tilveksten på utmarksbeite varierar frå år til år. Gjennomsnittleg sommartilvekst i kontrollerte
buskapar i Hol i perioden 1974-1979 var 278 g/dag/lam; i perioden 1985-2003 var tilveksten 298
9
g/dag. Tilveksten til lam på fjellbeite i Hol ligg på eit høgt nivå i forhold til landsgjennomsnittet
som i perioden 1996-2003 var 274 g/dag. Den totale tilvekst pr søye har auka pga høgare
lammetal. Dette tilseier at trass i auke i sauetalet dei siste tiåra, er beitetrykket i Hol under
middels i høve til beitegrunnlaget.
0
100
200
300
400
19
85
19
86
19
87
19
88
19
89
19
90
19
91
19
92
19
93
19
94
19
95
19
96
19
97
19
98
19
99
20
00
20
01
20
02
20
03
År
G/d
ag
Tilvekst g/dag/lam
Fig 4. Sommertilvekst Hol kommune1985-2003 basert på sammendrag frå sauekontrollen.
Fotograf ukjent. Frå ca 1930. Raggedrifta på sørsida av Hallingskarvet.
10
2.0 RESSURSGRUNNLAGET
2.1 Areal
Hol er ein fjell- og utmarkskommune. Den er på 1 889 km2 i alt. 91% av arealet ligg høgare enn
900 m o h; berre 1% er dyrka mark, 8 % er produktiv skog og 9 % er vatn. Som beitekartet
dokumenterer er stort sett heile kommunen utanom dei aller høgaste fjellpartia og dalbotnane, i
bruk til beite i dag.
2.2 Naturgrunnlag og beitekvalitet.
Kvaliteten på utmarksbeitene varierer både lokalt og regionalt. Berggrunnen er opphav til
jordsmonnet og angir hovudtrekka i vegetasjonen. Dei beste produksjonsområda i fjellet finns der
me har dei lettforvitrelege og ofte kalkrike fyllittane (kambrosiluriske sedimentbergartar). Det er
grovt rekna i områda rundt Hallingskarvet, men ”øyar” av fyllitt ligg spreidd rundt i hele
kommunen. Bergartane i grunnfjellsområda forvitrar lite og er fattige på næringsstoff. Når det
likevel er gode beite her, skuldast det at næringsrike lausmassar er tilført med is og vatn, samt
sigevatn frå fyllittområda.
Beiteverdien til eit område er fyrst og fremst avhengig av tre faktorar:
Produksjon av beitepanter, kg tørrstoff pr daa.
Næringsverdi, fôreiningar pr kg tørrstoff.
Utnyttingsgraden, den enkelte dyrearts beitevanar. Det kan vere ulikskap heilt ned til
individnivå.
Variert terreng gir gode beiter gjennom heile beitesesongen. Beitevekstar i fjellet har høgare
proteinverdi gjennom heile veksttida samanlikna med skogsbeiter. Snøleievegetasjonen er ein
viktig vegetasjonstype fordi dyra her får tilgang på ferske planter etter kvart som snøen smeltar i
ein periode då vegetasjonen elles fell raskt i næringsverdi. Jorddjubde, vasstilgang og topografi
(eksposisjon, høgd over havet) er viktige faktorar for beitekvaliteten. Fordi vatn ofte er ein
mangelfaktor er vegetasjonen gjerne rik langs elver, i fuktige område og i snøleier.
2.3 Verdi av utmarksbeitene
Utmarksbeitene er ein avgjerande ressurs for landbruket i Hol. Dei frigjer innmarka til
vinterfòrproduksjon, og dei er ein fornybar ressurs der ein verken nyttar sprøytemiddel eller
kunstgjødsel.
Fôropptaket i tabell 1 er rekna ut etter standard fôrnormar. FEm står for fôreining mjølk. Ein
FEm utgjer næringsverdien i 1 kg bygg som tilsvarar 1,7 kg høy eller 5,5 kg surfôr. Fôropptak for
sau er sannsynlegvis litt større enn 1 FEm/dag sidan tilveksten er så god.
11
Tabell 1: Fôropptak på utmarksbeite Hol fordelt på dyreslag i 2003.
Dyreslag Tal dyr Beitedagar på
utmarksbeite
Fôropptak
FEm/dag
Totalt
fôropptak
Verdi i kroner
Hest 60 60 5 18 000 54 000
Storfe 575 60 5 172 500 517 500
Sau 14 771 80 1 1 181 680 3 545 040
Geit 322 70 1 22 540 67 620
SUM 1 394 720 4 184 160
Rekna frå ei normalavling på 300 FEm pr daa tilsvarar fôropptaket på utmarksbeite grasavlingar
på 4 650 daa dyrka mark. Det er ca 40 % av det dyrka arealet i Hol som er 11 570 daa. Ved ein
pris pr FEm på kr 3,- er verdien av fôropptaket på utmarksbeite omlag 4,2 mill kr. Utan
utmarksbeite ville det ikkje vore areal nok for å produsere grovfôr til so mange dyr som ein har i
dag. Utmarksbeitene er difor ein føresetnad, ikkje berre for den enkelte sin økonomi, men for
landbruket i Hol samla noko tabell 2 viser.
Tabell 2: Fyrstehandsverdi av landbruksprodukt produsert på utmarksbeite i Hol 2000, beløpet er avrunda til
nærmaste hundre kroner (Tine Meieriet Øst BA, Gilde Fellesslakteriet BA).
