11

Det er ein elefant i barnehagen

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Bildebok av Bjørn T. Bøe.

Citation preview

Page 1: Det er ein elefant i barnehagen
Page 2: Det er ein elefant i barnehagen
Page 3: Det er ein elefant i barnehagen

Bjørn T. Bøe

SamlagetOslo 2016

© Det Norske Samlaget 2016www.samlaget.no

Omslag: Bjørn T. Bøe og Sam KleinFormgiving og fargelegging: Sam Klein

Boka er sett med ArialTrykkeri: Scandgraphic

Printed in Poland

ISBN 978-82-521-8694-9

Page 4: Det er ein elefant i barnehagen

– For eit rot! utbryt Bernt. – Det er ikkje vi som har rota! seier Maren. – Vi har berre leika med togbanen.Bernt ristar på hovudet: – De må uansett rydda opp.Her ser det ut som om det har vore ein elefant på ferde!

Page 5: Det er ein elefant i barnehagen
Page 6: Det er ein elefant i barnehagen

– Kva var det? spør Maren forskrekka.– Det var sikkert ein elefant, svarar Bernt.– Ein elefant? Maren trur ikkje sine eigne øyre.– Nei då, eg berre tulla, seier Bernt og smiler. – Det finst ikkje elefantar i barnehagar.Men kva var det då? undrar Maren. Det var i alle fall ingen vanleg barnehagelyd. Ho har aldri høyrt ein slik lyd før.

Page 7: Det er ein elefant i barnehagen

Der var lyden igjen!Sjølv om Maren aldri har høyrt elefantar før, kjenner ho seg sikker på at det er slik dei læt.– Høyr! ropar Maren. – Det er ein elefant! Vi må sjå etter han!Men Bernt seier berre at alle må sitja ordentleg ved bordet, heilt til frukosten er ferdig.

Page 8: Det er ein elefant i barnehagen

Etter maten vil Maren at Rajani og Jonas skal bli med og leita etter elefanten.– Det går ikkje an med elefantar i barnehagar, seier Rajani. – Det sa Bernt.– Det går vel an! seier Maren.– Kvifor har vi aldri sett ein, då? spør Rajani. – Kanskje den gøymer seg, foreslår Maren.

Page 9: Det er ein elefant i barnehagen

Maren går til Bernt og spør: – Korleis ser ein elefant eigentleg ut?– Det er ingen elefant her, seier Bernt. – Men kva var den lyden då? – Lyden var sikkert berre noko i lufteanlegget, mumlar Bernt. Så trillar han med seg trillebordet ut på kjøkenet.

Page 10: Det er ein elefant i barnehagen

Maren ser opp i taket der det strekkjer seg nokre tynne røyr. – Ein elefant er vel altfor stor til å vera inne i lufteanlegget? seier ho til Rajani og Jonas. Dei nikkar.

I bokhylla finn Maren den store, fine dyreboka, den med alle bileta. Dei blar fram til sidene med elefantar på, og studerer dei nøye.

Page 11: Det er ein elefant i barnehagen

– Denne passar inne i lufteanlegget, meiner Jonas og peikar på ein liten elefantunge.– Den er langt vekke på biletet, forklarar Maren. – I røynda er den veldig stor.– Der er ein indisk elefant! utbryt Rajani. Maren synest ikkje det er så stor skilnad på elefantane på bileta, men ho nikkar som om ho forstår.

Maren ser at Jonas og Rajani er like spente som ho. – Kom, så leitar vi! seier ho og hoppar ned frå sofaen.