Vare Mengde Pris Beløp i kr
Kjøt, sau/lam 183 039 kg 28,80 kr/kg 5 276 400
Ull, haust 16 153 kg 43,35 kr/kg 732 500
Mjølk, kyr levert frå støl 103 165 l 4,41 kr/l 455 000
Mjølk, geit levert frå støl * 19 383 l 5,30 kr /l 103 000
SUM 6 566 900
* Eit par produsentar har kvote for heimeforedling og tel difor ikkje med i tabellen.
Produksjonstilskotet er ein del av bondens inntekt og skal medverke til at dei landbrukspolitiske
måla blir nådd. Vilkåret for å få tilskot til dyr på utmarksbeite er at dyra er minst 8 veker på
utmarksbeite, og ein må vere minst 4 veker på stølen for å få stølstilskot (tabell 3). Nesten alle
bruk med storfe, hest, sau og geit har dyra på utmarksbeite meir enn 8 veker.
Tabell 3. Produksjonstilskot til dyr på utmarksbeite og stølsdrift i Hol i 2003 (Søknad om produksjonstillegg).
Kr
Tilskot til dyr på utmarksbeite 1 413 294
Tilskot til stølsdrift m/mjølkeproduksjon 262 167
SUM 1 675 461
Som tabell 4 syner, var verdiskapinga på utmarksbeite om lag 8,24 mill kr i 2003. Dette er ca 20
% av den samla verdiskapinga i landbruket i Hol (Handlingsplan for landbruket i Hol). Ein
omfattande beitebruk har stor betydning for sysselsetting i og utanfor næringa, tenesteyting og
kulturlandskap.
12
Tabell 4. Samla verdiskaping på utmarksbeite i Hol i 2003.
Verdi av produkta 6 566 900
Produksjonstilskot 1 675 461
SUM 8 242 361
2.4 Organisering av beitinga
For sauebeitinga sin del er kommunen delt i 20 sankefelt, i tråd med kommunale reglar for felles
sank. Desse felta er ordna innunder 4 beitelag; Skurdalen og Dagali sankelag, Geilo småfelags
sankelag, Hol øystre sankelag og Iungsdalen beitelag. Beitelagsgrensene følgjer ikkje alltid
kommune- og fylkesgrensene som i Halne, Tunga og Iungsdalen.
Frå fyrst på 1960-talet har det i Hol vore reglar for sams sauesank, vedteke av jordstyret og gjort
forpliktande for alle saueeigarar med heimel i jordlova. Desse reglane har medverka til eit
effektivt opplegg for sanken.
Ordninga Organisert beitebruk vart etablert i 1970 og er basert på overeinskomst mellom
jordbruksavtalepartane. Ordninga gjeld for sau, geit, storfe og hest på utmarksbeite. Føremålet
med Organisert beitebruk er å
- leggje til rette for ei rasjonell utnytting av utmarksbeitene,
- redusere tapet av dyr på beite gjennom målretta tiltak i beitefelta.
Det vert stilt krav til beitelaga når det gjeld tilsyn, dokumentasjon og samarbeid. Samstundes gjev
beitelagsordninga plusseffektar på samarbeid (fellesarena og effektivisering), driftsresultat
(reduksjon av skader/tap), dokumentasjon/kvalitetssikring og økonomi (drift og investeringer).
Beitelaga samarbeider om tilsyn, sanking, investeringar som samle- og skillekveer, sankefeller,
sperregjerde og andre målretta tiltak. Nesten alle saueeigarane i Hol er meldt inn i Organisert
beitebruk i dag.
2.5 Tap og tapsårsakar
Tap av dyr i utmark kan førekoma for alle dyreslag, men er oftast eit problem på sau.
Tapsårsakene kan delast inn i sjukdom, ulukker, rovdyrskadar og andre årsaker. Sauenæringa i
Hol kan vise til svært låge tap i mange år (fig 6).
Normal tapsprosent på fjellbeite er 1,55 for sau og 2,33 for lam, blandingsbeite 1,65 for sau og
3,66 for lam, skogbeite 2,04 for lam og 3,93 for lam (Organisert beitebruk). Det er eit klart mål å
redusere tap av dyr på beite både av etiske og økonomiske omsyn. Sjølv om dyr på utmarksbeite
oppnår god helsetilstand, vil det alltid vere tap som me ikkje kan rå med.
13
0
0,5
1
1,5
2
2,5
3
3,5
4
4,5
5
19
93
19
94
19
95
19
96
19
97
19
98
19
99
20
00
20
01
20
02
20
03
År
Ta
ps
pro
se
nt
Tap sau
Tap lam
Tap i alt
Fig 6: Tap av sau på beite i Hol (Organisert beitebruk).
2.5.1 Rovdyr
Beitenæringa bør engasjere seg i tiltak som held oppsyn med bestandsutviklinga av rovdyr.
Fjellbeitene er eit viktig konkurransefortrinn for kjøtkvaliteten på sau og lam. Dette vil ein miste
dersom rovdyr gjer skade og skremmer småfeet ned frå fjellet. Dei siste åra er det dokumentert
tap av sau til gaupe, jerv og kongeørn i Hol.
Ordninga med erstatning for tapt bufe på utmarksbeite drepne av freda rovdyr starta i 1992. Ved
erstatningssøknader skal dødsårsaken dokumenterast eller vera sannsynleggjort, men kravet er
ikkje absolutt (FOR 1999-07-02, kap 3). Hol og Ål har felles rovdyrkontakt som har til oppgåve å
registrere og dokumentere tap av bufe tatt av freda rovdyr. I 1995 og 2003 var det ingen søknader
frå Hol, elles har tal på søknader variert frå ein til ni i året. Vedlegg 2 viser kor mange dyr som
er omsøkt og erstatta som drepne av rovdyr i perioden 1992-2003.
Skogsnære beite, like mykje vårbeite som sommarbeite er mest utsett for rovdyrtap. Det er
lisensjakt på jerv og kvotejakt på gaupe. Gaupefeller skal vere av godkjent type, og det skal
meldast frå til kommunen før fellene tas i aktiv bruk. I tillegg kan det gjevast skadefellingsløyve
på konkrete dyr (jerv, ulv, bjørn) som gjer stor skade på bufe.
2.6 Radioaktivitet
Inntil Tsjernobylulukka i 1986, var radioaktivitet på utmarksbeite eit ukjent problem. Denne
ulukka verka direkte inn på utmarksbeitinga. Dei fyrste åra var det mange målingar og nedfôring
både med tanke på mjølk og kjøt. Sidan har radioaktiviteten avteke, og er no ikkje noko alvorleg
problem i Hol. I utsette område blir det brukt saltstein med berlinerblått. Dette bind radioaktive
stoff, og hindrar opptak i dyrekroppen. Særskilt nedfôring er difor ikkje lenger nødvendig. Risiko
for utslepp av radioaktive stoff må utmarksnæringane leva med framover, utan i særleg grad å
kunne påverke. Mattilsynet fører kontroll med beitene og fastset tiltak etter delegasjon.
2.7 Aktuelle beiteområde i Hol for beitedyr frå andre fylke
Utmarka i Hol ligg midt i dei beste og mest sentrale beiteområda i Sør-Norge. Utmarksbeitene er
dessutan relativt rovdyrfrie, difor kan dei avlaste område som har store tap av beitedyr på grunn
14
av rovdyr.
I dag er det sau frå andre kommunar i Buskerud i Iungsdalen, Raggsteindalen, Bjørkedalen,
Flyane og Kikut vest. I Halne sameige er det sau frå Rogaland og Hordaland, og på Storetunga er
det sau frå Hordaland.
Innan kommunen er det område som er mindre utnytta til beite, medan me har god utnytting i
andre områder. Seterdalen i Dagali er døme på eit mindre utnytta område, medan stølsbruk og
sauedrift i Iungsdalen gjer dette til eit godt utnytta område. Dyretalet må vurderast ut frå
beitekvalitet og areal.
For å sleppe sau frå andre fylke må det søkast om løyve frå Mattilsynet kvart år. Det må gjerast
avtale med grunneigar(ar). Beiteområdet skal vere fysisk avgrensa slik at sauen ikkje blandar seg
med lokal sau. Eksempel på aktuelle område i Hol kommune er Seterdalen, Nygardsnøset,
Trestiklan, Storetunga og Halnetunga. Det er strenge krav til tilsyn/gjeting, og besetningane må
vere smittefrie. Det er ikkje nødvendig å søke om å få sau frå Buskerud inn i drifter med lokal
sau, men smittestatusen i nye besetningar må undersøkast – Mattilsynet gir opplysningar om
dette.
Vedlegg 3 viser prosedyre ved utleige av beite til sau frå andre fylke.
Fotograf ukjent. Frå 1930 åra. "Kalken" aust for Leino ved Strandavatnet.
15
3.0 UTMARKSBEITE I PLANSAMANHENG
3.1 Beitebruk og arealplanar
Store delar av Hol kommune er avsett til landbruk, natur og friluftsområde (LNF-område) jf
Kommuneplanens arealdel 2003-2012. Det aller meste av desse områda er i bruk til beite i dag.
Vidare er det kommunedelplanar for Geilo og Seterdalen. Arealbruken som i størst grad er
direkte konkurrerande til beitebruken er utbygging til hytter og til dels bustader.
I følgje Kommuneplanens arealdel skal det ikkje byggast bustader og fritidshus på dyrka mark og
stølsvollar, men ”for å ta vare på og utvikle et levende kulturlandskap i Hol kommune, vil
kommunen se positivt på restaurering/nyoppføring av stølsbuer/steinbuer på gamle tomter på
stølsvoller, som er en del av driftsgrunnlaget på eiendommen.” (Kommuneplanens arealdel 2003-
2012).
I førehandskonferansane som blir halde ved oppstart av reguleringsplanarbeid må utbyggjar få
informasjon om å finne ut kven som har beiterett i området som skal byggjast ut og elles om det
er bufarvegar, salteplassar, gjetarbuer, skiljekveer eller andre planlagde tiltak som blir berørt av
utbygginga. Det er viktig at utbyggjar får denne informasjonen tidleg slik at ein kan unngå
konfliktar.
3.2 Tidlegare planar
I dei tidlegare kommunedelplanane er beitebruken i liten grad nemnt. I enkelte av dei nyare
kommunedelplanane, Ustaoset/ Haugastøl 1997 og Skurdalen rev. 1999, er særskilt nemnt at det
ikkje skal byggjast på stølsvollar og at hyttetomter ikkje skal gjerdast inn. For sistnemnde plan er
det også nemnt at beiteområde ikkje skal delast av som følgje av hyttebygging, og at dei mest
produktive områda ikkje skal byggjast ned. Begge desse to kommunedelplanane er no avløyst av
kommuneplanens arealdel 2003-2012.
3.3 Beitenæringa som høyringsinstans
For at beitebruken skal bli tillagt større vekt i plansamanheng, må næringa komme på banen i
arealplansaker. Lag og organisasjonar vil ha gode føresetnader for å kunne sjå større område i
samanheng, og dermed stimulere til ein meir heilskapeleg forvaltning på kommuneplannivå. På
reguleringsplannivå må beiterettshavar tas med som høyringsinstans. Her er det rom for detaljar
som beitegrense, bufarsvegar, salteplassar, gjetarbuer og skiljekve.
3.4 Inngjerding av fritidstomter
Lov om grannegjerde (Gjerdelova) regulerer først og fremst retten til å ha og plikta til å halde
gjerde mellom naboeigedomar. Gjerdeplikta fell ikkje bort sjølv om eigaren sluttar med husdyr,
leiger bort eller sel eigedomen til andre. Gjerde mellom eigedomar kan ikkje leggast ned utan
avtale.
Hovudkravet er at det ikkje skal settast opp gjerde. Dette er til fordel for både beitedyr som kan
ferdast fritt og allemannsretten til fots og på ski. Ein unngår faren som dårleg vedlikehaldne
16
gjerde utgjer for folk og fe.
Problema ved denne strategien er mange. Sau innmed hytteveggane er ikkje alltid velkomne. Ofte
vil utbyggingar føre til at området ikkje egnar seg til beitedrift fordi beitearealet minkar, og det er
vanskeleg å drive mellom bygningane på ein enkel måte. Det er også ei ulempe at ein slik
framgangsmåte som regel ikkje gjev grunnlag for erstatningar/avløysing av beiterett sjølv om den
ikkje kan nyttast som før.
Ei løysning kan vere å opne for at litt av tomta kan gjerdast inn, t d x antall meter frå hyttevegg.
Skal dette gjelde for heile kommunen må det tas med i Kommuneplanen. Ønskjer ein ulik praksis
frå stad til stad må det tas med som eit punkt i den enkelte reguleringsplan. Det kan også vere
aktuelt å gjerde inn større område, men det har ikkje vore interesse for det frå hytteeigarane til no.
Gjerdene må halde for både storfe og småfe og ikkje vere farlege for folk, husdyr eller ville dyr.
Beiterettshavar må kontaktast for rådføring ved oppsetting av gjerde, og han/ho kan krevje
utbetring av gjerdet når det er nødvendig. Dersom beiterettshavar og gjerdeeigar ikkje blir einige, skal
Mattilsynet kontaktast for å løyse konflikten.
3.5 Sperregjerde
Sperregjerde er aktuelt i område der konfliktar med beitedyr kan oppstå (hytte- og bustadfelt), og
er i liten grad noko tap for beitenæringa, fordi slike område ikkje er tenlege som beite alt i dag.
Ved ein slik framgangsmåte vil det vera klart for alle at beiterettar, jaktrettar, vedrettar m.m. blir
verdlause innanfor dei utbygde områda, og utbyggar blir i større grad nøydd til å ta stilling til
erstatning til andre som har bruksrettar innan området. Kor tett eit område er bygd ut, framtidig
bygging og beiteverdien vil vera viktige moment ved ei vurdering av om eit område bør delast frå
beitefelt med sperregjerde. Sperregjerde kan også opne for at beiteområde trygt kan brukast f eks
aust for rv 40 i Vestlia. Jordskifte har erfaring med og myndigheit til å sikre og endre ulike rettar
t d ved erstatning/avløysing.
Behovet for sperregjerde må vera ein del av høyringa i framtidige utbyggingar
(reguleringsplanar). Det må avklarast kven som har ansvar for gjerdene. Det er ei føremon at
utbyggjar tek dette ansvaret fordi då blir det ein å forhalde seg til i staden for mange hytteeigarar.
3.6 Fortetting av eksisterande hyttefelt – minimal spreidd bygging i LNF Det mest skadelege for fleirbruk av utmarksområda i kommunen er utprega spreidd utbygging i
LNF-områda. Spreidd utbygging set også større krav til vegar, vatn, avløp osb. Så langt som råd
må det satsast på å fortette eldre hytteområde som alt er vanskeleg å bruke som beiteområde slik
at ikkje nye område blir bandlagde. Det er viktig at skiljekveer, drifte- og trekkvegar og andre
installasjonar som vedkjem beitebruken blir teke med i areal- og reguleringsplanane og kartfesta
med eige symbol.
3.7 Arealvern for stølane og for tidlege beiteområde for sau I følgje K-planen 2000-2012 skal ein ”…opprettholde stølslandskapet/-miljøet ved å stimulere til
stølsdrift med melkeproduksjon. Utnytte grasressursene i fjell og utmark ved husdyrbeiting.
Beitedyr skal prioriteres i forvaltningen av kommunale utmarksområder….”.
17
Beiteområda rundt stølseigedomane kjem ofte direkte i kontakt med utbyggingar. Stølsdrifta er
viktig både for mjølkeprodusentane, kulturlandskapet og reiselivet. Ein del av stølane og beitene
som høyrer til desse, ligg i bjørkeskogbeltet i meir og mindre tett utbygde område. For at denne
driftsforma skal ha ei framtid, må ho ha eit godt arealvern. I denne samanhengen må det takast
omsyn til dei langsiktige perspektiva ved all arealplanlegging. Ein må difor konsentrere seg om
område som er godt eigna for støling, ikkje berre dei områda som er i bruk til dette pr i dag.
I Hol er tidleg beite ein minimumsfaktor. Beitene ligg høgt, og våren er sein. Ved å sleppe
tidlegare på vårbeite i utmark kan ein avlaste dyrka mark og innmarksbeite. Dei tidlege beita til
sau ligg ofte i solvendte lier i bjørkeskog og med godt jordsmonn. I slike område er det vesentleg
at utbygging skjer på lite produktive areal, og at dei ikkje sperrar beitedyras trekkvegar.
3.8 Konsekvensanalyse og faktakartlegging Eit av problema denne beitebruksplanen ynskjer å peike på er at det ved utbyggingar i liten grad
blir henta inn og systematisert opplysningar om andre bruksområde samla. Plan- og bygningslova
- PBL - har krav om konsekvensanalyse ved større utbyggingar. Til no har ein ikkje hatt
utbyggingar i Hol som kjem inn under lovas konsekvensutredningskrav. Kommunen kan difor
sjølv krevje dokumentasjon av tiltakets konsekvensar i samband med planprosess. PBL og
Forvaltningslova har reglar om at ei sak skal vere tilstrekkelig opplyst før vedtak blir gjort.
Ein ser gong på gong at andre brukarar og næringar ikkje blir tekne omsyn til eller nemnt ved
omregulering av areal frå LNF-område. Beiteretten må kartfestast i utbyggingsplanar. Ein må
fortsette arbeidet med å trekke skogbruk og andre landbruksaktivitetar inn i planlegginga.
Registrering av kulturminne er lagt inn som ein rutine ved all utbygging, og blir gjennomført jf
Kulturminnelova.
Fylkesmannens miljøvernavdeling har i enkelte tilfelle kravd ei grønnstrukturplan ved større
utbyggingar. Desse skal vise bl a stølsvollar, stigar, vilttrekk, sårbare område og andre viktige
bruksområde i grøntkorridorar.
3.9 Vegetasjonskartlegging ved verdivurdering av beite
Vegetasjonskartlegging er eit konkret verktøy for å vurdere beite for husdyr og vilt i utmark. Eit
slikt temakart er god faktaregistrering for arealplanlegging. I Hol er berre Spelemannshaugen og
delar av Kvisla kartlagt, fordi desse områda hadde høg beiteverdi vart utbygging stoppa. Til
samanlikning fekk Hemsedal kartlagt heile kommunen i 1993. Registreringane frå kartlegginga
av biologisk mangfald i 2001 er digitalisert og gir gode opplysningar; men omfattar berre
spesielle lokalitetar og dermed ein liten del av kommunens potensielle utbyggingsareal. Eit
vegetasjonskart for heile kommunen vil vere eit verdifullt hjelpemiddel når nye utbyggingsareal
skal veljast.
3.10 Erstatning for tapt beiterett
Beiteretten er ein av dei eldste bruksrettane som er knytt til utmarka. Beiteretten er regulert av
Lov om ymse beitespørsmål - Beitelova. Som regel er grunneigar og beiterettshavar i eit
område same person, men beiterett og grunneigarrett fell ikkje alltid saman. Mange stader er det
sameiger med felles beiterett. Så langt har beiteretten knapt vorte teken omsyn til ved sal av
18
tomter, sjølv om han i mange område ligg i sameige. Når ein fyrst har fått hytter inn i
beiteområdet, oppstår ofte praktiske vanskar og konfliktar slik at beiteretten blir forringa. I
praksis kan beiteretten ofte vere forringa utan at rettshavar har nådd fram med sine synspunkt.
Erstatningar for tapt beiterett må ta utgangspunkt i arealets beitekvalitet og bruksverdi.
Beitebrukar har krav på at problem for beitinga blir løyst. Beitenæringa vil stå på prinsippet om at
tapt beiterett først og fremst skal erstattast med annan beiterett der grunneigar har dette. Det
vanlege er at utbyggingsverdien i eit område ligg hjå grunneigar, men beiterettshavar kan
forhandle seg fram til ein del av denne verdien. Det er eksempel på at beiterettshavar har fått
tildelt hyttetomt i området eller fått lagt ut landbruksområde som erstatning.
Slike saker kan også løysast ved jordskifte. Det kan vere
avløysing av beiterett enten ved økonomisk erstatning eller utlagt nytt beiteområde,
beiterettshavar som ikkje er grunneigar får overta den delen av beiteretten som
grunneigar/utbyggar har,
beiterettshavar får ein viss prosent av årleg festeavgift som grunneigar tek inn på
festetomter.
Kikut 2007
19
3.11 Kvar går me framover?
Som me har vist er beitebruken verdifull og omfattande i Hol. Det vil styrke næringa dersom
beitebruken blir drege direkte inn i plansamanheng. Jordbrukssjef/skogbrukssjef skal vurdere
utbyggingsplanar i forhold til denne beitebruksplanen. Dei digitaliserte temakarta er eit godt
hjelpemiddel for å synleggjere beiteinteressene når ein utarbeider areal- og reguleringsplanar.
Mange av temakarta kan lett oppdaterast ved behov på grunnlag av årlege statistikkar. Dette må
gjennomførast ved framtidige revisjonar av kommuneplan og kommunedelplanar.
Kommunen må setje av midlar til vegetasjonskartlegging som dekkar heile kommunen, til bruk i
plansamanheng.
Hallingskarvet nasjonalpark omfattar viktige beiteområde. Næringa må engasjere seg i planer der
det i forskriftene kan bli aktuelt for myndigheitene å gå inn og regulere beitebruken.
Grunneigar/beitebrukar skal kunne setje opp tekniske installasjonar (skiljekve, tilsynsbu,
linkstasjon for radiobjelle m m) når dette er naudsynt for drifta. Døme på dette er oppsetting av
skiljekve i fjellet for å kunne plukke ut lam til slakt i august. Der beitenæringa blir brukt som eit
argument for å få sett opp tilsynsbu og andre tekniske installasjonar, skal det foreligge avtale
mellom tiltakshavar og beitenæring om rett til bruk i tråd med det omsøkte tiltak.
For å betre beitekvaliteten bør det vere mogleg å rydde utmark også i område som er pålagt
restriksjonar t d i landskapsvernområde og nasjonalparkar Dette vil styrke grunnlaget for
framtidig stølsdrift og beitebruk.
Kikut 2007
20
4.0 UTVIKLING AV BEITENÆRINGA
Utviklinga i husdyrhaldet basert på utmarksbeite vil til ein viss grad vere bestemt av sentrale
rammevilkår. I dag må bøndene forhalde seg til motstridande politiske signal. På den eine sida
blir det lagt vekt på produksjon av fellesgode som biologisk mangfald, vakkert kulturlandskap og
levande bygder, på den andre sida er det krav om større effektivitet, rasjonalisering og færre og
større einingar.
Sjølv om talet på husdyr har minka dei siste åra, er utmarksbeitene framleis ein viktig ressurs for
bøndene. Husdyrproduksjon på utmarksbeite gir råvarer med god kvalitet og særpreg. Dette gir
eit stort potensiale i småskalaforedling, produktutvikling og marknadsføring.
Prosjektet ”Levande stølar” 1998-2002 der to stølar frå Hol var med, viste at stølsdrift med
utmarksbeite gir auka lønsemd i mjølkeproduksjonen. Prosjektet viste også at ein kombinasjon av
stølsdrift/reiseliv og eigen foredling kan styrke næringa. Dessutan bidreg stølsdrifta til å
oppretthalde kulturlandskapet. Dei viktigaste faktorane for at stølsdrifta skal halde fram er god
adkomst og at mjølka blir henta av meieriet også for dei som driv foredling sjølve. Ein restriktiv
praksis med utbygging i stølsområda, eller område som er godt eigna til dette, er avgjerande for
framtidig stølsdrift. For å sikre beitene bør det være soner rundt stølane der det ikkje kan byggjast
og som skal merkast i planar som viktig kulturlandskap.
Fotograf Kari Nedremyr. Frå Nedremyrstølen på Holsåsen.
21
Andre næringar enn landbruk har også ein omfattande bruk av utmarka i Hol. Reiseliv og
hyttefolk er døme på dette. Frå beitenæringa si side er det ingen problem med å akseptere at det
framleis vil vera interesse for vidare utbygging av areal til hytter og andre føremål, men det krev
at ein fortettar allereie utbygde område, legg nye utbyggingar til lite produktive område og
unngår at fleire gode beiteareal blir bandlagt.
Mykje av reiselivet i Hol er naturbasert. Moglegheitene for rekreasjon og opplevingar knytt til
kulturlandskapet som beitedyra er ein del av og held i hevd, blir stadig viktigare både for
fastbuande og tilreisande, men stor ferdsel i beiteområda kan uroe beitedyra. Ordinær
bandtvangstid er frå 1.april-20.august, men Hol kommune har utvida bandtvang frå 20.august-
1.november jf Hundeloven §6e. Laushundar i bandtvangstida er eit problem både for beitedyr og
vilt.
For å trene jakthund må ein ha løyve frå grunneigar. Trening av jakthundar etter 20. august i eller
i nærleiken av beiteområde kan skape konfliktar med beitebruken. Somme grunneigarar vil heller
leige ut områda til jakt enn til beite fordi dette ofte gir betre økonomisk utbytte.
4.1 Tiltak
Eit av hovudmåla med beitebruksplanen er å peike på tiltak som kan utvikle og styrke
beitenæringa. Samordning mellom vedteken plan og offentlege tilskotsmidlar er ønskeleg for å få
gjennomført tiltak som beitenæringa og forvaltninga meiner er nødvendige. For å sikre at tiltaka
blir gjennomført, bør beitenæringa ta initiativ til å lage eit handlingsprogram med prioriterte
tiltak; det skal rullerast kvart femte år.
4.1.1 Rett beitetrykk
Det er fokus på miljøverknadene av husdyrbeiting frå andre brukargrupper av utmarka. I Hol er
det store område der beitetrykket er lite m a Seterdalen og Lengjedalen. Det er ei oppgåve å
plassere nye flokkar (ikkje minst sau frå andre kommunar) slik at både beitegrunnlag og tilvekst
blir teke omsyn til. Naturleg avgrensing er viktig moment ved valg av beite for sau utanfrå
kommunen.
4.1.2 Felles merkebok for Hol
Sankelaga i Hol har eigne oversyn over merkene. Ei samla oversikt over merkene - merkebok -
for Hol kan registrerast på data og leggast ut på t d Buskerud Sau- og Geitalslag si nettside slik at
alle har tilgang til den. Systemet vil vere lett å oppdatere utan at det blir for dyrt.
4.1.3 Storfe og geit inn i organisert beitebruk
Ordninga med organisert beitebruk er etterkvart godt innarbeidd når det gjeld sauebeiting, men
ordninga omfattar også beiting med storfe, hest og geit. Som vist tidlegare i planen, er det mykje
storfe på utmarksbeite i Hol. Dokumentasjon av denne beitinga (tal for tap m.m.) og tilgang på
midlar til drift og investeringar, tilseier ei organisering av storfe- og geitebeiting innanfor
Organisert beitebruk.
22
4.1.4 Mjølkeproduksjon på stølane
Legge til rette for fortsatt stølsdrift med mjølkeproduksjon på støl ved:
- beiterydding på stølane, både vollar og elles for å betre beitekvaliteten,
- felles ungdyrhamn for å frigjere plass og beite til mjølkeproduksjon,
- utbetring av vegar m a for å sikre mjølkelevering til meieriet,
- fremme god vasskvalitet for å oppnå god kvalitet på sluttprodukta,
- å vurdere om det skal arbeidast for at unytta stølar ved utleige kan tas i drift med
mjølkeproduksjon både for å sikre beiteområda rundt stølane og for å stå betre rusta for
framtidig mjølkelevering til meieriet.
4.1.5 Gjennomgang av reglane for sams sauesank
Regelverket for sams sauesank som vart vedteke i kommunestyret i 1962 er moge for revisjon.
Lova som dette regelverket var heimla i er endra og det er kome ny forskrift om organisert
beitebruk. I tillegg har det også vore endringar i sjølve beitedrifta som tilseier revisjon.
4.1.6 Tapsførebyggjande arbeid
Beitenæringa i Hol har låge tap av sau på beite, og det er eit klart mål å halde tapet på eit
minimum. Ein del tap kan hindrast med enkle tiltak
- regelmessig tilsyn og fellesank/ettersank m m.,
- berre sleppe friske dyr på beite,
- fjerne gjerderestar og øydelagde gjerde,
- tette hytter og uthus slik at dyr ikkje set seg fast.
4.1.7 Uttak av skadedyr
Rett til å felle skadedyr er lite verdt utan ei effektiv organisering av jakta. Jegerane må ha god
jaktkompetanse. Jegerar som driv lisensjakt på jerv må godkjennast av fylkesmannen. Ein bør
samarbeide om utsetjing av gaupefeller for effektiv fangst innafor rammene kvotejakta gjev. Det
er viktig at ein kjem i gang med jakta så snart tillatelse er gitt.
4.1.8 Informasjon om beitenæringa til andre brukarar av utmark
For å informere allmenta om beitebruk, bandtvangsreglar og kvifor det er viktig å overhalde dei,
kontaktpersonar osb, kan ein bruke heimesida til Hol kommune, ”Hytta vår”, eigen brosjyre,
oppslag.
4.1.9 Treningsbanar for gjetarhund
Gjetarhundar er eit nyttig hjelpemiddel for effektiv sank. I Hallingdal vart det oppretta eit
gjetarhundlag i 2004. For å stimulere til trening og betre hundar, bør småfelaga arbeide for å få til
felles treningsbane der det kan gå treningssau heile sumaren. Dette bør organiserast slik at folk
kan trene når dei vil, i tillegg til kurs og faste treningskveldar.
4.1.10 Opplæring av sauereine jakthundar
Testing av sauereine hundar etter nærare avtale med godkjende instruktørar.
23
4.1.11 Trening av jakthundar i egna område
Ein bør arbeide for å finne treningsområde for jakthund der det ikkje går beitedyr.
4.1.12 Beitenæringa som høyringsinstans
Beiterettar i eit område må vere klarlagt i utbyggingssaker. I plansaker på kommuneplannivå bør
lag og organisasjonar vere høringsinstans, i mindre plansaker som reguleringsplanar, den enkelte
beiterettshavar.
4.1.13 Kartfeste beiterettsgrenser
Dette er viktige fakta i reguleringsplanar. Slike opplysningar kan finnast på jordskiftekart og i
tinglyste dokument. Økonomiske kart har i dag svært få inntegna beitegrenser.
4.1.14 Vegetasjonskartlegging
Utarbeide vegetasjonskart som dekker heile kommunen
4.1.15 Registrere kulturminne i utmark
Samordne SEFRAK-registreringane med registreringar frå miljøplanar og (STILK) SMIL-
søknader.
24
4.2 Oversyn over tiltak
Tiltak Ansvar
4.1.1 Rett beitetrykk
Beitenæringa, Mattilsynet.
4.1.2 Felles merkebok for Hol
Hol sankestyre.
4.1.3 Storfebeitinga inn i organisert beitebruk
Beitenæringa.
4.1.4 Mjølkeproduksjon på stølane.
Beitenæringa, grunneigar.
4.1.5 Gjennomgang av reglane for sams sauesank
:
Hol sankestyre.
4.1.6 Tapsførebyggjande arbeid
Husdyreigar, grunneigar,
eigar av bygning.
4.1.7 Uttak av skadedyr
Husdyreigar, SNO,
kommunen.
4.1.8 Informasjon om beitenæringa til andre brukarar av utmark
Kommunen, sankelaga,
fjelloppsyn, lensmann.
4.1.9 Treningsbanar for gjetarhund
Hallingdal Gjetarhundlag.
4.1.10 Opplæring av sauereine jakthundar
Jeger- og fiskerforeningane.
4.1.11 Trening av jakthundar i egna område
Hundeeeigar, grunneigar,
jeger- og fiskerforeningane.
4.1.12 Beitenæringa som høyringsinstans
Kommunen, utbyggar,
beitenæringa.
4.1.13 Kartfeste beiterettsgrenser
Grunneigar, grunneigarlag,
sankelag, kommunen.
4.1.14 Vegetasjonskartlegging
Kommunen.
4.1.15 Registrere kulturminne i utmark
Utbyggar, grunneigar/brukar.
25
5.0 LITTERATUR
Beitebruksplan for Nes kommune. Nes kommune 1996.
Beitebruksplan for Ål. Ål kommune 2003.
Beiteplan. Meråker kommune 1997.
Bruks og verneplan for Seterdalen. Godkjent av Miljøverndepartementet 1994.
Det Kgl. Selsakp for Norges Vel: Prosjekt Levande Stølar. Sluttrapport 2002.
Felles kommunedelplan for villrein i Nordfjella/Hardangervidda villreinområde. 1997/1998.
FOR 1999-07-02. Forskrift om erstatning for tap og følgekostnader når husdyr blir drept eller
skadet av rovvilt.
Fylkesmannen i Buskerud, Landbruksavdelingen: Vedr. utforming av beitebruksplan i
kommunen. 2000.
Handlingsplan for landbruket i Hol. Hol kommune 1998.
Haugen Olav I.: Norske fjellbeite, bind 5. Det kgl. selskap for Norges Vel 1950.
Kommuneplan 2000-2012. Hol kommune 2001.
Kommuneplanens arealdel 2003-2012. Bestemmelser og retningslinjer. Hol kommune 2004.
Landbruksplan. Veileder for arbeid med tiltaksrettede oversiktsplaner.
Landbruksdepartementet 1998.
Oversiktsplan for skogbruket i Hol. Hol kommune 1995.
Medhus Osvald: Då fossen stilna. Oslo 1999.
Mysterud A & Austrheim G: Bærekraftig bruk av utmark til husdyrbeiting: Økologiske
effekter av sauebeiting i høyfjellet. Norges Forskningsråd; prosjekt nr. 134361/720;
program ”Landskap i endring”. Årsrapport 2003.
Mysterud I og A: Bærekraftig bruk og forvaltning av Setesdal Vesthei og Rylkeheiene.
Universitet i Oslo 1999.
Reinton, Lars og Sigurd S.: Folk og fortid i Hol. Band 1 og 2, Oslo 1969.
Skurdal Erling: Utmarksbeite – i praksis og plansamanheng. Norsk Sau- og geitalslag/
Landbruksforlaget 1997.
Vassbruksplan for Hol 1996-1999. Hol kommune 1996.
Verneplan for Hallingskarvet. Fylkesmannen i Buskerud.
Deltema: Friluftsliv, landbruk og reiseliv. Rapport nr 10-2003.
Deltema: Geologi. Rapport nr 2-2004.
Deltema: Planteliv. Rapport nr 6-2003.
6.0 OVERSYN OVER VEDLEGG OG TEMAKART
1. Neddemt areal i Hol kommune som følgje av vassdragsreguleringa.
2. Rovvilterstatningar i Hol kommune 1992-2003.
3. Prosedyre ved utleige av område til beitedyr frå andre fylke i hol kommune.
4. Fordeling av saueflokkar i Hol.
5. Antall sau sleppt på utmark per km2 kommunevis i Buskerud i 2003.
6. Kommunevis fordeling av antall stølar i Buskerud.
7. Gjennomsnittleg lammetap i prosent i 2003 i Buskerud.
8. Tapsprosent for lam etter beitetype 1992-2003 i Buskerud.
9. Gjennomsnittleg tap av søyer i prosent i 2003 i Buskerud.
10. Tapsprosent for søyer etter beitetype 1992-2003 i Buskerud.
26
11. Sankelaga i Hol sin vurdering av årsaker til tap i 2003.
12. Beitelaga i Buskerud sine vurderingar av tapsårsaker beitesesongen 2003.
13. Beitelaga i Buskerud sine vurderinger av beitesesongen 2003.
14. Beitesesongane 2002 og 2003 Hol
15. Forbud mot bruk av piggtråd. kommunale vedtekter for Hol kommune.
16. Bestemmelser om båndtvang. notat frå Fylkesmannen i Buskerud, landbruksavdelingen.
17. Reglar for sams sauesank i Hol Herad. 18. Møtebok med vedtak i Kommunestyret den 31.01.2008, saksnr 06/08.
Temakart
Kart 1: Beitekart for småfe og storfe i Hol
Kart 2: Sautap Hol, 2003
Kart 3: Sau pr km2
Hol, 2003
Kart 4: Beiteinstallasjonar Hol
Kart 5: Driftevegar/trekkvegar Hol
Kart 6: Registrert biologisk mangfold i beitelaga i Hol